Notat ved lesing av Gareth Stedman Jones[i] Karl Marx Greatness and Illusion, Penguin 2016, 750 sider.

Dette er endå ein ny biografi om Karl Marx frå ein anglo-saksisk professor med eit stort vitskapeleg apparat med bibliografi og notar som viser til MEGA-utgåva av Marx sine samla verk. Eg har alt hatt ei kritisk lesing av Sperbers Marx-biografi[ii] og vil no sjå nærare på Jones sin.

Hjelparar

Boka er finansiert av Edmund de Rothschild Foundation som har ein meir menneskeleg kapitalisme som mål.[iii] Denne organisasjonen er leia av Ariane de Rothschild og Firoz Ladak. Stedman seier og at han hadde stor nytte av forsking utvikla av Cambridge Centre for History and Economics som er leie av Emma Rotschild og Stedman sjølv. Dessutan støttar han seg på ei mengd doktoravhandlingar av folk som han no reknar som utmerka historikarar.

Han takkar og medlemmer av King’s College Research Centre prosjekt om ‘Political Economy and Society’ og nemner John Dunn, Bianca Fontana og Michael Ignatieff.

Ignatieff har ein omfattande biografi på Wikipedia[iv] der det går fram at han støtta USA sitt angrep på Irak i 2003 og gjekk inn for at USA, som verdas siste supermakt burde skape eit «humant imperium» og at NATO burde gripe aktivt inn med store troppestyrker frå dei vestlege lande i framtidige konfliktar i utviklingslanda ut frå altruistiske motiv. Då Israel gjekk til åtak på Qane under innmarsjen i Libanon i 2006 og drap meir enn eit dusin sivile uttalte han at han ikkje sov dårleg på grunn av det. Ei veke seinare tok han tilbake dette og sa at det var eit krigsbrott. Den sentrale støttespelaren hans, Susan Kadis trekte tilbake støtta til han etter det. Han reiste seinare til Israel for å undersøke saka. Etter et konkluderte han med at det var opp til internasjonale organ å avgjere om det var krigsbrott. Han merkte seg at  Amnesty og andre kalla det eit krigsbrott og sa då at dette var alvorleg fordi Israel elles var så nøye med å halde seg til og respektere krigsretten og menneskerettane.

Særleg nemner Stedman historikaren Istvan Hont sitt nybrottsarbeid. Hont var opptatt av at handelsforhold både kunne fremme samarbeid og konkurranse og skreiv ei bok om dette som av nokre blei kritisert for å presentere mange påstandar som var lite dokumentert.[v]

Jones skriv at han vil vise like mykje merksemd til Marx sine tankar som til livet hans elles og at målet med boka er å vere ein konservator som tar vekk seinare tilføyingar og endringar frå eit bilete som tilsynelatande er kjend, for å få det tilbake til den opphavlege tilstanden.[vi]

I prologen til boka hevdar  at det særleg er eit syn på Marx som er feil, nemleg at han utarbeida ein teori som viste at kapitalismen ville forsvinne. Det gjorde han nemleg ikkje. Og angåande Marx sin personlege karakter legg han vekt på dei skarpe negative kritikkane som Marx og Engels hadde av fleire av leiande sosialdemokratar og på dei rasistiske utfalla (sneers) mot fleire personar, mellom dei Ferdinand Lasalle. Eg har i notatet til Sperber si bok gått nøye inn på dette og vist at der faktisk ikkje var nokre slike utfall. Det er slik at det ikkje fans rasisme, slik vi oppfattar det, på den tida, slik Sperber sjølv seier, og at merknadene om Lasalle var ei ironisk handsaming av nokre svært luftige teoriar om folk som Lasalle sjølv  hadde fremma. Du kan lese om Marx si haldning til jødane i mi handsaming av Sperber si bok under kapitlet om «Friedland og Sperber om Marx sin holdning til jøder».[vii]

Eg vil første omgang i konsentrere meg om Jones’ handsaming av visse kjende tekstar av Marx. Det mest vesentlege er sjølvsagt korleis han handsamar tekstane til Kapitalen sine 4 bøker.

Marx’ stil ved avslutninga av vidaregåande skole

Men eg startar med korleis Stedman presenterer Marx sin stil ved avslutninga av vidaregåande skole. Dette er eit av dei første kjende dokumenta frå Marx’ hand. Han var då 16 år gammal. Stedman nemner ikkje dei to andre kjende tekstane for denne eksamenen. Det var latinteksten An principatus Augusti merito inter feliciores rei publicae Romanae aetates numertur (Reknar vi med rette Augustus regjering til den lukkelegaste tida i Romerriket) og religionsteksten  Die Vereinigung der Gläubigen mit Christo nach Joh. 15, 1-14, in ihrem Grund und Wesen, in ihrer unbedingten Notwendigkeit und in ihren Wirkungen dargestellt (Sameininga til dei kristne med Jesus ifølgje Johannes evangelium kapitel 15, vers 1-14, framstilt i sin grunn, sitt vesen og uomgjengelege naudsyn og med verknadane sine.) Auguste Cornu nemner og desse tekstane i det første bandet av sine tre bøker om Karl Marx und Friedrich Engels som kom ut på tysk i 1954 og meiner at dei ikkje berre er etteraping av Marx sin far og læraren Wyttenbach (slik Jones hevdar), men og peikar framover i Marx si personlege utvikling.

I den religiøse teksten hevda Marx at sambandet mellom Jesus og menneska sprang ut av at menneska gjennom sine gode handlingar på jorda, gjennom moralen sin, kom nærare Jesus. Mens Marx altså hevda synspunkt som ligg nær den seinare frigjeringsteologien, som Dussel har vore ein sentral representant for, så gav læraren ein merknad om at det var vel eigentleg religionen som førte til dette. Interessant er det og at Marx her nemner både stoikarane og epikurearane. Seinare kom han jo til å skrive doktoravhandling om Epikur og hadde planlagt eit større verk om stoikarane, epikurearane og skeptikarane. Tekstane hans peikar altså fram mot saker som var viktig seinare i livet hans og viser også noko om kva nivå undervisninga og diskusjonane låg på i skulen hans. Jones er ikkje opptatt av dette.

Så kjem vi til den mest kjende av tekstane der han skal skrive om ein ungdom sine tankar om valet av yrke.

Stedman bruker litt under ei halv side på å vurdere denne teksten[viii] og seier det vil være feil å gjere for mykje ut av det Karl skriv her fordi det stort sett er ei oppattaking av læraren Wyttenbach sine synspunkt. I sitata frå stilen til Marx utelet han derfor også den meste interessante delen som verkeleg peikar mot det seinare arbeidet  hans. Cornu derimot sette fingeren på det. Han siterer ein stad der Marx seier at mennesket nok er fritt til å velje yrke ut frå sine evner, men at kva du vel også er bestemt av at «unsere Verhältnisse in der Gesellschaft haben einigermassen schon begonnen, ehe wir sie zu bestimmen imstande sind[ix] (forholda våre i samfunnet har no ein gong allereie starta før vi er i stand til å bestemme). Dühring, som skreiv den første store Marx-biografien, merkte seg det same. Vi finn mest same formuleringar i tekstane om Feuerbach som Marx skreiv i 1845 og som gir retninga for alt han driv med seinare.

Vi ser at Marx allereie her har ei oppfatning av at dei vala vi kan gjere også er avgrensa/bestemd av dei forholda vi har til samfunnet rundt oss. Det blir jo heilt sentralt i alt det seinare arbeidet hans. Jones legg altså ikkje vekt på det, men meiner at vi bør sjå på Marx sin tekst som etterplapring. Den andre oppfatninga er at han har lært noko viktig av læraren sin som han tok med seg og utvikla vidare gjennom heile livsverket sitt, eller at han ut frå eiga røynd, er samd med læraren sin om dette. Dessutan peiker det fram mot den seinare praksisen til Marx. Då bør det ha ein viktig plass i biografien og.

Kritikken av James Mills og Paris-manuskripta

Jones skriv så om dei økonomistudia som Marx gjorde i første halvdel av 1844[x] og gjer eit poeng av at Marx las ei fransk omsetting av Ricardos Principles of Political Economy der det ikkje gjekk fram at Ricardo hadde modifisert arbeidsverditeorien sin ved å seie at også det som Marx seinare kom til å kalle konstant kapital og var med på å skape vareverdien. Og han seier at Marx også seinare, under skrivinga av Teoriar om meirverdien ikkje oppdaga dette.

Dussel har gjort ein nøye gjennomgang av desse forholda og skriv mellom anna at det Marx påviste var at Ricardo blanda saman meirverdi og profitt og ikkje klarte å skilje mellom desse. «Når han korrekt legg fram lovane om meirverdi så vrir han på det ved straks å uttrykke den som lover om profitt. På den andre sida prøver han å uttrykke profittlovane direkte utan å gå om mellomleddet som er meirverdilovane».[xi]

Dussel konkluderer med at all denne forvirringa kjem av det faktum at Ricardo ‘ikkje nokre stader vurderer meirverdi for seg sjølv og uavhengig av sine særeigne formar – profitt (forteneste) og rente […] Av det kjem forvekslinga hans av verdi med kostnadspris, hans feile teori om rente, hans feilaktige lovar som har med grunnane til auke og fall i profittraten, osb.’.[xii]

Som vi ser er ikkje problemet om den konstante kapitalen er med på å bestemme vareverdien eller ikkje, men om han skal reknast med når ein skal finne profittraten. Det er her Rikardo gjer feil, slik Marx ser det.

Når ein har lese manuskripta kalla Teoriar om meirverdien, så er det tydeleg at Jones ikkje legg fram noko av det viktigaste i desse. Mens Dussel brukar rundt 250 sider på ein nøye gjennomgang, og konstaterer at arbeidet med desse manuskripta var heilt naudsynt for at Marx skulle kunne utvikle dei kategoriane og omgrepa som kunne gjere det mogleg å komme vidare i forståinga av kapitalen, så skriv Jones ei halv side om det[xiii] og handsamar det som ein slags unødvendig historisk parentes.

Økonomistudia i 1844 førte mellom anna til at Marx skreiv den ovannemnde kritikken av Mills. Jones bruker 11 linjer på denne og han framstiller teksten som det reine uforståelege tullet.[xiv] Sjølv ser eg på denne teksten som det aller første utkastet til det som blei Kapitalen. Her er ein kritikk av tidas økonomiske vitskap, ei utvikling av omgrepet framandgjering i høve vareproduksjon og varebyte og ein første definisjon av Marx sitt kommunismeomgrep. Det er altså ein kjernetekst for å forstå kva som kom seinare. Særleg interessant er det at han framstiller den økonomiske vitskapen på si tid som lovar laga ut frå slumpetreff fordi økonomane ikkje har komme fram til det grunnlaget som dei  økonomiske tilfeldige fenomena kvilar på.[xv] Eg har omsett denne teksten slik at alle kan sjå for seg sjølv.[xvi]

Den tidlege formuleringa av framandgjering og andre saker

Jones går så over til å ta for seg Marx sine Paris-manuskript også kalla dei Økonomisk-filosofisk manuskripta. Eg ser på desse som det andre utkastet på vegen til Kapitalen.

Jones meiner at dei er ein slags konstruksjon som Marx lagar for å underbygge motsetnaden mellom borgarskap og proletariat. Han skriv at «Karl hevda at det var framandgjeringa som hadde produsert privateigedommen» og at «det fans ikkje noko prov som kunne underbygge denne påstanden, men utan den kunne ikkje Karl ha komme fram til den apokalyptiske konklusjonen sin: at privateigedommen var produkt av framandgjort arbeid, ein «løyndom» som berre blei avdekka når privateigedommen hadde fullført sin dominans over menneska. Det var berre når privateigedommen blei ei «verdshistorisk makt» og når menneska var redusert til «abstrakt arbeid», og alt hadde blitt redusert til «noko kvantitativt», at antitesen mellom eigedom og eigedomsløyse blei omdanna til den mellom kapital og arbeid, borgar og proletar.»[xvii]

Jones hevdar altså at det ikkje finns noko prov for at privateigedommen er eit resultat av at mange menneske produserer ting som dei først eig sjølv og så gir frå seg (entaüssert) gjennom bytte og seinare sal, men som etter kvart blir monopolisert av nokre menneske som eig dei, mens dei andre menneska, som direkte produserer tinga, ikkje eig dei.

Dette er jo ein sterk påstand frå ein historieprofessor og seier vel meir om hans mangel på økonomiforståing enn om mangelen ved Marx sine påstandar. Men Jones treng å hevde dette fordi han ikkje kan godta at varane sin verdi er skapt i mennesket si skapande verksemd som arbeidar, gjennom menneska som utvekslar seg med naturen gjennom ein produksjon uansett kva nyttig ting som blir produsert. Han må vise at verdien blir skapt av nytten og bruken og av tinga, det som Marx kallar bruksverdien. Og når ein meiner det, så er sjølvsagt alt snakk om meirverdi og utbytting heller ikkje noko tema. Og nett dette er det jo Marx kritiserer sin tids sosialøkonomi for.

Når det ikkje er det menneskelege arbeidet generelt sett som skapar dei tinga som blir eigedom, men berre det konkrete arbeidet som skapar konkrete nyttige bruksverdiar, og tinga blir bytta, og seinare seld og kjøpt berre ut frå nytten sin, så er sjølvsagt alt grunnlag for å snakke om utbytting, klassar osb. ikkje aktuelt. Dette er jo eit fint ideologisk bilde som alle veit ikkje samsvarer med røynda.

Elles er det også typisk at han utelet eit svært viktig element i Marx’ framstilling av framandgjeringa, nemleg framandgjeringa frå naturen rundt menneska. Det at dei produserande menneska (dvs., arbeidarane) ikkje eig sine eigne produkt som er resultatet av produksjonsverksemda deira (varene) og sine eigne produktivkrefter når dei produserer, gjer at dei også blir framand for den naturen som dei utvekslar seg med i produksjonen. Dermed kan dei ikkje opprette eit tilhøve til naturen som tar omsyn til naturen sine eigne grenser, for dei her ikkje noko innflyting på dette. Det er jo noko svært sentralt i vår tid.

Eg skal ikkje seie så mykje meir om dette, men vil vise til kommentaren min til Sperbers Marx-biografi der eg skriv at Marx sitt syn er svært ufullstendig gitt att og at han utelet heilt framandgjeringa frå naturen som er blitt ei stadig meir sentral problemstilling dei seinare åra og dermed viser at Marx er svært relevant også for vår tid og for framtida vår. Slik er det og  med Jones.

Handsaminga av Manifestet over eit par sider tar opp at Marx no bruker andre omgrep enn tidligare, som den moderne staten, klassekamp, borgarskap og proletariat.

Etter å ha sagt at teksten er ein briljant tommelfingerskisse av utviklinga av den moderne kapitalismen med den pågåande klassestriden som naudsynt utkomme, bruker han ei halv side på vise at Marx tok omgrepet borgarskap frå andre, men gjer det til kapitalens talerøyr eller personliggjering.

Eg kunne no tatt opp store veikskapar ved Jones si handsaming av Manifestet og fleire tekstar, men skal i staden sjå på det mest sentrale i heile Marx sin praksis, nemleg utviklinga av forståinga av det kapitalistiske, økonomisk-sosiale systemet.

Jones om Kapitalen

Jones tar opp Marx sitt arbeid med Kapitalen over 57 sider. Han opnar med Grunnriss og hevdar at Marx si framstilling av argumenta i dette verket var klumsete og usamanhengande og at presentasjonen var kaotisk.[xviii] Dussel som har skrive eit stort verk på vel 370 sider om denne boka har ei heilt anna oppfatning. La oss sjå litt på hans vurdering. Før han går gjennom den tredje delen av Grunnriss, som handlar om kapitalens produksjonsprosess skriv han: «Det er ikkje nokon tvil om at denne delen er den som er mest utarbeida av Marx, ikkje berre i Grunnriss, men også i manuskripta frå 1861-63 og i Kapitalen. Dessutan kan vi slå fast at det er den einaste delen som blei heilt fullført, når vi ser bort frå innleiinga om varen og pengane.

Marx plasserer seg på produksjonens djupe, skjulte, grunnleggande nivå. Etter ei innleiing, som tar opp ein ideologianalyse av den klassiske kapitalistiske økonomien, går han over til ei genial beskriving av kapitalens vesen. Det motsetnadsfylte  møtet  mellom kapital og arbeid er kanskje det kapitelet i Grunnriss som er tettast filosofisk sett, det rikaste grunnleggande og originale oppdagingar.

Alt var klart til den mest lysande beskrivinga og kanskje det mest avgjerande bidrag som Marx ga i høve menneska si generelle historie: spørsmålet om meirverdien som han avgrensar og definerer her for første gong – med den mangelen på presisjon som ein finn hos ein forskar i laboratoriet som jobbar med spørsmål som til då har vore ukjend for heile verda.»[xix]

Vi ser at der ein avgrunn når det gjeld vurderinga av verket og den som skreiv det. Og Jones kjenner i det heile ikkje til Dussel sine arbeid.

Det er under handsaminga av Grunnriss Jones hevdar at boka hadde ein grunnleggande feil i økonomiforståinga som Marx aldri klarte å reparere. Han formulerer det slik: «Karls argument hadde grunnleggande feil som han aldri klarte å rette på.  I Grunnriss var handsaminga hans av verdiproblemet uklårt. I første bind av Kapitalen unngjekk han dei vanskelegaste sakene som angjekk spørsmålet diskusjonen til produksjonen, mens dei motstrevande forsøka på å møte problema i dei uutgitte andre og tredje binda var mislukka.»[xx]

Så seier han at han vil finne utgangspunktet for diskusjonen om desse sakene. For å klare det begynner han med å gå tilbake til Ricardo og debatten som kom etter at han gav ut første utgåve av Principles of Political Economy and Taxation, i 1817. Over eit par sider seier Jones at Marx ikkje har oppdaga at Ricardo hadde lagt inn nokre føresetnader for påstanden om at varen sin verdi ble sett av den sosialt naudsynte arbeidstida. Det galdt ikkje når varene blei produsert med ulike mengder fast og sirkulerande kapital. Jones påstår at Marx ikkje oppdaga dette. Det er sjølvsagt det reine tullet. Marx skriv jo at også at verdien av den faste og sirkulerande kapitalen, som han etter kvart kalla konstant kapital, gjekk inn i varene som blei produsert, men at dette ikkje tilførte varene nokon ny verdi. Den konstante kapitalen var jo og laga av arbeidarar tidlegare og inneheldt ein verdi som svarte til tida det tok å produsere han. Det av dette tidlegare (daude) arbeidet som hadde gått med til å lage alt som gjekk inn i produksjonen blei overført til dei nye varene, men den nye tilførde verdien (meirverdien) kom frå bruken av arbeidskrafta.

Så skriv Jones at det og er eit problem at prisen på enkelvarer ikkje blir sett av sosialt naudsynt arbeidstid, og at dette kjem av at Marx på vilkårleg vis utelet bruksverdien når han sette opp kva som gav varene verdi. Problemet med arbeidsverditeorien var at det spørsmålet om blei stilt i utgangspunktet – det relative forholdet i det Jones kallar den balanserte prisen som oppstod ved bytte i marknaden – hadde forsvunne. For i bytte på marknaden følgjer det ikkje på nokon måte at sosialt naudsynt arbeidstid var det einaste som bestemde den balanserte prisen, sjølv om ein antok at elle varer var arbeidsprodukt.

Her avslører Jones at han ikkje forstår dei forskjellige abstraksjonsnivå som Marx opererer på. I første bind av kapitalen er han på det djupaste nivået, som gjeld kapitalen universelt eller generelt. Det er her grunnlaget for prisane for alle varer i heile det kapitalistiske systemet blir lagt gjennom verdien som = medgått sosialt  naudsynt arbeidstid.  Og det er her meirverdien blir oppdaga som eit overskott over verdien av arbeidskrafta fordi menneska i produksjonsverksemda skapar ein verdi som ser større enn verdien av arbeidskrafta sjølv.

Det finns ikkje nokon direkte overgang frå verdien av alle varene til prisen på enkeltvarer som vi ser på øvste abstraksjonsnivået, slik fenomenet verdi trer fram i det daglege livet vårt. Det kjem av at det finns formidlingar mellom desse abstraksjonsnivåa.

Eg samanfatta dette alt i 1992 i boka Marxistisk renessanse kommunistisk offensiv på side 175-76.

«Tredje bandet av "Kapitalen" handlar om den kapitalistiske produksjonen sin totalprosess og er delt inn i to delar og fem avdelingar. Heilt framme i dette bandet seier Marx noko viktig om korleis heile verket om "Kapitalen" vart organisert. Framstillingsprosessen er omvendt av studieprosessen.

Studieprosessen går frå alle dei ytre tilfeldige bestemmingane av kapitalen som alle kan sjå i dagleglivet sitt og inn til dei indre samanhengane og utviklingstendensane som vi berre kan forstå gjennom abstrakt, teoretisk tenking.

I framstillinga går Marx nett ut frå ein abstrakt, teoretisk analyse av den inste kjernen i kapitalen, dvs. varen og vareproduksjonen. Så går han vidare frå dette grunnlaget og stadig vidare opp igjen mot dei formene som alle kan sjå på overflata av kapitalismen som fenomen. Det er i dette tredje bandet at han dukkar heilt opp att på overflata og viser oss korleis dei indre samanhengane i kapitalen trer fram i ei forvanska, fordreid og ukjenneleg form i det daglege livet vårt.

Begge desse metodane er nyttig idag og. Vi bør ikkje låse oss til ein av dei, eller legge einsidig vekt på ein av dei.

1. avd. handlar om forvandlinga av meirverdien til profitt og meirverdiraten til profittrate. For kapitalisten trer meirverdien fram som eit overskott på alt han har investert både i maskiner, råvarer, hjelpestoffar (dvs. konstant kapital) og arbeidskraft (dvs. variabel kapital), altså som eit overskott som heile kapitalen har skapt, ikkje berre den variable delen, dvs. arbeidskrafta.

Slik blir kjelda til verdiskapinga, meirverdien, løynd i omgrepet profitt.

Det som er investert for å produsere varen kallar Marx for kostnadsprisen. Profitten er overskottet over kostnadsprisen. Profittraten er meirverdien delt på kostnadsprisen, rekna i prosent. Dette skjuler korleis meirverdien blir skapt og dermed skjuler det utbyttinga.

2. avd. handlar om forvandlinga av profitten til gjennomsnittsprofitt. Innan ulike greiner av kapitalen vil det danne seg ulike profittratar fordi dei har ulike forhold mellom delane konstant og variabel kapital og meirverdien. Innan område der det ikkje er uoverstigelege hindringar vil det likevel, ut frå konkurransen i marknaden, danne seg ein gjennomsnittsprofittrate for dei ymse kapitalane uansett korleis forholdet mellom konstant og variabel kapital og meirverdien er. Det den enkelte kapitalen får i profitt er kostnadsprisen sin pluss eit tillegg som samsvarer med den gjennomsnittlege profittraten, ikkje den eigne profittraten. Kostnadsprisen pluss tillegget ut frå den gjennomsnittlege profittraten kallar Marx for produksjonsprisen.

Vi ser no at varene sin verdi som første og andre bok av "Kapitalen" handlar om, er kamuflert som kostnadspris og produksjonspris og at dei verkelege indre samanhengane i kapitalen sin akkumulasjonsprosess blir vanskelegare og vanskelegare å forstå jo meir vi kjem opp til overflatefenomena.

Med utgangspunkt i korleis produksjonsprisen blir danna, er det lettare å forstå korleis dei kapitalane som er teknisk mest avanserte kan realisere meir profitt enn dei andre, sjølv om det er det levande arbeidet som skapar meirverdien og ikkje maskinene. Fortenesta til kvar kapital blir bestemt av forskjellen mellom kostnadsprisen og produksjonsprisen for kvar kapital. Fordi produksjonsprisen er felles for alle kapitalane, får dei kapitalane størst forteneste som har lågaste kostnadspris, og det er dei med dei meste moderne anlegga. For kvardagsmedvitet ser det då ut som det er maskinene som spelar størst rolle i profittskapinga ikkje arbeidarane.

I avdelinga tek og Marx opp korleis voksande etterspurnad og utbud verkar inn på korleis marknadsprisane vik av frå marknadsverdien til varene. Dette legg endå eit kamuflerande lag over dei indre samanhengane og prosessane i systemet. Dei borgarlege økonomane byggjer forklaringane sine mykje på illusjonane som oppstår her.»

Paul Mattic gjennomgjekk denne diskusjonen alt byrjinga av 1970 talet der han også imøtegår Samuelson sine tankar om saka.[xxi]

Eg skal ikkje gå inn nøyare på Jones argumentasjon her, men berre slå fast at han ikkje kjenner til dei viktigaste momenta i den diskusjonen han drar opp. Han skriv til dømes at då Engels gav ut det tredje  bindet av Kapitalen så blei det retta en grunnleggande kritikk mot boka, særleg av Eugen von Böhm-Bawerk.[xxii] Han viste at løysinga på meirverdi til profitt var tilfeldig og overflatisk. Og Jones meiner at Marx strevde med dette gjennom heile produksjonen sin utan å finne ei tilfredsstillande løysing.

Men han nemner ikkje at den seinare økonomiguruen,  Paul A. Samuelson[xxiii], som på ingen måte støtta Marx, fann at Böhm-Bawerk sin kritikk ikkje heldt vatten. Dessutan handsamar han ikkje nokre av dei sentrale personane som har tatt opp liknande kritikk av Marx, som Piero Sraffa, Nobuo Okishio, Paul M. Sweezy, Ladislaus von Bortkiewicz og andre. Og han nemner i alle fall ikkje dei som har gått i rette med denne kritikken, som Paul Mattic (1972) som tar opp korleis Marx opererer med fleire abstraksjonsnivå, som Böhm-Bawerk Samuelson og andre ikkje tar omsyn til, og særleg  Andrew Kliman[xxiv] som har gjort et svært grundig arbeid for å vise at det er indre samanheng mellom Marx sin arbeidsverditeori og prisdanninga.[xxv] Mitt poeng er at det Jones skriv er heilt forbigått av den moderne Marx-forskinga som Jones ikkje veit om eller medvite utelet.

Dei dialektiske kategoriane  og metoden til Marx

På dette feltet er Jones heilt hjelpelaus. Han kjenner korkje til nyare studiar som Lucien Sève sitt banebrytande arbeid på dette feltet, Isabelle Garo, eller til dømes Bertell Ollman[xxvi] si bok om Marx’ dialektikk.[xxvii] For ikkje å snakke om Evald Vasilyevich Ilyenkov sitt verk om Det abstraktes og konkretes dialektikk i Marx’s Capital.[xxviii] Og heller ikkje veit han om eldre kjende studiar som John Mepham og David-Hilllel Ruben sine tre bind med samletittel Issues in Marxist Philosophy som kom ut i 1979. Han er kort sagt heilt fråsegla.

Førebels konklusjon

Når det gjeld det vesentlegaste ved Marx sin innsats og det varige i han, så er boka ikkje til noka nytte. Igjen har vi noko tilsynelatande vitskapeleg som dekkjer over ukunne, dårleg handsaming av kjelder og manglande kunnskap om den nye utviklinga på vesentlege felt.

Kanskje eg kjem til å ta fram fleire eksempel om eg får tid.

Terje Valen, måndag 5. desember 2016.

 

 

 

 



[i] https://en.wikipedia.org/wiki/Gareth_Stedman_Jones

[ii] Skandaløs Marx-biografi. (Ny versjon lagt ut 15.10.2016.)

[iii] http://www.edmond-de-rothschild.com/site/International/en/Sustainable-development/the-edmond-de-rothschild-foundations

[iv] https://en.wikipedia.org/wiki/Michael_Ignatieff

[v] http://ejpe.org/pdf/9-1-br-3.pdf

[vi] Jones, side xv.

[vii] http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Sperber%20om%20Marx.htm

[viii] Jones, side 38-39.

[ix] Her siterer Cornu frå MEGA bind I, 1, 2. halvbind, side 165. Sjå Auguste Cornu Karl Marx und Friedrich Engels, bind 1, side 61.

[x] Jones, side 174-75.

[xi] Enrique Dussel Towards an Unknown Marx – as commentary on the Manuscipts of 1861-63, engelsk utgåve, omsett av Dussel sjøl, 2001, side 105. Spansk utgåve, 1988. Sitatet er frå Marx Engels Collected Works (MECW), bind 32, side 10.

[xii] Sam bok, side 105, Marx Engels Collected Works (MECW), bind 32, side 9.

[xiii] Jones, side 412-13.

[xiv] Jones, side 175-76.

[xv] “Ved kvar kompensasjon av pengar og metallverdi, som når han framstiller produksjonskostnadene som det einaste momentet i verdibestemminga, gjer Mills – slik også Ricardo sin skole i det heile – den feilen at dei utrykk han som abstrakt lov, utan den vekslinga eller stadige opphevinga av  denne loven som først gjer at han blir til. Når det er ein varig lov at til dømes produksjonskostnadene til sjuande og sist – eller i enno høgare grad gjennom den sporadisk inntreffande balanse av etterspurnad og tilbod – bestemmer prisen/verdien, så er det ein like varig lov at dette forholdet ikkje går opp, altså at verdi og produksjonskostnader ikkje står i noko nødvendig forhold til kvarandre. Ja, etterspurnad og tilbod svarer til kvarandre alltid berre i augeblinken gjennom dei tidlegare svingingane i etterspurnad og tilbod, gjennom misforholdet mellom produksjonskostnadene og bytteverdien, akkurat som desse svingingane og misforholda igjen følgjer etter den likevekta som finns i augneblinken. Denne verkelege rørsla, som kvar lov berre er eit abstrakt, tilfeldig og einsidig moment av, blir av den nyare nasjonaløkonomien gjort til noko tilfeldig, til noko uvesentleg. Kvifor? Fordi det er slik at viss han ville uttrykke kvar rørsle abstrakt, så ville grunnformelen, gjennom den skarpe og eksakte formel som dei reduserer nasjonaløkonomien til, måtte vere: I nasjonaløkonomien er loven bestemt gjennom sin motsetnad, mangelen på lov. Nasjonaløkonomien sin sanne lov er slumpetreff, og vi, vitskapsfolka, trekk av rørsla til dette slumpetreffet, ut nokre vilkårlege moment som vi fastset i form av lovar.»

[xvi] Marx om Mills økonomiske element. (Lagt ut 9.2.2008 og 7.4.2015.)

[xvii] Jones, side 180.

[xviii] Jones, side 376.

[xix] Dussel La production téorique De Marx – Un commentaire des Grundrisse, fransk utgåve 2009, side 79. Spansk utgåve 1985.

[xx] Jones, side 398.

[xxi] https://www.marxists.org/archive/mattick-paul/1972/samuelson.htm

[xxii] Jones, side 417 og 18.

[xxiii] Samuelson er sett på som den leiande økonomen i siste halvdel av førre hundreår. Sjå https://en.wikipedia.org/wiki/Paul_Samuelson

[xxiv] Andrew Kliman Reclaiming Marx’s «Capital» - A Refutatio of the Myth of Inconsistency, 2007.

[xxv] http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Tilbakevisningen%20av%20at%20Marx.htm

[xxvi] https://en.wikipedia.org/wiki/Bertell_Ollman

[xxvii] http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Hva%20er%20dialektisk%20materialisme%20Bertell%20Ollman.htm

[xxviii] https://en.wikipedia.org/wiki/Evald_Ilyenkov