Den skjulte handa – Korleis Kina kjempar mot dei columbiske statane sin verdsdominans

Avisa Klassekampen har i dag (22.2.20) ein artikkel med tittelen «Den tyske bremsepedalen» frå den danske avisa Information skriven av Matthias Sonne og Martin Gøttske. I artikkelen bruker dei Kina-ekspert Mareike Ohlberg som viktig intervjuobjekt. Dei viser også til ei bok som ho har vore medforfattar til.

La oss difor sjå på denne Kina-eksperten, kva ho står for og representerer. Ho var saman med Clive Hamilton forfattar til boka: Den dolda handen – Hur Kinas Kommunistiske Parti underminerar västliga demokratier och omformar världen. Her får vi vite kva ho meiner om tilhøvet mellom USA og Kina og korleis vi alle bør sjå på det.

Boka har ei mengd av eksempel som skal prove påstanden i tittelen. Desse eksempla er ei blanding av ein del forhold der Kina og det styrande partiet der, Kinas kommunistiske parti (KKP), fortener kritikk, og ei rad med heilt vanleg aktivitet frå parti og stat, som drivast over alt i verda. Desse blir alle tolka inn i ei forteljing som går ut på at KKP og Kina er ute etter å ta rotta på det parlamentariske demokratiet i andre statar og på alle menneskerettar i heile verda.

Eksempel 1 på den skjulte handa

Det er ikkje mogleg å gå gjennom alle eksempla i ei kort melding. Eg slår derfor opp i boka på eit par tilfeldige stader for å sjå på kva dei ser på som skjult påverknad frå Kina for å få slutt på demokrati og menneskerettar i verda. Eg hamnar først på side 166. Dette er ein stad ute i kapittel 7. med overskrifta «Mobilisering av den kinesiska diasporan» (kinesarar som bur i utlandet). Her tar dei opp Kinas Råd for fremjing av fredeleg nasjonal attforeining. Dette rådet har lokalavdelingar i mange land. Dei arbeider for at Taiwan, som er kinesisk territorium, skal gjenforeinast med resten av Kina.

Historia er jo at Taiwan i 1939 blei okkupert av Chiang Kai-shek og hans folk. Chiang Kai-shek hadde då først vore meir interessert i å slåst mot Mao og hans styrker, enn å slåst mot japanarane og deira fryktelege okkupasjon. Mao måtte rett og slett ta han til  fange og tvinge han til å vere med for å redde Kina frå japansk øydelegging og herredømme. Då japanarane var slått fortsette Chiang Kai-shek, med amerikansk hjelp, kampen mot frigjeringshæren til kommunistane. Men styrkane hans blei driven sørover og til slutt fòr han og hans folk over til den kinesiske Taiwan-øya og etablerte eit styre der.

Denne øya hadde Japan okkupert etter ein krig i 1895. Då dei tapte verdskrigen måtte dei gi området tilbake til Kina. Amerikanarane støtta i tida etterpå Chiang Kai-sheks sitt styre som representanten for heile Kina. Derfor var Republikken Kina på Taiwan internasjonalt anerkjent som Kinas eigentlege regjering mellom 1949 og 1971. Men i 1971 overtok Folkerepublikken Kina deira plass i FN og FNs Tryggingsråd. Regjeringa på Taiwan blei ikkje lenger anerkjent som representant for Kinas folk. Kina sin langsiktige politikk er å få Taiwan tilbake under Kina, nett som dei gjer med Hong Kong som i si tid blei stole av engelskmennene. Kina arbeider ope for dette i dei fora dei finn tenleg, og har oppretta grupper i forskjellige land for å fremme denne politikken. USA arbeider for at Taiwan skal vere ein sjølvstendig stat som støttar dei i kampen mot resten av Kina. Kina sitt arbeid for gjenforeining, med heilt normal oppretting av vennskapsorganisasjonar i andre land, som arbeider for dette, blir her framstilt som eit slags fordekt angrep på det parlamentariske styresettet og demokratiet i Vesten. Og grunnen skal vere at det er Kinas Kommunistiske parti (KKP) som står bak dette og ikkje regjeringa i Kina som er vald på demokratisk vis.

Viss vi sjekkar USA sine organisasjonar i andre land, så driv dei også og jobbar for å fremje USA sine interesser og for at folk skal ha eit positivt syn på USA og USA sin politikk. Vi kan til dømes sjå på den eldste amerikanske organisasjonen i England, The American Society in England,[i] som har følgjande misjon: Fostering sentiments of mutual respect and affection between the people of two great nations is a worthy mission as relevant today as it was in 1895. We warmly invite Americans and others with strong ties to the United States to apply for membership. Organisasjonen har eit stort kontaktnett i England og har sjølvsagt stor påverknadskraft. Elles finnast det svært mange organisasjonar som jobbar for amerikanske interesser i England og som har band til den amerikanske ambassaden der.[ii] I fjor blei det også avdekka at ein amerikansk anti-abort organisasjon i Belfast dreiv aktiv og missleiande propaganda mot kvinners rett til å ta abort.[iii]

Eksempel 2 på den skjulte handa

Så slår eg tilfeldig opp på side 280. Eg finn eit avsnitt om KKP sine tenketankar inne i Kina. Her skriv forfattarane at Kina under Xi Jinping har trappa opp arbeidet med kinesiske tenketankar som skal arbeide for å styrke truverdet til Kinas politiske og økonomiske system og at det er oppretta mellom 50 og 100 slike. Ei målsetting var å styrke Kinas røst internasjonalt og spreie Kinas standpunkt. Forfattarane reknar så opp fleire av tenketankane og viser at dei har tilknyting til KKP og arbeider internasjonalt for å få oppslutnad om Kina sitt syn på saker.

Men no det jo slik at det er USA sitt syn på verda som har vore dominerande minst sidan andre verdskrigen, og Kina si stemme ha vore svært liten. Med den enorme økonomiske framgangen og handel med heile verda er det jo naturleg at også leiinga i Kina vil ha ei større røst ut i verda. Det er jo ikkje slik at dei USA-dominerte verdsmedia har noko upartisk og sann informasjon om Kina heller.

Viss vi går inn på alle tenketankane til USA som dominerer den såkalla diskursen i verda, så ser vi jo at i informasjonsflaumen er svært ulikt fordelt, og Kina slepp ikkje så mykje til. Då er det heilt naturleg at dei vil ha organ som kan spreie deira eige syn på forskjellige saker. Det treng ikkje vere noko fordekt eller skummelt i det. Ein av desse tenketankane er den som Mareika Ohlberg sjølv er tilsett hos, så ho sit i glashus.

Eksempel 3 på den skjulte handa

Kampen mot Huawei (side 206-211) er eit eksempel på det same. Alle veit at dei amerikanske sikkerheitstenestene har hatt avgjerande innflyting på utbygginga av nettbaserte tenester som bygger på teknologi utvikla i USA. Og alle veit at sikkerheitstenestene avlyttar all trafikk på nettet i heile verda. Klagen mot Huawei går ut på at selskapet har gjort, og gjer noko av det same og derfor er ein sikkerheitsrisk for andre land i verda. Kor mykje det er i dette, veit vi ikkje. Forfattarane legg ikkje fram prov for det. Dei snakkar om mistankar om kopling til den kinesiske hemmelege tenesten og at det er svært sannsynleg at tjuveri av sikkerheitsklarert materiale frå en Afrikanske unionen sitt kontor i Addis Abeba blei gjort av Huawei og at mange tilsette i Huawei meiner at det kinesiske regimet plasserer ut agentar i Huawei sitt kontornettverk i utlandet. Og det snakkar om klagar på at Huawei har stole konfidensiell informasjon frå konkurrentar.

Men dette er ikkje det viktige seier forfattarane. Det viktige er at «Huaweis globala ekspansjon, helt i egen rätt, tjäna som en kraft för Pekings innflyande». For dersom Huawei oppnår sitt mål å bli den dominerande leverandøren og konstruktøren av det globale kommunikasjonsnettet i det tjuande hundreåret, kjem det til å gi Peking ei enorm innflyting rundt om i verda.

Og så kjem det ei opprekning av alt det Huawei gjer, på same vis som alle operatørar i denne marknaden, for å fremje si sak. Dei klagar på at mange forsvarer Huawei mot USA sine klagar og at Huawei jobbar opp mot alle typar folk for å få innpass i marknaden. Og korleis dei sponsar til dømes store idrettslag osb. Dette er sjølvsagt ikkje noko anna ein økonomisk konkurranse der Kina er på offensiven med overlegen teknologi, mens USA, i spissen for den columbiske flokken, må forsvare sin meir tilbakeliggande teknologi med politiske middel og sterkt press.

Eksempel 4 på den skjulte handa

Vi må sjølvsagt også sjå på saka med uigurane som stadig går i dei vestlege massemedia. Det er ein Adrian Zenz som er kjelda for denne påstanden. Den verste påstanden som blir tatt opp er at den kinesiske regjeringa står for folkemord på uigurane. Det er no klart at desse påstandane ikkje stemmer. Lyle Goldstein[iv], som er ein kinesisk spesialist, professor og forskar ved avdelinga for strategisk og operasjonell forsking ved Naval War College i USA[v], sa til The Grayzone[vi] at Zenz sine påstandar om at den kinesiske behandlinga av uigurane dreier seg om «demografisk folkemord» er «låttelege og dessutan fornærmande for dei som mista slektningar i Holocaust.” Goldstein sa at den kinesiske tilnærminga til Xinjiang «er ei meir undertrykkande haldning enn vi ønskjer, men den er absolutt ikkje folkemord.»

Videre viser ein grundig gjennomgang av Zenz si forsking at påstanden hans om folkemord blir undergrave av grov datamisbruk, falske påstandar, kirsebærplukking av kjeldemateriale og propagandistiske feile framstillingar.

Faktisk viser det seg at talet på uigurar i Xinjiang aukar og at deira del av folketalet i provinsen i forhold til han-kinesarane også aukar markant. Det kjem ikkje minst av at uigurane har vore unnateke frå politikken med eit barn som hankinesarane har vore pålagd i fleire tiår. Men frå 2017 har uigurene fått same avgrensingar som dei han-kinesarane i Xinjiang har hatt, nemleg at dei berre kan få to barn i byane og tre barn på landsbygda. Bruk av prevensjonsmiddel er også blitt meir vanleg. For ein religiøs fundamentalist som Zenz blir dette til folkemord.

I Xinjiang der uigurane bur er helseforholda for mødrer og barn blitt vesentleg forbetra, akkurat som i resten av Kina. Ein studie publisert av det rennomerte medisinske tidsskriftet The Lancet, som såg på alle provinsane i Kina, sa at reduksjonen av spedbarndaudelegheit og forbetring av mødrene si helse i Kina er «ein oppsiktvekkjande suksesshistorie».

The Grayzone har gått gjennom alle påstandane i artikkelen til Zenz og påvist at han triksar med tal, finn på statistikk og medvete feiltolkar informasjon for å få han til å passe i hans eigen agenda.

Og hans agenda er at han er en ytterleggåande høgreorientert religiøs fanatikar som er abortmotstander, motstander av familieplanlegging, samt at han er ein endetidspredikant. Han seier sjølv at kampanjen hans mot Kina er «styrt av Gud». Han er fanatisk motstandar av homofile og seier at dei jødane som ikke omvender seg til evangelisk kristendom før Endetida vil bli «utrydda eller havne i ein glødande omn».

Zenz har undervist ved fundamentalistiske kristne utdanningsstader og han er engasjert av den nykonservative tenketanken Jamestown Foundation som blei grunnlagd av Ronald Reagans CIA direktør William J. Casey for å finansiere sovjetiske dissidentar.

Påstandane om folkemord er fake news lik dei USA alltid brukar mot land som dei vil svekke eller angripe.

Kva representerer forfattarane av boka

Det er alltid viktig å vite kva slags krefter som står bak slik skrifter. Så la oss sjå på det. Clive Hamilton[vii] har vore kjend som ein kapitalismekritikar og ein kritikar av korleis regjeringa i Australia legg lokk på og styrer dei offentlege debattane. Han har leia ein tenketank som har vore vurdert som politisk progressiv. Han var professor i Public Ethics ved Senter for anvendt filosofi og offentleg etikk som blei lagd ned i 2016 og overført til Charles Sturt universitetet, der Hamilton blei Prorektor for offentleg etikk. Dette universitetet har i det siste blitt utsett for hard kritikk for å bruke mykje pengar på å endre namn og image, framfor å sikre akademiske standardar.[viii] Det vanlege ved slike offentlege ettersyn[ix] er at universiteta frå godkjenning for sju nye år, men Charles Sturt-universitetet fekk berre 4 år.[x] Elles tapte leiinga kampen for å endre namn på universitetet etter kraftig motstand frå studentar, tidlegare studentar og lokalmiljøet. Det som har skjedd tyder på at det har skjedd ei endring i leiinga for universitetet i retning meir marknadsretting.

Men Mareike Ohlberg er den mest interessante av forfattarane. Ho har jobba for Mercator Institute for China Studies (MERICS) og Munich Security Conference som er den største konferansen i verda der statane sine spesialistar på sikkerheit møtast. Konferansen blei grunnlagt I 1963 av ein tysk offiser som hadde vore med på samansverjinga for å drepe Hitler. Målet med konferansen var frå starten å samle leiarar og diplomatiske ekspertar for å diskutere tilstanden i NATO og forholdet mellom statane på begge sider av Atlanterhavet. Seinare har interesse-området blitt utvida. Ohlberg var tilsett ved The German Marshall Fund of the United States[xi] då ho var med og skreiv boka.

Den 56. Munich Security Conference (MSC 2020) blei halde frå 14. til 16. februar 2020 på Bayerischer Hof i München. Der var meir enn 500 deltakar og representantar for statar og regjeringar frå 35 land. Eit viktig tema for diskusjon var tilhøvet mellom USA, Kina og EU. Al Jazeera hadde ein artikkel om kva ein kunne vente blei tatt opp på konferansen.[xii]  Her finn vi også nemnd tilhøvet USA, EU, USA og problemet med at dei vestlege statane var i ferd med å miste sitt hegemoni i verda. Eg finn ikkje noko samandrag av konferansen på nettet.

Den skjult handa samsvarer heilt med USA sin siste blåbok på området

Men eit resultat av desse diskusjonane og regjeringa USA si haldning finn vi i den nye blåboka for USA sin Kina-politikk[xiii]. Blåboka er skriven av direktør Peter Berkowitz ved kontoret til utanriksministeren i USA si underavdeling, Office of The Policy Planning Staff, og blei gitt ut i slutten av november 2020. Tittelen er «The Elements of the China Challenge» (Elementa i utfordringa frå Kina). Her samanfattar han i 10 punkt[xiv] kva USA må gjere for at ikkje Kina skal gå forbi dei internasjonalt. Mange middel er nemnd, og krig er blant desse, om det er naudsynt. Og samanliknar vi det vesentlege innhaldet i «Den dolda handen» med denne blåboka ser vi at dei grunnleggande vurderingane og tiltaka er samanfallande.

Det vesentlege ved den skjulte handa – ein gedigen konspirasjonsteori

Med dette kjenner vi bakgrunnshistoria til «Den dolda handen». Denne boka er ein propagandaframstøyt for det synet på Kina som USA vil spreie for å skape opinion for angrepa på «hovudfienden» sin. For å klare dette er det ikkje nok å kritisere Kina på sakleg vis. Dei lagar ein gedigen konspirasjonsteori om Kinas mål og politikk som det ikkje finnast prov for i dokumenta frå partiet og folkekongressen, og som vi ikkje finn prov for i den praksisen Kina har i sin politikk ovafor omverda. I røynda finnast det ingen prov for at Kina vil øydelegge det parlamentariske systemet i dei landa som har dette, og heller ikkje det despotiske systemet i dei landa som har det.

Eit forsvar for det samanfallande columbiske systemet

Denne konspirasjonsteorien skal tene som forsvar for det samanfallande og gruelege columbiske systemet sin desperate overlevingskamp. Vi finn dette avspegla på side 39 i boka der forfattarane skriv at Kina begynner «utmana den utveklade världens grepp om makten».

Det kjem og fram på den første sida i boka der det heiter at «De demokratiska institusjonerna och den globala ordningen som upprättades efter andra världskriget har visat sig skörare än väntat och är sårbara för de nya vapen för politisk krigföring som de nu ställs inför. Det kinesiska kommunistpartiet utnyttjar de demokratiske systemens svagheter för at undergräva dem och även om många i Väst fortfarande inte vil medge det är demokratierna i akut behov av större motståndskraft om de ska öveleva.» Leser du den nemnde blåboka ser du kva USA vil gjere for å få «större motståndskraft» og leser du «Den dolda handen» får du meir detaljer med same utgangspunkt.

Med dette utgangspunktet blir det også slik at alle dei vanlege kontaktane som Kina tar over heile verda innan økonomi, utdanning, kultur og på alle andre felt, blir sett på som farlege. Og dei er farlege fordi det er Kommunistpartiet i Kina som styrer landet, og dette partiet vil fjerne demokrati og menneskerettar over alt. Kina kan sjølvsagt kritiserast for mykje. Kva stormakt kan ikkje det? Og all slik kritikk har forfattarane spora opp. Men også heile normal kontaktverksemd som alle stormakter driv ovafor andre land, leiarar, organisasjonar osb. blir her tolka som delar av eit samla angrep på det vestlege parlamentariske demokratiet som forfattarane set lik med det dei kallar den utvikla del av verda sitt grep om makta.

Kva skjuler dei

Dei skjuler den erklærte politikken til Kina og kommunistpartiet som er å ikkje legge seg inn i korleis andre land blir styrt. Og dette er ein politikk som vi kan sjå blir følgd i praksis. Kina har kontakt med alle som er open for kontakt. Så det er altså ikkje snakk om at Kina skal ta rotta på det parlamentariske demokratiet i dei landa som har denne styreforma, og heller ikkje det despotiske styret i Saudi-Arabia eller andre stader. Dei legg seg heller ikkje bort i dei forskjellige landa sin praksis når det gjeld menneskerettar.

Forfattarane går sjølvsagt ikkje inn på korleis Kinas Kommunistiske parti verkeleg kan styre det svære landet Kina. Dei prøver å få det til å sjå ut som det er overvaking, tvang og einsretting som er hovudmetodane. Alt dette finnast i Kina, men dette er ikkje det vesentlege. Det vesentlege er at KKP fører ein politikk som har gitt store fordelar til mest heile folkesetnaden i landet. Det gjer at folk har stor tillit til partiet og heile styret i Kina. Som i alle land er det sjølvsagt også dei som ikkje er nøgde. Dei får seie frå om dette, men dei får ikkje samle oppslutnad som kan true styret.

KKP har bortimot 100 millionar medlemmer, altså litt under 10 % av folkesetnaden. Det vil seie at det er om lag 12-13 personar på kvart partimedlem. Partimedlemmene utgjer altså ein stor prosentdel av folket og dei fleste har eit nært forhold til folk rundt seg, for dei tar del i dei mange organisasjonane som kinesarane har. Her tar folk opp sine saker og partiet får førsterangs kunnskap om kva folk tenkjer og ønskjer. Dei viktige diskusjonane blir tatt vidare i partiet. Informasjon og påverknad går ikkje berre ein veg her, men både opp og ned i hierarkiet. Inne i partiet fungerer også eit partidemokrati. Forskjellige politiske interesser og retningar er representert og det er avstemmingar i saker og val på personar til posisjonar i partiet ut frå oppslutnaden om deira politikk. Det går an å hevde at systemet er vel så demokratisk som det tydelege rikmannsoligarkiet som dominerer vala i USA.[xv]

Under dei parlamentariske demokratia i den vestlege verda har vi fleire parti. Men ser vi nøyare etter så har dei alle, med nokre små unnatak, det same grunnlaget. Dei er for og vil ta vare på det kapitalistiske økonomiske systemet vi har. Slik sett er dei ein reell koalisjon der usemjene går på korleis dette systemet skal drivast på best mogleg måte. Derfor kan vi seie at dei er eitt koalisjonsparti. Skifte av regjeringar endrar ikkje politikken på noko grunnleggande vis. Det går altså, slik sett, an å sjå på dei som eitt parti, der forskjellige delar ser litt forskjellig på korleis kapitalismen skal administrerast. I land med eit formelt eittpartisystem finn vi desse forskjellane inne i partiet og dei som vinn fleirtal for sitt syn på partikongressane stig og fram som leiarar.

Samanfatting

Det er rett og slett slik at heile det verdsherreveldet som dei kvite nordatlantiske statane bygga opp etter at Columbus kom til Amerika, som står for fall. Heile det enorme globale utbyttingssystemet til desse statane kan rakne. Det er ein katastrofe for dei store kapitalane som er knytt til dei columbiske maktene og for dei herskande klassane i desse statane. Sidan 2. verdskrigen er  det USA som har vore den leiande columbiske makta og som har brukt NATO og fleire andre «internasjonale» institusjonar og ordningar for å fylke dei til strid for den amerikanske verdsdominansen. Så i dag er det USA som leier kampen for å halde på sitt grep om makta i verda. Det har ført, og fører stadig til forsert opprusting, krigar med og utan stadfortredar, undergravingsverksemd, arbeid for regimeskifte, økonomisk skadelege og drepande sanksjonar og det byggjer opp vilkåra for å løyse ut ein storkrig på det eurasiske kontinent. Noko som sjølvsagt vil skje ut frå løgnar som då dei knuste en irakiske staten og let norske flygarar bombe fram ei øydelegging av Libya som var den mest veldrivne staten i Afrika, med dei fryktelege resultata det har gitt. For ikkje å snakke om stadfortredarkrigen i Syria og det USA-støtta kuppet i Ukraina, som opna for ein ny vår for nazismen, og der norske aktørar var svært aktive,.

Terje Valen, tysdag 22. januar 2021.


[i] https://americansocietyuk.com/

[ii] https://uk.usembassy.gov/u-s-citizen-services/local-resources-of-u-s-citizens/social-organizations/

[iii] https://theovertake.com/~beta/american-anti-abortion-organisations-are-interfering-with-uk-access-to-abortion/

[iv] https://usnwc.edu/Faculty-and-Departments/Directory/Lyle-Jared-Goldstein

[v] https://usnwc.edu/

[vi] https://thegrayzone.com/

[vii] https://en.wikipedia.org/wiki/Clive_Hamilton

[viii] https://www.abc.net.au/news/2019-05-23/concerns-over-charles-sturt-university-spending-and-credibility/11142020

[ix] https://www.teqsa.gov.au/sites/default/files/teqsa-published-decisions-report-april-june-2019.pdf?v=1567491730

[x] https://www.teqsa.gov.au/national-register/condition-decision/re-registration-3-april-2019-1

[xi] https://en.wikipedia.org/wiki/German_Marshall_Fund

[xii] https://www.aljazeera.com/news/2020/2/14/what-to-expect-from-the-munich-security-conference

[xiii] https://en.wikisource.org/wiki/The_Elements_of_the_China_Challenge

[xiv]https://en.wikisource.org/wiki/The_Elements_of_the_China_Challenge/Executive_Summary#Executive_Summary

[xv] https://en.wikipedia.org/wiki/Ideology_of_the_Chinese_Communist_Party