Demokrati - diktatur

Omgrepet demokrati, og det reelle innhaldet i dette, er viktig i overklassane sin ideologiske og politiske kamp for å halde underklassane "på plass". Derfor kan det vere verd å sjå litt nærare på kordan det blei til.

1. Omgrepet oppstod i Athen på 500- og 400-talet før vår tid. Det viste då til eit statsstyre der demos, eller folket, hadde visse (demokratiske) rettar. Første fase i opprettinga av demokrati i Athen er knytt til navnet Solon. Tidligare hadde menn fra dei leiande slektene fra låglandet styrt i Attika (rundt Athen) gjennom rådet sitt, Areopagos. På Solon si tid var vilkåra modne for å vedta ei ny inndeling av dei frie menna i Athen. Dei vart delt inn i pentakosiomedimnoi (dei som hadde gardar som kunne produsere 500 mål med korn eller produkt av liknande storleik), hippeis (dei som hadde råd til å halde hest og kavaleriutstyr), zeugitai (dei som hadde råd til å halde vapen så dei kunne delta i infanteriet -hoplites) og thetes (som ikkje hadde råd til dette). Utanfor desse "klassane" sto framande, kvinner og slavar, og sjølvsagt ungane. Dei deltok ikkje i demokratiet.

2. Pentakosiomedimnoi og hippeis var den nye overklassen i Solon sitt demokrati. Bare dei kunne ha leiande verv i dei viktigaste forsamlingane og domstolen. Stort sett var det bare menn fra desse gruppene som hadde råd til å delta i den styrande forsamlinga og.

3. Zeugitai og thetes utgjorde folket eller demos. Under Solon fekk dei rett til å sitte og stemme i den styrande forsamlinga. (Men dei hadde ikkje råd til å vere der. Dei som budde lengst unna møtestaden klarte heller ikkje å møte. Kanskje møtte 1000 av 80 000) Og dei fikk rett til å vere medlemmer i ein ny apellrett, Heliaia. Her møtte zeugitai, mens thetes i praksis var ute av stand til det.

4. Forsamlinga blei riven laus fra dominansen til dei gamle rike familiene i ein viss grad og styrte meir som forsamling gjennom eit lovverk som galdt alle.

5. Solon var og diktar. Han har skrive om kordan han såg på folket - demos - si rolle. "Eg gav til demos så mykje privilegiar som var nødvendig for dei, slik at dei ikkje blei fråteken æra si eller forsøkte og ta meir etter ho ..". "..demos følger best leiarane sine når dei ikkje er driven av vald og ikkje får for frie taumar..". Her finn vi klart uttrykt kva demokrati virkelig er.

6. Utanfor dei leiande klassane, utanfor demos og demokratiet fann vi altså kvinnene, dei framande og slavane.

7. Ein viktig del av det økonomiske grunnlaget for det athenske demokratiet var veksande handel med olivenolje. Dette hadde gjort tidligare fattige og forgjelda småbønder rikare og ført til at Solon måtte gi ei lov som oppheva gjelda deira til dei gamle rikmennene og gjorde det ulovlig å ta skyldnarar til slavar når dei ikkje kunne betale. Manufakturproduksjon var og aukande heile tida.

8. Handelen blei driven over store delar av Middelhavet og Svartehavet, der Athen hadde fleire koloniar og mange forbundsfellar. Forbundsfellane betalte tributt på 10% av inntektene sine til Athen for å bli verna av athenarane. Denne ordninga, som vi kjenner fra mafiaen, var ei tidlig form for imperialisme og blei eit anna økonomisk grunnlag for det athenske demokratiet.

10. Etter at Solon var daud, i 561 f.kr., sette Peisistratos seg utanfor grunnlova og blei tyrann. Sonen hans, Hippias, fortsette i faren sine spor. Desse to sette inn sine folk i toppleiinga over alt i staden for det gamle aristokratiet, men elles heldt dei seg til lova og let dei folkelige organa som Solon hadde oppretta, fungere som før.

11. Etter at Hippias var daud kom det til strid mellom dei leiande aristokratane om styret i Athen. Ein av leiarane, Kleisthenes, tapte og tok så folket eller demos med i sin fraksjon. Med støtte fra demos tok Kleisthenes eit nytt skritt for å omorganisere det hellenske samfunnet etter geografiske einingar i staden for familiane. Den grunnleggande administrative eininga blei demen, ein landsby, eit område, ein bydel. Dei 170 demene blei sett saman i tretti geografiske einingar kalla trittyar. Istadenfor dei gamle fire stammane i Attika blei trittyane, etter loddtrekning, slutta saman i 10 nye stammar. I tillegg innførte Kleisthenes det vi kallar ostrakisme, folkeforsamlinga sin rett til å utvise ein person fra Athen for ti år.

12. Gjennom desse omorganiseringane tok Kleisthenes konsekvensen av at det gamle ættesamfunnet var i oppløysing. Det var grunnlaget for eit meir utvikla demokrati der dei gamle aristokratfamiliane ikkje kunne halde oppe leiarstillinga si som før. No fekk folk autoriteten sin fra dei nye geografiske einingane, og ved å bli vald av forsamlinga.

13. Kleisthenes sitt motiv for desse endringane var å ta knekken på dei andre aristokratfamiliene og sikre maktstillinga til han sjøl og hans eigen familie. Men slik gjekk det ikkje.

14. Då Kleisthenes døydde i 508 f.kr. sto Athen like framfor den sagnomsuste bløminga si. På grunnlag av eigen rikdom, ny militærtaktikk på land og sjø og gode alliansar slo dei tilbake persarkongen sine invasjonsforsøk i 490 og 480-79 f.kr.

15. Etter nokre år med strategstyre kom Perikles til makta i 462. Han sto for dei endringane i styresystemet som brakte demokratiet i Hellas opp på det høgaste nivået sitt. Tidligare hadde aristokratane reelt sett hatt mykje makt gjennom deira råd, Areopagos. Men aristokratiet var no så svekka at Perikles kunne ta fra rådet det meste av den formelle makta det hadde. Desse rettane blei alle ført over til Dei 500 sitt råd, forsamlinga sjølv eller dei folkelige domstolane som Solon hadde gitt appellstatus. Heliaia fekk full domsrett. Furie-retten fekk fast plass i Athen, men blei omdøpt til Eumenidane, "dei vennlige". Ved rettssaker var det store folkejuryar med opp til 1000 deltakarar.

16. Då Perikles var daud i 429 valde folket for første gong ein leiar som ikkje var respektert av dei gamle overklassane. Det var Kleon, son til ein rik manufaktureigar og følgelig sjølv det samme. Det speglar av den siste utviklinga i Athen. Manufakturar blei meir og meir vanlige og viktige i økonomien og var i ferd med å bli den viktigaste kjelda til rikdom istaden for jord. Det kan sjå ut som om dei leiande folkegruppene i det athenske demokratiet var blitt sjøfraktarar, handelsmenn og manufaktureigarar.

17. På denne tida utvikla og den athenske imperialismen seg kraftig. Dei tidligare forbundsstatane vart lagt under Athen. Dei vart skatta og styrt av athenarane. Det felles fondet deira blei flytta til Athen. Dei mange opprøra i desse statane blei slått ned med kraftige middel.

18. Vi kan vel då konkludere med at demokratiet i Athen var eit diktatur over kvinnene, dei framande som budde i Athen, slavane og forbundsstatane utanfor Athen. Derfor er omgrepet demokrati i utspringet sitt identisk med diktatur og imperialisme.

19. Men vi må og konkludere med at demokratiet i Athen, også for dei frie mennene, var ei styreform som først skulle sikre eigedommen og makta til dei gamle aristokratfamiliane, og som seinare skulle sikre eigedommen og makta for nye grupper rikfolk som først og fremst fekk rikdommen sin fra manufakturproduksjon, handel og sjøfart. Demos, eller folket, dvs. først om fremst thetes, men også mange frå zeugitai, skulle bare få så mykje makt at dei fann seg i det reelle diktaturet. Dette er ein annan grunn til å seie at omgrepet demokrati i utspringet sitt er identisk med diktatur, dvs. at det var eit klassediktatur som tillet at dei andre klassane hadde visse demokratiske rettar. Dessutan var det slik at avstanden til det administrative senteret og forsamlinga avgjorde kven som kunne nyttiggjøre seg demokratiet. Dei som budde for langt unna var utelukka.

20. I tillegg til inntekt av eige arbeid kvilte velstanden til alle dei frie athenarane på slaveri, imperialisme og gratis kvinnearbeid i den nye monogame familietypen. Derfor blei det lettare å få oppslutning i alle folkegrupper som var innanfor demokratiet om ein felles utbyttingspolitikk. Men det endrar ikkje det faktum at demokratiet i Athen var ein like effektiv undertrykkingsmaskin som forskjellige typar despoti (oligarki) slik vi fann dei til dømes i Sparta. Og vegen til despotiet stod heile tida open i Athen også dersom motseiingane mellom dei rike og dei andre skjerpa seg til, eller om forsvaret av heile staten kravde det.

21. Demokratiet sitt materielle grunnlag var altså eigedom til produksjonsmiddel, slavearbeid, kvinnearbeid, koloniutbytting og dei sjølveigande bøndene si dyrking av oliven til olivenolje. Utan dei rikdommane og den fritida dette arbeidet skapte, kunne ikkje dei leiande menna ha styrt på den måten dei gjorde.

22. Det moderne parlamentariske demokratiet er ei viderutvikling av det athenske og har framleis det samme hovedinnhaldet. Dette gir også rammene for dette demokratiet i Norge.

Terje Valen, 6/12-1992

Det er svært mykje litteratur om dette. Eg har mellom anna brukt klassiske verk som M. Rostovzeff: A History of the Ancient World. Volume I: The Orient and Greece fra 1926. Dessutan Erik Gren: Greklands historia fra 1957 og W.G.Forrest: The Emergence of Greek Democracy fra 1966.