Den nye kalde krigen og den ideologiske kampen mot imperialismen

I tidsskriftet Monthly Review for desember 2020 skriv redaksjonen om den nye kalde krigen mellom USA på den eine sida og Russland og Kina på den andre. I denne artikkelen gjennomgår dei USA sin imperialistiske strategi etter 2. verdskrigen, med særleg omsyn på erfaringar frå den kalde krigen då og med blikk for den nye kalde krigen no mot Russland og særleg Kina. Eit viktig moment er den ideologiske kampen frå imperialistane si side som også gjer at vi forstår betre funksjonen til nokre folk på venstresida sine angrep på Pål Steigan og hans prosjekt der ideologiske, journalistiske og kulturelle arbeidet for å hindre ein ny verdskrig står sentralt. Eg har omsett artikkelen under her.

Ei utheving om den veksande faren for storkrig med bruk av atomvåpen er gjort av meg.

Dei Sameinte Statane er no inne i ein ny kald krig med Russland og Kina, med stadig større fokus på det sistnemnde landet. Når det gjeld Russland sjølv er opptakten til den nye kalde krigen eit direkte resultat av den vestlege imperialistiske strategien som er leia av USA i tiåra etter oppløysinga av Sovjetunionen. I tomrommet etter at Sovjet forsvann frå verdsscena  var USA sin store strategi (slik han blei framført av Paul Wolfowitz kort etter Golfkrigen mot Irak) retta mot ei rask utviding av området for USA sin geopolitiske dominans, for å etablere seg som ei varig makt utan utfordrarar (unipolar power). Dette tok form av ein serie med krigar, militære intervensjonar og brutale politisk taktiske trekk som var retta mot område der dei tidlegare supermaktene heldt kvarande i sjakk (medrekna delar av Midt-Austen) saman med statar som hadde vore innanfor Sovjet si geopolitiske sfære eller hadde vore delar av USSR. (John Bellamy Foster, «The New Geopolitics of Empire,» Monthly Review, januar 2006, side 9-14.)

I Europa utvida NATO seg austetter inn i dei «reelt eksisterande sosialistiske» statane, særleg gjennom den valdelege parteringa av Jugoslavia (Diana Johnstone, Fools’s Crusade [New York: Monthly Review Press, 2003]). I 2014 hadde NATO utvida sitt nett av innflyting heilt til Ukraina som tidlegare hadde vore ein del av USSR og no låg grensa mot Russland. I Midt-Austen hadde Vesten felt Irak og Libya og støtta ein krig i Syria. I 2007 danna USA Africom, ein separat militær kommando for Afrika, mens dei utvida dei militære operasjonane sine over heile kontinentet.

Men denne utvidinga av USA sin geopolitiske sfære fekk etter kvart på et alvorleg tilbakeslag når dei kom opp mot eit Russland som sto fram att og fekk stormaktstatus, denne gongen som ein kapitalistisk makt under Vladimir Putin. Som svar på kuppet i Ukraina i 2014 som NATO støtta, annekterte Russland Krim (etter ei folkeavstemming) og prøvde å beskytte den russiske folkesetnaden i Øst-Ukraina og sikre grensa si mot Ukraina gjennom avgrensa, intervensjon som stort sett var hemmeleg. Washington framstilte det som ein svær aggresjonshandling som rettferdiggjorde fleire sanksjonar frå USA mot Russland. I same periode klarte Russland å vinne over NATO sine forsøk på å styrte styret i Syria.

I starten søkte Donald Trump-administrasjonen å få til avspenning med Russland for å konsentrere seg om å førebu krig mot Kina som dei såg som ein større trussel. Men demokratane (med støtte i etterretningsfolka) prøvde å halde den nye kalde krigen med Russland gåande, mens dei klaga Trump for å vere veik ovafor Putin. Samstundes var demokratane snar til å kaste seg på køyret mot Kina også. Resultatet er at den nye kalde krigen i det tjueførste hundreåret har tatt form av eit forsøk frå trekanten USA/Canada, Europa og Japan på halde oppe ei verd med ein pol. Kina og Russland set seg mot dette og har blitt tvinga inn i det som nærmar seg ein forsvarsallianse. Verda står derfor no framfor ein veksande krigsfare som kan føre til ein mogleg global atomkrig.

Når det gjeld omsynet til ein ny kald krig med Kina så peiker det i retning ein meir alvorleg konflikt enn den ein har med Russland fordi den har med ein direkte utfordring til USA sitt hegemoni over verdsøkonomien. På 1970-talet valde Vesten, som ein del av den store strategien som blei presentert av Richard Nixon og Henry Kissinger, å gå over frå såkalla «innkapsling» av Kina til å engasjere seg, fordi dei antok at Kina som hadde hatt rask vekst, kunne bli innordna under det vestlege imperialistiske systemet att. Dei multinasjonale føretaka var også motivert av ei ønskje om å få tilgang til den store kinesiske marknaden. Ettersom mykje av produksjonen til dei vestlege multinasjonale foretaka blei lagd til Kina på grunn av låge kostnader til arbeidskraft sto Kina raskt fram som eit senter for den globale produksjonen og i 2001 blei dei tillate å komme inn i Verdas Handelsorganisasjon (WTO).

Mens Kina framleis er eit fattig land ut frå brutto nasjonalprodukt per hovud så har landet i løpet av dei siste tjue åra utvikla seg frå å vere den sjette største økonomien i verda til å den nest største. Brutto nasjonalprodukt har vakse med 6 prosent årleg i tre tiår. Det er det leiande landet i verda når det gjeld industriproduksjon med 30 prosent av verdas produksjon og det er den største handelspartnaren til mest tre fjerdedelar av verdsøkonomien. Det har ein fjerdedel av verdas arbeidsstyrke innan vitskap, teknologi, matematikk og ingeniørfag. Det globale Belte- og Veg-initiativet (dei nye Silkevegane) utvidar raskt Kina si geoøkonomiske påverknad. (M. K. Bhadrakumar, «Quad Won’t Fly. This is Why», Indian Punchline, 13. Oktober,2020). I dei siste framskrivingane frå Det internasjonale pengefondet (IMF) vil Kina stå for 51 prosent av verdas økonomiske vekst i 2020-21. Samstundes har økonomien i USA (saman med Europa og Japan) vorte fanga i ei felle av stagnering og finansialisering i eit halvt hundreår, eit fenomen som Monthly Review i heile denne tida har skrive om, og som endeleg blei drive heim hos dei etablerte økonomane etter den store finanskrisen i 2008-10.

Desse utviklingstendensane har leia til ein stadig meir krigersk haldning frå Washington ovafor Kina. Dette var allereie tydeleg under Obama sin administrasjon og utvikla seg kraftig under Trumps administrasjon. Den herskande klassen i USA og dei fleste multinasjonale korporasjonane i USA og Vesten ser no ut til å ha konkludert med at deira langsiktige imperialistiske dominans som er knytt til USA-imperialismen, er truga sjølv om dei fortsett å dra imperialistisk rente frå Kina og sør på kloden. Sjølv før valet i 2016 hadde Trump og Steve Bannon som då var den fremste rådgjevaren hans understreka trongen for ein kamp om hegemoni med Kina som Bannon definerte som «ein globalt eksistensiell krig». Trump peikte ut Peter Navarro, forfattaren av The Coming Wars with China og Death by China, til sin viktigaste handelsrådgjevar (John Bellamy Foster, Trump in the White House [New York: Monthly Review Press, 2017], side 32, 51-52, 84-85). Dette blei følgd av ein handelskrig med Kina som har blitt meir intens under COVID-19 pandemien. Den viktigaste oppgåva under handelskrigen er å få dei multinasjonale føretaka til å flytte dei viktigaste produksjonsstadene i den globale handelskjeden sin frå Kina til andre økonomiar i det globale sør med låge arbeidskostnader som India og Mexico, som eit middel til eit «økonomisk brot med Kina». (Mike Gallagher, «Yes, America is in a Cold War with China”, Wall Street Journal, 7. juni , 2020).

I mellomtida har det gått føre seg ei massiv militær oppbygging, rettferdiggjort  som naudsynt for å førebu krig med Kina. USA sitt utanriksdepartement under leiing av Mike Pompeo har uttrykkeleg argumentert for ein ny kald krig med Kina som har Kinas Kommunistparti som mål, for å bryte i stykkar den eksisterande kinesiske staten. Dette ville gjer det mogleg for vestlege styrker å rykke inn og enno ein gong legge Kina inn under vestlege mål (utan tvil ved å ta opp att ein eller annan versjon av «sjokkterapien» som Vesten tvinga på Russland på 1990-talet og som førte til øydelegging av økonomien der).

Ei svært viktig hending i den nye kalde krigen er den fjerde utgåva i 2019 frå Komiteen for dagens fare (Committee on the Present Danger [CPD]) som spelte ein sentral rolle i å utvikle den kalde krigens strategiar under Joseph McCarthy, Ronald Reagan og i tida etter 9/11. Den leiande personen i denne fjerde utgåva av CPD er Bannon. Ulikt nokre av dei tidlegare utgåvene er CPD IV tydeleg mindre tosidig ettersom han er dominert av republikanarar, retta mot Kina aleine og har ei opning for avspenning mot Russland. Likevel var ikkje demokratane seine med å angripe Kina heller, med Joe Biden-kampanjen  sin anklage ikkje berre for overgrep mot menneskerettane, men for «folkemord» og med å foreslå ein spesiell auke på 350 dollar i Pentagon sitt budsjett retta mot Kina («Joe Biden’s China Journey», New York Times, 6. september, 2020; «Senate Democrats Present $350 Billion Strategy to Counter China», New York Times, 17. september, 2020).

Nokre av dei viktigastea trekka ved kalde krigar er å splitte den intellektuelle venstresida og stenge heilt av for usemjer. I McCarthy-tida rekrutterte the Congress of Cultural Freedom (CCF) og tilsvarande organisasjonen i USA, the American Committee for Cultural Freedom som begge var grunnlagd av CIA, mange intellektuelle som hjelpte til med å konstruere den kalde krigens ideologi, noko som førte til ein sverm av artiklar i CIA-finansierte publikasjonar som skapte mange av dei dominerande ideane i etterkrigstida, slike som «slutten på ideologi». Blant dei fleire hundre anti-kommunistiske intellektuelle som nøyt godt av CIA sine rundhanda bidrag gjennom CCF og ACCF var slike kjende intellektuelle som Theodor Adorno, Hanna Arendt, Daniel Bell, Isaia Berlin, Sidney Hook, Arthur Koestler, Irving Kristol, George Kennan, Dwight MacDonald, Reinhold Niebuhr, Michel Polany, David Riesman, Arthur SchlesingerJr. Og Lionel Trilling (Frances Stoner Saunders, The Cultural Cold War [New York: New Press, 2013]; Patrick Iber, “Literary Magzines for Socialist Funded by the CIA”, Awl, 24. august, 2015). Adorno, som budde i Vest-Tyskland, skreiv bitande kald-krigs-angrep på den marxistiske filosofen, Georg Lukács i tidsskriftet Der Monat som blei gjeve ut av US Army i Tyskland finansiert av CIA (omsett i det CIA-finansiert tidsskriftet Encounter I London). Ironisk nok skjedde dette mens Lukács sjølv, etter Sovjets invasjon, var under reell husarrest i Ungarn for å ha tatt del i sosialisten Imre Nagy’s regjering (Theodor Adorno, Walter Benjamin, Ernst Bloch, Berthold Brecht og Gerog Lukács, Aestetics and Politics, [London: Verso, 2007], side 143, 151-76; István Mészáros, The Power of Ideology [New York: New University Press, 1989], side 118-119.

I dag finn vi alle teikn på at ein slik ideologisk krig, som er lagd opp for å splitte venstresida og få slutt på diskusjonar, blir tatt opp på  ny. Det einaste svaret er å fortsette å kjempe for eit uavhengig, kritisk og verkeleg sosialistiske synspunkt. Jo kraftigare den imperialistiske striden blir for å halde opp USA sitt globale hegemoni, desto meir livsviktig blir det for oss å forstå imperialismens lange historie og lytte til røyster som ikkje er frå dei koloniserande landa, men særleg dei frå det globale sør, mens vi søkjer ei verd med revolusjonær endring.

Omsett av Terje Valen, fredag 26. februar 2021.