Vinden har snudd

Kronikkversjon til Klassekampen

Det skjer no store og raske endringar i verda. Russland har sett foten ned for vidare aust-utviding av det amerikanske strategar kallar USA sitt europeiske bruhovud for erobring av heile det eurasiske kontinent, nemleg områda under NATO-EU.

Vi sett ei enorm styrkeendring vekk frå anglo-amerikansk verdsdominans. Vi har sett ei kraftig styrking av den alliansefrie rørsla att. Høgdepunktet var konferansen i Beograd i oktober i fjor for å feire 60-årsdagen for starten på rørsla. Under møtet vedtok dei 105 statane som deltok ei utsegn der dei peikte på at den alliansefrie rørsla no er sterkare enn nokon sinne, og særleg Kina si rolle i rørsla har ført til dette. Dei understreka at dei kjempa for at dei fem prinsippa for fredeleg sameksistens mellom statar og innhaldet i FNpakta må følgjast av alle, og kritiserte dei som tar seg til rette i andre statar klar.

Dette har no blitt ført vidare i utsegna etter møtet mellom Putin og Xi Jinping i høve OL ved Beijing. I heile verda blir ho studert nøye. Alle bør lese ho. Ho varslar ei ny tid for berekraftig utvikling i verda. Dei gjer det klart at USA sin «Grand Strategy» for dominans på heile det eurasiske kontinent har mislukkast og at USA sin verdsdominans er slutt. Det tyder at USA no må ta konsekvensane. Dei må gi opp dette målet for utanrikspolitikken sin, og slutte med krigar, undergraving og villeiande og svartmalande propaganda for å skape opinion for undergraving og regimeendring. Utsegna slår fast et det er eit lite mindretal av statar, med den angloamerikanske verda i sentrum, som står for denne politikken.

Dette er ei realitetsorientering. Dei slår fast at alliansen mellom England og deira avleggarar i USA, Canada, Australia og New Zealand, som vasallstatane i NATO og EU har følgt til no, er svært isolert i verda. Noko vi, som er marinert av amerikansk propaganda gjennom tiår, har litt vanskeleg for å forstå.

Putin og Xi Jinping veit at USA-NATO må stanse framrykkinga si i Europa, at Ukraina aldri kjem til å komme inn under USA sin dominans, sjølv om dei var med på å organisere eit kupp der i 2014, då dei innsette ein vasallpresident med valdeleg hjelp frå nazi-rørsla der. Og sjølv om dei raslar med sablane no og prøver å overtyde oss om at Russland vil gå til angrep. Noko som sjølvsagt ikkje står til truande. Og det veit eigentleg alle i dette spelet.

Alle veit også at vasallstatane i Europa lid under USA sin dominans og eigentleg lengtar etter å sleppe ut or han. Dei har store økonomiske interesser av å auke sambandet med Russland og Kina. Dei veit også at Russland og Kina ikkje er fiendar og at det etter kvart går opp for alle at dette fiendebiletet blir skapt av USA for å halde vasallane i age og under sin kontroll.

Samstundes skjer det eit ras vekk frå USA sin dominans frå statar over store delar av verda. Alle ser at demokratiet i USA er eit pengestyrt oligarki og at USA fell saman med aukande fattigdom, fiendtlege indre motseiingar og storming av sjølve Kongressen. USA er ikkje lenger noko å trakte etter.

Utsegna set mot dette opp dei fem prinsippa for fredeleg sameksistens  og det reelle innhaldet i FNpakta som alliansane rundt USA og England har brote i eitt sett og i ekstrem grad etter at NATO «fredsbomba» Jugoslavia i 1999. Dei bomba då eit land som ikkje hadde angripe noko NATO-land. Det er utanfor sjølve målet med NATO som forsvarsallianse og innleie epoken då NATO blei ei aggressiv makt mot statar utanfor alliansen sjølv. I 72 timar bomba USA-NATO bruer, marknadsplassar, fabrikkar, tv-anlegg, sjukehus og mykje anna med det tydelege målet å demoralisere folket der. Det var ei krenking av mest alle gjeldande avtalar og konvensjonar og til og med grunnloven i fleire NATO-land.

Det var den første store aggresjonen for å ta kontroll med heile Eurasia ifølgje USA sin «Grand Strategy» som vart nedfelt i Zbigniev Brzezinski si bok The Grand Cessboard – American Primacy and its Strategic Imperatives (Amerikansk dominans og dei naudsynte geostrategiske krav ut frå det)frå 1997 og i amerikanske lovar frå 1999 og 2006. Obama følgde opp – med fryktelege resultat for ofra. Trump ville nærme seg Russland, men leiarane i Det demokratiske partiet hindra det. Så var han dum og gjekk til økonomisk åtak på Kina. Biden følgjer begge spora utan å ha ein sjans til å klare det.

No er vidareføring av «Grand Strategy» blokkert på avgjerande vis, og kampen for å få den USA-leia anglo-amerikanske imperialismen til å halde seg til FNpakta med dei fem prinsippa for fredeleg sameksistens mellom statar, har tatt til for alvor. Vinden snur. Vi kan følgje opp Putin og Xi Jinping si utsegna som opnar for fredeleg utvikling  verda. Den store aggressoren, USA, må vende tilbake til seg sjølv, satse på velferd for sitt eige folk og ikkje bruke enorme ressursar på å vinne hegemoni over andre statar. Alle bør no skunde på denne utviklinga. Vi må hindre at USA si aggressive framferd provoserer fram ein krig i høve Ukraina.

Terje Valen, laurdag 12. februar 2022.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.