Med dei «grøne» for kapital og imperialisme

Den antikapitalistiske fløyen i alle dei «grøne» partia har tapt den interne kampen, og desse partia prøver no å redde miljøet innanfor kapitalen sine rammer. Noko som sjølvsagt i det vesentlege er øydeleggande for miljøet.[i]

Men både i Tyskland og Frankrike skjer det no ei vidare utvikling av desse partia. Dei har med fynd og klem forlate ein kvar antiimperialistisk tanke og blitt trugne tilhengarar av den USA-dominerte imperialismen.

La oss først sjå på Frankrike. Le Monde diplomatique skriv no om Yannick Jadot[ii] som er initiativtakar til ei politisk samling han kallar «réunion unitaire» som vi vel kan omsette med «felles samling» og som elles er ein av dei fremste «grøne» politikarane i landet. Redaktøren i avisa, Serge Halimi, skriv i årets mai-nummer av avisa at Jadot har publisert ein analyse av utanrikspolitikken som vi skulle tru var redigert av eit Pentagon-byrå, der han plasserer seg til høgre for president Macron. Han seier at den aukte internasjonale spenninga kjem berre av den større aggressiviteten til dei autoritære regima som styrer i Kina, Russland og i tillegg Tyrkia. Det ser altså for han ut som provokasjonane aldri kjem frå USA, Saudi-Arabia eller Israel. Med same tunnelsynet gir han Moskva og Peking monopol på «falske nyheiter» og støtte til «ekstremistiske rørsler» eller oppkjøp av franske nøkkel-føretak. Han ser bort frå løgnene om masseøydeleggingsvåpen i Irak, den vestlege støtta til den syriske Al-Nusra-fronten – knyta til Al-Kaida og USA sine tiltak mot konkurrerande føretak og som tvinga føretaket Alsom inn under General Motors. Han forlangar at europearane straks stanser gassrøyrprosjektet Nordstream 2 og at vi må støtte Ukraina til å møte den militære aggresjonen frå naboen Russland. Så langt redaktør Halimi.

Så til Tyskland der den leiande figuren til dei «grøne», Annalena Baerbock[iii] har jobba i nokre år no for at dei «grøne» skal komme i regjeringsposisjon og til og med få kanslarembetet.
Kanslar Angela Merkel har ønska ho velkomen om ho vinn stillinga. Baerbock har stadig meir tilpassa dei «grøne» sin politikk til det som Online Focus[iv] kallar sentrum venstre i heile politikken. Det tyder at ein del av dei mest utfordrande programpunkta for dei «grøne» blir svekka og fjerna. Men det mest interessante i denne samanhengen er utanrikspolitikken ho står for. Ho meiner at krigsfaren i Ukraina kjem frå dei aggressive russarane, og at krigsfaren i Sør-Kina-havet kjem frå Beijing. Ho høyrer også til dei hardaste motstandarane mot gassleidninga Nordstream 2. Ho er truandes til å seie dette rett i fleisen på Putin. Og det same gjeld synet på angrepa på menneskerettane når det gjeld det muslimske mindretalet i Kina eller den valdelege undertrykkinga av demokratirørsla i Hong Kong, slik ho ser det.

Med dette har dei to leiande talspersonane for den «grøne» rørsla i Europa innynda seg hos det imperialistiske finansborgarskapet i USA og sjølv plassert seg i leiren av dei statane som har erobra, undertrykt og utbytta resten av verda heilt sidan Columbus kom til Amerika i 1492. Dette er vegen det går med desse «grøne» rørslene når dei nærmar seg dei viktigaste taburettane. Då gjeld det å få tiltru hos den herskande klassen, elles er det mest umogleg å vinne leiande parlamentarisk posisjonar i land der USA har dominerande innflyting. Utan ein marxistisk analyse i botn, ei politisk innretting på arbeidarklassen, ein aktiv antiimperialisme med ein kommunisme i Karl Marx’ ånd som målsetting og ei leiing som går i spissen for å mobilisere heile partiet til å arbeide aktivt og ope for dette, vil det gå den vegen med alle parti som elles kallar seg radikale og til og med sosialistiske og revolusjonære.

Terje Valen, fredag 14. mai 2021.


[i] Sjå til dømes Daniel Tanuro, Green Capitalism: why it can’t work, Merlin Press, 2013. Boka blei først publisert på fransk som L’impossible Capitalisme Vert av Editions La Decouverte, Paris, 2010. Tanuro sjølv er erklært marxist. Han er kvalifisert jordbruksingeniør og har publisert fleire bøker med marxistisk analyse av økologi. Slik sett følgjer han opp den store franske økologiske pioneren, René Dumont, som mellom anna skreiv Seule une écologie socialiste … i 1977 og også stilte som dei grøne sin statsministerkandidat i 1974. Dumont var heilt klar på at den vesentlege grunnen til fattigdom og problem i den fattige verda var undertrykkinga og utbyttinga frå dei kvite nordeuropeiske statane. Det politiske forfallet frå han til Yannick Dadot er skremmande og viser korleis dei «grøne» partia har blitt fanga av finanskapitalen sin ideologi og sin eigen politiske karrierisme.

[ii] https://en.wikipedia.org/wiki/Yannick_Jadot

[iii] https://en.wikipedia.org/wiki/Annalena_Baerbock

[iv] https://www.focus.de/politik/deutschland/kommentar-kampf-ums-kanzleramt-herzlichen-glueckwunsch-frau-baerbock_id_13207936.html

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.