Med dei «grøne» for kapital og imperialisme

Den antikapitalistiske fløyen i alle dei «grøne» partia har tapt den interne kampen, og desse partia prøver no å redde miljøet innanfor kapitalen sine rammer. Noko som sjølvsagt i det vesentlege er øydeleggande for miljøet.[i]

Men både i Tyskland og Frankrike skjer det no ei vidare utvikling av desse partia. Dei har med fynd og klem forlate ein kvar antiimperialistisk tanke og blitt trugne tilhengarar av den USA-dominerte imperialismen.

La oss først sjå på Frankrike. Le Monde diplomatique skriv no om Yannick Jadot[ii] som er initiativtakar til ei politisk samling han kallar «réunion unitaire» som vi vel kan omsette med «felles samling» og som elles er ein av dei fremste «grøne» politikarane i landet. Redaktøren i avisa, Serge Halimi, skriv i årets mai-nummer av avisa at Jadot har publisert ein analyse av utanrikspolitikken som vi skulle tru var redigert av eit Pentagon-byrå, der han plasserer seg til høgre for president Macron. Han seier at den aukte internasjonale spenninga kjem berre av den større aggressiviteten til dei autoritære regima som styrer i Kina, Russland og i tillegg Tyrkia. Det ser altså for han ut som provokasjonane aldri kjem frå USA, Saudi-Arabia eller Israel. Med same tunnelsynet gir han Moskva og Peking monopol på «falske nyheiter» og støtte til «ekstremistiske rørsler» eller oppkjøp av franske nøkkel-føretak. Han ser bort frå løgnene om masseøydeleggingsvåpen i Irak, den vestlege støtta til den syriske Al-Nusra-fronten – knyta til Al-Kaida og USA sine tiltak mot konkurrerande føretak og som tvinga føretaket Alsom inn under General Motors. Han forlangar at europearane straks stanser gassrøyrprosjektet Nordstream 2 og at vi må støtte Ukraina til å møte den militære aggresjonen frå naboen Russland. Så langt redaktør Halimi.

Så til Tyskland der den leiande figuren til dei «grøne», Annalena Baerbock[iii] har jobba i nokre år no for at dei «grøne» skal komme i regjeringsposisjon og til og med få kanslarembetet.
Kanslar Angela Merkel har ønska ho velkomen om ho vinn stillinga. Baerbock har stadig meir tilpassa dei «grøne» sin politikk til det som Online Focus[iv] kallar sentrum venstre i heile politikken. Det tyder at ein del av dei mest utfordrande programpunkta for dei «grøne» blir svekka og fjerna. Men det mest interessante i denne samanhengen er utanrikspolitikken ho står for. Ho meiner at krigsfaren i Ukraina kjem frå dei aggressive russarane, og at krigsfaren i Sør-Kina-havet kjem frå Beijing. Ho høyrer også til dei hardaste motstandarane mot gassleidninga Nordstream 2. Ho er truandes til å seie dette rett i fleisen på Putin. Og det same gjeld synet på angrepa på menneskerettane når det gjeld det muslimske mindretalet i Kina eller den valdelege undertrykkinga av demokratirørsla i Hong Kong, slik ho ser det.

Med dette har dei to leiande talspersonane for den «grøne» rørsla i Europa innynda seg hos det imperialistiske finansborgarskapet i USA og sjølv plassert seg i leiren av dei statane som har erobra, undertrykt og utbytta resten av verda heilt sidan Columbus kom til Amerika i 1492. Dette er vegen det går med desse «grøne» rørslene når dei nærmar seg dei viktigaste taburettane. Då gjeld det å få tiltru hos den herskande klassen, elles er det mest umogleg å vinne leiande parlamentarisk posisjonar i land der USA har dominerande innflyting. Utan ein marxistisk analyse i botn, ei politisk innretting på arbeidarklassen, ein aktiv antiimperialisme med ein kommunisme i Karl Marx’ ånd som målsetting og ei leiing som går i spissen for å mobilisere heile partiet til å arbeide aktivt og ope for dette, vil det gå den vegen med alle parti som elles kallar seg radikale og til og med sosialistiske og revolusjonære.

Terje Valen, fredag 14. mai 2021.


[i] Sjå til dømes Daniel Tanuro, Green Capitalism: why it can’t work, Merlin Press, 2013. Boka blei først publisert på fransk som L’impossible Capitalisme Vert av Editions La Decouverte, Paris, 2010. Tanuro sjølv er erklært marxist. Han er kvalifisert jordbruksingeniør og har publisert fleire bøker med marxistisk analyse av økologi. Slik sett følgjer han opp den store franske økologiske pioneren, René Dumont, som mellom anna skreiv Seule une écologie socialiste … i 1977 og også stilte som dei grøne sin statsministerkandidat i 1974. Dumont var heilt klar på at den vesentlege grunnen til fattigdom og problem i den fattige verda var undertrykkinga og utbyttinga frå dei kvite nordeuropeiske statane. Det politiske forfallet frå han til Yannick Dadot er skremmande og viser korleis dei «grøne» partia har blitt fanga av finanskapitalen sin ideologi og sin eigen politiske karrierisme.

[ii] https://en.wikipedia.org/wiki/Yannick_Jadot

[iii] https://en.wikipedia.org/wiki/Annalena_Baerbock

[iv] https://www.focus.de/politik/deutschland/kommentar-kampf-ums-kanzleramt-herzlichen-glueckwunsch-frau-baerbock_id_13207936.html

Skjebnetid for kapitalen

I 2016 gav John Smith ut boka Imperialism in the Twenty-first Century – Globalization, Super-Exploitation, and Capitalism’s Final Crisis (Imperialismen i det 21. hundreåret – Globalisering, superutbytting og kapitalismens endelege krise). Han summerer opp alt i slutten av boka. Det skal eg omsette no. Men først skal et gi att den første setninga i boka og samanfatte det Smith skriv om det som skjedde.

«Samanrasinga  av Rana Plaza, ein 8 etasjars bygning som husa mange tekstilfabrikkar, ein bank og nokre forretningar i eit industridistrikt nord for Dhaka, hovudstaden i Bangladesh, den 25. april 2013 som drap 1133 tekstilarbeidarar og skada 2500, var ein av dei største arbeidsulukkene i den historia vi kjenner til.»

Dagen før det skjedde hadde ein oppdaga sprekker i bygnaden og han vart undersøkt. Det førte til at han vart stengt. Alle som jobba der blei evakuert og det vart råda til at bygnaden skulle vere stengd frametter. Dagen etter følgde dei som jobba i butikkar og i banken i første etasje rådet og held seg vekke. Men tekstilarbeidarane fekk ordre om å komme på jobb eller få sparken. Då generatorar som var ulovleg installert på toppen av bygget starta opp kollapsa bygnaden og tusenvis av arbeidarar var fanga og vart knust under betongen. Dei vestlege merkevareforetaka i vesten som tener på den billige produksjonen i dei fattige landa gjorda alt dei kunne for å sleppe unna ansvaret for det som hadde skjedd. Smith seier at denne «ulukka» var som ein gigantisk stråle eller ein sjokkbølgje som gjennomlyste den indre strukturen i den globale økonomien.

Så til omsettinga av boka sin konklusjon.

«Den store bølgja med utflytting av produksjonsprosessen til låginntektsland, som blei mogleg på grunn av den gunstige utviklinga av IKT og den hurtige utviklinga av transportteknologien, var eit strategisk svar på den doble krisa med fallande profitt og overproduksjon som dukka opp att på 1970-talet i form av stagflasjon og ein nedgangskonjunktur som kom samstundes over heile verda. Denne prosessen som kom av imperialistane sin uvilje mot å fjerne dei dyre positive reformene dei hadde gått med på og som hadde hjelpt til med å omvende arbeidarane i det globale Nord til passive tilskodarar og til og med medskuldige, i undertrykkinga til imperialistane av resten av verda. Saman med den enorme utvidinga av gjeld i familiane, føretaka og statane, gav denne globale endringa det avleggse og øydeleggande kapitalistiske systemet ei utsetting som varte i knapt tjuefem år. «Finanskrisen» som sørga for slutten på denne utsettinga er ein følgjesmitte, ein sjukdom som er skapt av den medisinen som blei tatt for å lette ein djupare sjukdom som kapitalismen ikkje har nokre alternative middel mot. Eksponentielt aukande gjeld lykkast med å halde overproduksjonskrisen innan grenser som gjorde at han kunne fortsette å eksistere, men har brakt det globale finanssystemet nær samanfall. Overføring av produksjon til andre land har auka profitten til føretak over alt i den imperialistiske verda og hjelpt til med å halde oppe levestandarden til innbyggarane der, men det har ført til meir avindustrialisering, har gjort kapitalismens imperialistiske og parasittiske tendensar større og har stabla opp globale ubalansar som truger med å føre verda inn i øydeleggande handelskrigar. Alle faktorane som produserer denne krisen – aukande gjeld, aksjeboblar, globale ubalansar – blir forsterka av verknadane av dei naudtiltaka som er laga for å halde dei i sjakk. Ironien i null-rente-politikken og statleg innsprøyting av pengar i økonomien (quantitative easing) er at den største suksessen til denne – å halde oppe verdien på finansformuane og rikdommen til dei som eig desse formuane – blokkerer den einaste kapitalistiske løysinga på krisen, nemleg ein massiv ettergjeving av krava på samfunnsmessig rikdom.

Statleg innsprøyting av pengar og nullrente-politikk eller «amfetaminrus for finansmarknaden» slik ein banksjef for Goldman Sachs så uforgløymeleg kalla det[i] – er difor eit middel til å utsette det uunngåelege, som å sparke bensinkanna nedetter bakken mens du ventar og håpar på at motoren skal starte att.

Sjølv om den globale krisen først viste seg i finans- og banksfæren så er det som verda no er inne i mykje meir enn ein finanskrise. Han er det uunngåelege resultatet av motseiingane i det kapitalistiske systemet sjølv som no ikkje kan utsettast lenger. På berre tre tiår har  den kapitalistiske produksjonen med sine indre motseiingar blitt svært omforma ved det umåtelege globale skiftet av produksjonen til lågkostland, med det resultatet at profitt, velstand, og samfunnsmessig fred i dei imperialistiske landa har blitt kvalitativt meir avhengige av utviklinga av super-utbytting av levande arbeid i land som Vietnam, Mexico, Bangladesh og Kina. Av dette følgjer at det no ikkje berre er ein finanskrise og heller ikkje berre ein ny krise i kapitalismen. Det er ein krise i imperialismen.

Framveksten av nyliberalismen etter eit tiår med krigar, kriser og revolusjonar var ikkje uunngåeleg. 1970-åra var, når alt kjem til alt, eit tiår då USA vart kasta ut av Vietnam, eit tiår med revolusjonane i Nicaragua og Iran, Cubas siger over Sør Afrika sin invasjon i Angola og Soweto-oppstanden som følgde. Det var resultat av kampar der resultatet ikkje var gitt på førehand. Fire tiår seinare er heller ikkje framtida avgjort på førehand, men det tyder ikkje at det finnast eit uendeleg tal med moglege framtider. I røynda finnast det berre to: sosialisme eller barbari. Kva framtid av desse to som vil skje vil avhenge av kampen til millionar, og av dei revolusjonære sin kapasitet til å smi ei leiing av det kaliberet den dei russiske bolsjevikane hadde eller Cubas 26. juli rørsle.

Den enorme veksten til arbeidarklassen og særleg industriarbeidarklassen i Kina og i nasjonar som er undertrykt av imperialismen er den mest avgjerande omforminga i den nyliberale perioden og må rangerast blant dei viktigaste utviklingane i kapitalismens historie. Forflyttinga av arbeidarklassen sørover, styrkinga av arbeidarklassen i dei imperialistiske landa ved immigrasjon frå undertrykte nasjonar, og kvinnene sitt inntog i lønsarbeidet i alle land tyder at arbeidarklassen nå er mykje meir eit uttrykk for heile menneskefellesskapen og styrkar mykje sjansane for å vinne i dei kampane som  kjem. Meirverdien som blir pressa ut av desse nye legionane av dårleg betalte arbeidarar hjelpte til å grave kapitalismen ut av hòlet sitt på 1970-talet då den imperialistiske ordninga blei utfordra av overproduksjon, fallande profitt og aukande klassekamp i kjernelande og ved opprør og revolusjonar i Asia, Afrika og Latin Amerika. Saman med brørne og systrene sine i dei imperialistiske landa har arbeidarane kapasiteten, misjonen og skjebnen til å grave eit nytt hol, ein grav der dei kan gravlegge kapitalismen og få slutt på det som Marx kalla «menneskesamfunnet si forhistorie».[ii]

Samspelet mellom levande arbeid og naturen er kjelda til all rikdom. Kapitalismen si ville utbytting av begge har ført til ikkje berre ein alvorleg samfunnsmessig og økonomisk krise, men også til ein veksande økologisk katastrofe. Aukande konsentrasjon av CO2 i atmosfæren saman med resten av avfallet som blir skapt i den kapitalistiske produksjonen og dumpa på land og i elvar og hav skapar allereie ekstremvær på heile den sørlege delen av kloden. Kapitalismen sin tendens til å utarme arbeid og natur er like gamal som kapitalismen sjølv, men nett som den enorme appetitten han har på billig arbeid og den draumen han har om omgå produksjonen heilt gjennom finansiell alkymi, når dei øydeleggande tendensane hans fram til sitt mest ekstreme uttrykk på same tid. Den kapitalistiske øydelegginga av naturen tyder at det ikkje berre er kapitalismen si aller største krise nokon gong, er det kapitalismens siste krise, ein eksistensiell krise for menneskefellesskapen.

Derfor altså leier alle vegar inn i krisen herifrå. Med orda til den cubanske revolusjonære leiar, Raúl Valdés Vivó, er dette un crisis salida del capitalismo, ein krise som det ikkje finnast nokon kapitalistisk veg ut av. Den einaste vegen frametter for menneska er «å begynne omforminga til ein kommunistisk produksjonsmåte. … Anten vil folka øydelegge den imperialistiske makta og opprette si eiga makt eller så blir det slutten på historia. Det er ikkje ‘sosialisme eller barbari’ som Rosa Luxemburg sa i 1918, men sosialisme eller ikkje noko.[iii]

Terje Valen, 14. mai, 2021.


[i] Sitert i Henry Sender, «On Wall St: A Tonic that Works Too Well, ”Financial Times”, 23. desember, 2009.

[ii] Karl Marx, 1859, A Contribution to the Critique of Political Economy, http://www.marxists.org/archive/marx/works/1859/critique-pol-economy/preface.htm  

[iii] Raoúl Valdés Vivó, «Crisis sin salida del capitalismo,» Rebelión, 30. januar, 2009, https://rebelion.org/crisis-sin-salida-del-capitalismo/ , forfattaren si omsetting. Lenka i boka er feil, eg har funne den rette. TV.