Skjebnetid for kapitalen

I 2016 gav John Smith ut boka Imperialism in the Twenty-first Century – Globalization, Super-Exploitation, and Capitalism’s Final Crisis (Imperialismen i det 21. hundreåret – Globalisering, superutbytting og kapitalismens endelege krise). Han summerer opp alt i slutten av boka. Det skal eg omsette no. Men først skal et gi att den første setninga i boka og samanfatte det Smith skriv om det som skjedde.

«Samanrasinga  av Rana Plaza, ein 8 etasjars bygning som husa mange tekstilfabrikkar, ein bank og nokre forretningar i eit industridistrikt nord for Dhaka, hovudstaden i Bangladesh, den 25. april 2013 som drap 1133 tekstilarbeidarar og skada 2500, var ein av dei største arbeidsulukkene i den historia vi kjenner til.»

Dagen før det skjedde hadde ein oppdaga sprekker i bygnaden og han vart undersøkt. Det førte til at han vart stengt. Alle som jobba der blei evakuert og det vart råda til at bygnaden skulle vere stengd frametter. Dagen etter følgde dei som jobba i butikkar og i banken i første etasje rådet og held seg vekke. Men tekstilarbeidarane fekk ordre om å komme på jobb eller få sparken. Då generatorar som var ulovleg installert på toppen av bygget starta opp kollapsa bygnaden og tusenvis av arbeidarar var fanga og vart knust under betongen. Dei vestlege merkevareforetaka i vesten som tener på den billige produksjonen i dei fattige landa gjorda alt dei kunne for å sleppe unna ansvaret for det som hadde skjedd. Smith seier at denne «ulukka» var som ein gigantisk stråle eller ein sjokkbølgje som gjennomlyste den indre strukturen i den globale økonomien.

Så til omsettinga av boka sin konklusjon.

«Den store bølgja med utflytting av produksjonsprosessen til låginntektsland, som blei mogleg på grunn av den gunstige utviklinga av IKT og den hurtige utviklinga av transportteknologien, var eit strategisk svar på den doble krisa med fallande profitt og overproduksjon som dukka opp att på 1970-talet i form av stagflasjon og ein nedgangskonjunktur som kom samstundes over heile verda. Denne prosessen som kom av imperialistane sin uvilje mot å fjerne dei dyre positive reformene dei hadde gått med på og som hadde hjelpt til med å omvende arbeidarane i det globale Nord til passive tilskodarar og til og med medskuldige, i undertrykkinga til imperialistane av resten av verda. Saman med den enorme utvidinga av gjeld i familiane, føretaka og statane, gav denne globale endringa det avleggse og øydeleggande kapitalistiske systemet ei utsetting som varte i knapt tjuefem år. «Finanskrisen» som sørga for slutten på denne utsettinga er ein følgjesmitte, ein sjukdom som er skapt av den medisinen som blei tatt for å lette ein djupare sjukdom som kapitalismen ikkje har nokre alternative middel mot. Eksponentielt aukande gjeld lykkast med å halde overproduksjonskrisen innan grenser som gjorde at han kunne fortsette å eksistere, men har brakt det globale finanssystemet nær samanfall. Overføring av produksjon til andre land har auka profitten til føretak over alt i den imperialistiske verda og hjelpt til med å halde oppe levestandarden til innbyggarane der, men det har ført til meir avindustrialisering, har gjort kapitalismens imperialistiske og parasittiske tendensar større og har stabla opp globale ubalansar som truger med å føre verda inn i øydeleggande handelskrigar. Alle faktorane som produserer denne krisen – aukande gjeld, aksjeboblar, globale ubalansar – blir forsterka av verknadane av dei naudtiltaka som er laga for å halde dei i sjakk. Ironien i null-rente-politikken og statleg innsprøyting av pengar i økonomien (quantitative easing) er at den største suksessen til denne – å halde oppe verdien på finansformuane og rikdommen til dei som eig desse formuane – blokkerer den einaste kapitalistiske løysinga på krisen, nemleg ein massiv ettergjeving av krava på samfunnsmessig rikdom.

Statleg innsprøyting av pengar og nullrente-politikk eller «amfetaminrus for finansmarknaden» slik ein banksjef for Goldman Sachs så uforgløymeleg kalla det[i] – er difor eit middel til å utsette det uunngåelege, som å sparke bensinkanna nedetter bakken mens du ventar og håpar på at motoren skal starte att.

Sjølv om den globale krisen først viste seg i finans- og banksfæren så er det som verda no er inne i mykje meir enn ein finanskrise. Han er det uunngåelege resultatet av motseiingane i det kapitalistiske systemet sjølv som no ikkje kan utsettast lenger. På berre tre tiår har  den kapitalistiske produksjonen med sine indre motseiingar blitt svært omforma ved det umåtelege globale skiftet av produksjonen til lågkostland, med det resultatet at profitt, velstand, og samfunnsmessig fred i dei imperialistiske landa har blitt kvalitativt meir avhengige av utviklinga av super-utbytting av levande arbeid i land som Vietnam, Mexico, Bangladesh og Kina. Av dette følgjer at det no ikkje berre er ein finanskrise og heller ikkje berre ein ny krise i kapitalismen. Det er ein krise i imperialismen.

Framveksten av nyliberalismen etter eit tiår med krigar, kriser og revolusjonar var ikkje uunngåeleg. 1970-åra var, når alt kjem til alt, eit tiår då USA vart kasta ut av Vietnam, eit tiår med revolusjonane i Nicaragua og Iran, Cubas siger over Sør Afrika sin invasjon i Angola og Soweto-oppstanden som følgde. Det var resultat av kampar der resultatet ikkje var gitt på førehand. Fire tiår seinare er heller ikkje framtida avgjort på førehand, men det tyder ikkje at det finnast eit uendeleg tal med moglege framtider. I røynda finnast det berre to: sosialisme eller barbari. Kva framtid av desse to som vil skje vil avhenge av kampen til millionar, og av dei revolusjonære sin kapasitet til å smi ei leiing av det kaliberet den dei russiske bolsjevikane hadde eller Cubas 26. juli rørsle.

Den enorme veksten til arbeidarklassen og særleg industriarbeidarklassen i Kina og i nasjonar som er undertrykt av imperialismen er den mest avgjerande omforminga i den nyliberale perioden og må rangerast blant dei viktigaste utviklingane i kapitalismens historie. Forflyttinga av arbeidarklassen sørover, styrkinga av arbeidarklassen i dei imperialistiske landa ved immigrasjon frå undertrykte nasjonar, og kvinnene sitt inntog i lønsarbeidet i alle land tyder at arbeidarklassen nå er mykje meir eit uttrykk for heile menneskefellesskapen og styrkar mykje sjansane for å vinne i dei kampane som  kjem. Meirverdien som blir pressa ut av desse nye legionane av dårleg betalte arbeidarar hjelpte til å grave kapitalismen ut av hòlet sitt på 1970-talet då den imperialistiske ordninga blei utfordra av overproduksjon, fallande profitt og aukande klassekamp i kjernelande og ved opprør og revolusjonar i Asia, Afrika og Latin Amerika. Saman med brørne og systrene sine i dei imperialistiske landa har arbeidarane kapasiteten, misjonen og skjebnen til å grave eit nytt hol, ein grav der dei kan gravlegge kapitalismen og få slutt på det som Marx kalla «menneskesamfunnet si forhistorie».[ii]

Samspelet mellom levande arbeid og naturen er kjelda til all rikdom. Kapitalismen si ville utbytting av begge har ført til ikkje berre ein alvorleg samfunnsmessig og økonomisk krise, men også til ein veksande økologisk katastrofe. Aukande konsentrasjon av CO2 i atmosfæren saman med resten av avfallet som blir skapt i den kapitalistiske produksjonen og dumpa på land og i elvar og hav skapar allereie ekstremvær på heile den sørlege delen av kloden. Kapitalismen sin tendens til å utarme arbeid og natur er like gamal som kapitalismen sjølv, men nett som den enorme appetitten han har på billig arbeid og den draumen han har om omgå produksjonen heilt gjennom finansiell alkymi, når dei øydeleggande tendensane hans fram til sitt mest ekstreme uttrykk på same tid. Den kapitalistiske øydelegginga av naturen tyder at det ikkje berre er kapitalismen si aller største krise nokon gong, er det kapitalismens siste krise, ein eksistensiell krise for menneskefellesskapen.

Derfor altså leier alle vegar inn i krisen herifrå. Med orda til den cubanske revolusjonære leiar, Raúl Valdés Vivó, er dette un crisis salida del capitalismo, ein krise som det ikkje finnast nokon kapitalistisk veg ut av. Den einaste vegen frametter for menneska er «å begynne omforminga til ein kommunistisk produksjonsmåte. … Anten vil folka øydelegge den imperialistiske makta og opprette si eiga makt eller så blir det slutten på historia. Det er ikkje ‘sosialisme eller barbari’ som Rosa Luxemburg sa i 1918, men sosialisme eller ikkje noko.[iii]

Terje Valen, 14. mai, 2021.


[i] Sitert i Henry Sender, «On Wall St: A Tonic that Works Too Well, ”Financial Times”, 23. desember, 2009.

[ii] Karl Marx, 1859, A Contribution to the Critique of Political Economy, http://www.marxists.org/archive/marx/works/1859/critique-pol-economy/preface.htm  

[iii] Raoúl Valdés Vivó, «Crisis sin salida del capitalismo,» Rebelión, 30. januar, 2009, https://rebelion.org/crisis-sin-salida-del-capitalismo/ , forfattaren si omsetting. Lenka i boka er feil, eg har funne den rette. TV.

Rimeleg god velferd for alle

Den kapitalistiske marknaden kan ikkje sikre dette

Dette skulle vere eit enkelt krav og det skulle vere enkelt å få det til med den enorme utviklinga av produktivitet og produksjon som har funne stad dei siste femti åra. Men det skjer ikkje i heile den gamle columbiske verda og i dei fleste andre land. Det vil særleg seie den delen av verda der overklassane bygga opp eit system for utnytting av heile resten av verda til beste for desse overklassane. Det har berre skjedd i nokre land utanfor desse. Nokre av dei har blitt allierte med columbiarane som Japan og Sør-Korea. Men det er nokre som  står utanfor den columbiske dominansen, som Nord-Korea, Cuba, Venezuela, Syria, Russland, Iran, Kina som kanskje dei viktigaste. Desse har prøvd å sette i gang prosessar for å få betre velferd for folkesetnaden sin, men det har vorte svært vanskeleg på grunn av den økonomiske krigføringa som dei columbiske statane har ført mot dei. Det landet som har lukkast i størst monn i dei siste generasjonane er Kina. Eit viktig kjenneteikn for Kina er at Det kommunistiske partiet har kontrollen på den kapitalistiske utviklinga som har skjedd. Marknadskreftene har vore halde i ganske stramme tyglar. Dette gjeld for alle stader der velferda har vore relativt godt utvikla. Når vi seier at marknadskreftene ikkje kan sørge for rimeleg god velferd for alle, så vil alle utan bind for auga sjå at det stemmer.

Det som har kjenneteikna dei siste rundt 50 åra er at kapitalismen har nådd eit stadium der det blir stadig vanskelegare å oppretthalde velferd for alle saman med eit kapitalistisk profittsystem i det heile. Det kjem av at den enorme utviklinga av produktiviteten i økonomien har ført til stadig minkande avkastning på heile kapitalen, profittraten sin tendens til å falle har vore aktivert. Og under kapitalismen er velferd for alle avhengig av relativt høg profittrate. Den gjer det mogleg å halde oppe overføringar til det arbeidande folket som gjer ei viss velferd mogleg. Når profittraten fell blir denne moglegheita stadig meir svekka. Det er dette vi har sett no i nokre tiår.

Leiande kapitalistar forstår problemet og har si løysing

Dei leiande kapitalistane sjølv ser no dette. I siste nummer av magasinet Time (Time 2. til 9. november 2020.) fortel nokre av dei at det som er kalla nyliberalismen har mislukkast, mellom anna fordi systemet ikkje har klart å utvikle nett velferd for alle, men at det har gått i motsett lei, med meir rikdom for nokre få og stadig vanskelegare kår for det store fleirtalet. No vil dei lage noko dei kallar «the Reset», ei ny begynning som når du startar opp at ein datamaskin ut frå eit tidlegare punkt, slik at dei feila som er lagt inn i den siste tida, før det tidspunktet du går tilbake til, blir fjerna.

«I dei siste 30 til 50 åra har den nyliberale ideologien vorte leiande i store delar av verda. Sentralt for denne tilnærmingsmåten er den oppfatninga at marknaden veit best, at oppgåve til forretningsdrifta er å drive forretning» og at regjeringa bør halde seg vekke frå å sette klare reglar for korleis marknaden fungerer. Denne dogmatiske trua har vist seg å vere feil. Men heldigvis er det ikkje lagnaden at vi skal følgje ho.» Dette skriv Klaus Schwab som var grunnleggaren av World Economic Forum, og som er arbeidande styreleiar der, når han gir eit samandrag av hovudpunkta boka si, Stakeholder Capitalism, som kjem ut i  2021.

Så seier han: «Det er verkeleg slik at dei dårlege nyheitene som er knytt til Covid-19 kom på toppen av enorme økonomiske, økologiske, samfunnsmessige og politiske utfordringar (han kan jo ikkje ordet problem) som møtte oss allereie før pandemien kom. Og kvart år som gjekk gjorde at desse utfordringane, som folk erfarte direkte, syntest å bli verre, ikkje betre. Det er også sant at det ikkje finnast nokon lett veg ut av denne vonde sirkelen, sjølv om mekanismane for å gjere det ligg rett føre oss. Kvar dag finn vi opp nye teknologiar som kunne ha gjort liva våre og planeten sin helse betre. Frie marknader, handel og konkurranse skapar så mykje rikdom at det i teorien skulle kunne gjere at alle får det betre viss det var vilje til å gjere det. Men det er ikkje vår røynd i dag.» Så seier han at det økonomiske systemet som skapte rikdom i USA på 1950- og 60-talet ikkje fungere lenger, men bidreg til samfunnsmessige usemje og missnøye. Men likevel er det mogeleg å tru på et at eit betre økonomisk system er mogeleg.

Han skriv altså at det er mogleg med eit betre økonomisk system, og at det kan vere like om hjørnet. Så tar han covidkrisen som eksempel og seier at «stakeholders act for the public good and well-being of all, instead  of just a few.” Altså at desse som no blir kalla stakeholders handlar til alle sitt beste og for at alle skal ha det godt. Omgrepet stakeholder blir stort sett gitt tydinga anten eit individ, ei gruppe eller ein organisasjon som blir påverka av resultatet av eit prosjekt. Dei er interessert I at prosjektet skal lukkast og kan vere både innan og utanfor organisasjonen som sponsar prosjektet., Ifølgje Oxford Shorter Dictionary, tyder stakeholder economy ein økonomi der alle i samfunnet som har satsa får del i resultatet når ein lukkast. Dette tyder til dømes at arbeidarar er stakeholders i føretaket som utbytar dei, fordi dei er avhengige av at føretaket går godt for å få utbetalt lønna si. Regjeringar er også stakeholders i prosjekt som finanskapitalen set i verk når dei er med på satsinga. Det same gjeld internasjonale organisasjonar.

Men omgrepet kan også tyde den som tar imot pengar som du veddar for. Det vil seie at enkeltpersonar og føretak som sponsar tiltak og reklamerer godt for dei, kan få store overføringar frå staten sine skattepengar, frå internasjonale organisasjonar og private investorar. Staten og dei andre veddar då på ein måte på at dei skal få fordel av dette. Når staten etablerer sugerøyr for finanskapitalen i fellesskapet sine kassar for å utvikle til dømes velferd og vindturbinar og mange miljøtiltak, er det slik vedding. Det viser seg ofte at reklamen ikkje samsvarer med røynda, og at regjeringa sine sugerøyr til finansmonopola, som ifølgje illusjonane våre tener fellesskapen av arbeidande menneske, berre, eller i all hovudsak, tener til meir profitt for finanskapitalen. Ofte ser vi heller ikkje noko særleg til dei fordelane som det blei reklamert med, mens ulempene kjem fram i rikt monn.

Schwab legg stor vekt nett på det sterke samarbeidet mellom regjeringane og forretningsverda for å sikre fond som trengs for å utvikle og distribuere vaksine. Og han vil at dette skal bli eit mønster for all økonomisk aktivitet frametter. Og sjølvsagt understrekar han at føretak ikkje treng så stanse strevet etter profitt for aksjeeigarane. Dei treng berre å «skifte til eit lengre perspektiv på organisasjonen sin og misjonen hans og sjå forbi det neste kvartalet eller rekneskapsåret til det neste tiåret eller den neste generasjonen.» Så tar han Maersk og Black Rock som gode eksempel.

Med desse eksempla i tankane skal vi altså bygge eit etisk økonomisk system.

Kva er då «reset»?

Derfor betyr denne «reset» at den grunnleggjande logikken i det kapitalistiske systemet blir halde oppe, mens dei seier dei skal fjerne som har skada denne logikken på eit vis. Det rådande systemet, kapitalismen, skal derfor haldast oppe, men kapitalistane skal prøve å unngå dei feila som blir tatt vekk ved «reset». Vi skal derfor også merke oss at tittelen på artikkelen i Time er Capital Ideas, og i innleiinga skriv dei Ei gruppe føretak begynner å omdefinere korleis vi skal måle suksess. Capital kan tyde både store og viktige og kapital. Eg trur begge tydingane er rette. Og den neste setninga viser at vi her har kapitalens viktige store og nye ideer. Ideas (idear) viser til den borgarlege ideologien som Schwab er talsmann for og som han vil sluse oss inn i.

Artikkelen i Time, og boka som kjem, er den friserte reklamen for dei planane som no verserer i storfinansens verd. I september organiserte International Business Council, ei underavdeling av World Economic Forum, ei samling for lage mal for den nye moralske kapitalismen. Samlinga var leia av Brian Moynihan frå Bank of America. Dei diskutere nokre ikkje-finansielle mål som føretak kan legge inn i planane og årsmeldingane sine. Dei diskuterte då slike spørsmål som, kva er forskjellane mellom kjønna innan føretaket, kor mange folk med forskjellige bakgrunnar blei tilsett og forfremja, kva har føretaket gjort for å redusere gassar som skaper drivhuseffekt, kor mykje skatt betaler føretaket internasjonalt og lokalt, og kva gjorde føretaket for å tilsette og trene opp folk.

Vanlege arbeidsfolk må sjå realitetane bak reklamen for å kunne handle passande når dei forskjellige lure angrepa på dei kjem. Instinktivt kan vi forstå mykje, men ei djupare forståing krev at vi kjenner den kapitalistiske logikken. Og den er det berre Marx som har avdekka skikkeleg. Det er derfor det er så viktig å lese Marx. Utan hans omgrep og analyser har vi ikkje eit skikkeleg våpen mot dei variantane av borgarleg ideologi som vi er utsette for heile tida. Legg merke til at lønn og makt over produksjonsmidla og kva som skal produserast til beste for kven, ikkje er nemnd av Schwab. For kvinnene er det sjølvsagt den borgarlege likestillingsfeminismen som gjeld, ikkje arbeidarklassen sin frigjeringsfeminisme. Dei store finansmonopola si utbytting av både «eigne» arbeidarar og mindre føretak pluss folk i andre land er heller ikkje noko emne for han, sjølvsagt.

Attende til moralisten Adam Smith

I røynda går no finanskapitalistane tilbake til den store kapitalistiske økonomiteoretikaren, Adam Smith, som utforma sine økonomisk teoriar før 1800. Men Adam Smith var eigentleg ein moralist og hadde skrive eit stort verk om etikk og moral før han kom med det store verket sitt om kapitalistisk økonomi. Han sa då også at det kapitalistiske systemet i seg sjølv ikkje var moralsk i sin funksjon, og at det måtte styrast av kapitalistane sin moral der sympati var eit grunnleggande omgrep. Det vil seie sympati med arbeidarane og dei fattige som blei utbytta og undertrykt som ei følgje av den lovmessige utviklinga av kapitalen. Han foreslo altså at kapitalen skulle bli styrt av moralsk og etisk høgverdige kapitalistar som sympatiserte med arbeidarane sine.

Men botnlinja trumfar moralen

I dag, som tidlegare, veit vi at botnlinja trumfar moralen. Når det er god forteneste fordi utbyttinga av dei «eigne» arbeidarane og/eller folka i andre land går godt, så kan kapitalisten tillate seg moral og etikk og sympati. Men når føretaket, eller heile systemet slit med fortenestegraden, eller profitten, då gjer dei det som må til for å hindre raude tal på botnlinja og ha eit betre resultat enn konkurrentane. Smulane som kjem ned til dei som skapar verdiane blir då mindre.

Dette har vi sett ved overgangen frå den sosialdemokratiske til det nyliberale versjonen av kapitalismen. I dei gamle kapitalistiske landa blei profittraten så låg fram mot 1980 at sosialdemokratismen måtte vekk, sjølv om ein del slagord blei med vidare. Sosialdemokratiet sine positive reformar blei erstatta av sosialdemokratiet sine deformar, negative reformar som gjekk ut over arbeidsfolket. Av og til var det deformar som samsvarte godt med dei erklærte høgrepartia sin politikk og av og til gjekk dei i same lei som denne politikken, men var ikkje heilt like ille. Dette er hovudgrunnen til sosialdemokratiets fall. Dei har måtte forlate det grunnleggande prosjektet sitt med positive reformar for arbeidarklassen for å halde på tiltrua frå den herskande utbyttarklassen. Då profittraten fell blei det avslørt kven dei tente. Dei kunne ikkje kamuflere det lenger med milde gåver til folket. Samstundes fekk vi endå større kapitalistiske monopol enn før, og dei både utbytta «eigne» arbeidarar og andre mindre føretak. Slik har fleire av dei klart å halde sine profittar oppe.

Dette har opna markene for dei gamle høgrepartia og nye høgreparti som Framstegspartiet. Særleg Frp sette opp nokre freistande krav om lågare skattar og mindre statsbyråkrati. Men når det kom til stykket har det vist seg at det først og fremst var dei rikaste som fekk lågare skattar og dei vanlege  arbeidsfolka og meir fattige folk, fekk det verre medan statsbyråkratiet vaks og leiarane fekk mykje høgare betalt. Velferd blei privatisert og svekka. Eit eksempel er den store nedgangen i sjukehusplassar frå 1980 til i dag. Det skal ha vore ei halvering. Og sjukepleiarane blir pressa stadig hardare av foretaksøkonomiske system der sjukehus blir sett på som eit føretak på linje med andre. Eit anna eksempel er privatiseringa av barnehagane som blei sett i verk under ei arbeidarpartiregjering med SV på slep, då dei skulle bygge ut barnehagar i stort tempo for å gi tilbod til alle barn. Og som høgreregjeringar har følgt opp.

No skal altså finansoligarkane i gang med ei ny utvikling av det kapitalistiske systemet der alle verdiar i samfunnet skal mobiliserast for å halde oppe profitten til dei største finansmonopola, mellom anna Black Rock som var nemnd av Schwab. Og dei verdiane skal mellom anna komme frå dei skattane arbeidsfolk betalar ved at monopola får stadig fleire sugerøyr i statskassane. Då blir det mindre att til den velferda desse skattane skulle sikre. Dette er beinhard klassekamp vidare frametter, folkens. Og det må vi innrette oss på.

Terje Valen, 2. november 2020.

Keynes sin kapitalisme eller Marx sin kommunisme

I Klassekampen 10.7.20 finn vi nok ein artikkel om korleis den borgarlege Keynes kunne løyse kapitalen sin krise. Alle som kjenner den vesentlege logikken i utviklinga av kapitalismen veit at Keynes sine teoriar og tiltak, til liks med dei såkalla nyliberale ikkje rører ved det vesentlege i denne logikken. Alle desse tiltaka ligg innanfor den kapitalistiske logikken og skal få kapitalismen til å fungere betre. Derfor fører dei, under visse tilhøve, nett til at dette systemet fungerer betre. Men det varer berre  ei stund og så fangar logikken dei att. Og då trengs det heilt andre drastiske tiltak for å få opp at den generelle profittraten. Det trengs anten ei stor utviding av rommet der kapitalen fungerer og/eller ei massiv øydelegging av produktivkrefter, særleg den delen av dei som Marx kallar konstant kapital, altså alt som brukast i produksjonen når du tar vekk arbeidskrafta. Det var ikkje keynesianismen, men Den andre verdskrigen som måtte til for å redde kapitalismen ut av den store krisen som begynte i 1929. Etter den store øydelegginga av produktivkrefter undr krigen kunne kapitalismen starte opp att med mykje høgare gjennomsnittleg profittrate og USA som supermakt. Men profittraten tok straks til å falle.  Dermed blei rommet for at den keynesianske resepten og sosialdemokratiet kunne fungere stadig mindre.

Frå rundt 1965 til rundt 1980 fall profittraten i industrien svært mykje og om trenden hadde fortsett ville han nærme seg null litt ut i den 20. hundreåret. Frå då av fekk vi omlegging frå keynesianisme til nyliberalisme med gjeldsfinansiering og større hegemoni for finanskapitalen, sugerøyr i felleskassene og opning av nye marknader og investeringsområde med høgare meirverdirate etter oppløysinga av Sovjetsamveldet og overgangen til statskapitalisme i Kina, pluss hardare utbytting av arbeidskrafta gjennom nedskalering av velferd og pensjonar og overgang til dårlegare arbeidstilhøve med lågare løner, til dels gjennom fri flyt av arbeidskraft, og satsing på meir monopolkapital med monopolprofittar og nisjar der profitten enno var god – dei som kunne tileigne seg grunnrente (som Norge med olja) satsa også mykje på det. Eit vesentleg moment i tillegg dette har vore automatisering og bruk av digitale hjelpemiddel for å auke meirverdien gjennom å minske den naudsynte arbeidstida (då arbeidarane skaper verdiar tilsvarande si eiga løn) i høve til meirarbeidstida (då meirverdien blir skapt). Dette utsette krisa i kapitalismen ei stund, men den vesentlege logikken kunne heller ikkje dette stanse. I 2008-9 og deretter har vi fått provet på det.

Utviklinga av dei store finansmonopola har vorte resultatet av det som blei reklamert for som opning for den frie marknaden. Statsmaktene, med USA i førarsetet har vore avgjerande reiskapar for å sette alle desse tiltaka ut i livet, saman med internasjonale institusjonar der USA har hatt hegemoni. Men også lokale samanslutningar som Europaunionen har vore viktig.

Dei gamle kolonimaktene og deira avleggarar som USA, Canada, Australia og Sør-Afrika, som har dominert og utbytta verda sidan Columbus kryssa Atlanterhavet, gjorde ei lagnadstung feilvurdering då dei flytta mykje av industrien sin ut for auke profittraten ved å nytte den billigare arbeidskrafta utanfor sine eigne land og då svært mykje av han havna i Kina. Gjennom lausrivinga frå dei columbiske imperialistane i 1949 blei Kina i stand til utvikle seg ut frå eigne behov og då utlendingane kom med sine investeringar var landet moge for ei uhyre rask økonomisk utvikling som er i ferd med å skiple heile den verdsordninga som Columbus starta. Dei columbiske maktene sin verdsdominans står for fall og leiaren for desse maktene, USA, kjempar desperat og med fryktelege middel for å halde på den vaklande verdsdominansen. Derfor er det no på gong ei stor kampanje gjennom dei mest total einsretta columbiske media eigd av dei rikaste kapitalistane i «Vesten» for å svartmale Russland og Kina samt eit intenst arbeid for regimeskifte eller til og med væpna angrep på desse statane om det kan passe. Meir uavhengige media som Klassekampen blir rive med. Vi veit at det i USA er planar om å bruke Norge til å provosere Russland så mykje at dei gjer noko som USA og dei andre NATO-maktene kan konstruere som grunnlag for angrep på landet. Då kan vi som ei første krigssone i ein slik krig bli grundig øydelagd. Dette er det styresmaktene våre no risikerer når dei opnar for stadig meir utanlands militær verksemd i landet vårt.

Ut frå dette er skodinga mot Keynes eigna til å skape farlege illusjonar og kva vi kan gjere for å komme ut av alle dei frykteleg krisene som no rir verda. Dei keynesianske verkemidla kan nok enno utsette krisene noko og gi dei andre former enn nyliberalismen, men begge retningane ligg innanfor den vesentlege kapitalistiske utviklingslogikken og alle tiltaka deira førebur berre verre kriser lengre fram. I det vesentlege kan vi seie at dersom kapitalismen fortsett, under kva slags økonomisk slagord som helst, så vil det føre til vidare kapitalistisk anarki, større konsentrasjon av rikdom ved den eine (vesle) polen og fattigdom og elende ved den andre (svært omfattande) polen, stadige økonomiske og alle andre typar krisar, med miljøøydelegging og pandemiar som viktige innslag, demonstrasjonar og opprør av alle slag som blir slått ned, avvikling av dei  borgarleg-demokratiske rettane og oppretting av borgarlege despoti av ymse slag, ei uendeleg rekkje krigar, sultkatastrofar og slik bortetter.

Alle som vil redde menneska og den verda vi lever i og av, må no gå inn for å oppheve kapitalismen og innføre eit nytt system for korleis vi utvekslar oss med naturen rundt og fordelar produkta vi skapar med kvarandre, og sette i verk heile den enorme omforminga av alle menneskelege tilhøve som vil måtte følgje av det. Kapitalismen er eit anarkistisk system med uavgrensa vekst som innebygd mål som har tatt makta frå menneska. Det vil seie at menneska må bringe økonomien under medveten demokratisk kontroll. Det kan i vår tid berre blir gjort gjennom politisk middel, ved at den samfunnsklassen som representerer kapitalen blir fråtatt makt i statane og dei internasjonale organisasjonane, og ved at utvekslinga med naturen rundt oss blir innretta og medvete planlagt av heile den arbeidande samfunnsklassen ut frå menneska sine ikkjeframandgjorte behov og dei grensene som naturen rundt set. Det er eit slik system Karl Marx i si tid lanserte og som han kalla kommunisme, dvs. den oppheva kapitalismen der vi tar med oss det materielle grunnlaget som er skapt under kapitalismen utan det kapitalistiske vekstanarkiet og med ei kraftig utviding av demokratiet slik at det kan lagast planar som tener behova til det arbeidande folket og ikkje profittstrevet. Altså: det vi treng er ikkje Keynes sin kapitalistiske keynesianisme, men Marx sin etterkapitalistiske kommunisme.