Tysklands og Europas samling

Vi lever alle på skuldrene av tidligare generasjonar. Våre muligheiter er opna av og hegna inn av deira handlingar, av alt dei har skapt gjennom tusenvis av år. Slik er det også med den moderne utviklinga. Og slik er det med det nye EU-prosjektet som blei innleia med eit politisk initiativ frå The European Round Table of Industrialists i 1985 og som kom til uttrykk i Jacques Delors kvitbok med forslag til omlag 300 vedtak som skulle skape ein open europeiske marknad innan 1992. Dei siste målsettingane i prosjektet kom med Maastrichtraktaten som legg ned vilkår for å skape ein politisk union, ein føderalstat, i Europa, med felles mynt og sentralbank, felles innanrikspolitikk og utanrikspolitikk og felles militærstyrkar. Den økonomiske kjernen i dette prosjektet er den økonomiske fellesskapen som Norge er med i gjennom EØS-avtalen.

Mens vi framleis diskuterer EU-prosjektet som om USA og Sovjet er dei dominerande maktene i Europa, og som om kapitalen her er sivilisert, så har Tyskland nok ein gong blitt den dominerande makta i området, både økonomisk og politisk, med alle dei følgjene det får. No graviterer dei fleste kapitalane, herskarane og deira tenarar i dei europeiske statane rundt det tyske kraftsenteret som dominerer EU både økonomisk og politisk og som har tilsynelatande solide alliansar både mot aust og vest, sør og nord.

Dette gjør det meir nødvendig enn nokon gong å sjå nærare på den tyske historia for å finne ut meir om dei langsiktige interessene og tendensane som pregar dei som styrer i Tyskland. I denne artikkelen vil eg gå inn på viktige trekk i denne historie. Eg vil mellom anna også ta opp historia til forløparen for EEC-EF/EØS-EU. Denne forløparen finn vi i Tyskland si samlingshistorie. Det er viktig å vite litt om denne historia for å skjønne kva som no skjer og kva som er den politiske kjernen i det moderne "EU-prosjektet".

Tyskland sjølv har ei lang historie. Området blei samla på eit vis av Otto (I) den store omkring år 900, etter delinga av det store Frankarriket, men gjekk etter kvart i oppløysing under trykk både utanfrå og innanfrå. Kvar gong det var folkelige rørsler i gang for å samle landet, intervenerte omkringliggande makter. Dei ville ikkje ha eit kraftsenter midt i Europa som kunne truge dei sjølv. Først i førre hundreåret blei Tyskland samla til ein stat. Og etter det har ei av dei viktigaste drivkreftene i Europa si historie vore dei tyske herskarane sin kamp for å samle Europa under tysk leiing. Andre makter har to gonger måtte føre store væpna kampar for å hindre dette.

Etter det tyske nederlaget i 2.verdskrigen, med deling av Tyskland og total amerikansk-sovjetisk dominans både økonomisk, politisk og militært, blei det lagt så sterke band på dei tyske herskarane at den europeiske samlinga under tyske leiing, lenge var lite synlig. Med det tyske økonomiske underet endra dette seg gradvis, og då Sovjet og Austblokka fell frå kvarandre og Tyskland på ny var samla, gjekk historia inn på det gamle samlingssporet igjen.

Først vil eg gjøre merksam på nokre enkle men grunnleggande fakta. Tyskland blei samla til ein stat i førre hundreåret gjennom a) ein tollunion under Prøysen si leiing, b) eit nord-tysk forbund under Prøysen si leiing og c) noen krigar under Prøysen si leiing. Men hovudmetodane for å samle Tyskland til ein stat var utviklinga av tollforbundet og forbundsstaten, dvs. fredelige økonomisk-politiske middel. Krigane sette bare den nødvendige prikken over i-en.

Den tyske statsdanninga var ikkje resultat av folkelige opprør og kampar som dei vi fann i England, USA og Frankrike på 1600 og 1700-talet. Det var herskarklassane aleine som samla Tyskland. Gjennom desse prosessane gjorde dei ei mengd erfaringar om korleis herskarar kan samle store område under seg utan hjelp og korreksjon av folkelige strider. I dei store europeiske maktene er det bare dei tyske herskarane som har slike erfaringar no.

Seinare, i dette hundreåret, gjorde dei tyske herskarane ei mengd erfaringar med ein annan hovudmetode for å samle område under seg når dei ikkje vann fram med økonomiske middel. Det var dei to verdskrigane. Denne metoden førte til smertelige nederlag. Dette er røynsler som sit hardt i dei leiande klassane i Tyskland og som bestemmer kva metodar dei no bruker for å nå dei strategiske måla sine.

Så kan vi sjå litt nærare på historia. For å skjønne litt av det som no hender i Europa må vi minst tilbake til tida like etter dei store Napoleonskrigane, 1807-1814. Tyskland eksisterte ikkje, berre ein tysk konføderasjon der Austerrike-Ungarn var den dominerande makta og Prøysen utfordraren, medan ei mengd mindre statar fylte opp (i 1842 var det til saman 39 medlemmer i forbundet).

Det gamle tysk-romerske riket var sprengt i stykkar. For Prøysen var det, av økonomiske grunnar, heilt naudsynt å få slutt på oppsplittinga i eit utal tollområde og tolltariffar som hindra handel og industriutvikling. For den unge industrien var det viktig å få skydd mot den tunge konkurransen frå England. I tillegg hadde den prøyssiske staten behov for auka statsinntekter. Derfor vedtok Prøysen ein ny tollov 26.mai 1818 som samla staten til eitt tollrike.

Men i prinsippet var denne tolloven ikkje proteksjonistisk. Det var moderne liberale prinsipp som vann fram. Derfor blei tollsatsane eit kompromiss mellom dei kapitaleigarane i vest som ville ha konkurranseskydd og dei store jordeigarane i nordaust (junkerane) som ville ha heilt fri handel. Dermed fekk Prøysen eit smidig middel som balanserte mange interesser og som til sjuande og siste gagna industrialiseringa.

Samstundes var det frå visse hald ein kraftig agitasjon for at heile det tyske området måtte blir samla under eit tollregime. I spissen for denne agitasjonen stod ein professor i statsforvaltningslære, Friedrich List, som også leia ei nystarta foreining for tyske handels- og kjøpmenn. Dei organiserte ein underskriftskampanje og var også til møte med Metternich i Austerrike. I Prøysen var det noen som støtta dei. Men dei møtte kraftig motstand frå Austerrike, Bayern og andre tyske statar. Derfor blei det ikkje eitt vidare tollforbund med det første.

Ut på 1820-talet eksisterte det i staden tre forskjellige økonomiske samanslutningar i området; tollforbundet Prøysen-Hessen-Darmstadt, tollforbundet Bayern-Wurttemberg og Den midttyske handelsunion. Dei nordtyske statane sør og aust for Danmark var ikkje med i nokon slik samling, men var som kyststatar meir knytte til England, slik Norge og var. Men på denne tida starte herskarane i Prøysen det målmedvetne arbeidet med å samle flest mulig statar i sitt tollforbund, mellom anna for å svekke makta til Austerrike-Ungarn.

Herskarane i Prøysen hadde tre historiske føredøme då dei gjekk til samlingsverket sitt. Det første var det store "Romerske rike av tyske nasjon", seinare kalla Det 1. Rike, som blei samla av Otto (I) den store og som formelt sett eksisterte frå 962 til 1806. Det omfatta på høgda heile det tysktalande området pluss Italia og Bosnia-Herzegovina og litt til.

Det andre var Den Tyske Orden (1226-1410) som gjennom korstog koloniserte heile kysten frå Danzig til Finskebukta. Dei var riddar- og prestebrør som styrte gjennom munkeløfte, reglar, lover og forordningar frå Høgmeistaren i Marienburg.

Det tredje var Den Tyske Hansa som vaks fram frå 1100-talet, vart formelt skipa i 1358, nådde eit høgdepunkt på 1400-talet og gjekk i oppløysing utover på 1500-talet. Hansaen var ein handlingskraftig skipnad for å sikre fri handel for deltakarane innan eit stort område i "Europa". (Sjå til dømes "Die Hanse" frå 1991 av Klaus Friedland. W.Kohlhammer forlag.)

Med desse føredøma og eigen veksande økonomisk tyngd i ryggen (Ruhr-området) følgde Prøysen ein tosidig politikk etter 1818. I den politiske sfære innordna dei seg heilt under Den Tyske Konføderasjon. Men i den økonomiske sfæren bygde dei litt etter litt opp ein omfattande tollunion (Zollverein).

To politikarar, Motz og von Maassen, sto sentralt i første fase av oppbygginga av Zollverein. Dei var finansministre i Prøysen frå 1825 og frametter. Deira uttalte mål var å samle Tyskland under prøyssisk leiing. Det første trinnet var å skape eit tollforbund som skulle legge grunnlaget for ein politisk union.

Gjennom å vere tålmodig og uthaldande, bygde dei opp tollunionen til å omfatte dei aller fleste tyske statane. I 1834 vart forbundet omdanne frå det prøyssiske til det nordtyske tollforbund (Zollverein). I 1842 var 28 av i alt 39 statar blitt medlem. Desse statane var delt i tre kategoriar som hadde forskjellig vekt i forbundet.

Den viktigaste institusjonen i det nordtyske Zollverein var Genralkonferansen som møtte kvart år. Denne konferansen gjorde vedtak om saker som dreidde seg om handel- og tollsaker. Vi skal merke oss alle medlemmene hadde vetorett der.

Zollverein eksisterte formelt frå 1834 til 1871. Når ein stat gjekk inn i forbundet gav det frå seg suverenitet til Prøysen, men vetoet nøytraliserte denne frågjevinga. På 50-talet fekk Austerrike ein handelsavtale med besterettsvilkår. Frankrike fekk det same på 60-talet. Det opna den vesteuropeiske marknaden for Tyskland og integrerte det i den dåverande vesteuropeiske økonomiske fellesskapen.

1867 er eit sentralt år i den tyske samlingshistoria. Dette året omdanna dei Zollverein og oppretta ein ny nordtysk føderasjon. Først skal vi sjå litt på korleis dei omdanna Zollverein.

På invitasjon frå Bismarck samla representantar for dei sørtyske og dei nordtyske regjeringane seg til ein konferanse i Berlin. Dei oppretta ein nytt tollforbund. Det viktigaste momentet i omdanninga var at enkeltstatane ikkje lenger hadde veto. I den nyoppretta leiinga, Zollparlament, gjorde dei vedtak etter vanlige fleirtalsreglar. Representantar til dette parlamentet blei vald på grunnlag av universelle, like og direkte val i alle medlemsstatane. Men funksjonen til Zollparlament var avgrensa til saker som hadde med handel og toll å gjøre. I tillegg blei det oppretta eit Zoll-Bundesrat, med representantar frå alle statane, også dei sørtyske. Kongen av Prøysen skulle vere president i tollforbundet. Dei opprette eit presidentskap skulle førebu og forhandle handelsavtalar og overvake lovane i forbundet.

Då det første tollparlamentet opna den 27.april 1868 sa keisar Wilhelm at Tyskland for første gang var samla for å diskutere felles økonomiske problem.

Forfattaren av boka "A Constitutional History of Germany in the 19th and 20th Centuries", H.W.Kock, trekk denne konklusjonen: "I kjernen kan vi sjå på Zollparlament som prototypen på Bismarcks imperium, og slik var den psykologiske verknaden av det, i den tyske samlingsprosessen, like stor som den praktiske verdien."

Så til Den Nordtyske Føderasjon. Etter ein krig med Austerrike, inviterte Bismarck i 1866 17 statar for å skape ein ny allianse etter at Den Tyske Konføderasjon var oppløyst. Dette kan vi sjå som ein førebels avtale med det målet å skape ein føderalstat. Dei væpna styrkane skulle etter avtalen vere under kommando av den prøyssiske kongen. Avtalen la opp til ein offensiv og defensiv allianse for å sikre statane sin indre og ytre tryggleik. Dei oppretta eit parlament. Alle medlemmene måtte innføre lik vallov. Parlamentet skulle vere eit av fleire organ som skulle gi råd om og bli samde om ei grunnlov. Grunnlova skulle vere eit produkt av semje mellom medlemsstatane sine regjeringar og parlamenta deira.

Bismarck laga så eit utkast til grunnlov som blei vedtatt etter denne kompliserte prosessen. Det var røyster som talte for større sentralisering, men Bismarck ville ikkje trampe på dei forskjellige tradisjonane i medlemsstatane. 7.februar 1867 blei forslaget sendt til ratifisering i statane og så skulle det til Riksdagen.

På vegen blei det vedtatt ein lov (Lex Benningsen) som gjorde kanslaren ansvarlig ovafor parlamentet. Dermed var det føderalhegemoniske systemet, for ei stund, omdanna til eit konstitusjonelt-einskapelig system. Kanslarembetet blei den øvste utøvande makta, mens Bundesrat (rådet av representantar frå statane) blei fråtatt si avgjørande makt innan det føderale eksekutivsystemet. Då dette var klårt, valde Bismarck å bli kanslar. Han fekk vedtatt at vala til riksdagen skulle vere universelle, direkte og hemmelige, dvs. at alle menn over 25 år fekk stemmerett.

Då den grunnlovsgjevande Riksdagen 16.april 1867 vedtok grunnlova med 230 mot 53 stemmer var Det Nordtyske Forbund ein kraftfull konsolidert einskap, politisk som økonomisk, med sterke band til dei sørtyske statane gjennom dei prøyssiske alliansane med dei. Prøysen fekk stadig større makt over dei, spesielt på det militære området.

På dette grunnlaget kunne Bismarck gå vidare med samlingsverket gjennom mellom anna krigen mot Frankrike. Etter denne krigen la Bismarck fram eit nytt forslag til grunnlov for heile det samla Tyskland. Mønsteret var Det Nordtyske forbundet sin grunnlov.

Kjernen i den nye grunnlova var at ho sameinte to uforlikelige strukturar, den føderale strukturen og strukturen til einskapsstaten. Desse to strukturane kom til uttrykk i dei to forskjellige forsamlingane: Bundesrat og Reichstag.

Alle lovforslag som blei fremma måte ha fleirtal både i Bundesrat og Reichstag, og Reichstag hadde og rett til å foreslå lover. Sett ut frå Reichstag var grunnlova ei lov for den einskapelige staten. Men sett ut frå Bundesrat var grunnlova føderal, dvs. ho hadde preg av å vere ein avtale mellom fleire statar.

For å hindre at partistrid skulle sprenge denne vaklevorne strukturen blei fleire område fjerna frå direkte parlamentarisk kontroll. Det galdt utanrikspolitikken, militærvesenet og regjeringa ved kanslaren. Kanslarembetet, som var den utøvande statsmakta (i moderne språk ei regjering) skulle altså ikkje vere direkte ansvarlig ovafor dei valde representantane. Keisaren peikte ut kanslaren. Riksdagen fekk makt over budsjettet. Elles vart han redusert til ein tryggleiksventil for mulig missnøye og ein målestav på den offentlige meininga. Om 14 statar var samde om å seie nei til eit framlegg i Bundesrat, så kunne dei stoppe det.

Det er også viktig å vite at kvar delstat framleis hadde sin konstitusjon. Særlig viktig er det å vite noe om Prøysen sin grunnlov. Han blei laga av dei konservative etter nederlaget i revolusjonen av 1848. Bismarck var sentral i denne prosessen. Etter denne grunnlova hadde den prøyssiske kongen øvste makta gjennom kommando over dei militære styrkane og utnemning av ministerpresident og ministerium (regjering) som ikkje var ansvarlig ovafor eit overhus og eit underhus. Kongen peika ut medlemmene i overhuset. I valet til underhuset var innbyggarane delt i tre klassar etter inntekta si. Ei gruppe på 4% av dei rikaste fekk like stor representasjon som ei gruppe på 16% med middels inntekt og ei gruppe på 80% av dei med lågast inntekt. Vala var offentlige og stemma blei gitt munnlig. Kongen utpeika også dommarane på livstid. Denne forfatninga hadde Prøysen heilt fram til etter 1.verdskrigen, og han skapte før verdskrigen store problem og lamma til dels rikspolitikken.

Koch meiner at det er vanskelig å påvise at Prøysen pressa viljen sin på dei andre statane. Bismarck jobba hardt for å lære byråkratiet sitt å sette interessene til Reich framfor statane sine særinteresser. Dessutan var altså stemmene til 14 statar nok til å stanse alle lovforslag i Bundesrat. Det er interessant å legge merke til at det aldri blei nødvendig å bruke dette vetoet.

I 1871 var altså det samlingsverket som leiarane i Prøysen begynt i 1818, fullført. Samlinga av Tyskland til ein stat hadde ikkje skjedd gjennom folkelige revolusjonar eller krigar. I spissen for samlinga sto ein allianse av reaksjonære jordeigarar (junkerar) i nordaust, av framstormande industriherrar i nordvest, og av leiinga i den prøyssiske hæren. Metoden var tollunion pluss krig.

Frå 1871 til 1914 vaks Tyskland si økonomiske makt med sjumilssteg samanlikna med Frankrike, England og Russland. Bare i USA skjedde noe liknande.

På dette grunnlaget skjedde det eit sprang i utviklinga. Den forsiktige Bismarck blei kasta som kanslar i 1890, og planane for å samle resten av Europa under tysk leiing fekk eit meir utolmodig, aggressivt og uforsiktig preg. Her finn vi altså utspringet til noen viktige tendensar som sidan har prega tysk politikk. Ei av dei viktigaste nøklane til å forstå Tyskland og Europa si historie finn vi her.

Vi kan skilje to linjer blant dei som gjekk i spissen for denne samlinga. Ei linje gjekk ut på å fortsette Bismarck sin langsiktige politikk med utgangspunkt i utbygginga av ein tollunion i Europa.

Denne linja blei ført i pennen av dåverande kanslaren Bethman Hollweg den 9.september 1914 i eit "Førebels notat om retningslinjene for politikken vår ved fredsslutninga". Det var den tyske industrimannen Walther Rathenau og bankmannen Arthur von Gwinner som hadde tatt initiativet til dette notatet frå Hollweg. Kjernen i Hollwegs mål var å opprette ein Sentraleuropeisk Tollunion, som ikkje skulle ha noe. konstitusjonell leiing. Unionen skulle vere basert på alle medlemmene sitt likeverd. Gjennom den reine økonomiske og militære vekta si, ville Tyskland i realiteten utøve økonomisk leiarskap i Sentral-Europa. Først skulle dei få med Frankrike for å ta opp konkurransen med England. Så skulle dei få med England for å kunne ta opp konkurransen med USA og Russland.

Den andre linja sprang ut får den pangermanske rørsla. Det var ei anneksjonisk linje. Ein Mathias Erzberger, som jobba for Thyssen-Konzern (eit stort kull, jern og stålmonopol), la fram eit program som avspegla Thyssen sine mål. Tyskland burde ifølge denne linja annektere Longwy-Briey og Belgia og franskekysten frå Boulogne til Calais. I øst skulle det ta område frå Russland og sette dei under tysk vern. Krupp og Hugo Stinnes støtta denne planen som Bethmann Hollweg konfiskerte.

I denne samanhengen blei det og uttrykt territoriale krav på Norge. Tyskland er den einast stormakta som har gjort det.

Med Wilhelm II og seinare Hitler, sigra den anneksjonistiske linja. Dette prega tysk og europeisk politikk fram til 1945. Men den anneksjonistiske linja inneheldt også ideen om ein europeisk økonomisk einskap under tysk leiing. Og begge linjene var innretta på ei nyoppdeling av verda der Tyskland skulle tre fram som den leiande verdsmakta, særlig i konkurranse med USA og det russiske og seinare det sovjetiske riket.

Den 9. september 1914 sendte den tyske militære overkommando ut eit skriv som offentliggjorde Tyskland sine mål med krigen: "Målet med krigen er å danne eit sentraleuropeisk økonomisk forbund gjennom felles tollavtalar. Dette skal omfatte Frankrike, Belgia, Holland, Danmark, Austerrike-Ungarn, Polen og eventuelt Italia, Sverige og Norge. Dette forbundet som ikkje skal ha konstitusjonelle topporgan, og der medlemmene skal ha ytre likeverd, men vere under den reelle leiinga til Tyskland, må stabilisere Tyskland sin økonomiske dominans over Sentral-Europa." (Frå Deutsche Kriegsziele 1914-1918, Ullstein Bücher, Berlin.)

I den tradisjonelle, borgarlige historieskrivinga er det lagt vekt på å framstille den neste store framstøyten mot samling av Europa som eit grunnleggande brot med tyske politiske tradisjonar både før og etter. Dei meir irrasjonelle og "vonde" elementa i Hitler sin politikk for det 3.riket er blitt framheva.

Men noen har også vist at Hitler ikkje tilførte mykje nytt når det galdt dei utanrikspolitiske mål. Dei seier at han meir samanfatta og representerte kontinuiteten i det tyske storborgarskapet sine ambisjonar gjennom meir enn hundre år. (Klaus Hildebrand: Deutsche Aussenpolitik 1933-45, W. Kohlhammer 1980).

I boka "Germany Speaks" som kom ut i England i 1938 og i Norge i 1940 under tittelen "Tysklands stemme" på J.M. Stenersens forlag, får vi stadfesta denne kontinuiteten. I eit føreord i den norske utgåva skriv Reichskommisar Terboven: "Uforandret i krig og fred tar nemlig Adolf Hitlers politikk sikte på å skape rettferdighet for Europas folk, sikre deres livsrum og få istand et praktisk samarbeide".

I kapitlet om "Økonomisk nyordning i Europa" skriv Staatsrat H.C.H. Wohltat: "Utviklingen vil derfor allerede av økonomiske nødvendighetsgrunner i enda høiere grad enn hittil gå i retning av økonomiske storrum. Slike storrum som i fremtiden vil kunne føre til et nytt oppsving i varebyttet statene imellom, var inntil året 1939 det tyske rike med sine intime økonomiske forbindelser med Nord- og Syd-Europa, det italienske imperium, de Forente Stater, det britiske rike og Frankrike med sitt kolonirike. En årsak til denne krig må man utvilsomt se i det faktum at det tyske mål de siste år: å skape en ny regional økonomiordning i Europa, stod i motsetning til Englands krav på universalherredømme. Tyskland hadde med hell arbeidet på å utvikle et nytt, sterkt økonomisk centrum i Europa ved å skape et stortysk økonomisk rum og utover det et område i intimt økonomisk samarbeide med Tyskland i Nord-, Mellem- og Sydøst-Europa,.... og å avgrense dette område overfor de "rumfremmede" stormakter.

...... Det tyske rike er ..den største kraft blandt de europeiske makter, befolkningsmessig og økonomisk sett, og er med sin industrielle utviklings høie nivå i stand til å dekke en meget stor del av det europeisk behov for industriprodukter.

Når det gjelder for Tyskland å sjalte ut de rumfremmede stormakters innblanding i Europa, så skal denne avgrensning ikke på noen måte hindre andre staters handel med de land som ligge i dette rum.

.... I dette europeiske interesseområde hvor Tyskland inntar den ledende centrale stilling i økonomisk henseende, gjelder det å skape et økonomisk samarbeide med full anerkjennelse av og respekt for den særegne kultur hos de folk som er med. Bedringen av Stor-Tysklands økonomiske stilling og utviklingen av det økonomiske liv i Nord-, Mellem- og Sydøst-Europa vil også i høi grad styrke den økonomiske forbindelse mellem dette tyskledete storrum og de oversjøiske land.

Tyskland arbeidet for en økonomisk nyordning av Europa med det mål å samle alle krefter for å heve levestandarden for storrumsbefolkningen. ...... Kampen mellem Tyskland og Storbritannia gjaldt om den nyordning i Europa som Tyskland arbeider for skal gjennemføres uten forstyrrelser utenfra, en ordning som vil skape en ny fase i den økonomiske utvikling og industrialisering av Europa og verden." (Sidene 237-39.)

Vi finn same tema utbrodert i boka "Hvorfor?" som kom ut på naziforlaget Blix i 1944. Denne boka var skriven av Finn Støren under psevdonymet F. Grong. Støren var då Quisling sin "utanriksminister". Han var forretningsmann og konsul før krigen, og rømde til Argentina etter krigen. I "Hvorfor?" skriv han om Tyskland sine krigsmål: "Enheten er nødvendig om Europa skal bestå, hevde seg i verden, skape en tilfredsstillende levestandard for sine folk, overvinne de alltid tilbakevendende kriger, løse råstoff- og handelsproblemene osv...

Det mest vesentlige i en tysk plan for en europeisk enhet tør være følgende: 1. Hele det kontinentale Europa ordner seg omkring en europeisk sentralmakt enten som enkeltstater eller som statsføderasjoner og gir avkall på å føre en selvstendig a. utenrikspolitikk, b. militærpolitikk, c. handels- og tollpolitikk (herunder også råstoffpolitikk og utbygging av industri og eksport m.v.). En følge av at de gir avkall på en selvstendig politikk på disse områder blir at de også delvis gir avkall på en selvstendig statsfinansiell politikk, idet betydelige utgifter på statsbudsjettet blir bundet til utgifter som følger av den inter-europeiske politikken....
Statene skal ikke opphøre å bestå....Planen er jo ikke å smelte alle Europas folk sammen til en ensartet masse uten omsyn til tradisjon, kultur, religion m.v. - men å oppheve deres selvødeleggende stridigheter og tvinge dem til å trekke samme vegen, vise en ensartet vilje til tross for all uensartethet. Det sier seg selv at et fellesskap må utvikles på mange andre felter og komme til uttrykk i lovgivningen som i stor utstrekning må få et inter-europeisk preg, likesom det må skapes en lang rekke inter-europeiske fellesorganer med tilstrekkelig autoritet, myndighet og med ensartete retningslinjer...

De europeiske oppgavene og forvaltningene skal ikke gå inn under tysk forvaltning, det skal tvert om bygges opp nye felles-organer for statene hvor disse i samarbeid kan ta del i den inter-europeiske forvaltningen av landene. Militærpolitisk må de enkelte statene ha sin hær, sin flåte, sine fly. Men for det første må de militære maktmidler bare komme til anvendelse når konflikt oppstår mellom Europa og andre utenforliggende enheter. For det annet må det selvsagt bli opprettet inter-europeiske militære formasjoner.
Noen tanke på å opprette et felles borgerskap har ikke vært antydet fra tysk side... Derimot må en forutsette at det på en rekke områder blir visse felles rettigheter for de europeiske borgere, f.eks. med omsyn til utdannelsesmuligheter, reiselettelser osv... Her forberedes et storstilt forsøk på en felles-europeisk økonomi "eine gesamt-europeische Wirtschaft".
Det er innlysende at en slik europeisering av store områder av de enkelte lands økonomiske, militære og politiske forvaltning, også vil trekke etter seg en rekke andre områder. Spørsmålet om ensartet myntsystem vil melde seg..."

Vi veit også at Quisling hadde slike Europa-idear som dette både før og under krigen. Han brukte også ideen om ein europeisk føderasjon av "frie" statar under tysk leiing i forsøk på å få Hitler til å godta styret hans som ei "sjølvstendig" regjering for eit "uavhengig" Norge, som Tyskland formelt kunne inngå fredsavtale med. Vichy-regjeringa i Frankrike som reelt stod under tysk leiing, men som formelt var eigen stat, kunne vel vere eit føredøme på denne nye ordninga.

Etter den nye samlinga av Tyskland, slutten på Sovjet og austblokka og den relative økonomiske tilbakegangen til USA, er Europa inne i ein ny epoke etter 2.verdskrigen. Tyskland står igjen fram som den sterkaste kjernestaten i området og dei langsiktige tyske måla om samling av Europa under tysk leiing er igjen ein aktuell muligheit. Dette skjer i ei tid då føretak i dei rike statane i Europa står i fare for å bli utkonkurrerte av føretak i Japan, USA og dei nye "tigrane" i Asia fordi dei er for små. Og dei er for små fordi dei har for liten heimemarknad. Det skjer i ei tid med aukande og stadig meir nådelaus konkurranse mellom monopolkapitalane på alle marknader og mellom alle dei største statane i verda.

Det skjer i ei tid der ei nyoppdeling av verda alt er på gang både med fredelige og valdelige middel. Vi ser det i det gamle Jugoslavia. Og vi registrerer at EU mellom anna er i full gang med å inkorporere Nord-Afrika, delar av "Midt-Austen" og Tyrkia i den økonomisk-politiske sona si. Sjå til dømes Le Monde 21.okt.94 i artikkelen "Jacques Delors foreslår å opprette eit euromiddelhavsk partnarskap" med Marokko, Algerie, Tunis, Libya, Israel, Jordan, Libanon, Syria, Tyrkia, Kypros og Malta. Han foreslår å løyve 5,5 milliardar ecu til dette. Det er strid mellom Frankrike som vil satse på det gamle interesseområdet sitt i Libanon, og Tyskland som vil ha den gamle allierte, Tyrkia inn i tollunionen.

I same utgåve av Le Monde er det eit stort intervju med Helmut Kohl i høve det tyske valet nokre dagar seinare. Her seier han mellom anna: " Det er vår felles plikt framfor alt å skape morgondagens Europa, sannsynligvis eit Europa av seksten eller fleire statar, på ein slik måte at Europa er effektiv, i stand til å handle, nær borgarane, og at marsjen mot den politiske unionen er umulig å snu."

Han seier også: "..plikten vår er å førebu den europeiske union på dei utfordringane som kan komme. Vi må skape slike vilkår at vi sikrar at evna til handling, effektivitet og vedtaksprosessen ikkje lid under at vi får nye medlemmer i unionen"

Dei spør han korleis han ser på vetoretten i det europeiske rådet. Han svarer: Det fins sjølvsagt spørsmål der vi i ein overgangsperiode må halde på regelen om samrøystes vedtak. Men ikkje desto mindre må vi begynne å redusere vekta av denne regelen steg for steg." ... "den europeiske samlinga stiller ikkje bare tekniske spørsmål, om avstemmingsreglar osv. osv. Det må bli stadig klårare at det dreier seg om eit spørsmål om engasjement og sterke kjensler ("passion")".

Dei spør: "Viss framdrifta i den politiske unionen er saktare enn du ønskjer, blir det trass alt ein pengeunion? Og viss ja, når?

Kohl svarer: "Maastrichttraktaten har laga ein klår timeplan og klåre krav for den økonomiske og monetære unionen og når vi skal gå inn i tredje fase. Eg ser ikkje noen grunn til ikkje å respektere dette. Tyskland ville ikkje godta noen endring av desse kriteria. Det kan ikkje bli stilt spørsmål ved timeplanen, særlig fordi dei økonomiske peikarane i Europa idag gir grunn for ein del optimisme og viser at fleire statar, mellom desse Tyskland, oppfyller Maastricht-krava for å gå vidare med unionen."

Dei seier; "Du snakkar ikkje lenger om eit United States of Europe...". Han svarar: "Eg liker framleis dette uttrykket som Winston Churchill brukte i den velkjente talen sin i Zürich i 1946. Men likevel har eg måtta erkjenne at mange tolkar dette omgrepet dårlig. Dei trur at vi vil skape ein slags europeisk klone av USA. Det var sjølvsagt ikkje målet mitt. Kontinentet vårt er gjennomsyra av det mangfaldige og dei regionale og nasjonale kulturane sine. Eg vil at dette mangfaldet skal vare ved. Ikkje noko fornuftig menneske kan ville at dei regionale og nasjonale forskjellane forsvinn i ein europeisk "melting pot". Derfor snakkar eg no om trilogien Heimat, Vaterland, Europa. Eg ser på meg sjølv som ein europeisk tyskar og ein tysk europear for å sei det med Thomas Mann."

Dei spør også om han tenkjer at det er slutt med den tida då Tyskland var "ein økonomisk gigant og ein politisk dverg". Han svarer mellom anna: "Vi bør no venne oss til den tanken at partnarane og vennene våre ventar eit fastare internasjonalt engasjement frå oss. Det dreier seg ikkje bare om å spele med musklane, men å forandre tankemåten vår og få slutt på den avventande haldninga vår."

Og han avsluttar heile intervjuet med følgjande utsegn om kva han vil gjøre viss han vinn valet: "Då vil eg fremme endå meir den tyske sameininga. Eg vil gjøre mitt til at den tyske republikken er på høgd med dei store utfordringane i framtida, andsynes ein stadig hardare internasjonal konkurranse. Og endelig vil eg arbeide for at det sameinte Tyskland er forankra i ein sterk europeisk union."

Partiet til Kohl, CDU, har no utforma sine idear om korleis Europaunionen skal utvikle seg. Karl Lammers er hovudforfattaren til dokumentet der desse ideane er samanfatta. Hovudpunkta i dokumentet er svært interessante. For det første har vi ideen om ein "hard kjerne" i Europa som skal vere ein drivkraft i utviklinga av unionen. I denne finn vi Tyskland, Frankrike og Benelux-landa pluss to til fire land til med sterk valuta. Lamers seier at denne kjernen vil ha ein halvmagnetisk verknad på resten av kontinentet. "For ei tiltrekningskraft vil ikkje ein europeisk sentralbank ha som omfattar ikkje bare deutschemark, men også sju, åtte eller ni valutaer til! Den som prøver å komme seg unna ein slik innverknad vil stille seg på sidelinja.: det er praktisk talt umulig", sa Lammers i talen sin i Det franske institutt for internasjonale forhold måndag 6. november.

Ideane til CDU spring ut frå "dei tyske interessene", og dei dreier seg om ein tanke, eit føderalt Europa: dette Europa bør bli "ein stat, og ikkje bare ein konføderasjon av statar". Lammers seier at heile den politiske klassen i Tyskland meiner at pengeunionen bør bli følgt av ein politisk union. Dei tyske leiarane er heilt samde om at "samarbeid regjeringar mellom er ikkje nok", som Lammers seier.

Det dreier seg med andre ord om å fjerne vetoretten i Europarådet. CDU foreslår at systemet med kvalifisert fleirtal blir utvida til å gjelde alle dei områda der regelen om samrøystes vedtak blir brukt i dag, unntatt i viktige finanssaker og utviding av unionen med nye medlemmer.

CDU vil også utvide makta til Europaparlamentet. Dei vil at alle lover skal vedtas både av parlamentet og av rådet. Dessutan bør parlamentet få forslagsrett på alle felt og rett til å utpeike Kommisjonen sin president. Når det gjeld Kommisjonen, så vil CDU at han skal bli omforma til ei verkelig "europeisk regjering". Karl Lammers sa at "identiteten til nasjonane er ikkje truga av Europa, men derimot av at statane ikkje er i stand til å løyse dei viktigaste problema som nasjonane deira står oppe i."

Det er mykje Kohl og president Mitterand i Frankrike som har drive på EU-prosessen. Ut frå bakgrunnen deira kan vi skjønne meir om kvifor dei har denne rolla.

I august i år blei det skrive ope om at Mitterand var ein lojal funksjonær i Vichy-regimet som samarbeida med tyskarane under krigen. (Sjå mellom anna "comment" i Guardian Weekly for 13. november, 1994.)

"Alle" veit at Kohl fører vidare tradisjonen til dei nazistane som "overvintra" i Adenauers Tyskland. Dette er no grundig dokumentert i boka "Grosses Bundesverdienstkreuz mit Stern" frå 1987, skriven av Bernt Engelmann. Blant desse "overvintrarane" finn vi Hans Globke som skreiv offisielle kommentarar til Hitler sine raselovar. Vi finn Reinhart Gehlen, sjefen for Hitler si etterretningsteneste, som bygde opp Vest-Tyskland sitt spionnett. Vi finn Hans Filbinger som dømte krigsfangar til dauden ut frå Hitler sine lover. Vi finn Kurt Georg Kiesinger, Göbbels kontaktperson i UD, som blei Adenauer sin etterfølgjar og vi finn Ludwig Erhart, lovprist av Hitler for teoriane sine om utviklinga av økonomien etter en tysk siger i krigen og arkitekten bak etterkrigstidas "Wirtschaftswunder". Kohl sjølv blei trekt inn i denne kretsen av Fritz Ries, ein direktør som slo seg opp på slavearbeid frå Treblinka, Lodz og Auschwitz. Kohl var ofte heime hos Ries som skaffa han ein karriere i BASF, ein avleggar av I.G. Farben. Kohl blei ein sentral person reiskap då dei skauv Franz Josef Strauss til sides til fordel for Kohl og Kurt Biedenkopf for å legge grunnlag for at CDU kunne erobre den politiske makta. Hjarnen bak planen var Hans Martin Schleyer, president i industriforbundet BDI og i arbeidsgjevarskipnaden BDA. Han var SS-leiar under krigen og medansvarlig for massakrane i Praha. Ries sjølv fekk Storkorset med stjerne av Kohl i 1972. Han tok sitt eige liv i 1977 etter at han ikkje klarte å unngå ein dundrande konkurs til trass for rikelig hjelp frå Kohl gjennom kassa til delstaten Rheinland Pfalz.

I dei siste åra, etter Tysklands nye samling, har Kohl også deltatt i ei kraftig omlegging av CDU sin politikk. Heilt sentralt i denne omlegginga står trongen til skape ein tysk nasjonal identitet i form av eit nærast lagnadsbestemt "Volksgemeinschaft, folkefellesskap. Gemeinschaft kjem då istaden for det sosialdemokratiske Gesellschaft eller samfunn. Ideen er at såra etter samlinga skal gro gjennom eit einskapelig, tysknasjonalt verdisystem, eit system av Volksinteressen, samstundes som nedbygginga av den sosiale velferdsstaten blir erstatta av "påbodet om tenester og plikter". Kohl kjører dette fram samstundes med liberalismen i økonomien og presset for Europas sambandsstatar. Slik skal han gå i spissen for å skape eit Europa der leiinga er ei sterk tysknasjonal kjerne og der dei andre nasjonane skal oppløyse seg sjølv i regionar. Kohl sjølv ser på Bismarck som eit viktig førebilete og hovudstaden Berlin er eit symbol på det bismarckske Tyskland. (Sjå til dømes Klassekampen 08.10.94.)

Endå meir faretrugande enn dette er den nye Ossietzky-dommen. Carl von Ossietzky fekk fredsprisen i Norge 23. november 1936. Han var, i en tysk rett og før Hitler kom til makta, dømd til eit år og seks månaders fengsel den 23.november i 1931 for landsforræderi og spionasje. Brotsverket var at han som redaktør i tidsskriftet Weltbühne hadde publisert ein artikkel som avslørte at Tyskland, i strid med internasjonale avtalar og eigen grunnlov og lov, hadde begynt opprustning. Tyske embetsmenn hadde i den samanhengen gjort seg skuldig i ei rekke brotsverk, og Riksdagen var lurt av dei.

Domstolen meinte i 1931 at lovbrottet låg i at artikkelen gav sanne opplysningar, og at det ikkje hadde noe å seie at han braut med internasjonale avtalar, grunnloven og andre lovar fordi det overordna omsynet var om den tyske staten, riket, var blitt skadd av innhaldet i artikkelen. Han blei dømd etter prinsippet om at når det gjeld landsforræderi så skal folk bli dømd ut frå ei vurdering av om kva som gagnar det Tyske Riket og ikkje ut frå noe anna.

Dotter til Ossietzky tok opp att saka i slutten av 80-talet. Ozzietzky-dommen blei stadfesta i alle tyske rettsinstansar, også høgsterett (1992) etter same rettsvurdering.

Dette tyder at omsynet til det Tyske Riket står over alle skrivne lover og internasjonale avtalar i tysk rettsskipnad. Dette tyder at Tyskland ikkje er ein rettsstat i aristotelisk meining fordi staten og staten si leiing står over retten.

For den tyske staten er dermed alle avtalar og lovar ikkje verd det papiret dei er skrivne på, dersom domarane meiner at dei strider mot den tyske staten sine grunnleggande interesser. Det er verd å merke seg dette i ei EU-tid. (For meir detaljar sjå "Det nya Stor-Tyskland" frå 1992 av Jan Myrdal.)

Alt dette viser at kontinuiteten i politikken frå før den kalde krigen igjen er oppe på overflata i europeisk politikk, og det spelet vi kjenner frå tida før den amerikansk-sovjetiske dominansen, faldar seg no ut for auga våre.

Reaksjonane på dette begynner å vise seg. Engelske politikarar har lenge vore skeptiske. Mange franske politikarar vender seg no meir mot England att for å demme opp for den tyske dominansen som dei meiner begynner å bli skadelig og farlig. Chirac, som er gaullistane sin presidentkandidat i Frankrike, representerer no den gamle motsetninga som alltid dukkar opp i Europa når Tyskland blir for sterk. Han seier at han vil gjennomføre ny folkerøysting om siste skrittet i Maastrichttraktaten dersom han blir vald. Mot han vil mellom anna Jacques Delors stille. Mange av gaullistane seier no at han leier "det tyske partiet" i Frankrike. Dette blir eit nytt skjebneval for utviklinga i Europa.

Til slutt noen kommentarar om styrkeforholdet mellom dei store maktene i verda og i EU. Brutto nasjonalprodukt minus inntekter i utlandet gir ein grov ide om dette forholdet. For 1993 var dette (i billionar dollar) 6,7 i USA, 4,7 i Japan, 1,9 i Tyskland, 1,2 i Frankrike, 1,0 i Italia, 0,95 i Storbritannia, og 0,5 i Spania. Til samanlikning er det norske BNP 0,1. (Sjå til dømes "The World in 1994, The Economist Publications.)

Kva viser dette? Det viser litt av den tyske dominansen i Europa. Dette kjem endå klårare fram når vi veit at Tyskland stå for over 20% av folkesetnaden, nærare 30% av brutto nasjonalprodukt, over 30% av eksporten, nærare 30 % av importen og nærare 25 % av valutareservane i EU. (Sjå Business Week 17.februar 1992.) Men det viser også at Tyskland aleine er ein dverg samanlikna med Japan og USA. Viss den tyske kapitalen og staten skal kunne konkurrere med desse om verdshegemoniet på like fot, så må Tyskland ha dei andre store økonomiane i Europa under si leiing.

Dessutan må dei ha ei kraftig operativ militærmakt med atomvåpen. Og dei må ha tilgang til energikjelder i nord, sør nordaust og søraust. Dei næraste energikjeldene utanfor eige territorium ligg i Nordsjøen og Norge. Men også i Nord-Afrika, Russland og dei tyrkisktalande statane sør for Russland og i Midtausten er der viktige tilgangar som må sikrast.

Det er herskarane i Tyskland si ulukke at landet er laga slik at det under kapitalistiske forhold har eit for stort økonomisk potensiale i forhold til eigen størrelse når det gjeld tilhøvet til resten av Europa, og for lite økonomisk potensiale når det gjeld tilhøvet til resten av verda. For å få ein plass i verda som tilsvarer den økonomiske krafta si, må Tyskland derfor legge inn under seg andre europeiske statar.

Det er også ei ulukke for herskarane i Tyskland og for alle folka i Europa og verda at dette ikkje kan skje gjennom ei fredelig oppbygging av ein økonomisk og politisk union. Det kan det ikkje fordi ein slik union krev at dei andre statane underordnar eigne krav under dei tyske krava. Og dei tyske krava er til sjuande og sist å bruke Europas ressursar til eige beste i den beinharde verdsomspennande konkurransekampen, og kampen om interessesfærar og hegemoni der mellom anna USA og Japan er motspelarar.

Derfor dreier den norske EU-kampen seg også som dette. Om vi vil binde oss til ei framtid der vi mykje sannsynlig kjem til å tene interessene til den tyske storkapitalen og staten.

Terje Valen, 15. oktober til 15. november 1994.

Kilder:

"A Constitutional History of Germany in the Nineteenth and Twentieth Centuries", frå 1984, av H.W.Koch, professor ved Universitetet i York.

"Geschichte des Deutschen Zollvereins", frå 1984 , av Hans-Werner Hahn.

"Tysklands stemme", frå 1940, artikkelsamling om tysk politikk. J.M. Stenersens forlag.

"dtv-atlas zur Weltgeschichte", frå 1964 (og mange seinare opplag) av Hermann Kinder og Werner Hilgemann.

"Det Nya Stor-Tyskland", frå 1992, av Jan Myrdal.

"Tyskland i EF - et polemisk skrift", frå 1993, av Per Christensen d.e.

"Samling i Europa", frå 4.10.94, kronikk i KK av Tore Sivertsen.

Diverse avis og tidsskriftartiklar som er vist til i teksten.