Dei lange linjene i USAs geopolitikk 10

Kapittel i  ii iii  iv v  vi  vii  viii  ix  x  xi

Ukraina som eksempel

Med grunnlag i dei ni foregåande kapitla kan vi no sjå nærare på, og forstå betre, det som skjer i Ukraina i 2022.

«Det er ikkje den som først grip til våpen, som får i stand ulukka, men den som tvingar ho fram.»

(Nicolo Machiavelli.)

De Babylon system is the vampire, falling empire; Babylonsystemet er vampyren, fallande imperiet,

Suckin’ the blood of the sufferer; Syg blod av offeret,

Building church and university; Byggar skule og universitet,

Deceiving the people continually; Narrar folket ustanseleg.

(Bob Marley, Babylon System.)

Innleiing

Det er ganske få som kjenner dei viktigaste trekka i den historia som har ført til Russland sin innmarsj i delar i landet. Men det er viktig å ha denne bakgrunnskunnskapen. Den litt lengre forhistoria ligg i dei ni første kapitla i denne teksten. Men no skal eg samanfatte forskinga om den litt nærare forhistoria til Ukraina-krigen til professor doktor Herman Mückler[i] og Wolfgang Effenberger frå boka deira Schwarzbuch EU & NATO – Warum dei Welt keinen Frieden findet, 2020.

Mückler er født i 1964 i Wien og studerte etnologi, politikkvitskap og journalistikk ved universitetet der med hovudvekt på Oceania. Sidan 1994 er han tilsett ved Institutt für Kultur- und Sozialanthripologie og etter 2001 som professor. I 2012 blei han president for det Antropologiske selskap i Wien og i 2016 blei han president for PaN (Partner aller Nationen), ein paraplyorganisasjon som jobba for mellomfolkeleg forståing og omfatta alle østerriks-utanlandske selskap med 127 bilaterale vennskapsforeiningar. Det vitskaplege arbeidet hans omfattar talrike bøker og langt over 300 artiklar.

Effenberger er født i 1944. Då han var 18 tok han til med offisersutdanning i Bundeswehr. Så studerte han til byggingeniør og som kaptein i ingeniørgreina i forsvaret fekk han djupare innsikt i det «kjernefysiske slagfeltet» i Europa som USA førebudde. Etter 12 år i tenesta studerte han politikkvitenskap og høgare utdanning i bygg og matematikk i München og underviste til år 2000 i fagskulen for byggteknikk. Sidan då har han publisert bøker og artiklar om yngre tysk historie og USA sin geopolitikk. På zeitgeist forlagt her han gjeve ut Deutsche und Juden vor 1939, Wiederkehr der Hasardeure og trilogien Europas Verhängnis 14/18 (Europas lagnad 14/18). At hsn har skreve svarteboka er (eg hadde nærast sagt) sjølvsagt ikkje nemnde i wikipedia.

Men her er altså ei samanfatning, med merknader frå underteikna, av deira forsking om innleiinga til Ukrainakrigen og då meinte dei ikkje den noverande, men den som tok til i 2014 mot Donbas og Luhansk.

Som vi veit er det ikkje alltid at den som går til vald, har skulda for dette. Vi som har undervist i skulen i rundt 40 år kjenner godt til det. Nokre elevar slår seg saman og plagar ein av dei andre. Til slutt sprekk det for vedkommande og han eller ho forsvarar seg med vald. Dei smartaste plageåndene kan også halde seg meir i bakgrunnen og få andre til å gjere «grovarbeidet» slik at desse får svi når læraren kjem. Dette gjeld ikkje berre på det personlege planet. Ein som godt kjende maktstriden mellom bystatane i det seinare Italia og seinare har tent som læremeister for mange «fyrstar» skreiv til dømes «Ikkje den som først grip til våpen er opphav til ulukka, men den som gjer det naudsynt». Det var Machiavelli.

I sjakkboka si skreiv Brzezinski at «Ukraina er ei ny og viktig rute på det eurasiske sjakkbrettet, det er eit geopolitisk omdreiings- og midtpunkt fordi den blotte eksistensen til dette landet bidreg til Russlands omskaping. Utan Ukraina er Russland ikkje eit eurasisk rike meir.» Konklusjonen er sjølvsagt at Ukraina ikkje må vere ein uavhengig stat som kan samarbeide med Russland. Dette er sjølve det grunnleggande punktet i USA sin langvarige politikk for å ta frå Ukraina landet sitt reelle sjølvstende.

Ein start på historia

Alt i Storbritannia sin geopolitikk før 1. verdskrig, nett som for amerikanarane etter 2. verdskrig og særleg etter oppløysinga av Sovjet-Unionen, har Ukraina spelt ein nøkkelrolle. Det er det nest største landet i Europa etter Russland og det grenser mot svært mange land: Polen, Ungarn, Slovakia, Kvite-Russland og Russland. I sør grenser det til Svartehavet. Den lange austlege grensa mot Russland spelar ei avgjerande rolle i krig om aust-Ukraina.

Landet er på mange måtar delt mellom vest og aust. I vest har det vore påverka av habsburgarane, jordbruk og katolisisme og dei snakkar ukrainsk. I aust har det vore påverka av tsar-styret, ortodoks kyrkje, tungindustri og dei snakkar russisk. I tillegg er Odessa eit område der dei russisktalande er i fleirtal. Desse historiske forskjellane og nærleiken dei russisktalande har til Russland og familieband mellom landa, har gjort det vanskeleg for strategane i Det kvite hus å føre Ukraina inn under deira leiing.

Målet til USA har heile tida vore å gjere Ukraina til ein vasall  på linje med dei andre statane dei kontrollerer i Vest-Europa, medrekna Norge (slik Brzezinski heilt korrekt slår fast i sjakkboka si). Men Ukraina har dei bygga opp til ein heilt spesiell type vasall, ein som kan vere i fronten i arbeidet for å svekke Russland og førebu regimeendring der. Så er spørsmålet – kva er det overordna motivet? Heilt frå 1871 var hovudfaren for England at det oppstod eit sameina og oppetterstrevande Tyskland og dei brukte alle middel for å hindre dette. Midla kjenner vi godt. Det var økonomiske krigar og handelskrigar, intrigar og målretta destabiliserings-tiltak. Bismarck sjølv uttrykte det klart «Englands interesse er at Det tyske riket har eit dårleg tilhøve til Russland, vår interesse er at vi står oss så godt med dei, som omstenda gjer mogleg».

Meir enn hundre år seinare blei dette følgd opp av  George Friedman, leiar av den amerikanske tenketanken Stratfor då ha gjorde det tydeleg at USA ikkje hadde noko forhold til Europa, dei har forhold til enkeltstatar. Så kom han til det viktige punktet: «Altså, den urgamle, urglobale interessa til USA, som vi har ført krigar for å fleire hundreår – den 1. og 2. verdskrigen og en kalde krigen – var tilhøvet mellom Tyskland og Russland. Viss dei finn saman er dei den einaste makta som kan truge oss, og difor var det i vår interesse å sørge for at det ikkje skjedde.»[ii] Ut frå dette må USA hindre at Tyskland og Russland finn saman, difor må dei få konfrontasjonen med Russland til å fortsette. Friedman  samanlikna USA med Romerriket som ikkje sendte eigne soldatar utanfor grenseområda mot fiendane sine, men sette inn sine hjelparar der som tok dei krigane som måtte til. Dei imperia som sendte sine eigne soldatar ut i krigar i desse områda gjekk til grunne, til dømes Hitlers Tredje Rike. Difor måtte man gå fram med list. Og det gjorde USA. Gjennom fargerevolusjonar opna dei slusene for krigen. Heilt etter dreieboka slik ho var samanfatta i det offisielle amerikanske forsvarsdokumentet Tradoc 525-5 frå 1994. TRADOC United States Army si «Training and Doctrine Command» er ei av dei viktigaste retningslinjene for den amerikanske hærleiinga.

Her er tanken at ein i tida mellom 1990 og 2010 gjennom ein periode der USA sørga for uro og opprør, med krise, konflikt og krig skulle komme seg over til eit hundreår med delt forståing mellom verdas statar, gjennom informasjonsteknologi – og få ein ny periode med relativ fred, alt sjølvsagt under leiing av USA. Dette er nett slik også Brzezinski legg det fram, men ifølge boka meiner han at dei har ein sjanse til å gjere dette utan at det kjem til krig. Då skal vi hugse på at boka, som også er meint for allmenta, skjuler den mørke sida under USA si demokratiske og frie overflate som kjem fram i dei verkelege militære planane som er hemmelegstempla når dei kjem ut.

Når vi kjenner regelen uro, opprør, krise, konflikt og krig forstår vi meir av USA sin politikk etter den Kalde krigen. I Ukraina er det særleg tydeleg: Opprør (Maidan), krise (Sloviansk), konflikt (Krim) og endeleg krig, som først var avgrensa til Øst-Ukraina.

Dette er understreka av den såkalla Wolfowitz-doktrinen alt året etter at Sovjet-Unionen gjekk i oppløysing:

For å verne Washingtons unike status som einaste supermakt etter Sovjetunionens samanbrot, skreiv Paul Wolfowitz, i 1992, det som er kjent som Wolfowitz-doktrinen. Denne doktrinen er grunnlaget for Washingtons utanrikspolitikk.  Læra seier:

«Vårt første mål er å forhindre at ein en ny rival kjem att, anten på territoriet til det tidlegare Sovjetunionen eller andre stader, som utgjer en trussel av storleiken på det som Sovjetunionen tidlegare sto for. Dette er ei dominerande vurdering som ligg til grunn for den nye regionale forsvarsstrategien, og krev at vi forsøker å forhindre at ein kvar fiendtleg makt dominerer ein region som har nok ressursar under konsolidert kontroll som er tilstrekkeleg til å generere global makt.»

Dette blir følgd opp av nyare dokument.

Først kan vi sjå på «TRADOC 525-3-1: Win in a Complex World 2020-2040 frå 2014. Dette dokumentet har blitt kalla blåbok for den tredje verdskrig frå USAs hær. Den viktigaste trusselen mot USA sin sikkerheit blei i dette dokumentet karakterisert som Russland og Kina, så kom Nord-Korea og Iran og først på tredjeplass kom faren for terror. Ein skulle ikkje legge opp til direkte erobring av desse landa, men føre ein dobbeltstrategi med destabilisering og bygging av innflyting gjennom NGOar (Ikkje statlege humanitære organisasjonar). Vi ser er her opplegg som kan forklare uroa i Hong Kong, forsøka på destabilisering av Russland (Navalny), Kasakhstan og Kvite-Russland (Svetlana Tikhanovskaja) og Xinjiang. Her er ei biletsamling frå dokumentet slik det er gjeve at av Effenberger.[iii] Vi kan legge merke til biletet nedst til venstre der krigsområda er teikna opp.

Et bilde som inneholder tekst, avis, skjermbilde

Automatisk generert beskrivelse

Vi kan her sjå at det meste av dei svarte felta, som USA ville kontrollere, no er utanfor deira kontroll. Det er eit stort tilbakeslag for deira mål om verdsherrevelde.

Så kan vi nemne Pentagons eigen tenketank RAND Corporation sitt strategi-dokument frå 2019 Extending Russia – Competing from Advantageous Ground. Her er oversikt over Kap. 4 i dokumentet:

Som vi ser er det det her lagt opp til å gi daudeleg hjelp til Ukraina. USA si rolle i Syria blir og avslørt og arbeidet for regimeendring i Kvite-Russland.

Men USA si interesse for Ukraina går, etter at dei tok til seg teorien til Mackinder om «hjertelandet»,  mykje lengre tilbake enn dette. Frigjevne CIA-dokument viser til dømes at dei har jobba med ukrainske nasjonalistar heilt sidan 1946. MI6, Storbritannia si utanlands-etterretning, har det same. Noko av dette blir også tatt opp og dokumentert i Oliver Stones film om Ukraina, som du gjerne kan sjå. 

USA sin økonomiske stønad til Ukraina

Her kan vi også sjå på USA sin økonomiske stønad til Ukraina. Dei har brukte enorme pengesummar i Ukraina, og spesielt med løyvingar til og opprusting av det ukrainske militæret. I tida 1991-2014 brukte USA ifølge U.S. Congressional Research Service ca. 4-5 milliardar dollar på militær-assistanse til Ukraina.

Sidan 2014 har USA brukt enda meir pengar i Ukraina – i perioden 2014-2021 brukte de 2,5 milliarder dollar, og med siste årets løyvingar på omlag 1 milliard dollar samt amerikansk UDs vedtak i februar 2022 om ytterlegare 350 millionær dollar blir totalsummen sidan 2014 omlag 3,8 milliardar dollar. Oppå dette har Ukraina fått meir enn 1 milliard dollar frå NATO Trust Fund der mellom anna Italia er med. Dei store summane frå USA, NATO og fleire til Ukraina førte til at Ukrainas militær-budsjett gjekk frå 3 % av GDP i 2014 til 6 % i 2022, tilsvarande meir enn 11 milliardar dollar.

Til samanlikning har Russland eit budsjett på vel 60 milliardar dollar og USA på rundt 520 milliardar, og det skal opp til 800 milliardar i 2023. Kina sitt forsvarsbudsjett er på 145 milliardar.

Victoria Nuland, den gang viseutanriksminister, erkjente opent ved fleire høve dei store pengesummane til Ukraina, mellom anna dei 5 milliardane dollar, med grunngjevinga «…for å fremme demokrati». Her er ein 8 minuttars pressebriefing der ho, med mange fyndord, fortel om USAs innsats for å «…bygge demokratiske ferdigheiter og institusjonar i Ukraina». 

Oransjerevolusjonen og følgjene

Så skal vi sjå nærare på Oransjerevolusjonen. Det som utløyste den såkalla «oransjerevolusjonen» var presidentvalet i Ukraina i 2004. På den eine sida hadde vi den Russlands-vennlege Victor Janukovski, på den andre sida Victor A. Justsjenko som var Vesten sitt val. Han hadde lovd at han skulle rive i stykkar ein plan for eit euro-asiatisk økonomisk rom det Russland var sentral. Trass vestleg støtte vann ikkje Justsjenko fram. I andre valomgang vann Janukovski. Både tilhengarane av Justsjenko og OSSE hevda at det hadde skjedd valfusk og meir enn 100 000 personar strøymde til Maidan-plassen og protesterte. Protesten spreidde seg raskt til byane i vest. Etter at Janukovski sin valsiger var offisiell organiserte Justsjenko-fraksjonen generalstreik og sittande blokadar for å hindre regjeringa å komme i arbeid.

Avisa The Guardian sin korrespondent, Ian Traynors, som hadde jobba mange år i Russland, skreiv i 2014 at det blei utvikla ein metode i Jugoslavia for å styrte Slobodan Milosevic som og blei brukt i «Roserevolusjonen» i Georgia.[iv] I Ukraina var studentrørsla Pora engasjert – lik den serbiske regimeendringsrørsla Optor som fekk den provestlege Vojislav Kostunia til makta. Den samsvarande rørsla i Georgia kalla seg Kmara, i Kvite-Russland Subr. I alle tilfelle vart desse rørslene opplært, finansiert og leia av profesjonelle «rådgjevarar» som det stod vestlege regjeringar, agentur og organisasjonar bak. Vi kan nemne Konrad Adenauers stifting, Utanriksdepartementet i USA og USAID i samarbeid med National Democratic Institute, International Republican Institute, organisasjonen Freedom House og George Soros’ Open Society Institute.

I Le Monde diplomatique har også Ana Otašević skrive om dette i to artiklar. Den eine har overskrifta Nøkkelferdige regimeendringar og den andre En prototype for oransjerevolusjon i Ukraina. Her viser ho korleis USA finansierer grupper som jobbar profesjonelt med regimeendringar, og slikt skjer berre der USA treng det. Dei to artiklane er særleg relevante i høve den 8 år lange krigen i Ukraina der Russland no har gripe direkte inn etter at USA har jobbe målmedvete i fleire år for å væpne regimet der til kamp mot aust.

Dei samordna aksjonane var i første omgang vellukka. Ved det neste valet i desember 2004 fekk dei Justsjeko innsett og i april 2005 skreiv han og NATOs sekretær Jaap de Hoop Scheffer under på ein avtale om førebuing til å ta opp Ukraina i NATO. Det var ikkje lenger snakk om å halde fast på fyndordet om «landet som var nøytralt». Ein av dei som hadde jobba for Oransjerevolusjonen, Oleksander Schnirkov, som var medarbeidar i institutt for internasjonale saker i Kiev uttalte då at «Denne samlinga hadde revolusjonær karakter … For først gong har ein anerkjend (at) Ukraina vil og kan vere atlantisk».

Ein annan følgje av oransjerevolusjonen var at nazismen blei framelska att i Ukraina. Ein artikkel frå Le Monde diplomatique frå 2007 fortel om at den ukrainske nazismen og høgrenasjonalismen ble slept laus så tidleg som i 2007, etter den fargerevolusjonen i 2004 som var organisert av profesjonelle oppviglarar finansiert av USA og andre vestlege land. Etter dette har disse politiske retningane som har blitt oppmuntra av de ukrainske leiarane, stadig vokse i omfang og innflyting. Det har gjort Ukraina til det mest nazifiserte land i verden sidan Tyskland og Østerrike før 2. Verdskrig. Akkurat som den gong har inspirasjonen komme frå USA. USA var det stor føregangslandet i raseforsking. Ein bibliografi over emnet som blei utarbeidd før 1900 kunne vise til over 2000 titlar. Den store amerikanske rasist-ideologen Madison Grant, som fekk innført den rasistiske, amerikanske immigrasjonsloven som fungerte mellom 1924 og 1965, skreiv i 1916 boka The great race. Den blei omsett til tysk i 1925 og blei ein viktig inspirasjon for Hitler som skreiv til Grant og sa at han hylla boka som «min bibel». Kort etter gav han ut sitt eige hovudverk Mein Kampf. Dette er nøye omhandla i 6. kapittel i Gods of the Upper Air som kom ut i 2019 og er omsett til svensk med tittelen Den Övre Luftens Gudar i 2022.

I boka Leaving World War II Behind frå 2020 gav David Swanson, som er Executive Director of World Beyond War ein imponerande gjennomgong av korleis leiande politikarar og finansfolk i USA støtta Hitler og bygginga av nazismen i Tyskland i mellomkrigstida. Det var i USA at raseteoriane blei utvikla til ein leiande ideologi. Det var i USA den endelege løysinga på problemet med den opphavlege folkesetnaden blei sett ut i livet då dei drap rundt 98 prosent av denne. Det var i USA at dei par hundre tusen som overlevede folkemordet blei samla i konsentrasjonsleirar og overletne til seg sjølv på dei dårlegaste områda i landet. Alt dette var ein stor inspirasjon for nazistane i Tyskland. Det var dessutan i USA at den enorme segregeringa og undertrykkinga av slavane frå Afrika og deira etterkommarar fann stad, noko som har fortsett fram til i dag. Dessuten finansierte og væpna USA nazistane i Tyskland. Dette finn vi mellom anna dokumentert i Edwin Blacks bok IBM and the Holocaust: Strategic Alliance Between Nazi Germany and America’s Most Powerful Corporation frå 2001. Her viser han at IBM medvite og med entusiasme utvikla heile data-systemet og datamaskinene for å identifisere, organisere, plage, sterilisere, transportere og utrydde folk – medrekna system for å produsere nummera som bli tatovert på ofra sine armar. IBM lease datamaskinar til nazistane, lærte dei opp i bruken og dreiv regelmessig service på maskinane og visste svært godt kva dei blei brukt til. Leiinga i IBM hadde og tette band til nazi-regimet.

Ein annan som finansierte Hitler var Henry Ford. Dette rapporterte New York Times allereie i 1922 (20. desember). Hitler hadde bilete av Ford på kontoret sitt og fleire bøker av Ford. Her kan eg ikkje gå inn på heile historie, men Henry Ford var ein stor rasist. Hitler skreiv rosande om han i Mein Kampf og i 1938, etterat alle visste kva for grusomt regime Nazi-Tyskland var tok Henry Ford mot Storkorset med en tyske ørn, nazi-regimets høyeste utmerkelse for utlendinger. Hjelpa frå Ford var også meir direkte. Av dei 350 000 motoriserte kjøretøya i den tyske hæren var omlag ein tredel laga av Ford-fabrikkar i Tyskland der det også arbeidde krigsfangar. Familien Dupont var ein av dei rikaste i USA. Presidenten i DuPont Company, Irénée Dupont trudde på raseforskinga og kvit overherredømme og grunnla høgre-radikale grupper. Charles Higham skreiv i 1983 om han i boka Trading With the Enemy. Han seier at Irénée var heilt oppslukt av Hitlers prinsipp. Han heldt ein tale til American Chemical Society 7. september 1926 der han gjekk inn for ein rase av supermenn som dei skulle skape ved å sprøyte inn i dei spesielle stoff når dei var ungar. Han var også ei like stor antisemitt som Hitler. Dupont hadde også mykje aksjar i General Motors og dette firmaet pløya millionar av dollar inn i IG Farben og sine eigne Opel-fabrikkar i Tyskland og finansierte nazipartiet før det kom til makta. GM produserte lastebilar, armerte bilar og tanks for nazistane. I ei bok utgjeven av tyske historikarar i 2000 skriv dei at GM og Ford «produserte mesteparten av lastebilane som blei bestilt av dei væpna styrkane i Tyskland» og Opel begynte å produsere krigsfly og motorar i dei første månadene av krigen. Dupont hadde også interesser i to føretak som og var del av IG Farben, som produserte Zyklon B, gassen som blei brukt for å myrde over ein million menneske. Elles var finansfolk i USA djupt inne i finansieringa av IG Farben som produserte mykje som nazistane trengte til sitt militærvesen. International Telephone an Telegraph Corporation (ITT) finansierte Gestapo og hadde leiaren for Gestapos counterintellingence i styret sitt. ITT produserte også ei mengd produkt for Tyskland endå då Tyskland var i krig med USA. Swanson seier at dette berre er eit lite eksempel på dei omlag 150 amerikanske selskap som dreiv forretningar med Nazi-Tyskland. Han nemner også Coca Cola, Union Carbide, Westinghouse, General Electric, Goodrich, Singer, Easman, Kodak, Texaco, Alcoa og Chrysler. Og alt eg godt dokumentert. Roosevelt og regjeringa i USA visste kva som gjekk føre seg, men desse foretaka var store og også viktige for USA, så dei fekk fortsette med sine tiltak i Tyskland. Fleire har også vurderte det slik at utan den amerianske hjelpen ville Hitler ikkje ha klare å ruste opp landet og å å gå til krig i det heile. Albert Speer, som var Hitlers arkitekt og minister for opprusting sa at Hitler, utan dei syntetiske oljene som blei gjort tilgjengeleg av amerikanske føretak , «aldri ville ha tenkt at han kunne invadere Polen». Alt dette og mykje meir er dokumentert i dei første sju kapitla i Swanson si bok. Men tilbake til Ukraina.

Her var det den amerikanskfinansiert regimeendringa i 2004 som opna slusene for den nye framveksten av nazismen i Ukraina som ble slept laus i 2007, nettopp den 9. mai, på denne frigjeringsdagen frå nazismen. Ei retning som var forbode då Ukraina var ein del av Sovjetunionen.

Men det var ikkje sikkert at det ukrainske folket ville dette. Tyngdepunktet for denne haldninga låg i den vestlege delen. Regjeringa batt seg til WTO (Verdas handelsorganisasjon) og dermed opna dei dørene for vestleg kapital som kunne tene pengar der – utan overgangsfrist eller særtiltak. Kredittar frå Det internasjonale pengefondet bringa alt i 2004 Ukraina i avhengigheit av vestleg kapital. Kredittvilkåra inneheld privatisering av bustadar, stigning i skatt på folket og fjerning av alle sosiale stønadstiltak: den vanlege liberaløkonomiske sjokkterapi. Det vestlege draumeparet, Jusjtsjenko, og ministerpresidenten, Timotsjenko, dreiv ein Russlands-fiendtleg kurs og reviderte dei russiske fordelane ved gaskjøp. Frå januar 2009 var nye gassleveransar kopla til verdsmarknadsprisen. No måtte EU halde den nasjonalistiske og nyliberale regjeringa under armane.

Den nyliberale politikken var ei total ulukke og det prega valkampen som tok til i 2010. Victor Janukovski stilte til val på eit program om eit blokkfritt Ukraina og signaliserte dermed at han ville gå tilbake til politikken under Kutsjma, som saman med gunstige kredittvilkår i 1990-åra, hadde ført til den lengste fasen med økonomisk oppsving i Ukraina. I 2010 fekk Ukraina den kreditten som Justsjenko og Timosjenko hadde forhandla fram. Eit sentralt vilkår var «reform» i trygdesystemet. Ein slik politikk ville har ført til massiv senking i trygder gjennom privatisering og inntrenging av utanlandsk kapital. Dessutan dikterte Det internasjonale pengefondet at løner og pensjonar skulle frysast og at dei skulle senke støtta til drivstoff og varme. Den nye regjeringa under Mykola Asarow innstilte derfor på våren 2011 samarbeidet med pengefondet og ei tredje utbetaling av dei 15 milliard dollar med  kreditt blei ikkje betalt ut. Den einsidige bindinga til Vesten blei stadig meir lukka att då Vesten fekk vist det sanne andletet sitt. Ukraina begynte å stå fram som ein sjølvstendig stat.

I september 2010 fekk Ukraina ein 4-millionar dollars kreditt frå Folkerepublikken Kina for å bygge infrastruktur. I juli følgde ein kreditt på samla over 4,5 milliardar dollar til utvikling av Ukrainas jordbruk. Dessutan kunne dei få til ei massiv utviding av eksporten av jordbruksprodukt til Kina. I 2013 omfatta det eit eksportvolum på over 4,5 millionar tonn korn. I tillegg til dei økonomiske komponentane kom også nokre militære. Alt i 1999 hadde Kina kjøpt eit hangarskip frå Ukraina. Det hadde, etter overhaling, den første prøveturen sin i 2011. Dessutan var det kjøp av kampjetfly. Og gassturbinar til Kina sine mest moderne destroyarar blei importert frå Ukraina alt frå 1990.

På denne tida opna Ukraina seg også mot dei alliansefrie landa, frå Sør-Amerika til Kina. Chavez i Venezuela og Janukovski (i sitt første år i stillinga) avtalte at dei venezuelanske oljefelta skulle opnast for ukrainske investeringar. Dei blei og samde om at dei skulle sørge for at Kvite-Russland fekk olje i transitt via Ukraina og dei skulle få kunne kjøpt Antonov fly gjennom Venezuela. Ved statsvitjinga i India i desember 2012 bygde Ukraina ut dei økonomiske forholda sine med ei rekke avtalar. I fokus for interessa sto, slik som når det gald Kina, samarbeidet med rustningsforetaka øst i Ukraina.

I innlandspolitikken og i den økonomiske politikken satsa regjeringa under Janukovski på å styrke middelklassen og forbetre tilhøva for arbeidarane. Det var heilt motsett den nyliberale politikken til den førre regjeringa og deira einsidige tilknyting til EU og NATO. For Janukovski førte heller ikkje ein einsidig politikk i tilhøvet til aust og vest. I november 2013 underteikna han til dømes ein avtale med det amerikanske energi-konsernet Chevron om kjøp av skifergass. Fracking-metoden skulle utnyttast for at Ukraina skulle bli uavhengig av gass frå Russland innan 2020. Som vi ser er det her ikkje snakk om å legge seg inn under Russland, men å gjere det som tente folket i Ukraina best.

Tospannet Janukovski/Asarow favoriserte ei tilnærming til den Eurasiske Union der statane Armenia, Kvite-Russland, Kasakhstan og Russland var med i 2013. Frå EU kom det ein brysk beskjed om at dei ikkje ville kunne komme inn i EU om dei følgde dette sporet. Det var ikkje mange som forstod  at denne kompromisslause haldninga kunne føre Ukraina i armane på Russland.

Så avslutta Janukovski 21. november alle prosessar som hadde med medlemsskap i EU å gjere. Hovudgrunnen var at EU hadde kopla politikken sin til Det internasjonale pengefondet og i samband med det kravde dei ein massiv devaluering av pengevesenet i Ukraina saman med frysing av løner, pensjonar og sosialutgifter. Vidare såg EU for seg at Ukraina einsidig skulle knyte seg til EU-marknaden. Med den førebels stansen bad Janukovski om finansiell hjelp frå EU og IMF for å redde den svekka staten i Ukraina. Han fekk avslag og vende seg til Russland. Med ei erklæring at han ikkje ville gjere ein avtale med EU senka Russland prisen på råolje med ein tredel og sa at dei ville kjøpe 15 milliardar i ukrainske statspapir. Tre milliardar hadde komme til Ukraina før Janukovski blei styrta gjennom eit statskupp. Alle desse hendingane var heilt imot USA sine geopolitiske interesser. Eit alliansefritt Ukraina som fekk utvikle seg på eigne vilkår kunne dei sjølvsagt ikkje tole, nett på same måte som andre land i verda som har prøvd dette utan at dei har hatt kraft til motstå aggresjonen frå USA.

Statskuppet i 2014

Etter at Janukovski hadde stansa arbeidet med medlemskap i EU vart det demonstrasjonar på Maidanplassen i Kiev frå forskjellige opposisjonsgrupper. Der blei dei møtte med en brutal politiinnsats og fleire fekk sympati med dei. Frå vest i Ukraina reiste mange til Kiev for å delta i demonstrasjonane.

Like etter 21. november reiste Janukovski til Kina for å bringa vidare dei ukrainsk-kinesiske forretningane. Den 5. desember blei langsiktige kontraktar underteikna angåande økonomi og politikk. Bygging av ei djuphavn nær byen Jevpatorija på Krim skulle finansierast med mange milliardar dollar. I tillegg kom investeringar og oppdrag for rundt 8 milliardar. Kreditten frå Folkerepublikken Kina til Ukraina frå 2009 til 2013 var til saman på rundt 16,5 milliardar US-dollar.

Det som hadde skjedd var at Ukraina var i ferd med å vike av frå USA/EU sine planar om å få landet inn under sitt herredømme. Regjeringa i Ukraina sikta seg inn på ei meir uavhengig stilling der dei hadde opna kanalar til både Vesten og Austen. Dette hadde vore den ideelle løysinga for å ta vare på freden i  Europa.

Men demonstrasjonane på Maidan fortsette, vestlege politikarar sverma til Ukraina for å støtte og fremme uroa, nett etter oppskrifta frå Tradoc 525-5. Den tyske utanriksministeren fekk løyve av regjeringa i Kiev til å opptre på plassen. Det var som om den tyske regjeringa hadde gjeve den russiske utanriksministeren, Lavrov, løyve til å komme til Berlin og tale der for å styrte ho. Den amerikanske «hauken» John MacCain talte og strålte på Euro-Maidan.

Et bilde som inneholder tekst, gammel

Automatisk generert beskrivelse

Den norske utanriksministeren, Børge Brende, var fleire gongar i Ukraina. Victoria Nuland frå det amerikanske utanriksdepartementet delte ut «cakes» til demonstrantane. Dette er ofte omsett med kakar, men var nok heller data-cakes for å lette bruken av data for demonstrantane.

Men det fortsette ikkje med «cakes». Maidan-rørsla vart i stadig større grad væpna og her spelte høgreorienterte og nazistiske grupper og Høgre Sektor ei stor rolle. I dei vestlege media vart dette bagatellisert eller avvist som russisk propaganda. Men den leiande EU-byråkraten Günther Verheugen[v] fann tydelege ord: «Heimesida til Svoboda er ein sann funnstad for «folkeleg» ideologi slik han tidlegare hadde vist seg i Nazi-Tyskland.[vi] Ho er gjennomsyra av jøde-hat og Polen-hat. Det er den reine nasjonalisme, svært overdriven nasjonalisme. Dei roper på atomvåpen for Ukraina.»[vii] Det kan vere verd å lese heile intervjuet med han som du finn i ovannemnde note.

Nuland gjekk ikkje inn i historia fordi ho røpte at USA hadde gitt 5 milliardar i regimeendringsstønad, men på grunn av at ho uttalte «fuck EU» i ein samtale med USAs utsending Geoffrey Pyatt, som blei avlytta av dei russiske hemmeleg tenestene, der ho også sa at «Jaz is our man» Jazenjuk er vår mann. Angela Merkel hadde nemleg eit anna forslag, boksaren Vitali Klitschko som ministerpresident i Ukraina. Det blei Arsenij Jazenjuk. Han stifta i 2007 Open Ukraine Fundation som var finansiert av amerikanske, engelske og andre partnarar, mellom anna USAs Ukraine Fundation (USUF), utanriksdepartementet i USA, NATO, Chatham House, Swedbank, Black Sea Trust for Regional Cooperation, gjennom eit prosjekt av det tyske Marshall-fondet og National Endowment for Democracy (NED), saman med den ukrainske Victor-Pinchuk-stiftinga.[viii] Nulands verksemd i vekene før kuppet viste klart korleis USA leia førebuingane til regimeendringa i Ukraina.

Den 20. februar blei det opptrapping på Maidan med samanstøytar mellom væpne opprørarar, særleg frå Høgre Sektor og politiet. I ein dokumentasjon i ARD-magasinet Monitor frå 10. april vart det vist at det blei skote i ryggen på demonstrantar frå hotell Ukraina som var okkupert av opposisjonen. Kva som eigentleg skjedde der blei aldri oppklart. I stillinga som statsadvokat sette dei inn ein av leiarane i Svoboda.

Den 21./22. februar blei parlamentet okkupert under leiing av Høgre sektoren. Presidenten flykta for livet i retning Russland. Det vart gjennomført eit val for å avsette han, men det fekk ikkje det naudsynte tre fjerdedels fleirtal som grunnlova krev. Men grunnlova vart sett ut or spel og dei sette inn ein ny president, som planlagd. President Obama erklærte tilfreds at «Vi, USA, har formidla ein avtale til maktovergang». [ix] Maktovergang er sjølvsagt det vi kallar regimeskifte. Då er ikkje grunnlov og demokratiske spelereglar noko å snakke om.


[i] Sjå den ufullstendige engelske wikipedia-artikkelen https://en.wikipedia.org/wiki/Hermann_M%C3%BCckler og den tyske https://de.wikipedia.org/wiki/Hermann_M%C3%BCckler

[ii] www.youtube.com/watch?v=gcj8xN»UDc, spelt klokka 0.30-1.50 den 12. februar 2020.

[iii] Wolfgang Effenberger Schwartzbuch EU & NATO, side 360.

[iv] Sjå The Guardian frå 26. november 2004.

[v] https://en.wikipedia.org/wiki/G%C3%BCnter_Verheugen

[vi] Völkisch etter Stor tysk-norsk ordbok, 2. utgave, 2011. Sjå også wikipedia som er relativt presis her https://en.wikipedia.org/wiki/V%C3%B6lkisch_movement

[vii] www.deutschlandfunk.de/verhaeltnis-eu-russland-gefhar-einer-spiralr-nach-unten.694.de.html?dram:article_id=280378

[viii] https://www.yahoo.com/news/victor-pinchuk-mueller-investigating-ukrainian-082809214.html?guccounter=1&guce_referrer=aHR0cHM6Ly9kdWNrZHVja2dvLmNvbS8&guce_referrer_sig=AQAAAFvGr7xJVLbj3-kHXn_ie_NFl0vCAB77rDYrEOIvFw-DQXw0_M0dyXi-cB6kD8uAyFAE1WaFyRfOBAbclEJNxoKm2jyysncSJZ-LYTiSLjc4c-9AxfKvPlywwvZHngOc0z-UYz0ml-qo7ICCyiBQEHbwXJYAQUcsN5s96hDCG3NW

[ix] Sitat http://cnnpressroom.blogs.cnn.com/2015/02/01/pres-obama-on-fareed-zakaria-gps-cnn-exclusive/ frå 9. november 2019. Eit langt og interessant intervju som Zakaria gjorde med Obama i India.

5 tankar om “Dei lange linjene i USAs geopolitikk 10”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.