Ønskjer du krig eller fred i verda?

Hendingar som har prega livet mitt og alle andre sitt

Eg blei fødd 8. mai 1942  – eit skjelsetjande år i verdshistoria som på ein eller annan måte har definert livet mitt og livet til alle menneske på jorda. Som de veit var vi då vel 2 år inne i verdskrigen og i dette året begynte Nazi-Tyskland å tape for Sovjet. Det blei avgjerande for livet mitt og ditt. Under krigen hadde utvikling av nye våpen høg prioritet. Antitankvåpenet bazooka blei utvikla og testa for første gong i mai 1942. Eg skaut med det under eit kurs på sjøforsvarets jegerskole i 1963. Napalm blei ferdig utvikla same år. Verknadene fekk vi sjå under Vietnamkrigen på 1960- og 70-talet. Julaftan 1942 blei dei første bakke-til-bakkerakettane skotne opp frå Peenemunde av den tyske ingeniøren Werner von Braun og masseproduksjon av IL-Stormovik stupbombefly, teikna av Sergei Vladimirovitsj Ilyushin, blei sett i gong.

Ein annan type øydeleggingsvåpen, som er mindre kjent, ble også utvikla i 1942 då den engelske regjeringa oppretta Porton Down, eit forskingssenter som skulle undersøke og utvikle nye våpen, mellom anna biologiske. Forskarane der fann så ein metode for å utvikle og spreie den daudelege sjukdommen miltbrann som dei testa det på sauer på Guinard-øya same år. Våpenet var daudeleg effektivt. Verknaden varte så  lenge at øya var forbode område i 40 år etter forsøket. Desse våpena var ille nok, men det var eit anna som sette eit verkeleg skilje i verdshistoria.

1942 eit skilje i verdshistoria – atombomba

Forskingsgruppa, The Manhattan Project, som skapte den første atombomba, blei oppretta i 1942 i New Mexico, i bygningane til ein privat guteskule nær Santa Fe, Los Alamos Ranch School. Resultatet av arbeidet til denne gruppa, var at dei den 16. juli 1945 kunne sprenge ei testbombe nær Alamogordo i New Mexico. Robert Oppenheimer, som leia gruppa, kalla staden for ”Trinity”, dvs. Gud med sine tre representasjonar; den heilage anden, den personlege Gud og Jesus. Han hadde komme til å tenkje på ei linje i det indiske diktet Baghavad Gita då han såg eldkula i samband med eksplosjonen. Guden Vishnu prøver å overtale prinsen til å gjere si plikt. For å gjere inntrykk på han omformar Vishnu seg til si form-med-mange-våpen og seier ”No er eg blitt til dauden, den som øydelegg verder”. Dette var eit grunnleggande faktum i heile oppveksten min – og slik er det for oss alle framleis.

Då USA slepte to atombomber over Hiroshima og Nagasaki den 6. og 9. august 1945, fekk vi eit kraftig varsel. Vi visste det ikkje då, men etter kvart gjekk det opp for alle at menneska for første gong hadde funne opp ei innretning som kunne utslette dei sjølv. Det var eit historisk vendepunkt med mest ufatteleg verknad. Og det har prega livet mitt og livet til alle på jorda sidan.

Utover på 1950-talet dreiv i USA og Sovjet med stadige prøvesprengingar for å utvikle atombomba meir. Det kom radioaktivt nedfall rett som det var over Bergen og vi fekk beskjed om å halde vindauga lukka. Det hjelpte ikkje for alle.

Dramatiske følgjer

Mor mi, som jobba i slaktarbutikk rundt 1960, blei overeksponert for radioaktivitet og døyde av blodkreft etter eit kort sjukeleie i 1961, berre 44 år gamal. To av venninnene hennar, som hadde same type arbeid, fekk same lagnad.

Denne samanhengen gjekk ikkje opp for meg før seinare då eg las om Linus Pauling og kampen for å få stansa prøvesprengingane. Då fekk eg vite at mange tusen menneske over heile verden døyde på same måten i disse åra. Men eg slutta å drikke mjølk på den tida fordi vi fekk åtvaringar om at mjølka kunne vere radioaktiv. Eg drakk ikkje mjølk att før eg hadde passert 60 år.

USA/NATO førebur seg no på å bruke atombomber att sjølv om dei ikkje blir angripen med same våpen. Og dei største partia i Norge vil ikkje seie nei til bruk av slike våpen. Sjå ei av lenkjene til slutt i denne teksten.

Krig i verda i den columbiske epoken?

Viss du ønskjer fred er du på parti med rundt 95 prosent av menneska i verda, slik mange undersøkingar viser. Likevel fortsett krigane, med alle dei fryktelege hendingane som følgjer med og faren for nye storkrigar er ikkje over.

I 1904 kalla Den store geografen Halford Macinder epoken frå 1492 og frametter for den columbiske epoken. Sjølv meiner eg at dette omgrepet er naudsynt for å forstå utviklinga i verda sidan Columbus’ tid og dei krigane som har funne stad. Meir om dette under ei av lenkjene under denne teksten, men eg skal gi nokre hovudpunkt her.

Eg delar den columbiske epoken i tre. Første fase er fram til rundt 1900, då den gamle imperialismen dominerte. Han var prega av røveri, folkemord og kolonivelde. Neste fase går frå 1900 til rundt 1960. Det er fasen med kapitalistisk imperialisme der monopolkapital og finansoligarki er blitt økonomisk og politisk dominerande etter at oppdelinga av verda mellom dei columbiske statane i det store og heile var ferdig. Samstundes klarte Sovjet-Unionen å bryte ut av det columbiske hegemoniet og Kina med andre følgde seinare.

Den ferdige oppdelinga av verda førte med seg at nyoppdeling stort sett måtte gå føre seg gjennom krigar. Både første og andre verdskrigen hadde dette som eit vesentleg grunnlag. Dessutan reiv nokre land og område seg ut av den columbiske sfæren. Slik verksemd førte mest alltid til krigar fordi dei gamle columbiarane ikkje ville gi slipp på «sitt».

Tyskland si rolle

På 1900-talet gjorde overklassen i Tyskland tre forsøk på nyoppdeling. Det første forsøket var retta mot dei gamle columbiske maktene i aust og vest og førte til krig mot resten av columbiarane. Under det andre forsøket var det viktigaste målet til Hitler å legge Sovjetunionen under seg og gjere folket der til slavar for tyskarane. Eit angrep austover hadde ikkje dei columbiske maktene mot. Dei såg då føre seg at Sovjet-Unionen kunne blir lagt under Tyskland eller at begge landa blei så øydelagde at dei ikkje lenger var rivalar å rekne med. Pakta mellom Tyskland og Sovjetunionen utsette dette angrepet og Hitler gav ordre til åtak på Frankrike, England og andre land i Vest-Europa for ikkje å få ein tofrontskrig når han skulle ta Sovjet. Så kom angrepet på Sovjet, og hadde Tyskland klart å vinne krigen i Aust, så er det ikkje usannsynleg at det ville ha blitt ei form for avtale mellom Tyskland og dei andre columbiske statane. Men då Sovjet etter kvart såg ut til å sigre måtte dei columbiske statane skjerpe seg for å sikre at ikkje Sovjetunionen tok heile Tyskland. Det ville ha skipla maktbalansen i Europa og verda i høg grad.

Den tyske overklassen sitt siste forsøk har vore meir fredeleg gjennom utviklinga av Europaunionen. Her har dei hatt delvis suksess ettersom ulikskapane og fattigdomen har auka i store delar av området. Elles var denne fasen prega av at USA vaks fram som den største og mektigaste av dei columbiske maktene.

Columbismen etter 1960

Denne siste fasen fortsett enno, men frå 1949 og frametter kjempa mange tidlegare koloniar til seg retten til å konstituere seg som statar med sitt eige politiske system. Dei columbiske statane sette då i gong ei heil rekkje tiltak kalla nykolonialisme som gjorde at dei i røynda framleis hadde kontrollen over dei fleste av dei gamle koloniane sine. Alle som prøvde og har prøvd å bryte ut av det columbiske hegemoniet har blitt møtte med alle slags motstand frå krigar til boikott, sanksjonar, undergraving, osb. Først var påskottet kampen mot kommunisme. Seinare har dei brukt kampen mot terrorisme og for fri marknad, demokrati, menneskerettar, kvinnefrigjering, mot diktatur og hindringar av «den frie konkurransen» osb. Dette har vore hovuddrivkrafta bak krigane frå 1950-talet og frametter. Vi kan nemne Korea og Vietnam. Etter 1990 blei USA den einaste supermakta og dei vart svært ekspansjonistisk og krigersk. Irak og Libya er gruelege eksempel. Særleg skarpt står no motseiinga i Syria.

Slutten på den columbiske tida

Vi er no inne i fasen med avvikling av columbismen. Dei nord-atlantiske statane er i ferd med å miste hegemoniet i verda ettersom dei «austlege» statane, med Kina i spissen, veks svært fort i økonomi og makt. Dette skapar ein særleg farleg situasjon.

Statar som Russland og Kina i det store held seg til statsretten og seier at statane sjølv har rett til å styre seg utan utanlandsk innblanding, samstundes som særleg Kina ikkje bruker militære middel for å spreie makta si, men økonomiske middel. Russland og Kina sitt klare politiske mål er fredeleg samarbeid og samkvem både med columbiske og andre land.

Men dei gamle columbiske statane, med USA i spissen kjempar desperat for å halde på herredømet sitt og dei brukar alle middel, medrekna mange krigar. No har USA peika på Kina som ein hovudfiende og svartmaling av Kina og Russland blir stadig meir utprega. Slik prøver dei å førebu sine undersåttar på ein krig mot desse landa.

Kven trugar med krig?

Derfor er det viktig å vite at det er dei columbiske landa med USA i spissen som no trugar oss med store krigar på det eurasiske kontinent. Hugs at begge dei to tidlegare verdskrigane førte til store framgangar for USA. Russland og Kina er ikkje fiendar som vil gå til åtak på oss. Men USA kan provosere fram ein krig der Norge vil bli ei sone som står i fare for å bli øydelagd dersom vi blir oppfatta som ein vasall og alliert med dette landet. Det er særs viktig å skape ei antikrigsrørsle for å hindre ei slik utvikling.

Då eg fylte tre år den 8. mai 1945 tok verdskrigen slutt i «vest» og eg vart eit fredsbarn. Det er noko som er verd å følgje opp. Denne utstillinga dreier seg om det. Vil du vite meir kan du skrive lenkjene under her inn i weblesaren din og gå vidare derifrå.

Sjå: https://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/USA%20farligste.html

Sjå: https://www.tvalen.no/2019/07/04/usa-sitt-folkemord-pa-filippinane-rundt-1900/

Sjå: https://www.tvalen.no/2020/06/12/rasismen-ei-ytring-av-columbismen/

Sjå: http://marxisme.no/blir-det-en-ny-storkrig/

Keynes sin kapitalisme eller Marx sin kommunisme

I Klassekampen 10.7.20 finn vi nok ein artikkel om korleis den borgarlege Keynes kunne løyse kapitalen sin krise. Alle som kjenner den vesentlege logikken i utviklinga av kapitalismen veit at Keynes sine teoriar og tiltak, til liks med dei såkalla nyliberale ikkje rører ved det vesentlege i denne logikken. Alle desse tiltaka ligg innanfor den kapitalistiske logikken og skal få kapitalismen til å fungere betre. Derfor fører dei, under visse tilhøve, nett til at dette systemet fungerer betre. Men det varer berre  ei stund og så fangar logikken dei att. Og då trengs det heilt andre drastiske tiltak for å få opp at den generelle profittraten. Det trengs anten ei stor utviding av rommet der kapitalen fungerer og/eller ei massiv øydelegging av produktivkrefter, særleg den delen av dei som Marx kallar konstant kapital, altså alt som brukast i produksjonen når du tar vekk arbeidskrafta. Det var ikkje keynesianismen, men Den andre verdskrigen som måtte til for å redde kapitalismen ut av den store krisen som begynte i 1929. Etter den store øydelegginga av produktivkrefter undr krigen kunne kapitalismen starte opp att med mykje høgare gjennomsnittleg profittrate og USA som supermakt. Men profittraten tok straks til å falle.  Dermed blei rommet for at den keynesianske resepten og sosialdemokratiet kunne fungere stadig mindre.

Frå rundt 1965 til rundt 1980 fall profittraten i industrien svært mykje og om trenden hadde fortsett ville han nærme seg null litt ut i den 20. hundreåret. Frå då av fekk vi omlegging frå keynesianisme til nyliberalisme med gjeldsfinansiering og større hegemoni for finanskapitalen, sugerøyr i felleskassene og opning av nye marknader og investeringsområde med høgare meirverdirate etter oppløysinga av Sovjetsamveldet og overgangen til statskapitalisme i Kina, pluss hardare utbytting av arbeidskrafta gjennom nedskalering av velferd og pensjonar og overgang til dårlegare arbeidstilhøve med lågare løner, til dels gjennom fri flyt av arbeidskraft, og satsing på meir monopolkapital med monopolprofittar og nisjar der profitten enno var god – dei som kunne tileigne seg grunnrente (som Norge med olja) satsa også mykje på det. Eit vesentleg moment i tillegg dette har vore automatisering og bruk av digitale hjelpemiddel for å auke meirverdien gjennom å minske den naudsynte arbeidstida (då arbeidarane skaper verdiar tilsvarande si eiga løn) i høve til meirarbeidstida (då meirverdien blir skapt). Dette utsette krisa i kapitalismen ei stund, men den vesentlege logikken kunne heller ikkje dette stanse. I 2008-9 og deretter har vi fått provet på det.

Utviklinga av dei store finansmonopola har vorte resultatet av det som blei reklamert for som opning for den frie marknaden. Statsmaktene, med USA i førarsetet har vore avgjerande reiskapar for å sette alle desse tiltaka ut i livet, saman med internasjonale institusjonar der USA har hatt hegemoni. Men også lokale samanslutningar som Europaunionen har vore viktig.

Dei gamle kolonimaktene og deira avleggarar som USA, Canada, Australia og Sør-Afrika, som har dominert og utbytta verda sidan Columbus kryssa Atlanterhavet, gjorde ei lagnadstung feilvurdering då dei flytta mykje av industrien sin ut for auke profittraten ved å nytte den billigare arbeidskrafta utanfor sine eigne land og då svært mykje av han havna i Kina. Gjennom lausrivinga frå dei columbiske imperialistane i 1949 blei Kina i stand til utvikle seg ut frå eigne behov og då utlendingane kom med sine investeringar var landet moge for ei uhyre rask økonomisk utvikling som er i ferd med å skiple heile den verdsordninga som Columbus starta. Dei columbiske maktene sin verdsdominans står for fall og leiaren for desse maktene, USA, kjempar desperat og med fryktelege middel for å halde på den vaklande verdsdominansen. Derfor er det no på gong ei stor kampanje gjennom dei mest total einsretta columbiske media eigd av dei rikaste kapitalistane i «Vesten» for å svartmale Russland og Kina samt eit intenst arbeid for regimeskifte eller til og med væpna angrep på desse statane om det kan passe. Meir uavhengige media som Klassekampen blir rive med. Vi veit at det i USA er planar om å bruke Norge til å provosere Russland så mykje at dei gjer noko som USA og dei andre NATO-maktene kan konstruere som grunnlag for angrep på landet. Då kan vi som ei første krigssone i ein slik krig bli grundig øydelagd. Dette er det styresmaktene våre no risikerer når dei opnar for stadig meir utanlands militær verksemd i landet vårt.

Ut frå dette er skodinga mot Keynes eigna til å skape farlege illusjonar og kva vi kan gjere for å komme ut av alle dei frykteleg krisene som no rir verda. Dei keynesianske verkemidla kan nok enno utsette krisene noko og gi dei andre former enn nyliberalismen, men begge retningane ligg innanfor den vesentlege kapitalistiske utviklingslogikken og alle tiltaka deira førebur berre verre kriser lengre fram. I det vesentlege kan vi seie at dersom kapitalismen fortsett, under kva slags økonomisk slagord som helst, så vil det føre til vidare kapitalistisk anarki, større konsentrasjon av rikdom ved den eine (vesle) polen og fattigdom og elende ved den andre (svært omfattande) polen, stadige økonomiske og alle andre typar krisar, med miljøøydelegging og pandemiar som viktige innslag, demonstrasjonar og opprør av alle slag som blir slått ned, avvikling av dei  borgarleg-demokratiske rettane og oppretting av borgarlege despoti av ymse slag, ei uendeleg rekkje krigar, sultkatastrofar og slik bortetter.

Alle som vil redde menneska og den verda vi lever i og av, må no gå inn for å oppheve kapitalismen og innføre eit nytt system for korleis vi utvekslar oss med naturen rundt og fordelar produkta vi skapar med kvarandre, og sette i verk heile den enorme omforminga av alle menneskelege tilhøve som vil måtte følgje av det. Kapitalismen er eit anarkistisk system med uavgrensa vekst som innebygd mål som har tatt makta frå menneska. Det vil seie at menneska må bringe økonomien under medveten demokratisk kontroll. Det kan i vår tid berre blir gjort gjennom politisk middel, ved at den samfunnsklassen som representerer kapitalen blir fråtatt makt i statane og dei internasjonale organisasjonane, og ved at utvekslinga med naturen rundt oss blir innretta og medvete planlagt av heile den arbeidande samfunnsklassen ut frå menneska sine ikkjeframandgjorte behov og dei grensene som naturen rundt set. Det er eit slik system Karl Marx i si tid lanserte og som han kalla kommunisme, dvs. den oppheva kapitalismen der vi tar med oss det materielle grunnlaget som er skapt under kapitalismen utan det kapitalistiske vekstanarkiet og med ei kraftig utviding av demokratiet slik at det kan lagast planar som tener behova til det arbeidande folket og ikkje profittstrevet. Altså: det vi treng er ikkje Keynes sin kapitalistiske keynesianisme, men Marx sin etterkapitalistiske kommunisme.

Rasismen – ei ytring av columbismen

Det går no ei stor solidaritetsrørsle over store deler av kloden etter det filma politidrapet på George Floyd i USA. Det er i forma ei rørsle mot rasisme og uprovosert vald frå det organet som skal ha monopol på statleg vald inne i eit land, nemleg politiet. For å forstå det store engasjementet er det viktig å sjå det i heile den historiske samanhengen det står, i tillegg til at vi må ha i tankane den enorme økonomisk og sosiale krisen som følgjer av den måten coronakrisen har blitt handsama.

Den moderne rasismen heng nøye saman med alt som har skjedd sidan Columbus landa i det som seinare har blitt kalla «Amerika». Det varsla nemleg inn ein ny epoke i verdshistoria der nokre nordatlantiske statar, der folket hadde bleikare hud enn det som var vanleg andre stader på kloden, etter kvart tok makta over heile verda og røva, utnytta og utbytta han til eiga vinning.

Kva er columbisme

I 1904 skreiv den store geografen, Halford MacInder, ein artikkel i The Geographical Journal[i] med tittelen The geographical pivot of history.

Heilt i starten på artikkelen, skriv MacInder følgjande: “When historians in the remote future come to look back on the group of centuries through which we are now passing, and see them foreshortened, as we to-day see the Egyptian dynasties, it may well be that they will describe the last 400 years as the Columbian epoch, and will say that it ended soon after the year 1900.”

Omsett blir det omlag slik: “Når historikarar i fjern fortid kjem til å sjå tilbake på den gruppa av hundreår som vi nå går gjennom, og ser dei i perspektiv, slik vi i dag ser dei egyptiske dynastia, kan det godt hende at dei vil beskrive dei siste 400 åra som den columbiske epoken, og vil seie at den tok slutt kort etter år 1900.”

Eg har adoptert omgrepet den columbiske epoken, men definerer han annleis enn MacInder. Han meiner at denne epoken tar slutt rundt 1900 fordi han tar utgangspunkt i at Columbus var ein oppdagar frå den gamle columbiske verda. I 1900 var heile verda oppdaga og Spania var kasta ut av sine kjernekoloniar, Cuba og Filippinane. Dermed var oppdagingsepoken slutt og herredømet til dei som finansierte og tente på Columbus sine oppdagingar var historie.

Eg ser på Columbus som ein erobrar og folkemordar som innleia den erobringa, det folkemordet og røveriet og den utbyttinga over heile den ikkje-columbiske verda som dei kvite europearane utførte etter Columbus. Dermed kunne dei føre verdiar frå heile verda inn i sitt eige område og det gjorde at dei etter kvart kunne opprett verdsdominansen sin. Det vart fullbyrda rundt 1800, då England steig fram over Kina som den mektigaste og rikaste makta i verda. I dag er USA i spissen for columbismen.

Ut frå mi oppfatninga har dei leiande columbiske statane, i kronologisk rekkefølgje, vore Spania og Portugal, Nederlanda, England, Frankrike, Tyskland, og USA, med dei to første, pluss England og USA som dei viktigaste. Fram til 1917 var også Russland ein del av denne klubben. Elles har heile det vi ofte kallar den «vestlege» verda vore med på den columbiske sida. Det gjeld i høgste grad også Norge.

Mot slutten på den columbiske epoken

Ut frå min definisjon av den columbiske epoken ser vi at han ikkje tok slutt rundt 1900, men at han ser ut til å ta slutt no med framveksten av eit enormt maktsenter i Kina og elles i Asia. Det gjer at verdsdominansen til dei «kvite» nordatlantiske maktene står for fall. Det er ei enorm verdshistorisk endring. Viktige nye opplysningar om dette finn du i Peter Frankopan, The New Silk Roads (2018), og Parag Khanna, The Future is Asian (2019). Dette gjer at columbiarane sin rasistiske mobilisering blir skjerpa. Vi har no ei stund blitt mobilisert til rasisme mot arabarane fordi columbiarane har stått i dei harde kampar for å fortsette dominansen sin der. Men vi ser at også rasismen mot kinesarane er veksande ettersom USA trappar opp førebuingar til ein krig mot Kina for å hindre at det columbiske systemet blir oppheva.

Den gruelege columbismen – folkemord, røveri, utbytting og utnytting

Det er viktig å avsløre kor brutal den columbiske epoken har vore og kor umenneskeleg og urettferdig dei «kvite» herskarane har behandla dei ikkje-columbiske folka. Då kan vi også skjønne litt meir av mange ytringar av motstand og kamp mot columbiarane som vi og ser no og vil sjå frametter.

Epoken begynte  med at det aller meste av den opphavlege folkesetnaden i «Amerikas» blei utrydda. Det er ein diskusjon om kor mange det var, men eit nokså sikkert tal er at det i 1650 var att om lag 6 millionar av dei. Talet på kor mange dei var i 1492 er ikkje så lett å finne ut av, men anslaga har svinga  mellom nokre titals millionar og opp til over 100. Dei siste undersøkingane av Maya-riket tyder på at talet var høgt. Før hadde ein meint at det hadde budd rundt 1 million menneske i deira område, men i følgje dei siste undersøkingane med ny teknologi har vitskapsfolka rekna ut at der har vore om lag ti gongar så mange. Vi kan i alle høve rekne med at rundt 100 millionar menneske vart utrydda som ei følgje av den «kvite» koloniseringa av dei to delane av det «amerikanske» kontinentet. Same utryddinga skjedde i Australia. I desse områda vart det oppretta settlar-statar som blei ein del av det columbiske systemet.

Så har vi heile systemet med trekanthandelen med slavar frå Afrika til «Amerikas». Dette er relativt godt kjent og eg seier ikkje meir om det, sjølv om det spelar ei hovudrolle i rasismen inne i USA og ei stor rolle i den kapitaloppsamlinga i til dømes England som gjorde utviklinga av den moderne industrikapitalismen mogeleg.

Vi må og nemne amerikanarane sitt folkemord på Filippinane og kva som skjedde i Indonesia og elles i Sør-Aust Asia der det gjekk føre seg ei storslagen utplyndring. Eit spesielt kapittel var England si narkotikasmugling til Kina, der misbruket blei så enormt at det trua heile staten sin eksistens. Då folket gjorde opprør mot styresmaktene som tillèt dette sette dei columbiske maktene inn styrkar og hjelpte keisaren med å slå ned opprør, og under Taiping-opprøret reknar vi med at rundt 30 millionar menneske strauk med. Restane av den delvise okkupasjonen av Kina ser vi no i Hong Kong der dei columbiske maktene fyrer opp motseiingar for å sjå om dei kan bruke hendingane for destabilisere heile Kina.

Så har vi kolonikrigane der mange statar reiv seg laus frå kolonistatus, men dei columbiske statane klarte å halde fast på eller å innføre att det økonomiske systemet som likevel førte til at dei kunne fortsette å føre store verdiar ut av dei tidlegare koloniane sine.

Kvar gong statar har prøvd å bryte ut av det columbiske systemet har dei blitt møtt med dei hardaste militære og økonomiske middel. Det galdt tidlegare koloniar og i nyare tid galdt det til dømes Russland og Sovjetunionen og Kina, samt alle andre land som Cuba, Korea, Vietnam, Afghanistan, fleire land i Afrika med Libya som eit nyare eksempel, fleire land i «Latin-Amerika», fleire land i «Midt-Austen» med Syria som eit aktuelt eksempel.

Columbismen – ein føresetnad for kapitalismen og den kapitalistiske imperialismen

Opninga av verda for columbisk utnytting fall saman med og var eit avgjerande vilkår for den opphavlege akkumulasjonen av kapital[ii] som gjorde det mogleg å utvikle først handelskapitalisme og sidan industrikapitalismen i dei columbiske kjernelanda som rundt år 1900 enda opp i ein kapitalistisk imperialisme. Det andre viktige vilkåret var skapinga av ein arbeidarklasse som blei utbytta og utnytta på det grovaste i dei landa der kapitalismen utvikla seg. Det skjedde ved at folk blei drive ut frå jordbruket og over i industri, transport og handel.

Lenin utviklar denne analysen i «Imperialismen, det høyeste stadiet i kapitalismen». (Se Utvalgte verker i 12 bind, bind 6, Imperialismen, det høyeste stadiet i kapitalismen og andre artikler. Oktober 1976). Her skriv han at imperialismen har følgjande grunnleggande trekk:

1. Konsentrasjonen av produksjon og kapital har utvikla seg til et så høyt stadium at det har skapt monopol som spiller en avgjørende rolle i det økonomiske livet.

2. Bankkapitalen smelter sammen med industrikapitalen og på grunnlag av denne «finanskapitalen» blir det skapt et finansoligarki.

3. Kapitaleksporten, til forskjell fra vareeksporten, blir umåtelig viktig.

4. Internasjonale monopolistiske kapitalistsammenslutninger tar form og deler verden mellom seg.

5. Oppdelinga av territoriet i hele verden mellom de største kapitalmaktene er fullført.» (s. 130.)

Han presiserer også slik: «Det karakteristiske trekket ved imperialismen er ikke industri-, men finanskapital. Det er ikke tilfeldig at det i Frankrike var nettopp den uvanlig raske utviklinga av finanskapitalen, og svekkinga av industrikapitalen, som fra åttiåra og utover forårsaka ei ytterliggående skjerping i landevinnings-(koloni)-politikken. Det karakteristiske trekket ved imperialismen er nettopp at den ikke bare strever etter å annektere jordbruksområder, men til og med svært industrialiserte områder (tyskerne sikler etter Belgia, franskmennene sikler etter Lorraine). Det er fordi 1) kjensgjerninga at verden er oppdelt, tvinger dem som tenker på ei nyoppdeling til å gripe etter alle slags områder, og 2) et vesentlig trekk ved imperialismen er rivaliseringa mellom flere stormakter for å få hegemoni, dvs. for å erobre territorier, ikke så mye direkte for seg sjøl som for å svekke motstandere og undergrave hegemoniet hans.» (s. 133.)

Videre skriver han: «Finanskapitalen og trustene minsker ikke forskjellene i veksttempoet i de forskjellige delene av verden, de øker dem. Når styrkeforholdene blir endra, hvilke andre løsninger på motsigelsene kan en da finne under kapitalismen enn maktbruk.» (s. 138.)

Og «Kapitalismen vokser raskest i koloniene og de oversjøiske landa. Blant de siste dukker det fram nye imperialistiske makter (for eksempel Japan).» (s. 139.)

I et helt avsnitt behandler han også tendensen til stagnasjon og oppråtning av kapitalismen under imperialismen. Monopol fører med seg både en tendens til enorm vekst på noen områder, men også til stagnasjon på andre områder. «Renteniststaten er en stat med snyltende og oppråtnende kapitalisme, og dette forholdet kan ikke unngå å virke på alle de samfunnsmessige og politiske vilkåra i det landet det gjelder helt allment, og særskilt på de to grunnleggende strømningene i arbeiderbevegelsen.» (s. 143.)

Et viktig moment som han fremhever er at: «Imperialismen betyr høy monopolprofitt for en handfull av de rikeste landa, og gjør det økonomisk mulig å bestikke de øvre laga av proletariatet og gjennom det fostre, forme og styrke opportunismen.» (s. 146.) «Imperialismen har en tendens til å skape privilegerte grupper blant arbeiderne også, og skille dem fra den breie massen av proletariatet. Vi må merke oss at i Storbritannia viste den tendensen seg som imperialismen har til å splitte arbeiderne, styrke opportunismen mellom dem og forårsake midlertidig forfall i arbeiderbevegelsen, mye tidligere enn på slutten av det nittende århundret og begynnelsen av det tjuende.» (s. 148.) Dette hadde Marx og Engels skrevet en god del om. (Se Frederick Engels: The Condition of the Working Class in England, forordet til den engelske utgaven av 1892.)

Det siste utdraget fra «Imperialismen» som jeg skal trekke frem, virker også forbausende aktuelt. «Finanskapital i enorme mengder er samla på noen få hender, og den utgjør et umåtelig vidstrakt og tett nett av forhold og forbindelser. Ikke bare små og mellomstore, men til og med svært små kapitalister og arbeidsherrer er underordna dette nettet. Dette på den ene sida, og den stadig striere kampen mot grupper av finansmenn fra andre nasjonalstater på den andre sida, gjør at de eiendomsbesittende klassene går helt over på imperialismens side. Tegnene i tida er at en finner en «allmenn» entusiasme over fremtidsutsiktene for imperialismen, et rasende forsvar for den, og at den blir malt i de gildeste farger. Den imperialistiske ideologien trenger også inn i arbeiderklassen. Det finnes ingen kinesisk mur som skiller den fra de andre klassene.» (s. 150-151.)

Det columbiske systemet, som har nådd eit høgdepunkt med den kapitalistiske imperialismen har sikra at store verdiar har blitt ført til dei columbiske kjernelanda frå dei dominerte landa. Det har vore det viktigaste middelet til å flytte klassekonfliktar i kjernelanda ut til dei dominerte landa der folka har blitt halde i age og der opprør osb. har blitt slått ned med hard hand. Det er solide grunnlag under det klassesamarbeidet som har vore mogleg i kjernelanda og dei mindre landa som har vore i deira krets, medrekna Norge.

Columbismen avlar rasisme

Den opphavlege akkumulasjonen av kapital og den vidare utnyttinga og utbyttinga av landa utanfor den columbiske kretsen under den kapitalistiske imperialismen har medført at menneska i desse landa har blitt handsama på dei mest fryktelege vis. For å klare det med godt samvit har dei columbiske herrefolka laga seg ideologiar som gjer dei andre til ikkje-menneske eller undermenneske. Her ligg utspringet til og kjernen i den moderne rasismen. Han har vore naudsynt for å få til den opphavlege akkumulasjonen av kapital i kjernelanda og den opphavlege og stadig aktive utnyttinga og utbyttinga av satellittlanda, og for å demonisere land, folk, grupper og statar som prøver å komme ut av grepet til kjernelanda som i dag er leia av USA.

Om vestentlege trekk ved USA sin utanrikspolitikk

Vi må også sjå nærare på utanriks»politikken» til dagens leiande stat i den columbisk-imperialistiske verda, dvs. USA.

I boka Americas Deadliest Export – Democracy – The Truth about US Foreign Policy and Everything Else av William Blum er dette greit oppsummert.

«Løyndommen som gjer at vi kan forstå USA sin utanrikspolitikk er at der ikkje er nokon løyndom.» «… sidan slutten av 2. verdskrigen har USA

*prøvd å styrte meir enn 50 utanlandske regjeringar, dei fleste demokratisk valde

*på grovt vis blanda seg inn i demokratiske val i minst 30 land

*prøvd å likvidere meir enn 50 utanlandske leiarar

*slept bombar på folk i meir enn 30 land

*prøvd å undertrykke populistiske og nasjonalistiske rørsler i meir enn 20 land.

Rasisme er nok mykje eldre enn 500 år, men den moderne rasismen, som vi finn mellom anna i Norge, heng altså nøye saman med framveksten av og den vidare utviklinga av den moderne kapitalismen og imperialismen. Det er ein fem hundre år lang tradisjon med å lage seg billete der folk med andre fargar enn dei «kvite» europearane blir teikna som ikkjemenneske, umenneske, undermenneske, skumle, mistenkelege og farlege av overklassane i dei imperialistiske landa.

Eg får ikkje ande

Denne rasismen blir brukt for å mobilisere også arbeidsfolk i dei columbisk-imperialistiska landa i kampen mot folka og deira leiarar i dei undertrykte landa. Og han blir bruk for så splitte arbeidsfolk i imperialistlanda sjølve, ved at motsetnader basert på forskjellar i hudfarge, religion osb. blir framheva som viktigare enn motsetnadane mellom finanskapitalen på den eine sida og arbeiderklassen og andre sjikt som finanskapitalen utbyttar på den andre. Kampen mot denne typen rasisme, som gagnar dei store økonomiske utbyttarklassane, er ein føresetnad for at alle i verda kan komme seg ut av det kvelegrepet som dei columbiske kjernelanda med USA i spissen held dei i. Derfor er nok slagordet «eg får ikkje ande» noko som gjeld alle land og folk og klasser og grupper som blir unytta og utbytta av kjernelanda. Men det er og viktig å framheve at så lenge finanskapitalen og den columbisk-imperialistiske overklassen styrer, så er det ikkje mogleg å fjerne rasismen. Det kan berre skje gjennom felles kamp mellom heile arbeidarklassen med allierte og dei herskande delane av kapitalen sine representantar.

I dag lid også USA sine «allierte» vasallar, som Tyskland og Norge under det columbiske systemet som er under avvikling og som USA er den viktigaste garantisten for. Tyskland går på store  økonomiske tap fordi dei ikkje får handle med Russland, Iran og Kina osb. som dei vil, og Norge blir vikla inn i USA sin mordariske utanrikspolitikk og utsett for å blir atombombemål under ein krig som USA startar.

Det er på sin plass å demonstrere mot at ikkje-kvite personar blir trakassert og drepne av politiet i USA og andre columbiske statar, men for å få slutt på den grusamme columbismen sin verdsdominans må vi også få columbiarane med USA i spissen ut av dei landa dei no reelt sett har som vasallar og samarbeidspartnarar. Og vi må så slutt på all drepinga som følgjer med dei økonomiske og væpna krigane som USA med allierte fører mot dei som ikkje vil slavebindast over alt i verda.

Lat verda få ande

Kampen som blir ført for politisk sjølvstende av Venezuela, Palestina, Syria, Russland, Iran, Nord-Korea og Kina og alle som vil stå utanfor det columbiske utbyttingssystemet, og som blir utsett for drepande sanksjonar og krig for å få dei inn i systemet, er den same kampen som George Floyd kjempa under kneet til ein representant for det columbiske rasistiske systemet.

Om no maktpersonar stør protestane mot det som skjedde med ord og pengar, så er det ut frå at dei vil halde protestane innan det columbiske verdssystemet slik at utbyttinga og utnyttinga av ei heilt ikkje-columbisk verd fortsett under USA-leiinga sin slavepisk. Det er bra å vise solidaritet med Floyd og det er ein del av kampen mot heile det columbiske systemet som er opphavet til og grunnlaget for all moderne rasisme. Og vi må sjå denne kampen i samanheng med heile utgangspunktet for og grunnlaget for det moderne rasistiske systemet, nemleg den columbiske imperialismen sjølv der USA fungerer som verdas rasistiske politi. Først når det columbisk-imperialistiske systemet er oppheva kan vi ha ein sjanse til å få slutt på rasisme i det heile.

Terje Valen, måndag, 8. juni til 1. september 2020.


[i] The Geographical Journal, 1904, 23, sidene 421–37.

[ii] Marx skreiv godt om dette i Kapitalen, bind 1, kapittel 24, 6. «Oppdagelsen av gull- og sølvforekomstene i Amerika, utryddelsen, slavebindingen av den innfødte befolkningen som ble sendt ned i gruvene, den begynnende erobringen og utplyndringen av Øst-India, forvandlingen av Afrika til et jaktområde for handelsjakt på negre – alt dette var soloppgangen for den kapitalistiske produksjonens epoke.» Sitert frå første bok, del fire, side 223 i Oktobers utgåve av 1984.

Denne delen av Kapitalen, bind 1, bør alle som vil forstå logikken i utviklinga av verda også i dag, lese. Har du ikke boka fins ho i pocketformat til ein rimeleg pris.