Kommunisme i kvardagen – eksempel frå den russiske revolusjon

Som eg har sagt før blir det ofte hevda at kommunismen i Marx si ånd er ein fjern visjon som ikkje er mogleg i den verkeleg verda. Eller så blir det sagt at vi kan berre sjå til dømes på Sovjetunionen for å sjå at det var noko skadeleg.

Men lat oss no sjå på kva som ble vedtatt i løpet av to månader etter oktober-revolusjonen i Russland. Det aller første var stans i krigen mot Tyskland med allierte som var i ferd med å blø ut landet. Det neste var vedtak om overføring av jord frå dei gamle godseigarane til dei bøndene som dyrka han. Så blei det gamle straffesystemet, som var retta mot arbeidarar og fattige bønder oppheva. Dernest kom vedtak om skilje av kyrkje og stat. Og så kom i tur og orden:

  • sivilt giftarmål blei lovleg,
  • vedtak av at kvinner skulle ha same rettar som menn,
  • vedtak av ein forenkla skrivemåte for å gjere det lettare for alle å lære å lese og skrive,
  • oppheving av adel og kastar,
  • oppheving av dei gamle privilegia frå tsarsystemet,
  • oppretting av sjuketrygd og arbeidsløysetrygd,
  • etablering av arbeidarkontroll med føretak,
  • oppretting av eit nasjonalt økonomisk råd,
  • nasjonalisering av privatbankane,
  • proklamasjon om rettane til dei forskjellige folka og nasjonane i Russland inkludert retten til å styre seg sjølv og skilje seg ut som eigen nasjon om dei ville, slik det skjedde i Finland, Polen og Ukraina,
  • oppheving av alle nasjonale og religiøse privilegia og retten til fri utvikling for minoritetar og etniske grupper og
  • oppheving av alle regler som diskriminerte jødar.

Dette var eit grunnlag for den praktiske innføringa av kommunismen sin første fase i Russland. No vart grunnlaget for å få til dette mest øydelagt av den rasande motstanden til den gamle godseigaradelen. Alle dei      133 000 offiserane i tsarhæren kom frå denne gruppa og dei organiserte raskt hærar som samarbeida med 14 land utanfor Russland for å knuse revolusjonen og dei nye ordningane.

Men her er det framleis mykje å lære og saker som vi kan overføre til Norge og kjempe for. Vi ser også at nokre av desse sakene vart vedtatt i Noreg under den borgarlege revolusjonen her på 1800-talet (nokre saman med den nye grunnlova av 1814) og nokre under den sosialliberale og sosialdemokratiske epoken før og etter 1935, for å hindre opprør frå arbeidarane og etter 2. verdskrig då profittraten var høg.

I dag når profittraten er relativt låg, svekkast og forsvinn etter kvart det økonomiske grunnlaget for å halde oppe desse ordningane innanfor kapitalen sine rammer. Derfor blir mange av dei sosialliberale og sosialdemokratiske ordningane, som har gagna arbeidsfolk, svekka og fjerna litt etter litt gjennom beinhard klassekamp frå kapitalen sine representantar og deira parti. Grunnen til at Arbeidarpartiet misser oppslutnad heng saman med at det blir stadig vanskelegare å ri to hestar og så satsar dei stadig meir på å komme kapitalen sine behov i møte i staden for arbeidarklassen. Dette gjer mange arbeidsfolk svært skuffa og sint.

Vi treng ein brei allianse av arbeidande folk og andre som kjempar mot forverring og for å halde på og utvide dei kommunistiske kvardagsordningane – kort sagt styrke velferda til det arbeidande folket. Den alliansen må og vere klar på at dersom kapitalen stadig fører til dårlegare velferd og levetilhøve for folk, så er det rimeleg å oppheve han for å  sikre at arbeidarklassen sjølv kan ta makta i staten for å snu på dette.

Les og fleire tekstar om dette som ligg tidlegare på bloggen.

Terje Valen, 21. september 2018.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.