Ønskjer du krig eller fred i verda?

Hendingar som har prega livet mitt og alle andre sitt

Eg blei fødd 8. mai 1942  – eit skjelsetjande år i verdshistoria som på ein eller annan måte har definert livet mitt og livet til alle menneske på jorda. Som de veit var vi då vel 2 år inne i verdskrigen og i dette året begynte Nazi-Tyskland å tape for Sovjet. Det blei avgjerande for livet mitt og ditt. Under krigen hadde utvikling av nye våpen høg prioritet. Antitankvåpenet bazooka blei utvikla og testa for første gong i mai 1942. Eg skaut med det under eit kurs på sjøforsvarets jegerskole i 1963. Napalm blei ferdig utvikla same år. Verknadene fekk vi sjå under Vietnamkrigen på 1960- og 70-talet. Julaftan 1942 blei dei første bakke-til-bakkerakettane skotne opp frå Peenemunde av den tyske ingeniøren Werner von Braun og masseproduksjon av IL-Stormovik stupbombefly, teikna av Sergei Vladimirovitsj Ilyushin, blei sett i gong.

Ein annan type øydeleggingsvåpen, som er mindre kjent, ble også utvikla i 1942 då den engelske regjeringa oppretta Porton Down, eit forskingssenter som skulle undersøke og utvikle nye våpen, mellom anna biologiske. Forskarane der fann så ein metode for å utvikle og spreie den daudelege sjukdommen miltbrann som dei testa det på sauer på Guinard-øya same år. Våpenet var daudeleg effektivt. Verknaden varte så  lenge at øya var forbode område i 40 år etter forsøket. Desse våpena var ille nok, men det var eit anna som sette eit verkeleg skilje i verdshistoria.

1942 eit skilje i verdshistoria – atombomba

Forskingsgruppa, The Manhattan Project, som skapte den første atombomba, blei oppretta i 1942 i New Mexico, i bygningane til ein privat guteskule nær Santa Fe, Los Alamos Ranch School. Resultatet av arbeidet til denne gruppa, var at dei den 16. juli 1945 kunne sprenge ei testbombe nær Alamogordo i New Mexico. Robert Oppenheimer, som leia gruppa, kalla staden for ”Trinity”, dvs. Gud med sine tre representasjonar; den heilage anden, den personlege Gud og Jesus. Han hadde komme til å tenkje på ei linje i det indiske diktet Baghavad Gita då han såg eldkula i samband med eksplosjonen. Guden Vishnu prøver å overtale prinsen til å gjere si plikt. For å gjere inntrykk på han omformar Vishnu seg til si form-med-mange-våpen og seier ”No er eg blitt til dauden, den som øydelegg verder”. Dette var eit grunnleggande faktum i heile oppveksten min – og slik er det for oss alle framleis.

Då USA slepte to atombomber over Hiroshima og Nagasaki den 6. og 9. august 1945, fekk vi eit kraftig varsel. Vi visste det ikkje då, men etter kvart gjekk det opp for alle at menneska for første gong hadde funne opp ei innretning som kunne utslette dei sjølv. Det var eit historisk vendepunkt med mest ufatteleg verknad. Og det har prega livet mitt og livet til alle på jorda sidan.

Utover på 1950-talet dreiv i USA og Sovjet med stadige prøvesprengingar for å utvikle atombomba meir. Det kom radioaktivt nedfall rett som det var over Bergen og vi fekk beskjed om å halde vindauga lukka. Det hjelpte ikkje for alle.

Dramatiske følgjer

Mor mi, som jobba i slaktarbutikk rundt 1960, blei overeksponert for radioaktivitet og døyde av blodkreft etter eit kort sjukeleie i 1961, berre 44 år gamal. To av venninnene hennar, som hadde same type arbeid, fekk same lagnad.

Denne samanhengen gjekk ikkje opp for meg før seinare då eg las om Linus Pauling og kampen for å få stansa prøvesprengingane. Då fekk eg vite at mange tusen menneske over heile verden døyde på same måten i disse åra. Men eg slutta å drikke mjølk på den tida fordi vi fekk åtvaringar om at mjølka kunne vere radioaktiv. Eg drakk ikkje mjølk att før eg hadde passert 60 år.

USA/NATO førebur seg no på å bruke atombomber att sjølv om dei ikkje blir angripen med same våpen. Og dei største partia i Norge vil ikkje seie nei til bruk av slike våpen. Sjå ei av lenkjene til slutt i denne teksten.

Krig i verda i den columbiske epoken?

Viss du ønskjer fred er du på parti med rundt 95 prosent av menneska i verda, slik mange undersøkingar viser. Likevel fortsett krigane, med alle dei fryktelege hendingane som følgjer med og faren for nye storkrigar er ikkje over.

I 1904 kalla Den store geografen Halford Mackinder epoken frå 1492 og frametter for den columbiske epoken. Sjølv meiner eg at dette omgrepet er naudsynt for å forstå utviklinga i verda sidan Columbus’ tid og dei krigane som har funne stad. Meir om dette under ei av lenkjene under denne teksten, men eg skal gi nokre hovudpunkt her.

Eg delar den columbiske epoken i tre. Første fase er fram til rundt 1900, då den gamle imperialismen dominerte. Han var prega av røveri, folkemord og kolonivelde. Neste fase går frå 1900 til rundt 1960. Det er fasen med kapitalistisk imperialisme der monopolkapital og finansoligarki er blitt økonomisk og politisk dominerande etter at oppdelinga av verda mellom dei columbiske statane i det store og heile var ferdig. Samstundes klarte Sovjet-Unionen å bryte ut av det columbiske hegemoniet og Kina med andre følgde seinare.

Den ferdige oppdelinga av verda førte med seg at nyoppdeling stort sett måtte gå føre seg gjennom krigar. Både første og andre verdskrigen hadde dette som eit vesentleg grunnlag. Dessutan reiv nokre land og område seg ut av den columbiske sfæren. Slik verksemd førte mest alltid til krigar fordi dei gamle columbiarane ikkje ville gi slipp på «sitt».

Tyskland si rolle

På 1900-talet gjorde overklassen i Tyskland tre forsøk på nyoppdeling. Det første forsøket var retta mot dei gamle columbiske maktene i aust og vest og førte til krig mot resten av columbiarane. Under det andre forsøket var det viktigaste målet til Hitler å legge Sovjetunionen under seg og gjere folket der til slavar for tyskarane. Eit angrep austover hadde ikkje dei columbiske maktene mot. Dei såg då føre seg at Sovjet-Unionen kunne blir lagt under Tyskland eller at begge landa blei så øydelagde at dei ikkje lenger var rivalar å rekne med. Pakta mellom Tyskland og Sovjetunionen utsette dette angrepet og Hitler gav ordre til åtak på Frankrike, England og andre land i Vest-Europa for ikkje å få ein tofrontskrig når han skulle ta Sovjet. Så kom angrepet på Sovjet, og hadde Tyskland klart å vinne krigen i Aust, så er det ikkje usannsynleg at det ville ha blitt ei form for avtale mellom Tyskland og dei andre columbiske statane. Men då Sovjet etter kvart såg ut til å sigre måtte dei columbiske statane skjerpe seg for å sikre at ikkje Sovjetunionen tok heile Tyskland. Det ville ha skipla maktbalansen i Europa og verda i høg grad.

Den tyske overklassen sitt siste forsøk har vore meir fredeleg gjennom utviklinga av Europaunionen. Her har dei hatt delvis suksess ettersom ulikskapane og fattigdomen har auka i store delar av området. Elles var denne fasen prega av at USA vaks fram som den største og mektigaste av dei columbiske maktene.

Columbismen etter 1960

Denne siste fasen fortsett enno, men frå 1949 og frametter kjempa mange tidlegare koloniar til seg retten til å konstituere seg som statar med sitt eige politiske system. Dei columbiske statane sette då i gong ei heil rekkje tiltak kalla nykolonialisme som gjorde at dei i røynda framleis hadde kontrollen over dei fleste av dei gamle koloniane sine. Alle som prøvde og har prøvd å bryte ut av det columbiske hegemoniet har blitt møtte med alle slags motstand frå krigar til boikott, sanksjonar, undergraving, osb. Først var påskottet kampen mot kommunisme. Seinare har dei brukt kampen mot terrorisme og for fri marknad, demokrati, menneskerettar, kvinnefrigjering, mot diktatur og hindringar av «den frie konkurransen» osb. Dette har vore hovuddrivkrafta bak krigane frå 1950-talet og frametter. Vi kan nemne Korea og Vietnam. Etter 1990 blei USA den einaste supermakta og dei vart svært ekspansjonistisk og krigersk. Irak og Libya er gruelege eksempel. Særleg skarpt står no motseiinga i Syria.

Slutten på den columbiske tida

Vi er no inne i fasen med avvikling av columbismen. Dei nord-atlantiske statane er i ferd med å miste hegemoniet i verda ettersom dei «austlege» statane, med Kina i spissen, veks svært fort i økonomi og makt. Dette skapar ein særleg farleg situasjon.

Statar som Russland og Kina i det store held seg til statsretten og seier at statane sjølv har rett til å styre seg utan utanlandsk innblanding, samstundes som særleg Kina ikkje bruker militære middel for å spreie makta si, men økonomiske middel. Russland og Kina sitt klare politiske mål er fredeleg samarbeid og samkvem både med columbiske og andre land.

Men dei gamle columbiske statane, med USA i spissen kjempar desperat for å halde på herredømet sitt og dei brukar alle middel, medrekna mange krigar. No har USA peika på Kina som ein hovudfiende og svartmaling av Kina og Russland blir stadig meir utprega. Slik prøver dei å førebu sine undersåttar på ein krig mot desse landa.

Kven trugar med krig?

Derfor er det viktig å vite at det er dei columbiske landa med USA i spissen som no trugar oss med store krigar på det eurasiske kontinent. Hugs at begge dei to tidlegare verdskrigane førte til store framgangar for USA. Russland og Kina er ikkje fiendar som vil gå til åtak på oss. Men USA kan provosere fram ein krig der Norge vil bli ei sone som står i fare for å bli øydelagd dersom vi blir oppfatta som ein vasall og alliert med dette landet. Det er særs viktig å skape ei antikrigsrørsle for å hindre ei slik utvikling.

Då eg fylte tre år den 8. mai 1945 tok verdskrigen slutt i «vest» og eg vart eit fredsbarn. Det er noko som er verd å følgje opp. Denne utstillinga dreier seg om det. Vil du vite meir kan du skrive lenkjene under her inn i weblesaren din og gå vidare derifrå.

Sjå: https://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/USA%20farligste.html

Sjå: https://www.tvalen.no/2019/07/04/usa-sitt-folkemord-pa-filippinane-rundt-1900/

Sjå: https://www.tvalen.no/2020/06/12/rasismen-ei-ytring-av-columbismen/

Sjå: http://marxisme.no/blir-det-en-ny-storkrig/