Dei lange linjene i USA sin geo-politikk 1

Kapittel i  ii iii  iv v  vi  vii  viii  ix  x  xi

Innleiing

For å forstå kva som skjer i verda no må vi i ha grep på nokre vesentlege saker. Vi må ha grep på dei grunnleggande trekka i Kina og Russland sin utanrikspolitikk og rolla til den alliansefrie rørsla i verda, om dei lange linjene i USA-England sin utanrikspolitikk og om rolla til det humanitær-industrielle komplekset i verda. Eg har skrive noko om alle desse felta tidlegare og du kan lese om  Eit anticolumbisk blikk på historia og Verdens undertrykte folk og land reiser seg. Særleg den siste tilvisninga er viktig for å forstå heile verdssituasjonen i dag. Men her skal eg i hovudsak ta for meg dei lange linjene i USAs utanrikspolitikk i noko meir detalj.

Dette er ei historie eg har studert i rundt 55 år, først som amatør og etter et tok hovudfag i historie i 1972 (som resulterte i boka De tjente på krigen, 1974), med akademisk stempel. Eg har lese dusinvis av bøker og hundrevis med artiklar om emnet og sjølv skrive ein god del om det tidlegare. Dette er derfor ikkje noko lettbeint produkt.

Den columbiske epoken

Historisk er det viktig å hugse på at USA har overtatt etter Spania, Portugal, Holland, Frankrike og England som den store geo-imperialistiske makta i verda. Heile denne tida kan vi kalle den columbiske epoken, eller, som nokre og seier, atlantismen. Columbismen er eit omgrep som blei skapt av den store engelske geo-imperialisten Halford Mackinder som vi skal komme tilbake til. Omgrepet har mellom andre blitt brukt av Noam Chomsky og Domenico Losurdo. USA er det siste leiande columbiske (atlantiske) landet og fører vidare heile tradisjonen frå Columbus steig i land på øya dei kalla Hispaniola i 1492, frå dei oversjøisk imperia vart kriga fram, og fram til i dag der systemet framleis finnast, under leiing av USA. Columbismen er ein tradisjon som går ut på dei «kvite» overklassane i dei transatlantiske landa og deira settlarstatar rundt om i verda skal ha globalt overherredømme og utnytte heile kloden til sitt eige beste med alle dei middel det krev. Etter Andre verdskrig og USA sitt samarbeid med dei japanske okkupantane i Korea for å splitte landet og sikre amerikansk hegemoni i sør, har også Japan vore inkludert i columbismen, som eit ikkje-kvitt land, men berre som USA sin vasall.

Eigentleg var det Marx som først skreiv om dette då han omhandla den opphavlege akkumulasjonen som førte til full utvikling av kapitalismen i kapittel 24.6 i først bind av Kapitalen som kom ut i 1869. I heile kapittel 24 skriv han om dei to grunnleggande momenta i framveksten av moderne kapitalisme. Det eine var skaping av ein arbeidarklasse ved å ta frå bønder/handverkarar jorda og arbeidsreiskapen, slik at dei måtte begynne så selje arbeidskrafta si for å få tak i livsmiddel. Det andre var dei oversjøiske imperia der det sentrale var å utrydde og/eller ta makta over dei som budde der og så unytte både dei og landet deira til beste for «moderland». Mitt syn er at dette framleis er eit grunnleggande trekk ved den moderne kapitalismen, og at dei leiande «moderlanda», no med USA i spissen, slås med alle middel for å halde oppe begge systema – utbyttinga av arbeidarklassen i eigne land og utbytting av verdas undertrykte land og folk. Det systemet som no er under mest press er det moderne kolonisystemet. Dei folka og nasjonane som har vore og er undertrykt og utbytta av dei «kvite» «moderlanda» er no i kraftig rørsle for å kvitte seg med heile systemet og opprette ei verd med likeverdige statar som kan samarbeide ut frå det verkelege innhaldet i FN-pakta og dei fem prinsippa for fredeleg sameksistens. Det er først og fremst den alliansefrie rørsla som representerer denne retninga, i allianse med Russland og Kina. Vi kjem tilbake til det.

Kolonisystemet var det sentrale momentet i epoken etter 1492. Det Marx ikkje kunne vite var at dette systemet heldt seg formelt til rundt 1960 og så gjekk over i ei anna form med det vi kallar nykolonialismen som varer framleis, men som no er under sterkt press. Så denne epoken som representerer tida med dei «kvite» overklassane sine oversjøisk imperia viser nett til denne undertrykkinga og utbyttinga av folk og nasjonar over heile verda til beste for desse overklassane. Nokre smular har og falle på underklassane, medrekna arbeidarklassen i dei columbiske «moderlanda». Utvandring og utbytting av dei ikkje-columbiske landa har vore viktige moment for å halde motseiinga mellom borgarskap og arbeidarklasse i «moderlanda» innan ikkje-revolusjonære rammer.

Det viktigaste trekket i columbismen er å få kontroll med land, område og folk utanfor det columbiske kjerneområdet. Typisk for perioden er at det blei skapt oversjøiske imperia i stor målestokk for første gong i verdshistoria og det har prega verda sidan. Vikingane sine erobringar i det seinare Ukraina, England og øyene nord for Storbritannia var ei forsmak på dette. Dei begynte til og med eit forsøk på kolonisering av det amerikanske kontinentet. Det er dei som meiner at vikingane sitt etos prega deler av den engelske måten å vere og handle på, og at dette også var eit moment i aggressiviteten i den engelske imperiebygginga. Dette er ikkje så usannsynleg ut frå at den engelske overklassen faktisk hadde sterke innslag frå Normandie som var vikingane sin del av Frankrike.

Det er også slik at denne aggressiviteten mot folk utanfor det atlantiske området blei trent opp i dei store Korstoga for å erobre Palestina og sikre handelsrutene austetter, med dei seinare kampene for å halde på herredømme i Midt-Austen, som eigentleg varte frå 1095 til 1453 då det Osmanske riket erobra Konstantinopel. Dette hindra dei «kvite» statane frå å tene penger på handel med Austen og var ei sterk tilskunding til å finne andre vegar dit.

Så vi kan seie at columbismen er ein direkte erobrande etterfølgjer etter korstoga. Vi skal og merke oss at korstog også var retta mot dei som ikkje ville underkaste seg den økonomisk-politiske leiinga i Vest. Dette gjeld også columbistane sine kampar for å slå ned motstand mot utbyttingssystemet sitt over heile verda. Det tok til med massive folkemord på det amerikanske kontinentet og vart følgd opp med folkemorda i Australia, New Zealand og Canada. Alle stadar blei det starta av utvandrar frå England, så vi må rekne England som folkemordstaten framfor alla. Det var også den viktigaste slavehandel-staten. Vi kan seie at kapitalismen i Liverpool rett og slett vart bygga opp på inntekter frå slavehandelen

Hovudmålet for leiarane i dei columbiske kjernelanda under heile den ettercolumbiske tida har vore å omdanne økonomien der slik at han tener dei columbiske kjernelanda. Metodane er krig, folkemord, rov og utarming, utbytting og fattigdom, undertrykking og umenneskeleggjering.

Den grunnleggande columbiske ideologien er at dei columbiske kjernelanda er overlegen resten av verda og at dei columbiske metodane trengs for å gjere verda betre. Alle som motsett seg dette må finne seg i å bli slått ned. Dei er dei «vonde», «fienden». Difor framstiller dei columbiske leiarane alltid columbismen som noko svært godt, mens han er grunnleggande rasistisk og grueleg under eit ytre bilete av velvilje og humanisme. Dei som ikkje vil finne seg i å bli underlagd det columbiske systemet blir systematisk svartmala, og særleg i tider då dei columbiske maktene planlegg og gjennomfører store angrep på dei. I dag blir dei columbiske ugjerningane gjerne skjult under slagorda «fridom og demokrati» og «fri marknad». Tidlegare har omvending til den vestlege religionen vore sentral og tanken om «den kvite mannen si byrde».

Columbismen er imperialistisk i si indre kjerne. Han har utvikla seg historisk frå «oppdagings-» og erobringstida, over kolonitida og den moderne imperialismen og nykolonialismen. Dei seinaste leiande columbiske statane har vore England og USA. England hadde oppretta sitt verdsherrevelde i 1815 etter Napoleonskrigane. På slutten av 1800-talet gjekk Tyskland forbi England i produksjon og teknologi. Då dei greip etter overherredøme i Europa med moglegheit for å ta fleire koloniar og det førte det 1. verdskrig. I same periode var det ei stor industriell utvikling i USA som etter kvart blei den dominerande industrimakta i verda. Etter dei store verdskrigane var England sterkt svekka og USA svært styrka og dei tok over hegemoniet, mens England blei ein viktig juniorpartnar som hjelpte USA med å utvikle herskarteknikkane og -metodane sine. Som et har skrive er det viktig å vere klar over at England frå først av styrte i settlarlanda USA, Canada, Australia og New Zealand. I alle desse landa vart det utførd folkemord på den opphavlege folkesetnaden og landet deira ble offer for engelsk aggresjon, dvs. fiendtleg og valdeleg inntog på områda til andre land og folk. England begynte alle desse folkemorda som så blei overtatt av den nye engelske overklassen i settlarlanda.

Kampen mot columbismen

Dei ikkje-columbiske, undertrykte landa og folka har heile tida kjempa mot columbismen, men har stadig blitt slått ned eller blitt overtatt att. Eit grunnleggande eksempel er Haiti sin anticolumbiske kamp. Eit eksempel som er knytt til oss var opprøret i den dansk-norske kolonien på øya St Jan i 1733. Det braut ut på vesle julaften det året og varte i omlag eit halvt år. Av dei 108 kvite på øya blei 76 drepne og av dei 109 plantasjane der var 46 brent ned eller øydelagd på annen måte. Til slutt vart dei fleste opprørane drepne i kamp. Nokre drap seg sjølv og nokre blei dømd til dauden. Du kan lese om dette i Fartein Horgar si firebands romanserie, særleg andre boka med tittelen I slaktemåneden, utgjeven i 2017 og 2018.

Denne kampen har aldri tatt slutt og varar framleis. I røyda er Russland sin innmarsj i Ukraina eit moderne utslag av denne kampen. No utløyst av trusselen mot Russland sitt sjølvstende frå den grusomste og sterkaste columbiske makta nokon sinne, USA.

Fram til noe er det berre nokre få statar i verda som har klart å hald seg varig utanfor columbisk dominans. Den viktigaste og største er Kina. Men vi har også Nord-Korea, Cuba, Venezuela, Iran, Syria. Etter 2002 høyrer også Russland til desse landa. Alle land som vel leiarer som ikkje opnar for amerikansk dominans i landet sitt, blir motarbeida og ofte kasta etter undergravingsarbeid frå CIA, NGOar og fleire andre USA-dominerte organisasjonar, eller direkte gjennom krigar. Grenada, Irak og Libya er eksempel der krig blei brukt og Ukraina er eksempel på bruk av undergraving og regimeendring for å få innsett ei leiing som opna landet for amerikansk kapital og den medfølgdande nyliberalismen.

Eit viktig skilje i kampen mot columbismen var Sovjet-Unionen som blei oppretta i 1917 som ein sterk anti-columbisk makt som heldt USA og vasallane i sjakk. Denne motstanden styrka seg med Sovjet-Unionen sin siger i 2. verdskrigen, opprettinga av Folkerepublikken Kina og det uavhengige Cuba pluss motstand mot columbismen over store delar av verda. Eit nytt steg blei tatt med opprettinga av den alliansefrie rørsla i Beograd i 1961. I dag er denne revitalisert og 120 statar er med.

Då Sovjet-Unionen blei oppløyst i 1991 og Kina framleis var svakt, steig USA opp som den første makta i verda som verkeleg kunne få fullt verdsherredømme – ei einaste leiande verdsmakt. Men for å klare det måtte dei ha kontroll med det eurasiske kontinent. Dei utforma difor ein strategi for å klare dette, og den held dei framleis beinhard fast på sjølv om det økonomisk-politiske grunnlaget for å lukkast ikkje lenger er til stades med framveksten av eit økonomisk mektig Kina og eit Russland som reiv seg ut at av USA sin dominans litt ut på 2000-talet, under leiing av Putin. Frå då av var han og Russland «vond».

I USA trudde dei lenge at dei ville få kontroll med Kina fordi landet opna opp for store investeringar frå dei. Dei tenkte nok at dei kontrollane som Kina hadde med kapitalen ville forsvinne etter kvart. Men då Xi Jinping kom til makta i 2012 blei det etter kvart heilt klart at kontrollen med utanlandsk kapital blei skjerpa og Kina lanserte målet med å bli ein velståande, sosialistisk stat innan 2049.

Då dei sette dei gang prosjektet med dei nye silkevegane (Belt and Road) og utvida handel og samkvem med mest alle land verda og særleg med statane langs den gamle Silkevegen blei dei ein øydeleggande trussel mot USA sin verdsdominans. USA var faktisk allereie spelt ut økonomisk i verda for nokre år sidan. Etter kvart blei dei einaste moglegheitene USA hadde for å erobre tilbake verdsherreveldet sitt, undergraving, regimeendringar og krig. For å få til dette prøver dei å få dei andre transatlantiske statane, og dei engelsktalande settlarstatane Canads, Australia og New Zealand pluss Japan, som dei faktisk ser på som sine vasallar, med på leiken.

Dei krigshandlingane som vi no ser i Ukraina står derfor om mykje større saker en om Ukraina sjølv. Det står nok om USA skal få fortsette løpet sitt for å sikre eit rote verdsherrevelde som etter 2. verdskrigen har ført til ei uendeleg rekke av lidingar for undertrykte land og folk over heile verda, og for USA sine vasallar sjølv. Men ikkje nok med det.

Den kampen vi ser i Ukraina er den columbiske verda sin proxy-krig for å  halde på heile det columbiske systemet med «kvit» verdsherskarmakt. Og dei «kvite» columbiske leiarane, saman med andre USA-dominerte statsleiingar, følgjer med og prøver å mobilisere heile den «kvite» verda til innsats mot dei «onde» anti-columbiarane. Difor er det viktig å tenke seg nøye om når ein tar stilling her. Vi må gjerne beklage Russland sin aggresjon, slik eit fleirtal av statane i FN gjorde (men likevel statar med berre rundt 46 % av folkesetnaden i verda), men å nekte å sjå heile biletet og den historiske bakgrunnen for det som skjer, gjer gjerne av vi kjem på feil side av hovedmotseiinga i verda, nemleg i kampen mellom den «kvite» columbiske verdsdominansen og dei som vil rive seg ut av denne.

Vi gjer ei underordna motseiing til hovudmotseiinga, slik vi faktisk ofte gjer når noko verkar sterkt kjenslemessig på oss. Så tar vi parti for den eine sida i denne underordna motseiinga utan å tenke på kva side i hovudmotseiinga den sida vi har tatt parti for høyrer til. Ut frå den underordna motseiinga ser det ut som Ukraina, leia av Zelenski, er den som bli angripen og treng støtta vår, men ut frå hovudmotseiinga er Zelenski ein marionett for USA og deltakar i USA sitt spel for verdsherredømme, eit spel som krev at dei russisktalande i Ukraina blir forfølgde og kriga mot, og som krev regimeskifte i Russland for å kunne fortsette med å ta Kina. Desto meir direkte USA/NATO går inn med våpenstøtte, desto klarare blir dette.

Difor vil ein verkeleg fredspolitikk vere å stanse det aggressive USA sin kamp for verdsherredømme og regimeskifte i Russland, slik dei har klart i Ukraina, og å følgje oppmodinga frå FN om å bruke alle middel for å få stans i krigshandlingane snarast mogleg og få ei rimeleg ordning for dei undertrykte russisktalande serbarane i aust og ei fjerning av den amerikanske trusselen mot Russland og verda elles.

Men la oss sjå på heile den aggressive historia til USA. Den forklarar kvifor USA har gått i spissen for å hindre at Minsk-avtalene blei sett ut i livet og kvifor dei har gått inn for å sende våpen inn i Ukraina for å forlenge krigshandlingane så lenge som mogleg, i staden for å gå for løysingar som låg i Minsk-avtalene. Og det forklarar at dei har lært opp nazibandar i Ukraina til militære einingar, køyrt inn våpen i store mengder og lært opp ukrainske hæravdelingar til NATO-standard. Det blir ein lengre gjennomgang. Men dei som trur dei kan forstå kva som skjer i verda utan å kjenne historia vil stort seg velje feile løysingar på konfliktane vi ser.

9 tankar om “Dei lange linjene i USA sin geo-politikk 1”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.