Vegen til fred i Ukraina

Eit par dagar etterat NATOs generalsekretær gjekk kom med ei oppfordring til å sende fleire våpen til Ukraina har nokre Raud-medlemmer gått ut i Klassekampen og brakt ut dette forslaget til partiet Rødt. Eg meiner at å gi våpen til Ukraina er svært uklokt. Diplomati, våpenkvile, forhandlinger og fredsslutning, slik FN foreslår, og Sikkerheitsrådet einstemmig vedtok i mai i fjor etter forslag frå Norge og Mexico, er vegen å gå.

Kva er dei realistiske alternativa til fred frametter i Ukraina?

Det første og viktigaste momentet å ta omsyn til for å finne svaret på det er at leiinga i Russland har gjort det klart at med ein gong det kjem teikn frå Zelenski si side om at han er klar til forhandlingar, så er også Russland det. Fordi Zelenski er USA sin marionett og Ukraina fører ein stråmannskrig på vegne av NATO, slik forsvarsministeren der no har fastslått, ligg hovudansvaret for dette på regjeringa i USA.

Det andre viktige momentet er at Zelenski har sagt at det ikkje blir snakk om fred før alt som Russland har annektert er vunne tilbake til Ukraina, medrekna Krim.

Det tredje viktige momentet er at det frå russisk side er slått fast at dersom det er fare for dette, så vil dei sette inn alle sine ressursar for å hindre det. Det vil mellom anna kunne bety at dei vil kunne mobilisere heile den vernepliktige styrken sin som skal vere på tjue millionar soldatar. Det vil også bety at det ikkje vil vere grenser for kva våpen som vil bli brukt.

Det fjerde momentet er at Ukraina ikkje kan klare å nå Zelenskis mål utan at NATO grip direkte inn. Dersom det skjer har vi starten på ein verdskrig der det er sannsynleg at alle typar våpen vil bli brukt frå begge sider.

Det femte momentet er at det ikkje er sannsynleg at USA vil gå inn for å bruke NATO direkte i Ukraina, mellom anna fordi dei allierte medlemmene der ikkje vil ha ein storkrig i Europa, men og fordi USA sjølv vil bli ramma svært hardt dersom dette skjer. Men dette kan skje ved eit «uhell».

Det sjette momentet er at Russland, ifølge alle uavhengige observatørar som ikkje følgjer propagandaen frå USA og Zelenski, har skapt eit så stort overtak i form av mannskap og våpen, at stadig fleir av dei soldatane som blir sett inn frå Zelenski vil bli drepne og såra og at Russland også kan rykke vidare inn i Ukraina heilt fram til grensa frå 1619 eller vidare til Dnieper som renn frå Kviterussland gjennom Kyiv-området om Zaporizhzhia til Kherson i sør.

Ut frå dette blir det sjuande momentet er at Zelenskis regjering ikkje på noko vis kan vinne i den striden som no går føre seg, berre legge til rette for at fleire soldatar blir drepne og større delar av Ukraina kan bli tapt og meir av infrastrukturen i landet blir øydelagd. Dette tyder at alt som gir Zelenski meir tru på at krigsprosjektet hans kan lukkast berre vil føre til meir drap, større øydeleggingar og tap av territorium, dersom Russland går inn for det. Dette er det reelle alternativet til den vegen som kan føre til fred i Ukraina så snart som mogleg. Meir våpen dit er ei ulukke av uhyrlege dimensjonar. Og kven er dei einaste som tener på dette? Sjølvsagt det militær-industrielle kompleks i USA og våpenfabrikantar i Norge.

Difor er den einaste forsvarlege og moglege utgangen på striden i Ukraina at FN-pakta og det einstemmige vedtaket i Sikkerheitsrådet blir fulgt og at diplomati og fredsforhandlingar blir sett i gong så snart som mogleg. Dette er mitt forslag til Rødt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.