USA sitt folkemord på Filippinane – rundt 1900

Columbismen i historia

Den store geografen, Halford MacInder, skreiv i 1904 ein artikkel i The Geographical Journal, 1904, 23, sidene 421–37, med tittelen The geographical pivot of history. Det han ville vise, ut frå geografiske og transportøkonomiske moment, var at verda utvikla seg slik at eit kjerneområde rundt Russland ville bli det dominerande maktområdet i verdshistoria fordi fordelen med den maritime makta ville minke over tid. Og han avsluttar artikkelen sin med å seie at viss dette området også laga ein allianse med Kina, så ville det auke makta til desse geografiske områda svært mykje, fordi dei i tillegg til å vere eit dominerande kontinentalt område også ville få tilgang til det maritime området. Elles var Mackinder sjølv ein ihuga columbiar og engelsk imperialist.  Han deltok ivrig i arbeidet med den engelske invasjonen i Russland etter Oktoberrevolusjonen for å støtte dei russiske jordeigarane og deira reaksjonære offiserskorps på rundt 130 000 personar med å bygge opp hærstyrkar som skulle knuse det russiske forsøket på å bryte ut av den columbiske sfæren.

Etter denne viktige digresjonen kjem eg til poenget mitt i denne samanheng. Heilt i starten på artikkelen, skriv MacInder følgjande: “When historians in the remote future come to look back on the group of centuries through which we are now passing, and see them foreshortened, as we to-day see the Egyptian dynasties, it may well be that they will describe the last 400 years as the Columbian epoch, and will say that it ended soon after the year 1900.”

Omsett blir det omlag slik: “Når historikarar i fjern fortid kjem til å sjå tilbake på den gruppa av hundreår som vi nå går gjennom, og ser dei i perspektiv, slik vi i dag ser dei egyptiske dynastia, kan det godt hende at dei vil beskrive dei siste 400 åra som den Columbiske epoken, og vil seie at den tok slutt kort etter år 1900.”

Eg har adoptert omgrepet den columbiske epoken, men definerer han annleis enn MacInder. Han meiner at denne epoken tar slutt rundt 1900 fordi han tar utgangspunkt i at Columbus var ein oppdagar. Og i 1900 var heile verda oppdaga. Dermed var oppdagingsepoken slutt.

Eg ser på Columbus som ein erobrar og folkemordar som innleia den erobringa, det folkemordet og røveriet og den utbyttinga over heile den ikkje-columbiske verda som dei kvite europearane utførte etter Columbus. Ved bruk av desse verksemdene kunne dei føre verdiar frå heile verda inn i sitt eige område og det gjorde at dei etter kvart kunne opprett verdsdominansen sin. Det vart fullbyrda rundt 1800, då England steig fram over Kina som den mektigaste og rikaste makta i verda.

Ut frå mi oppfatninga har dei leiande columbiske statane, i kronologisk rekkefølgje, vore Spania og Portugal, Nederlanda, England, Frankrike, Tyskland, og USA, med dei to første, pluss England og USA som dei viktigaste. Elles har heile det vi ofte kallar den «vestlege» verda vore med på den columbiske sida.

Elles er det og interessant å merke seg at MacInder meinte at når den columbiske epoken var slutt så ville ikkje dei som hadde makt over hava, men dei som hadde makt over det eurasiske kjerneområdet stige fram som maktsenteret i verda på grunn av utviklinga av landverts kommunikasjonar. Dette området meinte han ligg omtrent der du finn Russland i dag. MacInder meinte og, som sagt, at dersom dette området slutta seg saman med Kina så ville det auke makta si svært mykje, fordi det då ville kunne bli ei maritim makt i tillegg til ei kontinental.

Ut frå min definisjon av den columbiske epoken ser vi at han ikkje tok slutt rundt 1900, men at han ser ut til å ta slutt no med framveksten av eit enormt maktsenter i Kina og elles i Asia. Det gjer at dei «kvite» maktene sin verdsdominans står for fall. Det er ei enorm verdshistorisk endring. Viktige nye opplysningar om dette finn du i Peter Frankopan, The New Silk Roads (2018) , og Parag Khanna, The Future is Asian (2019).

Det er viktig å avsløre kor brutal den columbiske epoken har vore og kor umenneskeleg og urettferdig dei «kvite» herskarane har behandla dei ikkje-columbiske folka. Då kan vi også skjønne litt meir av mange ytringar av motstand og kamp mot columbiarane som vi og ser no og vil sjå frametter. Eit slikt eksempel er USA sitt folkemord på Filippinane. Det er lite kjend. Eg vil no gå inn på forhistoria og historia om dette.

Viss du googlar “Americans in the Philippines” og følgjer opp lenkjene der, finn du svært mykje om kor godt tilhøve USA har til dette landet. Wikipedia sine artiklar om emnet står fram som utilslørt proamerikansk propaganda. Under «Philippine-American War» finn du fleire detaljar om det som skjedde, men nyare undersøkingar har avdekka at det USA gjorde på Filippinane i høve denne krigen som varte frå 4. februar 1899 til 2. juli 1902, var mykje verre.  Saka er at dette er eit av dei blodigaste kapitla i USA-imperialismens historie. Og det seier ikkje lite. Samstundes vil vi finne at spor av dei grunnleggande metodane som USA har brukt i regimeendringar heilt fram til no. Men la oss først gå til Cuba som er utgangspunkt for det heile.

Den columbiske makta USA mot Spania på Cuba

Dette var ein del av USA sitt definitive gjennombrot som imperialistisk stormakt som følgde den Amerikansk-spanske krigen i 1898. Her gjekk USA til krig mot Spania sitt herredøme på Cuba for å hjelpe cubanske opprørarar med å fri landet frå utanlandsk dominans. Då hadde det lenge vore motstand mot Spania på Cuba. Mellom 1868 og 1878 var det til dømes ein ti års frigjeringskrig som Spania vann. Frå 1895 leidde også den berømte revolusjonære, José Martí, nokre grupper som reiste inn på Cuba for å starte eit opprør. Det lukkast ikkje, men førte til ein periode med geriljakrig. Etter kvart sette Spania inn harde tiltak for å kvele opprøret. Det blei mellom anna oppretta konsentrasjonsleirar for dei som kunne stø opprørane. Dette førte etter kvart til ei stemning i USA for å hjelpe dei til å kaste ut Spania for å få stabile tilhøve for amerikansk kapital som hadde store interesser på øya.

Den direkte opptakten til krigen mellom USA og Spania og resultatet av krigen er svært likt det som elles har skjedd i liknande tilfelle rundt om i verda. Etter ein eksplosjon om bord eit amerikansk krigsskip, som låg ved hamn i Cuba, skreiv dei store presseorgana eigd av Hearst og Pulitzer, og som kom ut i New York, at Spania hadde skulda. Dei laga emosjonelle og sterkt farga reportasjar om kor fæle spaniarane var. Nokre av desse bygde på fakta, men var vinkla for å piska opp stemninga mot Spania. Andre var oppdikta. Men president McKinley i USA brukte artiklane som eit påskott til å starte krigen. Spania tapte etter ti vekers kamp. Resultatet blei at USA i praksis overtok som dominerande makt i landet.

Etter at Spania hadde tapt krigen blei det i desember 1898 inngått ein fredsavtale i Paris mellom USA og Spania der USA fekk herredøme over Puerto Rico, Guam og Filippinane.

USA mot Filippinane

Så skal vi sjå litt på kva som skjedde på Filippinane. Som på Cuba, var det og fridomsrørsler mot Spania på desse øyane. Nasjonalhelten José Rizal starta ei protestrørsle som gjekk inn for omfattande reformer i landet og etter kvart gjekk det over i det som vart den filippinske revolusjonen. Den enda med eit slags kompromiss der nokre krav blei godtekne og dei revolusjonære leiarane fekk amnesti mot at dei gjekk i eksil.

Amerikanarane var også her og starta krigen mot Spania 1. mai 1898. Her var det mykje rivalisering mellom stormaktene om kven som skulle dominere området. På eit tidspunkt låg det flåtestyrkar frå England, Frankrike, Tyskland og Japan på Manila hamn. Tyskland var svært interessert i å vinne hegemoni. Men amerikanarane trua med meir omfattande konflikt og tyskarane trekte seg ut.

Den amerikanske admiralen, Dewey, fekk så tak i ein filippinsk revolusjonær, Emilio Aguinaldo, og sette han i land på Filippinane. Han samla fleire av opprørsgruppene og fekk kontroll over store delar av øyane. 9. juni 1898 kunne han proklamere Filippinane som uavhengig stat.

Det blei så inngått ein fredsavtale mellom USA og Spania 12. august 1898. Dagen etter erobra den amerikanske styrken Manila. Dei skal ikkje ha visst om fredsslutninga. Gjennom internasjonale forhandlingar blei det, utanfor Filippinane, bestemt at USA skulle halde landet okkupert og dette blei stadfesta i Paris-avtalen 1. desember 1898. Men opprørsrørsla på Filippinane som hadde erklært ein sjølvstendig stat, ville ikkje godta Paris-avtalen.

USA sette då i verk okkupasjonen sin og overtok dei spanske kommandopostane på Filippinane. Den nye Første filippinske republikk motsette seg dette og den Amerikansk-filippinske krigen starta i 1898. Filippinarane såg på denne krigen som ei fortsetting av fridomskampen mot spaniarane, mens USA sjølvsagt sa at det var ein oppreist mot deira lovlege okkupasjon, som var støtta av det som var det «internasjonale samfunnet» på den tida, nemleg dei som skreiv under på Paris-avtalen. Dette minner jo litt om den gangen Norge blei gitt til svenskekongen etter Napoleons-krigane. Og vi kjenner att mykje av dette i det som har skjedd i Afghanistan og Syria.

USA hadde på denne tida annektert eit stort landområde, New Mexico, frå Mexico i 1848 og i 1898 annekterte dei den sjølvstendige staten Hawaii. Texas, som faktisk var ein sjølvstendig stat, tok dei i alt 1845. Dessutan hadde dei jo etter kvar i det store og heile utrydda den opphavlege folkesetnaden innan det territoriet i USA som dei kvite innvandrarane tok eigedomsrett til. Det var jo eit svært grueleg folkemord på mellom 10 og 20 millionar personar. Den vesle resten som var att blei stort sett konsentrert i leirar på dårleg jord. Så må vi vel nemne at dei kvite herskarane bygde mykje av rikdommen og makta si på slavar som mellom anna skapte billeg bomull til spinnerieigarane i England. I tillegg utbytta dei på aller verste vi folk frå andre land, til dømes kinesarar som bygde jernbane over Rocky Mountains. Fordi dei brukte nitroglysering, som gjekk svært lett av, i borehola i staden for dynamitt, for å forsere sprengningane, vart nærare 10 000 kinesiske arbeidarar sprengd ihjel under bygginga. Dei hadde og gjennom Monroe-doktrinen frå 1823 sikra seg tilgang til å dominere Mellom- og Sør-Amerika.

No var det tid for å begynne erobringa av resten av verda. I først omgang tok dei altså over frå det svekka spanske imperiet, og okkupasjonen av Filippinane skulle vise at utryddinga av «indianarane» ikkje var noko unnatak. Nett som atombombane over Hiroshima og Nagasaki heller ikkje var det.

Folkemordet som er skjult

I Encyclopædia Britannica finn vi desse opplysningane om talet på drepne i denne krigen:

“The human cost of the war was significant. An estimated 20,000 Filipino troops were killed, and more than 200,000 civilians perished as a result of combat, hunger, or disease. Of the 4,300 Americans lost, some 1,500 were killed in action, while nearly twice that number succumbed to disease.”

Same talet finn vi i offisielle amerikanske kjelder.

Wikipedia gjer talet 300 000 daude i høve okkupasjonen, men seier at nokon meiner at det var ein million.

Ein artikkel i Brits in the Philippines har fleire opplysningar som viser at dette nok er altfor låge tal. Der viser dei til forskjellige framstillingar av kampane som underbygger dette. I A People’s History of the United States (1980) finn vi at 300 000 filippinarar blei drepne berre i området Batangas (ein del av Luzon). I American Neocolonialism av William Pommeroy (1970) blir det hevda at 600 000 var drepne fram til og med 1902, og brigadegeneral James Franklin Bell, som var med på kampane og fekk medalje for det, uttalt sjølv at «vi antok at vi drap ein sjettedel av folkesetnaden eller om lag 600 000 på Luzon, den største øya.» Bell var elles innrullert i den avdelinga som sto for massakren ved Wounded Knee, men han var på permisjon då det skjedde, så han deltok ikkje personleg.

I artikkelen The Theory and Fallacies of Counterinsurgency i The Nation, 2 august 1971 skreiv E. Ahmed at denne krigen var “den blodigaste kolonikrigen (i høve folkesetnad) som nokon gong var ført av ei kvit makt i Asia; han kosta 3 000 000 filippinarar livet.»

Den filippinske historikaren, Luzviminda Francisco, utførte ei grundig undersøking av det ho kalla folkemordet på filippinarane og kom til 1,4 millionar daude – The End of an Illusion (London, 1973.) Dette dekka berre perioden frå 1899 til 1905 og ikkje dei påfølgande to tiåra då ikkje så mange vart drepne, men drepinga fortsette likevel for å halde ned folket og heller ikkje dei tusenvis av filippinske muslimar som vart brutalt drepne er med i talet.

Det er argumentert med at folketalet i høve folketeljingar ikkje minka i denne tida, men innvendinga er at desse teljingane ikkje var mykje å lite på og kan vere meir eller mindre tilfeldig sett opp. Augevitne fortel også om den enorme brutaliteten dei amerikanske soldatane for fram med.

Brigadegeneral James Franklin Bell skreiv: «Med svært få unnatak var praktisk tala heile folket fiendtleg innstilt mot oss.» Og USA sette ut i livet ein politikk med å brenne  og øydelegge landsbyar eller dei gjorde dei om til konsentrasjonsleger og brente området rundt dei og bygde vakttårn som overvaka soner der ein skulle skyte alle som prøvde å komme ut av landsbyen. I desse landsbyane utvikla det seg mykje sjukdom og opp til 20 % av innbyggarane døydde av dette.

Ein soldat frå New York skreiv at ein by kalla Titatia hadde overgjeve seg og to kompani okkuperte han. Då dei etter nokre dagar fann ein soldat drepen og magen kutta opp fekk dei ordre frå general Wheaton til å brenne ned byen og drepe alle som budde der og det blei utført fullt ut. Om lag 1000 menn, kvinner og barn blei meld drepne. Og soldaten avslutta slik: «Eg er kanskje blitt hardhuda for eg har det heilt storarta når eg får ein mørkhuda i siktet og kan trekke av.»

Ein korporal Sam Gillis skreiv at dei drap 300 innfødde den første natta. Ein engelskmann som var augnevitne til det som skjedde sa at «Dette er ikkje ein krig; det er rett og slett ein massakre og mordarisk nedslakting.»

Og president McKinley som bestemte dette sa at ein dag då han fall ned på kne for å be til Gud, så kom det for han at dei ikkje skulle gi Filippinane tilbake til Spania, og at tyskarane og franskmennene i alle fall ikkje skulle få dei, for det var ikkje bra for amerikansk business. Og fordi han meinte at filippinarane ikkje var i stand til å styre seg sjølv, så skulle amerikanarane ta heile landet og ikkje berre Manila der dei alt var, for å gi folket opplæring og å kristne dei, for å fortsette det arbeid som spaniarane alt hadde begynt.

Terje Valen, torsdag 4. juli 2019.

Ein tanke om “USA sitt folkemord på Filippinane – rundt 1900”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.