Kommentar i veke 13, 2016 Bjørgulv Braanen og venstresida

 Redaktør i Klassekampen, Bjørgulv Braanen, skriv ein leiar 30. mars der han tar utgangspunkt i ei meiningsmåling som viser at 45 prosent av britane er for fortsett britisk medlemskap i EU, mens 41 prosent er mot. Og han seier at det er ei utbreidd haldning i fleire EU-land at EU i større grad skal vere eit likestilt samarbeid mellom nasjonar og at meir makt bør tilbake til dei  nasjonale parlamenta.

Så finn Braanen det oppsiktsvekkande i kor liten grad denne politiske verkelegheita påverkar dei mest ivrige EU-tilhengarane, ikkje minst på venstresida. Han reknar så leiaren for tenketanken European Democracy Lab i Berlin, Ulrike Guérot og leiar for den italienske Europarørsla, Pier Virgilio Dasoli og Yanis Varoufakis saman med den franske filosofen André Gluksman til den EU-venlige venstresida, mens Oscar Lafontaine i Tyskland, Jean-Luc Melenchton i Frankrike og Stefano Fassina i Italia, også frå venstresida, er tilhengarar av nasjonal suverenitet.

Alle dei  han her nemner tar standpunktet sitt ut frå at dei vil ha ein kapitalisme som fungerer betre enn det dei ser i dag. Noen meiner at EU-staten er naudsynt for å klare dette. Andre meiner at sterkare  nasjonalstatar er naudsynt.

Derfor høyrer dei alle til på kapitalens ymse sider og ikkje på arbeidarklassens venstreside. Testen på kva venstreside du høyrer til er om du meiner at kapitalismen kan løyse sine eigne enorme motsetnader innanfor sitt eige system, eller om du meiner at det kapitalistisk systemet ikkje kan klare dette og at det må opphevast for at menneska skal kunne få levelige forhold i framtida.

Arbeidarklassen si venstreside vil derfor i alle tilfelle gå inn for kamp mot kapitalen for arbeidarklassen sine interesser og ha som strategisk mål å oppheve han, og fleire frå denne sida vil erstatte han med eit nytt system for menneska si utveksling med naturen rundt seg og seg imellom som dei kallar for sosialisme/kommunisme.

I høve EU kan arbeidarklassens venstreside samarbeide med dei på kapitalens venstreside som vil styrke nasjonalstatane og/eller oppløyse EU slik det no fungerer. Dette vil, som Wolfgang Streeck seier, skape større olbogerom for å styrke arbeidarklassens venstre og på ny skape ei politisk og sosial arbeidarrørsle som kan utfordre borgarskapet grunnleggande. Dei på kapitalens side som går inn for EU-systemet, og som Braanen også reknar til venstresida reint allment, tilhøyrer i røynda kapitalens høgreside, ettersom det vesentlige trekket ved EU er mest mulig fri flyt av kapital. Det er i radikal motsetnad til arbeidarklassen sine interesser og heilt i tråd med monopolkapitalens versjon av liberalismen.

Sjå også:

https://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/De%20to%20venstresidene.htm

https://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Kapital%20og%20demokrati%20skiller%20lag.htm

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.