Dei lange linjene i USAs geopolitikk¨

Kapittel i  ii iii  iv v  vi  vii  viii  ix  x  xi

Dei lange linjene i USAs geopolitikk 1

Innleiing

For å forstå kva som skjer i verda no må vi i ha grep på nokre vesentlege saker. Vi må ha grep på dei grunnleggande trekka i Kina sin utanrikspolitikk og rolla til den alliansefrie rørsla i verda, om dei lange linjene i USA-England sin utanrikspolitikk og om rolla til det humanitær-industrielle komplekset i verda. Eg har skrive noko om alle desse felta tidlegare og du kan lese om  Eit anticolumbisk blikk på historia og Verdens undertrykte folk og land reiser seg. Men her skal eg ta for meg dei lange linjene i USAs utanrikspolitikk i noko meir detalj. Lese vidare.

Dei lange linjene i USAs geopolitikk 2

Tidleg historie

Før 1776 var USA ein del av England. Det vil seie at det var engelske undersåttar som gjennomførte den første delen av folkemordet mot indianarane og Parlamentet i England var ansvarleg. Det same gald elles både Australia, New Zealand, Canada og Sør-Afrika. Lese vidare.

Dei lange linjene i USAs geopolitikk 3

Dei store strategane – Admiral Alfred Thayer Mahan

Då landområdet i Nord-Amerika var sikra (i farten kriga USA også til seg meir enn ein tredel av Mexico og kjøpte opp Alaska) førde også herskarane i USA vidare ein annan viktig røynsle frå England. Dei såg på seg som ein sjøstat. Og då kjem vi til den først store geo-politikaren som har prega USA sin utanrikspolitikk fram til i dag. Lese vidare.

Dei lange linjene i USAs geopolitikk 4

Eksempelet Iran

Eg skal no sette inn siste del av ein lengre artikkel (som inneheld notar) om Irans historie frå dei tidlegaste tidene fram til rundt 1990, han er skriven på bokmål.

Under 2. verdenskrig støttet Iran først Tyskland, men da sovjetiske og britiske (og amerikanske i 1942) styrker rykket inn i august 1941 abdiserte Riza sjah og sønnen Muhammad Riza Pahlavi, han vi kjenner som sjahen av Iran, ble innsatt. Han styrte under engelsk-amerikansk formynderskap resten av krigen. Så gikk Iran med i krigen på alliert side. Engelske og sovjetiske tropper trakk seg ut av landet etter krigen. Sjahen åpnet landet for vestlig kapital og satte i gang reformer som møtte 7 motstand både fra småbønder, forretningsfolk og religiøse ledere. En bevegelse for selvstendighet økte stadig i styrke. Lese vidare.

Dei lange linjene i USAs geopolitikk 5

Brzezinski bygger på Mahan, Mackinder og Spykman

Så går vi tilbake til hovudforteljinga. Frå den russiske revolusjonen og frametter til tida etter 2. verdskrig låg ein stor del av det eurasiske kontinentet i Sovjet-Unionen. Etter 1949 låg ein annan stor del av kontinentet under Kina. Begge desse områda var då utanfor USA sin kontroll og berre ein viktig del av det vestlege Eurasia kunne bli dominert av USA, samt Sør-Korea og sjølvsagt det okkuperte Japan som blei omdanna til ein lydig vasall. Lese vidare.

Dei lange linjene i USAs geopolitikk 6

USA sin bruk av muslimske jihadistar

Reagan var ein kompromisslaus antikommunist. Med dei nye Pershing II og Cruise Missiles håpte han å avgrense ein atomkrig til Europa og å kunne utføre eit effektivt avgjerande slag. Ved sidan av atomvåpen var det andre våpenet hans valdelege islamistar. Gjennom kontakt med Mohammed Zia ul-Haq og Hamid Gul i Pakistan klarte dei å få 100 000 islamistar gjennom Koran-skuler der dei blei opplært til jihad i Afghanistan. Den 27. mars underteikna han National Security Directive Number 16 (NSDD 166.)[i] Det gav ordre til forsterka støtte til Muhjahedin og avdekka det nye målet med den hemmeleg krigen i Afghanistan. Lese vidare.

Dei lange linjene i USAs geopolitikk 7

Management of consent

Det er viktig å omsette denne overskrifta rett. Etter å ha sjekka Oxford Dictionary er det meining 2 som her er aktuell: The use of contrivance, prudence, ingeniosity or (especially) deceit or trickery for effecting some purpose (Bruk av påfunn, klokskap, smartheit eller (spesielt) bedrag eller simple knep for å oppnå eit endemål).Eg tenkjer derfor at ei grei norsk omsetting er Manipulasjon av samtykke. Her er det passande å sjå litt på den historiske utviklinga av USA sitt propaganda-apparat. Lese vidare.

Dei lange linjene i USAs geopolitikk 8

Meir frå «det store sjakkbrettet»

Det USA gjer for å leie verda, skriv Brzezinski, er å kooptere (ta inn i gruppa si) tidlegare rivalar, som Tyskland og Japan etter krigen, og Russland etter 1991. Så har USA stor innflyting på avhengige utanlandske elitar gjennom appellen frå sine demokratiske prinsipp og institusjonar. Same veikskapen finn vi i denne «analysen» og. Så trekk han fram at USA dominerer den globale kommunikasjonen, den folkelege underhaldninga, massekulturen og påverknaden av Amerikas framskridne teknologi og militære rekkevidd. I tillegg nemner han den amerikanske business-modellen som mange meinte var den beste. Lese vidare.

Dei lange linje i USAs geopolitikk 9

Brzezinskis konklusjon

I det sjuande og siste kapittelet i boka om det store sjakkbrettet, Eurasia, samanfattar han heile tankerekka si. «Tida har komme for USA å formulere og sette ut i livet ein samanhengande, omfattande, og langsiktig geostrategi for heile Eurasia. Denne trongen spring ut av samverknaden mellom to grunnleggande realitetar: Amerika er no den einaste globale supermakta og Eurasia er verdas sentrale arena. Derfor vil det som skjer med fordelinga av makt på det eurasiske kontinent være av avgjerande viktigheit når det gjeld Amerikas forrang og historiske arv.»[i] Lese vidare.

Dei lange linjene i USAs geopolitikk 10

Ukraina som eksempel

«Det er ikkje den som først grip til våpen, som får i stand ulukka, men den som tvingar ho fram.»

(Nicolo Machiavelli.)

De Babylon system is the vampire, falling empire, Babylonsystemet er vampyren, fallande imperiet,

Suckin’ the blood of the sufferer, Syg blod av offeret,

Building church and university, Byggar skule og universitet,

Deceiving the people continually. Narrar folket ustanseleg.

(Bob Marley, Babylon System.)

Innleiing

Det er ganske få som kjenner dei viktigaste trekka i den historia som har ført til Russland sin innmarsj i delar av landet. Men det er viktig å ha denne bakgrunnskunnskapen. Eg skal i det følgjande samanfatte forskinga om forhistoria til Ukraina-krigen til professor doktor Herman Mückler[i] og Wolfgang Effenberger frå boka deira Schwarzbuch EU & NATO – Warum dei Welt keinen Frieden findet, 2020. Mückler er født i 1964 i Wien og studerte etnologi, politikkvitskap og journalistikk ved universitetet der med hovudvekt på Oceania. Lese vidare.

Dei lange linjene i USAs geopolitikk 11

Krim og starten på Ukraina-krigen

Den russisktalande folkesetnaden i aust reagerte raskt då opprørsaktivistar overtok offentlege bygnader. Dei anerkjende ikkje det ulovlege regimeskiftet og det nye styret som til dels bestod av russarhatande høgrenasjonalistar. Den 16. mars 2014 gjennomførte dei ansvarlege på Krim ei folkeavstemming der det store fleirtalet stemte for ei tilslutning til Russland og Russland tok ei opp i seg. Mens politikarar og media i Vesten har, som eit bønnehjul, stadig teke opp att at Krim blei folkerettsstridig «annektert» hadde Reinhard Merkel, professor emeritus i strafferett og rettsfilosofi ved Universitetet i Hamburg, ei anna oppfatning. Les vidare.

Ei sentral oppfølging av denne teksten som tar opp korleis verdas undertrykte folk og land no reiser seg att er også viktig å lese.

Reklame for USAs NGO-imperialisme

Når du har lest artiklene om NGOenes arbeid på Haiti, så vet du hva realiteten er. NGOene utgjør det siste, mest utspekulerte trekket i USA-imperialismens og columbismens herjinger i andre land. Men reklamen er like fin som den er løgnaktig, eller i det minste villedende fordi en velger ut noen få eksempler, som kanskje er ok, men som likevel bidrar til det som står nederst i den rapporten dere nå skal se

https://www.usglc.org/wp-content/themes/usglc/assets/images/map/Global-Impact-Project-Report-Final.pdf

Terje Valen, 7.11.2021.

Haiti som NGOane sin republikk

Etter eit par procolumbiske og villeiande artiklar i Klassekampen om Haiti for kort tid sidan har et tatt på meg å drive litt anticolumbisk folkeopplysning. Her er tredje innlegget i dette høvet.

NGOar (Non Governmental Organisations) er organisasjonar som formelt sett ikkje er statlege. I røynda er dei no finansiert og dirigert av statar og dei rikaste finansfolka i verda. USA og deira finansoligarkar kontrollerer flest NGOar.

For dei som vil vite korleis verda fungerer i dag er boka Washington Bullets – A History of the CIA, Coups and Assassinations frå 2020 av Vijayd Prashad viktig. Han følgjer opp slike tidlegare bøker som Free World Colossus frå 1962 av David Horowitz (utgjeven på norsk av Pax i 1964 og 65) og 1965 med tittel USA og den tredje verden, søkelys på amerikansk utenrikspolitikk bind 1 og 2) og War Without End – America Planning for the Next Vietnams frå 1972 og fleire bøker av William Blum, der den siste var America’s Deadliest Export – Democracy – The Truth About US Foreign Policy and Everything Else frå 2014.

Eg omsette her eit avsnitt frå Prashad si bok, sidene 132-135, med overskrifta Republic of the NGOs.

Det er fleire NGOar i Haiti per hovud enn nokon anna stad i verda. Men det er det mange andre stader og. IMF (Det internasjonale pengefondet) forlangar at regjeringar må kutte i budsjetta sine gjennom program for strukturendring og det tener til å krympe staten. I staden for den svekka staten kjem mengder av NGOar, mange av dem for å gi tenester som ein gong var vedtatt i grunnlova at den demokratiske staten skulle gjeva; eller det var i det minste det dei håpa på. Med den svekka staten, og med NGOane over alt, hadde regjeringa mindre grunnlag for støtte frå folket enn før. Andre maktkjelder begynte å tre fram. Desse maktkjeldene hadde ikkje noko formelt ansvar i noko demokratisk prosess; dei skal ofte berre stå til rekneskap for dei som finansierer dei, og i dei viktige sakene viser det seg at er dette er regjeringar i USA og EU. Dagsetelen for land som Haiti blir ikkje sett opp av regjeringa der. Den har berre att oppgåva å halde oppe sikkerheita i landet. Dei som set opp dagsetelen er dei internasjonale institusjonane som IMF og regjeringar i USA og Frankrike, men også av FN. Dei set opp vilkåra for det haitiske folket. Med andre ord dei er herskarane på Haiti.

Haiti hadde aldri ein sjanse. Landet var handsame som ein ståande trussel sidan revolusjonen i 1804. Demokrati vart aldri tillate. Den franske regjeringa tok 22 milliardar dollar frå Haiti på grunn av revolusjonen. Det USA-støtta diktaturet til Duvalier-familien, som varte i tretti år, saug landet tørt. Francois Duvaliers sine paramilitære grupper – Tonton Macoutes – opplært av USA sine militære som var stasjonert i landet – drap over 50 000 menneske i denne perioden og spreidde sine antikommunistiske og anti-folkelege ideologiar i samfunnet gjennom frykt og løgner.

Masseoppstandar kasta Duvalier-regimet i 1986. Det nye landet gjekk inn i den demokratiske fasen sin med eit besøk til IMF, som – saman med utanriksdepartementet i USA – «rådde til» ein tvungen politikk for liberalisering av handelen. Det var ingen som ettergav den skammelege gjelda som var tatt opp av den tidlegare diktatoriske regjeringa, utan mandat frå folket.

Det var ei rørsle kjend som floden (lavalas), leia av den tidlegare presten, Jean-Bertrand Aristide, som hadde kasta Duvalierane. I det første valet sitt var det pengar utanfrå som finansierte valkampen til høgrekandidaten, Marc Bazin, som hadde hatt sete i Duvalier sitt kabinett og vore tilsett ved Verdsbanken. Likevel vann Aristides over Bazin. Før Aristides kunne bli tilsett i stillinga blei det gjort eit kupp av eit råskinn blant Duvalier sine folk. Ei stor folkeleg mobilisering gjorde at dette ikkje vart varig. Men etter åtte månader som president blei Aristides fjerna av Raol Cédras. Hans gangsterorganisasjon  FRAPH,  som var finansiert av CIA, gjekk til åtak på Aristides støttespelarar. Cédras var finansiert av  International Republican Institute med base i Washington. Valden frå Cédras si regjering var verre en den som Duvalier hadde utført. Denne valden øydela det nye radikale samfunnet som blei skapt av Lavalas.

Likevel gjorde presset nedanfrå at Aristides kom tilbake i 1994. Då blei han tvinga til å signere ein avtale kalla Governor’s Island Accord som tillèt internasjonale institusjonar å drive Haiti og tillèt NGOar full opning i eit land der dei demokratiske institusjonane var blitt systematisk underminert. Då han fekk makta tilbake i 1994 var det under dei mest gagnlege vilkåra som var sett fast av Clinton i Det kvite huset og Wall Street. Dei ville at Haiti skulle bli ein maquiladora – eit skattefritt område som skulle tene dei multinasjonale korporasjonane. Fordi Haiti ikkje klarte å betale avdrag på gjelda si i 1998 gjekk dei til det internasjonale pengefondet (IMF) som kravde innsparingspolitikk. Aristides klarte ikkje å møte krava til IMF og det fekk IMF til å fryse fond som skulle til regjeringa. NGOane fekk ikkje nokon frys, så pengar flaut inn til dei. USA sitt Agency for International Development (USAID), som blei skapt i 1961, er finansiert av den amerikanske regjeringa og finansiere – i sin tur – NGOar. Grupper som blei finansiert av USAID opplevde stadig auke i budsjetta sine etter 1998 (i 1995 tvinga Kongressen i USA USAID til å stanse finansiering av regjeringa i Haiti og bestemde at dei berre skulle finansiere NGOar). I 1995 fortalde Clinton sin viseutanriksminister til Senatet i USA at «sjølv etter vi gjekk ut i februar 1996» – han viste då til ein planlagt uttrekking av amerikanske militære styrker – «vil vi fortsette å ha makta ved hjelp av USAID og den private sektor». USAID finansierte tusenvis av NGOar, som fremma USAID sin agenda i landet. USAID arbeidde for å omdanne jordbruket på Haiti til ein eksport retta dyrking, dei jobba for å hindre lover om minimumsløn (som då Aristides prøvde å få opp minimumsløna frå 33 cent per time til 50 cent per time), og dei arbeidde for å få inn mathjelp som dumpa «fri» ris som blei dyrka av amerikanske bønder (og kjøpt av fonds frå USAID) og øydela Haiti sin eigen risproduksjon. USAID støtta private skular og undergrov offentlege skular og program for å lære vaksne  å lese og skrive. Dei avskaffa importtoll på mat slik at kyllingfarmar i USA kunne dumpe dei delane av kyllingen som dei ikkje ville ha på Haiti og dermed øydela dei Haiti sin eigen fjørfeproduksjon.

I 2009, under eit umåteleg folkeleg press, vedtok regjeringa i Haiti ein lov som heva minimumsløna frå 24 cent i timen til 61 cent i timen. Med den nye løna ville arbeidarane på Haiti få 5 dollar dagen, mindre enn dei 12 dollar som ein familie på fire treng for å leve på Haiti. Amerikanske tekstilfabrikkar som opererer på Haiti klaga til den amerikanske ambassaden på Haiti og dei dreiv vellukka lobbyverksemd for å få omgjord auken. Nestkommanderande ved ambassaden sa at den nye minimumsløna «ikkje tok dei økonomiske realitetane med i rekninga». Derfor heva regjeringa på Haiti, takka vere den amerikanske ambassaden, berre minimumsløna med 7 cent per time og tillét slik føretak slik som Fruit of the Loom, Hanes og Levi Strauss å hauste massive profittar.

Aristides blei kast ved eit kupp i 1991. Attendekomsten i 1994 var ein tom tilbakekomst – avtalen han var blitt tvinga til å godta – førte til at han berre kunne sjå på at NGOane uthola landet hans sine demokratiske moglegheiter. Likevel vann Aristides valet i  2000. Han kom tilbake med friske steg og forlanga at Frankrike skulle betale tilbake til Haiti dei 21 milliardar dollar som dei hadde kravd frå Haiti for at Haiti i 1804 hadde avskaffa slaveriet gjennom si uavhengigheit. På bakken var det klart at ytre høgre grupper sine drap på Fanmi Lavals støttespelarar hadde utanlandsk støtte og enno klarare at dette var ein metode for å undergrave Aristides totalt. Han blei kasta under eit andre kupp i 2004, då han blei – med hans eigne ord – kidnappa. Det var ikkje lenger berre Aristides som blei kidnappa, men også staten Haiti. Den finst ikkje lenger. Den er no ein NGOrepublikk, slik det er med mange andre nasjonar der dei demokratiske institusjonane har blitt kasta. Desse representerer ein tredje slags kupp – etter kupp med tanks og bankar, har vi no kupp frå NGOar.

Omsett av Terje Valen, laurdag 6. november 2021.