Pressa – kapitalismen – kommunismen

Det er mange grunnar til at journalistar blir talerøyr for dei leiande finanskapitalane. Eg vil her skrive litt om det.

Ein viktig grunn er den svært kraftige indoktrineringa i den engelsk-skotske ideologi som vi alle er utsett for – dvs. trua på at kapitalen og kapitalismen er eit evige ikkje-historiske fenomen som vi ikkje kan sleppe ut av. Det var Marx som avdekka og kritiserte denne ideologien – spesielt i Kapitalen. Først hadde han gjort opp med det han kalla den tyske ideologi, som var idealismen til Hegel og dei som førebudde hans filosofi. Dei trudde at ideane aleine kunne endre samfunnet. Så hadde han gjort opp med det vi kan kalle den franske ideologi, trua på at problema under kapitalismen kan løysast på det politiske nivået aleine.

Så tok han laus på sjølve grunnlaget for heile menneskehistoria, nemleg korleis menneska utvekslar seg med resten av naturen. Her avslørte han, heilt i ned i fundamentet, dei illusjonane som borgarskapet hadde og framleis har om dette. Gjennom det fann han dei grunnleggande motseiingane i det kapitalistiske systemet – at det hadde i seg ein trong til uhemma vekst av produktivkrefter på eit eigedomsgrunnlag som ikkje kunne korkje regulere eller bere denne utviklinga i lengda

Løysinga hans var eit nytt eigedomssystem der det arbeidande folket tar over eigedomsretten til produksjonsmidla frå kapitalistane. Det vil seie at dei tar over denne eigedomsretten som står for utvekslinga med naturen, altså dei som i praksis står for produksjonen, saman med dei som transporterer produkta til forbrukarane og formidlar dei og dei som yter naudsynte tenester for at folket skal ha det bra. Når det arbeidande folket har gjort dette kan dei skape eit system for utvekslinga med naturen rundt og for fordeling av produkt og tenester som tar utgangspunkt i det arbeidande folket sine behov og ikkje kapitalen sitt behov for profitt og kapitaloppsamling. Dette systemet kalla Marx kommunisme.

Du kan sjå kor mange innlegg og innslag du får inn i dei store media om dette – og sjølv i «venstresida si avis», Klassekampen, finnast det mest aldri slike innlegg. Det viser den enorme krafta i den borgarlege ideologien.

Og kvifor det er så viktig at mange kan sin Marx – mellom anna ved å lese og studere Kapitalen. Jau, utan å kjenne ideologikritikken hans kan vi ikkje lage ein mot-offensiv mot det systemet av tankar (den ideologien) som Civita og alle borgarskapet sine utanlandske tenkjetankar produserer og som journalistar og mediefolk spreier i alle kanalar. Manglande kunnskap om korleis heile samfunnsystemet fungerer og må endrast kan føre til at arbeidarklassen ikkje klarer å oppheve kapitalismen på ein god måte. Då står vi framfor det andre alternativet som Marx gir oss – at begge klassane går til grunne i kampen.

Terje Valen, tysdag 5. mars 2019

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.