Dei lange linjene i USAs geopolitikk 8

Kapittel i  ii iii  iv v  vi  vii  viii  ix  x  xi

Meir frå «det store sjakkbrettet»

Det USA gjer for å leie verda, skriv Brzezinski, er å kooptere (ta inn i gruppa si) tidlegare rivalar, som Tyskland og Japan etter krigen, og Russland med dei tidlegare russiske republikkane, etter 1991. Så skriv han at USA har stor innflyting på avhengige utanlandske elitar gjennom appellen frå sine demokratiske prinsipp og institusjonar. Same veikskapen finn vi i denne «analysen» og. Så trekk han fram at USA dominerer den globale kommunikasjonen, den folkelege underhaldninga, massekulturen og dessutan påverknaden frå Amerikas framskridne teknologi og militære rekkevidd. I tillegg nemner han den amerikanske business-modellen som mange meinte var den beste.

Konklusjonen var at Amerika sin dominans kvilte på eit velutvikla system med alliansar og koalisjonar som IMF, Verdsbanken, NATO og samarbeide med Japan (som han også karakteriserer som eit amerikansk protektorat) samt den nye Asia- Pacific Economic Cooperation Forum (APEC), og dessutan USA si deltaking i Europa sine saker. I tillegg er det prosedyrar i verda som tar seg av konsensus når det gjeld styringa, men som er dominert av USA.

Han samanfattar det heile med at USA i motsetnad til tidlegare imperia er eit stort og samansett  system og ikkje ein hierarkisk pyramide. Makta blir utøvd gjennom forhandling, dialog, spreiing av idear og arbeid for formell semje, sjølv om makta til sjuande og sist spring ut av ei kjelde, nemleg USA. USA sitt overherredømme har skapt ein ny internasjonal orden, med sine eigne reglar, som ikkje berre kopierer, men institusjonaliserer utanlands mange av trekka til det amerikanske systemet inne i landet.

Geopolitisk er Brzezinsksis grunnleggande standpunkt at USA må dominere det eurasiske kontinent for å sikre seg sjølv. Det er der maktspelet må spelast og det i samsvar med USA sine eigne reglar.

Det eurasiske sjakkbrettet

I andre kapittel av boka si legg Brzezinski difor ut det han kallar det eurasiske sjakkbrettet. Kapitelet startar slik: «For Amerika er Eurasia den viktigaste geopolitiske vinninga.» «…Amerikas globale førsteplass avheng direkte av kor lenge og kor effektivt denne forrangen på det eurasiske kontinent kan haldast oppe.» Legg merke til at han bruker omgrepet Amerika om USA, sjølv om Amerika omfattar eit todelt kontinent der USA berre utgjer ein del.

Dette er også litt typisk for USA. På grunn av den allmenne bruken av dette omgrepet for USA, så fell eg og for det innimellom.

Om USA si eigenforståing av rolla si i verda sluttar Brzezinski seg til uttalen frå den politiske vitskapsmannen, Samuel P. Huntington, frå Harvard universitetet i 1993. «Ei verd utan leiinga frå USA vil vere ei verd med meir vald og uorden og mindre demokrati og økonomisk vekst enn ei verd der USA har meir innflyting enn noko anna land for å innverke på dei globale affærane. Ei varig internasjonal forrang for USA er sentralt for velferda og sikkerheita til amerikanarane og til framtida for fridom, demokrati og opne økonomiar og internasjonal orden i verda.»[i]

I denne samanhengen er det kritisk korleis Amerika «styrer» Eurasia, skriv Brzezinski. For Eurasia er verdas største kontinent og verdas geopolitiske akse. Ei makt som kontrollerer Eurasia ville kontrollere to av verdas tre mest framskridne og økonomisk produktive regionar. Vi treng berre sjå på kartet for å finne at kontroll over Eurasia mest automatisk vil føre med seg Afrika si underordning og gjere den vestlege halvkula og Oseania til geopolitiske utkantar i høve verdas sentrale kontinent.

Legg merke til at Brzezinski aldri rører seg utanfor den geoimperialistiske tenkeboksen. Han kan i det heile ikkje tenkje at de finnast statar og økonomiske system der globalt samkvem og global handel kan skje utan at nokon påtvingar dei andre sin regelbaserte verdsordning. Det vil seie at han projiserer USA sin eigen imperialisme over på dei landa som ikkje vil ha han og som sjølv ikkje er imperialistiske i det heile.

Han viser så til at Eurasia har om lag 75 % av folka i verda, at mesteparten av den fysiske rikdommen i verda er der og både i føretaka og under jorda. Eurasia står for 60 % av verdas BNP og om lag 3 fjerdedelar av verda sine kjende energiressursar. Etter USA finn vi dei seks nest største økonomiane og dei seks nest største våpenmaktene i Eurasia. Konklusjonen er at alle dei potensielt politiske og/eller utfordrarane til USA si forrang, er eurasiske. Samla sett er Eurasia si makt svært mykje overlegen den amerikanske, men heldigvis er Eurasia for stort til å bli ein politiske einskap.

Difor er Eurasia det sjakkbrettet der kampen om global forrang fortsett å spele seg ut. Så delar han «sjakkbrettet» i fire område.

Slik er området for spelet om Eurasia, skriv Brzezinski. Så seier han at vilkåra for amerikansk kontroll med heile spelet er fleire. Eit vilkår er at Middle space, det vil stort sett seie Russland, kan bli dradd inn i innflytings-området til det veksande/ekspanderande West der Amerika har ei leiande stilling.

Dette er det grunnleggande trekket i USA sin europa-politikk og politikken med å overta styringa i Ukraina. Det er ein del i den store planen for å få Russland inn under USA sitt verdsherrevelde. Det er fordi dei i Russland kjenner denne politikken at dei kjende seg tvungen til å stanse USA/NATO/EU si opprustning og nazifisering av Ukraina.

Dei andre vilkåra som Brzezinski legg vekt på er at South ikkje blir dominert av ein enkelt spelar og at East ikkje blir sameint på ein måte som bidrar til at USA blir kasta ut frå basane sine utanfor kysten. Så lenge situasjonen er slik vil USA vinne fram i spelet. Men, seier han, dersom Middle space støyter frå seg West og blir eit einskapleg område, og anten får kontroll med South eller oppnår ein allianse med ein større austleg aktør, så blir Amerikas leiarstilling i Eurasia dramatisk innskrenka. Til metodane seier han at manøvrering, diplomati, koalisjonsbygging, få statar til å slutte seg til USA-sida og svært overlagd bruk av dei politiske aktiva ein har, har blitt dei viktigaste ingrediensane for å lukkast med å utøve geostrategisk makt på det eurasiske sjakkbrettet.

Så viser han til Harold Mackinders slagord om at dei som herskar over Aust-Europa bestemmer over sentraleuropeiske hjertelandet og dei som herskar over hjertelandet bestemmer over Verdsøya, dvs. seie Eurasia, og den som herskar over Eurasia bestemmer over verda.

For å sikre USA-dominans over verda må altså USA herske over desse delane av Eurasia. Først må dei sikre seg heile vest. Så må dei sikre seg Middle space eller Russland. Dette har vore utgangspunktet for USA sin politikk i dette området i lange tider, og blei særleg aktuell etter at Sovjet-Unionen gjekk i oppløysing. Brzezinski peiker ut to skritt for å hindre at ein rival til Amerika kan vekse fram i dette området.

Først må dei identifisere dei geostrategisk dynamiske eurasiske statane som har makt til så skape ei potensiell endring i den internasjonale maktdistribusjonen og dessutan sette fingeren på dei geopolitisk kritiske eurasiske statane som er plassert slik og har ein slik eksistens at dei har omdannande innverknad på dei meir aktive geostrategiske spelarane eller på regionale forhold.

Så må ein utforme spesifikke politikkar for USA slik at dei kan hindre, få med seg, og/eller kontrollere dei statane som er aktuelle etter det som er sagt ovanfor, for å halde oppe og fremje livsviktige amerikanske interesser og sjå for seg ein meir omfattande geostrategi som dannar eit samspel med dei meir spesifikke politikkane til USA i global skala.

Han samanfattar det heile i det han kallar ein meir brutal terminologi som går tilbake til den meir brutale tida med gamle imperia: «dei tre store krava i imperiet sin geostrategi er å hindre samarbeid og halde oppe sikkerheits-avhengigheit blant vasallane, å halde dei som betalar tributt medgjerlege og sørgje for at barbarane ikkje slår seg saman». Vi kan vel seie at det første og andre har dei førebels klart, men det tredje og viktigaste har dei ikkje lukkast med.

Så identifiserer han fem geostrategiske spelarar og fem geopolitiske omdreiingspunkt (der dei to siste kanskje også kvalifiserer som spelarar) på det eurasiske kartet. Spelarane er Frankrike, Tyskland, Russland, Kina og India, mens Storbritannia, Japan og Indonesia som er viktige land, ikkje kvalifiserer. Dei som spelar ei rolle som viktige geopolitiske omdreiingspunkt er Ukraina, Aserbajdsjan, Sør Korea, Tyrkia og Iran der dei sist også er geopolitisk aktive. Av desse er spesielt viktig at USA får kontroll over Ukraina, og Sør Korea er viktig å halde på for USA i aust.

Så vurderer han desse landa kvar for seg. Frankrike og Tyskland er gode spelarar for USA som vil utvide NATO og EU austetter. Russland, som på denne tida framleis eigentleg var innan USA sin interessesfære, var svak og ville kanskje bli det i lang tid, men spørsmålet var om landet ville vere USA sin ven eller fiende.

Kina ser han og som ein av dei største spelarane og landet vil etter kvart, med aukande økonomisk utvikling, få større geopolitisk innverknad. India er den mektigaste av dei sørasiatiske statane og ser seg om ein rival til Kina. Men India er ikkje så mykje å bekymre seg om som Kina og Russland.

Ut frå dette stiller han fleire spørsmål som kva slags Europa vil USA ha, kva slags Russland er i Amerikas interesse og kva kan USA gjere med det, kva er prospektet for at det oppstår ei nytt «Balkan» i Sentral-Asia og kva kan USA gjere for å minske risken for det, kva rolle skal USA oppmuntre Kina til å ha og kva vil det medføre for USA og Japan og til slutt kva slags nye eurasiske koalisjonar er mogleg som er farlegast for USA sine interesser og kva må gjerast for å hindre dei.

Svara er at USA vil ha eit Europa som reelt sette er styrt av USA, men finn seg vel til rette med det. USA bør prøve å utvikle forholdet sitt til Russland vidare frå slik det var under Jeltsin, med demokratisering som tillét USA-kapitalen og det amerikanske politiske systemet der. Skal USA hjelpe Russland med å bli sterkt att, eller vil det då også fjerne seg frå USA. Når det gjeld Ukraina og Aserbajdsjan så må Russland få komme seg på beina att for å utvikle eit demokrati av USA-typen, men dersom det fører til at Russland bli for sterkt i seg sjølv (Brzezinski kallar det at dei vinn att det potensialet sitt til å bli eit imperium) er det ikkje bra for USA sin dominans. Han lurer så på om dei kan få Russland inn i NATO. Då vil USA sikre mykje av dominansen sin på heile kontinentet. Så seier han litt om korleis ein skal hindre Sentral-Eurasia i å bli eit nytt Balkan. Når det gjeld Kina vil det mest gunstige å få landet med i eit demokratisk fritt marknads-system. Men det kan jo hende at dette ikkje skjer og Kina veks seg mektig utan det. Då er det om å gjere å passe på at Kina berre får ei rolle som regional stormakt og ikkje i verdsmakt. Det farlegaste scenario for USA er at Kina, Russland og kanskje Iran finn saman i ein «antihegemonisk» koalisjon. Det vil seie en koalisjon som ikkje er dominert av USA. Det vil krevje mykje dyktig diplomati frå USA for å hindre at dette skjer. Det vil også vere farleg om Russland og Tyskland finn fram til eit samarbeid.

No, i etterkant, (våren 2022) veit vi at Kina, Russland og Iran faktisk har inngått samarbeid. Det er svært øydeleggande for USA sin plan om verdsherredømme. Dermed blir Ukraina ekstra viktig.

Europa si rolle – bruhovud for og vasall under USA

I kapittel 3 skriv Brzezinski om USA sitt demokratisk bruhovud på det eurasiske kontinent. Forfattaren er nøye med bruken av ord og omgrep. Bruhovud tyder ifølge Oxford Shorter Dictonary omsett til norsk av underteikna: «ei første posisjon som er oppretta bortanfor eit naturleg skilje, som ei elv eller eit hav til dømes. Meininga er at bruhovudet skal brukast for å samle styrke til å utvide seg og i ta makt over heile området». Europa kan vi då sjå på (slik som Brzezinski sjølv vurderer det) som USA sitt bruhovud på det eurasiske kontinent. Brzezinski skriv at Europa er USA sin naturlege allierte av mange grunnar og det tener også som utgangspunkt for det Brzezinski kallar den stadige utvidinga av demokrati djupare inn i Eurasia. Ei slik utviding av systemet i Frankrike og Tyskland til landa austover vil ha ei magnetisk tiltrekking på land som Ukraina, Kvite-Russland og Russland. Etter kvart kunne ei slik utvikling føre til at Europa blei ein av dei livsviktige pilarane i ein USA-sponsa større europeisk struktur av sikkerheit og samarbeid.

Den brutale sanninga, skriv han, er at Vest-Europa og i veksande grad Sentral-Europa i det store og heile er eit amerikansk protektorat, der dei allierte statane minner om dei gamle vasallane og dei tributt-pliktige. Dette er ikkje sunt korkje for Amerika eller dei europeiske nasjonane. Derfor ønskjer Brzezinski at desse vasallane skal verte meir samarbeidande statar, men framleis under leiing av USA. Vi skjøner jo, med den svarte, skjulte sida av USA sin geo-imperialisme at dette eigentleg ikkje er mogeleg. Difor er situasjonen framleis slik Brzezinski teikna han opp i 1997.

Så tar Brzezinski opp viktigheita av at NATO utvidar seg austover. Først var det litt vanskeleg å få Frankrike entusiastisk for dette, mens Tyskland var på linje. Etter krigen kunne dei, under paraplyen til USA, ta eit meir open leiarstilling i Sentral-Europa utan å truge naboane sine samstundes. Dette gjorde at Frankrike også etter kvart ville komme på linje. Sambandet med USA var både eit slags sertifikat på god oppførsel og det forsikra naboane i Europa elles at eit nærare samarbeid med Tyskland var eit nærare samarbeid med USA. Det gjorde at Tyskland no kunne fremme assimileringa av Sentral-Europa, som før var innan Sovjet-sfæren, inn i dei europeisk (amerikanske) strukturane. Dette ville ikkje vere det gamle Mellom-Europa til den tyske imperialismen, men eit meir velmeinande samkvem for økonomisk fornying stimulert av tyske investeringar og handel. Samstundes kunne Tyskland fungere som sponsor for den eventuelle formelle innlemminga av det nye Midt-Europa i EU og NATO. Tyskland blei i røynde ein klar apostel for austleg utviding. Dei foreslo at EU skulle bli utvida innan år 2000 og at femtiårsdagen for danninga av NATO var passande for å utvide NATO austetter.

Den sentrale saka for USA er å konstruere eit Europa basert på den fransk-tyske kontakten. Eit Europa som kan fungere men blir lenka til USA og det gjer det mogeleg å utvide området for det samarbeidande, demokratiske internasjonale systemet som den effektive utføringa av USA sin fyrsterang er så avhengig av.

Så skriv han om kor avhengige Europa er av USA for ikkje å bli fangar av dei sosiale sidene ved politikken sin. Det at Europa har komme seg på fote att økonomisk har skjult dei meir langsiktige kostnadane med den tilsynelatande suksessen. Desse kostnadane er øydeleggande både økonomisk og politisk. Kva er så problemet? Brzezinski ordlegg seg slik: «Den politiske legitimitetskrisen og krisen når det gjelder økonomisk vitalitet som Vest-Europa står overfor i stadig sterkare grad, men ikkje klarer å løyse, ligge djupt rotfesta i den omfattande stats-støtta sosiale strukturen.» Dette er det sentrale bodskapet hans. Så seier han at dette «fremmar paternalisme, proteksjonisme og sneversyn. Og at «resultatet er ein kulturell tilstand som kombinerer vellystigheit med åndeleg tomheit – ein tilstand som kan bli utnytta av nasjonalistiske ekstremistar eller dogmatiske ideologar»[ii]. Denne tilstanden kan, viss den vinn fram vise seg å vere daudeleg for demokratiet og ideen om Europa.» Konklusjonen er at problemet berre kan bli løyst på kontinentalt grunnlag. Det er utgangspunktet for USA si støtte til Europa Unionen (EU) der nedbygging av velferd og avvikling av det nasjonale demokratiet, som har gjort dette mogleg, er målet.

Det som må til, og som Brzezinski var ein varm tilhengar av, er det nyliberale systemet for arbeidsliv og sosiale ordningar som vi finn i USA og som landa i Europa stadig meir har hengd seg på. Europaunionen (EU) er eit mektig verktøy for denne utviklinga og, som vi no har sett, for USA sin geo-imperialisme for å dominere heile det eurasiske kontinentet.

Eg tenkjer at dette er eit viktig moment som den norske EU-motstanden ikkje har tatt inn over seg. EU er ein reiskap for USA sine planer om å få overherredømme over heile Eurasia. Det tyder at EU er ein krigsunion og ikkje noko fredsprosjekt. Noko som først viste seg på Balkan.

Men dette tyder også noko meir. Det tyder at USA gir beskjed til EU at dei europeiske sosialstatane som blei bygd opp etter 2. verdskrigen på nasjonalt grunnlag, må demonterast, og at velfungerande statar berre kan utvikle seg i eit eurasisk rom som USA herskar over. Ut frå dette tar han også opp faren for at Tyskland skal begynne å føre sin eigne nasjonale politikk (som mellom anna kan leie til meir samarbeid med Russland), eller at heile EU skal begynne å utvikle seg slik at USA ikkje har herredømmet der, men i staden blir ein rival.

Han konkluderer heile diskusjonen (med seg sjølv) med at det vesentlege punktet når det gjeld NATO-utvidinga er at prosessen er tett knytt saman med utvidinga av Europa sjølv. Viss EU skal bli eit geografisk større samfunn, med ein meir samstemt fransk-tysk kjerne og mindre integrerte ytre lag – og om eit slik Europa vil basere tryggleiken sin på ein fortsett allianse med Amerika, så følgjer det at det mest utsette geopolitiske området, Sentral-Europa, ikkje kan bli demonstrativt utelukka frå å delta i den kjensla av tryggleik som resten av Europa nyter gjennom NATO. Difor må Amerika arbeide særleg nært med Tyskland for å få til ein utviding austetter i Europa. Amerikansk-tysk samarbeid og leiarskap saman er vesentleg når det gjeld dette.[iii]

Så seier han at denne utvidinga kan finne stad dersom USA og Tyskland saman oppmuntrar dei andre NATO-statane til å ble samde om dette og anten forhandle fram ei semje med Russland eller handle kraftfullt med den korrekte overtydinga at konstruksjonen av Europa ikkje kan bli underordna russiske protestar. Til sjuande og sist er det som står på spel i dette strevet Amerikas langsiktige leiande rolle i Europa. Eit nytt Europa tar form, og viss dette nye Europa skal fortsette å vere ein del av eit «Nord-Atlantisk» rom, er utvidinga av NATO vesentleg. Sant å seie er ein omfattande politikk for heile Eurasia ikkje mogleg viss strevet etter å utvide NATO, som har blitt lansert av USA, stansar opp eller bli svekka.[iv]

Botnlinja som vegleier den stadige utvidinga av Europa må vere det bodet at ikkje nokon stat utanfor det transatlantiske system har rett til å legge ned veto mot deltakinga av ein kvar kvalifisert stat i det europeiske systemet – og dermed det transatlantiske tryggleiksystemet og at ingen europeisk stat kan bli utelukka frå EU eller NATO.

Så set Brzezinski opp ein tidstabell for utvidinga. Innan 1999 vil dei første nye medlemmene ha blitt innlemma i NATO, sjølv om medlemskap i EU vil kome noko seinare.

EU vil i mellomtida ta initiativ ovafor dei baltiske statane og NATO vil samstundes arbeide for å få desse med der pluss Romania. Andre Balkan-statar kan også bli med.

Så kjem turen til Sverige og Finland.

Ein stad mellom 2005 og 2010 bør Ukraina bli klar for alvorlege forhandlingar med både EU og NATO ut frå at Ukraina er ei av dei sentrale statane som USA må ha kontroll over fordi det er den austlege delen av den «kritiske demokratiske kjernen for europeisk tryggleik» slik denne illustrasjonen frå boka om det eurasiske sjakkbrettet viser.

Et bilde som inneholder kart

Automatisk generert beskrivelse

Brzezinski skriv at dette har med den europeiske tryggleiken å gjere. Men det er sjølvsagt ein påstand som ikkje heldt vatn. Dersom ikkje USA hadde vore fast bestemd på dei skulle ha makta over Eurasia, så hadde europearane løyst tryggleiksspørsmålet sjølv, nett med meir samarbeid med mellom anna Russland. Noko som Russland har streva med å få til.

Det er USA sin geo-imperialistiske politikk som har skapt fiendskapen og tryggleikssituasjonen i Europa. Det er deira kamp for verdsherredømme som krev konfliktar, undergraving, kupp og regimeendringar og krigar på «vårt» eurasiske kontinentet. Det er faktisk ikkje USA sitt kontinent. Dei har sitt eige, men har ein utanrikspolitikk som krev at deira tryggleiksinteresser ikkje går mot Mexico og Canada, men mot land tusenvis av mil vekke, som altså Ukraina og Russland. Og så manipulerer dei den offentlege meininga til at tru at dette er noko naudsynt. Men det er berre naudsynt ut frå USA sine geo-politiske mål, verdsdominans ved å dominere det eurasiske kontinent.

Alle som har følgt med i utviklinga av historia ser at denne politikken, som dei leiande i USA (og Europa) tok til seg, har blitt sett ut i livet med stor konsekvens. Då Ukraina ikkje hadde kome inn i USA-sfæren under den såkalla kastanje-revolusjonen i 2004, som var sterkt inspirert av amerikansk-leia NGO-ar, fortsette sjølvsagt undergravingsarbeidet i mange år.

I 2014 følte USA at dei hadde bygd opp nok støtte i landet til å lansere eit kupp der dei fjerna den lovleg valde presidenten og sette inn sin marionett. Då kunne arbeidet med å sette USA sin langsiktige plan for å legge Ukraina inn i EU og NATO verkeleg begynne. Eit problem med dette statskuppet var at USA hadde alliert seg med krefter som såg på russarar, eller rettare, slavarar, som undermenneske. Dermed vart det straks etter kuppet sett i verk kraftig diskriminering av desse. Det førte til at dei begynte å forsvare seg militært. Då dei forsøkte å forsvare den stort sett russisktalande byen Maruipol sør i Donets-fylket blei dei nedkjempa av den klart nazistiske Azov-bataljonen[v] saman med sterkt høgrenasjonale styrker. Dei har sidan hatt den viktigaste basen sin her. Det er hovudgrunnen til dei harde kampane nett her etter at Russland rykka inn i Donets i 2022.

Da Zelenski vart vald til president med 73 % av stemmene, på eit program om fredeleg løysing av tilhøvet til dei austlege fylka og Russland, var han i utgangspunktet eit problem for USA. Viss han fekk til dette ville målet til USA med å ta makta over heile Eurasia kunne gleppe. Men dei fekk han snart inn på linja si fordi dei allereie var så tungt inne i heile det ukrainske styringssystemet.

Då han så begynte å agere som ein verkeleg marionett for USA med forslag om å melde Ukraina inn i NATO, for at USA skulle få oppfylt sin plan, blei situasjonen for Russland, som visste at dei var neste brikke etter Ukraina som skulle falle i USA sitt eurasiske sjakkspel, ekstremt prekær. Dette kunne dei lese direkte ut av amerikanske militære planar.

Alle som vil kan det, men i dag har den offentlege meininga i Vesten blitt så fanga i media sitt femte filter, skapinga av det «vonde» Russland og den «vonde» Putin og den «gode» USA-marionetten, Zelenski, at til å med å ta utgangspunkt i USA sine eigne, skrivne planar, eller å refererer russiske kjelder som hevdar dette, i utgangspunktet blir dømd som russisk «propaganda». Det «vonde» skal knusast, det er berre det som driv usann propaganda, same kva som blir sagt derifrå. Dette har blitt nivået på det intellektuelle livet i Norge og innan resten av USA-systemet.

Det går sjølvsagt ikkje an å ta opp heile innhaldet i heile Brzezinski si bok her. Men eg vil også sjå på det området han kallar det eurasiske Balkan.

Det var for dette området, innanfor den grå streken, USA vedtok sin lov om Silkevegen i 1999 for å følgje opp Brzezinskis strategi. USA gir altså ekstra-territoriale lovar som skal gjelde utanfor USA sjølv. Det kan være verd å lese han. Derfor viser eg til ein kopi.[vi] Han blei «oppfriska» med ein ny lov i 2006. Loven gir eit opplegg for korleis USA skal få kontroll over denne delen av verda. Det folkerettsstridige angrepet på Serbia og bombinga der i 1999 kom like etter at denne loven var vedtatt, og innleia den epoken i USA sin geo-imperialisme som framleis er rådande. Men med samarbeidet mellom Russland, Kina og Iran og utbygginga av Kinas nye silkeveg-prosjekt er moglegheitene til å få alle statane i silkevegbeltet inn i USA sin fold no ikkje mogleg utan at USA først får kontroll over Russland. Det er dette proxy-krigen i Ukraina, no i mai 2022, dreier seg om.

Men lat oss sjå på korleis USA sin viktigaste strateg i siste del av 2000-talet og byrjinga av 2100-talet ser på dette området. Først skal vi merke oss kva han seier om ressursane i området.  Han tar utgangspunkt i at verdas behov for olje vil vekse kraftig fram mot 2015 og mesteparten av auken vil komme i Det fjerne aust. Og området har reservar av naturgass og olje som langt overgår dei i Kuwait, Mexico-golfen og Nordsjøen.

Etter ein lang diskusjon om historia, den etniske samansetninga og den geopolitisk rolla til dei forskjellige statane kjem Brzezinski fram til at «dei statane som fortener USA sin sterkaste geopolitiske støtte er Aserbajdsjan, Usbekistan, og (utanfor denne regionen) Ukraina fordi alle er definert som strategiske omdreiingspunkt. Det er særleg slik at Kievs rolle styrkar argumentet at Ukraina er den mest kritiske staten, i den grad det dreiar seg om Russlands framtidige utvikling. Samstundes fortener også Kazakhstan, ut frå storleiken, det økonomiske potensial og geografisk viktige plassering, også velovervegd internasjonal støtte og spesielt langvarig økonomisk assistanse. Med tida kan økonomisk vekst i Kazakhstan hjelpe til med å slå bru over den etniske splittinga som gjer dette sentral-asiatiske «skjoldet» så sårbar for russisk press. Når det gjeld Aserbajdsjan er det sårbart og det har vidare regionale komplikasjonar fordi dette landet også er eit geopolitisk omdreiingspunkt. Vi kan beskrive det som den livsviktig naudsynte «korken» som kontrollerer tilgang til den «flaska» som inneheld rikdommane i området i og rundt Det kaspiske hav og Sentral-Asia. USA si rolle i området, skriv Brzezinski, er å oppnå og konsolidere ein regional balanse mellom russiske, tyrkiske, iranske og kinesiske interesser. Sjølvsagt under leiing av USA.

Viss vi ser på dei siste åras utvikling har USA ikkje klart noko av dette. Derimot ser det ut som om det er Kina som klarer det, saman med Russland og Iran. Men då ikkje med mål å kreve at desse statane legg seg inn under dei, eller blir tvinga til deira orden og styringsmåte. Dette er eit grueleg tilbakeslag for USA sine overordna geo-strategiske mål som er dominans på det eurasisk kontinent. USA er stort sett spelt ut økonomisk, og har ikkje anna att en regimeendringar som dei har prøvd både i Russland, i Kazakhstan, og (utanfor området Kvite-Russland), eller å få til krigar som gjer Russland veikare slik at dei kan få til regimeendring der.

I kapittel 6 tar han for seg «Ankeret i fjern-austen». Her skal eg berre nemne nokre av dei viktige konklusjonane hans. «Oppgåva for amerikansk politikk er å sikre at Japan (som han kallar USA sitt protektorat) får meir mektig internasjonal og global innflyting, lik det Canada har. Ein stat som er respektert for den konstruktive bruken av rikdommen og makta si, men ein som er korkje frykta eller avskydd. Samstundes som vi må sørge for at Japan går i denne retninga må vi og sikre at Kina blir ein regionalt leiande makt, utan å skiple ein stabil triangulær balanse av aust-asiatiske makter. Dei store oppgåvene for USA er å kanalisere Japan sin energi i internasjonal retning og styre kinesisk makt slik at han held seg på eit regionalt nivå.[vii] Elles er det viktig å halde på Sør-Korea som er einaste bruhovudet USA har på den austlege delen av det eurasiske kontinent og USA skal krevje at Kina ikkje kan få tilbake Taiwan før dei har innført USA sin type demokrati. Vi må vel no (2022) kunne seie at USA har mislukkast monumentalt med dei store oppgåvene. Det kjem av ei stor undervurdering av Kina som vi skal sjå litt på. Først skal vi sjå ein illustrasjon av den økonomiske utviklinga i dette landet ut frå forretningsbladet Fortunes årlege oversikt over dei største føretaka i verda.

Et bilde som inneholder kart

Automatisk generert beskrivelse

Her ser vi ein oversikt frå forretningsbladet Fortune i 2021 over dei 500 største føretaka i verda. I 1990 hadde Kina eit føretak blant desse. Då Brzezinski skreiv sjakk-boka si i 1997 hadde dei fått nokre få føretak på lista. Men på berre litt over 20 år seinare hadde dei altså 143 (vel eit dusin av desse var lokalisert i Taiwan, men med mange av anlegga sine i fastlands-Kina). USA hadde 167 på lista i 1990, men berre 122 i 2021. Elles ser vi at «taparane» var Japan og Storbritannia.

Når det gjeld nominelt brutto nasjonalprodukt er det framleis større i USA (litt under 23 mrd i 2021) enn i Kina (litt under 17 mrd i 2021), men rekna et kjøpekraftsparitet som det heiter gjekk Kina (ca. 27 mrd i 2021) forbi USA (ca. 23 mrd i 2021) i 2010. India ligg her på tredjeplass med vel 10 mrd. På grunn av dei mange folka i Kina er BNP per innbyggar litt over 10 000 dollar i året, mens talet i USA er vel 64 000. Norge ligg litt over USA, mens Monaco ligg på topp med vel 163 000 dollar per hovud. Det tyder at Kina framleis faktisk er eit utviklingsland. Det er også gjort undersøkingar som viser at det flyt større verdiar ut frå Kina til USA og andre rikare land, enn det kjem inn til Kina frå desse.

Vel så viktig som å samanlikne BNP er det nok å samanlikne produksjonskapasiteten i Kina og USA. Dette er litt gamle tall, men representative.

Infographic: China Is the World's Manufacturing Superpower | Statista

Så konklusjonen er at Kina har vakse frå ein økonomisk dverg til ein kjempe på under ein generasjon. Ikkje rart at Brzezinski tok feil her. Tre bøker som fortel meir i detalj om utviklinga i verda er Peter Frankopan New Silk Roads – The Present and Future of the World, 2018, Prag Khanna The Furure is Asian – Global Order in the Twenty-First Century, 2019 og Kishore Mahburani[viii] Le jour où la Chine va gagner – La fin de la suprématie américaine, 2020. Sistnemnde var mellom anna President i United Nations Security Council frå januar 2001 til mai 2002. Dei to første forfattarane representer opplyste vestlege synsmåtar, den siste opplyste austlege og vestvennlege synsmåtar. Dette må sjølvsagt prøvast opp mot kinesiske og nyare kjelder.[ix] Mykje har skjedd også etter 2020. Eg går ikkje så mykje inn på dette her ettersom hovudformålet er å avdekke USA sine utanrikspolitiske mål.


[i] Samuel P. Hutington. «Why International Primacy Matters,» International Security (våren 1993), side 83.

[ii] Brzezinski The Grand Chessboard, 1997, side 73.

[iii] Same verk, side 79.

[iv] Same verk side 80.

[v] Sjølv om Wikipedia også er skjemma av den amerikanske media-systemet finn vi likevel her ein del saklege opplysningar om Azov og rørsla som ho spring ut av. Talet på medlemmer må vi nok ta med ein stor klype salt i ei tid der USA er svært opptatt av å få dette fenomenet til å sjå så uvesentleg ut som mogleg. At Azov forsvarte Mariupol etter det USA-leia kuppet i 2014 er vel også strengt tatt ei forskjønning av rolla deira her https://en.wikipedia.org/wiki/Azov_Battalion

[vi] https://www.eso.org/gen-fac/pubs/astclim/espas/maidanak/silkroad.html

[vii] Brzezinski, 1997, side 185.

[viii] https://en.wikipedia.org/wiki/Kishore_Mahbubani

[ix] Viss du vil sette deg inn i noko av dette er bokserien Reading China Series som kom i 2121 med titlene China in History and Reality, What Kind of Party is the CCP, What Era is China in, What Kind of Democracy is China’s Democray, What is the Chinese Dream, What is the Path of Socialism with Chinese Characteristics. Dessutan har vi fem bind med Xi Jinping sine talar frå 2012 og frametter. Dessutan er avisa Global Times sentral.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.