CIA i Ukraina

Det er vel kjend at USA har hatt i gong undergravingsarbeid i Ukraina i lang tid, faktisk heilt frå før 2. verdskrig. Her er ei beretning om tida etter denne krigen og fram mot 2018. Det er den kjende CIA-forskaren, Douglas Valentine, som er intervjua. Valentine kom seg, som vi veit, heilt på innsida av CIA gjennom Colby, den tidlegare leiaren av organisasjonen. Han intervjua over hundre tilsette der og kom over mange dokument. Desse ligg i Kongressens bibliotek. Han samanfatta dette i nokre bøker. I 2017 kom boka The CIA AS ORGANIZED CRIME – HOW ILLEGAL OPERATIONS CORRUPT AMERICA AND THE WORLD. Boka vart utgjeven av Clarity Press. Under her kjem ei omsetting av intervjuet om Ukraina som er kapittel 9 i nemnde bok.

Men først skal eg skissere hovudinnhaldet i boka. Kapittel 1 med overskrift «Korleis William Colby Gave Me the Keys to the CIA Kingdom» handlar om korleis Douglas Valentine fekk full tilgang til alle han ville snakke med gjennom ein avtale og klarering med William Colby som hadde vore Direktør i CIA. Valentine var ute etter å avdekke det såkalla Føniks-programmet, ein hemmeleg operasjon i Vietnam under krigen der.

Store delar av boka er intervju som blir gjort med Valentine. I eit av dei første intervjua fortel ha om ei skjelsetjande oppleving han hadde då han var ganske ung. Faren hans arbeidde i postvesenet der han hadde budd heile livet. Ein dag i 1968, då Vietnam-krigen var i gong kom han heim på ferie og hadde ein sommarjobb. Han og faren kom ikkje godt ut av det med kvarandre. Når faren og kameratane hans møtte kvarande for ein kopp kaffi, snakka dei om kor mykje dei hata Muhammed Ali, om dei som nekta å ta teneste i Vietnam og slikt og Douglas hadde langt hår og var mot krigen. Han var saman med frigjorde unge kvinner som brukte pilla og representerte noko anna en faren.

Men ein dag bad faren sonen om å møte han utanfor banken neste dag og gjekk mot den restauranten dei pleidde å bruke. Bilen som leverte brød stod parkert utanfor restauranten. Faren gjekk bort til bilen opna ei dør og sa til sonene: «Sjå godt etter her. Dette er det sanne forholdet mellom kriminalitet og lova. Inne i bilen sat sjåføren og mafia-medlemen som henta pengane og tilskottet til mafiaen frå den lokale bookmakeren. Han arbeidde i restauranten og sat ved sidan av sjåføren. Bak i bilen sat tre landsbypolitiar som Douglas hadde kjend frå han var liten. Han gjekk på skule med ungane deira og kjente namna deira. Dei var teken på fersk gjerning og haka datt ned. Då ei begynte å banne lukka far min døra brått. Han gjekk sin veg til sine vanlege syslar.

Neste dag gjekk ha på restauranten att og ingen sa eit ord. Det var som om han var innvia i eit hemmeleg selskap. Dei fleste i landsbyen visste ikkje noko om kva som gjekk føre seg. Dei såg på politiet som dei som gav farts- og parkeringsbøter. Dei såg ikkje at politifolka arbeidde saman med profesjonelle kriminelle og tente pengar på det. Når nokon hadde fått ein uniform og representerte lova trudde dei at desse folka – som var bøllar på skulen og ikkje klarte å utdanne seg til røyrleggar eller komme inn på vidaregåande skule – var blitt dydige. Men desse typane som skulle representere lova hadde meir samkvem med dei skurkane som dei var saman med dagleg enn dei borgarane som ein trudde at dei var sett til å beskytte og tene. Dei var korrupte. Så samanfattar han erfaringa si frå heile undersøkinga av CIA med å seie at det er slike folk du finn i CIA.

Så seier han at denne historia er allegorisk. Han er eit mikrounivers av korleis verda fungerer, om korleis propaganda og reklameindustrien på Madison Avenue overtyder folk at det finst gode krefter som kjemper mot vonde krefter. Men viss folk gjennomskoda propagandaen ville dei ha ei anna innstilling og landet vårt ville ha vore strukturert annleis. Men den lovgivande greina av regjeringa vår er i hendene på profesjonelle kriminelle. Alt dei gjer tener dei kriminelle måla deira, å halde nede og stele frå dei fattige og gi til dei rike. Det var et eg forstod alt då eg var ung, takk vere min far.

Føniksprogrammet

I starten på boka gir han, i ein tekst som byggar på eit intervju frå 2015, ei kort samanfatting av det alle undersøkingane førte fram til om Føniks-programmet. Det var eit program som CIA-offiseren Nelson Brickham skapte i 1967 for å «nøytralisere» dei sivile medlemmene av den underjordiske revolusjonære regjeringa i Sør-Vietnam. Brickham forklarte prosessen for Colby slik: «Mitt motto var å rekruttere dei; viss du ikkje kan rekruttere dei så svartmal dei; viss du ikkje kan svartmale dei, fang dei; viss du ikkje kan fange dei, så drep dei. Det var innstillinga mi til dei høgt oppe i VCI.» VCI var eit akronym for Viet Cong Infrastrukture – namnet som CIA gav medlemmene av dei revolusjonære si undergrunns-regjering og det geriljasystemet som støtta dei.

Som ein del av Kongressen sitt mandat har CIA jobben med å slå med revolusjonære rørsler utanfor USA. Når USA driv slik verksemd i ein nasjon som Irak eller Afghanistan tar CIA seg av den politiske sida av kampen, mens USA sine væpna styrker tar seg av den reint militære sida. Men i praksis har CIA si verksemd vore ein paramilitær politifunksjon. I Sør-Vietnam støtta USA sine militære styrker CIA sitt Føniks-program med troppar og utstyr.

I 1969 let CIA tydelegvis over Føniks-programmet til USAs militære for då begynte soldatane å føre ein politisk styrt kamp og å utføre systematiske anti-opprørs-operasjonar mot utanlandske sivile. Opprettinga av Føniks var eit vatn-skilje. Før denne operasjonen hadde det militære berre lov til å angripe sivile dersom dei var hemmelege agentar eller angrep militære basar eller personell. Men i sin fanatiske kamp for siger i Vietnam utydeleggjorde det militære grensa mellom sivile opprørarar og uskuldige sivile og drap kven som helst som kom i vegen for dei, medrekna ungar, slik dei gjorde i My Lai og tusen andre stader.

Etter det skammeleg nederlaget i Vietnam blei USA driven av den reaksjonære impulsen sin til å bekrefte den globale dominansen. Dei unnskyldningane som blei brukt for å rettferdiggjere Føniks blei institusjonalisert som politisk linje. Sidan då har USAs CIA og dei militære styrkane utført felles Føniks-like operasjonar over alt i verda utan nokre skruplar, tydelegast i Afghanistan og Irak.

Etter ei to innleiande kapitla kjem vi til del I som har overskrifta CIA sitt Føniks-program i Vietnam: eit mønster for dominering som system. Her skriv han om korleis Føniks-programmet var ein byråkratisk modell for kontroll av eit lands folk og om den systematiske innhentinga av informasjon for å klare dette. Så skriv han om korleis modellen og det dei lærte av Vietnam har vore brukt i Afghanistan og andre stader. Heilt sentralt i programmet står Brickham si forklaring for CIA-sjefen Colby. Det gjeld å uskadeleggjere alle leiarar for opprør mot USA-dominans i verda. I kapittel ni tar han opp dette arbeidet i Ukraina. Det kjem eg tilbake til. Eit kapittel handlar om korleis krigsbrot blir gjort til gjeldande politikk.

I del to gå han inn på korleis CIA overtok og leia kampen mot narkotika for å fremme USA sine interesser i Latin-Amerika og andre stader. Det er ei fantastisk historie om samarbeid med kriminelle og fleire andre skjulte operasjonar. I et kapittel med overskrift Project Gunrunner tar han opp korleis dette prosjektet blei starta av Bush og fortsett av Obama. Det gjekk ut på at administrasjonen i USA tillèt og oppmuntra folk med kriminell bakgrunn og kjende band til mexicanske kartell å kjøpe våpen i Arizona og sende dei til Mexico. Eit resultat av dette var Los Zetas-kartellet. Dei som dreiv dette var trena av USA sine spesialstyrkar for drepe kartell-leiarar. Men dei enda opp med å danne sitt eige kartell og drive det. I 2006 braut det også ut krig mellom nokre av det dusinet med kartell som hadde arbeidd ved sidan av kvarande i ro og fred til då. Det var fryktelege greier og rundt 50 000 menneske blei drepne, både kartell-medlemmer og sivile.

I boka er det også eit langt kapittel om Bob Simmons, eit kongressmedlem som hadde jobba for Føniks-programmet i Vietnam. Han blei seinare heidra og var visiting lecturer ved Yale-universitetet der han forelas om «Congress and the US Intelligence Community og blei vald inn i statsforsamlinga i Connecticut der ha sat i 8 år. Valentine gjennomgår i meir detalj det vi veit om arbeidet hans for CIA i Vietnam og andre stader. Ut frå vanlege rettslege og menneskelege prinsipp er det dyster lesing og Valentina seier om han, i eit avsnitt kalla «Lyge, lure, stele, at «Noko endrar seg aldri, medrekna Simmons’  sjåvinisme og sjølvros. Men var han verkeleg æra/akta for å delteke i folkemordet på 2 millionar menneske som aldri truga USA?»

Boka har fleire slike meir detaljerte historier om enkeltpersonar og hendingar som underbygger hovudslutningane til Valentine. I eit kapittel fortel ein tidlegare CIA-agent korleis han blei rekruttert, korleis fortida hans blei omskapt og korleis han på det grunnlaget vart plassert der CIA ville ha han. Der jobba han seg inn i samfunnet i mange år og blei til slutt vald inn ei lokal forsamling. Så fekk han eit samanbrot og blei trekt ut, mens alt som kunne tyde på samband med CIA blei sletta. Han fekk så ein god jobb der han hadde ein CIA-offiser som overvaka han. Dette er eit mønster som vi finn over heile verda. Det er eit heilt undergrunnssamfunn som finst på sida av samfunnet elles, med folk som har spesielle eigenskapar og som kan aktiverast når det trengs.

Eit av dei siste kapitla handlar om «Forkledning av Obamas skitne krigar». Det begynner med at Obama heldt ein tale til kadettane på West Point tidleg i desember 2009. Der sa han «Vi er i Afghanistan for å hindre at ein kreftsjukdom frå spreie seg att i det samfunnet. Men den same sjukdommen har også brote ut i grenseområda til Pakistan. Derfor treng vi ein strategi som verkar på begge sidene av grensa.» Dette var like før Obama sendte mykje fleire amerikanske troppar til området.

Valentine seier at han gjennom heile boka har understreka at USA sin politiske og psykologiske krig avheng av informasjons-leiing. I denne samanhengen var det sentralt i alle dokument osb. å skjule det faktum at USA undercover aksjonar og ikkje-offentlege politikkar, medrekna det å støtte krigsherrar som eksporterte narkotiske stoff, var ansvarleg for denne såkalla «kreftsjukdommen» heilt frå starten.

Ein månad før Obama annonserte troppeauken fortalde den regionale kommandanten general David Petraeus «Obama å tenkje på elementa i Karzai-regjeringa så ‘eit kriminelt syndikat». Ambassadør Eikenberry antyda i røynda at Amerika ikkje skulle gå til sengs med mobben.» Heile denne retorikken var heilt uhaldbar fordi USA hadde sette inn Karzai og forbrytarsyndikatet sjølv.

Valentine går så litt inn på heile historie. Det kan vere verd å siter litt av det her. USA sitt skammelege tap i Vietnam i 1975 gjorde ikkje slutt på landets militante og anti-kommunistiske jihad som president Carter ganske enkelt pakka om og selde som ein politikk som fremma «menneskerettar». Mens Carter preika «menneskerettar» var den nasjonale sikkerheitsrådgjevaren hans, Zbigniew Brzezinski i løynd i gang med å undergrave pro-Sovjet-regimet som hadde tatt makta i Afghanistan. Dei løynde aksjonane tok til med ein gong med at CIA-offiserar rekrutterte, finansierte, væpna og organiserte krigsherrar frå folkegrupper i Afghanistan som ikkje var pashtunarar i den berykta Nordre Alliansen. Gjennom alliere islamittiske nasjonar som Saud Arabia rekrutterte også CIA leigesoldatar som Osama bin Laden og sette dei inn mot ikkje-religiøse kommunistar.

Brzezinski sin stor tanke var å provosere ein sovjetisk militær innmarsj og dra russarane inn i ein øydeleggande Vietnam-lik krig gjennom nøye støtte opprør. «Kreftsjukdommen» som Amerika utrydda her var kommunismen, saman med mål om likeløn og frigjering av dei Afghanske kvinnene som blei oppmuntra til å ta universitetsutdanning og få jobbar.

Nett som Monsanto selde ugrasmiddel med dioxin til lukkelege amerikanske forstadsbuarar for løyse plenproblema deira, lanserte CIA ein informasjonskampanje for å overtyde muslimane at kommunismen var ein fiende av islam sine grunnleggande tesar, slik som å tru på Gud. For å reinske ut det kommunistiske «ugraset» skapte USA Muhjahedins og opna vegen for al Kaida. Dei skapte ein borgarkrig som øydela det framveksande moderne samfunnet i Afghanistan.

Obama tok opp arven etter Carter då han i 2016 vitja Vietnam og kjefta på Hanoi-regjeringa for å bryte «menneskerettane». Han gjorde et utan å nemne den fryktelege kreftsjukdommen som USA skapte i Vietnam ved systematisk å spreie 20  millionar gallons  med Agent Orange over 12 % av Vietnam. Noko som gjekk ut over 3 millionar uskuldige menneske. Og dette er ikkje historie, det er framleis eit stort problem. Så fortel han den fæle historia om kva gifta Agent Orange førte og fører til. Elles viser han til Tom Ahern si bok Vietnam Declassified der det blir fortald at CIA gjekk inn for å sende inn spesialgrupper for å forgifte rislager, legge bombefeller i vietnamesiske våpenlager, drepe eller fange Viet Cong kadre i bakhald eller i raid inn i kommunist-kontrollerte landsbyar, og samle inn opplysningar. CIA-folka visste også godt at det dei spreidde var giftig for menneske.

Brzezinski sjølv fekk spørsmål om han angra på å ha skapt terroristar. Då svarte han «Kva er det viktigaste i verdshistoria; Taliban eller å få Sovjet-imperiet til å falle saman? Nokre oppkava muslimar eller frigjeringa av Sentra-Europa og slutt på den kalde krigen? Det var på linje med Madeleine Albright sin uttale om at «Vi meiner at prisen verd det» då ho fekk spørsmål om kva ho tenkte om at USA sine sanksjonar mot Irak hadde ført til drag på 500 000 ungar der. Min kommentar er at dei har same haldninga til folket i Ukraina. At ein million soldatar og fleire tusen sivile blir drepen der er verd det, dersom dei klarer å destabilisere Russland og overta makta der.

Det er også eit avsnitt om «Korleis skjule ein skiten krig». Her skriv Valentine at CIA sett opp parallelle regjeringar i framande nasjonar saman med militæret og Utanriksdepartementet. I Afghanistan gøymde dei seg i konsulat og i hemmelege leirer eller militære basar, slik dei gjer i mesteparten av dei hundrevis av militære baser USA har spreitt utover verda.

Etter at dei har etablert seg sjølv på militære basar, utvidar CIA operasjonane sine under dekke av Utanriksdepartementets Agency for International Development (AID) sine sivile aksjons-misjonar. Psywar gjer at dette mogleg: då har dei samarbeidarar som Thomas og Barry (som er omhandla tidlegare i boka) som er viljuge til å fortelje folk i Amerika den godkjende versjonen av historia – gode gutar som gjer gode gjerningar og av og til nokre feil.

CIA følgjer tradisjonen frå dei kristne «misjonane» som bringa bibelskular til underutvikla land rundt om i verda. I prosessen blei dei velsigna innfødde modna for militær erobring, byråkratisk kolonisering og økonomisk utbytting same kor velmeinande misjonærane var. Ja, det var faktisk slik at jo meir effektivt misjonærane sine bodskap var, desto lettare blei dei innfødde å manipulere. AID-misjonen (og NGOane sin misjon – kan vi føye til) gjer det same i dag.

Opp mot alt som verkeleg skjer i Vietnam og Afghanistan (og elles der USA er innblanda) er hovudstraumsmedia alltid med på å karakterisere USAs regjering sine hensikter som heroiske, generøse, kreftkurerande (der ein kvar motstandar representerer ein kreftsjukdom).

Han gir så nokre parallellar frå tidlegare tider. Han skriv at etter det blodige slaget ved Hastings i 1066, gravla William Erobraren sine eigne falne, men let fienden sine falne bli liggande å rotne i det fri. Det brutale angrepet på England blei fort ein brutal okkupasjon. Pasifiseringa var, slik USA gjer i dag, å eliminere fienden sitt leiarskap og terrorisere den sivile folkesetnaden til underkasting. Kolonisering er ei mordarisk verksemd. Dei anglo-saksiske lordane fekk auga plukka ut og hender og føter kutta av og blei overlatne i lenkjer utanfor borgene sine så bøndene kunne sjå dei. Andre blei kastrerte og kasta i vollgravene i ei av dei hundre borgene som William bygga rundt om i landet for å forsvare normanniske interesser. Pasifiseringa tok 20 år. I denne tida vart 300 000 innfødde myrda og svelta til daude (ein femtedel av folkesetnaden) og like mange normanniske for franske entreprenørar og byråkratar blei planta i England i dei ledige posisjonane. Heile den anglo-saksiske adelen vart utrydda og eigedommen gav William til den normanniske overklassen. Då han døydde i 1087 var England heilt omdanna.

Dette er naturen til koloniserande krigar. Sigerherren påfører alle slags fornedringar og lidingar på dei overvunne, og stel alt dei eig.

Mest tusen år seinare gjer USA det same i Irak og Afghanistan. Einaste forskjellen er at mens William skrytte av brutaliteten og tjuveriet sitt, så skjuler den amerikanske overklassen sitt barbari og si plyndring under eit slør av gode intensjonar og sjølvforsvar. Denne historia er det media som har til oppdrag å forsyne folk med.

Den store borgarlege historikaren, Arnold Toynbee, tok allereie den 7. mai 1970 bladet frå munnen og uttalte i New York Times: «I heile verda har no CIA blitt det skremselet som kommunismen har vore for Amerika. Kor som helst der er trøbbel, vald, liding, tragedie er no resten av oss snar til å mistenke at CIA hadde ein hand i det.» Toynbee sa dette som eit svar på Kissingers barbariske invasjon i Kambodia. «I røynda», sa Toynbee «har rollene til Amerika og Russland blitt snudd om i verdas auger. I dag har Amerika blitt verdas mareritt. (Mange av dei som kallar seg radikale i dag har ikkje forstått at dette gjeld også i dag.

Boka sluttar med eit par kapittel som viser korleis USA sin propaganda-maskin lurte folk i byrjinga av krigen i Syria og omhandlar «Krigen mot terror som den største undercover-operasjonen nokonsinne». Denne «krigen» opna for CIA og andre USA-institusjonar si grenselause opptrapping av si skjulte verksemd over alt i verda. Så til kapittelet om Ukraina.

CIA i Ukraina

Her følger ei oversetting av kapittel 9 i boka med overskrifta The CIA in Ukraine. Det har form av eit intervju.

Ryan Dawson: Dette er Ryan Dawson frå ANC rapport. I dag her eg Doug Valentine med meg. I kveld skal eg spørje han om CIAs rolle i Ukraina og om deira infiltrasjon i media. Valentine, det er ei glede å ha deg tilbake i programmet.

Valentine: Takk, det er ei glede for meg og.

Dawson: Eg vil spørje deg om denne organisasjonen sitt arbeid med NGOar i Ukraina. Han heiter United Action Centre. Eg lese noko kort frå sida deira og vil høyre dine tankar om det. Der heiter det; «NGO-senteret UA har eit sterkt menneskeleg potensial. Gruppa har erfaring med å drive prosjekt i området for europeisk og euro-atlantisk integrasjon. I tillegg har UA-senteret ekspertar og aktivistar som har erfaring med journalisme, offentlege tenester, PR, offentleg aktivitet osb. UE-senteret har også ein stor database med kontaktar til internasjonale ekspertar, politikarar og journalistar. Nett no er UE-senteret koordinator for New Citizen’s Public Campaign som samlar rundt 40 NGOar[i]

Ut frå Carl Bernstein-rapporten om media veit vi kor mykje CIA har infiltrert media. Kan du gi oss dine tankar om UA-senteret og kva dei gjer der med 40 NGOar, som det er antatt skal arbeide for å fremje demokrati og som får aktivistar og journalistar til å samarbeide?

Valentine: UA-senteret er ein organisasjon som Pierre Omidyar var med å starte for to år sidan. Det er ein paraplyorganisasjon som er knytt til forskjellige aktivist-prosjekt og NGOar, der ein av dei er Citizen-kampanjen som ifølgje Financial Times «spelte ei stor rolle med å få protestane opp og i aksjon»[ii].

Ifølgje Kyivpost mottok «UA-senteret meir enn 500 000 dollar i 2012 … der 54 % kom frå Pact Inc., eit prosjekt som er finansiert av USA sitt Agency for International Development. Nær 36 % kom from  Omidyar Nettwork, ein stiftelse danna av eBay-grunnleggar Pierre Omidyar og kona. Andre gjevarar  var International Renaissance Foundation, der den viktigaste grunnleggaren var milliardæren George Soros, og National Endowment for Democracy, der mesteparten av finansieringa kjem frå Kongressen i USA.[iii] Kvifor var Omidyar villig til å gå saman med slike velkjende regime-endrings-sponsorar som USAID og NED, for ikkje å snakke om Soros? Kor elles (sam)arbeidar han? Vi må aldri gløyme at dette er dei han held seg i selskap med. Kvifor?

Då Omidyar blei fødd i Paris og foreldra flytta til Maryland i USA då han var ung. Men det viser seg at han er av iransk slekt. Mora var ein farsi-lingvist og i 2016 var ho president for Roshan Cultural Heritage Centre[1] som driv kulturarbeid for Iran i USA og Iran sjølv. Så merkeleg som det kan sjå ut er det lite offentleg informasjon tilgjengeleg om faren hans, medrekna namnet. Det ser ut som han var urolog eller kirurg på John Hopkins, og då skulle namnet hans vere tilgjengeleg der. Det løyndomsfulle antydar ein form for etterretnings-tilknyting, kanskje av den typen overklasse-emigrantar som CIA kultiverer i USA. Det er eit faktum at CIA sitt kontor i Iran var ein av organisasjonens viktigaste basar for operasjonar mot Sovjet. CIA og MOSSAD skapte SAVAK, sjahens notoriske interne sikkerheits-teneste, og at sjahen i motyting gav CIA frie hender til å drive operasjonar mot Sovjet.

Kanskje Pierre Omydiar er tilgjengeleg for USA sine utanrikspolitiske organisasjonar ut frå nokre tidlegare familiekontakter. Kanskje det forklarer for kvifor han spanderte nokre få hundre tusen dollar (ein liten sum for ein milliardær) for å få UA-senteret på plass i Ukraina, slik at CIA kunne drive operasjonar mot russarane, slik dei gjorde det frå Iran. Eg har aldri høyrt nokon forklaring frå den pågåande utspørjaren, Glenn Greenwald. Når det kjem til lureriet (monkey business) til den som betalar han (sugar daddy) er Greenwalds politikk rett og slett «ikkje sjå noko, ikkje høyre noko, ikkje sei noko som er vondt».» Kvifor? Er det gjengjeldinga for dei pengane han får?

Vi veit at milliardærar som Omidyar og George Soros og Rockefellarane – for ikkje å seie noko om USAIS og NED – ikkje finansierer politiske verksemd ut frå sitt gode hjarte. Dei gjer det for å fremje sine eigne interesser. Det er grunnen til at organisasjonar som UA-senteret blir skapt: for å tene interessene til dei finansfolka som støttar dei. For meg ser det ut som ein CIA-oppretta mekanisme for å skape ein krise i Ukraina og utnytte den. Dei 40 NGOane sine koordinatar er perfekt plassert for å skape skjulestad for hemmeleg CIA-aksjon.

Det UA-senteret gjer er i røynda å koordinere politikarar og journalistar med ekspertar på internasjonal politikk og reklamefolk. Det står på heimesida deira. Alle desse folka driv med å produsere informasjon: kanskje er dei lenka til ein privat servar slik som den Hillary Clinton brukte då ho var utanriksminister. Det kan jo ha gått opp for CIA sine politiske og psy-war ekspertar sin svære hær at dei lett kunne samle offentleg støtte for fargerevolusjonane deira ved å skape internett-sider som sameinar og rettleier folk; at dei kunne manipulere potensielle opprørar på same måte, med dei same metodane som Frank Cotton var ein pionar for i Vietnam, men no oppdatert.

UA-senteret sine PR-ekspertar vegleier nok pro-amerikanske kandidatar i Kiev på same måte som amerikanske PR-folk manipulerte Boris Jeltsin i Moskva. Det er vel kjend at Jeltsin gav vekk butikken etter at han var blitt president i den Russiske føderasjonen. På same måte som CIA promoterte Jeltsin sikrar nok journalistar frå UA-senteret at pro-amerikanske politikarar får god presse. Dei spinn fakta på ein slik måte at Omidyar, som har gjort operasjonen mogleg, blir glad.

UA-senteret sin uttalte hensikt var å få Ukraina ut av den russiske bana og levere landet til dei vestlege korporasjonane. Og det var det som hendte, saman med dei obligatoriske politiske fordelane. Og sanneleg, nokre få korte år etter at UA-senteret var etablert, gjekk visepresident Joe Biden sin son inn i direksjonen for Ukrainas største gassprodusent, Burisma Holdings. Hunter Biden leier Burismas juridiske avdeling og deira kontakt med internasjonale organisasjonar.

Boka Flashpoint in Ukraina[iv]gir meir enn nok prov for at Obama-regimet og deira privatiseringslyste forretningspartnarar kasta den prorussiske ukrainske regjeringa og sette inn ei regjering full av nynazistar og amerikanske elitar. Dei gjorde dette for å gjere seg sjølv rikare, og likevel blei det inga sak i media. Det er business som vanleg. Den gjennomsnittlege ukrainar tener ikkje noko på det: det gjer berre den «super-rovdyraktige amerikanske eliten som organiserte kuppet. Det er forunderleg å sjå.

Biden sin slå- og ta-operasjon fann stad i 2014. I 2015 tok eit anna superrovdyr, Natalie Jaresko, kontroll over Datagroup, eit kompani som kontrollerer Ukrainas telecom-marknad. Jaresko hadde ein gong jobb i USAs utanriksdepartement og koordinerte handel og handelsselskap som hadde med det tidlegare Sovjet-Unionen å gjere, medrekna Overseas Private Investment Corporation. Sjekk henne ut på Wikipedia. Ho er ein del av den globale eliten: Det internasjonale pengefondet/Verdsbanken/Den europeiske bank for rekonstruksjon og utvikling. I Clinton-administrasjonen tente ho som leiar for den Økonomisk seksjon ved USAs ambassade i Ukraina og hjelp til med å legge grunnlag for statskuppet som fann stad er 20 år seinare. Mange fleire er planlagd.

Jaresko fekk ukrainsk statsborgarskap same dag som ho blei utpeikt til finansminister i Ukraina i 2014. Deretter pressa ho konkurrenten sin, eigaren av Datagroup, ut i konkurs ved å bruke den typen svindel med lån i utanlandsk valuta som mafialeiarar og økonomiske leigemordarar føretrekk. Det er slik ein heilt fri kapitalisme verkar. Dei overlesser dei nasjonane og forretningsfolka, som dei har peikt ut som mål, med gjeld og så reinskar dei desse ut. Og igjen får vi ikkje eit ord i protest frå media. Der er «frihandel» i aksjon.

CIA speler ei sentral rolle i desse spela, ved å gjere dei illegale sakene som dei kan nekte for på truverdige måtar, noko som krev høgteknologisk spionasje og undergrunnsfinansiering – ved å rekke inn i politi-filar eller bruke private etterforskarar for å finne skit på folk og så sette dei opp og drive utpressing mot dei. Denne typen undergravings-operasjonar kan ikkje bli gjord offentleg av folk som Biden og Jaresko og deira PR-folk. Operasjonar i utlandet må dei gjere i løynd ved hjelp av den kriminelle underverda.

Andre gongar spelar media ei sentral rolle. I USA, til dømes, vinn folk val gjennom negative kampanjar. Det demokratiske partiet hyrar etterforskarar for å få fram skit om republikanske kandidatar. Republikanarane gjer det same. Sannheita speler ikkje noka rolle fordi hendingane skjer i augneblinken. Så blir tomme påstandar til sanning før nokon kan svare. Det har blitt påstått at Senator Elizabeth Warren har hevda at ho delvis høyrde til den opphavlege folkesetnaden (indianar) då ho søkte seg inn på Harvard, og då ho begynte å drive kampanje for Hillary Clinton kalla Trump ho for «Pocahontas» kvar gong han fekk ein sjanse. Det finst alle slags måtar, innan den evig spektakulære dominansen, som brukast for å verke inn på hendingar gjennom oppdikta skandalar og feilframstillingar utan at det er ulovleg eller hemmeleg. Dei einaste som trengs er status som berømt, ein Twitter-konto og merksemd frå nettverka for informasjonskontroll.

Guy Debord sa det lenge før Internettet i boka Comments on The Society of the Spectacle. «Eit aspekt ved at all historisk kunnskap forsvinn kan vi sjå på måten individuelle omdøme kan endrast medvete av dei som kontrollerer all informasjon: informasjon som blir samla og også – noko som er ei heilt anna sak, informasjon som blir kringkasta. Moglegheita deira til å framstille saker feil er ikkje avgrensa av noko.

Alle kan bli tilgrisa, og ved sida av dei få ukjende og verna i CIA og Det nasjonale sikkerheits-etablissementet, finst det ikkje noko forsvar. I utlandet samlar CIA heile tida informasjon om motstandarar, som til dømes Vladimir Putin, og gir det vidare til dei vestlege media som er overlukkelege for å kunne spinne vidare på det på millionar av forskjellege måtar.

Det som er mindre kjend er at CIA også er engasjert i å endre balansen i heimlege så vel som utanlandske strider. Det er grunnen til at det er løynd og kvifor alle piratar med papir frå det offentlege hegnar om det. Dei deler den same forretningsideologien. CIA-offiserar, PR-folk, journalistar, politikarar og akademikarar som blir betalt for å gi «ekspert» kunnskap på Fox eller MSNBC manipulerer med vilje sosiale og politiske rørsler her i USA akkurat som dei gjer det for den ukrainske opposisjonen eller den venezuelanske opposisjonen.

CIA setter opp Twitter-kontoar og facebook-sider og sosiale nett-sider for å skyve folk inn i masseorganisasjonar for å nå dei sosiale måla sine. I mai 2016 kutta twitter «av USAs etterretnings-organisasjonar frå ei teneste som går gjennom alle twitter sine sosiale media-poster».[v] Den som var skuldig var CIAs Open Source Enterprise, som hadde kontrakt med ein privat kontraktor, Datminr, gjennom CIAs tydelege risikovennlege kapitalfond, In-Q.Tel, for å spionere på amerikanske borgarar. Slike super-hemmelege «etterretningstiltak» blir ofte brukt som dekke for svært illegale «offensive etterretnings» operasjonar.

Dawson: Vi så National Endowment for Democracy, som er heilt og fullt CIA, langt framme i Ukraina. Men kvifor treng CIA så mange mellommenn? Kva er føremålet med å ha 40 forskjellige ikkje-regjeringsstyrte organisasjonar?

Valentine: Eg vil gi deg eit eksempel. Då CIA gjekk inn i Vietnam som hadde ein kultur som USA ikkje var kjend med, var det først dei gjorde å kjøpe mykje eigedom. Dette var under Den første Indokina-krigen, og dei gjorde det i løynd, gjennom oppkjøparar, slik at dei kunne ha sikre hus som dei kunne bruke for å sette opp organisasjonar seinare. Det er alltid best for dei å kjøpe eigedommar i krisetider når prisane er låge. Som Trump alltid seier: «Kjøp lågt» Og når er prisane lågast? Som Baron Rotschild så vidgjete sa: «Når det er blod i gatene.»

CIA kjøpte store eigedomsområde i Saigon mellom 1952 og 1955, under Den første Indokina-krigen, då der var blod i gatene. Dei kjøpte førsteklasses eigedommar til 10 % av verdien. Det er det første steget – få ein fot å dørsprekken. Desse bygnadane var stader der CIA-offiserar kunne møte agentane sine og planlegge skitne handlingar. Dei let NGOar og sivile organisasjonar få nokre til sine operasjonar.

William Colby presenterte meg for ein av medarbeidarane sine, Clyde Bauer, den CIA-offiseren som dreiv Air America i Vietnam for lenge sida. Bauer fortalte meg at han sette opp South Vietnam’s Foreign Relations Council, Chamber of Commerce og Lions Club «for å skape ein sterk sivil base». Dette er det CIA gjer i Ukraina gjennom UA-senteret. Dei skaper ein pro-amerikansk sivil base som det kan komme politiske kandidatar frå.

CIA verkar inn på politikken i andre land på mange måtar. CIA-offiserar slusar heile tida pengar til alle politiske parti, høgre og venstre, og opprettar agentar som har stor rekkevidd for å oversjå og manipulere den politiske utviklinga. Dette er standard operasjons-prosedyre.

Det neste CIA gjer er å ta kontroll med nasjonens hemmelege tenester. Dei gjorde det i Vietnam og i Ukraina. Slik eg har forklart andre stader gir dei tilbod om trening og høgteknologisk utstyr til folka i dei hemmelege tenestene. Dei korrumperer dei og bruker dei for sine eigne formål, slik dei  brukte SAVAK i Iran. Det er i høgste grad illegalt å underlegge seg representantar for andre makter. Vi liker ikkje når nokon gjer det mot oss og det er ikkje noko ein person med stor påverknads-kraft er trena til å gjere (sjølv om den private sikkerheits-styrken hans sannsynlegvis består av tidlegare CIA-offiserar som veit korleis det skal gjerast).

CIA infiltrerer alle dei politiske partia og så snart ein politikar som dei eig er på plass, høgre eller venstre, kan dei løfte han/ho til forsvarsminister eller innanriksminister. Desse ministrane blir betalt av CIA og utpeiker representantar til det militære, sikkerheitstenestene, politileiarar som gjer det som CIA befaler. CIA prøver å plassere sine folk overalt i den nasjonen dei har fanga innan regjering og sivilsamfunn. I Sør-Amerika rekrutterer dei yngre offiserar gjennom School of Americas (som no har endra namn) og, når den rette tida er inne, får dei dei til å sette i gang kupp med støtte frå alle dei andre folka dei har kultivert i årevis, av og til i fleire tiår.[vi]

Dei store føretaka i USA (corporations) treng CIA for å få desse parallelle regjeringane på plass. CIA treng inn i militæret og i sikkerheitstenestene, og samstundes skapar dei ein sivil base gjennom organisasjonar som dei kan fornekte, slik UA-senteret. Dette er måten samfunn blir styrt på når der ikkje finst ein overveldande folkeleg støtte. Dei gjer deg gjennom å tileigne seg eigedom og ved å ha dei passande folka i regjeringar og i dei sivile institusjonane.

CIA rekrutterer folk på staden som Lech Walesa i Polen. Folk som leier fagorganisasjonar er ofte betalt av CIA, det same med folk som driv utdanningssystemet. CIA kan rekruttere desse folka fordi dei har så mykje pengar. Russarane kan ikkje konkurrere når milliardærar som George Soros overrislar ein million her og fem millionar der – pengar som går til å bygge sivile institusjonar som er ideologisk samstemd. Om folk gjer det for pengar eller tru på ei betre framtid, så manipulerer CIA dei samfunnsmessige og politiske prosessane. Offiserar frå CIA rekrutterer folk og set dei på plass, får dei til å signere kontraktar som klårt seier «Som ei motteneste for å fremme våre interesser her i Kiev vil du få 100 000 dollar på ein bankkonto i ein sveitsisk bank og livet ditt vil bli rosenraudt.»

Det er illegalt. Det er svikefullt. Du kan ikkje ta pengar frå ei utanlandsk spionorganisasjon og arbeide mot ditt eige land, men det er det CIA gjer i Ukraina nett no og rundt om i verda i ein massiv skala.

Dawson: Eg ville spørje deg om Human Intelligence. Kva er Intelligence Community Dirctive 304?

Valentine: Det kom ut i 2009. Viss nokon vil lese det er det berre fire-fem sider langt.[vii] Det fortel med brei pensel og enkle ord kva FBI, CIA og Forsvarsdepartementet gjer for National Director of Intelligence, når det gjeld HUMINT.

Stillinga Director of National Intelligence fanst ikkje før Bush blei president i 2001. Fram til då var det direktøren for CIA som leia alle etterretningsorganisasjonane. Men etter 9/11 leia ikkje CIA-direktøren alle dei andre organisasjonane. Den rolla gjekk til den nye Director of National Intelligence, som sidan 2001 har vore James Clapper. Bush skapte DNI-jobben for å gjere det mogleg å få betre kontroll med dei heimlege etterretningsoperasjonane.

I 2009 utforma Director of National Intelligence direktiv 304 for å definere jobbane til militæret, CIA og FBI. Den siste kopien som vi finn på nettet er redigert. Dei kutta ut delar om kva CIA gjer. Det er standard å klassifisere (som hemmeleg) namna til CIA-offiserane i Ukraina, kva dekkposisjonar dei har, kven dei har muta og fått under seg. Viss presidenten av Rotay-klubben er CIA-agent blir dei tinga klassifisert fordi dei er illegale. Men takk vere direktiv 304 får du ikkje ein gong vite kva som ikkje er hemmeleg når det gjeld CIA sine operasjonar. Så gale har det blitt.

Igjen dreier det seg om kontroll over informasjon. Dei vil ikkje at du skal vite noko. Det er slik dei utøvar makt over deg. Herskarane dine er forgjord av kontroll med informasjon og å ikkje la deg få vite kva som går føre seg. Nett som Greenwald skjuler skattkammeret sitt med NSA-dokument som han har fått av Snowden, og berre let ut nokre dropar som han vil at du skal sjå. Fordi makta til ein person eller ein institusjon er direkte lik moglegheita dei har til å kontrollere den informasjonen som makta kvilar på.

Dawson: Og for å profittere på det.

Valentine: Det er heile poenget. Demokratiet er øydelagd når regjeringa di hindrar deg frå å vite kva CIA gjer. Den typen demokrati er motsatsen til demokrati. Viss offentlegheita ikkje veit kva som går føre seg da her ho ikkje kontroll med sin eigen lagnad. Amerikanarane har gjeve opp så mykje kontroll, så mykje fridom.

Dawson: Kvar gong dei avklassifiserer noko finn vi ut at det ikkje hadde noko og gjere med sensitive løyndomar. Det berre skjuler illegal aktivitet, det er alt!

Valentine: CIA utfører ikkje hemmelege, illegale aksjonar rundt om i verda for å skape harmoni mellom klassar, kjøn eller raser i Amerika, eller for å oppmuntre palestinarar og jødar til å ta kvarandre i hendene og synge Pepsi sine reklamesongar saman. CIA gjer det på oppdrag frå Clintonane og Bushane. Dei gjer det for Omidyar og Bill Gates og George Soros og folka som styrer over oss.

Dawson: Dei er den hemmelege militære armen til plutokratane.

Valentine: Ja. Phil Agee kalla CIA for «kapitalismens usynlege hær». CIA utfører ikkje hemmelege saker for å få minimumslønna opp, eller for å få bankierane til å bli meir forsiktige med å låne ut pengar til folk som ikkje har råd til det. Dei jobbar med bankierane. Dei vil at ukrainarane skal sette pengane sine i eit firma som sel aksjar for Morgan Stanley i Kiev. Dei vi suge livet av ukrainarane. Derfor er CIA der og dei er svært nøye på og forsiktige med kven dei rekrutterer for å nå målet sitt.

Dawson: Dei ønskjer ting som har ein verdi i seg som eigedom og jordbruk.

Valentine: Ja, det første dei vil ha er eigedom, og den beste måten å få prisen ned på er ved å få gong krig. Folk flyktar frå krigssoner i Irak, Libya og Syria. Så snart det skjer går prisane ned og føretaksrøvarar som Omidyar, Biden og Jarsko stupar inn.

Dawson: IMF held på med rovdyraktige utlån for å gjere folk til gjeldsslavar slik at dei må selje det dei har for å betale utlånaren. Når Ukraina begynte å gjere avtalar med Russland så kjem det plutseleg eit statskupp! Eg må berre le når NGOane som er samordna av UA-senteret snakkar om at dei spreier demokrati når det noverande regimet i Vest-Ukraina blei utpeikt.

Valentina: Javisst. Historia om CIA sine etterretnings-operasjonar i Ukraina er lærerik. OSS-offiserar i 2. verdskrig slapp Stephan Bandera ut av fengsel i 1944. Bandera var ein nazi-kollaboratør med ein væpna styrke som slakta polakkar, jødar og kommunistiske arbeidarar på austfronten. USA rekrutterte Bandera slik at han kunne kjempe mot den framrykkande Sovjetunionen. Ikkje noko har endra seg. For nett ti år sidan sette CIA i gang «oransjerevolusjonen» med same mål – å kjempe mot Russland. Det var ein av dei første fargerevolusjonane og dei same personane var med her som blei brukt i kuppet i 2014.

Dawson: En giftskandale som den med dioxin.

Valentine: Kona til den regjerande presidenten i Ukraina (i 2014) er ein amerikanar og ho er ein del av den ukrainske eksilfraksjonen. CIA har ein stall full av folk i eksil frå alle kantar. Ngo Dinh Diem budde i Amerika då Ed Lansdale sette han inn som president i Sør-Vietnam. Han vaska golv for eit Marykoll seminar i Lakewood, New Jersey. Dei har eit lager av folk i eksil og aktivere dei og agentnettverka deira når det trengs. Eit nyleg eksempel er Fethulla Gülen, ein amerikanskbasert, tyrkisk forretningsmagnat som prøvde å kaste statsminister Erdogan i juli i 2016.[viii] Ettersom Joshua Cook rapporterte i 2014 kom Gülen til USA i 1999 på grunn av det som ble oppgitt som helseproblem og fortsette å bu i USA etter å ha fått visumet sitt med hjelp frå tidlegare CIA-folk. Før det sette FBI seg mot at han fekk varig opphald. Ifølgje lekka meldingar trur delar av regjeringa i USA at «Gülen er ‘ein radikal islamist’ med ein moderat bodskap som dekkjer over ein mørkare og meir radikal dagsorden.»

Cook rapporterte at «Gülen-inspirerte skular er det største privatskule-nettverket i USA og tar imot om lag 150 millionar dollar kvar år av skattebetalarane sine pengar. Det finst om lag 130 av desse privatskulane i 26 statar og mesteparten av lærarane er frå Tyrkia (og) mange av kontraktane for bygging og drift har gått til tyrkiske føretak. Dette heiste raudt flagg for regjeringa i USA.»

Folk som Diem og Gülen kjem ut frå under steinane sine og fyllar regjerings- og sivil-institusjonar som CIA skaper i nasjonar der dei får til regimeendringar. Dette er noko anna som går føre seg over alt i verda.

Dawson: Vi så det i Cuba til dømes der CIA faktisk hyra inn Meyer Lansky og mafiaen til å gjere det skitne arbeidet sitt. Og vi ser at den ukrainske regjeringa hyrer inn ein gjeng med nynazistar.

Valentine: Som vanleg har eg tatt lang tid for å komme til poenget mitt, men ja, CIA har operert med ukrainske folk i eksil sidan slutten av 2. verdskrig då dei hyrte Reinhard Gehlen. Gehlen hadde vore leiaren den tyske hæren si spionering mot Sovjet. USAs regjering si etterretningsavdeling hyra Gehlen i 1945, men så snart som CIA var organisert, snappa dei han og gav han ansvar for Aust-Europa. CIA brukte denne tidlegare nazisten for å aktivere att dei spionnettverka han hadde i Ukraina, Polen, Latvia og alle landa i Aust-Europa, og desse gamle nazi-spionane begynte å arbeide for CIA.

Dawson: Dei gjorde det same i Japan. Dei fekk Jakuza og tidlegare japanske spionar til å spionere på kinesarane. Dei trengte etterretningar, og dei hadde ikkje nok folk som snakka kinesisk eller folk som kunne infiltrere. Så dei held på dei same folka frå det japanske imperiet som hadde vore der sidan 2. verdskrig.

Valentine: Alt dette er illegalt, men det er dette CIA gjer rundt om i heile verda. Dei har gjort det i Ukraina i generasjonar. Dei har barnebarna til nazistar på løningslista og ein utruleg infrastruktur av nynazistiske hemmelege agentar som har kjempa mot Russland i sytti år.

Russarane kjenner namna deira, kor dei bur og kor CIA har sine sikre hus. Men amerikanarane har ikkje peil. Dei trur at krisa starta i dag fordi media presenterer det slik. Journalistane, redaktørane deira, industrieigarane, utgjevarane – som no inkludere Omidyar – vil ikkje vite om alle dei illegale aktivitetane som CIA er med på, på vegne av dei. Så dei som eig New York Times og Washington Post tilsett redaktørar som dirigerer journalistane slik at dei aldri rapporterer om kva CIA gjer.

Dawson: Nokre av dei er CIA.

Valentine: Journalismen i USA er eit tradisjonelt dekke for CIA-offiserar. Og når media-eigarane ikkje dekker for CIA sel dei avertissement-tid til dei multi-nasjonale korporasjonane som i sin tur sel deg varer som er laga i arbeidsplassar med dårleg løn og dårlege arbeidstilhøve i land der CIA har sørga for regimeendringar. Du kan mest seie at det ikkje finst noko slikt som rapportering av fakta. Dei er så verdifulle som mesteparten av dei overprisa varene som folk kjøper for å heve statusen sin. Alt er vridd og servert i ni sekundars lydperiodar, slik at du vil kjøpe noko, ikkje vite noko og gløyme noko.

Dawson: Viss nokon er forvirra, berre sjå på rapportane frå Ukraina, eller rapportane i dei ni åra då dei førebudde Irak-krigen. Legg merke til kor lik alle dei tre-bokstav media var. Rapportane blei avslørt undervegs. Likevel fekk du ein komplett einsidig historie på TV. Den er for krig, for statskupp.

Valentine: Eg meiner at problemet ikkje er at CIA infiltrerte journalismen, men heller at CIA fremmer journalismen som business – noko som verkeleg er kapitalismen sin reklamebransje. Dei jobbar saman. Dei journalistane som «kan stolast på» som skriv om CIA slik Seymour Hersh gjer det – seier aldri det som eg seier her. CIA og media er delar av den same kriminelle konspirasjonen. Du vil aldri lære noko viktig ved å lese det som mainstream journalistar diskar ut om CIA. Du kan ikkje ta eit kurs for journalistar i CIAs kriminelle konspirasjonar 101.

Dawson: Det er grunnen til at eg laga dokumentarfilmen kalla «Tiår med bedrag» som tok for seg ein bunke med hemmelege operasjonar – som har blitt heilt avslørt – som CIA var innblanda i er i kontrollerte heilt.[ix]

Men å få det ut i ljoset er ei dråpe i havet samanlikna med kva massemedia spreier og kor mykje feil vi blir servert på skulen og på TV.

Valentine: Dei siste 240 åra har det amerikanske samfunnet hatt som målet sitt å gjere ei lita gruppe med eigedomseigarar og deira påfølgande generasjonar rikare som tok over verda etter at dei hadde erobra kontinentet. Dei sivile institusjonane og regjeringsinstitusjonane i USA har i over 240 år blitt organisert for å fremme dette målet. Det faktum at CIA kom for 70 år sidan og har skyve prosessen frametter ved å gjere illegale saker på industrielt grunnlag har ikkje endra drivet til det amerikanske imperiet og deira leiande menn.

Dei folka som kontrollerer UA-senteret og styrer operasjonane i Ukraina gjer det same her. Det er dei same herskarane. Det er dei same journalistane, dei same politikarane, og dei gjer dei same sakene. Berre spor kva dei har skrive.

Dawson: Og dei kan forvri massive hendingar. Eg meiner at å få ei avis eller ein TV-reportar til å nemne at Palestina er under okkupasjon – det vil aldri skje. Aldri.

Valentine: Og likevel tenkjer folk at dei har fridom her. Eg gissar at alt er relativt, men viss du tar til å vite lite grann, skjønar du at du ikkje kjenner til mykje «sanning» i det heile.

Dawson: Internettet lagar ein liten bulk i det, men ikkje nok. Ikkje enno, men eg har eit håp for det likevel.

Eg er sekstiseks: då eg tok til med å skrive tilbake i dei tidlege 80-åra kunne det ta ein månad å få kontakt med nokon for å få kunnskap om ein sak. Det går fortare no. Men CIA er også hurtigare no. Dei skapte eit nytt Digitalt Direktorat for å kontrollerer internett-informasjonen på ein meir perfekt måte. Kontrollen av vitskapleg og teknologisk informasjon er like viktig som kontrollen av ord – den intellektuelle informasjonen som er skriven ned eller kringkasta. Kontroll med vitskapleg informasjon er eit middel til å kontrollere ideane våre og korleis vi vurderer saker. På same måte som CIA er i front når det gjeld propaganda på Internett er den vitskaplege og teknologiske avdelinga deira i front med å skape dei industriane som driver verda.

CIA er i front i drone-  og våpenteknologi – alle slags teknologiske framsteg som berre tener den herskande klassen og gjer han rikare. CIA er i front i den forskinga og utviklinga som har med Internettet å gjere også.

Tilbake midt på 1990-talet fekk eg undervisning i hypertekstspråk. Og til mi overrasking fekk vi vite at all informasjon var ruta gjennom superprosessorar i Langley. Putin sa nyleg at Internettet var eit av CIA sine spesialprosjekt, og han hadde rett. Eg hugsar då forsvarets framskridne forskingsprosjekt kom ut med ARPANET, som gjorde det mogleg for oss å til tilkomst til informasjon i college-bibliotek tidleg på 1990-talet. Alt blei gjort under Forsvarsdepartementet, som fronta for CIA.

Så dei moglegheitene Internettet gjer er ein ny fridom, men samstundes nyter vi den fridommen på løyve frå CIA. Viss dei ville kunne dei stenge det heile ned på ein augneblink. Dei kontrollerer det og overvakar alle sidene ved det. Viss vi verkeleg gjorde noko som truga dei så ville dei vite om det i eit nanosekund og aktivitetane våre ville bli stoppa. Men vi er berre mygg.

Dawson: FFC har allereie teke steg for å øydelegge nøytraliteten på nettet i USA. Eg ser at Internett-fridom er ein slags svart svane. Vi har alle desse kommersielle føremåla, heilt klart: folk som Omidyar som tener pengar ved å selje ting online, men eg er ikkje sikker på at dei var engstelege for at der ville vere folk som blei sjølvlærde journalistar og begynte å rapportere om alle dei fæle tinga dei gjer.

Valentina: Folk er avhengige av Internettet no og viss Bill Gates eller Omidyar ville, så kunne dei begynt å ta ein dollar dagen for å bruke det. Det er som eit narkotikum. Det første skotet er gratis. No er tida inne for dei å begynne å ta betalt. Ikkje noko som skjer på Internettet no fortel oss korleis det vil bli om fem år. Heile denne Internett-fantasien kan bli eit mareritt ganske snart.

Dawson: Vel det var ganske dystert, men du kan ha rett. I alle fall tar dei betalt og tenester og ei liker det ikkje. Men du kan kontrollere informasjon totalt viss du veit kven som er hurtig og kven som er sakte: det er alt som trengs.

Valentine: Viss du var ein Internett-entreprenør, kor mange måtar trur du at du kunne finne på for tene pengar på det? Folk er avhengige av iPhones og teksting. Dei som driv tenestene heng rundt skuleplassen og dei gir deg fri Skype. CIA også. Viss engelskmennene kunne sleppe unna at dei pusha opium i Kina i 1848, kva får deg til å tru at CIA ikkje vil gjere det her og no?

Dawson: Selje opium? Ha.

Valentine: Vel, lat oss komme tilbake om fem år og sjå om eg får rett.

Dawson: Nyt dei gode tidene, for desse små fridomsbitane som vi har no kan vere dei siste. «Du treng ikkje ein vêrmann for å vite kva veg vinden bles.» Det er som med direktiv 304, som du kunne finne online, men som no er klassifisert som hemmeleg. Borgarlege rettar blir stadig færre, dei blir ikkje fleire. Høgsterett sa nett at ingen kan utfordre Obama sin rett til å internere.

Dawson: Han drep utan rettargang og.

Valentine: Dei kan gjere kva som helst og det kjem ikkje til å bli betre ettersom resursane blir færre og inntektsforskjellane blir større, desse utviklingstrekka kjem berre til å forverrast.

Dawson: Ja, dei hadde den største overføringa av pengar til storføretaka nokon sinne, men så forsvann det. Og det var etter seksten milliardar dollar i redningspengar til desse finansinstitusjonane, pluss Federal Reserve som hoppa etter dei med enno meir pengar.

Valentine: Dette er eit perfekt eksempel på at vi ikkje lever i eit demokrati. På den tida gjorde dei nokre spørjeundersøkingar, og nitti prosent av det amerikanske folket ville ikkje at regjeringa skulle dekke bankane sin gjeld. Det som skjedde var bestemmingar tatt av dei løynde herskarane våre. Alle store bestemmingar i demokratiet vårt blir tatt av dei.

Dawson: Og massemedia er samd med dei: «For stor til å gå konkurs!»

Valentine: Ja, det er eit fengande slagord. Og der er færre herskarar heile tida og fleire av oss som slit oss fram på utsida, og som betalar rekningane deira.

Dawson: Vel, få fram høygaflane folkens!


[1] Denne organisasjonen er ein del av Omidyar sitt enorme nettverk av NGOar. Det ser ut som Omidyar støttar fleire motstridande politiske retningar og at motivasjonen derfor ser uklar ut. Ein interessant artikkel frå i fjor i ein propagandakanal for USA, Middle East Forum, seier noko om dette og fortel ein del meir om Omidyar og hans organisasjonar. Dei framstiller det som om han støttar styret i Iran. Men det som kjem klart fram er at han bygger og leier ei stor mengd NGOar over heile verda der han slepp til og at han har mange organisasjonar i Iran, slik han har hatt i Ukraina. I USA tar Omidyar opp arbeidarrettar og arbeidsforhold og ser sosialdemokratisk ut. Mykje av den andre politikken hans ser og ut til å gå i denne retninga no. Men han driv og arbeid mot såkalla desinformasjon og står i den heilskaplege politikken sin for USA sine interesser etter det eg kan sjå. Vi kan sjå overskrifta på det overordna programmet hans og dei organisasjonane som samarbeider med nettverket hans her. Det samsvarer nok mykje med Schwab sine tankar om å forme om kapitalismen gjennom ein «reset» og «stakeholdercapitalism».


[i] Tatt den 10. februar, 2016 frå http://centreua.org/en/team/445/, slik det er sitert i Chris dePloeg, Ukraina in the Crossfire, Clarity Press, Inc., 2017

[ii] R. Olearchyk, (14 desember, 2013). Ukraina: Inside the pro-EU protest camp. Tatt frå http://blogs.ft.com/beyond-brics/2013/12/14/ukraina-inside-the-pro-eu-protest-camp/?Authorised=false sitert i dePloeg, Ukraina in the Crossfire.

[iii] Sitert i dePloeg, Ukraina in the Crossfire.

[iv] Stephen Lendman ed., Flashpoint in Ukraine: How the US Drive for Hegemony Risks World War III, Atlanta, Clarity Press, 2014.

[v] Eamon Javers, «Kvifor Twitter valde å gå til kamp mot CIA», CNBC, 13. mai, 2016.

[vi] Se kapittel 4: Den systematiske innsamlinga av opplysningar (intelligence).

[vii] <http://fas.org/irp/dni/icd-304-2008.pdf>

[viii] Joshua Cook, «Exclusive: FBI Whistleblower and Teacher Expose Islamic Gülen Movement Infiltrating U.S. Through Charter Schools», Truth in Media, 28. juli 2014.

[ix] http://www.ancreport.com/documentary/decades-of-deception/

Sjå også:

Boyd-Barrett, O. (2016). Western Mainstream Media and the Ukraine Crisis: A Study in Conflict Propaganda. Routledge.

Chris Kaspar de Ploeg. Ukraine in the Crossfire. Clarity Press.

(Boka er samanfatt og kommentert av Terje Valen som og har omsett kapittel 9.)

Terje Valen, laurdag 29. oktober 2022

Dei lange linjene i USAs geopolitikk¨

Kapittel i  ii iii  iv v  vi  vii  viii  ix  x  xi

Dei lange linjene i USAs geopolitikk 1

Innleiing

For å forstå kva som skjer i verda no må vi i ha grep på nokre vesentlege saker. Vi må ha grep på dei grunnleggande trekka i Kina sin utanrikspolitikk og rolla til den alliansefrie rørsla i verda, om dei lange linjene i USA-England sin utanrikspolitikk og om rolla til det humanitær-industrielle komplekset i verda. Eg har skrive noko om alle desse felta tidlegare og du kan lese om  Eit anticolumbisk blikk på historia og Verdens undertrykte folk og land reiser seg. Men her skal eg ta for meg dei lange linjene i USAs utanrikspolitikk i noko meir detalj. Lese vidare.

Dei lange linjene i USAs geopolitikk 2

Tidleg historie

Før 1776 var USA ein del av England. Det vil seie at det var engelske undersåttar som gjennomførte den første delen av folkemordet mot indianarane og Parlamentet i England var ansvarleg. Det same gald elles både Australia, New Zealand, Canada og Sør-Afrika. Lese vidare.

Dei lange linjene i USAs geopolitikk 3

Dei store strategane – Admiral Alfred Thayer Mahan

Då landområdet i Nord-Amerika var sikra (i farten kriga USA også til seg meir enn ein tredel av Mexico og kjøpte opp Alaska) førde også herskarane i USA vidare ein annan viktig røynsle frå England. Dei såg på seg som ein sjøstat. Og då kjem vi til den først store geo-politikaren som har prega USA sin utanrikspolitikk fram til i dag. Lese vidare.

Dei lange linjene i USAs geopolitikk 4

Eksempelet Iran

Eg skal no sette inn siste del av ein lengre artikkel (som inneheld notar) om Irans historie frå dei tidlegaste tidene fram til rundt 1990, han er skriven på bokmål.

Under 2. verdenskrig støttet Iran først Tyskland, men da sovjetiske og britiske (og amerikanske i 1942) styrker rykket inn i august 1941 abdiserte Riza sjah og sønnen Muhammad Riza Pahlavi, han vi kjenner som sjahen av Iran, ble innsatt. Han styrte under engelsk-amerikansk formynderskap resten av krigen. Så gikk Iran med i krigen på alliert side. Engelske og sovjetiske tropper trakk seg ut av landet etter krigen. Sjahen åpnet landet for vestlig kapital og satte i gang reformer som møtte 7 motstand både fra småbønder, forretningsfolk og religiøse ledere. En bevegelse for selvstendighet økte stadig i styrke. Lese vidare.

Dei lange linjene i USAs geopolitikk 5

Brzezinski bygger på Mahan, Mackinder og Spykman

Så går vi tilbake til hovudforteljinga. Frå den russiske revolusjonen og frametter til tida etter 2. verdskrig låg ein stor del av det eurasiske kontinentet i Sovjet-Unionen. Etter 1949 låg ein annan stor del av kontinentet under Kina. Begge desse områda var då utanfor USA sin kontroll og berre ein viktig del av det vestlege Eurasia kunne bli dominert av USA, samt Sør-Korea og sjølvsagt det okkuperte Japan som blei omdanna til ein lydig vasall. Lese vidare.

Dei lange linjene i USAs geopolitikk 6

USA sin bruk av muslimske jihadistar

Reagan var ein kompromisslaus antikommunist. Med dei nye Pershing II og Cruise Missiles håpte han å avgrense ein atomkrig til Europa og å kunne utføre eit effektivt avgjerande slag. Ved sidan av atomvåpen var det andre våpenet hans valdelege islamistar. Gjennom kontakt med Mohammed Zia ul-Haq og Hamid Gul i Pakistan klarte dei å få 100 000 islamistar gjennom Koran-skuler der dei blei opplært til jihad i Afghanistan. Den 27. mars underteikna han National Security Directive Number 16 (NSDD 166.)[i] Det gav ordre til forsterka støtte til Muhjahedin og avdekka det nye målet med den hemmeleg krigen i Afghanistan. Lese vidare.

Dei lange linjene i USAs geopolitikk 7

Management of consent

Det er viktig å omsette denne overskrifta rett. Etter å ha sjekka Oxford Dictionary er det meining 2 som her er aktuell: The use of contrivance, prudence, ingeniosity or (especially) deceit or trickery for effecting some purpose (Bruk av påfunn, klokskap, smartheit eller (spesielt) bedrag eller simple knep for å oppnå eit endemål).Eg tenkjer derfor at ei grei norsk omsetting er Manipulasjon av samtykke. Her er det passande å sjå litt på den historiske utviklinga av USA sitt propaganda-apparat. Lese vidare.

Dei lange linjene i USAs geopolitikk 8

Meir frå «det store sjakkbrettet»

Det USA gjer for å leie verda, skriv Brzezinski, er å kooptere (ta inn i gruppa si) tidlegare rivalar, som Tyskland og Japan etter krigen, og Russland etter 1991. Så har USA stor innflyting på avhengige utanlandske elitar gjennom appellen frå sine demokratiske prinsipp og institusjonar. Same veikskapen finn vi i denne «analysen» og. Så trekk han fram at USA dominerer den globale kommunikasjonen, den folkelege underhaldninga, massekulturen og påverknaden av Amerikas framskridne teknologi og militære rekkevidd. I tillegg nemner han den amerikanske business-modellen som mange meinte var den beste. Lese vidare.

Dei lange linje i USAs geopolitikk 9

Brzezinskis konklusjon

I det sjuande og siste kapittelet i boka om det store sjakkbrettet, Eurasia, samanfattar han heile tankerekka si. «Tida har komme for USA å formulere og sette ut i livet ein samanhengande, omfattande, og langsiktig geostrategi for heile Eurasia. Denne trongen spring ut av samverknaden mellom to grunnleggande realitetar: Amerika er no den einaste globale supermakta og Eurasia er verdas sentrale arena. Derfor vil det som skjer med fordelinga av makt på det eurasiske kontinent være av avgjerande viktigheit når det gjeld Amerikas forrang og historiske arv.»[i] Lese vidare.

Dei lange linjene i USAs geopolitikk 10

Ukraina som eksempel

«Det er ikkje den som først grip til våpen, som får i stand ulukka, men den som tvingar ho fram.»

(Nicolo Machiavelli.)

De Babylon system is the vampire, falling empire, Babylonsystemet er vampyren, fallande imperiet,

Suckin’ the blood of the sufferer, Syg blod av offeret,

Building church and university, Byggar skule og universitet,

Deceiving the people continually. Narrar folket ustanseleg.

(Bob Marley, Babylon System.)

Innleiing

Det er ganske få som kjenner dei viktigaste trekka i den historia som har ført til Russland sin innmarsj i delar av landet. Men det er viktig å ha denne bakgrunnskunnskapen. Eg skal i det følgjande samanfatte forskinga om forhistoria til Ukraina-krigen til professor doktor Herman Mückler[i] og Wolfgang Effenberger frå boka deira Schwarzbuch EU & NATO – Warum dei Welt keinen Frieden findet, 2020. Mückler er født i 1964 i Wien og studerte etnologi, politikkvitskap og journalistikk ved universitetet der med hovudvekt på Oceania. Lese vidare.

Dei lange linjene i USAs geopolitikk 11

Krim og starten på Ukraina-krigen

Den russisktalande folkesetnaden i aust reagerte raskt då opprørsaktivistar overtok offentlege bygnader. Dei anerkjende ikkje det ulovlege regimeskiftet og det nye styret som til dels bestod av russarhatande høgrenasjonalistar. Den 16. mars 2014 gjennomførte dei ansvarlege på Krim ei folkeavstemming der det store fleirtalet stemte for ei tilslutning til Russland og Russland tok ei opp i seg. Mens politikarar og media i Vesten har, som eit bønnehjul, stadig teke opp att at Krim blei folkerettsstridig «annektert» hadde Reinhard Merkel, professor emeritus i strafferett og rettsfilosofi ved Universitetet i Hamburg, ei anna oppfatning. Les vidare.

Ei sentral oppfølging av denne teksten som tar opp korleis verdas undertrykte folk og land no reiser seg att er også viktig å lese.

Flagg 17. mai

Det er nå tatt initiativ til barn skal gå med ukrainsk flagg i 17. mai prosesjonene for å vise solidaritet med barn som lider under krig. Dette er et politisk og rasistisk utspill fordi det utelater barn i «ikke-hvite» stater som USA/NATO har gått direkte til angrep på eller i andre stater der de har finansiert og organisert stråmannskriger og drevet/driver økonomisk sanksjonskrig. Jeg tenker på kriger og sanksjoner som pågår eller har pågått, men fremdeles virker ødeleggende på barns kår.

Krigen i Jemen, drevet av Saudi-Arabia og støttet av USA, har pågått i mange år og har et helt annet fryktelig preg enn det som skjer i Ukraina. I 2021 anslo FN at rundt 377.000 mennesker var døde på grunn av den 7 år lange krigen i Jemen. Omkring 150.000 drept i kamper, resten på grunn av vannmangel, sult og sykdom. I 2021 døde det ett jemenittisk barn under fem år hvert niende minutt på grunn av krigen, ifølge FN. Over 3,6 millioner er på flukt. Ta med Jemens flagg 17. mai.

FN melder også om resultatene av krigen Libya. Libya har blitt et sentralt utfartssted for flyktninger og andre migranter som forsøker å reise til Europa over Middelhavet. Dette har ført til en oppblomstring av menneskehandel og andre former for utnyttelse av sårbare mennesker på flukt. Oljeproduksjonen, som tidligere utgjorde 96 prosent av landets inntekter, har havarert på grunn av rivalisering om kontrollen over oljeressursene.

Libya sank fra 53. plass i 2010 til 94. plass i 2015 på FNs indeks for menneskelig utvikling (HDI). Indeksen måler forventet levealder, utdanning og inntekt. I 2020 beregnet FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) at 900 000 mennesker i Libya har behov for humanitær assistanse. Svært mange av disse er selvfølgelig barn. Ta med Libyas flagg 17. mai.

Verden har sviktet barna i Syria, skriver Redd Barna i 2018. Hele barndommen er bombet sønder og sammen, og tre millioner syriske barn har ikke opplevd annet enn krig. Til tross for løfter om trygge soner og ny våpenhvile, har det bare blitt verre for barna som bombes i hjemmene sine, på skolen og på sykehusene, sier Tove R. Wang, generalsekretær i Redd Barna i en pressemelding fra 2018. Min kommentar er at barna der fremdeles lider under virkningene av krigen som har ødelagt landet i en helt annen grad enn det som skjer i Ukraina.

Vi har 13 millioner syrere som har behov for nødhjelp, mer enn seks millioner internt fordrevne, i tillegg til 5,5 millioner flyktninger i nabolandene, meldte Panos Moumtzis, fra FN alvorstynget. Mange millioner av disse er selvfølgelig barn. Ta med Syrias flagg 17. mai.

Resultatene av USAs okkupasjon av Afghanistan. Lenge før hendelsene i august i år (2021) var den humanitære situasjonen i Afghanistan en av de verste i verden. Koronapandemi og alvorlig tørke i store deler av landet påfører befolkningen ytterligere lidelser. Verdens matvareprogram opplyser at en tredel av Afghanistans befolkning- nærmere 14 millioner mennesker- allerede er utsatt for sult. Mer enn halvparten av alle barn under fem år trues av akutt underernæring. FNs generalsekretær António Guterres uttalte i september at millioner risikerer å dø: «Det er vår plikt å utvise vår solidaritet med folk som lider og der millioner risikerer å dø av sult», sa FN-sjefen. Sannsynligvis er de fleste av disse barn. Ta med Afghanistans flagg 17. mai.

Ukraina-flagg kan være greit nok, men å glemme barna på resten av kloden som lider under forskjellige typer krig eller økonomiske sanksjoner fra våre egne allierte utenfor den «hvite» verden er selvfølgelig arrogant vestlig rasisme og politisk stillingtagen for den «hvite» verdens fortreffelighet.

Det trengs å flagges i solidaritet med barn i mange land over hele verden som lider under krig, fattigdom og sult påtvunget av et flere hundre år gammelt økonomisk system etablert av den transatlantiske overklassen, nå med USA i spissen. Det trengs flagg fra mange land 17. mai i solidaritet med barn som lider over hele den «ikke-hvite» verden, og for barn som lider mer og har lidd lenger enn barna i Ukraina.

Terje Valen, onsdag 11. mai 2022

Columbisme, nazisme og Syria

Utvikling av omgrep og rett forståing av verda

Vi lagar omgrep for å forstå og fortelje om tinga og prosessane i verda. Vi kan lage omgrepa meir eller mindre systematisk, men i alle tilfelle går det føre seg slik at vi sansar mest mogleg om ein ting eller ein prosess slik dei går føre seg inne i ein heilskap av andre ting og prosessar. Berre med omfattande kunnskap om alle sider ved tinga og prosessane og deira utviklingshistorie i samband med resten av  verda (universet) er det mogeleg å gå vidare i prosessen med å skape omgrepa våre om dei. Fordi vårt eige utgangspunkt i verda er avgrensa må vi og ta reie på mest mogleg av det som det kollektivet vi lever i, menneskeslekta, erfarer og har erfart, slik dette er nedteikna og brakt vidare i form av samtalar, fortellingar og representasjonar i bøker og andre lagringsmedia.

Når vi har samla alt vi kan av informasjon er neste trinn å trekke frå dei trekka ved tinga og prosessane som skjuler den vesentlege grunnen til å tinga og prosessane er/utviklar seg slik dei gjer. Det kallar vi ein abstraksjonsprosess. Gjennom den kjem vi fram til det vesentlege ved tinga og prosessane som forklarar kvifor dei er som dei er, kvifor dei har utvikla seg til dette og innan kva for rammer dei endrar seg og vil måtte utvikle seg vidare dersom omgjevnadene ikkje gjer det umogleg.[i] Men både dei indre menneskeskapte vilkåra og dei ytre vilkåra kan endre seg så mykje at denne utviklinga ikkje kan finne stad. For menneska kan det skje ved ein kjernefysisk krig eller ved at ein enorm asteroide treff jorda.

Så er det slik at viss du ikkje har nok kunnskap om noko, eller om du ser bort frå viktig kunnskap, så gjer du falske abstraksjonar, og framstiller saken feil. Men viss du har denne kunnskapen og skjuler han medvite når du framstiller saka, så lurer du folk. Eg meiner at dei abstraksjonane som vi nå stort sett får presentert når det gjeld menneskehistoria gjennom dei siste fem hundre åra, gjennom alle slags media, stort sett er falske abstraksjonar og skjuler det vesentlege og gjer det umogleg å forstå kva som eigentleg går føre seg. Dei er grunnleggande eurosentriske og tener til å sameine finanskapital og arbeidarklasse i dei columbiske sentralmaktene i kampen mot alle som vil bryte ut av dette systemet. Det gjer det umogeleg å utvikle ein korrekt politikk for frigjering av undertrykte nasjonar og menneske i verda. Meininga med omgrepet den columbiske epoken eller columbismen, er å komme nærare meir korrekte abstraksjonar og framstillingar av historia. Det gjer at vi blir betre til å ta rette standpunkt i politiske spørsmål slik at vi kan påverke historia i mest mogleg menneskeleg retning.

Omgrepet columbisme

Eg meiner at den verdskjende geografen, Halford Mackinder, var på rett spor, i høve utviklinga av verdshistoria, då han i 1904 kalla tida etter 1492, då Columbus kom til Amerikas, for den columbiske epoken i verdshistoria. Han hadde først og fremst i tankane at heile verda var «oppdaga» og faktisk tala delt mellom nokre «kvite» stormakter. Derfor tenkte han også at den columbiske epoken då var slutt. Men han nemnte ikkje ein annan  kunnskap som vi har om denne epoken, nemleg dei metodane dei «kvite» stormaktene brukte for å legge resten av verda under seg og bruke han til eigen fordel.[ii]  

Desse metodane begynte med Columbus andre reise, då han og broren sette i gang eit arbeid for røve så mykje rikdom ut av det området (Hispaniola) dei hadde «oppdaga», som dei kunne. Alt i alt førte det til at dei rundt 8 millionar opphavlege innbyggarar som var blitt «oppdaga» ikkje fans eit par generasjonar seinare. Denne folkemords-, røveri-, undertrykkings- og utbyttingspolitikken, eller holocaust-politikken, har sidan prega heile den columbiske epoken. Dei verste utslaga av denne politikken var i Amerikas og Australia, men det finnast tallause eksempel på dei også i Afrika og i Asia. Godt kjend er Belgisk Kongo til dømes. Eit av dei siste eksempla er USA sine sanksjonar mot Irak som drap 500 000 barn. Og same columbiske politikken fører til at det døyr eit barn av svolt og sjukdom kvart 5 sekund i verda og at rundt ein milliard menneske eksisterer under eller på kanten av det dei treng for å leve. USA og deira allierte sine økonomiske krig mot statar som dei ikkje har kontroll med slik at dei kan utbytte dei, i form av sanksjonar, er eit viktig bidrag til at dette skjer.

Nazisme og columbisme

Stephen Gowans, som har gjeve ut kanskje den beste boka om krigen i Syria,[iii] har skrive ei samanlikning mellom dei «kvite» maktene rundt Nord-Atlanteren si handsaming av dei områda dei etter kvart erobra, med Nazi-Tyskland si jødeutrydding – eller holocaust, og med det som skjer i Syria.

I Tyskland jobba Hitler og nazistane med å overtyde fleirtalstyskarane om at den marxistiske ideologien, som millionar av tyske arbeidarar støtta, var ein trojansk hest som jødane brukte for å kunne opprette politisk herredømme over den tyske majoriteten. Hitler hata marxistane fordi dei fremja solidaritet mellom arbeidarar over nasjonale grenser. Når marxistane hevda at arbeidarklassen ikkje har noko land og at arbeidarar i all land måtte sameine seg og at det fans ei grunnleggande antagonistisk motseiing mellom arbeidarklasse og borgarskap, så oppfatta Hitler det som ein styggedom mot den tanken han hadde kjær: at tyskarane var ein einskapleg, stor og mektig rase som naturen hadde bestemd skulle herske over mindre mektige nasjonar. «Berre med tysk einskap kunne den store draumen om tysk leiarskap, forrang og det å vere uunnverleg – for å låne ord som Washington bruker for å omtale sine eigne aspirasjonar for globalt hegemoni – bli oppnådd.»[iv]

Gowans gjennomgår så utviklinga av Hitler sitt syn på jødane ut frå det han skreiv i Mein Kampf. Frå å meine at dei berre var menneske med ein annan religion gjekk han etter kvart over til å tru at dei var ein annan rase. Det var først og fremst den sionistiske retninga som hevda at jødane var ein nasjon som overtydde han om at det var slik og dei var ein nasjon som var skild frå den tyske. Og i tillegg påstod han at den framande jødiske nasjon hadde begynt å underminere den tyske rasen innanfrå ved å spreie den internasjonalistiske og splittande marxistbasillen.[v] Jødar og jødedom blei så slått saman med marxismen, sosialdemokratiet og internasjonalismen. Samstundes påstod han at den internasjonale finansen også var jødane sitt verk, med sine aksjemarknader og sitt demokrati. Det var ikkje berre han som tenkte dette på denne tida. Det var fleire blant eliten i Europa som meinte at jødane stod bak kvar einaste revolusjon, medrekna den franske i 1789.

Ein typisk representant for denne eliten var fascistvenen, Winston Churchill. Han var ein varm forsvarar av den herskande klassen sine privilegia og det britiske imperiet si diktatoriske undertrykking av koloniane. Han roste Mussolini og gjorde det klart at sympatiane hans gjekk mykje sterkare til fascismens forsvar av klasse-, rase- og kjønnsdiskriminering, som passa han og hans klasse, enn til det bolsjevikiske prosjektet som gjekk inn for å fjerne diskrimineringa.

Etter ein visitt til Roma 1927 talte Churchill varmt om Mussolini si fascistiske rørsle. «For ein mann!» uttalte han med entusiasme. «Eg har tapt hjartet mitt … fascismen har gjort heile verda ei teneste.» Så la han til at viss eg hadde vore italienar «Er eg sikker på at eg hadde vore med (fascistane) heilt frå byrjinga av deira sigerrike kamp mot dei nederdrektige appetittane og lidenskapane til leninismen».[vi] Og han understreka også seinare, fire år etter at Hitler hadde komme til makta, kor lojaliteten hans låg, då han i det engelske Underhuset sa at «Eg vil ikkje late som eg ville ha vald kommunismen viss eg måtte velje mellom kommunisme og nazisme».[vii]

Nett som Hitler var Churchill ein rasist som trudde på at den kvite rasen var overlegen og hata medlemmer av «rasar» og nasjonar som den europeiske eliten såg på som mindreverdige. Han beskreiv indianarar som «eit ufyseleg folk med ein ufyseleg religion». Palestinarar var «ufyselege hordar som ikkje åt mykje anna enn kamelskit.»[viii] Han sa at «han trudde verkeleg ikkje at svarte folk var så dyktige og effektive som kvite» og at han hata «folk med skrå auge og sideflette.»[ix] Laurence James skreiv at då han var midt i tjueåra «Hadde Churchill absorbert det vanlege rasedogmet som peika ut den anglo-saksiske rasen som på eineståande vis er kvalifisert til å herske,»[x] noko som berre var forskjellig frå Hitler si tru når de gjeld nokre detaljar. Øydelegginga av ikkje-europearar i koloniane var akseptabelt, for ikkje å sei rett ut ønskjeleg, slik Churchill såg det, eit argument som Hitler og mange europearar, medrekna til og med nokre sosialdemokratiske gigantar, mellom dei, «reformsosialisten» Edvard Bernstein, ville applaudere. Churchill kremta om at det ikkje var gjort mykje gale mot «dei raude indianarane i Amerika eller dei svarte folka i Australia». Det var berre slik at «ein sterkare rase, ein rase av ein høgare grad, ein meir verdsvis rase» hadde « komme inn og tatt deira plass.»[xi] Dette var Hitler sin ideologi, men like mykje ideologien til den europeisk kolonialismen og dei mange forkjemparane for han. Fleire av dei er sett opp til og forsvart til denne dag, mens Hitler ikkje er det. Lawrence James, som altså har skrive ei bok om Churchill, håper at lesarane ikkje vil dømme han for hardt. Det er sjølvsagt utenkjeleg at vi skulle seie det same om Hitler.

I motsetnad til den vidt omtykte Churchill er Hitler rakka ned på fordi han gav den europeiske koloni-ideologien ein utilgjeveleg vri. Han vendte den mot Europa sjølv då han prøvde å bygge eit stort imperium i Europa i ein skala som dei imperia Amerika bygga gjennom kontinental ekspansjon og England bygga i det Fjerne Austen. Viss vi ser bort frå geografien der denne ideologien blei anvendt, så var ideane til Hitler dei same som dei ideane som hadde spora den europeiske delinga av verda i koloniar og interessesfærar. Karl Korsch, ein tysk emigrant og kommunist, skreiv i 1942 at «nazistane har heilt enkelt utvida dei metodane som hittil har vore reservert for innfødde eller ville som lever utanfor sivilisasjonen, til dei siviliserte europeiske folka.»[xii] Marxisten Aimé Césaire frå Martinique peika også på at nazismen heilt enkelt var eit uttrykk for den europeiske kolonialismen som blei vendt innetter.

« Folk er overraska, dei er indignerte. Dei seier:’ Kor rart! Men ikkje ta det så tungt – det er nazisme, det vil ta slutt»’ Og så ventar dei og håpar; og dei gøymer sanninga for seg sjølv, at det er barbarisme, den ytste barbarisme, krona på all barbarisme som summerer opp alle dei daglege barbarismane; at det er nazisme, ja, men at før dei var offera for han, så var dei medlauparane hans; at dei tolererte nazismen før han blei påført dei sjølve, at dei unnskylda han, lukka auga for han, legitimerte han, fordi han inntil då hadde blitt anvendt berre på ikkje-europeiske folk; at dei har kultivert den nazismen, at dei er ansvarlege for han, og at, før han overfløymde heile den vestlege sivilisasjonsbyggnaden i det blodraude vatnet sitt, fløymer ut, renn og dryp for kvar sprekk.»[xiii] Og Césaire legg til at det Vesten «ikkje kan tilgjeve Hitler for, er ikkje brotsverket sjølv, brotet mot menneskeheita, det er ikkje nedverdiga av mennesket i seg sjølve, men fordi det er eit brot mot den kvite mannen, at den den kvite mannen er blitt nedverdiga, og at Hitler anvendte ei europeiske prosedyrane som til då hadde vore reservert for arabarane, i Algerie, ‘cooliane’ i India og «niggarane» i Afrika.

For Churchill var indiarane i Fjerne Austen askyelege folk; for Hitler var slavarane i Europa like avskyelige. Churchill rettferdiggjorde utryddinga av dei opphavlege bebuarane i Amerika og Australia fordi dei blei erstatta av ein overlegen rase. Mens Hitler rettferdiggjorde sine planar for å slavebinde slavarane og utrydde jødane fordi dei var undermenneske som måtte gi rom for ein overlegen rase. Sven Lindquist forklarte samanhengen mellom nazi-metodane og den europeiske kolonialismen med ei litterær allusjon. «Det som vart gjort i hjarte av det svarte, blei tatt opp att i hjarte av Europa,»[xiv]

Eit viktig trekk ved columbismen i Tyskland og i Syria

For å angripe marxismen, som mange tyske arbeidarar støtta, slo Der Führer saman arbeidarklassen sin ideologi med judaismen, ei tru som dei fleste tyske arbeidarane ikkje kunne identifisere seg med fordi dei for det meste var romersk-katolske, lutheranar eller ateistar. Tanken var å diskreditere marxismen ved å framstille han som ein ideologi som var skapt av ein religiøs minoritet for å lure fleirtalet og vinne over det. Gowens går så vidare og forklarar korleis denne metoden også blir brukt krigen mot den syriske regjeringa.

Hovudtanken her er å lage ein myte om at ein minoritet prøver å dominere ein majoritet ved å fremje ein likskapsideologi som nektar for viktigheita av det skiljet som skil ut minoriteten. Derfor såg Hitler det slik at jødane prøvde å dominere ikkje-jødane ved å skape og fremje en marxistisk tankemåte som såg på språklege, etniske, religiøse og nasjonale forskjellar mellom arbeidarar som ei avsporing frå deira felles økonomiske interesser.

Når det gjeld situasjonen i Syria var USA mot Baath-folka sin panarabisme  av same grunn som Hitler gjekk mot den marxistiske internasjonalismen: fordi målet for både panarabismen og marxismen var å bygge ein einskapsfront av undertrykte folk mot den felles fienden deira.

Hitler skreiv i Mein Kampf at han i åra 1913 og 1914 uttrykte den meininga … at problemet med å sikre framtida til den tyske nasjonen er problemet med korleis marxismen kan bli utrydda. Han sa at marxismen var det viktigaste problemet i Tyskland. Og han sa at sjølve grunnlaget for at nazipartiet eksisterte under hans leiing var å stanse den vellukka frammarsjen til marxistane. Hitler si oppgåve var å overtyde fleirtalet av tyskarane, der mange støtta marxismen for å slutte seg til det synet at Tyskland var ein overlegen nasjon som var tvinga til å utvide livsrommet sitt til ulempe for underlegne nasjonar – eller bli utrydda sjølve. Derfor aksepterte han det sionistiske synet at jødane var ein nasjon heller enn berre ein religiøs fellesskap. Deretter framstilte han det som i røynda var eit politisk skilje mellom to klasse-ideologiar, marxismen og ideologien til den tyske adelen og borgarskapet, som eit raseskilje der den jødiske «rasen» stod for arbeidarklassen sin ideologi og den tyske «rasen» stod for ideologien til junkerane (dei store jordeigarane) og dei tyske industrileiarane og finansfolka. Marxismen blei merka som ein «jødisk doktrine». Leiarane av sosialdemokratiet var jødar. Det blei hevda at jødane kontrollerte den sosialdemokratiske pressa. Den marxistiske internasjonalismen var skapt av Karl Marx. Den marxismen som blei praktisert i Russland blei kalla jøde-bolsjevisme. Marxismen var lik judaismen og judaismen til marxisme. Slik Hitler såg det kunne dei to bli sett på som to sider av same pengestykke.

Målet til Hitler med å sette marxismen lik judaismen av å få marxismen til å sjå ut for den tyske arbeidaren som noko framand, noko skapt av ein minoritet som ikkje passa medlemmer av  noko anna – og heilt ut overlegent – nasjonen. Men der var også noko farleg ved dette som var skapt at dei jødiske hovuda, det var ikkje berre produktet av ein framand rase: marxismen var ein ny måte for lure tyske arbeidarar til underkasting under den jødiske «rasen». Hitler skreiv at marxismen prøver systematisk å levere verda inn i hendene til jødane.[xv]

Gowans, som her eigentleg har krigen i Syria som hovudsak, skriv at den same metoden blir brukt i og om Syria. Han meiner at det, i tillegg til USA, er fire ideologiske retningar som har spela dei største rollene under Wall Street sin krig mot dei syriske regjeringane både til Bashar al-Assad og faren hans, Hafez. To av desse oppstod då den arabiske verda møtte den europeiske kolonialismen. Det er den sekulære arabiske nasjonalismen og sunnipolitisk Islam til den Islamske brorskapen. Den første av disse ville sameine heile den arabiske nasjonen som var tilfeldig delt opp av dei europeiske kolonistane, og skape ein sjølvstendig sekulær arabisk stat. Denne retninga tok makta i Syria i 1963 etter at offiserar frå Baaths arabiske sosialistparti tok makta der. Dei ville ha ein stat som ikkje låg under dei columbiske okkupantane. Frå då av har denne staten og leiarane der vore sett på som ein fiende av dei columbiske statane. For USA sin aukande dominans var dei særleg farlege fordi dei ville sameine 400 millionar arabarar til ei sjølvstendig stat utanfor USA og dei andre columbiarane si rekkevidd. Dermed ville dei kontrollere verdas viktigaste oljefelt. Saman med andre, mellom anna søsterpartiet i Irak, kunne dei då utfordre heile hegemoniet til USA i Vest-Asia og Nord-Afrika og innføre programma til Baath-rørsla som var einskap, fridom og sosialisme. Den sosialismen det var snakk om var innretta på å fri arabarane frå utbyttinga til imperialistane og ha statleg styring av økonomien og velferd for folket.

USA sin aggresjon i området begynte tidleg. I slutten av april  1951 blei Mohammad Mossadegh vald til statsminister i Iran. Den 1. mai nasjonaliserte han det store Anglo-Iranian Oil Company. Då blei iransk olje straks boikotta av Vesten og leiinga i USA stansa Mossadeghs forsøk på å inngå avtalar med uavhengige oljeselskap. Iran miste mest alle inntekter frå oljen sin. Regjeringa i USA slo først ikkje heilt handa av det iranske styret, og gav dei litt hjelp for å dekke eit valutaunderskott. Men då Eisenhower blei president i USA i 1952 og John Foster Dulles blei utanriksminister og broren Allen Dulles sjef for CIA tok det berre 7 månader før Mossadegh blei styrta av eit kupp leia frå USA.[xvi] Dette har sidan kjenneteikna USA sin politikk i området. Alle som prøvde å komme ut or den columbiske interesse- og utbyttingssfæren har blitt møtt med aggressive mottiltak. Og Israel har vore brukt som eit amerikansk landliggande hangarskip i området for å sikre den columbiske dominansen. Då Baath-partiet kom til makta i Irak starta også USA ein tiårs lang kampanje med invasjonar og økonomisk krig for å stanse Iraks eksperiment med arabisk nasjonalisme, prosessen fekk namnet av-baathifisering. Og det er det same som har skjedd med Syria.

Den andre viktige ideologiske og politiske krafta i Syria, og fleire stader i dei arabiske landa, var det politiske Islam til den Muslimske brorskapen. Det utvikla seg også i motsetnad til den europeiske kolonialismen. Men dei ville redde arabarane frå vestleg (columbisk) dominans ved å bygge ein stat som bygga på einskap ut frå religion og ikkje frå språk. Dei ville ha ei vending attende til  rein islam som var ei retning frå de første generasjonane etter Muhammed, kalla salaf. Av det kjem omgrepet salafistar. Dei såg på Baathpartiet sin sekulære stat, som ikkjereligiøs, og dermed såg dei på denne staten også som ein fiende og ikkje berre dei utanlandske imperialistane. Det har gjort at dei også innimellom har alliert seg med og vorte brukt av columbiarane mot den sekulære arabiske nasjonalismen, slik det nett skjedde i stort monn i Syria over fleire tiår. Brorskapen gjekk til væpna opprør mot den syriske staten fleire gonger, mellom anna i 1982 og det var også det som skjedde i 2011. Columbiarane i England og USA har heile tida pleia kontakt med dei. Brorskapen sine leiarar blei invitert til London i 2006 som del av ein «Nasjonal redningsfront» som organiserte ein konferanse som oppmoda til regimeendring i Syria. Og i 2007 var USA, som det heiter, fast om bord.[xvii] Då uroa begynte i 2011 i Syria hadde Brorskapen for lenge sidan fått pengar og våpen frå desse. Heilt frå først stund spela dei ei aktiv og væpna rolle i det som eigentleg var relativt avgrensa demonstrasjonar mot Assad-styret, utan større oppslutnad blant fleirtalet av det syriske folket. Alt dette er godt dokumentert av Gowans, mellom anna gjennom frigjorte dokument frå kongressen i USA.

I Syria er det to dominerande religiøse grupper, den største er sunniane og den minste er alawittane som er ei uortodoks shiagruppering. I Baathpartiet var det mange alawittar, men partiet sitt program var å skape ein sekulær syrisk stat der alle religiøse grupper samarbeider og Assadane sørga for at mange sunniar fekk leiande poster i deira stat, mellom anna i regjeringa og i militæret. Partiet sin politikk er nasjonalt sjølvstende for Syria og alle arabarar og statleg kontroll med økonomien og arbeid for mindre forskjellar og velferd for innbyggarane, noko som er til hinder for imperialistisk utbytting. Derfor må columbiarane kjempe for regimeendring der.

Hitler ønska at tyskarane skulle oppfatte marxistane som jødar, ikkje som leiarar av ei arbeidarklasserørsle mot herskarane i Tyskland. På same måte ønskjer Washington at sekulære arabiske nasjonalistar (Assad) skal bli oppfatta av sunnifleirtalet som alawittar og av Irak sin shiamajoritet som sunniar og ikkje som leiarar av ei panarabisk rørsle mot Vestens dominans. Og på denne måten teiknar både nazipropagandaen og den vestlege propagandaen frigjeringsideologiar som ideologiar for rase, religiøs og sekterisk dominans.

Den intelligente columbiske og amerikanske påverknadsagenten, Cecilie Hellestveit[xviii], gir sjølvsagt eit heilt anna bilete av saka i boka si Syria – En stor krig i en liten verden, Pax forlag, 2017. Her er hennar syn representert ved eit sitat frå Michael Ignatiev som står over første kapittel: «Both Irak and Syria are a fissile mixture of etnicities and religions thrown together after Versailles by departing French and British imperialists and only kept together by Baathist tyranny and violence.» (Både Irak og Syria er ei lettsplitteleg blanding av etniske grupper og religionar som berre blir halde saman av baathpartia sitt tyranni og vald.» Hellestveit bygger opp heile boka si på denne lettgjennomskodelege løgna for dei som kjenner historia. Difor er boka eit eurosentrisk columbisk makkverk og ein gedigen falsk abstraksjon.

Mitt poeng med denne artikkelen er å vise at vi treng omgrepet columbisme for forstå heile verdshistoria i dei siste vel 500 åra. Det er ein periode der kvite vestlege makter har herska over verda med dei mest gruelege middel, myrderiar, folkemord, røveriar, slavearbeid, den mest groteske utbytting osb. Nazismen er eit uttrykk for den columbiske metoden, men brukt innanfor den kvite fellesskapen. Det kan ikkje tilgjevast, men det gjer det mogleg for oss å forstå litt av det som har ramma resten av verda i denne perioden.

Dessutan set det mange ting rett perspektiv. Vi forstår då kvifor alle land, område, personar osb. som har kjempa og som kjempar for å halde seg utanfor eller komme ut av den øydeleggande columbiske sfæren, blir svartmala og kalla alle dei stygge orda vi kan finne på. Og vi skjøner at dei columbiske sanksjonane som USA går i spissen for og vasallane følgjer opp er typiske for heile perioden og at oppheving av desse og avvikling av columbismen er naudsynte vilkår for at verda skal kunne utvikle seg til ei leveleg stad. Og vi skjøner kvifor vi som høyrer til innanfor denne sfæren blir opplært til å hate og angripe alle som dei mordariske columbiske leiarane i USA ønskjer å kunne halde under hælen sin og å stø dei som er med på USA si side. Dette har også stort sett prega utdelinga av Nobels fredspris ganske lenge.

Terje Valen, torsdag 7. oktober 2021.


[i] Dette er forklart omfattande og nøye av til dømes Bertil Ollman i Dance of the Dialectic – Steps in Marx’s Method, (232 sider), 2003, særleg i kapittel 5 og av Lucien Sève i hans monumentale bok Penser avec Marx aujourd’hui (bind III) – «La philosophie»? (705 sider), 2014. For ein kortversjon av denne, sjå https://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Utviklingen%20av%20Marx%20dialektiske%20logikk%20ved%20arbeidet%20med%20Kapitalen.htm.

[ii] https://www.tvalen.no/2021/09/23/eit-anticolumbisk-blikk-pa-historia/

[iii] Stephen Gowans Washington’s Long War on Syria (278 sider), 2016. Boka er ei gullgruve for alle som vil forstå regimeendringar osb., ikkje berre i Syria, men allment sett. I innleiinga og oppsummeringa finn vi konsentrert myke av innhaldet som er handsama i detalj inne i boka. Det første kapittelet tar føre seg korleis dei arabiske frigjeringsrørslene, kalla arabisme, oppstod i motstand og kamp mot vestlege imperialistiske inntrengar, som England, Frankrike og USA. Det andre kapitlet tar opp heile den vestlege imperialismen sitt arbeid for regimeendring der det oppsto statar utenfor deira kontroll. Og korleis imperialistane, med USA i spissen, har støtta seg på dei mest reaksjonære religiøse rørslene, som dei islamittiske wabitane i Saudi-Arabia og sionistane i Israel, for å kjempe ned fridomsrørslene blant arabarane. Dette starta på 1950-talet og har fortsett sidan mot alle som ikkje har bukka for USA med allierte. Det tredje kapitlet tar opp kva som prega opprøret i 2011 og dokumenterer at dette var særs godt førebudd av USA og England gjennom støtte til det islamske brorskapet som ville nedkjempe dei sekulære statane om området for å opprette rettruande islamsk-salafitiske stater og som derfor allierte seg med imperialistane for å nå dette målet. Kapittel fire avkreftar at det fans moderate opprørarar i Syria. Dei fredelege demonstrasjonane var svært små og hadde mest ikkje støtte blant fleirtalet i landet og opprøret blei frå første stund væpna og leia av den muslimske brorskapen. Og stønad frå USA med allierte i regionen begynte straks. Pengar og våpen fløyma inn. Det femte kapitlet omhandlar alliansane dei sekulære opprørsleiarane mot imperialismen hadde og dei imperialistiske statane og deira allierte sin kamp mot desse. Både Syria og Iran har til dømes grunnlover som understreker at dei er sjølvstendige statar som kjempar mot utanlandsk dominans. Medan wahabitane i Saudi-Arabia aldri har hatt denne haldninga, men tvert imot allierte seg med imperalistane for å fremje måla til dei despotiske herskarane sine. Dette siste blir omhandla i kapittal seks. Det sjuande kapitlet handlar om korleis imperialistane splittar for kunne herske i området. I den samanhengen som eg er mest oppteken av her er kapittel åtte svært viktig og interessant. Her går Gowan nemleg inn på det som eg kallar dei columbiske metodane og den columbiske ideologien. Han viser at desse, som blei brukt av dei kvite på dei farga over heile verda er lik dei som Hitler og nazistane brukte på dei kvite i Europa under 2. verdskrigen og samanliknar Hitler sitt syn på jødar og slavarar, med Churchill sitt syn på indianarer, afrikanarar og «folk med skeive auger». Dette er bjelken i auget på heile den reaksjonære retninga som set likskapsteikn mellom nazismen og alle dei som gjennom historia har kjempa for å halde seg utanfor columbisk dominans, medrekna Russland/Sovjet med Stalin og andre som dei eurosentriske columbiarane hatar. Så kjem kapittel ni der det blir dokumentert over all tvil at USA er eit plutokrati eller om du vil eit oligarki, og at det såkalla amerikanske demokratiet er eit skodespel. Så denne boka treng alle som vil forstå kva som skjer i verda og vite meir om kva columbisme i dag er.

[iv] Same bok, side 197-198.

[v] Etter mi meining legg Gowans litt for lite vekt på Hitler sitt raseri fordi marxistane gjennom si oppfatning av at nasjonen var splitta i samfunnsklassar med grunnleggande antagonistiske motsetningar seg imellom, hindra det einskaplege, jernharde folkelegemet som nazistane ville skape. Det er rett at Hitler også såg på den proletariske internasjonalismen som skadeleg, men den indre klassekampen var nok ein enno større fare for realiseringa av prosjektet hans som på overflata var at den ariske rase skulle herske i verda, men som i grunnen var at det tyske finansoligarkiet skulle gjere det. Når Gowans bruker omgrepet eliten, så er det i så måte ikkje heilt presist fordi det skjuler den reelle klassekarakteren til både nazismen og heile den columbismen som også nazismen er eit uttrykk for.

[vi] Same bok, side 199, der Gowans viser til Michael Dickenson, «Winston Churchill: The Imperial Master», Counterpunch, 28. januar, 2015.

[vii] Same bok, side 199, der Gowans viser til «The Churchill you didn’t know,» The Guardian, 28. november, 2002.

[viii] Same bok, side 199, der Gowans viser til Gariakai Chengdu, «Winston Churchill: Britain’s ‘Greatest Briton’ let etter seg ein arv med global konflikt og brot mot menneska,» Global Reasearch, 23. januar, 2016.

[ix] Same bok, side 199, der Gowans viser til Richard Toye. Churchill’s Empire: The World that Made Him and the World he Made. St. Martins Griffen, 2011.

[x] Same bok, side 199, der Gowans viser til Lawrence James, Churchill and Empire: A Portrait of an Imperialist (Pegasus Books, 2015).

[xi] Same bok, side 200, der Gowans viser til Gariakai Chengdu, «Winston Churchill: Britain’s ‘Greatest Briton’ let etter seg ein arv med global konflikt og brot mot menneska,» Global Reasearch, 23. januar, 2016.

[xii] Same bok, side 200, der Gowans viser til David Olusoga og Caspar W. Erichsen, The Kaiser’s Holocaust: Germany’s Forgotten Genocide and the Colonial Roots of Nazism, Faber and Faber, 2010, side 329.

[xiii] Same bok, side 200-2001, der Gowans viser til Aimé Césaire, Discourse on Colonialism (Monhly Review Press, 2000), 36.

[xiv] Same bok, side 200-2001, der Gowans viser til Svend Lindquist, The Dead Do Not Die: Exterminate All Tje Brutes and Terra Nullius, The New Press, 2014, side 178.

[xv] Hitler sitt syn er stort sett teke frå Mein Kampf.

[xvi] Sjå David Horowitz, USA og den tredje verden – Søkelys på amerikansk utenrikspolitikk II, Pax forlag 1966, særlig side 71-74. Horowitz avsverga seinare det han hadde skrive i Free World Colossus som var tittelen på boka i USA, men boka står trygt på kjeldene sine som seinare er bekrefta i fleire andre verk.

[xvii] Sjå Christopher Davidson, Shadow Wars – The Secret Struggle for the Middle East, 2016, sidene 310-347. Ei interessant bok om tilhøva i heile området, sjølv om ho manglar ein del viktig dokumentasjon som Gowers har.

[xviii] Cecilie Hellestveit var då også tilsett i den kjende amerikanskNATOistisk tenketanken, Atlantic Council, då ho skreiv boka, og er ein høgt verdsett person av det norske «forsvaret» som stadig meir ligg direkte under amerikansk dominans og nokon vil påstå, kommando.