Jakarta metoden, før og no

Her omsett eg til nynorsk ei bokmelding frå Monthly Review for juni 2022 og føyer til eigne merknader i nokre notar nummerert frå 1 til 6. Eg har laga ei bokmålsomsetting tidligare som og ligg på bloggen, men mine notar her er nye. Notane med romartal er frå originalartikkelen. Eg meiner denne teksten er svært viktig for å forstå korleis den store frigjeringa frå kolonialismen blei slått ned og omdanna til nykolonialisme etter 2. verdskrig og for å forstå det som skjer i verda i dag. Vi er no inne i den andre store frigjeringsepoken for verdas undertrykte land og folk, og denne gongen står dei mykje sterkare, mens den anglo-amerikanske imperialismen står mykje svakare. Det er fint å kunne legge han ut på nynorsk og.

USA sin kamp mot opprør og den tredje verda

Vincent Bevins, The Jakarta Method (New York: Public Affairs, 2020), 429 sider.

Stadig fleire venstreorienterte rundt om i verda vender seg mot Vincent Bevins The Jakarta Method: Washington’s Anticommunist Crusade and the Mass Murder Program That Shaped Our World (Jakara-metoden: Washingtons antikommunistiske korstog og massemordprogrammet som skapte vår verd) for å lære meir om den fryktelege terroren som USA dreiv mot folk som kjempa for retten til sjølvstende i den såkalla postkoloniale æra. Denne boka skildrar særleg korleis den imperialistiske utvidinga øydela revolusjonære kampar i den tredje verda.

Bevin siterer Kwame Nkrumah[1] si direkte skildring av «den nye måten verda drivast på» frå boka hans Neocolonialism: The Last Stage of Imperialism som kom ut i 1965, og understrekar at nykolonialismen har blitt grundig prega av USA sin kamp-mot-opprør (counterinsurgency) i heile verda, frå Indonesia og Brasil til Guatemala og Chile. Jakarta-metoden var ein kombinasjon av imperialistisk økonomisk plyndring og alvorlege overgrep mot menneskerettane, med metodar frå politisk svartmaling, kidnapping og fjerning av opposisjonelle, til snikmord og massakre i landsbyar utført av organiserte styrkar. Det var slik som Nkrumah slo fast: «utanlandsk kapital blir brukt for å utbytte i staden for å utvikle dei mindre utvikla delane av verda, og at imperialistiske makter ikkje lenger måtte vedgå kva dei gjorde – ikkje ein gong ovafor seg sjølv.[i]

Nyliberalismen og den «tredje verda»

Meir enn eit halvt hundreår etter at Jakarta-metoden blei pønska ut, blir ein ny generasjon av aktivistar inspirert og mobilisert av antiimperialistiske rørsler som har spor tilbake til dei revolusjonære anti-koloniale rørslene. Korleis verkar den perioden i den felles historia vår inn på den erfaringa som vi delar når det gjeld den globale nyliberale offensiven som til dels har forma handlingane til progressive og revolusjonære rørsler i dei siste førti åra? Korleis kan delinga av desse røynslene tillate oss å sjå for oss nye måtar å organisere Sør-til-Sør antiimperialistiske solidaritets-rørsler og tilføre noko til det vi ha lært frå tidlegare historiske skjeringspunkt og dei ymse rutene dei tok når det gjeld fortellingar og praksis gjennom åra?

Bevins følgjer den intellektuelle, politiske og romantiske reisa til to indonesiarar, Francisca og Zain, som finnast blant andre viktige personar i den massive slaktinga i Indonesia og Latin-Amerika som blei støtta av USA . Desse to reiste frå landet for å studere i Holland etter at Sukarno hadde erklært landet for sjølvstendig i 1945. Bølgjene av  anti-imperialistiske kampar som forma tankane og handlingane til generasjonar av radikale intellektuelle lik dette paret kunne ikkje skiljast for kampen for nasjonal frigjering og i retning sosialisme.

[Paret) begynte å gå ut saman for alvor seint på 1940-talet [då] kampen for frigjering av nært knytt til venstresidepolitikk. Derfor kom ho, som støtta indonesisk fridom av heile sitt hjarte, naturleg inn i sosialistiske sirklar, fordi dei to kampane lenge hadde vore knytt sterkt saman. På 1930-talet og 1940-talet var det praktiske tala ingen europearar som støtta uavhengigheit for koloniane med unnatak av folk på venstresida. Det Indonesiske kommunistpartiet, Partai Komunis Indonesia, blei grunnlagd i 1914, med hjelp frå hollandske venstrefolk, som Indies Social Democratic Association. Dei arbeidde ved sidan av Sukarno[2] og muslimske grupper som var for sjølvstende på 1920-talet, og så engasjerte dei seg i aktivt anti-fascistisk arbeid under den japanske okkupasjonen.[ii]

Med tilbakegongen for sosialisme på 1980-talet og gjennom 90-talet, og framveksten av den nyliberale globaliseringa, hadde lenka mellom nasjonale frigjeringskampar og sosialisme, som ein gong hadde kjempe mot Euro-USA-imperialisme, blitt tåkelagt av ein ny versjon av konflikten. Den såkalla feilinga av sosialismen vart sett lik slutten på historia under kapitalismen og av framstillingar av ei verd som berre blei splitta ut frå brot mellom forskjellig kulturar og sivilisasjonar. Denne nye samanstillinga skulle likesom gjere slutt på dei «tre verda» og deira historie som begynte i etterkrigstida etter at USA demonstrerte den overlegne militærmakta si og «den apokalyptiske øydelegginga denne makta kunne sleppe laus frå lufta då ho slapp atombomber over Hiroshima og Nagasaki».[iii] Denne påminninga spreier lys over det noverande tidspunktet i alle sine mønster, opphav, ubrotne samanhengar, like så vel som brota frå fortida og dei moglegheitene ho skapar for framtida.

I den først verda fann vi «dei rike landa i Nord-Amerika, Vest-Europa, Australia og Japan som alle hadde blitt rike gjennom kolonipolitikken».[3] Den andre verda var dei sosialistiske statane på sovjetisk og aust-europeisk territorium som sto saman med den Raude hæren. I kontrast til den første verda hadde USSR «offentleg tatt stilling for den globale anti-koloniale kampen og hadde ikkje engasjert seg i oversjøisk imperialisme.[iv]

Omgrepet blei laga tidleg på 1950-talet, og i starten var alle oppfatningane av det positive. Når leiarane i desse nye nasjonal-statane begynte å bruke omgrepet brukte dei det med byrgskap. Det inneheld ein draum om ei betre framtid der verdas undertrykte og slavebundne massar ville ta kontroll med sin eigen lagnad. Omgrepet blei brukt i tydinga ‘tredjestanden’ under den Franske revolusjon. Dei revolusjonære vanlege folka som skulle kaste av seg første-standen og andre-standen, kongedømet og presteskapet. ‘Tredje’ tydde ikkje tredjeklasses, men noko meir likt den tredje og siste handlinga. Den første gruppa med rike kvite land hadde hatt sitt forsøk på å skape verda, slik som den andre, og dette var ei ny rørsle, full av energi og moglegheiter som berre venta på å bli slept laus. For mykje av verda var det ikkje berre ein kategori, det var ei rørsle.[v]

Når vi definerer den tredje verda på denne måten inneheld det eit spøkjelse av folkelege og revolusjonære kampar i halvkoloniane, noko som hjelper til med å forklare dei gruelege metodane til USA sin kamp mot opprør (counterinsurgency), sjølv i ei id med såkalla frie marknader og val. Jakarta-metoden gir ei omfattande utgreiing av den perioden der kampar for nasjonalt sjølvstende blei brutalt slått ned. Den stadige oppstiginga av den USA-leia kapitalismen i etterkrigstida med den Kalde krigen med dei sosialistiske rivalane tyda også ei djupare integrering og konsolidering av tredje verda land inn i det globale kapitalistiske systemet gjennom skjulte og opne metodar der ufatteleg brutalitet vart nytta.

Denne historia fortsett å virke inn på notida. Ein av den nyliberale verda sine verste tyrannar, den filippinske presidenten, Rodrigo Roa Duerte, tar i bruk desse velprøvde og testa metodane for å undertrykke politisk usemje gjennom kamp mot opprør (counterinsurgency). Mens han følgde opp Suharto sin svarte arv gav Duerte dei væpna styrkane i Filippinane[4] ordre om å gjenta Suharto sin kampanje mot kommunistane i Indonesia: «Ikkje kjemp mot dei, øydelegg dei … drep dei.» Denne kommandoen kom kort etter at han hadde signert ein presidentordre i desember 2018 om å opprette ein Nasjonal kampstyrke for å få slutt på lokale væpna konfliktar, eit nasjonalt rammeverk for møte lokale opprør. I de siste tre åra tyder det at dei har sendt lokale regjeringstilsette mot raudmerka sivile på landsbygda i Filippinane, oppretta strategisk landsbyar der dei stenger inne urfolk-samfunn, bruk av falske ‘opprørarar som har overgitt seg» og massedrap i bondesamfunn.[vi]

Duertes ordre var uttrykk for den historiske erfaringa frå den kolonikrigen som USA førte mot det filippinske folket, frå den Spansk-Amerikanske krigen til den CIA-finansierte øydelegginga av Hukbalahap-opprøret, slik Bevin på tankevekkande vis noterer gjennom heile boka. Bevins peikar på noko anna og: at vi har eit augneblikk for solidaritet og internasjonalisme. Ikkje nokon andre revolusjonære verda rapporterte om kampanjane under CIA sin kamp mot opprør på Filippinane, til dømes, slik som indonesiarane gjorde. Nett som  Francesca og Zain rapporterte The Peoples Daily, som var driven av radikale indonesiske journalistar, om Washingtons kamp-mot-opprørs-operasjoner i Iran og på Filippinene.

USA sine løynde operasjonar, medrekna metodar for psykologisk krig og tortur, blei først prøvd ut på Filippinane og så tatt i bruk i Indonesia og Vietnam (der dei ikkje lukkast). Bevins kastar lys over denne perioden i filippinsk historie som ofte blir gløymd. Det er ein periode som har blitt revidert og framstilt som USA sin «demokratiserings-prosess» leia av den filippinske presidenten, Ramon Magsaysay, som var blitt USA sin kamp-mot-opprør-agent og USA sin militære rådgjevar, Edward Landsdale.

Denne amerikanske kamp-mot-opprør-operasjonen på Filippinane var retta mot den venstreorienterte Hukbalahap-rørsla sitt opprør under den japanske okkupasjonen. Etter at japanarane var drivne frå Filippinane gjekk Huk mot det Magsaysay-regimet so var sponsa av USA. Magsaysay var handplukka av Landsdale for å sette i gang kamp-mot-opprør-operasjonar som også tok i bruk militært artilleri medrekna napalm og psykologiske krigsoperasjonar som brukte etterretningsrapportar om folketrua på Filippinane. Bevin noterer at CIA-agentar spreia «rykte om at ein aswang, ein blodsugande ånd i filippinske fortellingar, var laus og øydela menneske med vondskap i hjartet. Så tok dei ein Huk-opprørar som dei hadde drepe, stakk to hol i halsen hans, let blodet hans renne ut og la han ut på vegen.»[vii]

På den tida hadde eit kommunistisk opprør vore i gong på Filippinane sidan 1930-talet. Men i motsetnad til i Indonesia hadde folket på Filippinane aldri hatt ein president som støtta tanken om nasjonal frigjering og delte han med andre leiarar i verda, slik som Sukarno gjorde. Ikkje noko regjering som er kritisk til Vesten og ikkje noka folkerørsle kan unngå USA-imperiet sin antikommunistiske glød som har øydelagd tallause liv og økonomiar.

Som Bevin forklarar, om enn på ein fragmentert måte, smeltar USA sin kamp-mot-opprør økonomisk politikk og statens politikk saman på ein saumlaus måte for å styrke ein utanrikspolitikk som er grunnlagd på USA-imperialismens sin plikt ovafor sin såkalla nasjonale tryggleik. Denne kviler på ein

Veksande semje i USA om at militærvesenet bør bli gitt meir makt og innflyting, sjølv om det tyder at demokratiet blir undergrave. På 1950-talet begynte eit akademisk studie kalla moderniserings-teorien å få innflyting i Washington. Den etterlikna den marxistiske formuleringa at samfunnet går trinnvis fram, men gjorde det på ein måte som var svært påverka av det antikommunistiske liberale amerikanske miljøet der han oppstod. Dei samfunnsvitskapsfolka som var pionerar på feltet hevda at «tradisjonelle» primitive samfunn skulle gå fram gjennom eit spesielt sett med trinn og ideelt sett komme fram til ein versjon av «moderne» samfunn som så svært mykje ut som USA.[viii]

Moderniseringsteorien er lik kamp-mot-opprør i området for økonomisk teori som Bevins diskuterer i høve «USA sitt masse-mord program». Det Internasjonale pengefondet (IMF) og Verdsbanken kallar denne varianten av hard kjærleik for «strukturtilpassing», men det er heilt enkelt ein kode for eit program som effektivt øydelegg dei folkerørslene som har som mål å stole på seg sjølv og som gå inn for sjølvbestemming i den tredje verda.

Kva med Bandung-ånda?

Sjølv ånda frå Bandung-konferansen, «blei fødd i Frankrike i 1951 … så fann han ført fram til full utfolding i 1955 i Indonesia.» Som Sukarno erkjende i opningstalen sin var det den «første interkontinentale konferansen av farga folk i menneska si historie,» som hadde som mål å gå mot den omsynslause kolonialismen. Bandung hjelpte til med å skape vilkår for påfølgande historiske samlingar av folk i den tredje verda, medrekna den første Asiatisk-Afrikanske kvinnekonferanse i Colombo, Kvinnekonferansen i Kairo i 1961 og grunnlegginga av den globale alliansefrie rørsla i Beograd, blant fleire.[ix]

Den kommunistiske horisonten i den anti-koloniale kampen som Bandung representerte slapp ikkje unna merksemda til arkitektane bak dei som ville at USA si makt skulle utvidast. Bevins gjorde merksam på ein viktig forskjell mellom nasjonalismen i (Vest) Europa og den i Bandung:

For leiarar som Sukarno og [Jawaharlal] Nehru var tanken om ‘nasjon’ ikkje grunnlagd på rase eller språk – det kunne det jo heller ikkje vere på landområde med så mange forskjellar som deira – men blei konstruert av den anti-koloniale kampen og trongen til samfunnsmessig rettferd. Sukarno meinte at den Tredje Verda med Bandung kunne bli sameint ut frå sine eigne siktemål som antirasisme og økonomisk sjølvstende. Dei kunne også kome saman og organisere seg saman for betre vilkår innan det globale økonomiske systemet og tvinge dei rike landa til å senke tollen på varer frå Tredje Verda, mens dei landa som nett var blitt uavhengige kunne bruke tollbarrierar til å fremje si eiga utvikling.[x]

Med andre ord tydde kampen for ein nasjon, slik Samir Amin foreslo, at dei reiv seg laus frå (delinking) det imperialistiske verdssystemet. Dette er eit program for verkelege og alvorlege reformpolitikarar der velstand, fred og samfunnsmessig rettferd står på spel, og det er på linje med eit revolusjonært sosialistisk program. Likevel har ein innan imperialistisk tenking halde konsekvent fast på den falske tosidige oppfatninga av reform og revolusjon, som samsvarte med den koloniale og imperialistiske splitte-og-herske metoden.

I The Jacarta Method som er svært kritisk til USAs kamp-mot-opprør og angrep på heile folkesetnader som kommunistar, ser det ut som dei vurderer Sovjet Unionen under Joseph Stalin, Kina under Mao Zedong og Vietnam under Ho Chi Minh som like.[xi] Dette er ein interessant dynamikk[5] når vi veit at det det har vore sentralt for USA sin Kalde Krig strategi hadde som grunnleggande ramme å slå saman alle sosialistiske eksperiment (særleg dei i Den tredje verda).

Bevins Jakarta Method sluttar ikkje med ein venleg tone. I staden avsluttar boka med forfattaren sitt møte i den verkelege verda med ein indonesiar kalla Winarso som slår fast at «Den kalde krigen var ein konflikt mellom sosialisme og kapitalisme og kapitalismen vann.»[xii] «Korleis vann vi?, spurte Bevins. Og Winars svarte: «De drap oss.»

Bevins gir oss ei brei naudsynt forteljing om forholdet mellom folka sine opprør og USA sin kamp-mot-opprør, og konkluderer med at Den tredje verda sin kamp enda med dei avgrensa moglegheitene i den perioden: «Vi kan trygt seie at Den tredje verda sin rørsle var i oppløysing, om ikkje øydelagd».[xiii] Han har eit poeng.

Likevel slutta ikkje revolusjonære rørsler mot imperialismen på 1960-talet. Den kommunistiske opprørsrørsla som har vart lengst i Asia og verda er den som har blitt leia av Kommunistpartiet på Filippinane som blei oppretta att i 1968.[xiv] Jose Maria Sison, grunnleggaren og leiaren, snakkar ope om sin tørn i Indonesia som utdanna i vitskapen om indonesiske språk og den radikale masserørsla der.[xv] Dette er den kommunistiske rørsla som president Duerte har sverja at han skal slakte og fjerne på Suharto-måten. Ingen USA-støtta president på Filippinane etter Ferdinand Marcos (Filippinane sin Suharo) har tatt avstand frå kamp-mot-opprør programma som USA gått inn for.

Arven frå Marcos diktatur kom opp att med sonen hans, Ferdinand «Bongbong» Marcos Jr., som leier på meiningsmålingane før det neste presidentvalet.[6] Vi kan ikkje overdrive relevansen til Bevins Jakarta Method i den noverande kampen til det filippinske folket mot historisk revisjonisme, massiv feilinformasjon, plyndring og straffridom. Vi må ikkje gløyme, vi må sei «aldri oppatt» til det som dei gjorde mot det indonesiske folket. Bevins rørande og opprørande samtale med Winarso, som heilt korrekt kallar USA sin kamp-mot-opprør for folkemord, er inspirert av eit intervju som blei gjort av den amerikanske historikaren, David Sturtevant, forfattar av boka Popular Uprisings in the Philippines, 1840-1940 frå 1976.

Sturtevant undersøkte amerikanske rapportar få utspørjing av det som dei meinte var Sakdalistas frå Sakdal (bonde) opprøret på Filippinane i 1935. Dei mistenkte sine namn var lista opp i ein spalte og svara på spørsmåla i ein annan. «Var du med på opprøret?» «Nei.» Slik så lista ut i fleire sider til Sturtevant såg namnet på ei kvinne, Salud Algabre – og hennar bekreftande svar då hu blei spurd om ho var med i opprøret. Sturtevant reiste til Filippinane og møtte Algabre som då var 72 år alt. Han spurte henne om kvifor opprøret hadde mislukkast og Algabre svarte. «Ingen opprør mislukkast, kvart einaste er eit steg i rett retning.»[xvi]


[1] Nkrumah var ein gigant i den antikoloniale rørsla som alle radikale og fredselskande menneske bør kjenne.

[2] Sukarno er og ein gigant innan den antikoloniale rørsla som alle radikale og fredselskande menneske bør kjenne godt til.

[3] I følgje ei kjelde som siterer Mao direkte under ein samtale med President Kenneth Kaunda av Zambia, er dette ikkje heilt rett. Det er to forskjellige definisjonar av dei tre verda. Mao gir her den kinesiske versjonen som forskjellig frå Vincent Bevins sin: «I hold that the U.S. and the Soviet Union belong to the First World. The middle elements, such as Japan, Europe, Australia and Canada, belong to the Second World. We are the Third World.» https://www.revolutionarydemocracy.org/rdv10n1/mao.htm . I ingressen til denne samtalen går dei også inn på Mao sin tanke om å forene USA i den første verda, med Kina og den tredje verda og statane i den 2 verda for å gå mot det sosialimperialistiske Sovjet-Unionen.  Dette var etter Nixon si vitjing i Kina i 1972 som opna for nærare kontakt mellom USA og Kina. Etter mi meining var dette ein vesentleg feil strategisk vurdering av Mao. Det kom av at han ikkje tok utgangspunkt i motseiinga mellom columbismen og alle verdas folk, som alt då var grunnleggande. Difor hindra han eit samarbeid mellom Kina og Sovjet som hadde kunne sett seg opp mot den columbiske leiarstaten og heile det columbiske systemet på same måte som dette samarbeidet i dag gje det mogeleg å få oppheva heile det columbisk-koloniale-nykoloniale systemet i verda. Den norske rørsla i og rundt AKP (m-l) tok til seg denne feilen. Mange i denne rørsla har framleis denne oppfatninga, som eg altså meiner var feil. Ein feil som liknar på dei som støttar USA og Zelinski i konflikten i Ukraina. Den same typen feil gjorde at den radikale rørsla i Norge og mange andre stader støtta USA sin proxykrig (ved å bygge opp Taliban) mot Sovjet-Unionen i Afghanistan frå 1980 og frametter. Wikipedia tar også opp omgrepet i ein lengre artikkel og framhevar at den vestlege definisjonen av dei tre verda er forskjellig frå Mao sin. Same feilen gjer at også folk som kallar seg til venstre i politikken har støtta og støttar USA sin proxykrig mot Syria (ved hjelp en terroristisk del av islam-truande) og støttar ein kurdisk hær som samarbeider med USA i det USA-okkuperte austlege Syria. Dei velmeinande folka som elles kan stå til venstre i politikken gjer desse feila fordi ei ikkje har ei rett oppfatning av motseiingane i verda. Dei ser ikkje kva som er den grunnleggande motseiinga i heile det kapitalistisk systemet (motseiinga mellom arbeid og kapital), kva som har vore og er hovudmotseiinga i tida med dei kvite europearane sin erobring av oversjøiske imperia (motseiinga mellom imperiebyggarane og verdas undertrykte land og folk), og kva som er underordna motseiingar som og kan vere viktige. Innan den eurosentriske, columbiske historieoppfatninga har denne hovudmotseiinga vore halde skjult for det meste. Det gjer at vi har hatt og til dels har ei feil oppfatning om tilstanden i verda og i dei prosessane som fører til endringar i dei geopolitiske tilhøva no, og ei feil oppfatning av kven som er fiendar og vener i dei reelle konfliktane og krigane som går føre seg. Det fører vidare til at vi ikkje forstår den enorme kampen som no finn stad i verda frå statar som riv seg laus frå det anglo-amerikansk leia columbiske nykoloniale systemet og korleis det columbiske systemet går i oppløysing for første gong på meir enn 500 år. Men forkjemparane for systemet fortsett sin blodige politikk så lenge dei kan.

[4] Jakarta-metoden har lengre historiske røter enn den som kjem fram i den boka som blir omtala her. Røtene går heilt tilbake til Columbus landa på Hispaniola og Jakarta-metoden er berre ei nyare versjon av den columbiske folkemord- utbyttings- og undertrykkingspolitikken som har prega verda sidan 1492. Eg har skrive ein del om dette mellom anna i ein artikkel om tidlegare folkemord på Filippinane.

[5] Dynamikk er læra om korleis ting rører seg.

[6] Han vann valet og et no president på Filippinane.


[i] Vincent Bevins, The Jakarta Method (New York: Public Affairs, 2020) side 227.

[ii] Bevins, side 53.

[iii] Bevins, side 24.

[iv] Bevins, side 24.

[v] Bevins, side 25.

[vi] Sjå Dahlia Simangan og Jess Melvin, Desroy and Kill ‘the Left’: Duerte on Communist Insurgency in the Pilippines with a Reflection on the Case of Suharto’s Indonesia,» Journal of Genocide Research 21, nr. 2 (2019), side 214-226. Under Republikken Filippinane sin lov 11188, også kalla «Ein lov som sørger for spesielt vern for born i situasjonar med væpna konflikt og som sørger for straff for brot mot dette» «viser» strategiske landsbyar «til ein væpna konflikt brukt av ein part … som isolerer eit viktig samfunn frå kjernesoner og kan bli brukt til å kontrollere aktivitetane av folk i desse områda.» «Republikkens lov nr. 11188, «LawPhil prosjektet, sett i verk 20. april, 2022. I praksis er innesperring i strategiske landsbyar berre praktisert av statens styrker, og tyder ein klareringsstrategi ved hjelp av militær bombing. Under Vietnamkrigen blei denne strategien brukt av den USA-støtta Sør-Vietnamesiske hæren for å kjempe mot kommunistisk infiltrasjon. Se Spencer Tucker, The Encyclopedia of the Vietnam War: A Political, Social, and Military History (Oxford: ABC-CLIO, 2011) side 1070.

[vii] Bevins, side 61.

[viii] Bevins, side 111.

[ix] Bevins, side 85.

[x] Bevins, side 81.

[xi] Bevins, side 23 og 31-34.

[xii] Bevins, side 309.

[xiii] Bevins, side 227.

[xiv] Den 26. desember 1968 grunnla Jose Maria Sison det maoistiske Kommunistpartiet på Filippinane som braut seg vekk frå det gamle kommunistpartiet som var leia av Josa Lava. Det nye kommunistpartiet kritiserte det gamle partiet for deira subjektivistiske og opportunistiske feil som var eit resultat av den moderne revisjonismen. Sjå Armando Liwanag, Stand for Socialism Against Modern Revisionism (Utrecht: Foreign Languages Press, 2017.).

[xv] Se Ramon Guillermo, «Blood-Brothers: The Communist Party of the Philippines and the Partai Komunis Indonesia,» South-East Asian Studies 7, nr. 1 (2018): sidene 13-38.

[xvi] Sjå Malou Camagay, «Salud Algabre. The Forgotten Member of the Philippine Sakdal» i Women in Southeast Asian Nationalist Movement, editor S. Blackburn og H. Ting (Singapore: NUS Press, 2013), sidene 125-145. For Sturtevants intervju med Algabre som er sitert av Camagay, se David Sturtevant, Popular Uprisings (Ithaka: Cornell University Press, 1976, side 298. Forfattaren gir kreditt til Judy Taguiwalo, Francis Gealogo og E. San Juan for deira uunnværlige innsikt i Salud Algarbe og alle arbeid om livet hennar.