Dyre medisinar og superrikerike kapitalistar

I Bergens tidende har dei nett hatt eit hovudoppslag om dyre medisinar. Oxfam har nett gitt ut ein rapport som viser korleis det kan skje. Dei rikaste i verda tener no det meste av pengane sine på pensjonsfond, finansspekulasjonar og investering i helsevern og medisinar.
Oxfam høyrer til kapitalens venstreside. Dei har mange gode forslag for å reformere kapitalismen slik at han ivaretar menneska sine behov mykje betre. Her viser eg til ein ny og viktig rapport frå Oxfam.
Men eg tenker at vi nok må oppheve kapitalen for å kunne sette forslaga ut i livet. Eit system som er innretta på å skape mest mulig bytteverdi, meirverdi og profitt og som er utanfor menneskelig kontroll, kan ikkje det. Her er rapporten: https://www.opendemocracy.net/paul-rogers/global-divide-knowledge-into-action

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.