Klassekampen, Borgersrud, putinismen og Ukraina

Den 28. september skreiv eg ein artikkel til Klassekampen på 3000 tegn (med mellomrom) som siteres under her, med ei utfordring til avisa. Artikkelen er ikkje tatt inn. Den sammanfattar fleire av dei vesentlege momenta som manglar i Klassekampens, SVs, Rødts, hele NATO-alliansens og alle andre Zelenski-tilhengarars «analyser» av det som skjer i Ukraina.

I det siste har også folk som kaller seg radikale slutta seg til ei retning som er døpt «putinismen». Historikeren Lars Borgersrud har nett halde eit omfattende foredrag i Bergen der han beskriv denne retninga ukritisk og sluttar seg til ho. Innholdet i foredraget hans er uvesentlig fordi det manglar dei vesentlege studia som trengs for å forstå situasjonen i Ukraina og som min artikkel peiker på i forhold til Klassekampen.

Grunnlaget for omgrepet «putinisme», slik det har vore brukt sida, blei skapt av ein amerikansk tenketank i 2008. Etter «russiagate» og den enorme demoniseringa av Russland og Putin som dette førte til i USA og blant vasallene kom det ein flom med bøker om «putinisme». Det var det viktigaste momentet i Det demokratiske partiet i USA sin kamp mot Trump. Han hadde nemlig både i valkampen i begynnelsen av presidentperioden sin som program å bygge eit fredelig forhold til Russland.

Innhaldet i omgrepet blei også analysert av framtredande medievitarar i 2019 og karakterisert som «ein antikommunistisk, borgerlig ideologi». Dette er svært lett å sjå for dei som virkelig leser Putins og untenriksminister Lavrovs talar der dei forklarar Russlands politikk. Ikkje så mange leser desse fordi det imperialistiske USA-NATO-EU-systemet i utgangspunktet har definert Russland som FIENDEN og gjer alt dei kan for å hindre at folk søker fakta på dette området. «Putinismen» er ein viktig del av USAs propagandakrig mot Russland.

Til Klassekampen skreiv eg:

Hei!.
Her er en utfordring til Klassekampen og avisas journalistikk i forhold til det som skjer i Ukraina og virkningene av det ellers i verden. Jeg tester med dette blant annet avisens holdning til trykkefriheten. Jeg var med å arbeide fram avisen som et organ for radikal politikk i Norge, hadde i sin tid 100 aksjer der, skrev min første artikkel der om Thrane-bevegelsen allerede i 1979 og har gjennom noen tiår skrevet flere dusin artikler for avisen. Jeg mener at avisens utenriksdekning i anledning Ukraina har vært en katastrofe som vil slå kraftig tilbake etter hvert som USA sin krigspropaganda blir mer og mer avslørt. Her er beskrevet noen av de manglene jeg mener deres journalistikk har hatt på dette feltet.

Vennlig hilsen,

Terje Valen.

Her er artikkelen:

Klassekampen og Ukraina

Klassekampens reaksjon har vald side i Ukraina-konflikten. Eg meiner valet byggjer på journalistiske veikskapar i utanriksdekninga. Her er innspel om veikskapane.

Avisa tar ikkje opp:

  1. At USA sin offentlege strategi sidan 1991 har vore å bli eineherskar på jorda. Det skal dei nå gjennom kontroll over det eurasiske kontinent. Noko som krev regimeendring i Russland. Ukraina er ein nøkkelen for å klare det. Difor utviding av NATO/EU mot grensa til Russland og nokre hundre militære basar nær Russland. Difor regimeendring i Ukraina i 2014, åtte års krig i aust og oppbygging av ein hær på NATO-mal som auka frå 6000 mann i 2014 til 1,5 millionar i 2022.
  2. At planen om NATO-medlemskap i Ukraina og erobring av Krim og ein NATO-base der blei oppfatta som eit avgjerande skritt i USA sin erobrings-strategi mot Russland.
  3. At Russland har ønska samarbeid med resten av Europa og eit nøytralt Ukraina som ikkje er ein reiskap for USA sine mål.
  4. Utviklinga i Ukraina, særleg etter det USA-vennlege kuppet alt i 2004, med nyliberalisme og den nye oppbygginga av nazi-organisasjonar frå 2007.
  5. Den svære maktendringa i verda der Søraust-Asia, med Kina i sentrum, har blitt leiande økonomisk. Russland vender seg mot Kina og dette kraftsenteret.
  6. At Russland aukar det økonomiske og politiske samkvemmet med alle land utanfor USA si næraste interessesfære. Vi får viktige økonomisk konferansar i St. Petersburg, Vladivostok og Samarkand. Straks møter Russland heile Den afrikanske union (som Gadaffi oppretta) der alle dei afrikanske landa er medlemmer.
  7. At USA sine sanksjonar, som tyner heile verda og svekker industrien i Europa, isolerer og svekker USA økonomisk.
  8. At den alliansefrie rørsla, som USA og Vesten kvelte på 1960-70- og 80-talet, styrkar seg att. Møtet i Havanna i 2006 var eit vendepunkt og møtet av 105 land i Beograd i fjor haust, der Russland og Kina var positive observatørar, var ein maktdemonstrasjon. Dei vedtok motstand mot USA si unipolare verd og for ei multipolar verd og attreising av FN-pakta der FN er statane sin organisasjon i staden for å bli drive av diktat frå USA og vestlege finansoligarkar. Putin og Xi følgde det opp under vinterolympiaden og Lavrov sin siste tale til hovudforsamlinga i FN har same innhald. Rundt 150 land støtter denne politikken og vil ikkje sanksjonere Russland.

Eg meiner difor at avisa ikkje utviklar eigne oppfatningar av krisen i Ukraina, men sluttar seg til den løgnaktige krigspropagandaen frå angloamerikanske og «kvite» media styrt av dei største finansoligarkane i verda og regjeringar som representerer dei og som formar folkeopinionen ut frå eigne profittbehov og geo-imperialistiske behov. Det er slik den herskande imperieklassen sine idear blir dei herskande ideane. Klassekampen blir ein reiskap for USA sin krigspolitikk som aukar faren for storkrig og verdskrig i staden for å fremme ein fredspolitikk i Ukraina og andre stader.

Denne merknaden gjelder også for Lars Borgersruds foredrag. Det er fullt (overfyllt) av kunnskap og saker som stort sett er mindre vesentlige for å forstå det som skjer i Ukraina og det vitner om kunnskapsløshet på områder som er vesentlig for å forstå dette. Kunnskapen er erstattet med amerikansk krigspropaganda.

Terje Valen, 28.09.22.

Eg har noke artiklar som har med dei momenta som er sett opp ovanfor.

Terje Valen, 17.10.22.