Fattigdomen i verda er uhyrlig

Av og til kjem det fine oppslag i media om at fattigdomen i verda er i ferd med å gå mykje ned. Men ser vi nøye på målemetodane, så ser vi at mest heile nedgangen kjem av utviklinga i Kina.
Det fins andre opplysningar.
Viss vi set fattigdomsgrensa til 10 dollar per dag, eller omlag 85 kroner, noe som er meir realistisk enn 1 eller 2 dollar, så lever no rundt 5,2 milliardar menneske under denne grensa. Kvart år døyr rundt 17 millionar menneske av grunnar som vi kan knyte til fattigdom. Dei aller fleste av desse er born. Det skjer år etter år. Systemet som sørgjer for dette er den moderne kapitalismen. Noen hissar seg i dag svært opp over mange millionar menneske døydde av svolt i Kina under det store spranget. Men det var i nokre få unnataksår, mens kapitalismen krev 170 millionar unaudsynte liv kvart tiår, og tiår etter tiår.

Dette er ein av dei viktige sakene som gjør det påkravd for meg å leite etter ein vadestad over elva, ut av kapitalens fengsel.

Du lese fleire detaljar om dette på engelsk her: http://www.thepeoplesvoice.org/TPV3/Voices.php/2015/10/10/globalgoals-the-truth-about-poverty-and-#more40136

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.