Haiti som NGOane sin republikk

Etter eit par procolumbiske og villeiande artiklar i Klassekampen om Haiti for kort tid sidan har et tatt på meg å drive litt anticolumbisk folkeopplysning. Her er tredje innlegget i dette høvet.

NGOar (Non Governmental Organisations) er organisasjonar som formelt sett ikkje er statlege. I røynda er dei no finansiert og dirigert av statar og dei rikaste finansfolka i verda. USA og deira finansoligarkar kontrollerer flest NGOar.

For dei som vil vite korleis verda fungerer i dag er boka Washington Bullets – A History of the CIA, Coups and Assassinations frå 2020 av Vijayd Prashad viktig. Han følgjer opp slike tidlegare bøker som Free World Colossus frå 1962 av David Horowitz (utgjeven på norsk av Pax i 1964 og 65) og 1965 med tittel USA og den tredje verden, søkelys på amerikansk utenrikspolitikk bind 1 og 2) og War Without End – America Planning for the Next Vietnams frå 1972 og fleire bøker av William Blum, der den siste var America’s Deadliest Export – Democracy – The Truth About US Foreign Policy and Everything Else frå 2014.

Eg omsette her eit avsnitt frå Prashad si bok, sidene 132-135, med overskrifta Republic of the NGOs.

Det er fleire NGOar i Haiti per hovud enn nokon anna stad i verda. Men det er det mange andre stader og. IMF (Det internasjonale pengefondet) forlangar at regjeringar må kutte i budsjetta sine gjennom program for strukturendring og det tener til å krympe staten. I staden for den svekka staten kjem mengder av NGOar, mange av dem for å gi tenester som ein gong var vedtatt i grunnlova at den demokratiske staten skulle gjeva; eller det var i det minste det dei håpa på. Med den svekka staten, og med NGOane over alt, hadde regjeringa mindre grunnlag for støtte frå folket enn før. Andre maktkjelder begynte å tre fram. Desse maktkjeldene hadde ikkje noko formelt ansvar i noko demokratisk prosess; dei skal ofte berre stå til rekneskap for dei som finansierer dei, og i dei viktige sakene viser det seg at er dette er regjeringar i USA og EU. Dagsetelen for land som Haiti blir ikkje sett opp av regjeringa der. Den har berre att oppgåva å halde oppe sikkerheita i landet. Dei som set opp dagsetelen er dei internasjonale institusjonane som IMF og regjeringar i USA og Frankrike, men også av FN. Dei set opp vilkåra for det haitiske folket. Med andre ord dei er herskarane på Haiti.

Haiti hadde aldri ein sjanse. Landet var handsame som ein ståande trussel sidan revolusjonen i 1804. Demokrati vart aldri tillate. Den franske regjeringa tok 22 milliardar dollar frå Haiti på grunn av revolusjonen. Det USA-støtta diktaturet til Duvalier-familien, som varte i tretti år, saug landet tørt. Francois Duvaliers sine paramilitære grupper – Tonton Macoutes – opplært av USA sine militære som var stasjonert i landet – drap over 50 000 menneske i denne perioden og spreidde sine antikommunistiske og anti-folkelege ideologiar i samfunnet gjennom frykt og løgner.

Masseoppstandar kasta Duvalier-regimet i 1986. Det nye landet gjekk inn i den demokratiske fasen sin med eit besøk til IMF, som – saman med utanriksdepartementet i USA – «rådde til» ein tvungen politikk for liberalisering av handelen. Det var ingen som ettergav den skammelege gjelda som var tatt opp av den tidlegare diktatoriske regjeringa, utan mandat frå folket.

Det var ei rørsle kjend som floden (lavalas), leia av den tidlegare presten, Jean-Bertrand Aristide, som hadde kasta Duvalierane. I det første valet sitt var det pengar utanfrå som finansierte valkampen til høgrekandidaten, Marc Bazin, som hadde hatt sete i Duvalier sitt kabinett og vore tilsett ved Verdsbanken. Likevel vann Aristides over Bazin. Før Aristides kunne bli tilsett i stillinga blei det gjort eit kupp av eit råskinn blant Duvalier sine folk. Ei stor folkeleg mobilisering gjorde at dette ikkje vart varig. Men etter åtte månader som president blei Aristides fjerna av Raol Cédras. Hans gangsterorganisasjon  FRAPH,  som var finansiert av CIA, gjekk til åtak på Aristides støttespelarar. Cédras var finansiert av  International Republican Institute med base i Washington. Valden frå Cédras si regjering var verre en den som Duvalier hadde utført. Denne valden øydela det nye radikale samfunnet som blei skapt av Lavalas.

Likevel gjorde presset nedanfrå at Aristides kom tilbake i 1994. Då blei han tvinga til å signere ein avtale kalla Governor’s Island Accord som tillèt internasjonale institusjonar å drive Haiti og tillèt NGOar full opning i eit land der dei demokratiske institusjonane var blitt systematisk underminert. Då han fekk makta tilbake i 1994 var det under dei mest gagnlege vilkåra som var sett fast av Clinton i Det kvite huset og Wall Street. Dei ville at Haiti skulle bli ein maquiladora – eit skattefritt område som skulle tene dei multinasjonale korporasjonane. Fordi Haiti ikkje klarte å betale avdrag på gjelda si i 1998 gjekk dei til det internasjonale pengefondet (IMF) som kravde innsparingspolitikk. Aristides klarte ikkje å møte krava til IMF og det fekk IMF til å fryse fond som skulle til regjeringa. NGOane fekk ikkje nokon frys, så pengar flaut inn til dei. USA sitt Agency for International Development (USAID), som blei skapt i 1961, er finansiert av den amerikanske regjeringa og finansiere – i sin tur – NGOar. Grupper som blei finansiert av USAID opplevde stadig auke i budsjetta sine etter 1998 (i 1995 tvinga Kongressen i USA USAID til å stanse finansiering av regjeringa i Haiti og bestemde at dei berre skulle finansiere NGOar). I 1995 fortalde Clinton sin viseutanriksminister til Senatet i USA at «sjølv etter vi gjekk ut i februar 1996» – han viste då til ein planlagt uttrekking av amerikanske militære styrker – «vil vi fortsette å ha makta ved hjelp av USAID og den private sektor». USAID finansierte tusenvis av NGOar, som fremma USAID sin agenda i landet. USAID arbeidde for å omdanne jordbruket på Haiti til ein eksport retta dyrking, dei jobba for å hindre lover om minimumsløn (som då Aristides prøvde å få opp minimumsløna frå 33 cent per time til 50 cent per time), og dei arbeidde for å få inn mathjelp som dumpa «fri» ris som blei dyrka av amerikanske bønder (og kjøpt av fonds frå USAID) og øydela Haiti sin eigen risproduksjon. USAID støtta private skular og undergrov offentlege skular og program for å lære vaksne  å lese og skrive. Dei avskaffa importtoll på mat slik at kyllingfarmar i USA kunne dumpe dei delane av kyllingen som dei ikkje ville ha på Haiti og dermed øydela dei Haiti sin eigen fjørfeproduksjon.

I 2009, under eit umåteleg folkeleg press, vedtok regjeringa i Haiti ein lov som heva minimumsløna frå 24 cent i timen til 61 cent i timen. Med den nye løna ville arbeidarane på Haiti få 5 dollar dagen, mindre enn dei 12 dollar som ein familie på fire treng for å leve på Haiti. Amerikanske tekstilfabrikkar som opererer på Haiti klaga til den amerikanske ambassaden på Haiti og dei dreiv vellukka lobbyverksemd for å få omgjord auken. Nestkommanderande ved ambassaden sa at den nye minimumsløna «ikkje tok dei økonomiske realitetane med i rekninga». Derfor heva regjeringa på Haiti, takka vere den amerikanske ambassaden, berre minimumsløna med 7 cent per time og tillét slik føretak slik som Fruit of the Loom, Hanes og Levi Strauss å hauste massive profittar.

Aristides blei kast ved eit kupp i 1991. Attendekomsten i 1994 var ein tom tilbakekomst – avtalen han var blitt tvinga til å godta – førte til at han berre kunne sjå på at NGOane uthola landet hans sine demokratiske moglegheiter. Likevel vann Aristides valet i  2000. Han kom tilbake med friske steg og forlanga at Frankrike skulle betale tilbake til Haiti dei 21 milliardar dollar som dei hadde kravd frå Haiti for at Haiti i 1804 hadde avskaffa slaveriet gjennom si uavhengigheit. På bakken var det klart at ytre høgre grupper sine drap på Fanmi Lavals støttespelarar hadde utanlandsk støtte og enno klarare at dette var ein metode for å undergrave Aristides totalt. Han blei kasta under eit andre kupp i 2004, då han blei – med hans eigne ord – kidnappa. Det var ikkje lenger berre Aristides som blei kidnappa, men også staten Haiti. Den finst ikkje lenger. Den er no ein NGOrepublikk, slik det er med mange andre nasjonar der dei demokratiske institusjonane har blitt kasta. Desse representerer ein tredje slags kupp – etter kupp med tanks og bankar, har vi no kupp frå NGOar.

Omsett av Terje Valen, laurdag 6. november 2021.

Kampar for å komme ut or columbismen sitt famntak – Haiti som eksempel og Klassekampens skam

Heilt frå starten har dei ikkje-columbiske folka kjempa mot columbismen og for å sleppe ut av den columbiske sfæren.

Dei første som braut ut av det columbiske systemet var dei svarte slavane på Haiti. Alle dei 8 millionane som budde på øya som spaniarane kalla Hispania opphavleg vart drepne av Columbus og broren i løpet av ein generasjon frå 1493 og utetter. Men i 1891 kasta slavane ut franskmennene og oppretta den første frie ikkje-columbiske staten. Seinare sendte Napoleon franske (og polske) troppar for å ta øya tilbake og dei såg ut til å klare det gjennom ein nådelaus drapspolitikk, men dei tidlegare slavane klarte til slutt å slå også desse. Men så slutta USA England, Canada og Frankrike seg saman og gjennom militære intervensjonar og støtte til innlandske rikfolk, militære og dødsskvadronar klarte ein kvit elite etter kvart å ta tilbake makta og slik redda dei Haiti for columbismen[i] med fryktelege følgjer for folket der.

Dette har fortsett heilt fram til i dag. I siste nummer av Monthly Review intervjuar Camilla Valle Margaret Prescod og Pierre Labosiere om utviklinga på Haiti under tittelen The Long Haitian Revolution. Her gjennomgår dei Haiti si columbiske historie heilt fram til i dag.[ii]

Eg kan ikkje gå gjennom alt her, men nokre kommentarar, særleg om den nyaste historia er på sin plass. Revolusjonen til dei svarte slavane på Haiti førte til at dette blei det første landet i verda som braut ut or det columbiske kvelegrepet så tidleg som i 1791 og oppretta sin eigen uavhengige stat, Haiti, den 1.1. 1804, mens Norge framleis var ein provins under Danmark før vi blei gitt til svenskekongen i 1814. Det frie Haiti såg det som si oppgåve å kjempe mot slaveri over alt og vere ein fristad for rømte slavar. Sjølv om columbiarane kom att, har dette vore ein enorm inspirasjon for alle land som har vore og er undertrykte, røva og utbytta av det columbisk-imperialistiske systemet. Difor har det vore ekstra viktig for columbiarane å statuere eit eksempel her.

Frankrike, England, Spania og seinare USA, der slaveriet framleis var i gang, ville øydelegge dette eksempelet på fridom eg vellukka revolusjon. Vi veit jo at slaveriet i USA var ein  av dei heilt grunnleggande føresetnadene for utviklinga av industrikapitalismen i England, med bomull frå USA og spinning og veving, først med vassdrivne fabrikkar og daudeleg barnearbeid i Lancashire i England, og etter kvart meir og meir med dampkraft i Manchester og andre stader.[iii] Og sidan det har folket i Haiti vore fanga i denne kampen.

I 1915 kom eit vendepunkt då regjeringa i USA invaderte Haiti. Jord blei tatt frå innbyggarane og gitt til utanlandske føretak, helst amerikanske. Det kom til eit massivt opprør og amerikanske marinesoldatar kom inn og kjempa for at dei rike i Haiti og deira utanlandske allierte skulle kunne «bygge opp att» landet og hindre at folkerørsla tok makta. Sidan då har folket på Haiti kjempa mot den amerikanske makta. Etter kvart blei Francois «Papa Doc» Duvalier og sonen hans Jean-Claude dei mest brutale uttrykka for klassekampen mot folket for å halde oppe det gamle columbiske systemet.

I 1986 gjorde folket opprør att og kasta Duvalier, men USA har sidan jobba for å få tilbake dei reaksjonære styrkane som blei bygga opp under han og faren hans. Dei klarte å få på plass ei regjering som var dominert av desse styrkane, men i 1990 valde folket Jean-Bertrand Aristide, ein lokal prest som leia den nye fridomsrørsla. Han var den første demokratisk valde presidenten på Haiti og klarte berre å halde seg ved makta i sju månader. Den 30. september 1991 organiserte USA eit kupp som blei utført av ei militære styrkane på Haiti. Meir enn fem tusen menneske vart massakrerte. Det var massiv motstand i folket og mykje internasjonal solidaritet og Aristides klarte å komme tilbake to år seinare for å fullføre sin valperiode. René følgde opp lina hans som neste valde president i 1996. Aristide klarte å få i gang store demokratiske reformar og velferdsreformar i si tid. Mellom anna gav han hovudkvarteret til dei amerikanske inntrengarane til Haiti si kvinneforeining. René følgde opp dette. Folket på Haiti klarte også å utarbeide ein ny grunnlov som førte vidare Aristides sin demokratiske line og var basert på folkeleg medverknad. Han vart vedtatt med overveldande fleirtal.

Men USA fortsette å underminere den demokratiske prosessen. I 2004 organiserte USA under George W Bush eit nytt kupp (faren hadde organisert det i 1991) som førte til drap på nærare ti tusen menneske. Den gamle militære leiinga som Aristides hadde avsett blei sett inn att saman med mange leigesoldatar og drapsmenn frå Haiti, medrekna dødsskvadronen med det fine namnet Front for the Advancement and Progress of Haiti, som var lik den gamle drapsavdelinga til Duvalier, Tonton Macoutes. Fordi dei haitiske reaksjonære kreftene ikkje var sterke nok blei det sendt inn spesialstyrkar frå USA, Frankrike og Canada som fjerna Aristides frå makta og kidnappa han. Men folket på Haiti godtok aldri denne situasjonen og har fortsett å kjempe vidare for fridom til denne dag.

Etter 2004 har Haiti vore under okkupasjon av USA, Frankrike og Canada, alle sentrale columbiske aktørar. Først brukte dei FN som eit dekke for å få folk til å godta det og få folk i verda til å synes vel om det. FNstyrkar har verkeleg utført oppdraget frå USA. Dei har massakrert folk i fattige naboskap og samfunn over heile Haiti fordi folk har fortsett å demonstrere mot det rote utbyttingssystemet, og kravd sine demokratiske rettar, og at personar som dei har vald skal tilbake i leiing. Massakrane fortsett framleis. No er det eigentleg ikkje lengre FN som står i spissen for dette, men dei columbiske kjernelanda med allierte og dødsavdelingane. Dette blir presentert for omverda som gjengkrigar, men alle på Haiti veit at det ikkje er tilfelle.

Gjennom mange år har Frankrike og andre kravd Haiti for store summar. Frankrike var først med å krevje 21,7 milliardar dollar for å dei skulle godkjenne Haiti som ein fri stat. Så heilt frå starten var landet tungt tynga av gjeld. Dette har fortsett. I 2003 hadde president Aristide kravd at Frankrike gav opp kravet sitt og i staden betalte tilbake pengar. Det var ein viktig grunn til at Frankrike deltok i kuppet i 2004. Det var også slik at då USA invaderte landet i 1915 kravde dei og at Haiti dekte kostnadene som USA hadde hatt under okkupasjonen og betalingane for dette fortsette til 1947.

Haiti har også vore ramma av store naturkatastrofar. For å «bøte på» alt dette har dei columbiske kjernelanda invitert inn mengder med NGOar som Redd Barna og andre. Desse har så å seie overtatt heile den økonomiske styringa av landet på vegne av dei columbiske kjernelanda gjennom det som blir kalla NGOs industrielle kompleks. Det har ikkje vore til nokon nytte for folket der. Pengane som blir samla inn over alt i verda kjem dei ikkje mykje til gode. Folka frå NGOane har heilt andre livsvilkår enn dei «innfødte». Dei har høge løner, flotte hus og køyrer rundt i dyre bilar.

Etter jordskjelvet i 2010 fekk NGOane ein flaum av pengar frå heile verda til hjelpearbeid. Kva skjedde med desse pengane? Folket på Haiti seier at det er eit god spørsmål. Til dømes fekk Raude Krossen ein halv milliard dollar og alt dei gjorde var å bygge seks hus. Desse NGOane møter regelmessig i USA sin ambassade og samarbeider med dei om okkupasjonen.

Dette, og mykje meir er utførleg handsama i intervjuet eg har tatt det frå.

Alle slike forsøk på å komme ut av famntaket til columbiarane har blitt møtt slik, med dei smartaste, mest brutale og mordariske middel frå columbiarane. Frå den heimlege debatten i dei siste åra er vi mest kjend med Venezuela og Syria om har klart det som folket på Haiti og Aristides ikkje klarte. Alle som kjenner alle desse historiene veit kva som er sant og kva som ikkje er det som den columbiske verdspressa og andre media gir oss om Venezuela, Syria og andre.

Den columbiske pressa er eit krigsvåpen for den columbiske orden. Det er ille å sjå at også Klassekampen, nett når eg skriv dette (25.10.2021), har eit slikt procolumbisk perspektiv på situasjonen i Haiti. Journalist Roya Shahibzadeh har gått rett på den columbiske historia med gjengane og nemner ikkje med eit ord at landet er okkupert av USA med hjelp Frankrike, England og Canada pluss heimlege reaksjonære militære og dødsskvadronar.

I staden for å gi oss litt tekst som set sakene i det rette historiske perspektiv, med USA i columbiske rolle i sentrum, gir avisa oss eit bilete på 35 gangar 25 centimeter av ein motorsyklist som køyrer gjennom ei gate der det brenn, med ein tekst som ikkje nemner USA si rolle med eit ord og som viser at journalisten ikkje veit kva dei såkalla «bandane» er heller. Det gjer det heilt umogeleg å forstå kva som skjer i landet. Og slik er det over alt der ein ikkje har det anticolumbiske perspektivet og den kunnskapen som trengs.

Eg har gått litt inn på Haiti si historie fordi han seier mykje om situasjonen for alle land som kjemper mot den USA-leia columbismen i det, som Cuba, Venezuela, Syria, Russland, Iran, Kina, Nord-Korea for å nemne nokre som faktisk har klart det Haiti ikkje klarte. Derfor høyrer vi ikkje noko særleg om dei gruelege overgrepa som skjer der dei columbiske maktene rår. Og vi får ei enorm svartmaling av land og personar der dei columbiske maktene har blitt  kasta ut.

Terje Valen, tirsdag 26. oktober 2021.


[i] En virkelig kortversjon i den norske wikipedia https://nn.wikipedia.org/wiki/Den_haitiske_revolusjonen og en ganske grundig versjon i den franske wikipedia https://fr.wikipedia.org/wiki/R%C3%A9volution_ha%C3%AFtienne

[ii] https://monthlyreview.org/2021/10/01/the-long-haitian-revolution/

[iii] https://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Tankar%20ved%20lesing%20av%20Terje%20Tvedts%20verdshistorie.htm