Tenerife og slutten på den columbiske epoken

Eg skal no kople saman eit par epokegjerande hendingar som ved første augnekast ikkje ser ut til å henge så mykje saman. Lat oss begynne med den første av dei. I avisa La Opinion de Tenerife skriv dei den 12. februar om den auka handelen mellom øyane her og Kina. Dei kanariske øyane importerer no for 230 millionar euro frå Kina og landet er oppe på ein sjetteplass etter Tyskland, Sør-Korea, Italia, Portugal og Frankrike.

Den unge Alexander Doble Rivera blir intervjua. Han er agronom med mastergrad i bioteknologi og har no statsstipend for å studere mandarin ved eit universitet i Kina under ein avtale (Fundatio ICO) som blei oppretta mellom Spania og Kina i 2003. Avtalen har som mål å betre tilhøvet mellom landa og opne for meir samkvem også økonomisk. Om grunnen til at han gjer dette seier han at det no er mykje klårt at det som vil definere det 21. hundreåret på det geopolitiske planet er den økonomiske utviklinga i dei nye framveksande maktene, og blant desse er Kina i ei særstilling. Og han ser store moglegheiter for auka turisme frå Kina og auka handel mellom dei kanariske øyene og Kina pluss investeringar derifrå. Han viser til Catalonia som har vore svært flinke til dette.

I 1904 sat Halford J. Mackinder i England og skreiv ein artikkel for Geographical Journal. Vi finn han i bind 23, nr. 4, side 421-437 og tittelen er The Geographical Pivot of History. Lat oss omsette det med Historias geografiske vendepunkt. Han skriv om geopolitikk. Om kven som herskar over verda. Han ser årstalet 1492 som eit slikt epokegjerande vendepunkt og han definerte tida etter 1492 som den columbiske epoken.

Desse enkle oppslaga er teikn på ei ny verdshistorisk, epokegjerande endring og det vil eg sei litt om no. I 1492 reiste Cristoforo Colombo (latinisert som Christofer Columbus/Kolumbus) frå dei Kanariske øyane vestover mot det som seinare blei kalla Amerika. Slik begynte den columbiske epoken. Det var innleiinga på dei vestlige stormaktene si erobring og tileigning av resten av verda.

I 1992 vart Columbus og hans epoke feira. Epoken han opna hadde då vart i 500 år og den gongen, for berre 26 år sidan, kunne sjå ut som han skulle fortsette. Epoken var prega av den største utviklinga av produktivkrefter og velstand i verda, samstundes som det har vore den mest grueleg og drepande epoken i menneskehistoria. Epoken starta altså då Columbus sette ut frå Tenerife i 1492. Då hadde spaniarane frå 1402 drive på med å erobre dei Kanariske øyane og utrydde det opphavlege folket, guanchane. Det tok dei mest 100 år og i 1496 måtte den siste av øyane, Tenerife, gi opp for overmakta og folkemordet vart fullbyrda. Dette var innleiinga til den columbiske epoken og det som skjedde på desse øyane har blitt tatt opp att gjennom heile denne.

Først var Spania og Portugal ute og på eit tidspunkt delte paven verda mellom desse to maktene. Eit resultat av dette er at dei snakkar portugisisk i Brasil, mens det går på spansk i resten av det som blir kalla Latin-Amerika. På øya dei kalla Santo Domingo blei den opphavlege folkesetnaden utrydda på relativt kort tid og erobringa og utplyndringa av «Latin-Amerika» var i gang. Portugisarane reiste rundt Afrika og tok seg av mykje av utplyndringa av landområda på den sida av verda, som Indonesia.

Etter desse maktene kom Holland og Frankrike og så kom England som klarte å kaste ut mange av dei «kvite» maktene som hadde komme før dei. Resultatet blei det engelske imperiet, eit av dei grueligaste i verda. Her kan det vere nok å nemne den store opiumshandelen då engelskmenn, med støtte frå styresmaktene i England, skipa opium frå India til Kina for å betale for varene dei kjøpte derifrå. Dette førte til et svært nasjonalt opprør, Taipingopprøret, som varte nokre tiår og som engelskmennene gjekk spissen for å slå ned. Ein meiner at omlag 30 millionar blei drepne før England kunne fortsette med opiumshandelen sin. Seinare kom Nazi-Tyskland sitt forsøk på å gjere «slavarane» i Polen og austover gjennom Sovjet til sine arbeidsslavar. Det førte til drap på omlag 75 millionar menneske og omlag 25 millionar av dei var sovjetarar.

Mykje meir kunne bli sagt om det. Men etter England kom USA. Og det har vore den fremste eksponenten for den columbiske epoken frå andre verdskrigen og fram til i dag. Det har og vist gruelege sider. Vi veit alle at dei slepte to atombombar over Japan som drap nokre hundre tusen menneske og at dei har vore i alle verdsdelar og drepe mange folk med våpna sin. Særleg kan vi nemne at dei tok over «Latin-Amerika» etter dei første erobrarane. Her sette dei inn den eine blodtørstige diktatoren etter den andre. Dette veit vi.

Men vi tenkjer kanskje mindre på dei andre brota deira. Først kan vi ta opp folkemordet på den opphavlege folkesetnaden i USA sjølv (det kan ha vore rund 20 millionar av dei), og så kan vi ta slaveriet og slutte med dei nye straffelovane som blei skreddarsydde slik at den farga og fattige delen av folket har hamna i fengsel, der no slaveriet har oppstått i ny form. Og vi kan nemne den oligarkiske styreforma der som sikrar rikommen sine folk også dei politisk leiande postane. Men kanskje aller mest skal vi nemne den økonomiske krigføringa med Irak som fremste eksempel. Den økonomiske boikotten som USA sette i verk mot landet førte til at omlag 500 000 born døydde på få år. Dette var fleire enn dei (både barn og vaksne) som gjekk med under atombombene over Japan. Og dette er svært kort tid sidan. Men likevel er det mange som ser på USA som ein forsvarar av menneskerettar og demokrati, mens dei demoniserar ein Putin og ein Assad. Sanksjonar mot fattige land som ikkje vil danse etter USA si pipe er eit av dei viktigaste våpena for å halde på det gamle herreveldet til columbiarane.

Nokre gjennomgåande saker har prega den columbiske epoken. Undertrykking, rov og utbytting av alle land og folk som kom inn under veldet til dei vestlege stormaktene veit vi godt om. Litt mindre tenkjer vi på at dette har gjort det mogleg for herskarklassane og gruppene å avleie kampen til dei lågare klassene i dei vestlege statane sjølv. Til dels har dei herskande klassane klart å hisse opp sine «eigne» lågare klassar til å vere med på erobringa, tjuveriet, undertrykkinga og drepinga «ute» (Thatcher sitt angrep på Argentina på 1980-talet er eit eksempel) og dels har byttet gjort det mogleg å mute underklassane heime. Og så har vi alle dei som har blitt sendt vekk eller har reist vekk frå moderlandet for å etablere settlar-statar som Sør-Afrika, USA og Australia eller til dømes Israel der dei har drepe eller drive vekk den opprinnlege folkesetnaden. Marcus Thrane er eit eksempel frå Noreg. Ein radikalar måtte flykte frå landet til USA og det var ikke bare han. Dette svekka sjølvsagt underklassane sin kamp i landet dei flytta frå.

Men etter 500årsjubileet for starten på den columbiske epoken begynte sakene å endre seg svært raskt. Med den verkeleg uvanleg raske framveksten av Kina som økonomisk stormakt og Russland si attvinning av nasjonalt sjølvstende etter den nyliberale koloniseringstida på 1990-talet (den mest daudelege tida i området etter andre verdskrigen) og USA-imperiet sitt nederlag i Syria, er vi no inne i eit epokegjerande historisk vendepunkt. Den columbiske epoken tar slutt. Dei vestleg stormaktene kan ikkje lenger halde heile verda under seg og bruke ho til sitt eige beste. Det geopolitiske tyngdepunktet flyttar seg austetter. Berre ein større øydeleggings-krig frå USA med allierte mot Russland og Kina kan hindre dette.

Det er i Syria vendepunktet er blitt tydeleg. Etter at USA og dei allierte gjennom ein helvetes draps-galskap har slakta ned folk i Afghanistan, Irak, Libya og tatt frå dei den nasjonale sjølvråderetten, for å halde på verds-herreveldet sitt, har dei ikkje klart å gjere det same i Syria. No er USA sine hovudfiendar blitt dei store maktene som USA og dei vestlige allierte ikkje klarer å kontrollere. Det gjeld Kina, Russland og Iran, samt sjølvsagt Venezuela. Og Syria er framleis på lista.

Men det ser altså ut som den columbiske epoken er på hell og ein heilt ny verdsorden gror fram. Det er noko å tenke på også for styresmaktene i dei landa som har vore meir eller mindre framherskande under columbismen, mellom dei Noreg som dei siste åra har knytt seg stadig tettare til hovudkrafta i dagens fallande colombisme, nemleg USA og tent som drapsmaskin for han til dømes i Libya.

Det er velmeinande venstreradikale som trur at dei indre motseiingane i Syria er viktigare for folket der enn motseiinga mellom dei colombiske maktene med USA i spissen og den syriske nasjonalstaten. Dei har falle for USA-imperialismen sin propaganda om at colombiarane kjempar for menneskerettar, demokrati, kvinnefrigjering og andre bra saker, mens det dei i røynda gjer er å legge landa inn under sitt eige herredømme, under dei økonomiske, politiske og kulturelle interessene til eigne herskarklassar, dvs. til å halde oppe den drepande columbiske epoken.

Terje Valen, Tenerife 12.2.2017.

2 tankar om “Tenerife og slutten på den columbiske epoken”

  1. Bra skrevet. Alle poengene i artikkelen bør sammenfattes og komme bredt ut. Særlig til de unge. Fremdeles har kapitalkreftene hegemoni, ideologisk, i vestens arbeiderklasse.
    Illusjonen om demokrati og personlig frihet holdes vedlike og det overveldende flertall tar det nærmest automatisk til seg.
    Det samme gjelder historieforståelsen. Sosialisme forbindes med ettpartidiktatur, muren i Berlin, Stasi i DDR og Stalins massedrap og fangeleire.

    Kapitalismen, imperialismen massedrap gjennom tidene holdes vekk og omskrives.
    En vekst for en sosialistisk bevegelse, av politisk betydning, som har en klar politisk retning mot avskaffelse av kapitalismen vil ikke få tilslutning i arbeiderklassen før det historiske hegemoniet til kapitalen overvinnes.
    Her har Terje Valens artikkel sin store politiske betydning.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.