Demokrati – folkestyre

Den store illusjonen.

Demokrati og folkestyre er ikkje det same. Omgrepet demokrati oppstod i Athen på 500- og 400-talet før vår tid. Det viste då til eit statsstyre der demos, eller folket, hadde visse (demokratiske) rettar. Første fase i opprettinga av demokrati i Athen er knytt til namnet Solon. Tidlegare hadde menn fra dei leiande slektene frå låglandet styrt i Attika (rundt Athen) gjennom rådet sitt, Areopagos. På Solon si tid var vilkåra modne for å vedta ei ny inndeling av dei frie menna i Athen. Dei vart delt inn i pentakosiomedimnoi (dei som hadde gardar som kunne produsere 500 mål med korn eller produkt av liknande storleik), hippeis (dei som hadde råd til å halde hest og kavaleriutstyr), zeugitai (dei som hadde råd til å halde våpen så dei kunne delta i infanteriet -hoplites) og thetes (som ikkje hadde råd til dette). Utanfor desse «klassane» sto framande, kvinner og slavar, og sjølvsagt ungane. Dei deltok ikkje i demokratiet.

Solon var og diktar. Han har skrive om korleis han såg på folket – demos – si rolle. «Eg gav til demos så mykje privilegia som var nødvendig for dei, slik at dei ikkje blei fråteken æra si eller forsøkte og ta meir etter ho ..». «..demos følgjer best leiarane sine når dei ikkje er driven av vald og ikkje får for frie taumar..». Her finn vi klart uttrykt kva demokrati verkeleg er. Folket eller demos har ikkje makta og leiarane høyrer heile tida til og/eller representerte den økonomiske overklassen.

Du finn ei lengre framstilling av dette her: https://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/grekdem.htm  og om utviklinga av demokratiet som styreform for overklassane i England kan du lese ein ganske grundig tekst her: https://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/parl1.htm

I dag er det også slik at det demokratiet vi har er ramma inn av kapitalismen og dermed av dei største kapitalistane. Folk flest kan få ytre seg og protestere (innan relativt tronge grenser), mens dei som eig og kontrollerer dei store media har eit tilnærma monopol på det som blir spreidd av opplysning og synspunkt til heile landet. Av og til vinn og folk fram med protestane og ønskja sine. Men i det stor og heile bli samfunnet omdanna etter behova til representantane for dei største kapitalane. Kampen mot vindkraft er i dag eit eksempel på dette. Så lenge der er rom for at arbeidarklassen kan vinne fram med fleire av sine saker under kapitalismen er det ingen grunn til å oppheve han. Men det er avhengig av stabil økonomisk vekst og relativt høg profittrate. Noko som er umogeleg å halde oppe over tid under dette systemet. Når profittraten fell tvingar det etter kvart arbeidarklassen til meir kamp.

Marx kalla det moderne demokratiet under kapitalismen for det borgarlege demokratiet. Det tyder kapitaleigarane sitt demokrati. Alle samfunnsborgarane har formelt dei same rettane, men den reelle makta set hos dei som har pengane (kapitalen). Når det er slik, seier Marx, så er det demokratiet vi lever med eit slags (forkledd) diktatur. Difor får vi det omgrepet som verkar merkeleg for oss som borgarskapet har lært opp til å tru at demokrati og diktatur står i motsetnad til kvarande. Marx seier at det er demokrati og despoti som står i motsetnad til kvarandre. Dette forklarar også omgrepet demokratisk diktatur. Ein herskande klasse som har den reelle makta gir visse demokratiske rettar til den klassen som ikkje har reell makt. Dette gjeld når kapitaleigarane har makta i staten og det gjeld om arbeidarklassen har tatt makta i staten.

Då kan vi snakke om eit borgarleg og eit proletarisk demokrati. I det borgarlege diktaturet er det dei som utbytar arbeidarklassen som har statsmakt og styrer demokratiet. Dei er eit svært lite mindretal. I eit arbeidardemokrati, der arbeidarane har makta i staten (altså eit demokratisk diktatur og ikkje eit despotisk diktatur over det styrta borgarskapet) styrer det store fleirtalet, som tidlegare var underlagt kapitaleigarane, demokratiet. Dei set ut i livet vedtak ut frå sine behov og ikkje ut frå behovet til profitt for kapitalen. Dette er og ein ny type demokrati som vi med rette kan kalle folkestyre fordi fleirtalet av folka i landet høyrer til arbeidarklassen med allierte.

Terje Valen, onsdag 14. oktober 2020.