Aleris og kommunisme i kvardagen

Gjennom fleire tiår har overføringar til offentleg velferd vore under press. Dette har svekka desse tenestene. Dermed har kapitalens representantar fått argument for å privatisere desse tenestene. Påskottet har vore at kapitalistisk drivne føretak vil kunne drive betre og billigare enn dei offentlege. Ein viktig del av opplegget er at det offentlege framleis betalar for behandlinga av klientar og pasientar osb. til dei private drivarane. Aleris er eit av resultata av denne politikken. Vi er no nett oppe i ei sak der det ser ut til å vere avdekka at Aleris tar fantasifulle grep for å få mykje pengar ut av det offentlege. Samstundes har vi fått vite at føretaket har hausta overskott på mange millionar gjennom åra og at leiaren har løn på fleire millionar kroner.

Det vesentleg i alle desse sakene er at kapitalistisk drivne føretak har fått sugerøyr ned i fellesskapen sine midlar som er samla inn gjennom skattar, avgifter, toll osb. Når dei har fått sugerøyra på plass, så bruker dei tradisjonelle kapitalistiske virkemedel for å maksimere profitten. Og slike føretak har blitt nokre av dei mest lukrative i heile «næringslivet». Alle parti som har sete i regjering sidan midten på 1970-talet har deltatt i den politikken som har ført til desse tilstandane.

Kva seier Marx om korleis dette ville blitt handsama under kommunismens første fase. Eg siterer:

«Det som er bestemt til samfunnsmessig behovstilfredsstillelse som skoler, sunnhetsforanstaltninger osv. Denne delen vokser alt fra første stund i sammenlikning med det nåværende samfunn, og tiltar i samme grad som det nye samfunn utvikles.»

Når overføringar av felleskassa til velferd blir redusert, så blir altså kommunistiske moment innan kapitalismen svekka og når kapitalistiske føretak får overta samfunnsmessige oppgåver tyder det at kommunistiske ordningar blir tatt vekk.

Kampen mot Aleris er altså ein kamp for meir kommunisme innanfor kapitalismen. Jo meir svekka dei kommunistiske ordningane innan kapitalismen blir, desto klårare trer kapitalismen fram i si vesentlege form, som eit utbyttingssystem med profitt som hovudmål som skapar stadig større vanskar for folk.

Her kan du lese mer om hva Marx sier om kommunisme i hverdagen: http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Mer%20kommunisme%20i%20hverdagen.html

Og her kan du lese en litt eldre tekst om Det kommunistiske manifest: http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Manistudkap2.htm

Du kan og se her for grundigere behandling av hva Marx skriver om kommunisme: http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Kommunisme%20som%20berekraftig%20menneskelig%20utvikling.htm

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *