Kommunisme i kvardagen – Kommunistiske moment blant Bernie Sanders sosialdemokratar i USA

Klassekampen for 3.9.18 har ein artikkel med tittelen «Omfavner USA-opprører» der Eirik Grasaas-Stavenes har  møtt Alexandria Ocasio-Cortez, omtalt som «Demokratenes nye superstjerne». I intervjuet med henne får vi vite 3 saker som har med politisk program å gjøre. Ocasio-Cortez tar ikkje mot pengar frå økonomiske selskap, ho jobbar for statleg garantert helseforsikring for og alle amerikanarar og gratis høgare utdanning.

Når det gjeld offentleg garantert helseforsikring, så finne vi det som eit punkt i «Kritikk av Gothaprogrammet» der det  heiter at før det samla arbeidsproduktet kjem til fordeling til dei arbeidande individa, så må det settast av eit fond til dei som ikkje er i stand til å arbeidet. Dette gjeld jo alle typar støtte og trygder, men det er klart at den offentleg garanterte helseforsikring kjem under denne overskrifta.

Viss vi ser på dei 10 tiltaka frå Manifestet som Marx  meiner vil bli sett ut i livet under kommunismens første fase, så finn vi der som punkt 10 «offentleg og gratis oppseding av alle barn». Sett i lys av samfunnsutviklinga etter han er det rimeleg å regne alle både barn og unge inn under dette. Og oppseding går også på utdanning.

At Marx meinte at ikkje politikarane sine valkampar skal finansierast av kapitalistiske føretak gir seg sjølv.

Vi ser altså at Bernies folk i USA vil innføre nokre kommunistiske moment i kapitalismen som også vi krevje andre kommunistiske moment som progressive skattar til dømes.

Men no er sjølvsagt professor i økonomi, Paul Krugman, frå Princetonuniversitetet, som skriv fast i New York Times og Dag og Tid, mykje meir presis i omtalen sin av Bernie Sanders si politiske retning enn Grasaas-Stavenes. Krugman omtalar nemleg Bernie og hans følgjarar som sosialdemokratar.

Dette er rett fordi sosialdemokratane sitt politiske grunnlag er å få inn visse kommunistiske element i kapitalismen for å redde han som system. Desse elementa sikrar nemleg oppslutnaden om sosialdemokratiet frå arbeidsfolk. Når sosialdemokratiet fjernar kommunistiske moment, så misser dei oppslutnad,  folk ser i staden på dei som svikarar og blir sinte på dei –  og de med rette. For når dei fjernar dei kommunistiske elementa så viser dei at dei er meir opptatt av å få legitimitet hos storkapitalens representantar, enn hos arbeidsfolk flest. Det vesentlege ved sosialdemokratiet, at dei berre stør kommunistiske moment når kapitalen kan godta det, kjem opp i dagen.

Men samstundes er det i kampen mot storkapitalen og hans representantar og for dei kommunistiske momenta at arbeidarklassen kan sameine seg som klasse att.

Vi skal hugse at Barak Obama vart vald fordi han lovde mange kommunistiske moment til det amerikanske folket, mellom anna meir fred i verda, ei viktig prinsipiell sak som blei formulert av Marx og Engels under Den kommunistiske internasjonalen sin kongress i London i 1871, etter den Tysk-franske krigen og knusinga av Pariskommunen.

For at folk skal få tiltru til eit parti på sikt og i ei tid då kapitalen er i profittkrise i dei gamle imperialistlanda og deira følgjarar, er det viktig å vere klar på at kampen mot å fjerne kommunistiske moment og for om mogleg å innføre fleire slik under kapitalismen, ikkje skjer fordi vi vil redde kapitalismen. Vi går inn i desse kampane med tanken om at utvikling av kommunistiske ordningar er viktigare enn å  halde på kapitalismen, dersom han ikkje tillét dette.  Viss og når dette viser seg så går vi inn for å oppheve han slik at det arbeidande folket sjølv kan bli slept fri til å utvikle alle dei trekka Marx skriv om, som ein del av eit nytt samfunnssystem – kommunismen.

Elles merker vi oss at Grasaas-Stavenes ikkje har nemnd noko om utanrikspolitikk, dvs. ei amerikanske imperialismen. Det er og viktig for oss å vite noko om, no når både Bernie og Ocasio-Cortez har hylla krigshissaren McCain.

Terje Valen, 3.9.2018

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.