Åtaka på Cyril Ramaphosa

Den 16. august hadde Klassekampen plutseleg ein to siders artikkel av tidlegare leiar av Rødt i Oslo, Andreas Liebe Delset, med skarp kritikk av president Cyril Ramaphosa i Sør-Afrika. Ramaphosa har nok mange svin på skogen som det heiter, han har svinga seg opp i overklassen og har mykje av ansvaret for den harde utbytting av arbeidarane i landet. Men kvifor kjem denne kritikken frå den tidlegare Rødt-leiaren no? Det er trass alt ti år sidan massakren i Marikana som er hovudinnhaldet i artikkelen, og dei andre kritiske momenta som blei nemnd har vore vel kjend lenge for dei som kjenner historia. Dessutan får ikkje forfattaren med seg den siste utviklinga i Sør-Afrika der det i sommar har vore reist mistillit mot Ramaphosa i nasjonalforsamlinga, utan at det har blitt fleirtal for det.

Grunnen til at det kjem kritikk mot Ramphosa i huvudstraumspressa er ikkje tilfeldig. Han har stilt seg nøytral i konflikten mellom Ukraina og Russland, nekta å vere med på sanksjonar og leia arbeidet med sterkare økonomisk samarbeid med Russland og med fleire land i Afrika. Dessutan er han ein av dei skarpaste kritikarane av USA si rolle Ukraina.  Han har også ei leiande rolle i Southern African Development Community (SADC) der 16 statar: Angola, Botswana, Comoros, Den Democratiske Republikken Congo, eSwatini, Lesotho, Madagaskar, Malawi, Mauritius, Mozambique, Namibia, Seychelles, South Africa, United Republic of Tanzania, Zambia and Zimbabwe, er medlemmer. Dei jobbar for tettare samarbeid mellom desse statane for å styrke sjølvråderetten deira og betre folka sin liv i landa. Organisasjonen hadde nett sitt førtiandre toppmøte i Kinshasa i Den demokratiske republikken Congo.

Alt dette er mot USA sin interesser i Afrika og internasjonalt. Som Ramaphosa seier har dei vore utsett for press frå USA for å vere med på sanksjonane mot Russland. Men det, meiner Ramaphosa, er ikkje i Sør-Afrikas interesse. Ein av leiarane i opposisjonen mot Ramaphosa er John Steenhuisen som leier partiet Den demokratiske allianse. Han jobbar for at Sør-Afrika skal støtte Ukraina i konflikten med Russland, noko han er blitt sterkt kritisert for av mange. Han har også gått i spissen for mistillitsforslaga mot Ramaphosa. Så dette dreier eigentleg om å få til et regimeskifte for å få lagd om heile Sør-Afrika sin utanrikspolitikk og for å få landet til å støtte USA/Zelenski i konflikten med Russland.

Dette er grunnen til aksjonane mot Ramaphosa nå, ikkje alt det andre som blir kasta opp mot han. Fordi den tidlegare Raudt-leiaren i Oslo og Klassekampen sin redaksjon ikkje har noko grep om hovudlinjene i utviklinga i verda no og ikkje har kunnskap om den internasjonale bakgrunnen for dei sakene som kjem flytande gjennom hovudstraumsmedia, er dei blitt eit haleheng til USA-imperialistane også i denne saka.

Terje Valen, torsdag 18. august 2022.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.