Eg var i møte med leiarane i idrettslaga Fana og Gneist i går (25.6.19). Der var også den nye idrettspresidenten og første visepresident. Då snakka vi mellom anna om gode vilkår for den organiserte idretten. Leiarane for begge dei store idrettslaga understreka kor viktig bybanen var for bydelane og for idretten der. Då la dei både vekt på den store byutviklinga som følgde bybanen og på at banen kunne flytte mykje fleire folk svært mykje fortare enn nokon bussteneste kunne klare. Den store byutviklinga førte og til at mange par med ungar flytta til bydelane, mens mindre byutvikling i Åsane er i ferd med å gjere oss til bydelen for dei eldre. Det er ei skeiv utvikling som heller ikkje er heilt bra.
Folket og idretten i Åsane bør merke seg dette. Dei som vil senke eller stoppe utbygging av bane til Åsane vil sørge for at dei sørlege bydelane får ein fordel som Åsane aldri vil kunne ta att. Heile Åsane vil bli eit ingenmannsland for all tid utan bane. Derfor er det å stanse bane til Åsane verkeleg ei svært dårleg sak for oss som bur her. Til både kommunevalet og stortingsvalet om to år er det derfor viktig for folk i Åsane å stemme på parti som både er mot bompengar og som vil ha bane.
Terje Valen, leiar for Idrettsrådet i Bergen og medlem av partiet Rødt.