Sosialdemokratiet og makta

I KK 22. august skriv Daniel Suhonen eit større innlegg om Tage Erlander sin biografi. Hans viktigaste poeng er at Jonas Gahr Støre bør lese biografien og lære av han. Eg tenkjer at innlegget har nokre veikskapar som gjer det uvesentleg. Suhonen skriv heilt lausrive frå utviklinga av den reelle økonomiske situasjonen i verda. Erlander var politisk leiar for kapitalismen i Sverige i ein periode då profittraten var høg og det var plass til positive reformar for folk flest samstundes som kapitalen var sikra høg avkastning for seg sjølv. Dette vilkåret blei stadig svakare etter som åra gjekk. Etter 1965 blei dette etter kvart påtrengande. For at kapitalismen skulle fungere best mogleg ut frå eigne lovmessigheiter måtte det til stadig fleire tiltak for å hindre fall i profittrate og profittmasse. Utgifter til arbeidarklassen måtte ned og først sto offentleg velferd for hogg. Dernest mange andre tiltak som arbeidsinnvandring og gjeldsfinansiering osb. Både dei sosiale og demokratiske trekka i  sosialdemokratiet måtte svekkast.

Vi fekk overgang frå sosialdemokrati til såkalla nyliberalisme. Alle parti som ville halde på kapitalismen og administrere han måtte legge om politikken sin i denne retninga for å vere legitime politiske reiskap for kapitalen. Arbeidarpartia i Norden gjorde og det. Vi fekk parti som direkte reiv ned eller dekonstruerte den sosialdemokratiske offentlege velferda og dei tiltaka som gagna arbeidarklassen. I Norge var Frp det fremste ideologiske uttrykket for denne politikken, mens Arbeidarpartiet og Høgre var dei som gjorde det i praksis før Frp kom regjeringsposisjon. Dette vakte misnøye blant arbeidsfolk, og for parti som hadde arbeidsfolk som veljargrunnlag blei det spesielt vanskeleg å halde på dei i val. Dermed utvikla desse partia ei ny retning innan den nyliberale trenden. Dei utvikla ein politikk for ikkje å dekonstruere fordelar for arbeidarklassen direkte, men å kjempe mot dei verste forslaga til forverring gjennom å forverre mindre. Vi fekk ei politisk retning som eg kallar deformismen. Det er negativ reformisme. Mens dekonstruktivistane snakka meir rett ut om kva dei var for, skjulte deformistane dette bak tilsynelatande å gå inn for arbeidsfolk sine behov.

Arbeidarpartiet gjekk på 1980-talet frå sosialdemokratisk til nyliberalt og dekonstruktivistisk. Og rundt 2000 skifta dei så litt bein og utvikla deformismen. No er dei sittande partia på Stortinget alle innan den nyliberale retninga, men dei skil seg frå kvarandre gjennom vere meir eller mindre på den dekonstruktive eller den deformistiske sida. Derfor passar heller ikkje den konklusjonen Suhonen tar frå Erlander, nemleg at mennesket no ikkje treng vere ein kasteball for anonyme økonomiske lover eller teknologiske krefter. Så lenge kapitalismen varer slepp vi ikkje unna lovmessigheitene i han. Det er sant at vi ikkje treng vere kasteball for dei anonyme økonomiske kreftene, men då må vi gå saman om å kjempe mot og for å oppheve kapitalismen som system. Å stemme på parti som vil oppheve dette systemet er derfor å følgje opp det Erlander seier mot det Erlander eigentleg meiner. Det er å ta dei som vil ha både eit sosialt og eit demokratisk samfunn på alvor.

Terje Valen, 22. august 2017.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.