Dei lange linjene i USA sin geopolitikk 2

Kapittel i  ii iii  iv v  vi  vii  viii  ix  x  xi

Tidleg historie

Før 1776 var USA ein del av England. Det vil seie at det var engelske undersåttar som gjennomførte den første delen av folkemordet mot indianarane og Parlamentet i England var ansvarleg. Det same gald elles både Australia, New Zealand, Canada og for så vidt Sør-Afrika.

Sidan «The Glorious Revolution» i 1688-89 hadde alle engelskmenn, på begge sider av Atlanterhavet, sett på seg som stolte innbyggarar av eit kongedøme, kanskje det einaste i universet, der fridommen for borgarane var det einaste synspunktet og det endeleg målet for dei grunnleggande lovane. Til og med franskmannen Montesquieu skriv då om England som ein nasjon der det direkte målet for Grunnloven er den politiske fridommen og at England då, utan unnatak, var det friaste landet i verda. Han skriv at England berre har skapt koloniar over alt i verda for å utvikle handel, ikkje dominans. Dei hadde gitt folka i koloniane si eiga regjering og denne regjeringa hadde opparbeida seg stor rikdom og ein kunne sjå korleis eit stort folk blei skapt sjølv i dei skogane der dei slo seg ned. Amerika/seinare USA var tydelegvis det han tenkte på.

Det var med denne ideologien England førte Sjuårskrigen (1756-1763) der dei kasta Frankrike ut av deira område i Nord-Amerika, blei den leiande stormakta og la grunnlaget for sin dominans i verda. Denne krigen var ein del av det som er blitt kalla Den første verdskrigen og Den andre hundreårskrigen. Han varte meir og mindre aktivt til 1815, då England saman med ein allianse av fleire statar, vann over Napoleon. Frå då av var England den uomstridde, dominerande makta i verda, men utan å kunne legge dei andre stormaktene under sin dominans.

Men dette hadde ei stor, svart bakside. Under denne fridomsparaplyen fortsette ikkje berre folkemordet på indianarane, men også slavehandelen og slaveriet. Dei leiande kolonistane her var nokre av dei som priste den nemnde fridommen i England (som dei sjølv då var ein del av) og omtala franskmennene som dei slost mot som brutale og despotiske og tilhengarar av pavekyrkja. Då dei hadde kjempa seg til nasjonal fridom i 1776 førte dei vidare denne ideologien og Erklæringa om uavhengigheit la vekt på politisk fridom for innbyggarane og demokrati.

Men den svarte undersida følgde med: folkemord og slaveri. Virginia, som spelte ein hovudrolle i den amerikanske revolusjonen, hadde 40 % av slavane i landet. Og i 32 av dei 36 første åra i den nye staten var det slaveeigarar frå Virginia som var presidentar. Denne slavestaten fostra USA sine beste menn. Vi kan berre nemne George Washingon, James Madison og Thomas Jefferson. Alle var slaveeigarar. Sistnemnde skreiv Erklæringa om fridom og den føderale grunnloven av 1787. Det svært lukrative slaveriet, som gjorde mogleg den industrielle revolusjonen i England (bomullsproduksjon), varte til 1865 i USA, sjølv om det tok eit år til før det blei avskaffa i «indianerterritoriet», no Oklahoma.[i]

Den borgarlege historikaren, Wolfgang Reinhart, som er ein av kjeldene mine her, skriv også i sitt monumentale verk på 1650 sider frå 2015 Die Unterwerfung die Welt – Globalgeschichte der Europäischen Expansion 1415-2015 (Underkastinga av verda – verdshistoria om den europeiske ekspansjon 1415-2015), at dette demokratiets og denne fridommens imperium leid under eit dobbelt fridomsparadoks. Den grenselause økonomiske fridommen førte til at sterke økonomiske aktørar samla opp fridommen hos seg, mens dei andre deltakarane i marknaden fekk fridommen sin avgrensa eller til og med heilt avskaffa. For det andre er det politisk vanlig og, etter det dei seier, uunngåeleg å avgrense eller avskaffe den politiske fridommen for å sikre den frihetlig-demokratiske grunnorden.[ii]

Desse to tendensane har levd både blant leiarane av det engelske imperiet og det amerikanske. Det er ein svært farleg kombinasjon for det gir ei menneskevenleg overbygning over alle dei verste av dei verste brotsverka i verda.

Det er også slik at England, etter at USA overtok verdshegemoniet, har hengt seg på USA for å halde oppe så mykje som mogleg av innflytinga si, og dei to har køyrd eit stor sett felles løp i svært mange saker. Dei har også prøvd å halde gamle dominions, som Canada og Australia med på dette, saman med New Zealand. Dette ein slags angloamerikansk kjerne i columbismen og den moderne imperialismen i dag. Eit av desse felles løpa har vore å svekke og om mogleg kjempe ned alle makter som har utfordra hegemoniet deira. Dette viser seg også gjennom at ein av dei store engelske geo-imperialistane, Halford Mackinder, har vore kanskje den viktigaste inspirasjonen for geo-politikken til USA. Det var tilfelle særleg frå tida under 2. verdskrigen då USA la opp sin geo-imperialistiske politikk for etterkrigstida. Det blei forsterka under president Carter og fekk ein stor renessanse då Sovjet-Unionen gjekk i oppløysing, med eit ekstra tilskott i høve terroren mot World Trade Center i 2001. Det har fortsett under Obama og fram til i dag under Biden, men no kan det sjå ut til at dei ikkje lenger klare å fortsette denne geo-imperialismen sin utan å få til fleire krigar og moglegvis ein verdskrig.

Omgrepet aggresjon

Professor i rettsvitskap, med spesialkompetanse på nasjonal og internasjonal strafferett, Ståle Eskeland har gått nærare inn på dette omgrepet i den utmerka boka si De mest alvorlige forbrytelser, 2011. Der omhandlar han sju artar brotsverk under slekta dei mest alvorlege brotsverk. Det er først aggresjonsbrotsverket som er den mest alvorlege arten av denne familien med brotsverk. Grunnen til at aggresjonsbrotsverket, som består i å starte ein krig, er den mest alvorlege, er fordi dette brotsverket legg grunnlaget for at andre av dei mest alvorlege brotsverk kan bli utførd på begge sider. Nürnbergdomstolen karakteriserte aggresjonsbrotsverket Crimes against Peace slik: «Å begynne en aggresjonskrig … er ikke bare en internasjonal forbrytelse; det er den ytterste internasjonale forbrytelse ved at den skiller seg fra andre krigsforbrytelser da den inneholder i seg den oppsamlede ondskap av det hele

Aggresjonsbrotsverket  er altså at ein stat A treng inn på ein framand stat B sitt territorium med vald utan at stat A har vore angripen først, eller det er rimeleg grunn til å vurdere det slik at stat B er i ferd med å gjere klar til eit nokså snarleg angrep på stat A.

USAs historie er ei lang rekke aggresjonsbrotsverk

Det første utgangspunktet for å forstå USA si stilling i verda og synet på andre folk og nasjonar, er at USA er skapt gjennom dette alvorlegaste av alle alvorlege brotsverk: aggresjonen, det vil altså seie fiendtleg inntrenging på andre folk og land sine område. Og vi skal sjå at dette har fortsett fram til i dag. Den aggresjonen vi snakkar om her tok til kort tid etter at dei første engelske settlarane kom til USA. Frå rundt 1650 til 1890 vart landet stort sett rydda for dei folka som budde der før settlarane kom. Ein reknar med at rundt 98 prosent av den opphavlege folkesetnaden blei fjerna. Restane av den opphavlege folkesetnaden blei «konsentrerte» i reservat av inntrengarane. Og der finn vi mange av dei framleis. Som Eskeland seier så opna denne metoden for alle andre alvorleg brotsverk.

Dei to andre stormaktene i verda, Kina og Russland har aldri gjort noko slikt. I Kina kunne leiarane i nye dynasti nok drepe leiaren av det tidlegare dynastiet og heile slekta ut i dei fjernaste sleknadene, men Kina har heller blitt invadert i to omganger og etter kvart slukt angriparane sine og sinisert dei til sin eigen kultur og styremåte. Russland utvida sitt territorium austetter og underla seg folka der, slik dei fleste statane har konstituert seg. Dei handsama dei nye undersåttane hardt, men noko folkemord var det ikkje snakk om.

Settlarane sin aggresjon tok form av folkemord. Dette brotsverket kjem først på lista over dei mest alvorlege brotsverka, etter aggresjonsbrotsverket. Det neste alvorlege brotsverket i rekka er brotsverk mot menneskeheita. Det er utbreidd eller systematisk angrep på sivile som tener til å fremje ein stats eller ein organisasjons målsetting med å foreta slike angrep. Så kjem det store området krigsbrotsverk. I det vesentlegaste er det handlingar som skadar folk og eigedom meir enn de som er heilt naudsynt i ein krigssituasjon. Dei er nedfelt i Roma-vedtektene som reknar opp 50 ulike handlingar under krigsbrotsverk. Ei undersøking vil vise at mest alle, om ikkje alle desse blei brote då settlarane erobra landet som blei USA. Så kjem tortur som USA brukte både under inntrenginga si landet til indianarane og videre frametter gjennom andre aggresjonar. Så har vi terror, det vil seie tiltak for å skape frykt i eit folk, til dømes massakrar, bombing av sivile område (terrorbombing), og andre handlingar som skaper frykt. I USA var det mange massakrar på indianarane. Den mest kjende er den ved Wounded Knee i 1890 som var den siste. Til slutt har vi bruk av masseøydeleggingsvåpen. Det finst ei stor mengd prov på at dei fleste av desse alvorlege brotsverka blei utførd under krigen mot dei opphavlege folka på området som blei USA.

Det tyder at eit grunnleggande trekk i USA sin politikk då staten blei oppretta er aggresjonsbrotsverk og andre av dei aller alvorlegaste brotsverka.

Så er USA, i ein viktig periode, bygga opp på arbeidet til slavar frå Afrika eller etterkommarane deira. Dette har også prega USA-samfunnet sterkt heilt fram til no. Her kjenner dei fleste til sakene, så eg seier ikkje så mykje om det. Vi må også nemne at det bygga på innvandrande settlarar som altså tok landet frå dei som budde der frå før og på armear av innvandra arbeidarar som blei opplærte til å sjå ned på indianarane og slavane og etterkommarane deira.  Ku Klux Klan var ei typisk uttrykk for dette. Noko må vi likevel kommentere. Under den amerikanske frigjeringskampen mot 1776 mot England argumenterte leiarane for denne kampen ut frå at England ville gjere folk i USA til deira slavar fordi Parlamentet i London gjorde vedtak om pålegg av skattar i Amerika utan at amerikanarane hadde noko dei skulle sei. At dei sjølv hadde slavar var ikkje noko å snakke om.

Den djupe rasistiske kulturen i USA som inspirasjon for Hitler

Det tyder at eit grunnleggande trekk i USA er rasisme. Vi skal sjå litt meir på nokre fakta om det, også nokre som ikkje er så godt kjende og som amerikanarane helst vil halde skjult. Slavesystemet i USA varte altså stort sett til etter borgarkrigen 1861 til 1865. Slaveriet var basert på ein svært rasistisk ideologi. Etter krigen kom mange av dei gamle slavehaldarane frå sørstatane inn i Kongressen og Senatet og det blei vedtatt rasediskriminerande lover for heile USA. Det var desse det var opprør mot hundre år seinare på 1960-talet. Når det galdt innvandringspolitikken var den prega av rasistiske bestemmingar frå 1924 og fram til 1936. Pådrivaren for denne loven var Madison Grant som i høve loven sa at «I siste liten  har vi stengd att for å hindre at vår nordiske folkesetnad blir invadert av dei lågare ståande rasane.[iii]  Han føydde til dette var «eit av dei viktigaste stega i vårt lands historie».

Før 1. verdskrig hadde den tyskfødde antropologen Franz Boas gjort viktige undersøkingar om forskjellar og likskapar mellom dei forskjellige folkeslaga som immigrerte til USA. Han hadde, mot si eiga overtyding, funne at det ikkje var noko grunnlag for at dei haldt på dei nasjonale trekka sine når dei kom til USA. Etter kort tid endra alle seg og blei «amerikanarar». Hovudkonklusjonen hans var at «i mangel på homogene ‘rasar’ som lett kunne skiljast ut, fall heile rasehierarkiet».[iv] Dette var eit kraftig slag mot rasisme. Boas syn var i ferd med å vinne fram innan vitskapelege krinsar i USA, men så kom verdskrigen og det blei piska opp eit veldige hatkampanjar mot tyskarar. Boas og hans folk blei sett til side og Madison Grant sine synspunkt sigra.

I dei første tiåra etter 1900 blei det skrive ei uhorveleg mengd bøker om sambandet mellom menneskeleg rasetypar og styrken og dugleiken, overlevingskrafta til verdas mektigaste folk, dei kvite europearane og deira etterkomarar. Og dette var ikkje nytt. I 1899 vart det i USA laga ei bibliografi over slik bøker som kom opp i over to tusen titlar. Grant samanfatta mykje av dette i boka The Passing of the Great Race frå 1916. Her la han fram dei herskande raseteoriane ut frå europeiske tilhøve, men gjekk lenger enn dei fleste. Han meinte for det første at rasane er innbyrdes heterogene med omsyn på ytre fysisk kjenneteikn. Sjølv bland kvite menneske fans det «underartar». Det var grunnleggande forskjellar mellom rasane og deira undertypar. Så påstod han at desse grunnleggande raseeigenskapane ikkje kunne endrast historisk. Boka blei motteken som ei milepåle i tillempinga av  vitskaplege idear på historia og sosialpolitikk.[v]

Madison Grant si bok kom ut i tysk utgåve i 1925. Same år skreiv ein «radikal» frå Austerrike, som nett hadde slept ut av fengselet, eit brev til Grant der han hylla boka som «min bibel». Han gav kort etter ut si eiga bok om verdas tilstand der han nett som Grant, sa at problema i Europa var raseproblem. Med tilvising til Grant og den nye immigrasjonslova i USA skreiv Hitler i Mein Kampf at «USA viste vegen til ein meir vaken, vitskapleg måte å bygge eit politisk fellesskap på. «Ein stat som i raseforgiftinga sin tidsalder tileignar seg verdas beste raseelement, må ein dag bli jordas herre.»

Den grunnleggande rasismen som har gjennomsyra og som framleis gjennomsyrar det amerikanske samfunnet var ein stor inspirasjon for Hitler og alle hans seinare følgjarar i Europa. For den leiande columbisk-rasistiske delen av det amerikanske samfunnet var det derfor heilt naturleg å ta over leiande nazistar frå Tyskland som dei hadde bruk for etter 2. verdskrig, mellom anna for å fortsette Hitler og Nazi-Tyskland sin kamp mot kommunistane og kommunismen (Hitler sin etterretnings-sjef, Gehlen, er eit eksempel).

Vi må alltid hugse på at jødane i seg sjølv berre var eit mål for Hitler fordi man erklærte at dei var det rasemessige grunnlaget for kommunismen (og for den delen av finanskapitalen som kjempa mot nazistane). Jødane i Tyskland var ikkje nokon fare for landet. Men Hitler fann ei svak gruppe (jødane) som syndebukk for å kunne angripe ei sterk gruppe (kommunistane og det kommunist-leia Sovjet-Unionen) på kamuflert vis. Vi må og hugse på at nazistane også såg på slavarane, eller folka i Sovjet og nærleiken som undermenneske. For den leiande columbisk-rasistiske delen av det amerikanske samfunnet har det derfor heller ikkje vore nokon big deal å bygge opp nazistiske organisasjonar i land der det tener amerikanske aggressive interesser, som i Ukraina. Det begynte i røynda like etter 2. verdskrigen. I seinare tid vart nazismen «slept laus» att frå 2007 fram til 2010. Vi kjem tilbake til det. Så kom ein periode der den nazistiske retninga særleg vaks som motstandsrørsle mot eit statsstyre som ville ha eit uavhenging Ukraina med band både til aust og vest, og med vekt på å bygge eit best mogleg land for folket der. I åra 2014-2022 har nazismen vaksa svært mykje i Ukraina og USA og NATO har hatt godt samkvem med nazistane der. Men dei må sjølvsagt nekte for det, fordi det set lyset på deira aggressive side som dei vil skjule for alt verda. Berre tenk på Assange.

Elles kan det passe å nemne alt her at Hitlers propagandaminister, Paul Joseph Göbbels, også hadde nokre amerikanar som sine store læremeistrar i korleis ein skal forføre folk. Eg kjem tilbake til det.

Ein omfattande valdskultur

Til slutt må eg nemne det valdelege preget frå det som er kalla cowboy-tida, då dei som dreiv med kvegflokkar kom i motseiing til dei som ville dyrke jorda og gjerde ho inn. I mi ungdomstid, på 1950-talet, var bøker frå denne tida noko vi las mange av også i Norge. Eg er sjølv sikker på at eg las fleire hundre av dei frå eg var 13 til 16 år. Dette har ført til ei valdsdyrking i USA og andre stader der den amerikanske kulturen har vunne fram, og til ei dyrking av eineståande valdelege heltar som etter kvart har spegla seg mykje i populærkulturen, både gjennom bøker og kanskje spesielt filmar. Heile den «kvite» vera blei påverka av dette, og blir det framleis. I alle desse kulturformene var sterkt prega av vonde, gruelege skurkar og gode, snille heltar. Og om heltane var svært brutale, så var dei «gode på botnen». Dette er og eit grunnleggande trekk i heile den amerikanske ideologien og utanrikspolitikken. Det er lett å bli smitta av dette for folk som heile livet har blitt eksponert for denne tenkemåten gjennom store massemedia og filmar som «heile verda» har digga. I motsetnad til dette finn vi fredsarbeidet til Kina som blei tydeleg uttrykt under ein konferanse der i 2019.

Det tyder at eit grunnleggande trekk i USA er valdsdyrking som har blitt samanfatta i ordtaket «Det enklaste er pistol». Epidemien av «masseskytingar» og andre typar valdelege drap i USA, er eit indre teikn på denne kulturen.

Alt dette står i sterk motsetnad til den overbygninga som blei skapt då USA reiv seg laus frå det engelske imperiet og skreiv sitt utsegn om alle menneske sine rettar og om demokrati.

Det tyder at eit grunnleggande trekk i USA  er ein spagat mellom ideala om fridom, menneskerettar og demokrati og dei gruelege, aggressive realitetane som er undertrykt og aldri tatt opp til skikkeleg vurdering og derfor er eit grunnleggande trekk også ved USA sin utanrikspolitikk.

Geo-imperialismen

Det andre utgangspunktet er at USA frå 1776 har vore i aggresjonskrig med andre statar i alle sine år med unntak for nokre få. England (det er berre 20 statar i verda England ikkje har kriga mot) og USA har vore dei mest aggressive statane i verda, og etter 2. verdskrigen har USA leia an.

Det tredje utgangspunktet er dei geo-politiske teoriane som har summert opp denne aggressive framferda både til USA  og England. Det er i hovudsak to teoriar som peikar seg ut. Den eine er knytt til geo-imperialisten, admiral Alfred Thayer Mahan som gav ut to viktige bøker i 1890 og 1892 som fleire leiande personar i USA fremma på 1880 og 90-talet. Den andre er Halford Mackinder som var britisk geograf og direktør for London School of Economics and Political Science som skreiv ein særs viktig artikkel, The Geographical Pivot of History i 1904. Dessutan må vi ta med ei omforming av Mackinder sine teoriar som blei gjort av geo-imperialisten Nicolas J. Spykmans. Seinare har etterkrigstidas viktigaste geo-imperialist, Zbigniew Brzezinski,[vi] og andre brukt og tilpassa teoriane til dei som kom før han på «skapande vis». 

Historisk bakgrunn for den amerikanske aggresjonens ideologi

Før eg tar til med detaljane her vil eg understreke at dei geo-politiske strategane eg går inn på ikkje tok teoriane sine ned frå himmelen. Dei uttrykte berre dei grunnleggande behova til dei herskande klassane i landa sine. Vi skal også sjå nokre klare teikn på korleis det gjekk for seg. Så skal vi ta eit lite historisk tilbakeblikk.

Under Jacob I (1603-1625) då England hadde begynt på arbeidet med å skape seg eit oversjøisk imperium, skjedde det ei endring i den engelske oppfatninga av si rolle i verda. Då blei det utvikla ein imperie-ideologi og engelskmennene begynt å oppfatte seg som det nye utvalde folket i verda. Dei brukte Bibelen som grunnlag. I Salmenes bok 72.8 fann dei «Og han skal herske fra hav til hav og fra elven inntil jordas ender». Amerika såg dei på som det nye Kanaan og dei fann grunnlaget i Mosebok 1.28 og 3.23. Her heiter det først at «din ætt skal bli som støvet på jorden, og du skal utbrede deg  mot vest og mot øst og mot nord og mot syd, og i deg og din ætt skal alle jordens slekter velsignes». Og så heiter det at «når dere kommer inn i et land som jeg vil gi dere og dere høster dets grøde, da skal dere komme til presten med det første kornbånd av høsten deres» og om fasten seier han at «enhver som ikke faster på denne dag skal utryddes av sitt folk». (Sitert frå husets gamle bibelutgåve frå 1947.)[vii]

I England var det og ei stor religiøs vekking midt på 1700-tallet leia av metodistane John Wesley og George Whitefield som var store folketalarar. Det førde også til noko som er kalla ein eskatologisk-kiliastisk rørsle i New England der Pilgrim Fathers hadde slått seg ned der. Denne rørsla gjekk kort sagt ut på at settlar-amerikanarane hadde ein misjon i verda. Dei skulle skape eit kristent tusenårsrike. Det skulle begynne i USA og til slutt skulle det omfatte heile verda. Desse to ideologiske momenta blei prega inn i amerikanarane frå dei begynte folkemordet på indianarane.

Dette er ei haldning som seinare har prega heile USA sin utanrikspolitikk. Det utvalde landet som skal sørge for at verda blir driven slik USA ønskjer (og tilfeldigvis til beste for USA). Den store aggressoren og slavehaldaren, tredje president i USA, Thomas Jefferson[viii] skreiv i boka Empire of Liberty at USA hadde eit historisk oppdrag, å gjere heile verda safe for democracy. Så det programmet som dei framleis arbeider etter vart skrive alt då. Men skjult under desse fine orda ligg altså heilt frå starten aggresjon, folkemord, utbytting og slaveri.

Jefferson si haldninga er seinare nedfelt i det som er kalla Manifest Destiny (Den klåre lagnaden). Desse tankane blei utvikla frå ein artikkel i bladet The United States Magazine and Democratic Review i 1845 og blei definert som at det var USA sin lagnad å overta heile det amerikanske kontinentet og gjere det stadig betre for dei stadig fleire millionar innvandrarar som kom. Seinare har det blitt overførd på heile verda. Dette er noko som kan samanfattast som den vestlege verda og USA sin universalisme. Det vil seie at dei har tatt på seg å få heile verda til å underlegge seg deira oppfatningar og ordningar. Sentralt står demokrati og fridom der aggresjon, folkemord, utbytting osb. ligg skjult under.

I boka si Det internasjonale gjennombruddet frå 2016 fortel Terje Tvedt om då utanriksminister Børge Brende tala for fullsett frukostsal for Civita den 21. juni 2016. Tvedt merka seg då at Brende sa at dei verdiane som ligg fast og ligg bak Norge sin utanrikspolitikk ikkje var våre vestlege verdiar, men universelle verdiar.[ix] For Tvedt var det sjølvsagt underleg at ikkje noko av deltakarane der, med mykje erfaring frå arbeid over heile verda, sa Brende imot. Dette hadde vorte eit dogme som ikkje måtte utfordrast.

Kor tok Brende dette frå. Som utanriksminister i USA sin vasallstat Norge, tok han det sjølvsagt frå vasallane sin «konge» eller «keisar», USA. Dette er jo nett ein del det av grunnlaget i den amerikanske «eksepsjonalismen», deira unnataks-stilling i verda, som er at USA står for universelle verdiar som skal spreiast til heile verda. Verdiar som skjuler den underliggande aggresjonen og som tilfeldigvis til beste for herskarane i USA sjølve.

Som vi veit er dette den viktigaste ideologiske innpakninga av og reklamen for USA sine aggresjonshandlingar i nyare tid, som også Norge og Børge Brende har vore (og er) ein del av. William Blum har samanfatta det godt i boka si America’s Deadliest Export – Democracy frå 2014.


[i] Her har eg støtta meg mykje på Domenico Losurdo Contre-historie du Liberalisme, italiensk utgåve 2006, engelsk i 2011 og fransk i 2013 og 2014

[ii] Nemnde verk, side 700.

[iii] Sjå Charles King Den övre luftens gudar – Hur en grupp nytänkande antropologar förändrade vår syn på ras och kön, 2022 på Daidalos forlag, side 146. Amerikansk utgåve 2019 med tittelen Gods of the Upper Air: How a Circle of Renegade Antropologists Reinvented Race, Sex and Gender in the Twentieth Century.

[iv] Same verk, side 131.

[v] Same verk, side 119-120.

[vi] For Brzezinski sjå også Justin Vaïsse Zbigniew Brzeinski – Stratège de l’empire, 2016, ein omfattande (og mest rosande) biografi på 420 sider. Her er og fleire bilete av Brzezinski med kjende personar frå heile verda, Kissinger, Lyndon Baines Johnson, Hubert Humprey, president Carter, Menahem Begin (dei spelar sjakk saman) Deng Xiaoping, pave Jean-Paul II, Ronald Reagan, Georg H. W. Bush, Lech Walesa og Barak Obama (under eit møte i Situation Room i Det kvite hus der dei diskuterte situasjonen i Midt-Austen. Men den viktigaste personen i livet hans, som var den som fekk han fram i verda var David Rockefeller. Rockefeller skjønte at finansaristokratiet i USA her hadde ein utmerka talsperson. Elles er det eit bilete av at familien Brzezinske går delar av ruta til den kinesiske 8. rute armé sin lange marsj. I de heile var Brzezinski heile livet prega av ei svært fiendtleg haldning til Sovjet og Russland og ei mykje venlegare haldning til Kina. Det speglar instillinga til finansoligarkiet i USA fram til for ikkje så mange år siden, og kanskje litt enno.

[vii] Opplysningane her er frå professor emeritus i nyare historie ved Universitetet i Freiburg, Wolfgang Reinhard si bok Die Unterwerfung der Welt – Globalgeschichte der Europäischen Expansion 1415 – 2015, 2016 – nytt utvida opplag 2018, fjerde opplag, side 505. Side 501 til side 545 handlar om britane si erobring av Nord-Amerika.

[viii] https://en.wikipedia.org/wiki/Thomas_Jefferson

[ix] Terje Tvedt Det internasjonale gjennombruddet, 2018, side 83-85.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.