Putinismen er ein antikommunistisk, konservativ ideologi

Dette er ein konklusjon om denne retninga som Alan MacLeod trekk i boka Propaganda in the Information Age som kom ut i 2019 på det velrenommerte forlaget Routledge i serien Media Studies/Journalism. Boka er ein kritisk gjennomgang av Edward Herman og Noam Chomsky si banebrytande bok Manufacturing Consent: The Political Economy of the Mass Media frå 1988. Denne boka var ein svært omfattande studie av kva filter nyhende må gjennom før dei kjem ut i media. Dei seier sjølv at det var den beste dokumenterte sosiologiske studien nokon gong.

Dei fem filtera dei kom fram til, som alle nyhende måtte gjennom før dei blir produsert i dei leiande media, var:

  1. storleiken, konsentrasjonen og eliten sitt eigarskap og profittmotivet i media
  2. at dei stoler på avertering som den viktigaste inntektskjelda
  3. at dei stolar på informasjon frå regjeringa, big business og andre offisielle «ekspertar» som er finansiert av dei mektige
  4. flak som disiplinerings-mekanisme
  5. ein nasjonal antikommunistisk religion som verker som eit instrument for å disiplinere og få kontroll

Boka, der MacLeod er redaktør, har fleire bidragsytarar som skriv kvart sitt kapittel. Det første kapitelet er eit intervju som redaktøren har med Chomsky. Dei ymse bidragsytarane undersøker i kva grad dei fem filtera framleis gjeld. Dei gjer undersøkingar av media i USA, England og allment Vesten, til dømes i høve til rapporteringa om krigen i Syria. Vidare ser dei på andre område der dei fem filtera viser seg å gjelde som i Hollywood- og Bollywood-filmar og undersøker den enorme innflytinga til dei amerikanske militære og CIA på desse områda og media elles. Dei gjer og spesialstudiar på media i India og Kenya.

Dei kjem til at dei fire første filtera i er full sving og har blitt sterkare, mens det femte filteret, som er bestemd ut frå ei kortare historisk periode enn dei andre, har endra seg. Dette er omhandla i  kapittel 4 der MacLeod tar opp Herman og Chomsky sitt femte filter i eit kapittel med overskrifta Falske nyhende, russiske nettrobotar og Putins marionettar. Overskrifta til min artikkel her er henta frå dette kapitelet.

MacLeod opnar med at dei vestlege media sidan 1917 har vore mot Russland og handsama dei som Vestens svarte får. Til dømes spådde New York Times, i sin innbitne motstand til den nye bolsjevik-regjeringa, 91 gonger at regimet straks ville falle. Journalistane hadde ukritisk stolt på uttalar frå uidentifiserte offisielle kjelder.

Dei vellukka revolusjonane i Russland og seinare i Kina og på Cuba skapte store traume for dei vestlege elitane som frykta om å miste klasseposisjonen sin, og antikommunisme blei noko bortimot en nasjonal religion i USA. Her viser han til MacCarthyismen og skriv litt om den. Han seier at denne antikommunistiske paranoia blei brukt for å rettferdiggjere militær ekspansjonisme utanlands (der ein kvar stat som ikkje underkasta seg nok kunne bli kalla «kommunistisk» og bli angripe og underkasta) og heksejakt på «kommunistiske» opprørarar. Dette tydde at ein kvar venstrepolitikar, sosialdemokrat og uavhengig liberalar, som hadde posisjonar i utdanning, underhaldning og politikk, blei angripe. Utreinskinga hadde den verknaden at han drog politikken og kulturen til høgre og var en svært verksam kontrollmekanisme fordi dei som ikkje var tilstrekkeleg lojal ovafor staten og føretaksmakta kunne bli sverta som kommunistar, noko som kunne gjere slutt på karrieren deira. Denne mekanismen var så sterkt at Herman og Chomsky inkluderte han som det femte filteret som nyhende må gjennom før dei blir publisert i media.

Så går forfattaren inn det store Russia-gate presse-showet etter valet av Trump som president i USA. Han viser at fram til rundt 2012 var ikkje Russland sett på som nokon stor fiende i USA, sjølv om nokre motsetnadar hadde begynt å vekse då Russland hadde protestert mot utvidinga av NATO til dei baltiske landa i 2004. Så viser han korleis det Demokratiske partiet i USA sette i gang denne prosessen, korleis dei systematisk produserte skuldingar som aldri har vorte prova, men som likevel vart tatt opp att og opp att over alt i media. Denne kampanjen verka slik at det blei piska opp ei antirussisk stemning i USA. Vi veit at dette skjedde også i resten av Vesten, til dømes i Norge. Han skriv:

Men det var skuldingane frå Det demokratiske partiet, og seinare staten USA, om at Kreml hadde blanda seg inn i presidentvalet i 2016 og sørga for at Trump vann (og Clinton tapte) som skauv tilhøvet mellom USA og Russland fram som kanskje den største media-fortellinga i moderne tid. Ein følgje av dette er at det sovande anti-kommunistiske filteret blei vekka opp at som eit anti-russisk filter, som gjer at dei som stiller spørsmål ved kor innblanda Russland var i val og kor stor verknad det hadde, men også dei som stiller spørsmål ved den offisielle lina i utanriks- eller innanrikspolitikken, kan bli sverta som Putin sine marionettar. Denne negative tilbakemeldinga har fort blitt eit svært mektig filter som formar media, men kunne ikkje ha vorte så verknadsfullt utan dei djupe nivået av frykt, mistru og motvilje mot Moskva som blei bygga opp i det førre hundreåret.

Han skriv og at praktisk tala alle politiske rørsler i USA som utfordra den nyliberale semja blei sverta som Putin sine marionettar. Taktikken blei også spreidd til andre land. Atlantic Council laga ein rapport der Syriza og Gyllent daggry i Hellas blei omtala som «Kremlins trojanske hestar». Det var dei to partia som då utfordra nyliberalismen i landet. I røynda har dei lenka alle europeiske parti som utfordrar nyliberalismen til Russland. Det var denne organisasjonen Facebook gjekk i kompaniskap med for å koste ut såkalla fake news på deira side. Ein organisasjon grunnlagd av NATO der vi blant direktørane finn notoriske personar med høge stillingar i staten som Henry Kisssinger, Colin Powell, Condolezza Rice og James Baker og generalane David Petraeus og Wesley Clark, samt ein bukett av tidlegare CIA-direktørar og senior teknologitilsette. I september 2018 hadde Facebook begynt å samarbeide med National Demokratic Institute, leia av Madeleine Albright, og International Republican Institute, som hadde vore leia av John McCain.

Reuters rapporterte at denne enorme media-organisasjonen var ivrig etter å kunne sette grenser på kva folk i andre land såg på feedane deira. Facebook fjerna straks fleire iranske mediekanalar og det latinamerikanske TeleSUR English som begge fremma synspunkt som var alternativ til dei Washington hadde. Facebook samarbeidde også tett med regjeringa i Israel for å fjerne palestinske stemmer frå plattforma si.

Då den russiske dobbelagenten og britiske spionen Sergei Skripal blei forgifta i Salisbury i England blei det med ein gong hevda at Putin var ansvarleg. Jeremy Corbin, leiar av det engelske Arbeidarpartiet, og tydeleg pasifist, skreiv då at «Dei russiske autoritetane må ble halde ansvarlege på grunnlag av prova og svaret vårt må vere både avgjerande og proporsjonalt.» Men statsminister Theresa May var meir ekstrem og sette i gong sanksjonar mot Russland utan noko prov for kven som hadde forgifta Skripal. Kva skjedde då. På førstesida i the Sun, den mest selde avisa i England sto det «PUTINS MARONETT: Corbyn nektar å slå til mot (blast) Russland for angrep på spion». Den nest mest selde avisa ,Daily Mail hadde på forsida «CORBYN ER KREMLS NYTTIGE IDIOT».

Så konkluderer MacLeod med at verknadene av denne tilbakekomsten av det femte filteret:

Hjelp til med å mobilisere folket mot ein fiende, og fordi omgrepet er uklårt kan det bli brukt mot alle som står for politikk som truger eigedomsinteresser eller støttar tilpassing til kommuniststatar og radikalisme. Difor tener det til å splitte venstresida og arbeidarrørsla og tener som ein politisk kontrollmekanisme. Dersom kommunismens siger er det verst tenkelege resultat, er støtte til fascismen utanlands rettferdiggjort som eit mindre vonde. Motstand  mot sosialdemokratar som er for blaut mot kommunismen og «spelar opp i hendene på dei» blir rasjonalisert på liknande måtar.

MacLeod fortsett så med å sei at Putin og Russland har dukka opp att som en passande fiende for sameine og mobilisere folk mot rørsler og institusjonar som utfordrar det nyliberale status quo frå både høgre og venstre. Det ein sterk disiplineringsmekanisme for individ og organisasjonar som fjernar seg for mykje frå nyliberal ortodoksi. Moglegheita til å sverte politiske figurar ved å kalle dei Putins marionettar er eit mektig våpen for avgrense debatt og auke splitting på venstresida og tillèt etablissementet til å insinuere at ei kvar rørsle som utfordrar det frå høgre eller venstre går Putins ærande.

Vi kan altså seie at den anti-russiske innstillinga no har erstatta antikommunismen og MacCarthy-ismen som media sitt femte filter der alt som ikkje passer med USA-imperialismen sitt strev for verdshegemoni blir filtrert ut og alle som ikkje passer med dette blir sverta, sensurert og snakka ned. Ettersom «Putinismen» er den overgripande ideologien til denne anti-russiske innstillinga så kan vi seie at «Putinismen» er notida sin McCarthyisme.

Dette nye filteret blei skapt under russia-gate i USA og spreidd til heile verda. Det er ei historisk oppdatering av Herman og Chomskys femte filter og vinn fram mykje fordi det rettar seg mot Vesten sin same «fiende» frå 1988, der Russland var den sentrale delen av Sovjetunionen. Etter Russlands innmarsj i Ukraina har det gått i høggir. Det er eit filter som stopper det som ikkje passar med imperiet sine interesser frå å komme i media.

Anti-russismen i form av «Putinisme» er i dag ei hovudhindring for å få opplysningar om kva som skjer i Ukraina og alle andre stader der det amerikanske imperiet er innblanda og det er hovudhindringa for å få fram i media dei historiske røtene til det som skjer. Noko av det mest sentrale som blir filtrert vekk er at rolla som Russland og Ukraina har i USA sin geoimperialistiske strategi. Det er smerteleg å sjå kor djupt folk, som vil vere på venstresida, har falle når dei sluttar seg til denne retninga, sjølve filteret som hindrar at sanninga kjem fram, og trur på imperiet sine mediefortellingar.

Men det er ikkje nok med det. Dei har og internalisert filteret slik at dei sjølv fungerer nett som dei store media som er eigd av finanseliten. Når dei møter informasjon utanfor desse media sine fem filter, så filtrerer dei sjølv ut denne informasjonen og bruker dei store media sine metodar med usynleggjering, sverting, mistenkeleggjering og andre hersketeknikkar mot dei som spreier slik informasjon. Nett slik mange gjorde under McCarthy-tida då «kommunismen» var det femte filteret som gjorde at folk trakk ned gardina for kva dei ville sjå.

Her finn du meir om «putinismen» .

Terje Valen, fredag 14. oktober 2022.

Ein tanke om “Putinismen er ein antikommunistisk, konservativ ideologi”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.