Dei lange linjene i USAs geopolitikk 7

Kapittel i  ii iii  iv v  vi  vii  viii  ix  x  xi

Management of consent

Her handlar det om korleis folket USA og i vasallstatane blir einsretta på makthavarene sine premiss. Her er omgrepet management of konsent sentralt. Det er viktig å forståing for kva dette omgrepet tyder. Etter å ha sjekka Oxford Dictionary er det meining 2 som her er aktuell: The use of contrivance, prudence, ingeniosity or (especially) deceit or trickery for effecting some purpose (Bruk av påfunn, klokskap, smartheit eller (spesielt) bedrag eller simple knep for å oppnå eit endemål).  Eg tenkjer derfor at ei grei norsk omsetting er Manipulasjon av samtykke. Når vi så set management føre consent så tyder det styring eller leiing av manipulasjon av samtykke. Her er det passande å sjå litt på den historiske utviklinga av USA sitt propaganda-apparat og dei metodane dei bruker der for å manipulere fram samtykke.

Det er godt dokumentert korleis dei leiande avisene i USA, med Hearts-pressa i leiinga, fremma krigen mot Spania i 1898 med overdrivingar av kor gruelege fienden var, svartmalande historier tatt ut or samanhengen osb.  Men her skal eg sjå nøyare på utviklinga av den meir profesjonelle amerikanske (og engelske) propagandaen som no dominerer heile den «kvite», columbiske verda. Det kan passe å starte med 1. verdskrig då USA gjekk med i krigen på England og Frankrike si side. Presidenten Woodrow Wilson hadde då eit problem. Størsteparten av amerikanarane var pasifistisk og nøytral innstilt. I tillegg hadde ein millionar av innvandra tyskarar som sympatiserte med Tyskland og deira allierte. Dessutan var det mange fagorganiserte som såg på krigen om ein kamp mellom dei rike og ikkje ville bli trekt inn i han.

Då oppretta Wilson ein Committee on Public Information (Komité for offentleg opplysing), (CPI). Dei opna ei heilt ny dør for nye propagandadimensjonar. Berre på nokre månader hadde dei klart virke slik inn på heile folket at dei var blitt begeistra for denne «krigen som skal få slutt på alle krigar», for å «gjere verda sikker for demokrati» i Wilsons berømte ord. Media blei mobilisert for å påverke den offentleg meininga på måtar ein aldri hadde sett før og knapt tenkt var mogleg. Avisene trykte pamflettar som blei spreidd over heile landet. Den nye filmindustrien blei ein kraftig makt i propagandaarbeidet. Radioen spelte enno ikkje så stor rolle, det endra seg først i 20-åra. Over heile landet blei avisene sensurert og fekk propagandamateriell frå CPI. CPI laga kvar veke sine eigen brosjyrar i opplag i hundretusentalet som kom ut i den minste avkrok. I grove tonar malte dei ut kva som trua Amerika om tyskarane skulle erobre landet. Eit av dei store tiltaka var ein pamflett som blei trykt i fem millionar med tittel «How the War Came to America».

Plakatar og posterar hadde gjennomgåande som motiv skumle menn med pikkel-hjelm, væpna med bajonettar og grove eller blodige hender som angrep andre land eller uskyldige, redde kvinner og barn, med eit øydelagd landskap som bakgrunn. Hollywood produserte kortfilmar med kjende skodespelarar, mellom dei Charlie Chaplin. Dei spreidde fiendebiletet gjennom filmar skapt i England med hordar av «hunarar» som førestelde tyske soldatar. Svært verksam var dei såkalla «fire-minutt menn», lokale kjendisar som stod opp på kino- og teaterførestillingar og held korte appellar stort sett skriven av CIP. Veke etter veke vart det til saman organisert 175 000 slike førestillingar. CPI utvikla seg til eit veritabelt propagandaministerium til det blei lagd ned i 1919. Denne bruken av kjendisar som sjølvsagt er uten grundig kunnskap om det dei uttaler seg om, for å fremme herskarane sine tankar, er velkjend også i dag. Vi kan berre tenke på Celine Dion og Justin Bieber som reklamerte for covid-vaksiner på sine konsertar, og no mest sannsynleg er hardt ramma av biverknader av desse.

Dei som hadde organisert den nemnd propagandaen hadde ikkje føresett kor enorm verknad han hadde. Det gav uana moglegheiter til å endre folk si oppfatning om verda. Frå folk rundt CIP oppstod i 1921 Council on Foreign Relations (CFR) grunnlagd av bankierar, forretningsfolk og juristar med stor innflyting. Dette «rådet» har blitt til ein av dei «tenketankane» med mest innflyting i verda. USA sin vekst til verdsmakt blei følgd og tenkt ut i forkant, også ved hjelp av deira fagtidsskrift Foreign Relations.

Ein av grunnleggarane av CPI og CFR var Walter Lippman (1889-1974). Han var ein av dei amerikanske journalisten med mest innflyting i førre hundreår mellom 1930 til ut på 1960-talet. Då publiserte meir enn 200 USA-aviser innlegga hans samstundes, og han hadde på toppen av karrieren meir enn ti millionar lesarar. Den personleg innflytinga hans var legendarisk. Han fekk opne dører omtrent over alt. Fleire gongar endra han kva som var viktig å skrive og snakke om i USA. Presidentar, politikarar og den politisk interessert offentlegheita høyrde på han. Han hadde innflyting på Wilsons 14 punkts plan i 1918 som var ei skisse av korleis etterkrigsordninga i Europa skulle vere og i ein artikkel som kom etter at Tyskland gjekk til uinnskrenka ubåtkrig i februar 1917 lanserte han tanken om ein atlantisk fellesskap som seinare førte til NATO. Han kom frå ein storborgarleg familie, studerte ved Harvard og ferdast i dei høgste kretsane i samfunnet. Han såg opp til Sigmund Freud som han kjende personleg og drog denne sine teoriar om det undermedvetne inn i politikken.

Den boka hans som fekk størst innflyting kom i 1922 og hadde tittelen Public Opinion. Hans oppfatning var at den verda vi lever i var blitt så kompleks at dei fleste menneske, ut frå sine livserfaringar, ikkje kan forstå han. Men menneska dannar seg, på grunnlag sine erfaringar, eit bilete av verda. Den verkelege omverda er for stor og for kompleks og for flyktig til at folk kan fatte han direkte. Menneska orienterer seg difor til ei halvverd av bilete som dei skapar seg sjølv. Ut frå dette blir det skapt ei offentleg meining. Så går han inn på korleis dei som styrer kan virke inn på denne offentleg meininga. Ut frå det han skriv argumenterer han for ei elitestyring der ideelt sett folk med moralsk integritet, kalla ekspertar, skal skape ei biletverd som den breie massen følgjer velvillig og utan motstand. Og media trengs for dette formålet.

Lippman meinte altså at makt og herredøme ikkje kan finne stad utan manipulasjon av «biletverda» ut frå synet til eliten. Samstundes erkjende han faren for at stat og samfunn, dersom dei gav seg ut på dette, kunne leie til ein demagogisk forføring. Han var også ein stor tilhengar av den frie marknaden. I august 1938 vart det halde eit såkalla Walter-Lippman-kollokvium i Paris organisert av leiande intellektuelle i Europa.

Bland desse var Friedrich August von Hayek, den store frimarknads-profeten. Han uttrykte at Lippmann sine tankar og ei biletverd skapt av Lippmann sin «informasjonselite» var eit ideelt verktøy for innflyting og manipulasjon av den offentlege meininga også når det gald økonomi og kunne medverke til ei langsiktig utvikling mot ei usynleg regjering og sann herskarmakt. Dette har også blitt brukt for å fremme ideologien bak den såkalla nyliberalismen der privatisering blei framstilt som noko naudsynt for å få ned kostnader og skape arbeidsplassar, sjølv om det førte til sosialt elende, meir usikre arbeidstilhøve med løner som ein ikkje kunne leve av osb. Alt for å auke konkurransekrafta og skape «ei skjult regjering og sann herskarmakt». Walter-Lippmann-kollokviet var den første samlinga av tilhengarar av frimarknads-teorien som vann fram på 1970-talet og sigra i verdsøkonomien på 1980-talet.

Etter 2. verdskrig grunnla Hayek i 1947 Mont Pèlerin Society (MPS)[i] i Sveits, ei samanslutning av akademikarar, forretningsfolk og journalistar med det målet å overtyde kommande generasjonar om fordelane ved den «frie marknadsøkonomien». Ettersom tendensen til fallande profittrate etter 2. verdskrigen begynte å svi skikkeleg for kapitalen på 1970-talet vart det behov for å kvitte seg med den sosialdemokratiske, keynesianske økonomiske politikken og då vann Hayek sine åndeleg-politiske frimarknadsidear fram som erstattar. Propagandistisk vart dette gjort etter Lippmann si oppskrift. Medlemmer av denne gruppa har klart å få tak i åtte nobelprisar i økonomi, eit slåande prov på deira verksame networking.

Manipulasjonen for å få «massane» til å godta og gå inn for nyliberalismen som fører til meir oppvarming av jorda og klimaproblem, børskrasj med følgjene av det, som fører til veksande sosiale forskjellar med nokre svært rike og auke av fattige, geopolitiske endringar, krigar og vald med migrasjonar og flyktningkrisar, blei framstilt på slike måtar at folk rett og slett blei lokka til å gå mot sine eigne grunnleggande interesser.

Som Michael Lüders seier i Dei scheinheilige Supermacht, som eg har brukt mykje som referanse her, er ikkje pressa, eller media i det heile, noko upartisk del av samfunnet. Media er framfor alt ein kampplass der talrike aktørar prøver å få innflyting på den offentlege meininga. Media er under innflyting av sterke pressgrupper og speglar dei eksisterande makttilhøva i verda. Jo færre svært rike personar som eig og kontrollerer media, desto klarare har også desse få kontroll med påverknaden av den offentlege meininga. Dei mektigaste si innflyting skjer med subtilt verkande propaganda. Den store teoretikaren (og tidlege praktikaren) i denne verksemda var Edward Bernays.

Edward Bernays og management of consent         

Walter Lippman og boka hans Public Opinion som kom ut i 1922 fekk svært stor innflyting. Men den personen som utvikla dette arbeidet mest var Edward Bernays. Han har summert opp hovudtankane sine slik: «Den medvetne og intelligente manipulasjon av dei organiserte vanar og meiningar til massane er eit viktig element i det demokratiske samfunnet. Den som manipulerer denne usynlege samfunnsmekanismen dannar ei skjult regjering som er den sanne herskarmakta i landet vårt.»[ii] Og når herskarklassen organisere seg på global basis så prøver dei å danne dei ei skjult verds-regjering.

Bernays mor var ei syster til Sigmund Freud og Bernays hadde og tatt til seg Freud si «oppdaging» av det undermedvitne. Han hadde Lippmann som eit førebilete, og var også tilhengar av hans økonomiske syn, men Bernays perspektiv var i utgangspunktet utvikling av reklame for å få folk til å kjøpe spesielle varer. Hans nye grep, som vi kjenner svært godt i dag, var å knytte varene til ein livsstil. Men det tok ikkje så lang tid før han gav seg inn på det politiske feltet. Der Lippmann snakka forsiktig om at elitedemokrati snakka Bernays i klartekst. «Ein presidentkandidat kan bli utvald på grunn av at han allment sett er godt likt. Men til sjuande og sist kan eit halvt dusin menn på eit hotellrom bestemme kva som skjer med ham.» «Små grupper er i stand til å treffe avgjerd om korleis resten av oss tenkjer, nett etter som det fell dei inn.» «Når man lukkast med å få innflyting på leiarar, kan man, med eller utan deira medvetne samarbeid, automatisk kontrollere gruppene som dei leier… For mennesket er eit samfunnsvesen, det kjenner seg vel i flokken …». «Det vi treng er ei leiing som er demokratisk leia av eit mindretal og som veit korleis dei skal bringe og føre massen på linje.»

Vi har vist korleis det var raseteoretikarar i USA som inspirerte Hitler i utviklinga av hans politikk. No er det også slik at Göbbels brukte Bernays tankar for å utvikle sin propagandamodell for å forføre det tyske folket til å støtte nazismen. Dette er godt dokumentert. Dessutan tok dei tyske nazistane både svastikaen og helsinga si frå det amerikanske nazipartiet. Det er og godt dokumentert.

Vi veit og at Hitler såg med åtgaum på korleis dei amerikanske settlarane hadde handsama indianarane. I ein tale i 1929 snakka Hitler i rosane ordelag om korleis amerikanarane hadde «skote ned millionar av raudhudar slik at det berre var nokre få hundre tusen att og om at dei no held dei få som var att under observasjon i eit bur». I 1941 fortalde Hitler dei han stolte på om planane sine for å «europeisere» Russland. Det var ikkje berre tyskarane som ville gjere dette, sa han, men også skandinavar og amerikanarar og «alle dei som følte for Europa». Det viktigaste var å «sjå på dei som budde der som raudhudar». (David Swanson, side 61.) Vi er vel kanskje omtrent i der i dag. Du finn dette, og mykje meir om korleis amerikanarer fremma nazismen i Tyskland i boka Leaving World War II Behind av David Swanson som i dag leiar organisasjonen World Beyond War. No ser vi same tendensen når det gjeldt propagandaen i USA sin stråmannskrig mot Russland i Ukraina.

For Bernays er forskjellen på demokrati og diktatur at berre nokre manipulerte sanningar er tillate i diktaturet, men at folk i demokratiet har høve til å velje mellom fleire manipulerte sanningar.

Bernays leia tidleg den største propagandakampanjen i fredstid mellom 1919 og 1934 då han hjelpte leiarane i Amerikas National Electric  Light Association sin kampanje for privatisering. Det lukkast dei med og det nye firmaet vart kalla General Electric (GE) som i dag er eit av dei største private konsern i verda.

Når vi ser på desse to viktigast idégivarane innan propaganda og offentlegheitsarbeid i førre hundreår var dei naturleg knytt saman med Big Business, marknadsfundamentalisme og meinings-manipulering.

Eit viktig triks var å knytte varer til livsstilar som folk sette pris på. Dette blei brukt Bernays store kampanje for firmaet Beech-Nut Packing Company, som selde kjøtvarer. Salet gjekk ikkje så godt. Då kom Bernays opp med tanken om at endre frukostvanane til amerikanarane frå toast, appelsinsaft og kaffi, til skinke og kjøt. Han satsa på å vekke nye behov som mediebrukarane villig følgde. I denne, som i dei andre verveaksjonane, satsa han framfor alt på to yrkesgrupper, legar og skodespelarar som offentlegheita var vande med eller såg som førebilete.

Han lønna ei rekkje legar svært godt og dei sto fram i vekerevyane på kino og radioprogram og snakka om kor sundt det var med kjøt og skinke til frukost. Godt løna skodespelarar laga sketsjar der dei hadde frukost i ei venleg familiesetting og la vekt på kor mykje energi dei fekk av ein frukost med kjøt og skinke. Og slik gjekk det til, som Bernays biograf Barry Lye skreiv, at kjøt og skinke blei «for alle tider … eit fast del av det amerikanske frukostbordet.» For oppdragsgjevarane , som no heiter Beech-Nut Corporation, var det ei sann gullgruve.

Men den mest kjende av Bernays kampanjar var den han førte for American Tobacco Company for flaggskipet deira, Lucky Strike. Det tok til i 1928 og med fantastisk suksess. I tiår blei merket verdsleiande. Her brukte han igjen legar som forklarte for offentlegheita kor sundt der tross alt var å røyke, og skodespelarar fekk i oppdrag å formidle den nye Lucky Strike livsstilen til dei breie massane gjennom å opptre som førebilete. Røyking hindra overvekt og var eit teikn på frigjorte kvinner og ein laid-back livsstil. Kvinneleg skodespelarar blei brukt for dette. Samstundes sørga Bernays for at restaurantar førte sigarettar på dessertmenyen. Sigarettane blei kalla fridomsfaklar. Kvinnene i familien blei oppfordra til å alltid ha eit forråd av Lucky Strike i huset, slik som dei også hadde andre livs- og vaskemiddel. Omsetninga eksploderte. O dette skjedde i ei tid då dei visse om det skadelege med røyking. Resten av denne historia er velkjend.

Eit eksempel frå Guatemala

Bernays førebudde også USA sin militære intervensjon i 1954 i Guatemala. Metodisk gjer det ingen forskjell om ein seljer sigarettar som «fridomsfaklar» eller om ein seljer eit militærkupp som fridomskamp mot kommunismen. Og særleg ikkje når interessene til big business fell saman med hegemonikrava frå Washington. I dette tilfellet blir meiningsskapinga ved hjelp av media til ein vare som blir så populær at ho seljer seg sjølv. Tilfellet Guatemala har ei lang historie som det ikkje er mogleg å fortelje her. Men i korte trekk går det ut på at amerikanarane sidan 1880-talet hadde importert store mengder bananar frå Sentral-Amerika. Den største importøren var det amerikanske United Fruit Company (UFC) som med hjelp av ein aggressiv strategi i løpet av nokre få år tileigna seg store landområde frå Sør-Mexico til Columbia og i Karibia. Etter kvart forvandla dei sentralamerikanske statane seg til «bananrepublikkar» der grovt underbetalte lokalarar jobba på store plantasjar. Då dei gjorde opprør i Columbia i 1928 blei militæret sett inn og 2000 arbeidarar blei skotne og dei slaveliknande tilhøva for arbeidarane endra seg ikkje. Det brutale regimet til UFC i Columbia er godt avslørt av Gabriel Garciá Márquez i romanen Hundre års ensomhet.

På slutten av 1940-talet var UFC eit av dei største føretaka i USA. For å vekse vidare engasjerte dei Bernays som med sine vanlege ovannemnde metodar overtyda folk i USA om at bananar var sunt og at ikkje nokon hushalding burde vera utan. Så sendte han utvalde journalistar på reportasjeferd til Sentral-Amerika for å vise kor bra arbeidarane der hadde det. Han oppretta eit nært samarbeid med New York Times der Bernays kone var kusina til utgjevaren av avisa, Arthur Hays Sulzberger.

Avisa offentleggjorde ein rekke artiklar om Guatemala, der UFC sin måte å sjå sakene på, blei framlagt. Guatemala var, som naboane sine, halde godt i grepet til UFC som hadde bygga opp mest heile infrastrukturen i landet ut frå sin behov. Mest alle landarbeidarane arbeidde under elendige tilhøve på bananplantasjane. UFC eigde eller kontrollerte om lag 70 prosent av jorda i landet.

I 1944 blei ein av generalane som samarbeida med UFC ikkje attvald som president. Den nye regjeringa, begynte under leiing av presidenten Jacobo Arbenz Guzman, å gå inn for sosiale reformer til beste for landarbeidarane og andre i landet. Etter nytt val i 1951, som Arbenz vann med 85 prosent av stemmene, blei dette arbeidet forsterka. Han innførte ein moderat inntektsskatt og en sosialforsikrings-ordning. Arbeidarane fekk rett til å organisere seg og streike. Det blei bygga mange fleire skular og sjukehus. Vegar og hamner vart modernisert. Så konfiskerte regjeringa Arbenz fleire hundre kvadratkilometer med brakk plantasjeland og kompenserte eigarane, overklassen i landet, med statsmiddel. Jorda blei delt ut til eigedomslause daglønarar. Men då Arbenz i 1953 eksproprierte brakkjord som UFC eigde hadde han gått over ei raud linje. Tenke seg til – sosiale ordningar til kostnad for amerikanske storføretak, i USA sin bakgard – kva om dette blei et førebilete for andre.

Bernays, som fortsatt jobba for UFC, var svært verksam. Han hadde i mars 1951 advart kompaniet for følgjene av ei eventuell statleg overtaking av oljeindustrien i Iran under Mossadeqh. Dei måtte hindre at dette fekk negative verknader for UFC i Latin-Amerika. Han rådde til at det blei tatt tiltak for å beskytte US-amerikanske forretningsinteresser i Latin-Amerika. Konkret rådde han til at ein høgtståande latin-amerikansk politikar skulle fordømme statleg overtaking i Iran. Så skulle ein kjend jurist gi juridiske grunnlag for at statleg overtaking av privat eigedom var illegal. Dernest skulle eit amerikansk eliteuniversitet organisere ein konferanse og der skulle dei diskutere korleis dei best kunne møte slike fiendtlege handlingar. Og til slutt kunne presidenten i USA og utanriksministeren gjere det klart at slike statlege overtakingar sør for Rio Grande var i motstrid med Monroe-doktrinen frå 1823, der Latin-Amerika var gjort til USA si økonomiske innflytings-sfære.

Leia av Bernays medie-kontaktar og drive av hendingane i Iran, offentleggjorde avisene i USA, særleg New York Times, stadig meir alarmerande artiklar om Guatemala, der «sovjetkommunismen» truga Amerika og den amerikanske way of live (levemåten). På kinoane viste vekenyheitene korleis United Fruit Company, saman med dei patriotiske kreftene i Guatemala, jobba i tenesta til menneska sin fridom, demokrati og velstand. Mens kommunistane i Arbenz-regjeringa var gissel og agerte meir og meir som ei femtekolonne for Moskva. Slike oppslag prega i fleire månader det biletet som blei gitt av Guatemala i media og dermed i den USA-amerikanske offentlegheita.

Bernays hadde sett saman ei gruppe på rundt 100 «linjetru» journalistar som reiste mange gonger til Guatemala og Sentral- Amerika, for det meste finansiert av United Fruit Company, og dei forfatta bidrag i storføretakets ånd. Bernays’ biograf Larry Tye undra seg «Det er overraskande at eit så stor tal med anerkjende reporterar anten ikkje visste eller ikkje ville vite, at Bernays handla på oppdrag frå eit firma, som det stod store økonomiske interesse på spel for.»

Som venta fenga også framstøyt frå UFC i utanriksministeriet. Det var heller ikkje så vanskeleg fordi utanriksminister, John Foster Dulles, lenge hadde vore advokat tilsett hos United Fruit Company. Broren hans, CIA-sjef, Allen Dulles, visste også kva han måtte gjere, for forretningsinteressene til UFC og dei geopolitiske interessene til USA utfylte og kryssa kvarandre. I juni 1954 rykka ein spesialtropp på 500 mann, leiar av CIA, under nominell kommando av ein eksilguatemalar, Castillo Armas, inn i hovudstaden. Samstundes gjekk kamp-jetfly utan landskjenneteikn til åtak strategisk viktige mål i Guatemala, mens USA sin tidlegare utsending i Guatemala City forlangte ovafor det lokale militæret at dei skulle felle Arbenz.

Dermed vart den demokratisk valde Arbenz tvinga til å gå i eksil i Mexico. Det første den nytilsette presidenten, Armas, gjorde var å gi det konfiskerte landområdet tilbake til UFC og å avslutte dei sosiale programma. Så følgde 40 år med borgarkrig med meir enn 200 000 daude. Dette likna på mønsteret frå kuppet i Teheran i 1953. Desse kuppa er mønster for heile den seinare utanrikspolitikken til USA etter 2. verdskrigen. Det same er dei propagandametodane som blir følgt for å manipulere folk til å bli samd med måla til nokre få mektige menn (og etter kvart  nokre kvinner) og særleg til dei overordna måla i den amerikanske geo-imperialismen.

Livslaupet og virket til Walter Lippman og Eward Bernays, som begge var tidlege representantar for meinings-manipulering i den vestlege (elite)demokratia, har vist noko viktig. Den offentlege meininga kan, med hjelp av massemedia og godt plasserte nettverk, utan vidare bli manipulert, anten det gjeld varekjøp eller politisk innstilling. Når det «onde» er klart vist til, syns sjølv krigar eller militære intervensjonar som legitimt forsvar for fridom og demokrati. Om fienden er «hunaren» eller «sovjetkommunismen» eller «mullahane» eller «Russland» er berre eit spørsmål om finjustering. Og om «fienden» er statar som prøver å bygge seg opp demokratisk, utanfor amerikansk kontroll, så er dei diktatur.

Men i dag drivs ikkje dette av enkeltpersonar som Bernays. No drivs meinings-manipulasjonane av «tenketankar», lobbygrupper, reklamebyrå og juridiske samanslutningar bak kulissane.

Den store og grundige avsløringa og beskrivinga av den moderne meiningsmanipuleringa finn vi i boka Manufacturing Consent av Edward Herman og Noam Chomsky. Dei skriv altså om produksjon av semje. Bernays sitt system er blitt utvikla og utbreidd på ein slik måte at det no er ei heil industri som produserer semje om dei amerikanske herskarane sine mål, med manipulatoriske metodar. Dette er følgd opp i fleire studiar. Eg nemner her Anthony DiMaggio si bok When Media Goes to War frå 2009 som i detalj tar for seg USA-leiinga sin enorme manipulering av fakta før og under Irak-krigen og politikken ovafor Iran for å få dei til å passe inn i sine geo-politiske mål og for å få oppslutnad om dette i USA og dei delane av verda som høyrer mest på USA sine leiarar. Med dette som bakteppe tar dei opp sjølve det amerikanske systemet for meiningsmanipulering.

Eg nemner og den anerkjende amerikanske medie-analytikare, Robert W. McChesney [iii] med boka Digital Disconnect, 2013. Her dokumenterer dei grundig korleis vi gjennom dei vestlege hovudsstraum-media bli systematisk lurt til å tru på det dei økonomiske og politiske herskarane i den vestlege verda, med USA i spissen, sprer gjennom sine massemedia for å halde oppe det verdssystemet som sikrar deira eigne profittar.

Det som har ført til ei stadig større einsretting av media i USA i dei siste tiåra er den store monopoliseringa av mediekonserna og avisene under eigarskapet til nokre få svært rike mediemogular som også er svært involvert i utviklinga av USA si makt i verda og korleis dei dominerer også dei andre, nyare medie-kanalane. Elles kan nemnast Stephen Gowans Washington’s Long War on Syria frå 2017 som, opp mot hovudstraum-media, dokumenterer USA si leiande rolle i kampen for å styrte Assad.

Dei fem mediefiltera

Men la oss sjå på dei viktigaste filtera som Herman og Chomsky fann blir nytta i manipulering i «Vesten». Det første filteret er prisen for å opprette nye store mediekanalar. Det er så dyrt at berre dei med store økonomiske ressursar kan gjere det. Dermed er det slik at alle dei store media-monopola er eigd av den øvste overklassen i verda, dei superrike. Eit par eksempel er at Amazon-grunnleggaren Jeff Bezos som kjøpte Washingon Post i 2013, ei avis som ved sidan av New York Times er eit fyrtårn for det nyliberale verdsbiletet. Børs-guruen Warren Buffet eig holdingselskapet Berkshire Hathaway med 21 aviser. Det vidgjetne Koch-imperiet, grunnlagd av brørne Charles og David Koch, og som aktivt støtta Tea-Parti rørsla har kjøpt seg inn i Times. Det er rimeleg å tenke at dei gjorde det for med tida å overta Time-Magazine. Men i staden kom software-milliardæren Marx Benidoff på banen og kjøpte Time Magazine i september 2018. Benidoff var det det som, på det økonomiske forumet i Davos,  hevda at det ikkje var regjeringane, men føretaksleiarane i verda, som han, som var heltane i kampen mot Coronaen. For føretaka kunne reagere raskt, ikkje for å skape seg meir profitt, men for å redde verda. Denne uttalen blei lett forstått slik at små mannskap av superrike i mellomtida følgde sin eigen transnasjonale agenda, uavhengig av statsleiingane.

Denne oppkjøpinga av media må og sjåast i samanheng med den finansielle støtta frå dei rike til tenketankar og filantropiske organisasjonar som har ein klar bodskap. Den mest aggressive fløyen, der vi finn brørne Koch, har samla inn 1,5 milliardar dollar for å endre den amerikanske politikken ut frå den nyliberale ideologien til von Hayek.

Denne utviklinga finn vi og i England, Tyskland og andre land. Noko som Lüders går nøye inn på.[iv]

Det andre filteret er annonsemakta. Her er det dei rikaste føretaka som har dei største reklame-ressursane og desse kan dei gi til eller ta frå media ettersom dei er nøgd med deira redaksjonelle linje eller ikkje.

Det tredje filteret er kor media får nyheitene sin frå. På grunn av kostnader, men og fordi dei ofte delar verdsbilete oppstår det ein slags symbiose med mektige informasjonshaldarar. For USA nemner Chomsky særleg  pressekonferansar i det Kvite hus, Pentagon, Utanriksdepartementet. Desse produserer ei mengd med informasjon som er samle inn av etterretningsorganisasjonane deira og dei opplysningane som passar med politikken deira, slepp dei vidare til media. Berre Pentagon har ei informasjonsteneste med fleire tusen tilsette med budsjett på fleire hundre millionar dollar i året. Opplysningar herifrå får media gratis. Sjølv inne i USA er det kritikk mot dette. I 2009 uttalte sjefen for telegrambyrået AP i USA at Pentagon hadde bygga seg ut til ei «propagandamaskin som agerte i heile verd». Han fekk under Irak-krigen beskjed frå militære leiarar at dei ville «øydelegge han og AP om han og byrået vidare heldt fast på journalistiske prinsipp».[v]

Det fjerde filteret kalla Herman og Chomsky for flak, dvs. vern mot flyåtak. Media vil produsere det som er mest mogleg nyttig for massane. Når dei gjer det så passar dei på å ikkje ta opp tema som kan føre til at dei kjem i søkelyset til samfunnsgrupper eller nokon del av makteliten som ikkje er samde med temavalet eller måten dei fortel det på. Viss media gjer det kan dei bli utsett for «sperreeld» til dømes skriv til Kongressen eller klagar på sjikane. Her er det viktig for media å samarbeide med makthavarane og regjeringsorgana for å halde reide på kor den raude linja går. Det blir då ei kjøpslåing. Politikken steller seg bak media og vernar dei mot «kverulantar». Media betalar tilbake ved at dei ikkje så fort kjem på ideen å uttale seg mot ein Iran-krig, for eksempel. I Tyskland har dei ordna dette meir institusjonelt ved å opprette eit råd som handsamar klager. Elles har vi seinare sett at media sjølv opprettar såkalla «fakta-sjekk» organ for å tvinge alle til å halde seg innan dei rammene som dei store media har frå makthavarar og politiske leiingar.

Det femte feltet er reint propagandistisk. Det er oppdelinga av verda i «gode» og «vonde». Det «gode» er alltid det som dei vestlege overklassane vil ha og det «vonde» er det som gjer motstand mot dette. Det er som å underkaste seg den «dominerande religionen». Dei som vågar i skrive noko som kan tolkast til skade for dei «gode» eller til nytte for dei «vonde» blir hengd ut, kalla for konspirasjonsteoretikarar og alt ille som dei som er innanfor den rådande offentleg «religionen» kan finne på. Og fordi dei er så innprenta med grunnlinjene i si tru blir dei ofte svært oppauste over at nokon kan hevde noko anna enn den offentlege medie-meininga. Med andre ord er det senka ned eit jarnteppe mot fienden som du ikkje skal få gløtte forbi.

Som eg har vist til finnast det også fleire bøker som følgjer opp emnet i seinare tid og viser at dei i hovudsak fungerer slik Hermann og Chomsky avdekka, pluss at nye filter som brukast i dei nye «sosiale» media blir handsama – som direkte sensur og algoritmar som gjer det vanskelegare for dei som ikkje heldt med herskarane sine framtillingar, å sleppe fram med sine bodskap.

Som lærar i ungdomsskulen såg eg kva desse fem filtera blei til i ei lærebok i samfunnskunnskap. Filter 1 var der blitt til det nye, nr. 2 vart til det uvanlege, nr. 3 det dramatiske, 4 det nære og 5 det emosjonelle. Eg hadde ikkje lese Chomsky då, men la no til annonsemakta og kor lite av det som skjer i verda som kjem i media og at det står interesser bak kva som blir vald ut.

Den siste store oppdateringa av Management of Consent er boka Propaganda in the Information Age – Still Manufacturing Consent som hadde Alan MacLeod som redaktør og kom ut i 2019 på Routlegde sitt forlag. Eg har laga ei samandrag av boka som er for langt til å gå inn i teksten her, men som alle må lese for å få ei skikkeleg oppdatering på utviklinga av propagandaen fram til no. Forfattarene kjem til at dei fire første filtera, som nyhende må gjennom før dei blir slept ut i media, fungere som før, men særleg den enorme konsentrasjonen av eigedom i mediebransjen har forsterka eigedomsfilteret.

Det femte filteret har derimot endra karakter etter 2012 då Det republikanske partiet i USA starta sin enorme antirussiske propaganda-bølgje for å ramme den republikanske presidenten, Trump. Frå 2012 og frametter blei Russland framheva som den store fienden til USA og vasallane, og den såkalla putinismen, eit omgrep som var kjend frå 1990-talet og fekk si endelege definisjon i 2008 av eit leiande medlem av en amerikansk tenketank, blei friska opp att med ei rekkje nye bøker om emnet, som var ei gedigen, historieforfalska svartmaling av Russland. Dette har tent til å produsere semje USA, NATO og EU om at Russland no representerer vondskapen i verda som alle må einast om å svekke og kjempe mot. Dette er særleg grundig handsama i ovannemnde bok.



[i] Ei kort og presis samanfatning av utviklinga av propagandaen for nyliberalismen finn du i Keith Dixon Les évangelistes du marche (Marknads-predikantane), 1998.

[ii] Edward Bernays Propanda, New York 2005, side 37. Sjå og Walter Ötsch og Silja Graupe Der vergessene Lippmann – Politik, Propaganda und Macht, der innleiinga er ei god innføring i Lippmanns liv og virke.

[iii] Sjå om Robert McChesney som gav ut Digital Disconnect – How Capitalism is Turning the Internet Against Democracy, i 2014 https://robertmcchesney.org/about/ og Alan MacLeod som gav ut Propaganda in the Information Age, Still Management of Consent, i 2019.

[iv] Michael Lüders Die Scheiheilige Supermacht – Warum wir aus dem Schatten der USA heraustreten muss (Den skinnheilage supermakta – Kvifor vi må tre ut or skuggane til USA), 2021, sidene 81-82. Store delar av framstillinga her bygger mellom anna på denne boka.

[v] Same bok. Sjå note 14 på side 280. Vgs. heise online, 8. februar 2009:

Ap-Chef beklagt den Druck des Militärs auf unabhängige Berichterstatter; https://www.heise.de/newsticker/meldung/USA-AP-Chef-beklagt-den-Druck-des-Militärs-auf-unabhägige-Berichterstatter-206637.html .

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.