Syria og den drepande columbismen

Då Christofer Columbus reiste til det som seinare er blitt kalla Amerika innleia han den epoken då europeisk-kvite overklasser dominerte verda. Dette gjorde dei gjennom bruk av dei største og sterkaste statane der dei hadde makta. Overklassane i mindre statar har gått i alliansar med dei sterkaste og dermed også blitt columbiarar. Underklassane i statane deira har og i nokon grad fått nyte godt av denne dominansen. Det har gjort at klassemotseiingane i det eg kallar dei columbiske statane er blitt avdempa og flytta ut til dei dominerte og undertrykte folka og nasjonane der det har vore lettare å halde dei i sjakk.

Columbisk historie

Dei viktigaste columbiske statane har vore Spania og Portugal, Nederland, Frankrike, England og USA. Tyskland har to gonger før prøvd å klatre opp i rangordninga til dei columbiske statane og no er dei i gong igjen gjennom EU-systemet. Tyskland gjorde ein særleg god innsats for columbiarane gjennom angrepet på Sovjet-Unionen under 2. verdskrigen. Men fordi dei tapte denne kampen måtte dei andre columbiske statane tre inn i krigen for alvor for ikkje å miste innflytinga si i Europa. Det same skjedde i Asia då det vart klart at Kina og Sovjet-Unionen var i ferd med å vinne over Japan. Det er hovudforklaringa på atombombene som blei slepte over Japan. USA utnytta så den enorme svekkinga som krigen hadde ført til i Europa, Sovjet-Unionen og Kina, saman med sin eigen enorme produksjonsvekst under krigen, til å skyte fram posisjonane sine i over alt i verda.

Likevel var det klart at med revolusjonen i Russland og opprettinga av Sovjet-Unionen og revolusjonen i Kina og opprettinga av Folkerepublikken der, begynte ei alvorleg utfordring for dei columbiske maktene. Fleire statar eller delar av statar kom ut av den columbiske dominansen. Den såkalla kalde krigen var motangrepet frå columbiarane. Han var prega av ei utruleg rekke av væpna og ikkje-væpna aksjonar, særleg frå USA, for å bryte ned motstanden mot den amerikanske overklassen sine behov for å herske over og utbytte heile verda. I desse aksjonane blei dei i all hovudsak støtta av dei andre større og mindre columbiske maktene.

Det er viktig å vite at heile den columbiske epoken er bygd på enorme folkemord og utrolege mengder drepne og daude i kampar mot folk og nasjonar som ville bli kvitt utanlandsk dominans og utbytting. Erobrarane frå Spania og Portugal drap ned millionar på millionar av «amerikanske» urinnbyggarar. Det same gjorde alle dei som innvandra til USA der så og seie heile den opphavlege folkesetnaden blei utrydda. Overklassen i England kom seg opp på røveri, opiumsmugling og menneskehandel, saman med hard utbytting av eigen arbeidarklasse. Men smular av overklassens overskott sildra og ned i underklassen og gjorde det lettare å halde den i sjakk. Det har vore eit mønster i alle columbiske land.

Folkemordet i Amerikas er alt nemnd. I tillegg har vi folkemordet i Australia. Vi kan og nemne den blodige erobringa av Afrika. Så har vi mennesketappinga frå Afrika og det utrulege røveriet av ressursar og utbytting av folket over heile det afrikanske kontinent. Dernest nederlendarane sin framferd aust for Afrika i Indonesia og engelskmennene sin utnytting av India med den blodige nedslaktinga etter sepoyopprøret. Og vi har den engelske opiumhandelen mellom India og Kina med det store Taipingopprøret som England og andre columbiske makter hjelpte til med å slå ned og der drapstalet var minst 20 millionar. I tillegg har vi dei millionane kvart år som har  døydd av svolt og sjukdom i alle land som er utbytta av columbiarane.

Etter dette har vi dreping og elende utført av dei sjikta i dei dominerte landa som gjekk i allianse med dei columbiske maktene. Vi kan nemne Suharto som fekk myrda mellom ein halv og ein heil million kinesarar som hadde slått seg ned der. Han fekk full støtte av USA og det tok lang tid før resten av verda blei klar over kva som hadde skjedd. Så har vi flatbombinga av Nord-Korea der så å seie alle bygnader blei ramma og med eit samla tap på rundt 20 % av folkesetnaden. Vi har krigen i Indokina, Frankrike og USA mot Vietnam, Laos og Kampuchea, med millionar daude, bruk av napalm og livsfarleg gift som blei spreidd over alle skogar frå amerikanske fly.

Mykje av USA si columbiske framferd er samanfatta av Leon Blum i fleire bøker som er godt dokumenterte.

Nyare columbisk historie

Då Sovjet-Unionen, som ikkje var ein columbiske makt, fall saman rundt 1990 sto  USA att som den einaste columbiske supermakta med alle dei andre meir eller mindre tett knytt opp i alliansar. Det førte til at ei mengd nye statar blei lagt inn under colombiarane. Særleg mange av dei statane som blei utskilde frå Sovjet-Unionen og dei som hadde lagt under sovjetisk dominans og utanfor rekkevidde av columbiarane, blei no innlemma i klubben som blei utnytta og utbytta av desse. USA gjorde handelsavtalar og oppretta militærbasar i fleire av desse statane. Det såg ut som ein endeleg siger for colubiarane og Fykuyama samanfatta synet i ei bok der han hevda at historia no var slutt og vi var inne i eit varig columbisk system.

Til slutt var det berre nokre relativt få statar att utanfor den columbiske innflytings-sfæren. Iran hadde kvitta seg med sjahen som var innsett av USA og var utanfor. Vi skal vite a Iran har mot utanlandsk imperialisme skrive inn i grunnlova, i motsetnad til Saudi-Arabia der den despotiske kongefamilien er kompradorar for USA og ein viktig alliert for kclumbiarane, nett som dei populære emirata som får tildelt prestisjetunge arrangement og har norske syklistar i eit sykkelteam. Libya under Gadaffi var også utanfor saman med Cuba, Nord-Korea og Kina. Venezuela og nokre fleire «latinamerikanske» land var og ute eller mest ute. Det var og Syria og Russland. Etter den nyliberale katastrofen i Russland klarte Putin å samle landet att og begynne prosessen med å bygge det opp att utanfor columbisk rekkevidde. Og til slutt har vi Kina som frå 1990 til i dag har vakse fram som ein ny økonomisk supermakt utanfor columbisk dominans.

Og heile denne tida har den relative økonomiske makta til USA i verda minska saman med makta til dei andre columbiske statane. Vi står framfor ei mogleg avslutting på den columbiske epoken. Det vil sjølvsagt dei columbiske maktene gjere alt den kan for å hindre. Det ser ikkje ut som dei kan klare det ved hjelp av økonomisk middel og eigentleg står då berre undergraving og militære middel att. Det er også dette som pregar verdssituasjonen no. Dei columbiske maktene er i gong med indre undergraving og ytre militær oppbygging for å halde på dominansen sin. Dei, og særleg USA, veit at tap på dette feltet vil tyde ei stor nasjonal krise i dei columbiske landa. Berre dei som har knytt seg nok til dei postkolumbiske maktene vil klare seg noko lunde, men ikkje lenger som USA sine alliansepartnarar.

Columbismen og den «arabiske våren»

Dei siste framstøyta til columbiarane har vi sett i samband med det som er blitt kalla den «arabiske våren». Det vil seie protestar mot undertrykking i fleire arabiske land. Columbiarane nytta då sjansen til å kvitte seg med Gadaffi for få Libya inn i den columbiske sfæren. Dei gjorde det riktig nok med hjelp av allierte jihadistar som og har sine eigne agendaer og som skapar problem, nett som dei har gjort i Afghanistan og andre stader. Dei folkeleg rørslene i Egypt blei også raskt sett til sides og etter eit mellomspel med Den Islamske Brorskapen, sørga militæret for at gode allierte for kolumbiarane kom til makta att.

Så sto Syria for tur. Då Assad kom til  makta hadde kolumbiarane store håp om at han ville liberalisere økonomien og komme inn i deira flokk, men dei hadde også alternative opplegg dersom dette skulle skjere seg. Det blei tidleg utvikla planar og organisasjonar for å ta makta frå Assad. Då  kom den nye oppbygginga av Den Muslimske Brorskapen der, med støtte frå England og USA. Det er godt dokumentert av Christopher Davidson i «Shadow Wars». Wall Street Journal meldte 23. desember 2015 at USA allereie i fleire år hadde hatt hemmeleg kommunikasjon med element innan det syriske regimet for ut finne ut måtar for å få Assad til å gi frå seg  makta. Islamistane i landet blei og utpeikt som potensielle allierte.

I 2006 var det kraftige teikn på at Brorskapen blei bygd opp att som ei sikring for den britiske regjeringa, etter at dei hadde blitt slått kraftig ned under eit blodig opprør på starten av 80-talet. I slutten av det året blei gruppe frå Den Muslimske Brorskapen invitert til London som del av Den Nasjonale Syriske Redningsfronten som held ein konferanse som kravde regimeendring i Syria. Brorskapen sin eksilleiar i England uttalte at dei såg seg som framtidige partnarar med andre som ville bygge ein sivil, demokratisk stat og ikkje ein islamsk republikk. Og i 2007 var USA med og Brorskapen begynte å få økonomisk støtte og pengestøtte frå Saudi-Arabia. Det som ser ut til å ha vore ein hemmeleg plan for å skape, viss ein måtte det, ein ny islamsk stat i Syria har i det vesentlege blitt bekrefta av den franske utanriksministeren, Roland Dumas, som uttalte at han  hadde hatt møte med leiande britiske offisielle representantar som hevda at dei førebudde noko i Syria, … England førebudde væpna menn på å invadere Syria. Dette sto i Guardian 30. august 2013.[i]

Desse planane ser ut til å ha blitt forstyrra av utslaga av den arabiske våren i Syria. Også her var det ei viss misnøye med styret og det kom til nokre demonstrasjonar, men først med mykje mindre oppslutnad enn det som var sett i dei andre landa. Men Den Islamske Brorskapen gjekk etter kvart i spissen for mobilisering mot regimet og snart strøymde framandkrigarar, pengar og våpen inn frå Quatar, Saudi-Arabia, Tyrkia og USA med allierte. Dei demokratiske kreftene blei sett til sides og brutale reaksjonære islamistar tok kommandoen. Sjølv om det var demonstrasjonar frå demokratiske krefter som ville kjempe for endringar i Syria med fredelege middel,  så var bruken av vald og opptrapping til krig mot den syriske staten og Assad frå byrjinga av ein urettferdig krig støtta av ei innanlandsk mangehoda makt som ville styrte Assad for få oppretta ein islamsk stat i samarbeid med utanlandske makter som ville styrte Assad for å opne landet for columbisk dominans og fri flyt av kapital. Sjølv om Assad hadde støtte frå den anticolumbiske iranske staten og Hamas, så ville dei som dreiv krigen og dei som finansierte og støtta han ha vunne dersom ikkje Assad hadde bede det anticolumbiske Russland om hjelp og fått det.

Borgarkrig i Syria?

Dei som trur at krigen i Syria er ein borgarkrig mot ein despot for å få meir demokrati tar feil. Det er ein krig mot den lovlege regjeringa i Syria med to partar der begge vil fjerne Assad, den eine for opprette ein stat med sjarialovgjeving og den andre for å opne staten for dei columbiske statane sin kapital osb. Så lenge det var håp om å få styrta Assad var det godt samarbeid  mellom dei to partane, men når no Assad ser ut til å vinne blir det viktigaste for columbiarane på få delt opp Syria mest mogleg slik at dei kan sikre seg mest mogleg av innflytinga og rikdommen i området. Då er den nordaustlege delen der kurdarane og USA står avgjerande for kolumbiarane. Dei reaksjonære islamistane blir meir til bry enn nytte i området og blir skyssa til andre stader der columbiarane kan ha bruk for dei.

Raqqah og Dresden

Det er blitt hevda at det ikkje er rett å samanlikne den amerikanske bombinga av Raqqah med den allierte bombinga av Dresden under 2. verdskrigen fordi Raqqah låg ved fronten i ein krig og det gjorde ikkje Dresden. Vi burde heller samanlikne med Stalingrad heiter det. Men kva seier ein då? Då må ein jo meine at jihadistane kan samanliknast med dei sovjetiske troppane som forsvarte byen sin og amerikanarane med nazistane som gjekk til åtak langt frå sitt eige territorium. Samanlikninga med amerikanarane er kanskje ikkje heilt dum, men å samanlikne jihadistane med dei sovjetiske soldatane i Stalingrad er vel noko spesiell. Og denne samanlikninga kan også tolkast slik at det er relativt naturleg at byar som ligg i kampsona blir øydelagd. Då frikjenner ein langt på veg amerikanarane si bombing – han er jo berre ganske naturleg fordi byen låg i ei frontsone.

Så kan det også vere slik at samanlikninga eigentleg dreia seg om grad av øydelegging. Begge byane, både Raqqah og Dresden vart mest heilt øydelagd. Og då er samanlikninga heile på sin plass. I så måte er og ei samanlikning med Stalingrad heilt legitim. Og så er det vel slik at Raqqah ligg langt inne i Syria og akkurat på den grensa som USA vil bruke for å skilje ut den nordaustlege delen av landet slik at de kan få ha sine militærbasar der og kontrollere dei rike naturressursane og den gode dyrkingsjorda i området og å halde det ope for columbiske investeringar osb. i tillegg til at det ligg sentralt for å legge hindringar i vegen for Kina sin plan om den nye silkevegen som skal sameine heile det eurasiske kontinent pluss det afrikanske. Dette er jo ein daudeleg trussel mot det columbiske prosjektet i det heile og mot USA si dominerande rolle i verda.

Fritt leide til jihadistane

Så er det hevda at vi bør kritisere Assad like mykje for å gi fritt leide til jihadistane til visse omringa område der dei forskjellige gruppene rivaliserer og slåst seg imellom, som vi kritiserer USA med allierte for at dei slepp jihadistane fri til å reise kvar dei vil. Ein meiner at det vil være konsekvent med lik kritikk. Men det er jo to heilt forskjellige saker som skjer her. Assad samlar jihadistane på ein plass der dei er kontrollert, mens USA med allierte slepp dei heilt fri. Det er som å samanlikne at lakseoppdrettarar slepp oppdrettslaksen fri med at dei flyttar han til ein tank på land. Logikken sviktar heilt her.

Kor hamnar jihadistane som USA slepp fri

Til slutt er det hevda at det ikkje er noko samband mellom at jihadistar i Syria blir slept fri til å gå  kor dei vil, med at dei prøver å vende heim at til der dei kom frå. Til dømes Kina. Påskottet er at kjelda ikkje seier nøyaktig kor dei jihadistane som kjem tilbake til Kina kjem frå. Men når vi ser på kor jihadistane har blitt jaga frå i det siste, så er det ikkje usannsynleg at nokre av dei kjem frå Raqqah og. Derfor er ikkje denne noten så irrelevant som det blir hevda. Den seier ikkje at noko er heilt sikkert,  men at det er sannsynleg. Og med Kina som USA sin viktigaste fiende, så er det heller ikkje så heilt usannsynleg at USA syns dette er positivt og kanskje til og med vil hjelpe til med å få folk frakta heim.

Særleg når vi leser godt dokumenterte verk som «The Shadow Wars – The Secret Struggle for the Middle East» av Christopher Davidson som underviser ved Durham University, og «America’s Deadliest Export – Democracy – The Truth about US Foreign Policy and Everything Else» av William Blum (saman med fleire andre av bøkene hans) og eldre verk som «War Without End – American Planning for the Next Vietnams» av Michael T. Klare, så verkar dei kritiske merknadane som eg har kommentert som noko fjernt frå røynda når det gjeld den moderne imperialismen. Og slik sett fungerer det faktisk som ei forskjønning av USA-imperialismen og ei hindring for all antiimperialistisk kamp i vår tid. Det er atlantisk columbisme som slår inn no når heile den «vestlege» dominansen står for fall.

Meir om Raqqah – Stalingrad

Viss vi altså skal samanlikne den amerikanske øydelegginga av Raqqah med nazistane si øydelegging av Stalingrad, så kan vi altså samanlikne jihadistane som forsvarte seg i Raqqah som like med sovjetarane som forsvarte Stalingrad. Ut frå det skulle vi jo ønske at nazistane tok Stalingrad og let forsvararane reise vekk. Så denne samanlikninga har fleire problematiske sider enn samanlikninga mellom Dresden og Raqqah.

Eit anna perspektiv som vi kan trekke ut frå denne samanlikninga er at vi ikkje skulle ha støtta dei som forsvarte Stalingrad fordi dei var under leiing av despoten Stalin. Då vår statsminister ikkje ville vere med på den russiske feiringa av sigeren over det nazisiske Tyskland var det eit teikn på ein slik tenkemåte. Særleg fordi Norge støttar det USA-inspirerte kuppet i Ukraina der nazistiske valdelege grupper spelte og framleis spelar ei viktig rolle. Det er slik mange ser på kampen i Syria. Vi kan ikkje støtte dei som slåst mot jihadistane og deira utanlandske hjelparar fordi dei er styrt av despoten Assad. No var jo Sovjet-Unionen styrt av despoten Stalin på denne tida, så dersom det alltid er overordna å fjerne despotar når landet deira blir angripe innanfrå (fascistane i Ukraina til dømes), og utanfrå så skulle vi jo støtta all kamp mot han. Mange problem med denne samanlikninga.

No drar eg dette svært langt, men slik går det når ein drar inn forhold som ikkje har noko å gjere med det som samanlikninga handla om, nemleg at øydeleggingane i Raqqah var så store at dei kunne samanliknast med øydeleggingane i Dresden.

Hellestveit – Ignatieff og Syria

Det er og nokre som seier av bør halde oss til framstillinga i boka «Syria – En stor krig i en liten verden» av Cecilie Hellestveit når det gjeld kva som har skjedd og skjer i Syria. No er slik at Hellestveit arbeider for ein viktig amerikansk tenketank; Alantic Council i Washingon og gir i boka ei klar propagandistisk framstilling av sakene. Atlantic Council samarbeider nært med NATO og folk i leiande posisjonar her har gått inn i toppleiinga i USA ved fleire høve.[ii] Dei som får jobb i denne tenketanken er slike som skal fóre dei columbisk-vennlege media med propaganda for USA og dei andre columbiarane.

Berre innleiinga i boka manar fram eit splitta og oppdelt land som ikkje har noko med den relativt einskaplege staten Syria å gjere som er bygd opp over lengre tid. Det blir ikkje sagt noko i boka om dei verkelege og positive reformene i Syria som regjeringa der har gjennomført, boka er ei systematisk svartmaling av regjeringa der ho vert sett på som lik med ein blodtørstig Assad. Det blir påstått at det einaste som har halde Syria saman er det gruelege styret som har halde alle stor frykt.

Vi kan plukke ut fleire saker i Hellestveit si bok som viser kor partisk ho er. La oss ta det viktige, programmatiske sitatet som opnar del 1 av boka. Det er frå Michael Ignatieff og vi finn det alt på side 22: «Both Irak and Syria are a fissile mixture of etnicities and religions thrown together after Versailles by departing French and British imperialistists and only kept together by Baathist tyranny and violence».[iii] (Både Irak og Syris er ei oppsplitta blanding av etniske grupper og religionar som er kasta saman etter Versailles av avreisande franske og britiske imperialistar og blir berre halde saman av tyranni og vald frå Baath-partia.) Som eg har vist er dette også Hellestveit sitt hovudstandpunkt når det gjeld Syria. Ho fortel ikkje kva verk av Ignatieff sitatet er frå, slik at det bli mogleg å kontrollere og sjå i kva samanheng det er skrive. Men vi kan vel anta at det er skrive mens både Irak og Syria var leia av Baathpartiet. Dette var ein periode då Ignatieff var ein av dei fremste tilhengarane av amerikanske intervensjonar for å sikre demokrati og fri kapitalflyt over heile verda og han støtta varmt angrepet på Irak. Han meinte at imperialismen var erstatta av medkjensle og at det var dette som gav bakgrunn for USA sine angrep på andre statar.[iv] Dette rettferdiggjorde  han ved å demonisere dei statane som USA gjekk til åtak på. Seinare har han endra syn på Irak. Men det fortel ikkje Hellestveit.

Nett som Fukuyama er Ignatieff ein viktig kommentator for columbiarane. Han blei i 2005 rangert av Prospect and Foreign Policy magazines som nummer 37 på lista over dei mest innflytingsrike offentlege intellektuelle. Prospect er eit kvartalstidsskrift som drivast ut frå liberalistisk grunnsyn. Men desse folka endrar standpunkt etter at ting har skjedd og er i det heile ikkje til å stole på, sjølv om nokon fell for rosen dei får i dei columbiske media som jo er dominert av den same finanskapitalen som er spissen for heile systemet.

Samanfatting

Det som kjem fram i dei standpunkta eg har kritisert her viser korleis det kan gå når ein ikkje klarer å skilje legitimiteten til den lovlege regjeringa i Syria, leia  av Assad, sin kamp mot utanlandsk og innanlandsk undergraving og krig, med mål som ikkje på nokon måte vil kunne tene folket i Syria, frå det faktum at Assad leier ei regjering som styrer dette folket også med bruk av valdelege middel. Då fell den antiimperialistiske solidariteten til jorda og dei store columbiske imperialiststatane kan, under dekke av slagord som medkjensle, menneskerettar og demokrati, fortsette dominansen sin med dei verste middel utan at vi reagerer mot det. Nokre radikale menneske, som er innbyggarar i det vesle columbiske Norge, som også tener på dette, har falle for propagandaen om Syria frå dei leiande maktene i den atlantiske columbismen når han ser ut til å lide eit avgjerande tap. Og så klamrar dei seg til påstandane i ei bok frå ein leiande tenketank i Washington som samarbeider nært med leiinga i USA og NATO i staden for kritiske journalistar og media. Dei sistemnde blir klaga for dårleg kjeldebruk.

Terje Valen, onsdag, 27. juni 2018.

 

 

[i] Christopher Davidson, Shadow Wars – The Secret Struggle for the Middle East, 2016, side 312-315.

[ii] https://en.wikipedia.org/wiki/Atlantic_Council

[iii] https://en.wikipedia.org/wiki/Michael_Ignatieff

[iv] Michael Ignatieff, The Warrior’s Honor, 1998, svensk utgave, Krigarens heder, 1998, side 10

3 tankar om “Syria og den drepande columbismen”

  1. God artikkel Terje, godt skrevet og dokumentert. Trist at det er så mange på venstresiden som er blitt lurt mht Syria. Ja den antiimperialistiske kampen må bygges opp igjenn. Mkh. Kjell Jan Hammer

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *