FpU og kommunisme i kvardagen

Litt ut på 1980-talet var eg i ein open debatt med Hagen på kjøpesenteret Oasen i Bergen. Då var sterke, reint liberalistiske krefter i Fremskrittspartiet, der Tor Mikkel Wara sto sentralt, på frammarsj i partiet. Min hovudbodskap i debatten var at liberalismen, med sin frie flyt av kapital, er daudeleg både når det gjeld velferd og kjærleik mellom folk.

 I begynninga var det stor applaus for Hagen, men etter kvart som eg dreiv på vendte det seg meir og meir andre vegen. Til slutt var det berre Hagen sine følgjarar på første benk som klappa for han, mens det store publikum bak var begynt å klappe for meg.

Hagen sansa dette frå mange hald og derfor blei det oppgjer med Wara-fløya i partiet. Med den reine liberalismen tar du bort alle kommunistiske element i eit program, og då vil du ikkje kunne vere populistiske lenger. Du vil ikkje kunne late som du støtter arbeidsfolk, mens du i røynda har ein grunnleggande politikk som er skadeleg for oss.

Fram for kapitalens fridommar – angrep på kommunistiske element

I dag ser vi i media at Fremskrittpartiets Ungdom grip attende til Wara sin resept. Etter å ha sagt at skattar og avgifter er noko som bør vekk og at staten sine oppgåver bør innskrenkast til eit lite minimum, lanserer FpU desse punkta sine for partiet:

Radikale grep for å få en «minimal stat»

For å nå målet om en «minimal stat» vil FpU privatisere en rekke sektorer:

  • Helsevesenet og eldreomsorgen
  • Folketrygden
  • Alt fra Statoil, NSB og Avinor til Statkraft, Statens vegvesen, Vinmonopolet og Lånekassen.
  • Universiteter og høyskoler.
  • Barnehager og skolefritidsordninger.
  • NRK
  • Alle offentlige kulturinstitusjoner: museer, teatre, operaen og kulturskoler.
  • Alle fengsler

I FpU-staten er det ikkje rom for korkje barnetrygd, statleg bistand eller subsidiar til ulike næringar.

Det som skjer er at FpU går til angrep på dei kommunistiske momenta i det norske systemet.

Marx sine forslag for kommunismens første fase

Kva er så dei kommunistiske momenta og svara, ut frå det Marx har skrive om kommunismens første fase i Det kommunistiske manifest?

  1. «Ekspropriasjon av grunneiendommen og bruk av grunnrenta til statsoppgaver.
  2. Sterkt progressive skatter.
  3. Avskaffing av arveretten.
  4. Konfiskeringa av eiendommen til alle emigranter og opprørere.
  5. Sentralisering av kreditten i statens hender gjennom nasjonalbank med statskapital og absolutt monopol.
  6. Sentralisering av transportvesenet i statens hender.
  7. Økning av de statlige fabrikkene og produksjonsredskapene, oppdyrking og forbedring av jorda etter en felles plan.
  8. Lik arbeidstvang for alle, oppretting av industrielle armeer, særlig for jordbruket.
  9. Forening av bedriftene innafor landbruk og industri, arbeid for gradvis å overvinne forskjellen mellom by og land.
  10. Offentlig og gratis oppdragelse av alle barn. Avskaffing av barnas fabrikkarbeid i sin nåværende form. Forening av oppdragelsen med den materielle produksjonen, osv.»[i][i]

Marx skriver mer om dette i sine Randbemerkninger til det tyske arbeiderpartis program. Jeg siterer også fra det. Utgangspunktet hans er det samfunnsmessige totalproduktet og fordelingen av dette.

«Fra dette (samfunnsmessige totalproduktet) må nå trekkes:

For det første: Dekning til å erstatte de oppbrukte produksjonsmidler.

For det annet: En ytterligere del til utvidelse av produksjonen.

For det tredje. Reserve- og forsikringsfond mot uhell, og forstyrrelser ved naturkatastrofer osv.

Disse fradrag fra ‘uavkortede arbeidsutbytte’ (=det samfunnsmessige totalproduktet) er en økonomisk nødvendighet, og deres størrelse blir å fastsette etter de forhåndenværende midler og krefter, til dels på grunnlag av sannsynlighetsberegning, men de kan ikke på noen måte beregnes ut fra rettferdighetsprinsippet.

Tilbake blir den del av totalproduktet, som er bestemt til å tjene som forbruksmidler.

Før dette kommer til individuell deling, går det atter vekk:

For det første: De alminnelige forvaltningsomkostninger som ikke hører med til produksjonen. Denne delen blir alt fra første stund begrenset i vesentlig grad, sammenlignet med nåværende samfunn, og vil avta i samme grad som det nye samfunn utvikles.

For det annet: Det som er bestemt til samfunnsmessig behovstilfredsstillelse som skoler, sunnhetsforanstaltninger osv. Denne delen vokser alt fra første stund i sammenlikning med det nåværende samfunn, og tiltar i samme grad som det nye samfunn utvikles.

For det tredje: Fonds for arbeidsudyktige osv., kort sagt til det som i dag hører inn under den offentlige fattigpleie

Først nå kommer vi til den … del av forbruksartiklene som fordeles blant de individuelle produsenter innenfor kooperativene.»

Desse skal så fordelast etter arbeidsinnsats.

Når det gjeld skattar og avgifter er det kommunistiske svaret at dei skal vere sterkt progressive slik at dei som har mest middel til det også skal bidra mest til fellesskapen. I tillegg skal grunnrenta frå olje og kraftproduksjon bli brukt til fellesoppgåver. Og fellesskapen skal disponere dei store formuane som i dag blir arva privat.

Når det gjeld helsevesen og skolar, og i dag kan vi føye til høgare utdanning, så skal det leggast opp eit felles fond til dette som blir trekt frå før arbeidsproduktet går til vidare fordeling.

Når det gjeld trygder så skal det og leggast opp til eit felles fond for dette.

Alt frå Statoil, NSB og Avinor til Statkraft, Statens vegvesen, Vinmonopolet og Lånekassen skal vere under fellesskapen og andre foretak som i dag er privatisert, konkurranseutsett og/eller driven etter kapitalistiske prinsipp, skal inn under fellesskapen att.

For fellesskapen skal den valde nasjonalforsamlinga bestemme etter breie diskusjonar i heile folket etter same mønster som under budsjettdiskusjonar. Marx skreiv mykje om dette d å han oppsummerte lærdommane frå Pariskommunen i 1871. Her er ein tekst som eg skreiv for meir enn 20 år sidan, som seier litt om dette http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/kombuds3.htm

Dette er tiltak som vil tene arbeidarklassen. Parti som vil tene denne klassen bør fremme slike krav.

Terje Valen, 9. september 2018.

Kommunisme kvardagen – Kvifor veks vänsterpartiet i Sverige

Mari Eifring skriv ein opplysande artikkel om utviklinga av Vänsterpartiet i Klassekampen 4.9.18. Her viser ho til dei sentrale politiske momenta som dei held fram som forklaring på veksten. Det er jämlikhet (likhet/likestilling), kamp mot kommersialisering av velferdssektoren, rimelege husleiger, løn og pensjonar å leve av og eit velferdssystem som funger for alle.

Viss vi ser tilbake på kva som skaffa Det norske arbeidarpartiet tilslutnad frå arbeidsfolk etter krigen 1940-45 så var det:

– arbeid til alle
– ei lønn å leve av
– rimelig og bra bustad for dei mange
– sosial tryggleik under sjukdom, alderdom og elles
– folkebarnehage for alle og kunnskap til alle i einskapsskulen
– levelige kår for bønder og andre i distriktsnorge
– fred og tryggleik.

Viss vi ser på kva Marx meinte at arbeidarklassen måtte sette ut i  livet like etter opphevinga av kapitalismen var det:

  1. «Ekspropriasjon av grunneiendommen og bruk av grunnrenta til statsoppgaver.
  2. Sterkt progressive skatter.
  3. Avskaffing av arveretten.
  4. Konfiskeringa av eiendommen til alle emigranter og opprørere.
  5. Sentralisering av kreditten i statens hender gjennom nasjonalbank med statskapital og absolutt monopol.
  6. Sentralisering av transportvesenet i statens hender.
  7. Økning av de statlige fabrikkene og produksjonsredskapene, oppdyrking og forbedring av jorda etter en felles plan.
  8. Lik arbeidstvang for alle, oppretting av industrielle armeer, særlig for jordbruket.
  9. Forening av bedriftene innafor landbruk og industri, arbeid for gradvis å overvinne forskjellen mellom by og land.
  10. Offentlig og gratis oppdragelse av alle barn. Avskaffing av barnas fabrikkarbeid i sin nåværende form. Forening av oppdragelsen med den materielle produksjonen, osv.»

Han skriv vidare i Kritikk av Gothaprogrammet om at det i kommunismens første fase må avsettast statlege fond for å dekke behova til dei som ikkje kan arbeide, dvs. alle slags trygder og stønader.

Du finn meir om dette her: http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Mer%20kommunisme%20i%20hverdagen.html

Så vi ser at det er kamp for kommunistiske momenter innan kapitalismen som skaper oppslutnad om parti frå arbeidsfolk når det ikkje er hat mot syndebukkar som ikkje har noka skuld i det som skjer – og som er viktig i grunnlaget for Sverigedemokraterna, sjølv om dei og, som alle høgreparti, medrekna Fremskrittspartiet, rører borti hatet mot parti som gjennom fleire år har fjerna tidlegare kommunistisk moment frå programma og politikken sin.

Varig tillit frå arbeidsfolk kan berre dei partia få som ikkje til sjuande og sist viser at dei tener kapitalen og tar vekk kommunistiske moment når det passar kapitalen. Det vil sei parti som ikkje vil stoppe med å kjempe for å innføre kommunistiske moment i kapitalen når kapitalen krev det, men gå inn for å oppheve heile kapitalen når det er naudsynt for å sikre dei kommunistiske momenta.

Terje Valen, 4.9.2018.

Kommunisme i kvardagen – Marx om robotar, automatisering og kommunisme

Denne teksten er frå boka mi «Marxistisk renessanse kommunistisk offensiv» som kom ut i 1992 då mest alle sa at kommunismen var daud. Dette utdraget seier noko om Marx sitt arbeide med Kapitalen og tar så spesielt opp noko heilt dagsaktuelt, nemleg utvikling av automatiseringa og korleis det legg eit solid grunnlag for overgang til kommunisme. Vil du lese meir i boka kan du sjå her: http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/marxbok.htm



Etter at Marx hadde skrive dei «økonomisk-filosofiske» manuskripta byrja han å sette seg nøye inn i økonomisk teori og praksis.

Særleg i tida frå 1850 til 1869 dreiv han intense studiar. Då den revolusjonære bølgja rundt 1848 hadde trekt seg tilbake, trakk Marx den slutninga at det no var på tide legge eit teoretisk grunnlag for større offensivar i framtida. Etter at arbeidaropprøret i Paris var slått ned i juli 1850 fremja Marx og Engels ideen om at revolusjon var blitt umogeleg i den nære framtida og at Kommunistforbundet måtte endre verksemda si og gi første prioritet til arbeid med skulering, studiar og utvikling av revolusjonær teori. Marx sjølv sa at han ikkje ville ha meir enn tolv personar med i den studiesirkelen han dreiv. Det var viktigare å komme til rota i dei teoretiske sakene enn å vere så mange.

Dei vart utskjelde for å vere kontrarevolusjonære, anti-proletariske og upraktiske bokdyrkarar. Då trekte dei seg tilbake frå Kommunistforbundet, som gjekk i oppløysing omkring 1852, og gjekk inn i meir enn ti år utan politisk aktivitet.

I tida frå 1850 til 1853 skreiv Marx 24 notatbøker med kommentarar til det han hadde lese om varer, pengar, kapital, lønnsarbeid, jordeigedom, internasjonal handel, historia om oppfinningar og tek nologi, kreditt, teori om auke i folkesetnaden, teori om økonomien i statar, historia til skikkar og vanar, litteratur, verdsmarknaden, kolonialisme og andre saker. Det meste av dette stoffet vart ikkje offentleggjort.

I 1851 skreiv han eit svært manuskript om «Pengesystemet som heilskap» og eit anna manuskript med utdrag frå skriftene til den mest populære økonomen på den tida, David Ricardo.

I 1854-55 skreiv han eit manuskript med tittelen «Pengesystem, kredittsystem, krisar».

I 1857-58 gjorde han ferdig det store manuskriptet som er blitt kalla «Grunnriss». «Grunnriss» vart publisert første gong i Moskva i 1939 og i 1941. Boka kom ut på tysk i 1953 og på engelsk i 1973. Her utviklar Marx for seg sjølv mykje av det som han seinare populariserte i «Kapitalen».

Men før det hadde han og skrive dei tre banda om «Teoriar om meirverdien» frå 1862-63 som først vart publisert av Karl Kautsty i åra 1905 til 1910. Denne utgåva var sterk prega av Kautsky sine inngrep i rekkefølgen av kapitla og i tek stane. Mykje var lite nøye og innkorta. Først mellom 1954 og 1961 kom verket ut i ei vitskapeleg utgåve på russisk og i 1965 til 1968 på tysk. Seinare kom utgåver på andre språk. I 1973 kom verket på svensk. «Teoriar om meirverdien» er eigentleg ei kritisk-teoretisk gjennomgang av all tidligare litteratur om økonomi.

Første bok av «Kapitalen» hadde Marx ferdig i 1869. Andre og tredje bok klarte han ikkje å gi ut sjølv. Dei gjorde Engels klår for trykking og dei kom ut i 1885 og i 1894.

På norsk hadde vi lenge berre første bok av «Kapitalen» i omsetting. Det var forlaget Oktober som gav ut denne boka i fire delband i 1983. Bok 2 er no og omsett og finnast på norsk sidan 2017.

Bortsett frå ei økt på første bok av «Kapitalen» har berre nokre få av kommunistane i «m-l-rørsla» studert Marx sine økonomiske skrifter. Slik sett er vi like «grønne» som når det gjeld dei tidlege meir «filosofiske» skriftene hans. Dette gjeld endå om vi har gitt ut mange studiehefter og bøker med samandrag osv. av desse skriftene.

Her er det ikkje meininga å gå inn på dei økonomiske skriftene på samme måte som vi har teke opp dei meir filosofiske. Men eg skal likevel gi eit oversyn over hovudtrekka slik at samanhengen mellom desse delane av Marx sine verk kjem fram.

Eigentleg skulle eg ha gitt ei samanfatning av «Grundrisse» her, men manuskriptet er så mangfaldig at det ikkje lar seg gjere utan å sprenge alle rammer for boka. Det finst eit godt redigert utdrag av boka både på svensk og på dansk som særleg trekk ut dei delande som ikkje er omhandla i «Kapitalen». (Tema Teori 5: Karl Marx – Grunddragen i kritiken av den politiske ekonomin i urval av Sven-Eric Liedman, Zenit . Rabén&Sjøgren 1971.) Heile verket finst på engelsk i ei Pelican-utgåve frå 1973.

Nokre delar av «Grunnriss» som er viktige for framstillinga mi, må eg likevel få trekke fram.

Kapitalismen, fritid, arbeidsløyse, kommunisme

Marx skriv her at utvekslinga mellom levande og tingleggjort arbeid, dvs. fastsettinga av det samfunnsmessige arbeidet i form av motsetninga mellom kapital og lønnsarbeid, er den siste utviklinga av verdiforholdet og den produksjonen som er basert på verdi.

Føresetnaden for slik produksjon er og forblir mengda av umiddelbar arbeidstid, mengda av brukt arbeid som den avgjerande faktoren i produksjonen av rikdommen. Men i den grad vi utviklar storindustrien blir skaping av verkeleg rikdom mindre avhengig av arbeidstida og mengda brukt arbeid enn av makta hos dei kreftene som vi set i rørsle i arbeidstida og som har ein verknad som ikkje står i noko forhold til den umiddelbare arbeidstida som går med til å produsere dei, men som er avhengig av det allmenne utviklingstrinnet i vitskapen og teknologien sitt framsteg, eller med andre ord av tillempninga av denne vitskapen på produksjonen. (Tema 5, s.196. Pelican, s.704.)

Arbeidet framstår no mindre som inneslutta i produksjonsprosessen fordi mennesket snarare held seg til sjølve produksjonsprosessen som vaktar og regulator. (…) Det er ikkje lenger arbeidaren som sett inn det omdanna naturobjektet (verktyet) som mellomlekk mellom objektet (råvaren) og seg sjølv, men arbeidaren omdannar naturprosessen til ein industriell prosess som han setter inn som middel mellom seg og den uorganiske naturen som han tileignar seg. Han står på sida av produksjonsprosessen istadenfor å vere hovudpersonen i han.

I denne omdanninga er det korkje det umiddelbare arbeidet som mennesket sjølv utfører, eller den tida då ho arbeider, men tileigninga av hennar eiga allmenne produktivkraft, kunnskapane hennar om naturen og styringa av naturen gjennom eksistensen sin som samfunnsmedlem – med eit ord utviklinga av det samfunnsmessige individet – som framstår som hjørnesteinen under produksjonen og rikdommen.

Det tjuveriet av framand arbeidstid som den noverande rikdommen er grunnlagd på framstår som ein ussel grunnvoll samanlikna med denne nye grunnvollen som storindustrien har skapt.

Så snart arbeidet i den umiddelbare forma si har slutta å vere hovudkjelde til rikdommen, sluttar utan tvil arbeidstida å vere rikdommen sitt mål og dermed sluttar bytteverdien i vere bruksverdien sitt mål. Dei mange sitt meirarbeid har slutta å vere vilkår for utvikling av den allmenne rikdommen på samme måte som dei få sitt ikkje-arbeid har slutta å vere vilkår for utviklinga av hjarnen sine allmenne krefter.

Dermed bryter den produksjonen som er grunnlagt på bytteverdi saman og den umiddelbare produksjonsprosessen får ei form som ikkje er tilfeldig og full av motsetningar. Dette ber i seg den frie utviklinga av individualitetane og derfor ikkje nedkortinga av den naudsynte arbeidstida for å gi plass til meirarbeid, men i det heile nedkorting av samfunnet sitt naudsynte arbeid til eit minimum som gjer mogeleg individa si kunstnarlege, vitskapelege osv. utdanning i den tida og med dei midla som er skapt for alle.

Kapitalen er sjølv den aukande motsetninga fordi kapitalen hindrar nedkortinga av arbeidstida til eit minimum, medan han på andre sida brukar arbeidstida som det einaste målet på rikdom og den einaste kjelda til rikdom. Kapitalen minskar arbeidstida i form av naudsynt arbeid for auke arbeidstida i form av overflødig arbeid – det skapar i stadig større grad det unødige som vilkår – eit spørsmål om liv og daud – for det nødvendige.

På den eine sida vekker kapitalen altså vitskapen og naturen sine krefter og det samfunnsmessige samvirket og den samfunnsmessige kommunikasjonen sine makter til liv for å gjere skaping av rikdom (relativt) uavhenging av den arbeidstida som svarar til han. På andre sida vil kapitalen måle desse enorme samfunnskreftene som er skapt på denne måten, etter arbeidstida og stenge dei inne innanfor grenser som blir kravd for at vi skal kunne halde oppe som verdi den verdien som allereie er skapt. Produktivkreftene og dei samfunnsmessige forholda, som er ulike sider av det samfunnsmessige individet si utvikling, framstår berre som middel for kapitalen og berre som middel for kapitalen til å produsere på sin eigen avgrensa grunnvoll.

Men i røynda er det dei materielle vilkåra som skal sprenge i stykker denne grunnvollen.

Naturen byggjer ingen maskinar, ingen lokomotiv, jernbanar, telegrafar, automatiske spinnemaskinar osv. Dei er produkt av den menneskelege industrien; dei er naturmateriale som har blitt omdanna til verkty for den menneskelege viljen over naturen eller for å verkeleggjere den menneskelege viljen i naturen. Dei er verkty for den menneskelege hjernen, skapt av den menneskelege handa; vitinga si tingleggjorte (objektiverte) kraft. Utviklinga av den faste kapitalen viser i kva høg grad den allmenne, samfunnsmessige vitinga, kunnskapen, har blitt umiddelbar produktivkraft og i kor høg grad den samfunnsmessige livsprosessen dermed sjølv har komme under den allmenne intelligensen sin kontroll og blitt omforma i overeinstemming med det. Det viser i kor stor utstrekning dei samfunnsmessige produktivkreftene har produsert, ikkje berre i form av viting, men og som umiddelbart verkty for den samfunnsmessige praksis, for den relle livsprosessen. (Tema, s.197-199. Pelican, s.705-706.)

Likesom storleiken av det relative meirarbeidet er avhengig av det nødvendige arbeidet sin produktivitet, er mengden – både levende og tingliggjort – arbeidstid, som er blitt brukt for produksjon av den faste kapitalen, avhengig av produktiviteten hos den arbeidstida som blir brukt for den direkte produksjonen av produkt. Overfolkning er (ut frå denne synsvinkelen) eit vilkår for dette, liksom meirproduksjonen. (Tema, s. 199-200. Pelican, s.707.)

I jo mindre grad den faste kapitalen gir umiddelbar frukt, jo mindre han grip inn i den umiddelbare produksjonsprosessen, desto større må den relative overfolkningen og meirproduksjonen vere: altså jo meir er der for jernbanar, kanaler, vassleidningar, telegrafar osv., desto mindre del av maskineriet er direkte i bruk for den umiddelbare produksjonsprosessen. Av dette (som vi skal komme tilbake til) kjem den moderne industrien sin stadige over- og underproduksjon, dei stadige svingingane og krampane som følgjer av det missforholdet at anten for mykje eller for lite rørleg kapital blir forvandla til fast kapital.

Skaping av mykje disponibel tid utover den arbeidstida som i det heile er nødvendig for samfunnet og for kvar og ein av medlemmene i samfunnet (dvs. rom for individa og dermed også for samfunnet sine fulle produktivkrefter) – denne skaping av ikkje-arbeidstid framstår på kapitalen sitt nivå, som på alle tidlegare utviklingsstadier, som ikkje-arbeidstid, som fritid for eit fåtal. Dessutan auker kapitalen fleirtalet si meirarbeidstid med hjelp av alle teknikken og vitskapen sine middel. Dette gjer han fordi kapitalen sin rikdom direkte er denne tileigning av meirarbeidstid og ved at kapitalen sitt direkte mål er verdien, ikkje bruksverdien. Kapitalen er slik, mot viljen sin, eit instrument som blir brukt til å skape middel til samfunnsmessig disponibel tid, til å redusere arbeidstida for heile samfunnet til eit stadig mindre minimum og til å gi alle tid til sin eigen utvikling.

Men kapitalen sin tendens er alltid på den eine sida å skape disponibel tid og på den andre sida å forvandle denne til meirarbeid. Dersom han klarar det første bra, så får han vanskar med meirproduksjonen og dermed blir det nødvendige arbeidet brote av fordi ikkje noko meirarbeid då kan skape verdi til kapitalen.

Jo meir denne motsetninga utviklar seg, desto meir viser det seg at tilvoksten av produktivkreftene ikkje lengre kan halde fram å vere avhengige av tileigninga av framandt arbeid, utan at arbeidarmassen sjølv må tileigne seg meirarbeidet sitt.

Om arbeidarmassen har gjort det så sluttar den disponible tida å ha motsetningfylt eksistens. På den eine sida kjem då den nødvendige arbeidstida til å ha målestokken sin i dei samfunnsmessige individa sine behov. På den andre sida kjem utviklinga av den samfunnsmessige produktivkrafta til å gå så fort at alle sin disponible tid voks, endå om vi no reknar produksjonen som alle sin rikedom. For den verkelege rikedommen er alle individer sin utvikla produktivkraft. Derfor blir det på ingen måte den lengre arbeidstida, men den disponible tida som er målet på rikdommen. Arbeidstida som rikdommen sin målestokk har som vilkår at sjølve rikdommen er grunna på fattigdommen og at den disponible tida eksisterer i og gjennom motsetninga til meirarbeidstida eller at heile tida til individet blir bestemt som arbeidstid og dermed degraderinga hans til berre arbeidar, underkastinga hans under arbeidet. Det mest utvikla maskineriet tvingar derfor no arbeidaren til å arbeide lengre enn ein vill og lengre enn han sjølv gjorde med dei enklaste og dårlegast verkty.» (Tema, s.200-201, Pelican, s.708.)

I det umiddelbare arbeidet ser det ut som om det oppdelte, umiddelbare arbeidet er verkeleggjort i eit særskild produkt. Arbeidet sin felles, samfunnsmessige karakter – karakteren som objektivering av det allmenne arbeidet og som tilfredsstilling av almenne behov – ser berre ut til å høyre til byttet. På ein heilt annen måte ter storindustrien sin produksjonsprosess seg. Der føresetnaden på den eine sida er naturkrafta si underkasting under den samfunnsmessige forståinga gjennom utviklinga av arbeidsmidla sin produktivkraft til automatiske prosessar og der på den andre sida den enkelte sitt arbeid i den umiddelbare eksistensen sin blir bestemd som oppheva enkelt, dvs. samfunnsmessig arbeid. På denne måten fell den andre basisen for denne produksjonsmåten bort.

Den arbeidstida som blir brukt for produksjon av fast kapital held seg, innan kapitalen sin produksjonsprosess, til den tida som blir brukt til produksjon av rørleg kapital på samme måte som meirarbeidstid til nødvendig arbeidstid. I den utstrekninga produksjonen som gjeld tilfredsstillinga av umiddelbare behov, blir meir produktiv, kan ein stor del av produksjonen bli innretta på å tilfredsstille sjølve produksjonsbehova eller produksjonen av produksjonsmiddel.

Det er i produksjonen av den faste kapitalen at kapitalen bestemmer seg som sit eige mål i ein høgare potens enn i produksjonen av den rørlege kapitalen og verksamt trer fram som kapital. (Tema s. 202, Pelican s.710.)

Den verkelege økonomien – sparinga – er sparing av arbeidstid (minimum av – og minsking til minimum av – produksjonskostnader); men denne sparinga er identisk med utviklinga av produktivkreftene. Ho er altså ikkje på nokon måte forsaking, men utvikling av krafta, av produksjonsevna og dermed både av evna til å nyte livets goder som midla til å gjere det. Evna til å nye livets goder er vilkår for nytinga, altså nytinga sitt første middel og denne evna ber i seg utvikling av eit individuelt anlegg, ei individuell produktivkraft. Sparing av arbeidstid ber i seg meir fritid, dvs. tid for individet si fulle utvikling, og denne sparinga verkar tilbake som den største produktivkrafta på arbeidet si produktivkraft. Dersom vi tenkjer at dette er ein umiddelbar produksjonsprosess kan vi sjå på auke i fritida som produksjon av fast kapital; denne faste kapitalen er då menneska sjølv.

Det er elles sjølvinnlysande at sjølve den umiddelbare arbeidstida ikkje kan halde fast på den abstrakte motsetninga til fritida slik som ho har sett ut frå den borgarlege økonomien sitt synsvinkel. Arbeidet kan ikkje bli ein leik slik som Fourier ville. Det er Fouriers store forteneste at han la vekt på at målet ikkje er å oppheve distribusjonen, men å oppheve sjølve produksjonsmåten og produksjonsmåten sin overgang til ei høgare form. Fritida – som både er tid for kvile og tid til høgare aktivitet – har sjølvsagt forvandla innehavaren sin til eit anna subjekt, og som dette andre subjektet trer då innehavaren også inn i den umiddelbare produksjonsprosessen. Denne er på samme gong displin – når vi ser han som menneske som blir til – og trening, eksperimentell vitskap, materiell skaping og i seg sjølv tingleggjort (objektivert) vitskap – med omsyn på mennesket slik ho er blitt og som har i hjernen sin samfunnet sitt oppsamla vitande. Om arbeidet krev praktisk handlag og – som i jordbruket – rørsle, er produksjonsprosessen samstundes øving av begge.

Slik som vi bit for bit utvikla den borgarlege økonomien har vi også utvikla negasjonen (opphevinga) av han, noko som også er den borgarlege økonomien sitt sluttresultat. Vi har framleis berre å gjere med den umiddelbare produksjonsprosessen. Ser vi det borgarlege samfunnet i det store og heile, framstår sjølve samfunnet, dvs. sjølve mennesket i dei samfunnsmessige forholda sine, som sluttresultat av den samfunnmessige reproduksjonsprosessen. Alt som har fast form, som produkt osv., framstår berre som moment, som forbigåande moment i denne rørsla. Til og med den umiddelbare produksjonsprosessen framstår berre som moment. Til og med prosessen sine vilkår og objektiveringar er sjølv berre likearta moment, og som subjekt framstår berre individa, men individa i forhold til kvarandre, i forhold som dei både reproduserer som nyproduserer. Det er deira eigen stadige rørsleprosess der dei i like høg grad fornyar seg sjølv som den verda av rikdom dei skapar. (Tema, s.204-205, Pelican, s. 711-712.)

Kommunisme i kvardagen – Kommunistiske moment blant Bernie Sanders sosialdemokratar i USA

Klassekampen for 3.9.18 har ein artikkel med tittelen «Omfavner USA-opprører» der Eirik Grasaas-Stavenes har  møtt Alexandria Ocasio-Cortez, omtalt som «Demokratenes nye superstjerne». I intervjuet med henne får vi vite 3 saker som har med politisk program å gjøre. Ocasio-Cortez tar ikkje mot pengar frå økonomiske selskap, ho jobbar for statleg garantert helseforsikring for og alle amerikanarar og gratis høgare utdanning.

Når det gjeld offentleg garantert helseforsikring, så finne vi det som eit punkt i «Kritikk av Gothaprogrammet» der det  heiter at før det samla arbeidsproduktet kjem til fordeling til dei arbeidande individa, så må det settast av eit fond til dei som ikkje er i stand til å arbeidet. Dette gjeld jo alle typar støtte og trygder, men det er klart at den offentleg garanterte helseforsikring kjem under denne overskrifta.

Viss vi ser på dei 10 tiltaka frå Manifestet som Marx  meiner vil bli sett ut i livet under kommunismens første fase, så finn vi der som punkt 10 «offentleg og gratis oppseding av alle barn». Sett i lys av samfunnsutviklinga etter han er det rimeleg å regne alle både barn og unge inn under dette. Og oppseding går også på utdanning.

At Marx meinte at ikkje politikarane sine valkampar skal finansierast av kapitalistiske føretak gir seg sjølv.

Vi ser altså at Bernies folk i USA vil innføre nokre kommunistiske moment i kapitalismen som også vi krevje andre kommunistiske moment som progressive skattar til dømes.

Men no er sjølvsagt professor i økonomi, Paul Krugman, frå Princetonuniversitetet, som skriv fast i New York Times og Dag og Tid, mykje meir presis i omtalen sin av Bernie Sanders si politiske retning enn Grasaas-Stavenes. Krugman omtalar nemleg Bernie og hans følgjarar som sosialdemokratar.

Dette er rett fordi sosialdemokratane sitt politiske grunnlag er å få inn visse kommunistiske element i kapitalismen for å redde han som system. Desse elementa sikrar nemleg oppslutnaden om sosialdemokratiet frå arbeidsfolk. Når sosialdemokratiet fjernar kommunistiske moment, så misser dei oppslutnad,  folk ser i staden på dei som svikarar og blir sinte på dei –  og de med rette. For når dei fjernar dei kommunistiske elementa så viser dei at dei er meir opptatt av å få legitimitet hos storkapitalens representantar, enn hos arbeidsfolk flest. Det vesentlege ved sosialdemokratiet, at dei berre stør kommunistiske moment når kapitalen kan godta det, kjem opp i dagen.

Men samstundes er det i kampen mot storkapitalen og hans representantar og for dei kommunistiske momenta at arbeidarklassen kan sameine seg som klasse att.

Vi skal hugse at Barak Obama vart vald fordi han lovde mange kommunistiske moment til det amerikanske folket, mellom anna meir fred i verda, ei viktig prinsipiell sak som blei formulert av Marx og Engels under Den kommunistiske internasjonalen sin kongress i London i 1871, etter den Tysk-franske krigen og knusinga av Pariskommunen.

For at folk skal få tiltru til eit parti på sikt og i ei tid då kapitalen er i profittkrise i dei gamle imperialistlanda og deira følgjarar, er det viktig å vere klar på at kampen mot å fjerne kommunistiske moment og for om mogleg å innføre fleire slik under kapitalismen, ikkje skjer fordi vi vil redde kapitalismen. Vi går inn i desse kampane med tanken om at utvikling av kommunistiske ordningar er viktigare enn å  halde på kapitalismen, dersom han ikkje tillét dette.  Viss og når dette viser seg så går vi inn for å oppheve han slik at det arbeidande folket sjølv kan bli slept fri til å utvikle alle dei trekka Marx skriv om, som ein del av eit nytt samfunnssystem – kommunismen.

Elles merker vi oss at Grasaas-Stavenes ikkje har nemnd noko om utanrikspolitikk, dvs. ei amerikanske imperialismen. Det er og viktig for oss å vite noko om, no når både Bernie og Ocasio-Cortez har hylla krigshissaren McCain.

Terje Valen, 3.9.2018

Kommunisme i kvardagen – Marx om kommunismens første fase

Eg fortsett med kampanjen min for opplyse kva Marx skreiv om kommunisme og notata mine om kommunisme i  kvardagen. Her trekk eg ut hovudpunkta i Marx sin Uttale om Borgarkrigen i Frankrike frå Internasjonalen sitt generalråd 12. juni 1871. Den var eit resultat av arbeidet i høve konferansen til Den internasjonale arbeiderassosiasjonen i London 17.-23 september der Marx og Engels leidde førebuingane og gjennomføringa.

Her kjem ei samanfatting av dei viktigaste vedtaka til kommunen. Det er vedtak av kommunistiske moment som kjenneteikna første tida i eit første forsøk på overgang frå kapitalisme til det nye samfunnet.

Eg skal ikkje her skrive så mykje om heilskapen i Pariskommunen. Dei som vil sette seg inn i dette kan lese Borgarkrigen i Frankrike. Grunnlaget for det heile var at dei borgarlege styringsorgana var fjerna med makt, men relativt lite vald, fordi mykje væpna folk gjekk over på opprørarane si side. Så sette arbeidaren si nye politiske leiing i gang med å organisere den nye staten sin, sitt demokratiske diktatur over borgarskapet og deira allierte. Kva la dei vekt på? Eg siterer frå Marx  og Internasjonalen sin tekst. (Det finnast og to tidlegare utkast som blei handsama av kongressen og som inneheld fleire detaljar om dei sakene som bli tatt opp her.)

«Det første lovvedtaket til kommunen (Pariskommunen 1871) var derfor å undertrykke den ståande hæren og erstatte han med det væpna folket.»

«Kommunen blei danna av dei representantane som blei vald gjennom allmenn stemmerett i dei forskjellige områda i Paris. Dei var ansvarlege og kunne avsettast når som helst. Fleirtalet av dei var sjølvsagt arbeidarar eller godtekne representantar for arbeidarklassen.»

«Kommunen skulle ikkje vere ei parlamentarisk, men ei arbeidande forsamling, utøvande og lovgjevande på same tid.»

«Politiet, som til no hadde vore eit verktøy for statsregjeringa, blei straks fråtatt alle dei politiske eigenskapar og omdanna til eit ansvarleg verktøy for kommunen, og kunne avsettast når som helst.»

Slik var det og med funksjonærane i alle dei andre greinene av den offentlege administrasjonen.

«Frå medlemmene i kommunen og nedetter måtte den offentlege tenesta bli utført for arbeidarlønn. Dei tileigna rettane og representasjonspengane til dei som hadde høge statspostar forsvann med desse personane sjølve.»

«Dei offentleg kontora slutta med å vere privateigedommen til sentralregjeringa sine handlangarar.»

«Ikkje berre administrasjonen av byen, men heile det initiativet som til no hadde blitt utøvd av staten, blei no lagd i hendene på kommunen.»

«Då den ståande hæren og politiet, verktøya for den materielle makta til den gamle regjeringa, var fjerna, gjekk kommunen straks vidare for å bryte det åndelege undertrykkingsverktøyet, prestemakta; den bestemte oppløysing og oreigning av alle kyrkjer, så framt dei var eigande forsamlingar. —«

«Alle utdanningsinstitusjonar blei opna for gratis bruk og samstundes reinska frå all innblanding frå stat og kyrkje. Med det var ikkje berre skolegang blitt tilgjengeleg for alle, men også vitskapen sjølv blei fridd frå dei stengsla som klassefordelar og regjeringsmakt hadde pålagd han.»

«Tenestemenn innan rettsvesenet miste heile det tilsynelatande sjølvstendet sitt som berre hadde tent til å skjule underkastinga deira under dei ymse påfølgande regjeringane som dei hadde sverja truskap til ein etter ein for så å bryte eiden sin. Som alle andre offentlege tenarar skulle dei no vere valde, ansvarleg og avsetjelege.” (MEW, bind 17, side 338-339. Omsett av TV.)

Etter dette polemiserer Marx mot dei som såg på kommunen som noko som stod i motsetnad til ei sentralisert nasjonal regjering – men det går eg ikkje nærare inn på her. Og han viser korleis kommunen var i stand til å smi band til bøndene – men det går eg heller ikkje nærare inn på no. Eg skal berre avslutte med ein del fleire sitat om karakteren og tiltaka til kommunen.

”Då kommunen slik var den sanne representanten for alle dei sunne elementa i det franske samfunnet og i tillegg den verkeleg nasjonale regjeringa, så var han samstundes som arbeidarregjering, som dristig forkjempar for arbeidet si frigjering, internasjonal i heile tydinga av ordet.” (MEW, bind 17, side 346. Omsett av TV.)

”Dei store sosiale tiltaka til kommunen var hans eigen arbeidande eksistens. Dei særskilde tiltaka kunne berre gi vink om i kva for retning ei regjering av folket for folket gjekk. Mellom desse finn vi avskaffing av nattarbeidet til bakarlærlingane; forbod under trussel om straff mot den vanlege praksisen til arbeidsgjevarane med å presse lønna ned gjennom å gi pengebøtar til arbeidarane med all slags påskott – ei framferd der arbeidsgjevaren var både lovgjevar, dommar og den som eksekverte dommen og i tillegg tok pengane. Eit anna tiltak av same art var utlevering av alle stengde verkstader og fabrikkar til arbeidarorganisasjonar med atterhald om erstatning same om kapitalisten var flykta eller om han føretrakk å innstille arbeidet.” (MEW, bind 17, side 347. Omsett av TV.)

”Den endringa som kommunen hadde fått til i Paris var verkeleg vedunderleg. Ikkje noko spor meir etter det konkurrerande Paris til det andre keisardømmet. Paris var ikkje meir samleplassen for britiske grunneigarar, irske lordar i utlandet, tidlegare amerikanske slavehaldarar og oppkomlingar, tidlegare russiske godseigarar med liveigne og valakiske adelsmenn. Ikkje fleire lik på likhuset for uidentifiserte daude, ingen nattlege innbrot meir og mest ikkje nokre tjuveri; sidan februardagane i 1848 var Paris enno ein god trygg og de utan noko som helst politi.»

”Vi”, sa eit medlem av kommunen, ”vi høyrer nå ikkje meir om mord, ran og vald mot personar: det ser ut om politiet har slept med seg alle dei konservative vennene sine til Versailles”.

Luksushorene hadde igjen fått ferten av vernarane sine – dei flykta familiefedrane, religionen og framfor alt eigedommen. I staden for dei kom dei verkelege kvinnene i Paris opp til overflata igjen – heroiske, modige og oppofrande slik som kvinnene i antikken. Paris, arbeidande, tenkande, kjempande, blomande som strålte i begeistring over sitt historiske initiativ og som i førebuingane til eit nytt samfunn nesten hadde gløymd kannibalane som sto ved portane.” (MEW, bind 17, side 348-349. Omsett av TV.)

Dette var altså Marx si samanfatting av viktige trekk ved det første forsøket på å opprette kommunisme i moderne (dvs. kapitalistisk) tid. Som vi ser dreier det seg om kommunismen sin første fase, den som vi no ofte kallar for sosialisme.

Eg meiner at her framleis er mykje å lære.

Elles har eg samla meir om emnet kommunisme hos Marx her (manglar mykje, mellom anna frå Kapitalen): http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Marx%20om%20kommunisme.htm

Terje Valen, 3.9.2018.