Eit anticolumbisk blikk på historia

Eg sendte for ei tid tilbake ein kronikk til Klassekampen der eg tok opp det ovan nemnde temaet. Debattredaktøren der var ikkje interessert i det. Så eg publiserte det i den viktigaste antiimperialistiske og radikale avisa i Norden, Ny Dag med Steigan.no. Men eg tenkjer at vi må følgje opp dette fordi det er svært viktig. Særleg fordi avisa Klassekampen no har ein diskusjon om totalitære regime, med lange, reaksjonære innlegg. Derfor ein litt lengre tekst om emnet.

Den verdskjende og svært reaksjonære geografen Halford Mackinder[i] skapte i 1904 omgrepet den columbiske epoken om tida frå Columbus kom til America og fram til Mackinders eigen tid. Han meinte at denne tida då tok slutt. Der tok han feil. Riktig nok var då om lag heile verda «oppdaga», men trua på at Columbus sitt vis for å omgåast den verda han «oppdaga» var slutt, var feil, den fortsette under nye omstende heilt fram til og forbi 500-års»jubileet» for landnåmet i Karibia. Columbus innleia ein periode på over 500 år då dei kvite overklassane i landa rundt det nordlege Atlanterhavet fortsette hans verk. Det som har karakterisert dette verket var folkemord, slaveri og rov og tjuveri av heile den verda som etter kvart blei «oppdaga» i den grad columbiarane klarte å  legge land og folk under sitt herredømme.

Columbus si andre reise

Columbus sin andre reise innleia for alvor den columbiske epoken. I første omgang gjekk det ut over folket på Hispaniola. Det var tre oppgåver Columbus ville løyse. Han ville skaffe slavar og gull og omvende innbyggarane til katolisismen. Han måtte fort gi opp å skaffe slavar fordi indianarane døydde så fort. Så blei gull det viktigaste. Ei system der alle innbyggarane skulle skaffe ei viss mengd gull innan visse korte periodar blei innført. For å få til dette underkua dei folket fullstendig. Metoden kan karakteriserast av eit par episodar der spaniarane hadde fanga ei gruppe indianarar. Indianarane sat ein kano utanfor skotrekkevidde til eit av skipa, men mannskapet klarte å lure seg innpå dei og dei tok fram boge og pilar og prøvde å forsvare seg. Men dei blei fanga og tatt om bord i Santa Maria, Columbus sitt skip. Ein av dei, som hadde fått snitta opp buken av ein spansk soldat, klarte å rive seg laus og symje mot land medan han held tarmane sine med eine handa. Han blei fanga att og så bant dei både hende og føter på han og kasta han over bord. Men han klarte å komme seg laus av taua og tok til å symje mot land att. Då blei han skoten mange hol i av spaniarane og sank i ned i vatnet. Kvinner som hadde klart å rømme blei fanga att for å vere sexslavar for mannskapet.[ii]

For å skaffe gull skapte Columbus eit system der alle over 13 år i ei provins på Hispaniola der dei trudde det var mykje gull, skulle skaffe ein falkemage fylt med gull kvar tredje månad. Stammeleiarar skulle skaffe ti gongar så mykje. Som prov på at dei hadde skaffe dette fekk dei ein koparbit stempla med månaden festa rundt halsen. De som blei teken utan metallbit fekk hendene kutta av. Der var ikkje mykje gull i dette området, så oppgåva var umogleg. I dei andre provinsane skulle alle levere 25 pund vevd bomull i staden for gull. Dei som prøvde å flykte opp i fjella fordi ei ikkje klarte å nå målet blei jakta ned med hundar og drepne for fote, dei vart hengde og brente. Øya var fullstendig pasifisert og massesjølvmord blant arawakane begynte. I løpet av dei to åra brørne Columbus administrerte Hispaniola (ein del av Haiti ligg no her) blei halvparten av arawakane drepne eller drap seg sjølve. Talet på daude der anslått til ein stad mellom 125 000 og ein halv million. Drepinga fortsette og i 1515 var det berre 10 000 arawakar att. Og 25 år seinare var heile nasjonen utrydda.[iii] Seinare skjedde det same på resten av Haiti. Og etter kvart på alle delar av det amerikanske kontinent. David E. Stannard har kalla dette for den amerikanske holocaust og seier at dei kvite sin statar der, medrekna USA bør ha pyramidar av hovudskallar som sin symbol.

Eit viktig kjenneteikn på epoken er også handsaminga av kvinnene. Dei spanske okkupantane drap både menn, barn og kvinner, men ofte drap dei mennene og ungane, mens dei tok kvinnene til sex-slavar. Store delar av den blanda folkesetnaden i Latin-Amerika er resultat av valdtekter på kvinner frå dei opphavlege folka. Denne måten å handsame kvinner og dette kvinnesynet finn vi sjølvsagt også andre stader, men det er i alle fall sikkert at han gjennomsyrer columbismen. Difor er det litt av ei kunststykke at det columbiske leiarlandet, USA, våger å stå fram som forsvarar av kvinnene si likestilling.

Måten columbiarane handsamar dei ikkje-columbiske folka var og opphav til den moderne rasismen der alle utanom dei kvite europearane ikkje vert sett på som likeverdige menneske, men i beste fall som mindreverdige og ofte ikkje som menneske i det heile, men som utøy. Dette sit djupt i den columbiske kulturen.

Ein annan karaktereigenskap som kjenneteiknar columbismen er å gå til angrep på og drepe og undertrykke slike som ikkje har vilkår til å forsvare seg. Denne forråande måten å oppføre seg på og dei haldningane som spring ut av dette gjennomsyrer også columbismen. Spark dei svake og dyrk dei sterke bøllane.

Alt dette kjenneteiknar også den enorme valdskulturen i dei columbiske landa, mykje fremja av Hollywood og slike.

Folkemord er eit av dei fremste kjenneteikna på columbismen. Eg skal ikkje gå gjennom heile denne verdas verste folkemord i detalj her, men viser til ein tidlegare artikkel[iv] der det også går fram at desse metodane framleis blir brukt eller forsøkt brukt. Men det kan vere verd å nemne at nyare overslag over talet på drepne på Hispaniola sannsynlegvis var 8 000 000. Og det skjedde i løpet av om lag ein generasjon. Dette er arven etter Columbus og noko som har kjenneteikna det columbiske systemet i dei neste vel 500 åra.

Innan den columbiske flokken var det også store krigar, med enorme drapstal, for å bestemme kven som skulle ha kontrollen. Og kontrollen gjekk i det store og heile frå Spania og Portugal, til Holland, Frankrike, England og USA, men fleire, som ikkje blei dominerande, var med på «leiken», som Tyskland og Belgia og fleire mindre aktørar som til dømes Danmark då Norge i røynda var styrt av den danske staten. I tillegg melde ei Stillehavs-makt, Japan, seg på i denne striden. Eg har omsett innleiinga av ei bok om columbismen som Noam Chomsky har skrive og som gir mange opplysningar Sjå note 4.).

Columbisme og kapitalisme

I Kapitalen, bind 1, kapittel 24 tar Marx opp utviklinga som gjekk føre seg før den industrielle kapitalismen oppstod. Eg skal ikkje gå inn på alle detaljane her, men i kapittel 24.6 summerer Marx opp forholdet mellom columbisme og framveksten av kapitalisme under overskrifta Industrikapitalismens tilblivelse. «Oppdagelsen av gull- og sølvforekomstene i Amerika, utryddelsen, slavebindingen av den innfødte befolkningen som ble sendt ned i gruvene, den begynnende erobringen og utplyndringen av Øst-India, forvandlingen av Afrika til et jaktområde for handelsjakt på negre – alt dette var soloppgangen for den kapitalistiske produksjonens epoke.»[v] «En mann som har gjort kristendommen til sin spesialitet, W. Howitt, sier om det kristne kolonialsystemet: ‘Det barbariet og de opprørende grusomhetene som de såkalte kristne rasene gjør seg skyldige i, finner man ikke maken til i noen epoke i verdenshistorien, ikke hos noen rase, selv om den måtte være aldri så primitiv og uopplyst, skamløs og fri for medlidenhet».[vi] Marx går så inn på eksempel frå Holland og Englands Øst-Indiske kompani og sier at resultatet ble at «Store formuer grodde fort vekk som paddehatter, den opprinnelige akkumulasjonen foregikk uten at en skilling ble forskuttert»,[vii] dvs. som reint røveri. Han konkluderer med at «Kolonisystemet gjorde at handel og skipsfart utviklet seg som i et drivhus. ‘Selskapene Monopolia’ (Luther) var mektige hevarmer for kapitalkonsentrasjonen. De framvoksende manufakturene fikk sikret seg et avsetningsmarked i koloniene, og markedsmonopolet forsterket akkumulasjonen. Skattene som ble samlet utenfor Europa gjennom direkte plyndring, slavebinding og rovmord, strømmet tilbake til moderlandet, hvor de ble gjort om til kapital».[viii]

Men denne typen overføring av verdiar frå land utanfor Europa» tok ikkje slutt med den opphavlege akkumuleringa. Han har fortsett fram til no gjennom forskjellige fasar og metodar. Nyare forsking har vist korleis det har skjedd og skjer. Her vil eg særleg nemne indarane Utsa Patnaik[ix] og Prabhat Patnaik si banebrytande studie Capital and Imperialism – Theory, History, and the Present (Kapital og imperialisme – teori, historie og no) frå 2121 som viser at akkumulasjon av kapital alltid har trengt at ein tar jord, råmateriala, og kroppar frå ikkje-kapitalistiske produksjonsmåtar. Viktig er også indonesaren Intan Suwandi[x] si  Value Chains – The New Economic Imperialism (Verdikjedar – Den nye økonomiske imperialismen) frå 2019. Det er elles interessant å notere seg at desse tre bøkene har kvinnelege forfattarar. Til slutt her vil eg nemnde John Smith si Imperialism in the Twenty-first century – Gobalization, Super-Exploitation, and Capitalism’s Final Crisis (Imperialismen i det tjueførste hundreåret – globalisering, super-utbytting og den endelege krisa for kapitalismen) frå 2016. For dei som leitar er det ei sann mengd om bøker om emnet.

England

Frå 1700-talet var England den leiande columbisk-imperialistiske makta. Då skapte den engelske overklassen også settlarstatane USA, Australia og New Zealand gjennom folkemord og røving av land og ressursar frå den opphavlege folkesetnaden. Dei skapte og settlarstatar i Afrika, som i Kenya og Sør-Afrika, men her vart dei aldri så dominerande som i dei ovan nemnde og etter kvart blei fleirtalet av settlarane jaga ut. Og dei tok kontroll over ei mengd andre område og land i verda som dei tyna og utbytta på det mest gruelege.

I perioden frå den 2. verdskrigen og fram til no (2021) har USA vore den leiande columbisk-imperialistiske makta. Men alle landa rundt det nordlege Atlanterhavet, som Tyskland, Belgia og andre med meir eller mindre «kvite» overklassar var med. Russland hadde skilde seg ut, først ved at dei hadde utvida sitt eige territorium, slik alle statar var blitt danna, utan å bli ein kolonistat i rett tyding, samt at folka i dei nyerobra områda ikkje blei utrydda, men utnytta og utbytta og etter kvart integrert i staten Russland. Så braut dei altså ut av heile de columbiske systemet. I heile tida let USA som om dei ikkje var så imperialistiske som England og andre columbiske statar. Dei var til dømes ikkje direkte med i krigar for ta kontroll over Kina, men opererte i bakgrunnen for å oppnå same imperialistiske føremoner som England, Frankrike, Tyskland og andre som stod fram som meir krigerske og undertrykkande.

USA

Blant dei mest gruelege settlarstatane var USA, etter at settlarane hadde utrydda indianarane gjennom ei rekkje krigar og massakrar osb., mens dei trengde seg vestover på det nye kontinentet, slo dei ut Spania og Frankrike og England og oppretta sin eigen stat der det blei utvikla eit moderne slaveri knytt til utviklinga av bomullsindustrien i England og dermed til den første bølgja av industrikapitalisme. Dei erobra meir enn ein tredel av Mexico som vart den sørvestlege delen av USA. Dei tok så Hawaii og forsette rundt 1900 med ein krig mot Spania der dei sikra seg restane av det spanske herreveldet, til dømes Cuba og Filippinane. På Filippinane allierte dei seg først med ei lokal frigjeringsrørsle mot Spania. Det førte til at frigjeringsrørsla vann og oppretta sin eigen frie stat. Då gjekk USA til kamp mot sine tidlegare partnarar og klarte, gjennom ein veritabel folkemordskrig, å knuse den nye staten. Eg har skrive ein lenger artikkel om det.[xi] Deira løgn om at dei ville hjelpe til med å frigjere dei spanske områda vart då grundig avslørt, men sjølv i dag er det mange som ikkje kjenner til denne historia.

Tore Linné Eriksen gav i 2007, etter oppfordring frå Bernt Hagtvedt,[xii] ut ei god bok med tittelen Det første folkemordet i det tjuende århundret – Namibia 1903-1908 med ein omfattande kjeldeoversikt og drøftingar av omgrepet folkemord og samanlikningar med andre folkemord. På slutten av boka skriv han at «I komparativt perspektiv er det nærliggende å lete etter felles kolonitrekk i form av jordokkupasjon, tvangsarbeid og rasisme, samtidig som det er en minst like viktig utfordring å forklare hvorfor Namibia, etter mange forskeres oppfatning, skilte seg ut ved at den tyske okkupasjonsmakten gjorde seg skyldig i det som etter gjengse definisjoner omtales som folkemord. Det er riktignok grunn til å tro at dette begrepet vil bli brukt om fleire andre kolonikriger etter hvert som koblingen mellom kolonihistorie og folkemordsforskning fører til grundigere studier, slik John Lawrence Tone nylig har gitt et spennende eksempel på med War and Genocide in Cuba, 1895-1898.»[xiii] 

Ut frå dei opplysningane som finnast om Filippinane har han fått rett i dette. Men det har ikkje vore like lett å få dette fram fordi USA var den staten som utførte det som kan kallast folkemord på Filippinane. For dei som stør den columbiske imperialismen i verda er det kanskje ikkje lett å svelge at USA er den verste folkemordar og ekstremiststat i verdshistoria. Det same skjedde då Suharto i Indonesia, med tydleg støtte frå USA, sørga for å drepe store delar av den kinesiske minoriteten og så å seie alle kommunistar der i 1965-66.[xiv] Resultatet blei mellom 500 000 og ein million drepne.

USA sitt tilhøve til det som blir kalla Latin-Amerika er betre kjend. Her let dei og som om dei ville hjelpe statane der gjennom den såkalla Monroe-doktrinen som stengde dei andre columbiske landa ute frå Latin-Amerika. Men under denne doktrinen la dei i røynda dette området inn under sin interessesfære. Noko som har ført til enorme problem for folka der og har hindra utviklinga av gode samfunn der fram til i dag.

Etter 2. verdskrigen og særleg etter Suez-krisen og den 2. arabisk-israelske krig i 1956 då Israel, England og Frankrike gjekk mot Egypt de Nasser hadde nasjonalisert Suez-kanalen, har USA vore den heilt dominerande columbiske makta som har gått i spissen for mest alle krigar, regimeskifte, boikottar og økonomiske straffetiltak mot alle land og område som har kjempa for å komme seg ut av det columbiske kvelegrepet. Og dei har tatt kontroll over resten av dei columbiske statane gjennom økonomiske middel som Verdsbanken, Det internasjonale pengefondet og militære middel som NATO og ei rekkje andre pressmiddel.

Kampar for å komme ut or columbismen sitt famntak

Heilt frå starten har dei ikkje-columbiske folka kjempa mot columbismen og for å sleppe ut av den columbiske sfæren. Ei interessant bok om dette er indaren Priyamvada Gopal[xv] si bok Insurgent Empire – Anticolonial Resistance and British Dissent  (Opprørsk Imperium – motstand mot kolonisering og britisk usemje) frå 2017. Dei første som braut ut av det columbiske systemet var slavane på Haiti. Dei kasta ut franskmennene og oppretta den første frie ikkje-columbiske staten. Seinare sendte Napoleon franske (og polske) troppar for å ta øya tilbake og dei såg ut til å klare det gjennom ein nådelaus drapspolitikk, men dei tidlegare slavane klarte til slutt å slå også desse. Men så slutta USA å stø opprøret og innførte i staden sanksjonar og ein kvit elite klarte etter kvart å ta tilbake makta, slik redda dei Haiti for columbismen[xvi] med fryktelege følgjer for folket der.

Alle slike forsøk på å komme ut av famntaket til columbiarane har blitt møtt slik, med dei smartaste, mest brutale og mordariske middel frå columbiarane.

Oktober-revolusjonen

Frå 1. verdskrig begynte verdas folk for alvor å lukkast med kampen for å kjempe seg ut. Det første stor vellukka forsøket kom i Russland i 1917, med Oktoberrevolusjonen og sigeren mot 14 columbiske statar (medrekna Japan) som invaderte landet og hjelpte den gamle jordeigarklassen og delar av borgarskapet i Russland i forsøket på å styrte det revolusjonære styret. Men dei tapte og Sovjet Unionen blei oppretta. Kvifor klarte ikkje alle dei reaksjonære klassane i Russland saman med alle dei columbiske landa pluss nokre til (Japan til dømes) å slå ned denne revolusjonen? Den franske filosofen og kommunisten Lucien Sève har gitt eit greitt svar. Her har du det:

«Men lat oss no sjå på kva som ble vedtatt i løpet av to månader etter oktober-revolusjonen i Russland. Det aller første var stans i krigen mot Tyskland med allierte som var i ferd med å blø ut landet. Det neste var vedtak om overføring av jord frå dei gamle godseigarane til dei bøndene som dyrka han. Så blei det gamle straffesystemet, som var retta mot arbeidarar og fattige bønder oppheva. Dernest kom vedtak om skilje av kyrkje og stat. Og så kom i tur og orden:

  • sivilt giftarmål blei lovleg,
  • vedtak av at kvinner skulle ha same rettar som menn,
  • vedtak av ein forenkla skrivemåte for å gjere det lettare for alle å lære å lese og skrive,
  • oppheving av adel og kastar,
  • oppheving av dei gamle privilegia frå tsarsystemet,
  • oppretting av sjuketrygd og arbeidsløysetrygd,
  • etablering av arbeidarkontroll i føretak,
  • oppretting av eit nasjonalt økonomisk råd,
  • nasjonalisering av privatbankane,
  • proklamasjon om rettane til dei forskjellige folka og nasjonane i Russland inkludert retten til å styre seg sjølv og skilje seg ut som eigen nasjon om dei ville, slik det skjedde i Finland, Polen og Ukraina,
  • oppheving av alle nasjonale og religiøse privilegia og retten til fri utvikling for minoritetar og etniske grupper og
  • oppheving av alle regler som diskriminerte jødar.

Dette var Lenin si linje for utviklinga av kommunismens første fase i Russland og eit grunnlag for den praktiske innføringa av han. No vart grunnlaget for å få til dette mest øydelagt av den rasande motstanden til den gamle godseigaradelen. Alle dei 133 000 offiserane i tsarhæren kom frå denne gruppa, og dei organiserte raskt hærar som samarbeida med 14 land utanfor Russland for å knuse revolusjonen og dei nye ordningane. Grunnen til at arbeidarane og dei store bondemassane i Russland og landa rundt ikkje tapte, var dei visste kva som sto på spel om godseigarhærane og deira utanlandske medspelarar vann. Då ville dei miste jorda si att og dessutan ville alle dei nye rettane bli tatt frå dei og dei ville bli straffa på verste vis.[xvii]

Det vesentlege ved utviklinga i Sovjet-Unionen utanfor columbismen sin sfære

Sigeren i Russland gjorde det mogleg å bygge opp ein moderne industristat der i rekordfart på grunnlag av indre akkumulasjon og ikkje det columbiske middelet med enorm utbytting av koloniar og interessesfærar. Det førte til ein rask utvikling i leve- og livsstandard for det store fleirtalet i landet og brutal undertrykking av dei som motsette seg den utviklingspolitikken som kommunistpartiet var pådrivar for, med Stalin i spissen. Dette var grunnlaget for den store populariteten til Stalin før 2. verdskrigen og for kritikken mot han seinare. Då han leia Sovjet-Unionen sin store kamp mot Nazi-Tyskland og som avgjorde sigeren mot denne steig populariteten til enno større høgder.

Etter revolusjonen var de store problemet for Sovjet sjølvsagt den fortsette rasande motstanden frå dei columbiske staten pluss at produksjonsmidla var svært tilbakeliggande i forhold til behova for produkt og at dei derfor måtte bygge opp industrien på grunnlag av eigne ressursar der jordbruket var avgjerande. Dei løyste det gjennom ein tvungen kollektivisering av jordbruket, og forsert industrialisering, noko som skapte store motseiingar til dei mest aktive sjølvstendige bøndene, kulakkane og til dei tradisjonelle produsentane som blei erstatta av industrien. Dette var dei gruppene som blei offer i denne prosessen. Desse gruppene blei pressa ut av jorda si og dei private produksjonsmidla sine og etterpå levde dei eit fattigsleg liv, ofte i utkantane av byane der dei livnærte seg på tilfeldig arbeid og småkriminalitet.

Det var først og fremst denne gruppa, saman med politiske motstandarar av sovjetstyret som hamna i arbeidsleirane kalla Gulag og som vart offer for den store utreinskinga i 1938. Ein annan gruppe var lokale leiarar som feilinformerte den sentrale leiinga om produksjon og anna for å sleppe unna kritikk og skape føremoner for seg sjølv. Sovjetkritiske forskarar har rekna ut at rundt 5 til 6 millionar menneske blei direkte tatt livet av i Sovjet-Unionen under Stalin sitt styre. Andre har forstørra opp dette talet enormt ved å trekke inn uår og svelteperiodar osb. ut frå columbisk-politiske formål.

Interessante bøker for å vurdere Sovjet-historia er The Stalin Years – A Reader, redigert av Christopher Read, Palgrave MacMillan 2003. Her samanfattar Read (som er professor i historie ved University of Warwick) ein del av taldiskusjonen slik: ”For tida antydar dei mest nøyaktige teljingane vi har tal som er avskrekkande nok, men atskillege lågare enn dei tala Conquest har. (20 millionar drepne.) Når det gjeld åra med terror (1936-41) blei mest ein million avretta, og omlag to millionar fangar døyde i leire og i eksil. (Side 16.)

Interessant er også J. Arch Getty og Oleg W. Naumov  The Road to Terror. Stalin and the Self-Destruction of the Bolsjeviks. 1999 Yale University. Getty er ein av de meir kjende forskarane på Sovjet i USA og Naumov var visedirektør for Moskva-arkivet RGASPI. Eg har skrive eit samandrag av boka tidlegare.

Også Stalinism New Directions frå 2000 der Sheila Fitzpatrick var redaktør er interessant og kanskje særleg Domenico Losurdo si bok Stalin – ein svart legende som først kom ut på italiensk i 2008 og seinare på andre språk, til dømes på tysk i eit tredje nysjekka opplag i 2017. Eg har tidlegare skrive ein artikkel der eg samanfattar opplysningane i desse bøkene (minus Losurdo si).[xviii]

Men mi oppgåve her er ikkje å gå inn på sovjethistoria i detalj. Ut frå eit anti-columbisk perspektiv var hovudsaka ved Sovjet-Unionen at det var den første store staten som klarte å dra seg ut av den columbiske sfæren for lengre tid, og at dette var eit avgjerande vilkår for at landet kunne bygge opp ein uavhengig moderne industristat. Noko som på si side var eit vilkår for at staten klarte å halde seg så lenge utanfor den columbiske sfæren.

Først blei angrepet frå dei 14 columbiske statane slått tilbake litt ut på 1920-talet. Og Sovjet-Unionen hadde klart å motstå alle økonomiske angrep og all undergravingsverksemd frå columbiarane i mellomkrigstida, gjekk den columbiske nazi-staten, Tyskland, til åtak på Sovjet-Unionen den 22. juni i 1941. Etter berre litt over to månader, den 1. september, sto tyske styrkar framme ved ei line frå tidlegare Leningrad over Smolensk like vest for Moskva og vidare til Timosjenko til Kiev og aust til Dnepropetrovsk og til Odessa ved Svartehavet. Hitler vurderte det slik at dei hadde vunne krigen allereie.

Dei andre columbiske statane sat i starten på gjerdet, men då Tyskland sin allierte, Japan, vel to veker før jul i 1941 gjekk til åtak på USA sin base på Hawaii, som USA tidlegare hadde lagt inn under sitt herredømme, gjekk også USA inn i krigen. Men i røynda var det først då dei columbiske leiarane i vest såg at Sovjet-Unionen kunne vinne krigen og ta heile Tyskland, at det kom fart i deira planer for å gå inn i Europa, og så fekk vi D-dagen 7. juni 1944. Strategisk sett var då Tyskland i taparposisjon før det. Første teiknet var forsvaret av Moskva og det dåverande Leningrad og det reelle omslaget ved Stalingrad frå 1942 av og dei russiske offensivane etter dette fram til den store sigeren i panserslaget ved Kursk i juli-august 1943.[xix] For alle som kjente krigens lovar var det då klart at det berre var eit spørsmål om tid før Tyskland måtte kapitulere.

Sett i det columbiske perspektivet var første verdskrigen først og fremst ein kamp mellom columbiske statar om omfordeling av heile den ikkje-columbiske verda som alle var samde om skulle utbytast til det ytste. Den andre krigen var også ein slik omfordelingskamp, men han var også ein kamp for å ta Sovjet-Unionen inn i den columbiske sfæren att. Dette var i røynda den nazistiske leiren og leiren til England og USA samde om. Men den siste leiren var tvungen til å gå i ein midlertidig allianse med Sovjet-Unionen for å hindre at enno større delar av verda klarte å komme seg ut av den columbiske gruppa.

Den kalde krigen og det

Etter at Tyskland med sine allierte var slått sørga USA for å få kontroll over resten av Europa. Straks etter krigen utforma dei planar for å angripe Sovjet-Unionen. I oktober 1945 gav president Truman eit oppdrag til general Eisenhower som han kalla «Operation Totality» (JIC/1). Det var ein hypotetisk plan for ein omfattande krig mot Sovjetunionen. Med eit slag skulle dei bruke atombomber for å utradere 20 sovjetiske byar, Moskva, Gorkij, Kujbysjev, Sverdlovsk, Novosibirsk, Omsk, Saratov, Leningrad, Baku, Tasjkent,  Sjeljabinsk, Nisji Tagil, Magnitogorsk, Perm, Tiflis, Novokusnetsk, Grosnyj, Irkutsk og Jaroslavl. I løpet av kort tid lanserte også Churchill plan om ei samein Europa, eit EU og det var i tråd med amerikanarane sine planar om å styre heile verda.[xx]

Marshall-«hjelpa» var ein viktig lekk i desse planane. Dei og deira columbiske allierte følgde då opp Hitler sin varme krig for å columbisere Sovjet-Unionen og dominere Europa ved å starte ein såkalla «kald krig». Denne varte svært lenge, men då Sovjetstaten braut saman i 1991 lukkast columbiarane å få Russland og fleire andre tidlegare Sovjet-republikkar inn i det columbiske systemet. For Russland varte dette i om lag ti år og det førte til ein enorm økonomisk og sosial katastrofe både i Russland og andre tidlegare sovjetiske område. Nokon har vurderte det slik at tilbakeslaget var større enn 2. verdskrigen. Og så begynte ein ny runde med kampar, der USA gjekk i spissen, for å få Russland og alle dei tidlegare sovjet-republikkane til å halde seg inne i den columbiske sfæren. Dei lukkast fleire stader med det. Og mange andre land, som hadde klarte å halde på eit visst mon av sjølvstende ved å støtte seg på Sovjet, blei også columbisert.

Men så kom Putin og stengde døra att for columbiarane og vingestekka dei nye russiske oligarkane. Attreisinga av Russland tok til att. Putin måtte demoniserast.

Det andre anti-columbiske jordskjelvet – Kina

Men under 2. verdskrigen hadde det skjedd noko anna svært viktig som skulle vise seg å vere innleiinga på slutten av heile den columbiske æra. Under leiing av det kinesiske kommunistpartiet (KKP), med Mao Zedong i spissen, kasta folket i Kina ut den fryktelege japanske okkupanten.  Og deretter slo dei hæren til Chiang Kai-sjek som amerikanarane ville bruke for å halde Kina innan den columbiske sfæren sin. Men amerikanarane hjelpte han så mykja at han klarte å sette seg fast på den kinesiske øya Taiwan. England klarte å halde på kolonien sin i Hong Kong, som dei hadde røva til seg om lag 100 år tidlegare. Dei har også seinare kjempa med nebb å klør for å halde på dette området, sjølv om dei måtte gi tapt i 1997.[xxi] I den seinare tida har columbiarane jobba for å bruke Hong Kong som ei brekkstong for å svekke Kina og støtta ein columbisk opposisjon der som vil at staden ikkje skal bli ein fullverdig del av Kina. Den vanlege reklamen er at dei kjempar for demokrati og menneskerettar.

Den enorme framgangen for folket i Kina i Mao-epoken

Under Mao si tid som leiar for KKP blei det lagd eit solid grunnlag for vidare utvikling etter han. I 1949 overtok Mao og hans folk eit krigsherja land der store åkerareal låg brakk. Arbeidsløyse og hungersnaud herja på landsbygda. Under Mao ble dyrkingsarealet auka med 30 % og produksjonen av korn med 250 %. Fordi folkesetnaden blei nesten fordobla på same tid, klarte dei likevel ikkje å løfte heile folket ut av fattigdommen då. I den kinesiske industrien der tilstanden var enno dårlegare enn i jordbruket, var veksten større. Mellom 1949 og 1975 ble produksjonen 20 gonger større og kom opp i halvdelen av nasjonalproduktet, mot berre ein tiandedel då Folkerepublikken blei grunnlagd. Viss vi tar 1957 som basisår kan takten i utviklinga bli illustrert ved følgande indekstal: 1949:20, 1952:48, 1957:100, 1960:181, 1962:111, 1965,:199, 1970:316 og 1975:502.

Dei columbiske propagandistane har fokusert på kriseåra rundt 1962 og dermed forfalska den heilskaplege utviklinga som var svært god. Under heile denne prosessen vaks ikkje folkesetnaden i byane så mykje fordi ein god del industri blei bygd opp lokalt i landdistrikta saman med skular og helsevesen som blei bygd ut svært mykje. Også innan lokalt transport og offentlege syslar var veksten stor. Nokre produksjonstal er nyttig å vite. Frå 1952 til 1976 blei kolproduksjonen 7 gongar så stor, tilverknaden av stål blei 20 gongar så stor, produksjonen av elektrisk kraft blei 30 gongar så stor, råoljeutvinninga blei 200 gongar så stor. Forbruksindustrien auka mykje mindre. Folk fekk ikkje mykje meir bomullstøy og sukker per individ, men symaskinar, radioapparat og syklar begynte å bli kvardagsartiklar. Alle desse opplysningane er tatt frå den svenske historikaren, Åke Holmberg, si bok Vår världs historia – Från urtid til nutid (1982, 87), side 568. Holmberg var professor i moderne historie ved universitetet i Göteborg frå 1964 til 1982.

Eg siterer så mykje her fordi mange har hevda at Mao-tida var noko av ein katastrofe for Kina. Det er sjølvsagt det reine tullet. Talet på innbyggarar gjekk i veret og gjennomsnittleg levealder gjekk mykje opp. Folk fekk det ulike mykje betre enn dei hadde hatt det før 1949, og grunnlaget blei lagt for at Kina  kunne utvikle seg til ein sterk industrinasjon. Grunnen til svartmalinga av Mao er sjølvsagt at han klarte å halde Kina utanfor den columbiske sfæren og leie ei kraftig materiell utvikling i landet.

Kina «opnar opp» – den største og raskaste industrialiseringa i historia

Under leiing av Deng gjekk Kina frå Mao sin daud i 1976 inn i ein periode der dei opna for utanlandske investeringar og forsert utviklinga av industri og produksjon i landet. Denne politikken varte til Xi Jinping blei reell leiar for Kinas Kommunistparti i 2012. Det førte til ei enorm utvikling av produktivkreftene i Kina. I siste nummer av forretningsmagasinet Fortune (august/september 2021) har dei ei oversikt over utviklinga av dei 500 største føretaka i verda sidan 1990 til 2021. I 1990 hadde Kina eit føretak på denne lista, mens USA hadde 167. I 2021 har USA 122 føretak på lista, mens Kina har 143. Japan har gått tilbake frå 111 til 53, Tyskland frå 32 til 27, Frankrike frå 29 til 26, England frå 43 til 22, mens Sør-Korea har gått fram frå 11 til 15. Dessutan skal vi hugse på at Kina har om lag ein milliard fleire innbyggarar enn USA og at dei har bygd opp eit svært sterkt militært sjølvforsvar slik at eventuelle angrep frå USA raskt kan føre til at alle basane deira rundt landet, saman med hangarskipa i nærleiken vil bli øydelagd relativ raskt.

Dette er ei slik enorm endring i dei økonomiske, politiske og militære styrkeforholda i verda at knapt nokon har fatta det, og enno mindre kva politiske konsekvensar det får for det columbiske verdssystemet. Det er interessant å merke seg at det er USA, Japan og England som går mest tilbake. Det tyder at denne alliansen er svært mykje svekka internasjonalt, og ikkje noko å satse på i framtida. Det gjer at den norske utanrikspolitikken alt no er avleggs. Det er viktig å komme seg ut av det columbiske systemet, med dei økonomiske systema (IMF og Verdsbanken til dømes) og dei alliansane som finnast der, (NATO, EU osb.) fortast mogleg.

Den store krisen i den columbiske kapitalismen, som i røynda tok til frå rundt 1965, då profittraten i systemet i industrien tok til å falle faretrugande i OECD-landa frå rundt 30 % til godt under 10 % litt etter 1980. Behovet for å halde oppe profitten til dei store finansmonopola inspirerte dei til å flagge ut industrien til lågkostland som til dømes Mexico og andre, men viktigast blei Kina. Finanseliten, særleg i USA, men også i andre columbiske statar, meinte dei hadde funne ei viktig løysing, ikkje berre på profittkrisa, men også ein metode for å få Kina inn att i den columbiske sfæren.

Denne trua held dei oppe heilt til Xi blei leiar i Kina i 2012 og lanserte sin plan om å bygge eit rikt og godt sosialistisk land innan hundreårsdagen for danninga av Folkerepublikken. Då begynte dei ein frenetisk kamp for å hindre den vidare utviklinga i Kina, men dei var for seint ute.

Vi skal hugse at USA som nasjon er det vi før kalla ein reivunge som stat, samanlikna med Kina. Kina har vore ein stat som har utvikla seg i meir enn 4000 år, medan USA, som er en settlarstat bygga på folkemord av den opphavlege folkesetnaden, berre har rundt 350 år på baken. Dei som leier Kina har ei statserfaring som strekker seg meir enn 10 gonger lengre baketter enn USA. Det gir Kina eit syn på langsiktig utvikling og langsiktige planar og samkvem med andre nasjonar som er mykje meir utvikla enn det du finn i USA. Og Kina har alltid utvida og trekt saman grensene sine på eit samanhengande territorium. Dessutan har Kina vore okkupert to gonger i historia si, av dei mongolske folka i nord. Begge gongane har dei integrert okkupantane i systemet sitt og med dei opphavlege innbyggarane. Dei har aldri gått utover det samanhengande territoriet for å utrydde og utbytte folka der. Og dei siste førti åra har ikkje dei kinesiske militære styrkane fyrt av eitt skott mot andre statar, mens USA har vore så å seie i samanhengande krigar for å halde på leiarrolla innan columbismen og verda elles. Den siste store bragda til den kinesiske leiinga er at dei har klart å få rundt 800 millionar av innbyggarane sine ut or fattigdom i løpet av mindre enn ein generasjon. Det tyder at dei er leiande i verda i å sikre folket sitt ein avgjerande menneskerett – å ete seg mett og ikkje svelte.

Kina og folkeretten – USA og «regelbasert orden»

I dag står Kina for folkeretten etter freden i Westfalen[xxii] etter 30-årskrigen i Europa i 1648, der det blei slått fast at kvar stat her rett til å styre seg sjølv utan innblanding frå andre statar. Ingen stat har rett til å gå inn i ein annan stat korkje ut frå sine eigne interesser eller ved å hevde ein høgare oppfatning av sjølvråderett anten det no er religion, ideologi eller andre overnasjonale verdiar. USA og deira columbiske allierte står for det dei kallar ei regelbasert ordning som tillèt dei å gå inn i alle land der dei ikkje er nøgd med styret og opprette eit styre som dei kontrollerer. Dette er også eit sentralt moment i heile columbismen. Det er eit system som er dømd til å tape no når USA sin tilbakegang fortsett og Kina stadig styrkar seg meir økonomisk, saman med dei statane som er med i det nye silkevegsystemet som Kina bygger.

Ved å vike av frå dei westfalske prinsippa og innføre USA sine eigne reglar for samkvem mellom statar har USA følgande på «samvitet» sidan 2. verdskrigen:

I  boka Americas Deadliest Export – Democracy – The Truth about US Foreign Policy and Everything Else av William Blum frå 2014, er USA sine «vestlege verdiar» (eller columbiske verdiar) i praksis greitt summert opp.

«Løyndommen som gjer at vi kan forstå USA sin utanrikspolitikk er at der ikkje er nokon løyndom.» «… sidan slutten av 2. verdskrigen har USA

  • prøvd å styrte meir enn 50 utanlandske regjeringar, dei fleste demokratisk valde
  • på grovt vis blanda seg inn i demokratiske val i minst 30 land
  • prøvd å likvidere meir enn 50 utanlandske leiarar
  • slept bombar på folk i meir enn 30 land
  • prøvd å undertrykke populistiske og nasjonalistiske rørsler i meir enn 20 land.»

Berre sidan 1981 har USA i Midt-Austen sett dei vestlege verdiane ut i livet på mange måtar. Dei har

  • skote ned to libyske fly i 1981
  • bomba Libanon i 1983 og 1984
  • bomba Libya i 1986
  • bomba og senka eit iransk skip i 1987
  • skote ned eit iransk passasjerfly i 1988
  • skote ned to libyske fly til i 1989
  • drive massiv bombing av folket i Irak i 1991
  • fortsett bombinga og harde sanksjonar mot Irak frå 1991 til 2003
  • bomba Afghanistan og Sudan i 1998
  • fortsett å støtte Israel til tross for den israelske regjeringa si stadige øydelegging og tortur mot det palestinske folket
  • stadig fordømd palestinarane sin motstand mot dette
  • bortført «folk som er mistenkt for å vere terroristar» frå muslimske land som Malaysia, Pakistan, Libanon og Albania og transportert dei til stader som Egypt og Saudi-Arabia der dei blei torturert
  • vore til stade med store militære mannskap og høgteknologisk utstyr det helligaste islamske landet, Saud-Arabia og andre stader i Golf-regionen
  • støtta talrike udemokratiske, autoritære regjeringar frå Shahen av Iran til Mubarak i Egypt og den saudiske kongefamilien
  • invadert, bomba, og okkupert Afghanistan frå 2001 til i dag, og Irak til i dag
  • bomba, sendt rakettar for å likvidere individ i Somalia, Jemen, Pakistan og Libya i perioden 2006 til 2011
  • bomba, velta regjeringa til Gaddafi i Libya i 2011 ved hjelp av jihadistar.

Så kan vi føye til Syria og legge til annan amerikansk aggresjon sidan 2014 då Blum avslutta boka si, kanskje særleg dei daudeleg sanksjonane mot land dei ikkje kontrollerer over heile verda og den USA-støtta regimeendringa i Ukraina. Alle veit at sanksjonane mot Irak tidlegare kosta rundt ein halv milliard ungar livet. Og det er rapportert at fleire titals tusen døyr i Venezuela mellom anna fordi dei ikkje får tak i dei medisinane dei treng. Dette gjeld sjølvsak også Syria og andre som er utsett for slike sanksjonar. Men vi kan også føye til det enorme presset på vasallstatane sine i Europa for å få dei med på auka opprusting på sanksjonar mot Russland og andre land. Noko som har ført til store økonomiske tap for alle partar. Dette er uttrykk for columbismen i vår tid.

Columbismen og svolten og sveltedauden i verda

Til slutt her vil eg seie nokre ord om svolt og sveltedaud. Då vil eg vise til Jean Ziegler,[xxiii] ein sveitsar som var spesialrapportør for FN om retten til fødemiddel i åra 2000 til 2008 (han vart attvald to gonger) og så blei han i 2009 visepresident i den rådgjevande gruppa for komiteen for menneskerettar i FN (også her har han vorte attvald to gonger). Han er i røynde ein gigant innan desse områda, men etter det eg skjønner, omtrent ukjend for dei fleste i Norge.  Etter søk i dei største bokhandlarane har eg ikkje funne ei einast omsett bok av han og berre ei bok på engelsk til tross for at han ifølgje fransk wikipedia har skrive 30 bøker og dei opplyser at fleire av dei har vore bestseljarar og omsette til fleire språk.[xxiv]

Ziegler seier i fleire av bøkene sine at årsaka til svolten i verda kjem fordi «Kapitalismen no dominerer planeten. Dei transkontinentale private selskapa … gjer det som passar dei for å gjere profitten sin så stor som mogleg. … Resultatet: under den globaliserte kapitalismens imperium ser meir enn ein milliard menneske livet sitt plaga av fattigdom, mens ulikskapane veks som aldri før, planeten blir utarma, folk blir overmanna av depresjon, tilbaketrekkinga til identitetar som svar blir meir alvorleg under marknadens diktatur.[xxv] «Kvart femte sekund døyr eit barn på under ti år av svolt; hundrevis av millionar lid med sine foreldre av permanent underernæring. Men verdas jordbruk kunne fø nær det doble av menneskeheita.» Jean Ziegler «gir oss eit dokumentert og vibrerande tidsbilete frå kunnskap som er henta på staden der det skjer og identifiserer fiendane mot retten til næringsmiddel. Denne massive øydelegginga kjem ikkje av skjebnen! Kvart born som døyr av svolt er eit myrda born.»[xxvi] «Vi opplever i dag ein formidabel rørsle frå dei store transnasjonale føretaka for å reføydalisere verda for å årelate den sørlege halvkula. To masseøydeleggingsvåpen er sett i sving: gjeld og svolt. Ved å sette seg i gjeld gir statane opp suvereniteten sin; av svolten som kjem av det blør dei ut, folka lid og gir frå seg fridommen.»[xxvii]

I eit intervju med Denis Lafay[xxviii] seier Ziegler som svar på det først spørsmålet:

«Vi lever under ein absurd, til og med kannibalsk, verdsorden. Karl Marx døydde, utmatta, den 14. mars 1883 i den spartanske bustaden sin i London. Heilt til siste andedrag trudde han at det «forbanna paret», meister og slave ville leie menneska i fleire hundreår frametter. Men der tok han feil. Den formidable utviklinga av dei industrielle revolusjonane i teknologi og vitskap som har følgd kvarandre i ein uhøyrd rytme har auka produktiviteten meir enn nokon gong tidlegare og derfor har den objektive mangelen forsvunne for første gong i historia – og det har funne stad i starten på det 21. hundreåret, – den objektive mangelen har forsvunne. Og likevel fortsett det forferdelege. Det vitnar den mest uuthaldelege og uakseptable i samtida: den daglege massakren forårsaka av svolten. I følgje Rapporten om den usikre matvaresituasjonen i verda frå FAO døyr eit barn under ti år kvart femte sekund av svolt eller dei direkte følgjene av svolt. Nomaen,[xxix] denne fælslege sjukdommen som øydelegg andletet til ungar som er offer for underernæring, spreiar seg stadig i Afrika.

Sveltedauden er ein av dei mest smertefulle, slik eg har sett han utarme og drepe ungar frå Guatemala til Bangladesh. Bortimot ein milliard menneske er varig underernært og derfor kan dei ikkje ha ein aktivitet, eit yrke, eit familieansvar. Og denne katastrofen, dette mordet som går føre seg heilt ope, skjer samstundes som jordbruket i verda kan fø heile verda på rikeleg vis. FAO lærer oss at det moderne jordbruket utan problem kunne ha fødd 12 milliardar menneske, altså mest dobbelt som mykje som dagens folketal. Problemet i dag er ikkje meir at det ikkje er nok produksjon av næringsmiddel, men at mange manglar tilgang på det. Nokre strukturelle reformar ville ha vore tilstrekkeleg til å få slutt på denne massakren. Forbod mot børsspekulasjon når det gjeld grunnleggande matvarer, slutt på den europeiske dumpinga av jordbruksprodukt på dei afrikanske marknadane, total ettergjeving av gjelda til dei fattigaste landa for at skal kunne investere i jordbruk, og slik bortetter.»[xxx]

Dette seier noko av det vesentlege ved det columbiske systemet no.

Dette systemet gir også ei eurosentrisk oppfatning av folk og leiarar som motsett seg columbismen. Dei blir systematisk svartmala og får dei tiltaka dei tar for å kjempe mot og komme seg ut av columbismen sitt grep eller halde seg ute av det blir angripe på alle vis, med løgnar, fordreiingar, overdrivingar av veikskapar og feil osb. Vi ser det tydlegast i dag i høve Russland, Kina, Syria, Venezuela, Cuba, Nord-Korea og leiarane der og nokre andre land og rørsler. Til og med velfødde columbiske radikale menneske går på dette eurosentriske biletet og blir mobilisert i kampen for fortsett columbisk, drepande herrevelde over jorda.

Det seier også noko om den enorme merksemda på coronaen – og det enormt profitable vaksineringsprosjektet mot denne, samstundes som dei som tener mest på dette, sit ei ein posisjon til å bruke litt av rikdommen sin til å få slutt på den fattigdomen som drep og som har auka svært myke nett under coronapolitikken. Grunnen er at dei berre satsar på det som passar innanfor det kapitalistiske profittsystemet. Det er ikkje særleg profitt å hente på å utrydde fattigdomen og den ufattelege drepinga av ungar og andre som går før seg år etter år, med fleire drepne kvart år enn under heile coronapandemien. Og dette systemiske drapsopplegget får mest ingen merksemd frå media, og til og dei radikale folka i vesten lar det fortsette og fortsette utan å organisere store kampar mot systemet bak det. Nett som dei ikkje organiserer motstand mot USA sin columbiske imperialisme og deira gruelege væpna og økonomiske krigar mot dei som opponerer mot dei. Det er knefall for columbismen-eurosentrismen sitt imperialistiske system.

USA utfører dei verste brota mot menneskerettane i dag

I tillegg til at staten USA blei bygd på eit grueleg folkemord og slaveri som framleis heng i som rasisme og diskriminering i svær målestokk, er det også viktig å slå fast at USA i løpet av dei siste 70 åra og i dag er den staten som gjer seg skuldig i dei fleste og verste brotsverka mot menneskerettane i verda. Vi ser dette på den eine sida gjennom dei folkerettsstridige krigane dei har sett verk eller støtta ut frå løgnaktige påstandar, i Latin-Amerika, Korea, Vietnam, Irak, på Balkan, i Libya og Syria for å nemne nokon. Følgjene har vore drap på millionvis menneske, ufattelege øydeleggingar, enorme flyktningstraumar, stor elende, fattigdom og svelt for mange fleire og miljøavtrykk som dei største dinosaurane.

For det andre ser vi det ut frå dei daudelege sanksjonane USA set inn mot land om ikkje gjer som dei ønskjer. Vi har alle høyrt om dei 500 000 barna som blei drepne av sanksjonane mot Irak og i desse tider døyr titals tusen menneske berre på Cuba og i Venezuela på grunn av USA-sanksjonar. Finansdepartementet i USA har no ei liste på meir enn 1500 sider som inneheld alle dei einingar og personar som er knytt til land som USA har peikt ut på raudlista si – lista inneheld 6 300 offisielle mål i førti land og regionar som på forskjellige måtar har motsett seg eller ikkje gjennomført krav frå USA[xxxi] og dette skaper store lidingar og hindrar land frå å utvikle det politiske sjølvstendet og økonomien sin og dermed legge nasjonale og materielle grunnlag for stadig meir demokrati. No er det jo slik at USA og deira columbiske medspelarar utnyttar alle protestrørsler inne i statar, som kan gå i denne leia, for å skape regimeendring som underkastar seg USAs diktat. Då blir statsleiarane i desse statane så å seie tvinga til å slå protestane ned for halde på det statlege sjølvstendet sitt utanfor det gruelege columbiske systemet.

Nokre omvurderingar av historia

Dette fører med seg at dei verkelege heltane i moderne historie er dei som har kjempa mot det columbiske systemet, og viktigast blir vel dei som har klart å leie folket i landet sitt til å komme heilt ut av dette systemet, som Sovjet-Unionen, Kina, Cuba, Nord-Korea, Venezuela, Syria, for å nemne nokre viktige.

 Men innan det columbiske systemet er vi så hjernevaska av dei herskande columbiske klassane si svartmaling av desse, at vi gong på gong går i fella og rettar bakar for smed som det heiter. Det vil seie at vi ser opp til store columbiske forbrytarar frå Columbus til Obama og til og med Biden, mens vi til forskjellige tider fordømer store frigjerarar frå det columbiske system, som Mau-Mau leiarane i Kenya og folk som Gadaffi og Assad.

Denne oppfatninga av historia gjer at vi må omvurdere ein del standpunkt til fleire hendingar i den nyare historia. Hovudmotseiinga i verda frå Columbus til i dag har gått mellom dei undertrykte nasjonane og folka og dei columbiske statane. I nokre korte periodar har hovudmotseiinga kanskje gått mellom grupper av columbiske statar som kjempa om kven som skulle ha kontroll over kva område verda eller kven som skulle dominere dei andre. Men heile tida har dei vore samde om at dei  ikkje-columbiske statane, folka og nasjonane skulle haldast under deira kontroll slik at dei kunne rane og utbytte dei slik det passa dei. Den grunnleggande antagonistiske motseiinga mellom arbeid og kapital i dei columbiske statane har blitt skjult og utsett på grunn av det columbiske utbyttingssystemet over resten av verda. Difor er det det så vanskeleg sjølv for arbeidarar og radikale menneske å støtte den samla rørsla som no er på gong mot columbismen, med Kina i spissen.

Den dominerande columbiske makta har alltid vore den største fienden til resten av verdas folk. I dag er dette USA. Den grunnleggande føresetnaden for at folka i verda skal kunne få det betre og arbeidarklassen skal kunne ta makta frå kapitalklassen er også at USA blir fråtatt imperiemakta si og kjempa ut av alle land der dei har basar og driv med krig, regimeendring, sanksjonar, undertrykking og truslar, og at dominansen deira over dei viktigaste overnasjonale organisasjonar blir fjerna. Dette er også grunnen til at store delar av overklassane i mange land i verda stør USA og spreier USA sin propaganda i sitt eige land.

Når situasjonen er slik blir ein føresetnad for at Norge skal komme ut av ein kapitalisme i reelt sett djup krise, slik at landet kan utviklast ut frå det arbeidande folket sine behov, at landet må ut or NATO.

Men dei andre mindre columbiske statane og deira organisasjonar, som EU og EØS-systemet for undertrykking av andre nasjonar og sin eigen arbeidande klasse må også avviklast. For Norge tyder det at vi må ut av desse systema.

Og som viktig nasjonal oppgåve blir det å få slutt på all norsk militær aktivitet utanfor eige territorium.

Historisk tyder dette at dei progressive klassane, folka, nasjonane, statane, organisasjonane og enkeltpersonane i dag er dei som kjempar mot all columbisme, med USA-columbismen i spissen.

Då får du heltar som alle dei frigjeringskjemparane som har stått opp mot columbismen gjennom historia, frå dei som slost mot portugisarane sine eldvåpen med pil og boge til dei blei massakrerte til dei andre indianarane i Latin-Amerika og Nord-Amerika, folka i Afrika, Australia, på New Zealand til dei som har rive seg ut av det columbiske systemet til alle som blir undertrykt og utbytta i dag og fortsett denne kampen. Dei to kampane, kampen for nasjonal sjølvstende mot den columbiske annan utanlandsk dominans og arbeidarklassen sin kamp for å frigjere heile menneskeheita frå utbytting og undertrykking heng nøye saman. Ein nasjon som undertrykker og utbytter ein annan kan aldri bli kvitt si eiga utbytting og undertrykking av det arbeidande folket.

Då må vi i dag definere som progressive alle som kjempar for å kaste ut eller halde ute dei columbiske statane frå sine territoria. Vi får ei lang liste av statar og namn som vi alle har blitt hjernevaska til å sjå ned på og definere som fiendar av demokrati, menneskerettar, kvinnefridom, lesbiske og homofile og heile LTGB gruppa osb. Mens dei som samarbeider med USA, NATO osb. under dekke av å fremje dei nemnde omgrepa må vi definere som reaksjonære. Demokrati, menneskerettar, kvinnefridom og fridom for alle menneske utan omsyn til seksuelle, ideologiske, religiøse eller andre preferansar er heilt umogeleg så lenge det columbiske systemet med USA i spissen blir halde oppe.

Det avgjerande skiljet her er om dei respekterer andre statar sin rett til nasjonalt sjølvstende og rett til å styre landet sitt som dei vil, utan innblanding frå andre statar, dvs. respekt for statsretten slik han blei nedskriven etter 30årskrigen i 1648 i Westfalen. Kina står fjellstøtt på dette prinsippet, mens USA vil erstatt dette med eit nytt prinsipp som dei kallar den regelbaserte orden – ein orden som gir USA rett til å gripe inn i kva stat dei ønskjer berre det passar dei. Alle skjøner at dette siste prinsippet er grunnlaget for den columbiske orden.

Dette,  meiner eg, gjer også at vi må sjå på den analysen av Sovjet som nokre hadde på 1970 og 1980-talet om at Sovjet-Unionen var ein (sosial)-imperialistisk stat som, på linje med USA, kjempa om verdsherredømme. Vi må sjå at dei i hovudsak var ei viktig internasjonal kraft mot den USA-leia columbismen og at dei strevde for å fortsette med å halde både seg sjølve og andre land utanfor det columbiske system, som med USA i spissen, pressa det på alle frontar. Deira hjelp til Cuba er eit eksempel på dette. Den verkeleg frykteleg ulukka for folka i dei tidlegare sovjetiske republikkane, medrekna Russland, då dei blei lagt inn under columbiarane på 1990-talet, er ei dyrekjøpt erfaring på kva som skjer i slike tilfelle.[xxxii]

Vi må også sjå nærare på Sovjet og USA si rolle i Afghanistan. Var innmarsjen i Afghanistan på invitasjon eller i samforstand med det sittande styret i landet, slik Russland blei invitert inn i av leiinga i Syria for kjempe mot USA sin stråmannskrig der, eller var det eit brot på folkeretten? USA si væpning og støtte til krigsherrane, som ville styrte regimet, var i alle høve eit brot på desse prinsippa. Og dette støtta til dømes AKP i Norge. Det var sannsynlegvis ein feil ut frå det columbiske blikket på historia.

Dei anticolumbiske heltane i relativt moderne historie blir slike som Lenin, Stalin, Mao, Castro, Saddam når han ikkje gjekk i allianse med USA, Gadaffi, Kim il Sung, Ortega, Allende, ei rekkje personar frå Latin-Amerika, Afrika, India, Indonesia, Vietnam osb., og Gadaffi, Assad, …

Den viktige ideologiske kampen mot columbismen-imperialismen-kapitalismen

For å kunne komme ut or dette systemet må vi reise kamp mot columbismen som ein sentral del av kapitalistisk ideologi. Vi har blitt systematisk feilinformert av makthavarane i over 500 år, om columbismens sanne natur.

Ein av dei viktigaste politiske sigrane til columbiarane i nyare tid, er at dei har fått folk til å tru på at dei kjempar for demokrati, menneskerettar og kvinnefrigjering. Med dette som grunnlag har sjølv radikale menneske gått inn for dei mest gruelege saker, nett som Columbus som skulle tene Gud.

Dei har godtatt at massiv bombing av menneske og anlegg og hus i andre statar er humanitært.

At drepande sanksjonar og økonomisk krig mot andre land og føretak og personar der er humanitær innsats.

Så har dei fått folk til å tru på at det er rett å erstatte folkeretten med USA sin regelbaserte orden som gir denne staten rett til å gripe inn i alle andre statar som dei ikkje er nøgde med fordi dei ikkje følgjer det amerikanske økonomiske systemet som er underlagt amerikansk makt.

At alle som ikkje gjer som USA vil er vonde og må straffast.

At systematisk og usann svartmaling og skuldingar mot desse er sanne berre USA-leiinga og deira næraste vasallar seier det.

Det er ein viktig ideologisk kamp å avsløre dette lureriet, slik at USAs og deira vasallar sin columbisme kan få tre fram i sitt sanne ljos.

Som vi har sett er det også slik at columbismen heng nøye saman med framveksten av den moderne industrikapitalismen. Den som har analysert og forklart dette systemet best, og gir oss det beste grunnlaget for kamp mot kapital og columbisme er Karl Marx. Eit av dei viktigaste scoopa til columbiarane er at dei klarer å halde folk vekke frå å studere skriftene hans. Forstår du ikkje grunnlaget for heile det kapitalistisk-columbiske systemet, så kan du ikkje lukkast i kampen for å oppheve det og sette eit betre system som byggjer på alt det beste i det andre systemet og fjernar det skadelege.

Terje Valen, onsdag 22. september 2021.


[i] https://en.wikipedia.org/wiki/Halford_Mackinder

[ii] Sjå Hans Koning, Columbus: His Enterprise Exploding the Myth, 1976, 1991.

[iii] Same verk.

[iv] https://www.tvalen.no/2021/06/25/columbismens-forste-fase-og-litt-om-fortsettelsen-2/

[v] Karl Marx Kapitalen, bind 1, bok 4, side 223 i Oktober-utgaven i 4 bøker fra 1983.

[vi] Samme bok, side 224.

[vii] Samme bok, side 225.

[viii] Samme bok, side 226.

[ix] https://en.wikipedia.org/wiki/Utsa_Patnaik

[x] https://soa.illinoisstate.edu/faculty_staff/profile.php?ulid=ifsuwan . Ho dukkar ikkje opp på wikipedia.

[xi] https://www.tvalen.no/2019/07/04/usa-sitt-folkemord-pa-filippinane-rundt-1900/

[xii] https://no.wikipedia.org/wiki/Bernt_Hagtvet

[xiii]Tore Linné Eriksen,  Det første folkemordet i det tjuende århundret – Namibia 1903-1908, 2007, side 186.

[xiv] https://www.bistandsaktuelt.no/nyheter/2015/haper-pa-innrommelse-av-folkemord-i-indonesia-/  Bistandsaktuelt nevner ikkje USA si rolle i dette folkemordet, men du finn litteratur om det mange andre stader. Sjå til dømes https://steigan.no/2017/10/usa-visste-om-massemord-i-indonesia/

[xv] https://en.wikipedia.org/wiki/Priyamvada_Gopal

[xvi] En virkelig kortversjon i den norske wikipedia https://nn.wikipedia.org/wiki/Den_haitiske_revolusjonen og en ganske grundig versjon i den franske wikipedia https://fr.wikipedia.org/wiki/R%C3%A9volution_ha%C3%AFtienne

[xvii] Sjå Lucien Sève Octobre 1917  Une lecture trés critique de l’histoiriographie dominante – suivi d’un Choix de textes de Lénin, 2017.

[xviii] https://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/stalinny.htm

[xix] https://da.wikipedia.org/wiki/Panserslaget_ved_Kursk

[xx] Sjå Wolfgang Effenberger Schwertzbuch EU & NATO – Warum die Welt keinen Frieden Findet, 2020, sidene 99 og frametter. Boka hans Geo Imperialismus – Die Zerstörung der Welt, 2016 er også svært interessant fordi han avslører dei grunnleggande trekka i USA sin verdsøydeleggande utanrikspolitikk og nokre av dei teoretisk utgangspunkta for denne politikken.

[xxi] https://www.tvalen.no/2019/11/22/lavmal-i-klassekampen-kina-sammenlignes-med-nazi-tyskland/ ,    https://en.wikipedia.org/wiki/Hong_kong

[xxii] https://www.oxfordreference.com/view/10.1093/oi/authority.20110803121924198

[xxiii] https://en.wikipedia.org/wiki/Jean_Ziegler  

[xxiv] http://classiques.uqac.ca/contemporains/ziegler_jean/ziegler_jean.html

[xxv] Jean Ziegler Le capitalisme explique à ma petit-fille (en espérant qu’elle en verra la fin), 2018 (Kapitalismen forklart for barnebarnet mitt (med håp om at ho vil sjå slutten på han).

[xxvi] Jean Ziegler Destruction Massive – Géopolitique de la faim, 2011 (Massiv øydelegging – svoltens geopolitikk).

[xxvii] Jean Ziegler L’empire de la honte, 2005 (Skammens imperium).

[xxviii] http://editionsdelaube.fr/auteurs/denis-lafay/

[xxix] https://sv.wikipedia.org/wiki/Noma

[xxx] Jean Ziegler Les murs les plus puissants tombent par leur fissures – Dialoque avec Denis Lafaye, 2019 (Dei sterkaste murane fell på grunn av sprikkane i dei – Dialog med Denis Lafaye.)

[xxxi] Monthly Review, september 2012, side 65.

Ein tanke om “Eit anticolumbisk blikk på historia”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.