Dei lange linjene i USAs geopolitikk 6

Kapittel i  ii iii  iv v  vi  vii  viii  ix  x  xi

USA sin bruk av muslimske jihadistar

Reagan var ein kompromisslaus antikommunist. Med dei nye Pershing II og Cruise Missiles håpte han å avgrense ein atomkrig til Europa og å kunne utføre eit effektivt avgjerande slag. Ved sidan av atomvåpen var det andre våpenet hans valdelege islamistar. Gjennom kontakt med Mohammed Zia ul-Haq og Hamid Gul i Pakistan klarte dei å få 100 000 islamistar gjennom Koran-skuler der dei blei opplært til jihad i Afghanistan. Den 27. mars underteikna han National Security Directive Number 16 (NSDD 166.)[i] Det gav ordre til forsterka støtte til Muhjahedin og avdekka det nye målet med den hemmeleg krigen i Afghanistan.

Ved hjelp av undercover operasjonar skulle dei sovjetiske troppane i Afghanistan bli tvinga til å trekke seg ut av landet. «Denne no mest opne støtte frå imperiet begynte straks med ein drastisk forsyning med militære middel – i 1987 steig det til 65 000 tonn i året saman med ein endelaus straum av spesialistar frå CIA og Pentagon som fór langs hovudvegen ved Rawalpindi i Pakistan reiste til dei hemmelege hovudkvartera til det pakistanske ISI. Der trefte spesialistane frå CIA agentar frå dei pakistanske hemmelege tenestene og hjelpte dei med planlegging av dei afghanske opprørane sine operasjonar.»[ii]

Amerikanske krigsskip peila inn to iranske passasjerfly med pilegrimar til Mekka og varsla at dei ville skyte den ned. Iran klaga og kalla det eit klårt brot på folkeretten, men eit år seinare, den 3. juli 1988 skaut USA sin kryssar, USS Vincennes,ned eit anna iransk passasjerfly med pilegrimar som flaug 10 000 meter over iransk havområde. Alle 275 pilegrimane blei drepne. Kapteinen på USS Vincennes fekk Legion-of-Merit-Orden for «ualminneleg pliktoppfyllande innsats» av George W. Bush.

I 1989 trekte dei sovjetiske troppane seg ut or Afghanistan. Men der var det no 100 000 vel utdanna jihadistiske krigarar. Desse brukte USA til undergraving i Afrika, Sør-Aust Asia, Sentral-Asia, i Nære Austen og på to hovudfrontar – på Balkan og i Tsjetsjenia. Mestedelen av Muhjahedin frå Afghanistan saman med leiarar som Schmil Bassayew og Ibn al-Chattab blei opplært i CIA-finansierte treningsleirar i Afghanistan og Pakistan. Dei blei sett inn i Tsjetsjenia for å få kontroll over ei viktig oljeleidning der. Seinare forsøkte England og USA å bruke dei for å få til opprør i Xinjiang og lausriving frå Kina. I april 1992 fekk dei til eit opprør i byen Baren som førte til 22 daude. Opprøret var leia av Free East Turkestan Movement, ein pan-tyrkisk rørsle med opphav i Kirgisistan og Kasakhstan. Medlemene var uigurar og kirgisarar som hadde blitt opplært og fått våpen av Muhjahedin frå Afghanistan.

I desember 1992 heldt National Congress of Turks of East Turkestan (Xinjiang) den først konferansen sin i Istanbul. Leiaren for konferansen var Isa Yusef Alptekin som hadde leia ein blodig uigur-opprør mot kinesarane i 1945, då kinesarane kjempa mot Japan. Alptekin sa til kongress-deltakarane at no når Sovjet-Unionen hadde falle så hadde tida for samanfall og oppløysing av det kinesiske imperiet komme og at dei venta hjelp frå vårt elska Tyrkia, dei nye republikkane etter Sovjet-Unionen, andre som hadde same religion og menneskeheita generelt, for å stoppa Kina. Det var nye opprør av same gruppa i 1997 og i 2009 då 10 000 militante jihadistar var jaga frå Pakistan av hæren der. 1000 av desse var uigurar og dei var då kjernen i terror-åtak i Urmqi, hovudstaden i Xingjian Uigur Autonome region der minst 156 menneske blei drepne og over 1000 såra.

 Så seint som i 2013-14 var det terror-angrep i Kina. 2014 var dei eit terror-åtak i Kunming i Kina den 1. mars der i underkant av eit dusin terroristar angrep folk på jernbanestasjonen med knivar og machetar og drap 29 menneske og såra meir enn 140. Angrepet blei utførd av islamistiske uiguriske krigarar frå al-Qaida sitt terror-nettverk. Mange av dei jihadistiske uigurane som var opplært i Pakistan og Afghanistan deltok også i krigen på Balkan og i krigen mot Assad i Syria. Då dei hadde tapt der kom fleire, som ikkje hadde flykta til Idlib, tilbake til Xinjiang og var ein sikkerheitstrussel der.

Alt dette er ein følgje av Reagan sin Afghanistan-politikk. Saman med resten av AKP var eg ein ivrig støttespelar til krigen mot Sovjet i Afghanistan. Det er ein av dei største tabbane eg har gjort. Men den gongen visste eg ikkje om det hemmelege spelet til USA i området. Det er akkurat som mange venstreorienterte folk har støtta krigen mot Assad i Syria og støttar USA sin marionett Zelenski i Ukraina. Likevel er deira feil større, for i denne krigen har det vore spreidd mykje opplysningar om USA, England og Frankrike sitt spel i her. Men dei som har støtta kampen mot ein Assad eller ein Zelenski har heller trudd på falske nyhende frå USA og England sine NGOar og deira systematisk oppbygde propaganda-grupper i området og elles.[iii]

Ny geo-strategisk situasjon

Berre nokre år etter at Sovjet-Unionen trekte troppane sine ut or Afghanistan gjekk heile unionen i oppløysing. Det var ei enorm svekking av den anti-columbiske rørsla i verda. Russland og nokre av dei tidlegare sovjetiske republikkane blei då i stor grad tatt over av rådgjevarar frå «Vesten», med sin nyliberale resept. Det førte til at dei som blei oligarkar tok mykje makt. Saman med utlendingane røva dei så landet som i løpet av vel eit tiår nærast blei sett tilbake meir enn eit halvt hundreår. Denne tida har vi ikkje fått vite så mykje som så difor har eg skrive ein lengre tekst om det.

Med dette var den geo-strategiske situasjonen i verda endra på drastisk vis og USA slo til for å utnytte dette på beste vis. Paul Wolfowitz som var stadfortredande forsvarsminister under Donald Rumsfeld, sette då høge mål for landet. 18. februar 1992 sette han i målet i det først utkastet til «Defence Planning Guidance, USA som den einaste supermakta i verda». New York Times fekk tak i dokumentet, som var hemmeleg, og offentleggjorde innhaldet den 8. mars 1992 under tittelen «Utdrag frå Pentagons plan: Hindre at ein ny rival kjem fram att». I hovudsak var innhaldet at verdssituasjonen hadde endra seg dramatisk sidan Sovjet-Imperiet hadde falle saman, og med det var kommunismen diskreditert som ein ideologi med verdsinnflyting. USA og dei alliert hadde også sigra over Irak i krigen der. Det viste USA sin styrke. Dessutan hadde det blitt oppretta eit integrert system der Tyskland og Japan var integrert i det amerikansk-leia sikkerheitssystemet og det var skapt ein «Fredssone». Det siste kravde at USA kunne vise til overlegenheit i våpenmakt.

Så var det viktig å sørge for at ingen fiendtleg makt fekk ei dominerande rolle i viktige regionar som Vest-Europa, Aust-Asia, området til det tidlegare Sovjet og Sørvest-Asia. USA måtte sørge for at den vestlege type demokrati og liberalistisk økonomi vann fram. Ein måtte finne fram til mekanismar som kunne skremme makter frå å få ei større regional og global rolle. Dei måtte også passe på at konfliktar blei løyst slik at dei verdiane som USA meinte dei stod for skulle haldast oppe. Alle stader på kloden der USA kunne bli utfordra måtte dei passe på at nøkkelregionar ikkje blei overtatt av ei fiendtleg makt. For å halde oppe sikkerheita i Europa fortsette NATO å vere det viktigaste instrumentet og ein avgjerande kanal for USA si innflyting i området. Så var det avgjerande viktig å utvide NATO og EU austover. Paul Wolfowitz understreka også at USA kunne bli tvinga til «forkjøpsangrep» for å hindre utvikling av masseøydeleggingsvåpen i fiendtlege statar.[iv] Her var dei altså tilbake til Truman sin roll back strategi. For det fine arbeidet med dette fekk Wolfowitz seinare posten som president for Verdsbanken.

Eksemplet Balkan

USA starta løynde operasjonar på Balkan seinast i 1994. Dette har dei også prøvd å halde skjult. Men oftast kjem sanninga fram etter kvart. På Balkan var taktikken å skape konflikt mellom dei kristelege serbarane og dei bosniske og albanske muslimane. Difor USA satsa til dømes på å bygge opp islamske brigadar i Bosnia. I 1994 sette president Bill Clinton i gong dei løynde operasjonane i Bosnia på oppmoding frå den utpeikte CIA-sjefen, Anthony Lake, og USA si utsending i Kroatia, Peter Galbraith, spelte, slik Los Angeles Times skreiv, «ei sentral rolle i høve den drastiske veksten av iransk innverknad i Bosnia» og at «Også andre muslimske statar var med på dette, saman med radikale muslimgrupper».

I 1997 offentleggjorde Det republikanske parti i Kongressen eit dokument der Clinton-regjeringa fekk framlagt at «dei hadde bidradd til å skape ein basis for militante islamistar i Bosnia». Noko som leidde til rekruttering av tusenvis av Muhjahedin frå den muslimske verda gjennom det såkalla «Militante islamske nettverk». «Mest urovekkande for SFOR-misjonen (Stabiliserings-styrkane) og, det som var viktigare, for tryggleiken til det amerikanske personalet som tente i Bosnia, var det at Clinton-regjeringa hadde vegra seg for å innrømme ovafor Kongressen og det amerikanske folk kva for rolle USA hadde spelt i leveringa av våpen frå Iran til den muslimskdominerte regjeringa i Sarajevo.»

Det vart prova at USA brukte islamske krigarar i Bosnia for sine geopolitiske mål, ved hjelp av humanitære og ikkje-regjerings-organisasjonar (NGOar), noko som i høg grad vart halde skjult for folka i Europa.

Engasjementet til Clinton-regjeringa når det gald å skaffe fram våpen for det islamske nettverket gjekk så langt at USA-tilsette sjølv utførte inspeksjonen av våpenleveringar frå Iran. The Third World Relief Agency (TWRA), ein halvhumanitær organisasjon i Sudan, hjelpte til med å skaffe våpen til Bosnia. TWRA skulle ha forbindingar til mesteparten av dei islamittiske terrornettverka, til dømes til sheik Omar Abdel Rahman (dømd som bakmann i angrepet på World Trade Center i 1993) og Osama bin Laden, ein velhavande saudisk emigrant som skal ha finansiert ei rekke militante grupper.»[v]

Hovudlinjer i USA sin utanrikspolitikk etter 7/11

Det var ikkje tilfeldig at boka til Mackinder vart gitt ut att av militæret i USA i 1996. Det hadde då for det første skjedd ei svært stor geo-politisk endring i verda. Sovjet-Unionen gjekk i oppløysing i 1991. Så hadde Kina opna mykje meir for utanlandske investeringar på denne tida. Det gjorde at herskarklassen i USA såg nye sjansar til å få kontroll med heile det eurasisk kontinentet. Vi fekk sjarlatanen Fukyama med sin påstand om at vi no hadde komme inn i ein slags tilstand der historia var slutt og der vi med Hegels ord hadde fått ein varig «universell, permanent kapital».

Det var då Zbigniev Brzezinski arbeidde med si bok, The Grand Chessboard, 1997 der han la fram ein strategiplan som USA faktisk har prøvd å følgje stort sett fram til i dag, men som altså har fått store tilbakeslag. Han tar då utgangspunkt i Mahan og Mackinder sine teoriar samt utviklinga av desse.

Out-of-area for NATO

Før eg går vidare til Brzezinski skal eg berre kort nemne nokre viktige trekk av USA sin folkerettsstridige utanrikspolitikk under og etter bombinga av Serbia i 1999. Denne bombinga var del av ein større strategi, som eg kjem tilbake til. Men han blei lagt fram fem dagar før bombinga i form av Lova om Silkevegstrategien som gjekk ut på at USA skulle ta kontroll over ein brei korridor frå Middelhavet til Sentral-Asia. Dei landa som lova galdt var Armenia, Aserbajdsjan, Georgia, Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan, Turkmenistan og Usbekistan. Det er også verd å merke seg at Xinjiang var eit viktig område på Silkevegen. 

Loven blei oppdatert i 2006 og USA har prøvd å følgje han sidan. Alle geostrategiske hendingar frå 1999 og frametter må vi sjå i lys av strategien som styrte den lova og at eit av USA sine mål heile tida har vore å ta hegemoni i heile silkevegområdet. Likevel vart dette ein fiasko. Etter at USA hadde fått oppretta militære basar i fleire av desse landa var dei alle ute att før 2015.

9/11

Så må vi nemne 9/11. Dette førte til ei ny utvikling av USA sin strategi for å herske over verda som den einaste supermakta. USA si rolle blei no å vere klar til innsats over store delar av verda. Under president George W. Bush kom Wolfowitz tilbake i staden for Donald Rumsfeld. Under valkampen i 2000 hadde Wolfowitz fått laga eit nytt strategisk dokument for the New American Century med tittel Rebuilding America’s Defenses. Strategy, Forces and Resources for a New Century. Robert Kagan frå Carnegie Endowment for International Peace og William Cristol frå The Weekly Standard fekk jobben med å utforme ein politikk ut frå at USA skulle vere tydeleg overlegen i høve til alle andre statar.

Det var ikkje så lett å få alle med på dette. Heller ikkje dei europeiske NATO-allierte som då måtte finne seg i at USA blei permanent på Balkan til dømes. Målet til USA-leiarane ville kunne ta lang tid å oppnå. Derfor skreiv dei i dokumentet sitt: «Omformingsprosessen vil sannsynlegvis bli ein langvarig prosess […] unnateke om vi fekk ei katastrofal, katalyserande hending – som eit nytt Pearl Harbour.»[vi]

Same dag som terrorangrepet på World Trade Center i New York og mot Pentagon 11. september 2001 snakka George W. Bush om ein «krig mot Amerika» og forkynte at regjeringa ikkje ville skilje mellom terroristane og deira hjelparar. Sjølv om terroren føreset ein statleg motstandar for å erklære krig så skreiv Bush, i følgje Washington Post, i dagboka si at no «skjedde det 21. hundreårets Pearl Harbour – vi trur det var Osama bin Laden».

Med oppløysinga av Sovjet-Unionen og den «Pearl Harbour»-liknande hendinga mot World Trade Center hadde USA fått eit påskott til å sette politikken sin for full verdsdominans raskt ut i livet. Frå denne dagen var USA i krig mot terror. Det vil seie at terror som vanlegvis skal handsamast av det nasjonale politiet, blei eit påskott for å krige mot alle statar, organisasjonar og personar der USA fann det passande.

President Obama følgde opp denne linja og skreiv om korleis han ville ordne det i praksis alt under valkampen i boka Mot til å håpe. Der gjekk han inn for større krigsbudsjett og styrking av militæret så dei kunne bli sett inn alle stader der terrorismen truga. Historikaren Tony Judt skreiv at denne strategien ikkje ville lukkast fordi det var noko amerikanarane ikkje hadde skjøna – kor provinsielt USA var. Han peika på at USA ikkje visste korleis resten av verda såg på dei. Dette ville føre til at USA forstrekte seg på stadig farlegare vis og dei ville ikkje kunne klare å bygge eit imperium som kunne vare.[vii] I følgje Judt kunne USA berre føre krig eller true med krig, same kven det var mot. Denne avgrensinga kjende korkje der romerske eller britiske imperiet.

Eit tydeleg teikn på at Judt har rett er den enorme militærbasen, Camp Bondsteel, som USA bygga i Kosovo. Under bygginga, den 24. juli 2001 vitja president Bush basen og understreka kor viktig basen var: «Vi strevar etter ei verd med toleranse og friheit. Frå Kosovo til Kashmir, får Midt-Austen til Nord-Irland er friheit det definerte målet for vår verd. Og å tene det setter her eit døme for heile verda.»[viii] Willy Wimmer, forsvarspolitisk talsperson for CDU/CSU frå 1985 til 1992, skreiv i eit brev til Kanslar Gerd Schröder i høve Konferansen i Bratislava 2001, som drøfta felles utviding av NATO og EU austetter: «Den amerikanske sida synst, medvite og med vilje, i global samanheng, og for å nå sine mål, å ville oppheve den internasjonale rettsordninga som har blitt utvikla gjennom to krigar i førre hundreåret.»[ix] Det han viste til var sjølvsagt USA si regelordna verd.

Arktis

Etter dette følgde den historia som no har enda i Ukraina. Eg skal ikkje gå gjennom det nett her, men trekke fram noko som er interessant for Norge, nemleg USA sine planar for Arktis. USA erklærte seg som «arktisk nasjon» i president Georg W. Bush sitt president-direktiv 66 av 9. januar 2009. Her står det at «USA har store og grunnleggande nasjonale sikkerheitsinteresser i Arktis» og under «implementering» sto det at «for å sikre USAs interesser må USA sørge for eit suverent USA-nærvær på sjøen i Arktis.[x] Grunnen til dette var klimaendringar som gjorde området meir interessant både som sjøfartslei og som område for å hente ressursar. EU-kommisjonen skreiv også at Arktis, på grunn av dei store olje- og gassressursane, kunne betre energisituasjonen i Europa monaleg.[xi] Det kan jo her passe å minne oss på at Russland har meir enn 50 % av landområdet som grensar til Arktis og nett på den sida der sjøfart er mest aktuelt. NATO-militærøvingar nord i Norge, Sverige og Finland er mellom anna innretta på desse måla til USA og EU. Store flyøvingar som kjem berre fem minutt frå St. Petersburg har funne stad. Basar i Norge står klare til å ta imot krigsfly frå NATO. Dei nye basane som USA vil ha i landet går inn i denne aggressive strategien mot Russland. NATO-medlemsskap for Sverige og Finland vil vere ein del av USA sin politikk for å erobre hegemoni også over sjørutene i Arktis

Litt om Obama

Eg skal heller ikkje sei så mykje om tida under president Obama her, men berre slå fast i tillegg til alle krigane han starta og dronedrapa, så bygde USA, under han, opp styrkane sine mykje i Stillehavet etter kvart som Kina utvikla seg til ei økonomisk stormakt. Han lurte også land i den islamske verda opp i stry. Først blei det planlagd regimeendring i Iran, så blei det bestemt at Gadaffi skulle styrtast i ein felles appell frå Obama, David Cameron og Nicolas Sarkozy i Washingon Post, Times og Le Figaro.[xii] I Syria væpna og finansierte CIA og USA-allierte som Qatar og Saudi-Arabia islamistiske ekstremistar som så blei kjende som Daesh (IS) eller Al-Nusra-Fronten. Rundt 40 statar finansierte IS sin terrormilits.[xiii] Til slutt berre nemner eg førebels det USA-støtta kuppet i Ukraina og samarbeidet med nazistane der for å gjennomføre det og gjere det umogleg for folka aust i landet å vere ein del av Ukraina. Folka på Krim-halvøya ville heller ikkje inn under det nye styret, og valde å slutte seg til Russland. Då kjem eg tilbake den toneangjevande geo-strategen Brzezinski.

The Grand Chessboard

Vi skal nå gå til The Grand Chessboard, 1997, ny utgåve med etterord av Brzezinski i 1916. Den tyske utgåva kom i 1999 med tittelen Die einzige Weltmach. Eg nemner den fordi dei der har ei innleiing som samanfatter forfattarens prosjekt.

«I ein strålande strategisk analyse forklarer Brzezinski kvifor amerikansk hegemoni er føresetnaden for fred, velstand og demokrati i verden, og korleis Amerika må oppføre seg for å kunne for å halde oppe posisjonen sin som ei verdsmakt.»

Med dette kan vi med ein gong sjå kvifor alle Brzezinskis analyser må vere feil. Føresetnaden for fred, velstand og demokrati i verda er nemleg avhengig av at USA ikkje dominerer verda. Dette har den alliansefrie rørsla, som no har 120 medlemsstatar og fleire venlege observatørar som Kina, sagt sidan ho blei oppretta i Beograd i 1961. Kva er de Brzezinski har oversett? Jau, det er den mørke undersida av det amerikanske demokratiet. Det dekker jo over en realisme med folkemord, slaveri, rasisme og utbytting.

Likevel er det viktig å sjå på teoriane hans fordi dei på mange måtar samanfattar dei amerikanske herskarane sin politikk. Brzezinski var ein tilhengar av Mackinder sine analyser og teoriar. Han meinte at USA måtte hindre at det utvikla seg ei makt på det eurasiske kontinent som kunne utfordre USA sin globale maktstilling. Han hadde ein idé om at berre USA kunne hindre at det utvikla seg eit kaos i dette området. Difor såg han på Eurasia som eit sjakkbrett der den globale kampen om leiinga i verda sto. Det var grunnleggande å halde på Europa som «Amerikas uunnverlege bruhovud på det eurasiske kontinent.»[xiv]

Det Brzezinski ønska var å få til eit samarbeid mellom Europa, Russland, Kina og gjerne Iran under USA si leiing. For å klare dette måtte ein hindre at det vaks fram statar i Eurasia som kunne true USAs hegemoni der. Då han skreiv boka i 1997 rekna han med at dette kunne gå ganske greitt. Grunnen til det var at Sovjet-Unionen var oppløyst og USA hadde stor makt i Russland og hadde etablert seg i dei tidlegare sovjetrepublikkane i sør. Samtidig såg det då ut til at Russland ville bruke lang tid på å reise seg som ein stormakt att, om dei nokon gong kom til å klare det. I tillegg meinte han at Russland under Jeltsin ville være open for det nyliberale systemet som USA og andre vestlege land, som USA kontrollerte, jobba med å innføre der. Dessutan var den økonomiske utviklinga i Kina komme ganske kort, USA hadde eit godt forhold til landet, noko Brzezinski hadde jobba for, og landet hadde opna opp for utanlandske investeringar.

I boka slo Brzezinski fast at Vest-Europa og i aukande grad Mellom-Europa i høg grad hadde blitt eit amerikansk protektorat der dei allierte statane minner om vasallar og tributtpliktige og at Japan var eit amerikansk protektorat. Så skal eg gå inn på nokre detaljar i strategien hans som har fått store følgjer og har det den dag i dag, sjølv om Brzezinski sjølv har kome med andre tankar seinare.

USA – eit hegemoni av ein ny type

I The Grand Chessboard begynner Brzezinzki med å skissere hovedtrekk i USA sin ekspansive historie til det vart den einerådande supermakta frå 1991 då Sovjet-Unionen gjekk i oppløysing. Det gjorde det mogleg å bli eineherskar over eit globalt imperium, det første av denne typen i historia til alle dei store imperia i verda. Så går han over til å skissere historia til dei andre store imperia i verdshistoria. Han skriv at Amerikas globale leiarrolle på nokre vis minner om tidlegare imperia, sjølv om dei ikkje var så store om USA sitt. Desse imperia sikra makta si gjennom eit hierarki av vasallar, tributtpliktige, protektorat, koloniar, mens dei såg på dei utanfor imperiet som barbarar. Så går han nærare inn på  organiseringa av det romerske imperiet. Det vaks gjennom 200 år ved utviding av territoriet nordetter og så både vestetter og søraustetter og ved effektiv maritim kontroll over heile kystlinja rundt Middelhavet. Roma sjølv var eit einskapleg politisk område og ein sjølvforsynt økonomi. Imperiemakt blei utøva medvete og målretta gjennom eit komplekst system av veger og sjøleier som gjekk ut frå den viktigaste byen, hovudstaden Roma, og som gjorde det mogleg å omdisponere og konsentrere dei romerske legionane som var stasjonert i vasall-statane og tributt-provinsane. På si høgd var talet på legionærar stasjonert utanfor landet ikkje meir enn 300 000 mann som var desto meir daudelege ut frå kor overlegen dei var på grunn av taktikken sin og våpenkrafta og senteret si emne til dirigere dei relativt hurtig omgruppering.

Så føyer han til at Roms overherredømme også hadde ei anne kjelde, nemleg ein strategisk realitet Civis Romanus sum. Eg er ein romersk borgar var den høgast moglege sjølvdefinisjonen, ei kjelde til byrgskap og noko å strekke seg etter for mange. Det var ein opphøgd status til det romerske imperiet som rettferdiggjorde imperiemaktas oppfatning av ein misjon. Det gjorde det lettare for dei rundt, ikkje berre å underlegge seg imperiet, men også bli ein del av det.

Denne makta varte i tre hundre år. Så lenge imperiet klarte å halde oppe sin indre livskraft og einskap kunne ikkje verda utanfor konkurrere. Det var tre hovudgrunnar til at imperiet fall saman. For det første blei det for stort til at det kunne bli styrt frå eit senter. For det andre førte ein lang periode av hybris til ein hedonisme som gradvis saug ut den politiske eliten si vilje til stordom. For det tredje var det og ein varig inflasjon som undergrev systemet sin kapasitet til å hald seg opp utan sosiale offer som borgarane ikkje lenger var villige til å gjere.

(Som historikar må eg vel seie at det er fleire viktige grunnar til at imperiet fall saman, enn det Brzezinski her regnar opp. Det har først og fremst å gjere med med utviklinga av dei forskjellige klassane i Roma, men nok om det. T.V.)

Han ser på fleire store riker og ein av observasjonane hans er at mest alle desse store imperia hadde eit særskild syn på seg sjølv som noko spesielt som gjorde dei overlegne ovafor dei som var utanfor imperiet.

Det undra meg kanskje litt at han ikkje nemnde kong Kyros som skapte det store persiske imperiet på 500-talet før vår tid. Nokon meiner at han vart mønsteret for alle seinare imperiebyggarar og ein sentral side ved imperiet hans var at det var så stort at han ikkje kunne styre det med eigne middel. Difor kjøpte han opp stormenn i forskjellige delar av riket og sette dei som styrarar. Oppgåva deira var å krevje inn skatt og hindre og/eller slå ned opprør. Det var starten på dei som seinare vart kalla satrapar. Men Kyros skal jo ha vore ein av inspiratorane for dei som skreiv den amerikanske fridomserklæringa og grunnlova der, med demokrati og likskap mellom menneske som grunnlag.

Columbismen

Så set Brzezinski eit skilje ved Columbus og seier at frå 1492 klarte folk  frå den vesle ytre delen av det eurasiske kontinentet, med eit relativt lågt folketal, å vinne verkeleg global dominans ved hjelp av sjømakt. Her omtalar han starten på det eg har kalla den columbiske epoken, med omgrepet columbismen for ideologiar, metodar og kva helst anna som blei brukt for å vinne og halde på denne globale dominansen. Han gjennomgår så korleis forskjellige statar til forskjellige tider hadde leia arbeidet med å legge under seg stadig større delar av verda. Han meiner at Frankrike var dominerande etter Spania, Portugal. Hadde Napoleon sigra i krigstoga sine kunne Frankrike ha blitt dominerande på kontinentet og dermed kunne denne staten ha vorte ei dominerande global makt. Men han tapte og frå 1815 tok England den rolla fram til 2. verdskrigen. Sjølv meiner eg  no at dei eigentleg vann han under 7-årskrigen 1756-1763. Napoleonskrigen var meir et mellomspel før det vart heilt klart.

Men sjølv ikkje England hadde verkeleg global makt. Dei hadde ikkje hegemoni i Europa, men klarte å halde ein maktbalanse der. Opp mot dette ser han at utstrekninga og omfanget og gjennomtrenginga av den amerikanske global makta i 1997 som eineståande. Grunnlaget for dette var for det først materiell ved at USA sto for 50 % av verdas brutto nasjonalprodukt like etter 2. verdskrig, mens det seinare hadde stabilisert seg på rundt 30 (fram til 1997). Ingen andre statar hadde vore i nærleiken. Og enno viktigare, USA hadde vore i spissen for den vitskaplege utviklinga i verda, noko som han meinte kom til å vare lenge. Kort sagt, skriv han, var USA overlegen på dei fire avgjerande områda når det gald global makt: militært, økonomisk, teknologisk og kulturelt.

Ein kommentar kan vere på sin plass her. For det første er dei fleste seriøse militæranlytikarane i dag samde om at Russland har opparbeida eit stort forsprang på USA i rakett-teknologi, så det militære forspranget er ikkje så sjølvklart lenger. For det andre er det økonomien. I 1998 var BNP i USA 9 milliardar dollar. Då var BNP i Kina i nærleiken av 1 milliard dollar. I 2020 var BNP i USA rundt 21 milliardar dollar medan BNP i Kina var over 14 milliardar dollar. Det er litt over ei fordobling i USA og ein auke på 14 gongar i Kina. Målt etter kjøpekraft var BNP for USA i 2020 på 15,8 milliard dollar og for Kina på 18,3 milliard dollar. Industriproduksjonen var i USA i 1997 på litt under 1,4 milliardar dollar og i 2019 på 2,3 milliardar. Industriproduksjonens del av BNP var på 16 % i 1997 og på 11 % i 2019. For Kina finn eg først tal frå 2003. Då var industriproduksjonen på 626 millionar dollar. I 2020 var han på 3,9 milliardar dollar. Dette er ein gigantisk auke på svært kort tid – berre 17 år. Industriproduksjonen var då på vel 26 % av BNP. Det tyder at Kina er ein industriell gigant ved sidan av USA. For det tredje har no Kina ein innsats på det teknologisk-vitskapelege feltet som langt overgår det USA satsar. For det fjerde har glansen av den amerikanske kulturen bleikna kraftig dei siste tiåra. Dette vil sette Brzezinski sine analysar i perspektiv og seier meir om det strategiske styrkeforholdet i verda enn mykje anna.

Så meinte han at USA si globale makt blir utøvd på ein særskild amerikansk måte som er eit spegelbilete av USA sine eigne erfaringar med pluralismen både i samfunnet og det politiske systemet. Her ser vi att korleis han skjuler den mørke aggresjons- og folkemordsida. Det er den grunnleggande veikskapen i analysane hans og i heile den amerikanske utanrikspolitikken. Denne sida må dei halde skjult for at ikkje USA skal bli avslørt som verdas mest aggressive stat. Dei har eit enormt propaganda-apparat som jobbar heiltid med det. Difor er om lag alt som kjem gjennom dette apparatet, villeiande. Og difor klarer dei ikkje å sjå røynda i verda, noko dei også hindrar vasallane og gjere. Men utanfor denne avlukka verda ligg omlag 150 andre land som ser den inngrodde rasismen i USA og USA sin enormt skadelege økonomiske politikk i dei landa dei tar kontroll med, og etter innmarsjen i Kongress-bygninga i Washington har også trua på at USA har noko godt politisk system bleikna mykje. Dessutan veit heile verda at dei såkalla folkevalde i USA er oppkjøpt av dei store finansføretaka og det militær-industrielle-mediale kompleks. Kort sagt USA er ikkje noko å trakte etter lenger.


[i] Avklassifisert 22. april 2010.

[ii] Steve Coll The Washington Post, 19. juli 1992.

[iii] Opplysningane om USA sin bruk av Mujhedin er i hovedsak tatt frå Wolfgang Effenberger Geo-Imperialismus Die Zerstörung der Welt, 2016, frå EIR nr. 16, 12. april, 1996, «Pan-Turks target China’s Xinjiang», frå EIR 14. mars 1997, «’Uighur-Card’ used to break up China, frå EIR 13. juli, 2009, Asia NEWS digest «Xinjiang Riots: British Destabilization of Asia, og EIR Ivestigative Team 18. april, 2014, «Xinjiang’s Uhigur Jihadists and the Wahabi Empire of al Qaeda».

[iv] Sjå https://www.hsfk.de/fileadmin/HSFK/hsfk_downloads/report0704.pdf En tysk studie av Paul Wolfowitz og hans politikk frå Hessische Stiftung – Friedens- og Konflikt-Forschung

Max Lenz/Erich Marcks Das Bismarck-Jahr, 1915

[v] Pressemelding frå Kongressen, Republikanarane sin partikomité (RCP), U.S. Congress: «Clinton-Approved Iranian Arms Transfers Help Turn Bosnia into Militant Islamic base», Washingon D.C.,; sjå og Washington Post, 22. september 1996 og Shay: Islamic Terror, 2009, side 172, fotnote 22.

[vi] Effenberger viser til denne lenka www.newamericancentury.org/RebuildingAmericasDefenses.pdf (avklassifisert 15. november 2008) men ho finnast ikkje lenger så dokumentet kan du finne her https://archive.org/details/RebuildingAmericasDefenses . Historia til dokumentet og ei kritisk vurdering kan du lese her: https://www.antiwar.com/orig/stockbauer1.html

[vii] Tony Judt i Standard-intervju: «USA trur at alle vil vere som dei.» 2. oktober 2002.

[viii] President Bush den 24. juli på Camp Bondsteel, på http://www.whitehouse.gov/news/releases/2001/07/20010724-1.html 23. juli 2008. Denne lenken fører heller ikke frem til rett sted, men du finner det her: https://edition.cnn.com/2001/WORLD/europe/07/24/bush.speech/index.html

[ix] Effenberger/Wimmer: Wiederkehr der Hasardöre, 2014, side 548.

[x] National Security Presidential Directive and Homeland Security Presidential Directive, 9. januar 2009: http://www.fas.org/irp/offdocs/nspd/nspd-66.htm

[xi] Melding frå Kommisjonen til Europaparlamentet og Rådet: DenEuropeiske Union og Arktis, KOM (2008) 763 endelig, Brüssel, 20. november 2008, side 7.

[xii] Effenberger: Das amerikanische Jahrhundert, del 2: Wiederkehr des Geo-Imperialismus, side 237.

[xiii] Friederike Beck: «Wer finanziert den IS?, i Kopp Online, på info.kopp-verlag.de/hintergruende/geostrategie/friederike-beck/wer-finanziert-den-is.html (halde 23. april 2016.) Fant ikkje denne sida.

[xiv] Zbigniew Brzezinski Die einzige Weltmacht, 2001, side 91. Dette er den tyske utgåva av The Grand Chessboard, 1997.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.