Bombinga av Libya og Mikael Hem i BT

Mikael Hem, kommentator i Bergens Tidende, prøver 29.2.16 å analysere situasjonen i Libya i lys av bombinga våren 2011 og det som har skjedd etterpå under overskrifta ”Når flyene vender hjem”. Dette kjem i etterkant av at avisa sitt magasin hadde eit stor oppslag der dei intervjua fleire av dei flygarane som var med på bombinga.
Han skriv at det er nærliggande å gi dei norske jagarflya og resten av dei internasjonale styrkane skulda for dagens kaos i Libya, men at det er ei forenkling som underslår viktige delar av historia.

Først understrekar han det som no alle veit er eit faktum, at Noreg deltok i krigen mot Libya utan at DNA-regjeringa hadde eit formelt møte om saka og at leiarane av opposisjonspartia bare blei informert over telefon. Stortinget var ikkje med på avgjerda og det var ingen offentlig debatt om deltakinga. Så kommenterer han professor Terje Tvedt sin artikkel i Nytt Norsk Tidsskrift der denne kritiserer det politiske leiarskapen for ikkje å forstå kva dei gjorde da dei gjekk inn for å sende F16-fly i Libya. Tvedt avkler utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) sin retorikk for å forsvare dei norske bombetokta og seier at dei gav inntrykk av at Noreg bomba Libya for å spreie demokrati og menneskerettar.

Så skriv Hem at til tross for at Tvedt har gode poeng så er analysen hans unyansert. Hem seier at det var ein vel grunna frykt for at Gaddafi ville massakrere sine eigne borgarar og viser til Gaddafi sin militante og trugande ordbruk. Og han viser til folkemordet i Rwanda der same orda var blitt brukt og der ”det internasjonale samfunnet” ikkje hadde gjort noe for å stoppe massakrane. Dette gav FN bakgrunn for å vedta ein resolusjon (nr. 1973) som autoriserte bruk av alle naudsynte middel med unnatak av invasjon for å trygge sivile i Libya.

Deretter seier Hem at ”den internasjonale operasjonen” i Libya var vellukka fordi folk blei redda frå angre frå Gaddafi, og fordi Libya blei kvitt denne despoten. Og så seier han at folke i Libya med dette fekk sjansen til å bestemme si eiga framtid. Men slik sakene har utvikla seg i ettertid ”er det vanskelig å kalle militæroperasjonen en suksess”.

Han gir seg så inn på ein spekulasjon om kva som kunne ha skjedd utan den internasjonale ”operasjonen”. Han seier at Gaddafi kanskje hadde slakta ned motstandarane sine og fortsett tyranniet sitt og at eit fredelig og demokratisk Libya neppe er eit realistisk scenario.
Problemet, i følgje Hem, er eigentlig ikkje bombinga, men at det ikkje blei følgt opp med ein plan for korleis Libya skulle byggast opp att. Det dei som angrep Libya altså skulle ha gjort var å følgje opp med å bestemme utviklinga etterpå i landet. Dette bør statsleiarar som vurderer å intervenere i den syriske borgarkrigen merke seg, seier han. ”Ansvaret for å beskytte stopper ikke når jagerflyene vender hjem”, avsluttar Hem kommentaren sin med. Under eit bilete av Gaddafi skriv han og at ”Operasjonen i Libya viser at man ikke bare kan slippe noen bomber, dra igjen og tro at resten ordner seg selv”.

No er jo sanninga om bombinga at ho var massiv, varte i 8 månader og at landet så å seie vart bomba ”tilbake til steinalderen” som det ofte heiter om slike fælslege angrep. Å snakke om ”noen bomber” er i sanning unyansert.

Elles ligg det her ei klar oppfordring til dei statsleiarane som gjekk inn for å angripe landet, om å følgje mønsteret frå Afghanistan og Irak. Vi veit at dette no blir vurdert av dei som sto for det første angrepet: http://www.vg.no/nyheter/utenriks/libya/usa-vurderer-ny-militaerintervensjon-i-libya/a/23604778/. Hem står altså fram som ein krigshissar som imot internasjonal lov vil ha ein ny krig i Afrika. Men kanskje det er litt unyansert å påstå det.

Det som har skjedd i Afghanistan og Irak, der USA gjekk inn for å sikre ”fridom og demokrati”, går ikkje Hem nærare inn på. Derfor er kommentaren hans livsfarlig og i høgste grad unyansert. Han går heller ikkje inn på heile det internasjonale spelet i forkant av og under angrepet på den sjølvstendige staten Libya og mordet på statsoverhovudet der. Han nemner ikkje at statsleiarane i Afrika var sterkt mot angrepet og hadde ein fredsplan klår. Han nemner heller ikkje dei mange rapportane som hevda at opplysningane om Gaddafi sine massakrar ikkje var rette og at dette er blitt bekrefta i etterkant.

Noen andre fakta. Før bombinga hadde Libya den høgaste levealderen, den lågaste barnedødelegheit og den høgaste skoren på FN sin ”Human Development Index” i heile Afrika. Utdanninga var gratis, helsestellet var godt. Diktatoren heldt al Qaeda og andre i sjakk og hadde kontroll på menneskesmuglarane som no sender flyktningar ut på Middelhavet i skrøpelege farkostar. Etter bombinga blei sharia-lovane innført saman med fleirkoneri. Libya er eit fryktelig kaos, med drastisk senka levestandard for dei som bur der. Dette har skjedd i alle dei landa USA har engasjert seg for å kaste leiarane og opprette sitt eige system.

For alle som har følgt USA si historie med intervensjonar, kupp og drap på statsleiarar over heile verda, er Hem sin artikkel sjølvsagt heilt unyansert og misvisande. Vi veit no at invasjonen i Irak blei sett i verk ut frå direkte løgner om at Saddam hadde massedrapsvåpen osb. Vi har sett det same i Ukraina og Syria. Vi har sett løgn på løgn frå denne sida for å få sett i gang angrep for at USA kan fremme sine globale interesser og sitt samfunnssystem som trer fram som meir og meir fælsleg for kvart år som går.

Og vi har sett at norske politikarar vert godt lønna for å støtte galskapen, som at Stoltenberg er sett på som generalsekretær i NATO.

Ein som har omhandla kva som har skjedd i Libya frå ein annan synsvinkel enn min kan vere verd sjå på, så her har du ei lenke til ei bokmelding: http://www.palestinechronicle.com/destroying-libya-and-world-order-book-review/
Terje Valen, 29.2.2016.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.