«Vesten» si mjuke makt

Bergensavisen hadde 2.2.2022 eit to-siders oppslag der dei skreiv om at «OL-vertslandet får kritikk av menneskerettighetsorganisasjoner». Den sentrale påstanden er at «Ifølge menneskerettsorganisasjoner har Kina internert over 1 million uigurar i leire i Xinjiang-provinsen, der de utsettes for tvangsarbeid, tvungen sterilisering, tortur og indoktrinering». Avisa viser særleg til Human Rights Watch.

Det burde i dag vere merkeleg at eit medium går på desse organisasjonane sine framstillingar. Alt frå 2012 vart det gjennomførd grundige undersøkingar som viste at dei fleste såkalla humanitære organisasjonane i dag er reiskap for «Vesten» si mjuke makt. Det vil først og fremst seie reiskap for USA og oligarkane der. Eg skal her vise til tre slike undersøkingar. Dei to første er utførd av den uavhengige undersøkande journalisten Cory Morningstar og den siste av Patrick Henningsen.

Cory Morningstar utførde to undersøkingar, ei i 2012-13 og ei i 2017.[i] Patrick Henningsen si undersøking vart publisert 15. mars 2016.[ii] For heile verda, med dei alliansefrie statane i spissen, er det kjende saker. I Haiti er det ein grueleg realitet.[iii] Det er berre i land som held seg til det USA-leia mediebiletet dette er ukjend. Det gjer sjølvsagt at vi heile tida får presentert USA sin propaganda gjennom desse humanitære organisasjonane som ikkje lenger er ikkje-statlege.

I dag veit vi at Human Right Watch, saman med Avaaz, Amnesty International og hundrevis av andre slike organisasjonar har vorte finansiert av USA gjennom USAID[iv], CIA sin underavdelingar, Carnegie, Soros, Bill Gates og USA sine vasallstatar i Europa, og at dei blir brukt systematisk i USA sitt arbeid for å halde på verdsherreveldet sitt.

Eit tidleg eksempel – Haiti

Eg skal først sjå på ei utvikling i Haiti som begynte lenge før dei undersøkingane eg har vist til ovanfor, men som er typisk. Vi begynner med då Aristides i 1994 kom tilbake til Haiti etter sitt besøk i Washington.

Då blei han tvinga til å signere ein avtale kalla Governor’s Island Accord som tillèt internasjonale institusjonar å drive Haiti og tillèt NGOar full opning i eit land der dei demokratiske institusjonane var blitt systematisk underminert. Då han fekk makta tilbake i 1994 var det under dei mest gagnlege vilkåra som var sett fast av Clinton i Det kvite huset og Wall Street. Dei ville at Haiti skulle bli ein maquiladora – eit skattefritt område som skulle tene dei multinasjonale korporasjonane. Fordi Haiti ikkje klarte å betale avdrag på gjelda si i 1998 gjekk dei til det internasjonale pengefondet (IMF) som kravde innsparingspolitikk. Aristides klarte ikkje å møte krava til IMF og det fekk IMF til å fryse fond som skulle til regjeringa. NGOane fekk ikkje nokon frys, så pengar flaut inn til dei. USA sitt Agency for International Development (USAID), som blei skapt i 1961, er finansiert av den amerikanske regjeringa og finansierer – i sin tur – NGOar.

Grupper som blei finansiert av USAID opplevde stadig auke i budsjetta sine etter 1998 (i 1995 tvinga Kongressen i USA USAID til å stanse finansiering av regjeringa i Haiti og bestemde at dei berre skulle finansiere NGOar). I 1995 fortalde Clinton sin viseutanriksminister til Senatet i USA at «sjølv etter vi gjekk ut i februar 1996» – han viste då til ein planlagt uttrekking av amerikanske militære styrker – «vil vi fortsette å ha makta ved hjelp av USAID og den private sektor». USAID finansierte tusenvis av NGOar, som fremma USAID sin agenda i landet. USAID arbeidde for å omdanne jordbruket på Haiti til ei eksportretta dyrking, dei jobba for å hindre lover om minimumsløn (som då Aristides prøvde å få opp minimumsløna frå 33 cent per time til 50 cent per time), og dei arbeidde for å få inn mathjelp som dumpa «fri» ris som blei dyrka av amerikanske bønder (og kjøpt av fonds frå USAID) og øydela Haiti sin eigen risproduksjon. USAID støtta private skular og undergrov offentlege skular og program for å lære vaksne  å lese og skrive. Dei avskaffa importtoll på mat slik at kyllingfarmar i USA kunne dumpe dei delane av kyllingen som dei ikkje ville ha på Haiti og dermed øydela dei Haiti sin eigen fjørfeproduksjon.

Her ser vi noko av systemet.

Morningstar si samanfatning om det humanitær-industrielle kompleks

Morningstar samanfattar hovudresultatet av den første undersøkinga slik:

«Denne undersøkande rapporten granskar dei viktigaste grunnleggarane av Avaaz, så vel som andre viktige søsterorganisasjonar tilknytt  Avaaz som, hand i hand med Rockefellers, George Soros, Bill Gates og andre mektige elitar, formar det globale samfunnet omhyggeleg ved å utnytte og bygge videre på strategisk psykologisk marknadsføring, mjuk makt, teknologi og sosiale media – og formar offentleg konsensus, og dermed aksept, for  illusorisk «grøn økonomi» og den nye utgåva av kolonialismen frå 2000-tallet. Ettersom vi  nå lever i ei verd som er bortanfor det som er farleg,  må samfunnet vere klar over, vere i stand til kritisk å analysere og til slutt avvise det nye angrepet av nøye orkestrert avpolitisering, temjing av befolkning, av propaganda og feilinformasjon som blir skapt og ført vidare av føretakseliten og dei noverande maktstrukturane som støttar agendaen deira. Det ideelle industrielle komplekset må vi forstå som ei drivkraft og eit maktinstrument, sjølve støtta og grunnlaget for imperiet sin dominans.»

Hennings si samanfatning om det humanitær-industrielle kompleks

I starten av Hennings si undersøking kan vi lese hans konklusjon:

Tross alt så 1900-tallet ei rekke feil frå ulike regjeringar for å dempe og stoppe nokre av dei mest forferdelege framvisingane av folkemord og brotsverk mot menneskeheita. Døra har blitt opna for at mange hjelpeorganisasjonar og menneskerettsorganisasjonar kan spele ei større rolle i å moderere internasjonale saker.  Men ved nøyare ettersyn finn vi ein av de mest uheldige realitetane i  geopolitikken frå 2000-tallet.  Sjølv om mange hjelpeorganisasjonar som arbeider for    menneskerettar fortsett å marknadsføre seg sjølv som «nøytrale» og «ikkje-partiske»,  er røynda noko heilt anna. Med offentleg skepsis på eit all-time high er faren klar: Viss interessekonfliktar ikkje blir adressert på  ein seriøs måte truar dei med å undergrave truverdet til heile den  ikkje-statlege organisasjonssektoren (NGO) internasjonalt.

Eit vanskeleg aspekt ved å analysere denne kampen for «oppfatnings-styring» er at dei fleste menneskeretts-  og hjelpeorganisasjonar er bemanna og drive av gode, hardtarbeidande og ekstremt velutdanna individ, mange av dei utfører rollene sine med eit altruistisk hjarte og med dei beste  intensjonar. For det meste er mange uvitande eller uinteresserte i kven som faktisk finansierer organisasjonane deira og kva desse økonomiske strengane betyr når det gjeld kva ein gitt organisasjon si haldning vil vere til et eit kvart spekter av geopolitiske spørsmål eller militære konfliktar. Det er absolutt sant at oppriktige og dedikerte kampanjar frå organisasjonar opp gjennon åra har bidradd til å frigjere personar som er urettmessig fengsl, og det er oppnådd på grunn av ein prosess for å skaffe rettferd for dei det gjeld. Det er også sant at mange av dei same organisasjonane har bidratt til å auke medvitet om mange viktige sosiale og miljømessige spørsmål.

På grunn av auka finansiering frå føretaksinteresser  og direkte koblingar til statlege og politiske  tenketankar dei siste åra,  har desse organisasjonane blitt stadig meir politisert, og tettare knytt til  vestlege «innflytings-agentar». Som et resultat kan vi argumentere for at desse  «menneskerettsorganisasjonane» på mange nivå kan bidra til sjølve problemet dei hevder å jobbe med løyse – at dei er årsak til meir liding, daud og ustabilitet over hele verda gjennom deira  marknadsføring av dei utanrikspolitiske måla til Washington, London, Paris og Brussel.

Problemet er både systemisk og institusjonelt. Som eit resultat  har mange av den vestlege verdas leiande menneskerettsorganisasjonar med base i Nord-Amerika og Europa blitt spegelbiletet av ein vestleg utanrikspolitisk agenda og blitt verkelege mellommenn[v] for propagandaen for intervensjonar.»

Som Morningstar påviser er nett Human Rights Watch ein av dei første av dei humanitære organisasjonane som var med i dette spelet. Systemet var oppe og gjekk tidlegare, men det var med data-alderen og under Barak Obama at det verkeleg eksploderte. Det ville jo eg vere naivt å tru at verdas einast supermakt ikkje ville bruke dei nye dataverktøya i arbeidet for å halde på og sikre verdsherreveldet sitt.

Taber si innleiing til Morningstar sine undersøkingar

Innleiing til Cory Morningstar sin undersøking av NGOane av Jay Taber i Intercontinental Cry:

I den nyskapande studien sin, Science of Coercion (Vitskapen om tvang) observerte Christopher Simpson[vi] at vi kan forstå kommunikasjon både som ein kanal for og sjølve stoffet i menneskeleg kultur og medvit. Som Simpson merka seg,  er psykologisk krigføring bruken  av massekommunikasjon i moderne sosiale konfliktar.

 I USA sitt  Army War College manual om psykologisk krigføring, er det uttalte målet å øydelegge  fienden sin vilje og evne til å kjempe ved å ta frå dei støtte frå allierte og nøytrale. Nokre av  metodane som blir brukt i handboka er å så usemje, mistillit, frykt og håpløyse.

I tiåra sidan desse publikasjonane først blei publisert, har ei ny form for psywar dukka opp i form av falskt håp. Med uavgrensa finansiering og organisatorisk støtte frå stiftelsar som Ford, Rockefeller, Gates og Soros, har USA no, for regjeringspropagandaen sin, ein enorm ny hær av ideelle organisasjonar som, saman med føretaksmedia og den akademiske verda, fungerer både som ein tredje fløy av masse-medvit og ein femtekolonne for destabiliserings-kampanjar over heile verda. (Vi kan no føye til okkupasjonar. Merknad frå T.V.)

Når Cory Morningstar fangar Simulacrum[vii] i sin fleirdelte serie om det humanitær-industrielle komplekset, er temjinga av befolkninga gjort, og det einaste spørsmålet som står att er kva som vil skje viss og når denne kapitalistiske aktivismen blir sett som det han er. Ved å følgje pengane frå aristokratiske avleggarar til dei blir brukt for å skape falsk håp gjennom NGOane Avaaz, MoveOn og Change, går Morningstar gjennom glaset for å avsløre korleis frivillige organisasjonar har blitt  eit viktig verktøy for  global dominans ved å bruke sosiale media som eit middel for sosial manipulasjon.

Når røyken  som er skapt av falske progressive blir rydda, er alt som er att ei industriell øydemark av falsk håp og reelle truslar.  Når  forræderia til dei frivillige organisasjonane som Amnesty International og Human Rights Watch er kjend,  kan vi endeleg begynne å utøve ansvaret vårt. Fram til då fortsett program som Democracy Now å vere lite meir enn vaksne versjonar av Sesame Street leikar for[viii] Che brigadar.[ix]

Med dette er du oppmoda om så sjå nærare på undersøkingane av det humanitær-industrielle kompleks av NGOar.

Terje Valen, fredag 4. februar 2022.


[i] https://www.wrongkindofgreen.org/2012/09/10/avaaz-imperialist-pimps-of-militarism-protectors-of-the-oligarchy-trusted-facilitators-of-war/

[ii] https://www.ukcolumn.org/article/smart-power-human-rights-industrial-complex

[iii] https://www.tvalen.no/2021/11/06/haiti-som-ngoane-sin-republikk/

[iv] https://www.usaid.gov/

[v] I den engelske teksten står det clearinghouses. Derfor kan den verkelege definisjonen av dette omgrepet vere verd å sjå på: https://www.investopedia.com/terms/c/clearinghouse.asp

[vi] https://www.goodreads.com/author/show/22877.Christopher_Simpson Her kan du sjå oversikt over Simpson sine viktige bøker.

[vii] https://en.wikipedia.org/wiki/Simulacrum

[viii] https://www.sesamestreet.org/games

[ix] http://www.canadiannetworkoncuba.ca/brigade/

Ein tanke om “«Vesten» si mjuke makt”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.