Marx sitt samandrag og kritiske gjennomgang av økonomen James Mills[i] bok om Elements of Political Economy, frå artikkelen i Marx Engels Werke bind 40, side 445-463.

 

Teksten er skrive i første halvår av 1844. Han er det første dokumentet i Marx Engels Werke der Marx utviklar tanken om framandgjøring og kommunisme. Han bruker omgrepet avytring og framandgjøring og knyter det til utviklinga av privateigedommen og bytteøkonomien eller marknadsøkonomien om du vil. Avsnittet i slutten av teksten der Marx for første gong definerer det som han seinare kom til å kalle kommunisme begynner slik: ”La oss tenke oss at vi hadde produsert som menneske.” Han snakkar også om ”samfunnsmessig produksjon”.

 

Denne teksten er viktig for å forstå innhaldet i dei økonomiske og filosofiske manuskripta frå seinare i 1844, og den vidare utviklinga fram mot alt som har med Kapitalen å gjøre. Teksten viser også at Marx alt våren 1844 hadde lese viktige delar av den økonomiske litteraturen på den tida og Ricardo sin tradisjon er nemnd spesielt i tillegg til Adam Smith og Destutt de Tracy.

 

Eg omsett side 445 – 463 og utelet førebels eit utdrag frå Mill der han analyserer bytte på grunnlag av privateigedommen.

 

 Eg trur at det her kan vere nyttig å sjå meir på innhaldet i Marx sine kommentarar til Mills. Hovudsaka for Marx er her å framstille korleis framandgjøringa oppstår.  Han argumenterer for at framandgjøringa oppstår ved at folk begynner å tileigne seg privat eigedom, ting som dei eig privat. På grunnlag av privateigedom blir så bytte av dei tinga dei private eigarane eig mulig og privateigarane begynner å bytte tinga i staden for å dele dei, i motsetnad til slik det vil vere under eit system med fellesskapseigedom.

 

Under fellesskapseigedommen blir formidlinga av tinga som menneska produserer delt ut på fellesskapen utan bytte. Det er ei direkte samfunnsmessig formidling frå menneske til menneske av dei godane som dei forskjellige menneska i fellesskapen til saman skapar.

 

Så seier Marx at formidlingsprosessen mellom menneska som driv med bytte ikkje er ein samfunnsmessig eller menneskelig prosess, det er ikkje eit menneskelig forhold. Det er eit abstrakt forhold der ein privateigedom står i forhold til ein annen privateigedom, og uttrykket for dette abstrakte forholdet er verdi og verdien sin aktuelle eksistens trer fram som pengar.

 

(”Eg har behov som eg ikkje får dekt av produkt frå eigen produksjon eller frå ein fellesskap. Du er i same situasjon. Men vi eig og produkt som vi ikkje har behov for sjølve, men som den andre har behov for. For at vi skal få dekka behova våre bytter vi produkt.” )

 

 

Ved kvar kompensasjon av pengar og metallverdi, som når han framstillar produksjonskostnadene som det einaste momentet i verdibestemminga, gjør Mills – slik også Ricardo sin skole i det heile – den feilen at dei utrykk han som abstrakt lov, utan den vekslinga eller stadige opphevinga av  denne loven som først gjør at han blir til. Når det er ein varig lov at til dømes produksjonskostnadene til sjuande og sist – eller i enno høgare grad gjennom den sporadisk inntreffande balanse av etterspurnad og tilbod – bestemmer prisen/verdien, så er det ein like varig lov at dette forholdet ikkje går opp, altså at verdi og produksjonskostnader ikkje står i noe nødvendig forhold til kvarandre. Ja, etterspurnad og tilbod tilsvarar kvarandre alltid bare i augeblinken gjennom dei tidligare svingingane i etterspurnad og tilbod, gjennom misforholdet mellom produksjonskostnadene og bytteverdien, akkurat som desse svingingane og misforholda igjen følgjer etter den likevekta som fins i augneblinken. Denne verkelige rørsla, som kvar lov bare er eit abstrakt, tilfeldig og einsidig moment av, blir av den nyare nasjonaløkonomien gjort til noe tilfeldig, til noe uvesentlig. Kvifor? Fordi det er slik at viss han ville uttrykke kvar rørsle abstrakt, så ville grunnformelen, gjennom den skarpe og eksakte formel som dei reduserer nasjonaløkonomien til, måtte vere: I nasjonaløkonomien er loven bestemt gjennom sin motsetnad, mangelen på lov. Nasjonaløkonomien sin sanne lov er slumpetreff, og vi, vitskapsfolka, trekk av rørsla til dette slumpetreffet, ut noen vilkårlige moment som vi fastset i form av lovar.

 

Når Mills kallar pengar ein formidlar for bytte klarer han svært godt å få sett eit omgrep på det vesentlige i saka. Pengane sitt vesen er ikkje, i første rekke, at eigedom blir avhenda i dei, men det er at den formidlande aktiviteten eller verksemda, den menneskelige, samfunnmessige verksemda som gjør at menneska sine produkt utfyllar kvarandre, blir framandgjort og blir eigenskapen til ein materiell ting utanfor menneska, (eigenskapen) til pengane.

 

I det mennesket avhendar denne formidlande verksemda sjølv, er det her verksamt bare som eit menneske som har komme fram til avhending og er avhumanisert; forholdet sjølv mellom ting, mennesket si handsaming av dei, blir ei handsaming av eit vesen utanfor mennesket og over mennesket. Gjennom denne framande formidlaren ser mennesket sin eigen vilje, si eiga verksemd og forholdet sitt til andre menneske som ei makt uavhengig av seg sjølv og dei andre, i staden for at mennesket sjølv er formidlaren for mennesket. Mennesket sitt slaveri når altså høgdepunktet sitt.

 

Det er klårt at denne formidlaren no blir den verkelige Gud, for formidlaren er den verkelige makta over det som han formidlar til meg. Kulten av denne formidlaren blir eit mål i seg sjølv. Tinga som er skilde frå denne formidlaren har mist verdien sin. Derfor har tinga verdi bare i den grad dei representerar formidlaren, mens det til å begynne med såg ut som formidlaren hadde verdi bare i den grad han representerte dei. Denne omkastinga av det opphavlige tilhøvet er naudsynt. Denne formidlaren er derfor det framandgjorte vesenet til privateigedommen som har komme fram til si eiga avhending, privateigedom avytra frå seg sjølv, som har blitt framandgjort, akkurat som det er den avhenda formidlinga mellom mennesket sin produksjon og mennesket sin produksjon, den avhenda artsverksemda til mennesket.

 

Alle eigenskapane som tilkjem mennesket i denne verksemda blir trekt over på denne formidlaren. Slik blir mennesket dess fattigare som menneske, dvs. skild frå denne formidlaren, jo rikare denne formidlaren blir.

 

Kristus representerer opphavlig 1. menneska framfor Gud; 2. Gud for menneska; 3. menneska for menneska.

 

Så representerer pengane opphavlig ifølge omgrepet sitt: 1. privateigedommen for privateigedommen; 2. samfunnet for privateigedommen; 3. privateigedommen for samfunnet.

 

Men Kristus er den avytra Gud og det avytra menneske. Gud har no bare meir verdi so langt som han representerer Kristus og mennesket har bare meir verdi so langt som det representerer Kristus. Slik er det og med pengane. –

 

Korfor må privateigedommen komme før pengevesenet? Fordi mennesket som eit samfunnsvesen må gå vidare til bytte og fordi byttet – under privateigedommen sine føresetnader – må gå vidare til verdi. Den formidlande rørsla til dei byttande menneska er nemlig ikkje ei samfunnsmessig, ikkje ei menneskelig rørsle, ikkje noka menneskelig tilhøve, det er det abstrakte tilhøvet eigedom har til  eigedom, og dette abstrakte tilhøvet er verdien, og den verkelige eksistensen til verdien er pengane. Mens dei bytande menneska ikkje held seg til  kvarandre som menneske, så misser tinga tydinga som den menneskelig, den personlige eigedom. Det samfunnsmessige tilhøvet mellom privateigedom og privateigedom er alt eit tilhøve der privateigedommen har framandgjort seg sjølv. Den eksistensen av desse tilhøva som eksisterer for seg, pengane, er derfor avytringa av privateigedommen, abstraksjonen frå privateigedommen sin særeigne, personlige natur.

 

Motsetnaden som den moderne nasjonaløkonomien har til pengesystemet, système monetaire, kan derfor tross all klokskapen sin ikkje bringe oss til noen avgjørande siger. For når den råe nasjonaløkonomiske overtru til folk og regjeringar held fast ved den sansa, handgripelige, pengesekken som fell i auga og derfor trur på den absolutte verdien av dei edle metalla som dei eig som den einaste verkelige rikdommen, så kjem den opplyste, verdsvante nasjonaløkonomen og provar for dei at pengane er ein vare som alle andre og at derfor verdien til pengane, som  for alle andre varer, avheng av tilhøvet mellom produksjonskostnader og etterspurnad, konkurranse og tilbod, av mengda eller konkurransen frå andre varer, - så blir desse nasjonaløkonomane korrigert med at det likevel er slik at den verkelige verdien av tinga er bytteverdien deira, og at dette i siste instans eksisterer i pengar, og dei eksisterer i edle metalla, og at altså pengane er den sanne verdien til tinga og derfor det som ein mest ønskjer å  ha. Nasjonaløkonomane si lære går jo også i siste instans ut på denne same klokskapen, bare at dei ha evna til abstraksjon som gjør at dei ser på pengane i alle former for varer og derfor ikkje trur på den eksklusive verdien av varene si metallform. – Metallforma til pengane er bare det offisielle lettforståelige uttrykket for pengesjela som finst i alle ledd av produksjonen og rørsla i det borgarlige samfunnet. –

 

Motsetnaden mellom dei moderne nasjonaløkonomane og pengesystemet er bare det at dei fattar pengevesenet i abstraksjonen sin og allment og derfor er klar over den sansemessige overtrua, som går ut på at ein trur på den eksklusive eksistensen av verdien sitt vesen i dei edle metalla. I staden for den rå overtrua set dei den raffinerte. Mens begge har ei rot i vesenet så fører ikkje den opplyste forma for overtru til at den rå, sansemessige forma for den same blir heilt trengt bort fordi han ikkje angrip vesenet til pengesystemet, bare ei bestemt form av dette vesenet. – Den personlige eksistensen av pengar som pengar – og ikkje bare som eit indre, skjult omsetnadstilhøve i seg sjølv eller eit standstilhøve varene imellom – denne eksistensen uttalar desto meir pengane sitt vesen jo meir abstrakt han er, jo mindre naturlig tilhøve han har til andre varer, jo meir han ser ut som produkt og likevel ikkjeprodukt til menneska, jo mindre det elementet som han eksisterer i er skapt naturlig, jo meir det er skapt av menneske, eller  nasjonaløkonomisk tala, jo større det omvendte tilhøvet av verdien hans som pengar er til bytteverdi eller pengeverdi av dei materiala som han eksisterer i. Derfor er papirpengar og talet på dei papir som representerer pengar (som vekslar, krav, skuldpapir osb.) den meir fullkomne eksistensen av pengar som pengar og eit naudsynt moment i framgangen når det gjeldt utviklinga av pengevesenet. I kredittvesenet, som har sitt fullstendige uttrykk i bankvesenet får han eit skinn av at den framande makta, den materielle makta, er broten, at sjølvframandgjøringa sine tilhøve er oppheva og at menneska igjen trer i menneskelige forhold til menneska. Tilhengarane av St. Simon, som var lurt av dette skinnet, såg på utviklinga av pengar, vekslar, papirpengar, papir som representant for pengar, kreditt og bankvesen som ei trinnvis oppheving av menneska sin skilnad frå tinga, kapitalen frå arbeidet, privateigedommen frå pengane og pengane frå menneska og menneska frå menneska. Derfor er det organiserte bankvesenet deira ideal. Men denne opphevinga av framandgjøringa, dette tilbaketoget av menneska til seg sjølve og derfor til andre menneske er bare eit skinn, ho er ei enno meir infam og ekstrem sjølvframandgjøring, umenneskeliggjøring, då elementa i han ikkje meir er vare, metall, papir, men moralsk eksistens, den samfunnsmessige eksistens, det innarste i sjølve hjartet til menneska. Det er fordi dette under skinnet av tiltru mellom menneske er den høgaste mistru og den fullstendige framandgjøring. Kva konstituerer kredittens vesen? Vi ser her heilt bort frå innhaldet i kreditten, som igjen er pengar. Vi ser altså vekk frå innhaldet i denne tiltrua som fører til at eit menneske anerkjenner eit anna gjennom det at han forskotterer ein verdi og – i beste fall, viss han nemlig ikkje lar seg betale kreditten, dvs. ikkje er noen ågerkar – gir medmennesket sitt den tiltrua, at han ikkje er noen luring, men ein ”god” mann. Under ein ”god” mann forstår den som stoler på han, som Shylock, ein mann ”som kan betale”. – Kreditt kan tenkast under to forhold og under to forskjellige føresetnader. Dei forholda er: ein gong kan ein rik gi kreditt til ein fattig som han meiner er flittig og ordentlig. Denne slags kreditt høyrer i den romantiske, sentimentale delen av nasjonaløkonomien til forvirringa av han, utskeiinga, unnataket, ikkje til regelen. Bare sjølve dette unnataket underbygger, når vi innrømmer denne romantiske muligheita, at livet til den fattige og talentet hans som verksemd hans er ein garanti for at den rike skal få tilbake dei utlagde pengane. Det tyder at alle samfunnsmessige dydar til den fattige, innhaldet i livsverksemda hans, sjølve eksistensen hans, for den rike representerer tilbakebetalinga av kapitalens hans med passande rente. Derfor er den fattige sin daud det verste som kan skje for den som gir kreditten. Det er dauden til kapitalen hans med rente. Vi kan tenke  kva for tarvelegskap som ligg i den verdsettinga av eit menneske i pengar som skjer med han i kredittilhøvet. Det gir seg sjølv at den som gir kreditt, når vi ser vekk frå den moralske garantien også har garantien frå den juridiske tvangen og den meir eller mindre verkelige garantien for mannen sin. Viss nå den som får lån sjølv har formue så blir kreditten bare til ein formidlar som lettar bytet, det vil seie at pengane er heva opp til ein heilt ideell form. Kreditten  er den nasjonaløkonomiske domen over eit menneske sin moralske standard. I kreditten er mennesket sjølv, i staden for metallet eller papiret, sjølv blitt til formidlar for bytet, ikkje som menneske, men som ein kapital sin eksistens og renta. Mediet for bytet har altså gått ut frå sin materielle skapnad og har gått og er sett tilbake inn i mennesket, men bare fordi mennesket sjølv har sett seg utanfor seg sjølv i seg sjølv og er blitt til ein materiell skapnad. Innanfor kredittilhøvet er ikkje pengane oppheva i mennesket, men mennesket er sjølv blitt forvandla til pengar, eller pengane er blitt inkorporert i han. Den menneskelige individualiteten, den menneskelige moralen er også sjølv blitt til ein handelsartikkel, likesom til det materiale som pengane eksisterer i. I staden for pengar, papir, er min eigne personlige eksistens, mitt kjøtt og blod, den samfunnsmessige dyden min og verksemda blitt til pengeånda sin kropp. I den grad er alle framsteg og inkonsekvensar innan eit falsk system blitt til det verste tilbakesteg og den verste konsekvensen av tarvelegskap. – Innan kredittsystemet verkar menneska sin framandgjorte natur under skin av den høgste nasjonaløkonomiske påskjønning frå menneska på dobbelt vis: 1. Motsetnaden mellom kapitalist og arbeidar, mellom stor og liten kapitalist blir større då kreditten bare blir gitt til den som allereie har og er ein ny sjanse til akkumulasjon for dei rike eller i og med at den fattige tilfeldig vinn sympatien hans og domen til den rike bekreftar eller fornektar heile eksistensen hans og gjør han heilt avhengig av denne tilfeldigheita; 2. I det den gjensidige førestelling, hykling og skinhelligskap blir drive til toppunktet sitt, får den kredittlause bare ut frå den enkle dom at han er fattig også den demoraliserande dom at han ikkje har noen tiltru og akseptering, at han altså er ein snyltar, eit dårlig menneske – til det kjem at når den fattige, for å klare denne fornedringa, får kreditt frå den rike ved å be om det, får den fornedringa som ligg i det; 3. då falskmynteriet av menneska gjennom denne heilt ideelle forma for pengar ikkje kan gå føre seg i eit anna stoff, men bare gjennom mennesket sjølv, gjør mennesket seg sjølv til en falsk mynt, ved at han må snike og lyge seg til kreditt blir dette kredittilhøvet – så vel frå side til den som stolar på deg til den som trengs å bli stola på – til handelsgjenstand, gjenstand for gjensidig bedrag og misbruk. Her viser seg på lysande måte mistrua som grunnen under denne nasjonaløkonomiske tiltrua; på mistruisk vis må vi avvege om vi skal gi kreditt eller ikkje; spionasje etter løyndommar i privatlivet osb. til den som søkjer kreditt, forræderi ved plutselige vanskar for å styrte en konkurrent ved plutselig å stenge for kreditten hans osb.. I statskreditten har staten same stilling som over menneska. I spelet med statspapir viser det seg i kva grad staten har blitt eit leiketøy for handelsfolka osb.

4. Kredittsystemet får endelig sin fullending i bankvesenet. Skapinga av bankierane, banken sitt statsherredømme, konsentrasjonen av formuane på desse hendene, denne nasjonaløkonomiske areopag i staten (areopagos var ei høgd og ein domstol i Athen som før 462 f. Kr. hadde stor innverknad på statsstyret gjennom å tilsette og avsette maktpersonar i staten og som i si tid tilsette Solon som statsleiar), er den ærverdige fullending av pengevesenet. I og med at kredittsystemet er den moralske godtakinga av eit menneske, likesom staten osb. si tiltru fekk form av kreditt, trådde løyndommen som ligg i løgna om den moralske godtakinga, det umoralsk tarvelege i denne morallæra, fram som hykleri og egoisme i einkvar si tiltru til staten og viste seg som det som det verkelig er.

 

Bytet av så vel den menneskelige verksemda innan produksjonen sjølv som også av dei menneskelige produkta mot kvarandre er = vesensverksemd og artsånd og deira verkelige, medvitne og sanne eksistens er den samfunnsmessige verksemda og den samfunnsmessige nytinga. Mens det menneskelige vesen skapar det sanne fellesvesenet slik,  produserer menneska gjennom verksemda til sine vesen det menneskelig fellesvesen, det samfunnsmessige vesen, som ikkje er noe abstrakt-allmenn makt overfor dei einskilde individa, men som er vesenet til eit kvart individ, som er hans eige verksemd, hans eige liv, hans eiga ånd, hans eigen rikdom. Kvart verkelig fellesvesen oppstår ikkje gjennom refleksjon, det viser seg derfor gjennom nauda og egoismen til individa, det vil seie umiddelbart produsert gjennom verksemda til kvar eksistens. Det avheng ikkje av menneska at dette fellesvesenet fins eller ikkje; men så lenge menneska ikkje erkjenner seg som menneske og ut frå det har organiserte verda menneskelig, viser dette fellesvesenet seg i form av framandgjøring. Mens subjektet hans, mennesket, er eit sjølvframandgjørande vesen. Menneska, ikkje i abstraksjonen sin, men som verkelige, levande, særeigen individ er dette vesenet. Slik som det er, er han derfor sjølv. Det er derfor det same å sei at mennesket framandgjør seg sjølv og at samfunnet til desse framandgjorte menneska er ein karikatur av deira verkelige fellesvesen, det sanne artslivet, at derfor hans verkesemd trer fram som plage, det han sjølv har skapt som ei framand makt, rikdomen hans som fattigdom, det vesensbandet som knyter han til andre menneske som eit uvesentlig band og i tillegg eit skilje frå andre menneske som sin sanne eksistens, at livet hans som oppofring av livet, at verkeliggjøringa av vesenet hans som uverkeliggjøring av livet, at hans eigen produksjon som produksjon av noko som ikkje er, at makta hans over tinga som tinga si makt over han, at han, herren over si eiga skaping, syns å vere slave av denne skapnaden.

 

Nasjonaløkonomien oppfattar mennesket sitt fellesvesen, eller det verksame menneskevesenet, deira gjensidige heilskap til artsliv, til verkelig menneskelig liv under form av byte og handel. Samfunnet, seier Destutt de Tracy, er ei rekke av gjensidige byte. Det er denne rørsla av gjensidig integrasjon. Samfunnet, seier Adam Smith, er eit samfunn som driv handel. Kvar av samfunnsmedlemmene er ein kjøpmann.

 

Vi ser korleis nasjonaløkonomien fikserer den framandgjorte forma av den samfunnsmessige verksemd som den vesentlige og opphavlige og den som samsvarer med den menneskelige bestemminga.

Nasjonaløkonomien – som den verkelig rørsla – går ut frå menneska sitt forhold til menneska, som privateigaren til privateigaren. Når mennesket blir føresett som privateigar, dvs. også som eksklusiv eigar, som bevarer personligdommen sin gjennom dette eksklusive eigarskapet og skil seg frå andre menneske gjennom det som viser til seg – privateigedommen er hans personlige, er hans utmerkande og derfor hans mest vesentlige eksistens -, så er tapet eller oppgjevinga av privateigedommen ei avytring av menneska, som av privateigedommen sjølv. Vi held her bare fast den siste bestemminga. Når eg overlet den private eigedommen min til noen andre sluttar han å vere min; han blir ei sak som er uavhengig av meg, som ligg utanfor mitt felt, ein ting som er ytre for meg. Altså avhendar eg den private eigedommen min. Med omsyn til meg gjør eg han følgjelig til avhenda privat eigedom. Men eg gjør han bare til ein generelt sett avhenda ting, eg opphevar bare mitt personlige tilhøve til han. Viss eg bare avhendar tingen med omsyn til meg sjølv gir eg han tilbake til naturen sine grunnkrefter. Han blir avhenda privat eigedom bare viss han, mens han sluttar å bli min private eigedom, ikkje sluttar å bli eigedom i det heile, det vil seie dersom han går inn i same tilhøve til eit anna menneske, skild frå meg, som han hadde til meg, kort sagt viss han blir privat eigedom til eit anna menneske.

 

Bortsette frå vald – korleis kan det ha seg at min privateigedom avhendar seg slik til eit anna menneske? Nasjonaløkonomien svarar riktig: på grunn av naud, på grunn av behov. Det andre mennesket er og ein med privateigedom, men han eig ein annan ting som eg manglar og som eg ikkje kan og vil mangle og som for meg ser ut til å vere noe naudsynt for gjøre eksistensen min komplett og for å verkeliggjøre vesenet mitt.

 

Det bandet som bind dei to privateigarane saman med kvarandre, er den særskilde naturen til gjenstanden som er materien til privateigedommen deira. Lengselen etter desse to gjenstandane, dvs. trongen etter dei, viser kvar av privateigarane, gjør dei medvitne om, at han har eit anna vesentlig tilhøve til gjenstanden ved sidan av privateigedom, at den ikkje er det særeigne vesenet som han trur, men eit totalt vesen med behov som står i eit forhold til den indre eigedomen, til alle produkt, også til produksjonen av dei andre sitt arbeid. For trongen til ein ting er det mest ubestridelige provet på at ein ting tilhøyrer vesenet mitt, at han er til for meg, at det å eige han er eigedommen, det særeigne (die Eigentümlichkeit) ved vesenet min. Begge eigedomseigarane blir driven til å gi opp privateigedommen sin, men å gi han opp på slikt vis at dei samstundes stadfestar privateigedommen, eller gir opp privateigedommen innanfor privateigedommen sine forhold. Kvar av dei avhendar derfor ein del av den private eigedommen sin til den andre.

 

Den samfunnsmessige samanbindinga eller det samfunnsmessige forholdet mellom dei to privateigarane er altså det gjensidige ved avhendinga, at avhendingsforholdet blir sett på begge sider, eller avhending som forholdet til begge eigedommane, mens avhendinga i enkel privateigedom som enno bare er med omsyn til seg sjølv, finn stad på ein einsidig måte.

 

Bytte eller byttehandel er altså ei samfunnsmessig handling, ei artshandling. Det er fellesskapsvesenet, det samfunnsmessige samkvemmet og integrasjonen av menneska innanfor privateigedommen og derfor den ytre, avhenda artshandlinga. Det er nett derfor det trer fram som byttehandel. Der er derfor også det motsette av det samfunnsmessige forholdet.

 

Gjennom denne gjensidige avhendinga eller framandgjøringa av privateigedommen er privateigedommen sjølv komme innanfor bestemminga til den avhenda privateigedommen. For det første har han opphørt med å vere produktet til arbeidet, den eksklusive, utmerkande personligdommen til eigaren sin, for denne har avhenda han, han har komme vekk frå eigaren som han var produktet til og har vunne ei personlige meining (Bedeutung) til den som ikkje har han som sitt produkt. Han har tapt den personlige meininga for eigaren. For det andre er han blitt sett i samanheng med ein annan privateigedom, er blitt sett lik med denne. Ein privateigedom av ein annan natur har tatt plassen hans, slik som han sjølv har tatt plassen til ein privateigedom av ein annan natur. På begge sider syns altså privateigedommen som representant for ein privateigedom av ein annan natur, som noe som er likt eit anna naturprodukt, og begge sider held seg slik til kvarandre at kvar av dei trer i staden for den andre og begge sett seg vekselvis slik i samanheng med kvarandre at dei blir erstattarar for seg sjølv og den andre. Privateigedommen sjølv er dermed blitt til erstatning, til ekvivalent. I staden for den direkte einskapen med seg sjølv er han nå meir forhold til ein annan. Som ekvivalent er det som han ikkje meir er noko eigedomlig for han sjølv. Han er blitt til verdi og direkte til bytteverdi. Det at han er verdi er noe forskjellig frå det han direkte er, noe ytre for sitt særeigne vesen, ei avhenda bestemming av seg sjølv, ein relativ eksistens av seg sjølv.

 

Korleis denne verdien bestemmer seg vidare, skal utviklas ein annan stad, og også korleis han blir til pris.

 

Viss vi går ut frå byttehandel blir arbeid til umiddelbart lønnsarbeid. Dette forholdet til det framandgjorte arbeidet når si høgd først gjennom det at 1. produktet til arbeidaren sett frå lønnsarbeidet si eine side ikkje står i noe umiddelbart forhold til behovet hans eller til arbeidsbestemmingane, men at det sett frå begge sider gjennom arbeidaren blir bestemt som ein framand samfunnsmessig kombinasjon: 2. at den som kjøper produktet sjølv ikkje produserer, men bytter til seg det som ein annan har produsert. I kvar rå framtoning av den avhenda privateigedommen, i byttehandelen, har kvar av privateigarane produsert det som behovet hans, anlegget hans og det naturmaterialet som er for handa, umiddelbart driv han til. Kvar av dei bytar med den andre bare overskottet av produksjonen sin. Arbeidet var riktig nok den direkte livskjelda hans, men også verksemda til eksistensen hans som individ.  Gjennom byttet er arbeidet hans delvis blitt til inntektskjelde. Målet og eksistensen er blitt forskjellig. Produktet blir ikkje meir produsert på grunn av at det har eit umiddelbart forhold til produsenten, men som verdi, som bytteverdi, som ekvivalent.

Dess meir mangesidig produksjonen blir og dess meir allsidig behova blir på den eine sida, dess meir einsidig blir på den andre sida ytinga til produsenten, dess meir fell arbeidet hans innan kategorien inntektsgjevande arbeid, til det til slutt er heilt tilfeldig og uvesentlig om produsenten står i eit forhold av direkte nytte og personlige behov til produktet sitt, og også om verksemda arbeidshandlinga sjølv er til eiga nytte for personligdommen hans, om ho er verkeliggjøringa av dei naturlige emna hans og dei åndelige måla hans.

 

I inntektsgivande arbeid ligg: 1. Framandgjøring og noe tilfeldig i arbeidet frå det arbeidande subjektet; 2. Framandgjøring og noe tilfeldig i arbeidet frå gjenstanden sjølv; 3. arbeidaren si bestemming gjennom dei samfunnsmessige behova som er framand og ein tvang for han, som han underkaster seg på grunn av egoistiske behov, av naud, som bare har ei meining for han som kjelde til å sette han fri frå naudtvangen, der han for dei bare er tilstades som ein slave av behova sine; 4. at oppretthaldinga av den individuelle eksistensen hans trer fram som mål med verksemda hans og det han verkelig gjør bare gjeld som middel for han; at han bruker livet sitt for å skaffe seg livsmiddel.

 

Dess større og dess meir forfina den samfunnsmessige makta trer fram innanfor privateigedomsforholda, dess meir egoistisk, lausrive frå samfunnet, framandgjort frå sitt eige liv, blir menneska.

 

Ettersom det gjensidige byttet av produkt av menneskelig verksemd trer fram som byttehandel, som sjakring, så trer den gjensidige utfylling og utviding av verksemda sjølv fram som: arbeidsdeling, som av menneska helst skaper eit abstrakt vesen, ein tredemølle osb. og omskaper han til eit åndelig og fysisk misfoster.

 

Nett einskapen i det menneskelige arbeidet blir bare sett på som deling, mens det samfunnsmessige vesenet bare kjem fram som motsatsen til dette i form av framandgjøringa til dette vesenet. Med utviklinga av sivilisasjonen aukar arbeidsdelinga.

 

Innan føresetnadene til arbeidsdelinga får produktet, privateigedommens materiale, stadig meir tydinga til ein ekvivalent for kvar enkelt, og ettersom han ikkje lenger bytter overskottet sitt, men fordi det er slik at den tingen han produserer  kan vere heilt likegyldig for han, så bytter han heller ikkje lenger produktet sitt omgåande mot det som vesenet hans har behov for. Ekvivalenten får eksistensen sin som ekvivalent i pengar som no er det direkte resultatet av ervervsarbeidet  og som er formidlar av byttet. (Sjå ovanfor.)

 

I pengane, som er den fullstendige likesæle både mot materialets natur, mot den særeigne naturen til privateigedommen og mot privateigaren sin personligdom, har den fullstendige herskinga  av dei framandgjorte tinga over menneska trådd fram som fenomen. Det som var ein person si hersking over ein annan person, er no  den allmenne herskinga til tingen over personen, til produktet over produsenten. Slik som allereie bestemminga av avytringa  av privateigedommen låg i ekvivalenten, i verdien, så er pengane det sanselige, tinglige tilveret til denne avytringa.

 

Det forstår seg at nasjonaløkonomien bare kan begripe heile denne utviklinga som eit faktum, som eit misfoster som kjem av tilfeldig naud.

Arbeidet si utskilling frå seg sjølv = skiljet mellom arbeidar og kapitalist = skiljet mellom arbeid og kapital der den opphavlige forma løyser seg opp i grunneigedom og rørlig eigedom. … Privateigedommen si opphavlige bestemming er monopolet; Så snart det gir seg ein politisk grunnlov, er det monopolets grunnlov. Det fullendte monopol er konkurransen. – For nasjonaløkonomen løyser det seg opp i produksjon, forbruk og som formidlar av begge byttet eller distribusjonen. Skiljet mellom produksjon og forbruk, mellom verksemd og ånd på forskjellige individ og i det same individet er eit skilje av arbeidet frå gjenstanden sin og frå seg sjølv som ei ånd. Distribusjonen er privateigedommen si verksame makt. – Skiljet mellom arbeid, kapital, grunneigedom seg imellom likesom skiljet mellom arbeid og arbeid, kapital og kapital og grunneigedom og grunneigedom, og endelig skiljet mellom arbeid og arbeidsløn, kapital og forteneste og mellom forteneste og rente, endelig skiljet mellom grunneigedom og grunnrente, lar sjølvframandgjøringa syne seg så vel i skikkelsen som sjølvframandgjøring som den vekselvise framandgjøringa.

 

(Så kjem eit langt utdrag frå Mills si bok som eg ikkje omsett.)

 

Mills analyserer her med det vanlige kyniske skarpsynet sitt og klårskapen sin bytte på grunnlag av privateigedommen.

 

Mennesket – dette er den grunnleggande føresetnaden til privateigedommen – produserer bare for å ha. Målet med produksjonen er det å ha. Og ikkje bare er det slik at produksjonen har eit slikt nyttig mål; han har og eit eigennytting mål; mennesket produserer bare for å ha noe til seg sjølv; gjenstanden for produksjonen er tingliggjøringa av menneskets direkte eigennyttige behov. Mennesket for seg – i den ville, barbariske tilstand – har derfor omfanget av sine direkte behov som mål for produksjonen sin, og innhaldet i denne er den direkte produserte gjenstand.

 

Mennesket produserer derfor i denne tilstanden ikkje meir enn det umiddelbart treng. Grensa for behovet til mennesket er grensa for produksjonen. Tilbod og etterspurnad dekkar kvarandre heilt. Produksjonen blir målt ut frå behovet. I dette tilfellet finn det ikkje stad noe bytte, eller byttet er redusert til bytte mellom det arbeidet som mennesket gjør og produktet av dette arbeidet, og dette byttet er den latente forma/kimen til det verkelige byttet.

 

Så snart bytte finn stad, skjer også meirproduksjon ut over den direkte grensa for eigedommen. Men denne meirproduksjonen er ikkje noen heving over det eigne behovet. Det er i staden  bare ein formidla måte for å tilfredsstille eit behov som ikkje finn tingliggjøringa si direkte i denne produksjonen, men i produksjonen til ein annan. Produksjonen er blitt til ervervskjelde, til ervervsarbeid. Mens altså i det første tilfellet behovet var mål for produksjonen er i det andre tilfellet produksjonen, eller heller det å eige produkta målet på kor langt dei kan tilfredsstille behova.

 

Eg har produsert for meg og ikkje for deg, slik som du har produsert for deg og ikkje for meg. Resultatet av produksjonen har i og for seg like lite forhold til deg som  resultatet av produksjonen din har noe direkte forhold til meg. Det tyder at produksjonen vår ikkje er noen produksjon av mennesket for mennesket, det vil seie ingen samfunnsmessig produksjon. Som menneske har altså ingen av oss eit forhold til den andre sitt produkt. Som menneske er vi ikkje tilstade for den gjensidige produksjonen vår. Byttet vårt kan derfor heller ikkje vere noen formidlande rørsle der det blir bekrefta  at mitt produkt er for deg fordi det er ei tingliggjøring av ditt eige vesen, av dine eigne behov. For det er ikkje det menneskelige vesen som er bandet mellom produksjonen vår for kvarandre. Byttet kan bare sette i rørsle, kan bare bekrefte den karakteren som kvar av oss har til sitt eige produkt, altså   den andre sin produksjonen. Kvar av oss ser i  produktet til den andre ein annan, framand, tinglig eigennytte som er uavhengig frå ein sjølv.

 

Du har alltid, som menneske, eit menneskelig forhold til produktet mitt: du har behovet for produktet mitt. Det er derfor for handa som gjenstand for begjæret ditt og viljen din. Men behovet ditt, begjæret ditt, det du vil, er avmektige behov, begjær, vilje etter produktet mitt. Det tyder altså at ditt menneskelige vesen og derfor det vesenet som nødvendig står i eit indre forhold til den menneskelige produksjonen min, ikkje er din makt, din eigedom til denne produksjonen, for eigenarten, makta til det menneskelige vesen, er ikkje akseptert i produksjonen min. Dei (behova, begjæret) er heller eit band som gjør det avhengig av meg fordi dei gjør at du blir avhengig av mine produkt. Langt frå å vere eit middel som gav deg makt over produksjonen min, er dei i staden eit middel sin gir meg makt over deg.

 

Når eg produserer meir enn eg straks kan forbruke av den produserte tingen, så er meirproduksjonen min berekna på dine behov, tilpassa (raffiniert). Eg produserer bare tilsynelatande meir av denne tingen. I røynda produserer eg ein annan ting, den tingen som din produksjon lagar, som eg tenkjer å bytte mot det som eg produserer meir, eit bytte som eg allereie har fullført i tanken. Det samfunnsmessige forholdet som eg står i til deg, mitt arbeid for ditt behov er derfor eit reint skinn, og den vekselvise kompletteringa er og eit reint skinn som tener som grunnlag for vekselvis plyndring. Føremålet er plyndring, bedraget ligg naudsynt i bakhald, for då byttet vårt er eigennyttig, både frå di og frå mi side, då kvar eigennytte prøver å by over den framande, så søker vi naudsynt å bedra kvarandre. Målet på makt, som eg innrømmer i tingen min overfor din, treng i alle fall di godtaking (Anerkennung) for å bli ei verkelig makt. Men den gjensidige godtakinga av denne gjensidige makta til tinga våre er ein kamp, og i kampen vinn den som har meir energi, kraft, innsikt eller dyktigheit. Viss den fysiske krafta rekk med, så plyndrar eg deg beint fram. Viss rekkevidda til den fysiske krafta er broten så søker vi gjensidig å skape eit skin og den dyktigaste vinn over den andre. Kven som lurer den andre er i  høve til heile forholdet eit tilfelle. Den ideelle, tiltenkte luringa finn stad på begge sider, det vil seie kvar av dei to har lurt den andre sin eigen fordel.

 

Byttet formidlar seg altså frå begge sider nødvendig gjennom tingen frå den gjensidige produksjonen og den gjensidige eigedommen. Det ideelle forholdet til den gjensidige tingen frå produksjonen vår er i alle tilfelle dei gjensidige behova våre. Men det reelle forholdet som setter seg i røynda, det sanne forholdet som blir utført er bare den gjensidige eksklusive eigedommen i den gjensidige produksjonen. Det som gir ditt behov for min sak ein verdi, ein rang, ein verknad for meg er bare din ting som ekvivalent til min ting. Det gjensidige produktet er altså middelet, formidlinga, instrumentet, den godtekne makta som våre gjensidige behov har over kvarandre. Etterspurnaden din og eigedommen din som ekvivalent har altså same tyding, like gyldige forhold for meg, og etterspurnaden din får først ei meining, ein verknad, når han har ei meining og ein verknad med omsyn til meg. Som bare eit menneske, er etterspurnaden utan dette instrumentet eit uoppfylt strev frå di side, eit innfall som ikkje er for handa for meg. Som menneske står du altså ikkje i noe forhold til tingen min, mens eg sjølv ikkje har noe menneskelig forhold til han. Men middelet er den sanne makta over ein ting, og derfor ser vi gjensidig på produktet vårt som makta til kvar av oss over den andre og over seg sjølv, det vil seie at vårt eige produkt har stilt seg på bakbeina mot oss, det har skin av å vere eigedommen vår, men i røynda er vi produktet sin eigedom. Sjølv er vi uteslutta frå den sanne eigedommen, fordi eigedommen vår utsluttar det andre mennesket.

 

Det einaste forståelige språket som vi snakkar til kvarandre med, er tinga våre og deira tilhøve til kvarandre. Eit menneskelig språk forstår vi ikkje og det blir verknadslaust. På den eine sida ville det bli tolka som ein bøn, som trygling og derfor kjent som audmjuking og derfor sagt fram med skam, med ei kjensle av kassering, på den andre sida ville det bli tatt opp og avvist som noko uforskamma eller som vanvit. Så langt er vi gjensidig framandgjort frå det menneskelige vesen at dette direkte språket for oss synes å vere ei såring av den menneskelige verdigheita, mens derimot det framandgjort språket til dei tinglige verdiane synes å vere rettkomme og menneskelig verdigheit som anerkjenner seg sjølv.

 

I alle fall så er det slik at i dine auge er produktet ditt eit instrument, eit middel til å tileigne deg mine produkt og derfor til å tilfredsstille dine behov. Men i mine auge er det målet for byttet vårt. For meg gjeld du altså som middel og instrument for å produsere desse tinga, som er eit mål for meg, slik du omvendt gjeld i det same forholdet til min ting. Men for det første gjør kvar av oss verkelig det som den andre ser på. Du har verkelig gjort det til middel, til instrument, til produsent av dine eigne ting for å tileigne deg mine. For det andre er din eigen ting bare det sansemessige hylsteret, den skjulte skapnaden til min ting, for produksjonen av han tyder, vil uttrykke at du skaffar deg min ting. Altså er du verkelig blitt til eit middel, til eit instrument for tingen din, for dine begjær er slave under han og du har gjort slavearbeid for at tingen som du attrår ikkje igjen krev ein nåde (eine Gnade antue). Når dette gjensidige slaveriet under tinga i starten på utviklinga nå også verkelig syns som herreveldets og slaveriets forhold, så er det bare det råe og frimodige uttrykket for dei vesentlige forholda våre.

 

For oss er den gjensidige verdien vår verdien av dei gjensidige tinga våre. Altså er mennesket sjølv gjensidig verdilaust for oss.

 

La oss tenke at vi hadde produsert som menneske. Kvar av oss ville då bekrefta seg sjølve og den andre dobbelt i produksjonen sin. For det første hadde eg gjennom produksjonen min tingliggjort individualiteten min, det særeigne ved meg og dermed hadde eg både kunne nyte ei individuell livsytring i verksemda mi og når eg såg tinga kunne eg hatt gleda av å vite at personligdommen min var tinglig, mulig å sanse og derfor ei makt som var opphøgd over ein kvar tvil. For det andre hadde eg i nytinga di eller bruken din av produktet direkte kunne nyte og ha medvit om at eg tilfredsstilte eit menneskelig behov, altså at eg hadde tingliggjort det menneskelige vesen og dermed at eg hadde skapt ein ting som tilfredsstilte eit anna menneskelig vesen sitt behov. For det tredje hadde eg blitt ein formidlar mellom deg og arten, altså hadde eg visst at eg av deg sjølv var blitt oppfatta og følt som ei utfylling av ditt eige vesen og ein nødvendig del av deg sjølv, at eg altså var blitt bekrefta både i tenkinga og kjærleiken din. For det fjerde at eg i mi individuelle livsytring umiddelbart hadde skapt di livsytring, altså at eg umiddelbart hadde bekrefta og verkeliggjort det sanne vesen mitt, det menneskelige vesenet mitt, fellesvesenet mitt.

 

Produksjonen vår ville då ha vore like så mange speglar der vesenet vårt lyste mot kvarandre.

 

Dette forholdet blir dermed gjensidig, det som skjer på di side skjer også på mi.

 

La oss sjå på dei ymse momenta som kjem til syne i framstillinga:

 

Arbeidet mitt ville ha vore ei fri livsytring og derfor ei livsnyting. Under privateigedommen sin føresetnad er det framandgjøring av livet, for eg arbeidar for  å leve, for å skaffe meg eit middel for å leve. Arbeidet mitt er ikkje å leve.

 

For det andre: I arbeidet ville derfor det særeigne ved individualiteten min blitt bekrefta fordi det individuelle livet mitt blei bekrefta. Arbeidet ville ha vore sann, verksam eigedom. Under privateigedommens føresetnader er individualiteten min til den grad framandgjort at denne verksemda er pålagt meg som noe ufyseleg (verhasst), som ei plage og dessutan bare som eit skin av verksemd, derfor også bare som ei påtvinga verksemd, noe som bare er pålagt gjennom ei ytre tilfeldig naud, ikkje som ei indre naudsynt behov.

 

Arbeidet mitt kan bare tre fram slik som det er i gjenstanden min. Det kan ikkje tre fram som noe det i vesenet sitt ikkje er. Derfor trer det bare fram som det tingliggjorte, sansa, observerte og derfor over all tvil opphøgde uttrykket for tapet av meg sjølve og maktesløysa mi.

 

Slik sluttar teksten til Marx.

 

 

Omsett av Terje Valen, 25. oktober 2013 – 7. april 2015.



[i] James Mill (6 April 1773 – 23 June 1836) was a Scottish historian, economist, political theorist, and philosopher. He was a founder of classical economics, together with David Ricardo,[1] and the father of John Stuart Mill, the philosopher of liberalism. His influential History of British India contains a complete denunciation and rejection of Indian culture and civilisation.