Dei lange linjene i USAs geopolitikk 5

Kapittel i  ii iii  iv v  vi  vii  viii  ix  x  xi

Brzezinski bygger på Mahan, Mackinder og Spykman

Så går vi tilbake til hovudforteljinga. Frå den russiske revolusjonen og frametter til tida etter 2. verdskrig låg ein stor del av det eurasiske kontinentet i Sovjet-Unionen. Etter 1949 låg ein annan stor del av kontinentet under Kina. Begge desse områda var då utanfor USA sin kontroll og berre ein viktig del av det vestlege Eurasia kunne bli dominert av USA, samt Sør-Korea og sjølvsagt det okkuperte Japan som blei omdanna til ein lydig vasall.

I denne perioden prøvde USA med all makt å få større fotfeste på dette kontinentet. Korea-krigen er eit eksempel og Vietnam-krigen eit anna. Dei er relativt godt kjende så eg går ikkje nærare inn på dei. Det var i denne perioden Brzezinski kom fram på verdsscena som ein viktig spelar.

Kven var Brzezinski?

Zbigniew Kazimierz Brzezinski har kanskje vore det viktigaste talerøyret for strategien til herskarklassen i USA frå 1960-talet av og faktisk fram til i dag sjølv om de no er vel 5 sidan han døydde. Her skal vi først sjå på kven han var i USA sitt politiske liv. Han blei fødd i Polen i 1928 som son til ein lågadeleg polsk diplomat. Familien hans kom frå ein plass som i dag ligg under Ukraina. Faren var diplomat i Tyskland frå 1931 til 1935 då nazistane kom til makta der. Frå 1936 til 1938 var på post i Sovjet-Unionen under dei store utreinskingane der. Så blei faren sendt til Montreal i 1938 og Zbigniew fekk universitetsutdanninga si der fram til 1950. Han kom så til Harvard der han fekk sin doktorgrad i 1953 på utviklinga i Sovjet-Unionen frå revolusjonen i 1917 og under Stalin. Etter det reiste han til München der han hadde kontakt med leiaren for USA sin propagandakanal Radio Free Europe. Han arbeidde så saman med Carl Joachim Friedrich, ein kjend amerikansk statsteoretikar som støtta teoriane til nazisten Carl Schmitt som meinte at det hitlerske eineveldet hadde fridd Tyskland frå det hata byråkratiet som tok makta frå herskaren. Han meinte at herskaren sto ovafor lova. Dei utforma ein teori om totalitarisme for å kunne kritisere sovjet-systemet. Brzezinski var tilsett ved ved Harvard University frå 1953 til 1960, og ved Columbia University frå 1960 til 1972 der han leia Institute on Communist Affairs. Alt i 1953 gjorde han seg gjeldande i politikken då han gjekk mot politikken med å ta tilbake alt Sovjet-Unionen hadde frigjord i Aust-Europa. Han var seniorforskar for internasjonale relasjonar ved Paul H. Nitze School of Advanced International Studies ved Johns Hopkins University i Washington, D.C. Frå 1960 starta for alvor innverknaden hans på USA sin utanrikspolitikk då han blei rådgivar for Kennedy under valkampen. Etterpå kom han inn i planlegginsstaben for Lyndon B. Johnson. Han beundra inngjerdingspolitikken (containment) til Georg Kennan og blei tidleg ein tilhengar av Henry Kissinger. Som medlem av Council on Foreign Relations, som er kanskje den mest dominerande tenketanken for herskarane i USA, overraska han med eit innlegg i rådets organ Foreign Affairs med ein artikkel om ei ny verdsordning som kunne byggast på den nye datateknologien. Ved hjelp av denne kunne eit fellesskap av utvikla land løyse menneska sine problem meir effektivt. Difor var eit trilateralt økonomisk samarbeid mellom USA, Japan og Vest-Europa naudsynt. David Rockefeller meinte at ideen var god og på Bilderberg-konferansen i 1973 gjorde han Brzezinski til den første direktøren i Trilateralen.

Eksempelet Trilateralen

Utover på 1960-talet og i starten på 1970-talet var det mykje uro og opprør mot den columbiske dominansen i verda. Heilt sentralt stod sjølvsagt Vietnamkrigen. På denne tida blei det utført mange studie og publiserte mange bøker og artiklar som avslørte imperialismen og dei kapitalistiske overklassane i verda. Billigbøkene kom for alvor og forlag som Pax gav ut mykje opplysingslitteratur. Samstundes blei marxismen relativt populær att. Radikale organisasjonar blei danna og det såg ut som herskarane var i ferd med å miste makta over fortellinga om verda og korleis dei ville at vi skulle oppfatte ho og spele på lag med dei. Dette var mykje plagsamt og det blei sett i verk mange tiltak for å kvele tendensane til opprør mot undertrykking og spreiing av synet til dei utbytta og undertrykte i verda. Vi fekk forskjellige reaksjonære aksjonar som hadde dette målet. I Norge toppa det seg i en stor kampanje mot det nye kommunistpartiet AKP (m-l) med annonser om infiltrasjon i andre organisasjonar for å lure medlemmene der og med DNA-LO si fei dei ut kampanje frå fagforeiningane.

Sentralen for desse fenomena var den Trilaterale kommisjonen, som vi har nemnd ovanfor. Michael Lüders har omhandle denne i boka Die scheinheilige Supermacht – Warum wir aus dem Schatten der USA heraustreten müssen som kom ut i 2021. Han skriv at Trilateralen i 1975 gav dei ut ein studie kalla Krisa i demokratiet. Hei heiter det at media «har blitt ein oppsiktvekkjande ny nasjonal maktfaktor». Denne utviklinga var resultatet av «overdrive demokrati» som innanrikspolitisk førte til «innskrenking av regjeringsautoriteten» og utanrikspolitisk til «svekking av innflytinga på den demokratiske utviklinga». Konkrete tyda dette at det offentlege kunne stille spørsmål om kommande militærinnsatsar, om fredsrørsla får for mykje å seie. Årsaka til denne krisen i demokratiet var arbeidet til mindretal, som lenge ikkje hadde hatt nokon innflyting, til å organisere seg og fremme krava sine gjennom protestar eller gi uttrykk for dei i media. Men dette hadde negative følgjer for at eit «problemlaust demokrati» kunne fungere. Sagt med andre ord så hadde dei som representerte elitane og makta frykt for å miste tolkingsmakta og maktfortrinna sine.

Ein av dei tre forfattarane var Samuel Huntington, som 20 år seinare gav ut eit anna svært verksamt overklassemanifest kalla Kamp mellom kulturar som skulle innrette den amerikanske utanrikspolitikken på å kjempe for at den vestlege kulturen vann over andre kulturar i verda.

I skrivet frå 1975 klaga Huntington over at den gode gamle tida var forbi då president Truman kunne regjere landet direkte «med støtte i eit relativt lite tal med advokatar og bankierar». Den gongen var det ikkje nokon «demokratikrise», mens det var ein slik under Vietnamkrigen og i Watergate-tida. Den trilaterale kommisjonen avslutta med å råde til «ei innramming av demokratiet» for å hindre utvekstane det hadde, altså utanomparlamentariske protestmåtar og å la krava til mindretal i samfunnet, etter samtalar og medverknad, henge mest mogleg i lufta. Utan å bry seg om at desse «mindretala» av kvinner, gamle, arbeidarar, svarte og spansktalande utgjorde fleirtalet i folket.

Kommisjonen klaga vidare at alle delar i samfunnet «i familien, på universiteta og i føretaka» kravde «retten sin, likeverd – og mange gonger meir enn det – når det galdt deltaking i bestemmingar». Dette var eit problem for interessene til dei som skulle representere interessene til dei rike og mektige, mellom dei konserna, bankane, toppane i foretaksverda.

Denne trilaterale kommisjonen er eit toppeksempel på transnasjonale elitenettverk. Det blei, som sagt grunnlagt i 1973 av David Rockefeller, som sette inn Brzezinski som generalsekretær. Det skulle står for eit samarbeid mellom det leiande USA, Europa og Japan. Initiativet kom frå eit anna elitenettverk, Bilderberg-konferansen som starta i 1954, ein plass der dei rike og mektige blei invitert av prins Bernhard av Nederland til Hotel Bilderberg i Oosterbeek. I den indre kretsen finn vi kongehusa i Belgia og England, den gamle adelen hadde lukka opp for nye elitar. Dei uformelle treffa på Bilderberg tente til å gjere det transatlantiske samkvemmet djupare. Dei som fekk invitasjon av forskjellige mektige personar frå føretaksverda, politikken, media, vitskap, militær og dei hemmelege tenestene, for det meste frå NATO-statar. Talrike deltakarar på Bilderberg-konferansane var eller er medlemmer også av andre elitegrupper, som Atlantic-Brücke, Sikkerheitskonferansen i München eller Verdas økonomiske forum i Davos. I desse kretsane gjeld rotasjonsprinsippet. Dei skifter på verva. Dei serverer kvarandre vidare og den som høyrer til i ein av organisasjonane har alt overordna funksjonar eller er i ferd med å få det.

I Trilateralen dominerer amerikanarane, følgd av europearane og deretter japanarane. Minst to gonger i året treff ei kvarandre på forskjellige stader og knyter varige politiske eller økonomisk band, utan at det offentlege kjenner til detaljane. Samansetninga av denne kommisjonen på meir enn 100 medlemmer er ein slags kven er kven innan høgfinans og politisk makt. Av dei tyske deltakarane har vi Jürgen Fischer, med tidlegare leiande verv i Deutsche Bank, Klaus-Dieter Frankenberger, utanrikspolitisk redaktør i FAZ, Sigmar Gabriel (SPD), tidlegare utanriksminister og sidan 2020 i styret for Deutsche Bank samt leiar i Atlantic-Brückem, Wolfgang Ischinder, leier av sikkerheitskonferansen i München, Joe Kaeser, frå 2021 leiar i Siemens AG, Alexander Lambsdorff, stadfortredande fraksjonsleiar for FBD i Bundestag, ansvarleg for utanrikspolitikk. Så er der mange frå CDU. Elles kan vi nemne franskmannen Jean-Claude Trichet, president for «Den europeiske region», frå 2003 til 2011 president for den Europeiske sentralbank med sete i Frankfurt.

Den britiske politikkforskaren Stephen Gill, skriv slik om arbeidet til Trilateralen: «Trilateralen kan vi forstå som eit prosjekt for å utvikle ein organisk (eller langvarig) allianse mellom dei største kapitalistiske statane med mål om å skaffe (eller halde oppe) ein stabil form for verdsordning som motsvarer deltakaranes viktigaste interesser.»[i]

Mediesosiologen, Rudolf Sturmberger, ser på den tette kontakten mellom økonomi og politikk som utviklar seg i eit slikt nettverk, «Tendensar til re-føydalisering. Det vil seie at det ved sidan av dei offisielle strukturane, … dei demokratiske, … finnast uoffisielle strukturar som på ny får stadig meir makt. Og elitane, desse sjølvoppnemnde elitane, som sitt der oppe, skalkar stadig meir lukene.»[ii] Ettersom dei, som elitenettverk, stort sett er privat finansiert er det opp til dei sjølv å bestemme kva dei slepp ut av referat frå samlingane sine. Men det er heilt feil å sjå på dei som ei løynd verdsregjering, slik som historiene om ein samansverjing som illuminate-ordenen og historiene om at denne fortsett å eksistere i løynd og i røynda regjerer verda. Illuminate-ordenen (latin illuminati ‘dei opplyste‘) var eit kortlevd hemmeleg selskap med mål og gjere herredømme over menneske overflødig gjennom opplysning og forbetring av skikkar og vaner.

Ordenen blei oppretta  i Ingoldstadt 1. mai 1776 av filosofen og kyrkjerettshistorikaren Adam Weishaupt og eksisterte for det meste i kurfyrstedømet Bayern til han vart forbode i 1784/85. Ordenen hadde mange kjende medlemmer, mellom anna Goethe og den store pedagogen Pestalozzi. Denne ordenen er grunnlag for ei mengd konspirasjonsteoriar, mellom anna at han fortsett og at han har spelt ei stor rolle i den franske revolusjonen, i kampen mot den katolske kyrkja og i kamp om verdsherrevelde.

At elitane herskar er ikkje samansverjing, men å vinne makt for seg sjølv. Her er nettverksbygging viktig, og til det høyrer at ein samlar seg relativt ofte, slik Trilateralen gjer, for å gjennomføre idémyldring under eksklusive vilkår. Det neste skrittet er at det veks bestemmingar ut av dette om korleis politikk og økonomi ideelt sett skal drivast i det transatlantiske området.

Apropos konspirasjonsteori. Det er eit omgrep som blir brukt i den politiske kampen. Det har ei lang historie som eit våpen som kan brukast mot kva som helst i propagandakampen mot andre. Omgrepet kKonspirasjon eller samansverjing opplevde ein politisk karriere særleg i USA på 1950-talet i Washington sin kamp mot indre politisk opposisjon i landet. Dei kalla dette ei kommunistisk samansverjing eller konspirasjon for å destabilisere landet slik at Sovjet-Unionen kunne overta makta der gjennom sine folk. Seinare blei det brukt mot alle forsøk på nasjonal frigjering frå USA-imperialismen over heile verda, og særleg i Latin-Amerika. CIA tok det særleg bruk etter at Kennedy blei myrda nett som han skulle halde en tale som gjekk mot interessene til det militærindustrielle komplekset i landet og folk begynt å leite etter korleis dette eigentleg hadde seg. Då blei alt som kom fram både av fakta og anna karakterisert som konspirasjonsteoriar. Og så blei det brukt mot leiarane av kampen mot Vietnamkrigen som blei karakterisert som Moskva-vennlege og som spreiarar av amerikafiendlege konspirasjonsteoriar. Vi kjenner lusa på gangen i dag også når nokon vil fortelje noko anna om verda enn dei atlantiske leiarane synast vi skal høyre. I dag trer dette fram i påstanden om at dei leiande media fortel sanninga og andre historier er konspirasjonsteoriar.

Den tyske medieforskaren Uwe Krüger ser det slik: «Det eigentlege problemet med desse nettverka i dei transatlantiske elitemiløa er eigentleg ikkje den moglege korrumpering og åndelege inkorporering av journalistar, sjølv om dette inntrykket lett oppstår i publikum og kan øydelegge tiltru. I røynda er det noko anna. Når det sit transatlantikarar i dei bestemmande postane i tyske redaksjonar, mens store delar av publikum i Amerika og NATO er kritisk innstilla, då manglar det moglegvis praktiske representantar som kan uttale og alternative perspektiv og identifikasjonar på høgt nivå.»[iii] Så langt Lüders.

For dei transatlantiske elitane er USA sitt herrevelde over verda det einaste som kan sikre ro og fred som gagnar deira interesser. Viss det amerikanske herreveldet glipp så blir det uro og vanskar. Dei framstiller sjølvsagt dette som noko allment, men det er ut frå interessene til dei leiande finansaristokratane i USA og deira følgjesvenner verda at det ser slik ut. Derfor meiner dei også at alle som fortel noko anna enn det som kjem frå mainstream media, som dei kontrollerer, fer med konspirasjonsteoriar. Dei er på sitt aller beste når dei klarar å manipulere den offentleg opinionen til også å tru på dette. Men i lengda er det som oftast slik at den sanninga om verda, som trass alle forskjellige tolkingar og fortellingar finnast, kjem fram. Då viser det seg ofte at det dei transatlantiske elitane har fortald oss, ikkje er rett, men berre noko som tener deira profittinteresser.

Før vi går vidare passar det med ein liten tur på enno eit viktig sidespor. Trilateralen blei oppretta same år som Romaklubben, som blei starta i 1968 i huset til David Rockefeller i Italia, gav ut si bok Limits to Growth, ein forløpar for den miljøpolitikken som storfinansen har ført sidan. Den skal samle alle menneske på tvers av klassegrensene  og statsgrensene til felles kamp for ein miljøpolitikk som garanterer storfinansens profittar, og som derfor i det vesentlege er miljøfiendtleg i tillegg til å vere menneskefiendtleg. Samfunnsklasser og nasjonar må underleggast ein verdsfellesskap styrt av finanskapitalens representantar. Under covid-politikken har fått sjå litt av korleis dei har tenkt at dette skal fungere. Politikken er blitt styrt av WHO som milliardæren Carnegie oppretta for å sikre god avsetning for sine medisinforetak og som Bill Gates i dag har kontrollen over. Etter covid kjem nok denne «miljøsaka» tilbake med full tyngd.

Meir om Brzezinski

Så skal vi tilbake til hovudsporet. Brzezinski sjølv er David Rockefeller sin protesjé (dvs. at han blir verna og beskytta av Rockefeller). Det er først og fremst dette som har gjort at familien Brzezinski har fått stor innflyting. Men i tillegg til dette er det andre saker. Kona Emilie er dotter av den omstridde tsjekkoslovakiske presidenten, Eduard Benes. Emilie og Zbigniev har tre ungar, Ian, Mark og Mika. Sønen Ian var ein av dei tilsette i Defense for European and NATO affairs under Donald Rumsfeld og støtta John McCain sitt presidentkandidatur. Så blei han stadfortredande statssekretær i Utanriksministeriet der han gjekk inn for at Kosovo skulle skilje seg ut av Jugoslavia, og at NATO skulle utvidast til og med Ukraina, pluss at det skulle utstasjonerast atomraketter i Polen.

Sonen Mark gjekk med i Barack Obama sin presidentkampanje og jobba med utanrikspolitiske spørsmål. Som NSC-direktør for Russland og partnar i firmaet McGuire Woods, som er basert i Washington og driv med rådgjeving til regjeringar, steig han, som anerkjend ekspert på Russland og eurasiske saker, opp i det nasjonale Sikkerheitsrådet under president Clinton. Han var i 2004 ein av drivkreftene bak oransje-revolusjonen i Ukraina. Begge presidentkandidatane fekk på denne måte Brzezinski-sønene som rådgjevarar, med faren i bakgrunnen som sjølv altså var ein heilt avhengig protesjé til David Rockefeller.

Dottera, Mika, blei politisk kommentator i MSNBC, den tredje største kanalen på det amerikanske kabelnettet, lokalisert i Rockefeller Building, der ho sørgde for å bidra til obama-manien ved intervju med Michele Obama under valkampen. Så har vi nevøen Mathew Brzezinski som er venn med representanten for den tsjetsjenske opposisjonen i USA, mens Zbigniew sjølv blei president for «Det USA-tsjetsjenske utval for fred i Tsjetsjenia» i 1999. Det er karakteristisk nok lokalisert i Freedom-House-anlegget.

President Carter, Brzezinski og Carter-doktrinen

Eg tar no eit sprang litt inn i tida med to supermakter og Den kalde krigen med dei «varme» krigane, Koreakrigen og Vietnamkrigen, som dei viktigaste aggresjonane frå USA. Då Jimmy Carter slo Gerald Ford i presidentvalet i november 1976, og var innsett i embetet i januar året etter, gav han ordre om ei fullstendig endring av den såkalla Single Integrated Operational Plan (SIOP) som er den overordna planen for kjernefysisk krigføring frå USA. Carter ville for det første ha eit alternativ til den politikken som forgjengaren hans hadde utforma og for det andre ville han at sikkerheitsrådgjevaren hans, Brzezinski, skulle lage ein systemanalyse som dekka alle politiske felt.

Den leiande militærstrategen i Brzezinskis stab var William E. Odom og han førte studien i pennen. Han skreiv at eit kjernefysisk angrep ville vere over på seks timar. Mellom kommando for å sette i gang angrepet med rakettar frå interkontinentale rakettar frå land og sjø, og til det var ferdig ville det gå tretti minutt. I dei neste fem og ein halv timane kunne USA sine bombefly gjere resten. Dette tydde at Sovjet ikkje hadde nokon reaksjonstid til å svare. Dette blei skrive ned i eit president-direktiv frå Carter.

Men etter strategiske vurderingar, og kunnskap om verknaden av kjernefysiske angrep på dette nivået, kom Brzezinski og Carter til at dette ikkje var vegen å gå. Dei ville i staden jobbe med ein avtale mot bruk at interkontinentale atomrakettar. For å svekke Sovjet-Unionen la dei derfor opp ein strategi for å svekke Sovjetimperiets svake islamske «buk» og oppmuntre og støtte fundamentalistiske muslimske rørsler i og rundt dei sørlege Sovjet-republikkane. Dette var eit trekk som har prega mange av USA sine aggresjonar heilt frå krigen mot Spania i 1898. Det er viktig å få andre til å slås for seg. Som ein del av dette opplegget underteikna Carter den 3. juli 1979 også eit direktiv for å gi hemmeleg støtte til motstandarane mot det sovjet-vennlege regimet i Kabul. Det var medverkande til at leiinga i Afghanistan bad Sovjet greip direkte inn der, rundt eit halvt år seinare, for å hindre at landet kom inn i USA sin interessesfære. USA starta då å føre våpen inn til motstandsgruppene der og samarbeidde med sikkerheitstenestene i Pakistan og Afghanistan for å utdanne Taliban-krigarar som skulle krige i Afghanistan. Osama bin Laden blei brukt og han og hans rørsle blei på mange måtar skapt her.

Like etter, 23. januar 1980, presenterte president Carter ein ny doktrine for Kongressen. «Alle forsøk frå ei framand makt på å ta kontroll over regionen ved Persiabukta vil bli sett på som et angrep på dei livsviktige interessene til USA. Slike angrep ville bli slått tilbake med alle middel, også militære.» Alle dei seinare presidentane brukte denne doktrinen i krigane sine i området. I tillegg til dei tidlegare kommando-områda som USA hadde oppretta, PACOM Stillehavskommandoen oppretta av Truman 1. januar 1947), EUCOM (Europakommandoen oppretta av Truman i mars 1947) og SOUTHCOM (Sørkommandoen oppretta kort etter Cuba-krisen, i juni 1963) føydde sikkerheitsrådgjevar Brzezinski til ein sentral USA-kommando CENTCOM, med stridskrefter som kunne mobiliserast rask (Rapid Deployment Forces). Denne kommandoen strekte seg frå Kaspihavet over Persiabukta til Afrikas horn og nådde i sør frem til den britiske øya Diego Garcia.

Viss vi tar eit sprang fram til i dag (februar 2022) og ser på innhaldet i den lange felleserklæringa frå Putin og Xi Jinping som blei offentleggjord etter møtet dei hadde i høve vinter-OL, så forstår vi at USA no har mist heile CENTCOM, førebels med unnatak for Den arabiske halvøya og Jordan, Israel og Libanon. Til og med Pakistan har lukka ned den siste amerikanske basen i landet. Det tyder at heile strategien som blei lagt opp på 1990- og 2000-talet er mislykka og at planen om å kontrollere Eurasia ikkje kan setjast ut i livet utan at USA får til eit regimeskifte  Russland som kan brukast som utgangspunkt for angrep på Kina. I Kina er regimeskifte enno mindre mogeleg, og Kina er også nyttigare for dei amerikanske oligarkane og forbrukarane. Men det som er nemnd her er det største tilbakeslaget USA nokon gong har opplevd og speglar av kor svekka landet i røynda har blitt når det gjeld økonomisk og politisk innflyting. Det einaste sterke kortet dei har att er våpen.

Alt i 1968 hadde amerikanarane forpakta Diego Garcia, som var ein naturlig base for flyvåpenet, og deportert innbyggarane der, som minner om den tida då dei fjerna indianarane frå sine området, sjølv om det her berre skjedde ved fordriving og ikkje folkemord. Frå denne basen kunne amerikanske bombefly nå alle område innan CENTCOM. USA sine geostrategiske mål blei med dette avslørt for heile verda. Vi ser at det var teoriane til Mahan, Mackinder og Spykman som samanfatta heilskapen i dei amerikanske oligarkane sin politikk, som blei følgt opp. På denne tida meinte amerikanarane meinte at det også var klart at Sovjet-Unionen hadde tapt kampen om verdsherreveldet, for dei var no stengd inne i det geografiske rommet sitt.

Men Brzezinski og Carter fortsette med det same. 25. juli 1980 underskreiv Carter president-direktiv (PD)-59 som lanserte ein ny kjernevåpen-strategi. No var første prioritet å slå ut militære mål, først og fremst sovjetiske kommandosentralar. Dette var først gong at det amerikanske militærapparatet fekk i oppgåve å føre ein lengre atomkrig. Å halde ut hadde no erstatta målet med rask øydelegging. Uthaldingsevne erstatta no minstekravet i staden for øydeleggingsevne som minstekravet for USA sine stridskrefter. Det har vore diskutert om dette direktivet, som blei laga over hovudet på utanriksdepartementet og CIA, var eit valutspel, eller noko reelt. Men i alle høve var det slik at det hadde opna for verkeleg å føre ein atomkrig i framtida.

Carter-doktrinen angåande Persiabukta leverte det teoretiske grunnlaget for alle dei kommande krigane i området som gav den amerikanske rustningsindustrien svære fortenester. Frå 1983 var det CENTCOM som sto for arbeidet i høve desse krigane.

Obama meinte at den neste presidenten, Ronald Reagan «kanskje var den største politikaren på denne tida»[iv]


[i] Stephen Gill American Hegemony and the Trilateral Comission, Cambrigde 1992, side 1.

[ii] Sitert etter https://www.deutschlandfunk.de/re-feudaliserung-und-privatiserung-der-macht.724.de.html?dram:article_id99848  (sletta lenke).

[iii] Uwe Krüger Mainstream. Warum wir den Medien nicht mehr trauen. München 2016, side 102.

[iv] Barack Obama The Audacity of Hope – Thoughts on Reclaiming the American Dream, 2006, side 369. Norsk utgave Mot til å håpe – Tanker om å gjenerobre den amerikanske drømmen, 2009, side 292  «Størst av alle (presidentane på den tida) fortonet kanskje Ronald Reagan seg.» Eg studerte nøye denne boka då ho kom ut under Obama sin først valkamp. Det var mange svært gode saker han reiste i boka som var glimrande og svært personleg skrive. Ei perfekt valkampbok som i ettertid har vist seg å vere ein av dei mest løgnaktige bøkene eg har lese.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.