Kommunisme i kvardagen – Marx om kommunismens første fase

Eg fortsett med kampanjen min for opplyse kva Marx skreiv om kommunisme og notata mine om kommunisme i  kvardagen. Her trekk eg ut hovudpunkta i Marx sin Uttale om Borgarkrigen i Frankrike frå Internasjonalen sitt generalråd 12. juni 1871. Den var eit resultat av arbeidet i høve konferansen til Den internasjonale arbeiderassosiasjonen i London 17.-23 september der Marx og Engels leidde førebuingane og gjennomføringa.

Her kjem ei samanfatting av dei viktigaste vedtaka til kommunen. Det er vedtak av kommunistiske moment som kjenneteikna første tida i eit første forsøk på overgang frå kapitalisme til det nye samfunnet.

Eg skal ikkje her skrive så mykje om heilskapen i Pariskommunen. Dei som vil sette seg inn i dette kan lese Borgarkrigen i Frankrike. Grunnlaget for det heile var at dei borgarlege styringsorgana var fjerna med makt, men relativt lite vald, fordi mykje væpna folk gjekk over på opprørarane si side. Så sette arbeidaren si nye politiske leiing i gang med å organisere den nye staten sin, sitt demokratiske diktatur over borgarskapet og deira allierte. Kva la dei vekt på? Eg siterer frå Marx  og Internasjonalen sin tekst. (Det finnast og to tidlegare utkast som blei handsama av kongressen og som inneheld fleire detaljar om dei sakene som bli tatt opp her.)

«Det første lovvedtaket til kommunen (Pariskommunen 1871) var derfor å undertrykke den ståande hæren og erstatte han med det væpna folket.»

«Kommunen blei danna av dei representantane som blei vald gjennom allmenn stemmerett i dei forskjellige områda i Paris. Dei var ansvarlege og kunne avsettast når som helst. Fleirtalet av dei var sjølvsagt arbeidarar eller godtekne representantar for arbeidarklassen.»

«Kommunen skulle ikkje vere ei parlamentarisk, men ei arbeidande forsamling, utøvande og lovgjevande på same tid.»

«Politiet, som til no hadde vore eit verktøy for statsregjeringa, blei straks fråtatt alle dei politiske eigenskapar og omdanna til eit ansvarleg verktøy for kommunen, og kunne avsettast når som helst.»

Slik var det og med funksjonærane i alle dei andre greinene av den offentlege administrasjonen.

«Frå medlemmene i kommunen og nedetter måtte den offentlege tenesta bli utført for arbeidarlønn. Dei tileigna rettane og representasjonspengane til dei som hadde høge statspostar forsvann med desse personane sjølve.»

«Dei offentleg kontora slutta med å vere privateigedommen til sentralregjeringa sine handlangarar.»

«Ikkje berre administrasjonen av byen, men heile det initiativet som til no hadde blitt utøvd av staten, blei no lagd i hendene på kommunen.»

«Då den ståande hæren og politiet, verktøya for den materielle makta til den gamle regjeringa, var fjerna, gjekk kommunen straks vidare for å bryte det åndelege undertrykkingsverktøyet, prestemakta; den bestemte oppløysing og oreigning av alle kyrkjer, så framt dei var eigande forsamlingar. —«

«Alle utdanningsinstitusjonar blei opna for gratis bruk og samstundes reinska frå all innblanding frå stat og kyrkje. Med det var ikkje berre skolegang blitt tilgjengeleg for alle, men også vitskapen sjølv blei fridd frå dei stengsla som klassefordelar og regjeringsmakt hadde pålagd han.»

«Tenestemenn innan rettsvesenet miste heile det tilsynelatande sjølvstendet sitt som berre hadde tent til å skjule underkastinga deira under dei ymse påfølgande regjeringane som dei hadde sverja truskap til ein etter ein for så å bryte eiden sin. Som alle andre offentlege tenarar skulle dei no vere valde, ansvarleg og avsetjelege.” (MEW, bind 17, side 338-339. Omsett av TV.)

Etter dette polemiserer Marx mot dei som såg på kommunen som noko som stod i motsetnad til ei sentralisert nasjonal regjering – men det går eg ikkje nærare inn på her. Og han viser korleis kommunen var i stand til å smi band til bøndene – men det går eg heller ikkje nærare inn på no. Eg skal berre avslutte med ein del fleire sitat om karakteren og tiltaka til kommunen.

”Då kommunen slik var den sanne representanten for alle dei sunne elementa i det franske samfunnet og i tillegg den verkeleg nasjonale regjeringa, så var han samstundes som arbeidarregjering, som dristig forkjempar for arbeidet si frigjering, internasjonal i heile tydinga av ordet.” (MEW, bind 17, side 346. Omsett av TV.)

”Dei store sosiale tiltaka til kommunen var hans eigen arbeidande eksistens. Dei særskilde tiltaka kunne berre gi vink om i kva for retning ei regjering av folket for folket gjekk. Mellom desse finn vi avskaffing av nattarbeidet til bakarlærlingane; forbod under trussel om straff mot den vanlege praksisen til arbeidsgjevarane med å presse lønna ned gjennom å gi pengebøtar til arbeidarane med all slags påskott – ei framferd der arbeidsgjevaren var både lovgjevar, dommar og den som eksekverte dommen og i tillegg tok pengane. Eit anna tiltak av same art var utlevering av alle stengde verkstader og fabrikkar til arbeidarorganisasjonar med atterhald om erstatning same om kapitalisten var flykta eller om han føretrakk å innstille arbeidet.” (MEW, bind 17, side 347. Omsett av TV.)

”Den endringa som kommunen hadde fått til i Paris var verkeleg vedunderleg. Ikkje noko spor meir etter det konkurrerande Paris til det andre keisardømmet. Paris var ikkje meir samleplassen for britiske grunneigarar, irske lordar i utlandet, tidlegare amerikanske slavehaldarar og oppkomlingar, tidlegare russiske godseigarar med liveigne og valakiske adelsmenn. Ikkje fleire lik på likhuset for uidentifiserte daude, ingen nattlege innbrot meir og mest ikkje nokre tjuveri; sidan februardagane i 1848 var Paris enno ein god trygg og de utan noko som helst politi.»

”Vi”, sa eit medlem av kommunen, ”vi høyrer nå ikkje meir om mord, ran og vald mot personar: det ser ut om politiet har slept med seg alle dei konservative vennene sine til Versailles”.

Luksushorene hadde igjen fått ferten av vernarane sine – dei flykta familiefedrane, religionen og framfor alt eigedommen. I staden for dei kom dei verkelege kvinnene i Paris opp til overflata igjen – heroiske, modige og oppofrande slik som kvinnene i antikken. Paris, arbeidande, tenkande, kjempande, blomande som strålte i begeistring over sitt historiske initiativ og som i førebuingane til eit nytt samfunn nesten hadde gløymd kannibalane som sto ved portane.” (MEW, bind 17, side 348-349. Omsett av TV.)

Dette var altså Marx si samanfatting av viktige trekk ved det første forsøket på å opprette kommunisme i moderne (dvs. kapitalistisk) tid. Som vi ser dreier det seg om kommunismen sin første fase, den som vi no ofte kallar for sosialisme.

Eg meiner at her framleis er mykje å lære.

Elles har eg samla meir om emnet kommunisme hos Marx her (manglar mykje, mellom anna frå Kapitalen): https://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Marx%20om%20kommunisme.htm

Terje Valen, 3.9.2018.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.