Marxistisk renessanse – kommunistisk offensiv av Terje Valen

Vestanbok forlag 1992.

 

INNLEIING

 

For nokre år sidan sette eg meg føre å stille spørjeteikn ved heile det teoretiske grunnlaget som den nye kommunistiske rørsla rundt AKP(m-l) i Norge vart bygd på. Eg sette då ut på ei slags teoretisk reise for å løfte på flest mogeleg "steinar" innan "marxismen" som eg hadde sett på som sjølvsagt eller som eg aldri hadde løfta på.

Korleis passar den nye økologiske kunnskapen inn med "marxismen" og korleis er det med kvinnefrigjeringa? Kva er det eigentleg som kjenneteiknar kommunismen og kva er vilkåra for han? Korleis passar "stalinismen" og "maoismen" med "marxismen"? Kva er "marxismen" sitt syn på individet? Korleis er det med moderne teoriar som "polarisering" og "delinking"? Korleis er det med moderne filosofiske og vitskapsteoretiske teoriar i forhold til "marxismen"? Kva er eigentleg sjølve grunnlaget og samanhangen i han? Er "marxismen" framleis liv laga og kan han vere utgangspunkt for å forstå verda og endre henne, kanskje gjennom ei ny fleirstemt, revolusjonær bølgje?

For å kunne løfte på alle desse "steinane" vart eg tvinga tilbake til Karl Marx og dei viktigaste teoretiske skriftene hans. Så måtte eg gi meg ut på ei reise gjennom det teoretiske landskapet hans, samstundes som eg prøvde ut det eg fann - opp mot den historiske utviklinga sidan Marx si tid, dei store kampspørsmåla i tida og mitt eige liv

Det er litt av denne reisa du kan følgje med på om du vil lese det eg har skrive her. Du vil først og fremst komme borti framveksten av det teoretiske grunnlaget som Karl Marx skapte. Men eg prøver heile tida å pendle mellom teori, historiske vurderingar og vurdering av notid og framtid.

Ein merknad til omgrepet "marxisme". Eigentleg skulle eg ha skrive det i hermeteikn heile tida, men det er litt tungvint, så istaden vil eg streke under at eg ikkje ser på "marxismen" som ein -isme på den måten at han er eit teoretisk system som du kan bruke på ulike forhold på ein ytre måte. Dette er ein metode som er framand for "marxismen" og som kjenneteiknar empirismen i alle dei formene han har. Det kjem eg til å skrive ein god del om.

Kjerna i "marxismen", slik eg oppfattar han, er nett å finne dei indre samanhengane og utviklingstendensane i verkelege prosessar av forskjellig art. Marx har, ut frå eit slikt syn, komme fram til teoriar særleg for utviklingstendensane i kapitalismen, teoriar som vi no kan vurdere ut frå eit langt historisk tidsrom.

Mykje av det du kan lese om her har vore diskutert på ein studiesirkel som har gått hausten 1991 og våren 1992 i Bergen, på eit seminar våren -92 på Voss og på AKP sin sommarleir samme året. Helge Rykkja har lese eit tidleg utkast og komme med svært mange merknader som har vore til stor hjelp.

Dei som har vore med på studia og diskusjonane seier at dei har fått eit svært utvida syn å kva Marx "marxisme" er for noko. Han framstår som meir relevant og revolusjonær enn det dei hadde tenkt før. Marx står fram som meir "moderne" enn både Lenin og Mao og teoriane hans går utanpå ideane til både positivistane, dei moderne strukturalistane og hermeneutikarane og postmodernistane og deira kritikarar.

Det ser ut som mykje av det som no blir presentert som nytenking, er drøvtygging på tankestoff som var gammalt alt då Marx gjorde si historiske oppheving av det.

Ein kommentar til å studere Marx. Ingen kan "gi" deg kunnskap. Kunnskapen må du vinne sjølv gjennom dine eigne studiar og anna verksemd. Derfor må du studere Marx sine skrifter direkte for å få eit personleg forhold til dei. Tankemåten og uttrykksmåten i dei tidlege skriftene er uvant. Det tar ofte tid å trenge inn i stoffet. Du må studere det og leve med ein del uløyste problem ei stund og vite at forståinga kjem gradvis gjennom ein god del tankeverksemd. Derfor er det ikkje lurt å fortvile og stoppe med å lese når det er noko du ikkje "tar" med ein gong. Sjølv las eg til dømes opp att og opp att Marx si filosofiske doktoravhandling over ein periode på to år før eg kjende meg nokolunde trygg på at eg forsto hovudinnhaldet. Elles er sjølvsagt mykje av stoffet enkelt og greitt også.

Ein kommentar om språket. Eg har alltid halde godt fast på bergensdialekta mi i alle samanhengar. Først umedvete og sidan meir og meir medvete. Men i skriftlige arbeid brukte eg tidlegare eit etter måten stivt bokmål, slik eg hadde lært i skulen. Det tok til å plage meg og i 1985 byrja eg å skrive nynorsk. Eg har altså berre sju års trening i vaksen alder. Men eg budde for det meste på "strilalandet rundt Bergen frå eg var eit lite år gammal til eg skulle opp i andre klasse. Då var eg to-dialektleg og eg fekk den første skrive- og leseopplæringa på nynorsk. Det har sikkert sett sine spor.

Eg har hatt stor hjelp med denne teksten frå skikkelege språkentusiastar på Voss. Særleg vil eg nemne Johannes Gjerdåker som også er forleggjar for boka. Likevel er det slik at eg gir frå meg boka nett når eg skulle ha hatt ein månad til for virkeleg å jobbe med språket. Det er mellom anna ei stor utfordring å omsetje Marx sitt tysk-abstrakte språk til nynorsk slik eg har prøvd fleire plassar. Men andre og viktigare behov enn dei reint språklege veg tungt. Eg kjenner at boka må ut no. Derfor er språket i boka nett slik som det no er blitt.

Kåre Lie, også frå Voss, har hovudansvaret for at dette kunne bli ei bok så raskt. Thank you!

Ein kommentar til redigeringa. Eg vil trekke dei tekstene der eg meiner å gi att Marx omtrent ordrett, litt inn på sidene for at du skal kunne skilje mellom mine kommentarar og grovare samanfattingar på den eine sida og direkte omsetting eller attgjeving av Marx sine eigne tankar på den andre sida. Men sidan dette er meint som døropnar slik at du lettare skal kunne få ditt eige grep om marxismen, så må du sjølv etter kvart sette deg inn i dei skriftene av Marx som eg viser til. Eg viser mest til to bøker.

Den eine er "Karl Marx: Skrifter om den materialistiske historieoppfatning", Pax 1991 (Nyopptrykk av "Karl Marx: Verker i utvalg" bind 2, Pax 1970, 72, 75 og 81.) Eg kallar denne boka for "Pax, bind 2".

Den andre er "Karl Marx, Friedrich Engels: Økonomisk-filosofiske manuskripter og andre ungdomsverker", Falken forlag A/S og Progress Publishers, Moskva 1991. Eg kallar denne boka for "Falken".

DEN UPOPULÆRE KOMMUNISMEN

Kommunismen er inne i den fjerde upopulære perioden sin i det 20.hundreåret. Den første upopulære perioden var i tida før 1.verdskrigen. Då gjekk mest alle dei tidlegare kommunistiske leiarane vekk frå det dei før hadde stått for, avsverja dei sentrale delane av marxismen, støtta sitt eige borgarskap i den imperialistiske striden og medverka til å leie arbeidarklassen til slakteplassen sin på slagmarka.

Den leiande teoretikaren i første del av denne avsverjinga av kommunismen og marxismen var Eduard Bernstein. Han samanfatta standpunkta sine i 1899, i boka "Sosialismens forutsetninger" som kom i nytt opplag rundt 1920 og i norsk språkdrakt på Pax forlag i 1973. I denne boka finn vi mange av dei viktigaste argumenta som også blir fremja mot marxismen og kommunismen idag. Dette er derfor ei bok som vi burde studere igjen.

Bernstein sitt mest sentrale argument er at kapitalismen ved overgongen til imperialisme vart så endra at Marx sine grunnleggande teoriar ikkje var gyldige lenger. Dette er hovudsynspunktet til ein heil tradisjon teoretikarar som går over Rosa Luxemburg og Baran og Sweezy til Samir Amin.

I slutten av denne perioden, frå 1914 og då kommunismen byrja å bli meir populær att i 1918, var det Karl Kautsky som målbar dei viktigaste argumenta mot marxismen, særleg i eit hefte kalla "Proletariatets diktatur", som kom ut i 1918.

Den leiande teoretikaren som gjekk mot tankane til Bernstein og Kautsky var Lenin. Han var og leiaren for den politisk-kommunistiske revolusjonen i Russland i 1917. For første gong i historia reiv då eit stort område seg ut av den kapitalistiske imperialismen sin sfære og oppretta ein politisk kommunisme (vi har gjerne kalla dette for sosialisme). Under Stalin si leiing prøvde folka i dette området å skape vilkår for ein sosial kommunisme (meir om desse omgrepa etter kvart) ut ifrå eit svært dårleg grunnlag. Dette historiske forsøket, som misslukkast, var ei stund til stor inspirasjon for all kommunisme og for alle opprør mot den kapitalistiske imperialismen.

Med sigeren over den kapitalistiske imperialismen i 1917 byrja ein periode på 10 år då kommunismen var populær også i dei høgt utvikla kapitalistiske landa. I kolonilanda heldt populariteten seg mykje lengre, og vart styrkt av sigeren til revolusjonen i Kina.

I denne perioden utvikla borgarskapet ein ny strategi for å halde på makta si, nemlig fascismen i ulike former. Rasisme, nasjonalisme og anna diskriminering spelar ei stor rolle både for undertrykking inne i ein stat og for åtak mot andre statar. Det er ein hovudmetode for å splitte arbeidarklassen og folket i kampen mot den verkelege fienden.

Denne motoffensiven frå borgarskapet lukkast rundt 1930. I Italia før dette, i Tyskland etter og i Norge mellom 1928 og 1931. I Norge hadde borgarskapet tre taktiske linjer. Ei linje gjekk ut på å satse på dei norske fascistane med Quisling i spissen. Ei linje gjekk ut på å satse på ein brei utanomparlamentarisk reaksjonær rørsle rundt Fedrelandslaget. Ei tredje linje gjekk ut på å satse på Det Norske Arbeidarpartiet.

I første fasen av denne offensiven mot kommunismen og arbeidarklassen si sjølstendige kampkraft var Fedrelandslaget, betalt av borgarskapet, den leiande krafta som dreiv all politikk i landet til høgre. (Eg meiner at Rolf Danielsen har skrive godt om dette i bind 2 av Høyres historie: Borgerlig oppdemmingspolitikk (1918-1940), Cappelen 1984, ss. 165-220.)

I neste fasen overtok DNA-leiinga rolla som borgarleg leiing for ei brei rørsle av arbeidsfolk. Dei reelle forskjellane på hovudretninga i Høyre og DNA sin politikk var ikkje særleg store frå så tidleg som 1940. (Danielsen seier også dette på slutten av boka si.)

Quisling sin fascisme var i reserve i tilfelle alle andre former for rolegare sikring av borgarskapet sitt herredømme skulle slå feil. Seinare, under krigen, hadde Quisling fleire roller. Ei av dei var rolla som lynavleiar for folk sitt raseri, medan dei som verkeleg hadde makta smidde eit tett samarbeid med dei tyske okkupantane, særleg på det økonomiske området.

Resultatet av Fedrelandslaget sin offensiv var et kommunismen sin popularitet i folket og arbeidarklassen vart utradert fram mot valet i 1930. Likevel førte dei store industrielle framgongane i Sovjet til at kommunismen heldt seg som ein sterk understraum i arbeidarklassen.

Neste oppsving i kommunismen sin popularitet kom etter fascismen sitt nederlag ved den byen som etterpå vart kalla Stalingrad. Etter dette vendepunktet vart det stadig meir klårt at fascismen kom til å tape 2.verdskrigen og at folket i Sovjetunionen med Stalin og kommunistpartiet i spissen var hovudkrafta i den antifascistiske kampen og også dei som ofra mest i denne kampen.

Denne fasen varte fram til slutten 40-åra då kommunismen sin popularitet vart knust av mcCarthyismen samstundes som USA-imperialismen erobra verda på grunnlag av det samla resultatet av krigen. Denne krigen hadde jo ført til ein enorm oppgangsperiode i den amerikanske økonomien akkurat i ei tid der kapitalen på verdsbasis var utsett for ei stor devaluering (øydelegging) slik at profittraten i systemet gjekk opp. Medan 20 millionar menneske hadde ofra livet i Sovjet og heile den delen som hadde vore okkupert var øydelagd, slapp USA med eit tap på omlag 300 000 mann i alt og ei svær industri- og jordbruksoppbygging.

Då det etter kvart, utover på 50-talet, vart klårt for dei fleste at kommunismen i Sovjet anten var daud, eller hadde utvikla seg til eit despoti, forsvann denne inspirasjonskjelda heilt for skikkelege kommunistar. berre dei forstokka heldt fast på Sovjet som ein modell for framtidssamfunnet. Denne perioden av nedgang i kommunismen sin popularitet hadde altså eit anna materielt og politisk fundament enn i tida omkring 1930. Derfor var det ikkje nødvendig med noko stor ny fascistisk rørsle heller.

Samstundes voks kommunismen i Kina (og Albania) fram som ei ny inspirasjonskjelde då Sovjet slutta å vere det. Dette, saman med heile frigjeringsrørsla i dei tidlegare koloniane, revolusjonen på Kuba til dømes og frigjeringskampen i Vietnam og i Algerie mot Frankrike, heldt den kommunistiske inspirasjonen levande som ei relativt sterk undergrunnsrørsle trass alt, men då mest i dei fattigare landa.

Neste oppsving i kommunismen sin popularitet kom med den skarpe nedgangen i profittraten i USA frå 1965, med dei aukande vanskane for USA som imperialistmakt, symbolisert ved Vietnamkrigen.

Den andre store drivkrafta var Mao sin nye strategi for å hindre at kommunismen i Kina gjekk same vegen som i Sovjet, nemleg kulturrevolusjonen med sin kamp mot framvoksteren av stats- og partibyråkratiet som fjerna seg meir og meir frå folket og fekk karakter av ny herskande klasse. Denne situasjonen skapte oppsving i arbeidarklassen og folka sine kampar over heile verda. Opprøret i Paris i 1968 står som eitt symbol. Tet-offensiven i Vietnam står som eit anna. Den sigerrike kampen i 1972 mot innmelding i EF står som det viktigaste lokalt i Norge. medan Sauda-streiken og Kiruna-streiken (i Sverige) var symbolar på det samme.

I Norge var det den nye kommunistiske rørsla, m-l rørsla, som gjekk i spissen for dette nye oppsvinget i den folkelege kampen. Denne rørsla dreiv den politiske dagsetelen langt til venstre og tok støytane med å gjere det. Dermed vart det eit svært rom for alle dei progressive kreftene som ikkje var erklært kommunistiske, til å skyte fram sine posisjonar og. Både for arbeidarklassen og bøndene fungerte dette svært bra.

Men frå 1974-75 sette borgarskapet inn ein offensiv mot kommunismen, arbeidarklassen og folket. Denne offensiven vart sett i verk då fallet i profittraten byrja å plage borgarane. Ute i verda starta den reaksjonære hetsen med dei såkalla "nye filosofane" i Frankrike. Andre Glucksmann var den fremste av dei. Med utgangspunkt i situasjonen i Sovjet under Stalin, hevda han at overgrep i Sovjet, symbolisert ved arbeidsleirane "gulag", var typisk for all kommunisme og at det var ei nødvendig følgje av marxismen sjølv.

I Norge fekk vi dei store Libertas-kampanjane mot progressive og i fagrørsla gjekk DNA i spissen for svære "fei-dem-ut" kampanjar. I Bergen saman med dei reaksjonære politileiarane Bryhn og Rynning-Tønnesen. Nynazistiske rørsler med Blücher i spissen vart haussa opp i massemedia og dei brukte dette til forsterka åtak på m-l-rørsla. I 1977-78 kom så DNA si første store nedskjeringsbølgje med trygdehets osv. Utan dei tidlegare ideologisk-politiske kampanjane mot den nye kommunistrørsla hadde borgarskapet fått store problem med å gjennomføre dette.

Frå då av har kommunismen vore inne i ein bølgjedal. Nederlaget for kulturrevolusjonen i Kina og dei liknande rørslene i Albania f.eks. verka i samme retning. Mest alle dei maoistiske partia i "Vesten" gjekk i oppløysing. Det norske AKP(m-l) viste seg å vere eit av dei seigaste. Det hadde også samanheng med utviklinga i Kina. Så lenge det var håp om at det kunne gå bra der, fekk ikkje slagordet om at "marxisme er gulag" så stor oppslutning. Men det viktigaste var positive, indre kvalitetar i AKP(m-l) som det var svært vanskeleg å øydelegge.

I 1981 var den kapitalistiske verda på randa av eit stort samanfall. Profittraten var faretrugande låg og på veg nedover. Då la borgarskapet om politikken sin på alle felt til gjeldsfinansiering og hardare utbytting over heile linja. Ei stund stabiliserte dette kapitalismen. Borgarskapet i dei rike landa klarte med dette å komme seg relativt uskadd forbi den nedgangskonjunkturen som skulle ha komme i 1986-87. Dette gjorde at dei framstod som svært sterke.

Samanbrotet i heile den tidlegare kommunistiske sfæra og Tien-an-Men massakren i Kina sendte kommunismen mot botnen av populariteten sin. Massakren på Tien an Men-plassen var det avgjerande slaget. Alle fekk då sjå at også Kina var eit despoti. Det fekk til dømes ein del av partiet AKP(m-l) til å avsverje og/eller stusse på kommunismen og marxismen i det heile.

Gjennom eit fleirtalsvedtak vart det då også på landsmøtet i 1990 vedtatt ei utsegn med formuleringar om den kommunistiske tradisjonen som reelt sett gav tilslutning til Glucksmann sitt syn på kommunismen og marxismen. No var formuleringa i denne delen av utsegna likevel så pass vag at mange stemte for ho, endå om dei eigentleg ikkje ville kvitte seg med desse omgrepa og i alle fall ikkje med innhaldet i dei.

Formuleringa er slik: "Marx lagde en analyse av de økonomiske strukturene i kapitalismen, også slik at folk har forstått det særegne ved denne historiske epoken. Men de som kom etter har brukt denne analysen til å forstå menneskene. Da kommer man galt avsted.

Særlig Lenin brukte dette trange og mekaniske analyseapparatet til å forklare det særegne ved folk. Slik ble mennesket sett på som en ting. På grunn av vilkårlig bruk av fysisk makt, måtte folk innordne seg dette synet. Dermed mistet mennesket i prinsippet sin rett til fritt valg, og ble redusert til noe man "kunne gjøre noe med".

Dette synet på mennesket fikk katastrofale følger under Stalin sitt regime. Han ble en kriminell som påførte folket store lidelser.

Enhver sosialistisk bevegelse som vil utrette noe, må ta et oppgjør med dette menneskesynet og gjenreise mennesket sin verdi og mennesket sin verdighet. Det var ikke bare Stalin som så på folk på denne måten: Det er en del av vår tradisjon og har også prega vårt parti."

Denne avsverjinga av kommunisme og marxisme er det ideologisk-politiske grunnlaget for dei fleste, men ikkje alle, som har brote med AKP for å konsentrere det politiske arbeidet sitt om Raud Valallianse for gjere det til eit parti som i hovudsak konkurrerer med AKP istadenfor å samarbeide. Ein marxistisk renessanse og ein kommunistisk offensiv no er ikkje mogeleg dersom denne forståinga av marxisme er korrekt. Derfor er det heilt avgjerande å gå grundig inn på det. Med denne boka vil eg, mellom mykje anna, byrje å gjere det.

USA sine militære sigrar i Nicaragua, Panama og Irak, Tyskland og Japan sin nye framvekst og unionbygginga i delar av Europa gav og på kort sikt eit billete av styrke for imperialismen.

Men ved inngangen til 90-talet var det klårt at kapitalismen var i store vanskar og at han nærma seg ein nedgangskonjunktur. Det vart då nødvendig å skjerpe krigen mot kommunismen og blåse liv i fascismen igjen. Samstundes vart det nødvendig å auke utbyttinga og undertrykkinga svært mykje over alt. Paradoksalt nok har dette ført til at det materielle grunnlaget for samanbrotet til kapitalismen og overgang til kommunisme har vakse fortare enn før. Meir om det etter kvart.

Dette krev ein ny offensiv for kommunismen. Det vi sto på i 70-talet var det beste då, men tida er no ei anna. Slik sett er det rett å seie at "prosjektet" AKP(m-l) er over. Men på den andre sida kan vi og seie at vi i hovudsak fører vidare sentrale saker som vi sto for tidlegare.

Sjølv trur eg at utsegna "marxisme fører til gulag" er rett innan visse rammer.

Eg meiner at historia i dette århundret har vist at politisk-kommunistiske (sosialistiske) revolusjonar er mogelege. Altså at det under gunstige omstende og med dyktig leiing (eit parti av "bolsjevikisk" type), er mogeleg for arbeidarklassen og det arbeidande folket å ta statsmakta og dermed samfunnsmakta frå kapitalen i store og små land med lite utvikla produktivkrefter og i små land med høgare utvikla produktivkrefter.

Men historia har også vist at den vidare utviklinga frå politisk kommunisme (sosialisme) til sosial kommunisme (fullt utvikla kommunisme), ikkje er mogeleg i slike land når dei store kapitalistiske imperialistlanda held fram å eksistere, at den politiske kommunismen då utviklar seg til diktatur over arbeidarklassen og folket og at han degenerer og leier til gjennoppretting av kapitalisme på eit anna grunnlag.

Innan rammene for den verdsdominerande kapitalistiske imperialismen vil altså alle forsøk på å opprette ein utvikla kommunisme ha ein tendens til å utvikle despoti, til å degenerere og bli til "gulag". Det er berre store revolusjonære oppreistar og politisk-kommunistiske revolusjonar i dei store imperialiststatane som kan gjere det mogeleg å utvikle typar av kommunisme som er demokratiske og etter kvart sosiale over alt på jorda.

Bare dersom kampane og revolusjonane i land utanfor dei imperialistiske kjernelanda blir så omfattande at dei klarer å rive det økonomisk-politiske maktgrunnlaget vekk under desse sistnemde, slik at dei fører til revolusjonar der og, vil den militær-politiske kampen i desse landa gjere den vidare utviklinga mot ein sosial kommunisme mogeleg.

Her ligg forklåringa på at både "stalinismen" og "maoismen" har "misslukkast", ført til "gulag" og Tien An Men-massakren og til ein ny framstøyt for kapitalisme. Og her ligg forklåringa på at framtida framleis ligg i kommunismen.

Denne analysen fører med seg at det ligg mykje større og meir kompliserte oppgåver framfor kommunistane i Norge no enn då AKP(m-l) vart danna. Derfor treng vi mykje djupare og meir allsidig grep om den kommunistiske teorien og ei djuptgripande teoretisk og biologisk fornying av Arbeidernes Kommunistparti i Norge. Dette kan vi ikkje klare utan å gå tilbake til Karl Marx og tileigne oss dei grunnleggande premissa for teoriane hans og hovudtrekka i denne teorien på ein grundigare og meir allsidig måte enn før. Og vi kan ikkje klare det utan å vinne den nye opprørsgenerasjonen for marxisme og kommunisme.

Så må vi gå heilt fram igjen til notida, ta med oss alle dei viktigaste erfaringane som finst imellom, og så bygge eit nytt teoretisk-politisk grunnlag for den nye kommunistiske offensiven som vi no må gå i spissen for viss ikkje imperialismen sin fascistiske framstøyt skal sigre nok ein gong. Vi treng altså ein MARXISTISK RENESSANSE og ein KOMMUNISTISK OFFENSIV.

Bare gjennom ein slik renessanse vil det vere mogeleg å skape eit parti og ei rørsle som kan leie kampen for kommunismen i Norge. Derfor må alle som vil kjempe for å oppheve kapitalismen vere med på denne renessansen.

Tron Øgrim la fram dette for AKP(m-l) i 1982 i boka "Den vestlige maoismens sammenbruddd og krisa i AKP(m-l)". Dei partileiingane vi har hatt etter dette, har ikkje klart å sette igang eit slikt tiltak. Det teoretiske arbeidet som har vore gjort, har i for stor grad teke lett på marxismen. Det er den viktigaste indre årsaka til at partiet AKP ikkje har klart å fornye seg.

Dei som grip tanken om ein marxistisk renessanse vil kunne skape dei nye teoretiske gjennombrota som må til no. For AKP er dette og eit livsvilkår. Folk har berre bruk for oss om vi tar denne jobben.

Sjølv meiner eg og at berre ei relativt stor deltaking i ein slik marxistisk renessanse kan skape grunnlag for den type demokrati innan eit parti som gjer at vi ikkje blir avhengige av nokre få guruar for å utforme politikken. Det vil og gjere at vi får medvetne endringar av politikken og ikkje uforklårte overgangar (paradigmeskifte) som berre skaper surr.

Den MARXISTISKE RENESSANSEN byrjar med endeleg å lære marxismen.

Kunnskapen om dei grunnleggande premissa (føresetnadene) i "marxismen" er svært dårleg kjent i den progressive rørsla. Dei viktigaste dokumenta der Marx (og delvis Engels) forklårte desse premissa er til no ikkje studert noko særleg av oss. Samanhengen mellom dei grunnleggande premissa og dei seinare økonomiske og politiske skriftene til Marx ligg derfor mykje i tåka.

Vurderinga av seinare revolusjonære teoretikarar og praktikarar er derfor ikkje mogeleg. Overskriding av marxismen gjennom å bøte på han og utfylle han, eller ved å utvikle andre teoriar opp mot han, blir og umogeleg. Vi gjer då heile tida opp med ein slags "sjablon-Marx".

For å bøte på det skal eg her gjere eit forsøk på å opne dører til ei slags "ny" marxistisk verd for fleire, dvs. "marxismen" slik Marx sjølv kom fram til han og la han fram. Viss du vil opne dørene kan du berre halde fram å lese det eg skriv, men viss du vil inn og sjå nærare på huset, må du gå til originalkjeldene anten det no gjeld Marx sine skrifter eller andre av dei verksame menneska sine "verk". Ingen andre kan skape kunnskapen din. Utan slik eigen kunnskap kan du ikkje spele ein medveten rolle i å endre verda slik det er mogeleg og nødvendig å endre henne.

MARX SIN VEG TIL MARXISMEN

Det første kjente viktige dokumentet som Karl Marx skreiv er ei filosofisk doktoravhandling som var ferdig i 1841. Denne avhandlinga, som ikkje er omsett til norsk, dreidde seg om skilnaden mellom naturfilosofien til dei greske filosofane Demokrit og Epikur. Men denne tittelen var, etter mi meining, berre eit påskot for å ta eit oppgjer med heile filosofien fram til Marx si eiga tid. (Marx gjer dette meir direkte i "Den hellige familie eller Kritikk av den kritiske kritikk. Mot Bruo Bauer og konsorter", kapittel 6,3 som du finn i Karl Marx Friedrich Engels: "Økonomisk-filosofiske manuskriper og andre ungdomsverker", Falken forlag, 1991, s.313-328.)

Eg meiner at doktoravhandlinga om "Skilnaden mellom Demokrit og Epikur sin naturfilosofi" er svært viktig for å forstå kva det var Marx var ute etter.

Avhandlinga tek opp dei store spørsmåla om utviklinga av naturen (det som er, materien) og dei store spørsmåla om korleis menneska oppfattar denne utviklinga og i kor stor grad menneska sine handlingar er låst av denne utviklinga (som i Hellas vart kalla lagnaden). Blant filosofar kallast dette for ontologi (læra om (det felles ved) det som er) og epistemologi (læra om tenkinga). Men ved å reise spørsmålet om menneska sitt opprør mot "lagnaden", går Marx eit steg utover det som vanlegvis blir teke opp under omgrepa ontologi og epistemologi og opnar for overskriding av den reint tenkande filosofien gjennom menneskeleg verksemd eller praksis. Dette temaet er også det prosjektet som Marx vigde livet sitt til.

Etter mi meining førte Marx den reint filosofiske filosofien, altså filosofien som rein tenkning eller spekulasjon, til den ytste grensa si i doktoravhandlinga.

LITT OM ELDRE FILOSOFI

Gjennom å velje ut Demokrit og Epikur tek Marx utgangspunkt i den mest sentrale diskusjonen som har gått innen filosofien i verda siden han oppstod i dei gamle greske bystatane. Det har og vore ein av dei mest sentrale diskusjonane innan den kinesiske filosofien som oppsto på omlag samme tida. (Sjå til dømes Fung Yu-Lan: "A Short History of Chinese Philosophy, Macmillan 1960.) Marx går tilbake til dei filosofane som ikkje hadde laga ferdige skjema for å løyse dei viktigaste motseiingane dei reiste, slik som Platon og Aristoteles hadde gjort.

Filosofane frå den herakliteiske tradisjonen hevda at alt var noko i rørsle. Pytagorearane prøvde å forklåre rørsle som sprang mellom punkt. Denne "digitaliseringa" av verda pregar verdsbilletet vårt sterkt no i 1980- og 90-åra, etter den første store bølgja i datarevolusjonen.

Filosofane frå den eleatiske skulen, som Parmenides, kritiserte pytagorearane ut frå deira eige grunnlag og hevda at ikkje noko som er verkeleg kan endrast dersom ein held fast på det pytagoreiske grunnlaget. Dei hevda at ut frå dette grunnlaget er det verkelege einskapleg, uforanderleg og at all rørsle er tilsynelatande. Zenon er kjend for prova sine for at kvalitative endringar gjennom rørsle ikkje er logisk mogeleg.

Dei fleste kjenner historia om Akilles som kappsprang med skilpadda og som ikkje kunne ta ho att. Skilpadda fikk eit forsprang. Då Akilles kom til det punktet der skilpadda hadde starta frå hadde skilpadda sprunge eit lite stykke vidare til eit nytt punkt. Og då Akilles nådde det nye punktet der skilpadda då var, så hadde ho sprunge til endå eit nytt punkt.

Desse filosofane vedgjekk at verda utanfor sansane til menneska eksisterte. Slik sett var dei materialistar. Men rørsla var vekk. Om dei verkeleg meinte dette, eller om det berre var ei måte å gjere pytagorearane til lått på, veit vi ikkje heilt sikkert. Men denne grunntanken har seinare dukka opp igjen bak det vi har kalla strukturalisme med underavdelinga funksjonalisme.

Platon på si side hevda grovt sett at det han kalla idear var uforanderlege, tidlause og einheitlege, medan det vi kan erfare, sanse og forestille oss er foranderleg, tidsavgrensa og utan einskap. Og av desse to verdene er det ideverda som i djupaste tyding er verkeleg, alt anna er berre skuggar og fantomar. Erfaringsverda gir berre ein svak avglans av verda til ideane som og eksisterer uavhengig av menneska og uavhengig av tid og rom. Dette er klassisk idealisme.

Aristoteles forkasta Platon sine idear som noko som finst utanfor det som kan sansast. Han hevda at ideane berre er generaliseringar av einskildtilhøve som finst i den verkelege sansbare verda. Einskildtinga er foranderlege og skiftande, men vitskap kan berre komme i stand ved ei utforskning av det allmenne og uforanderlege ved desse einskilde, skiftande tinga. Ifølgje Marx er dette også Demokrit sitt standpunkt. Det er eit utgangspunkt for empirismen og liknande retningar. Kanskje dette er ei vulgarisering av Aristoteles sitt standpunkt, men det kan vi greie ut etter kvart.

Kant forsøker mykje seinare å sameine Platon og Aristoteles sine synspunkt gjennom å skape eit system der han legg avgjerande vekt på verdsorganiserande kvalitetar til tenkinga sjølv, som tid, rom og kausalitet (årsak). Dermed dreg han eit skarpt skilje mellom tenkinga og resten av naturen og gjer kritikk av tenkinga til det sentrale. (Kritisk filosofi). I ei endå meir moderne form trer denne retninga fram hos dei som gjer studiar og kritikk av språket til det mest sentrale i filosofien. Dette standpunktet har Marx også kritisert ein stad i "Den tyske ideologi".

Hegel forsøker det samme ved å gjere alt, både den ytre sansbare verda og medvetet, til idear. Dermed tek han vare på einskapen i naturen, på rørsla og utviklinga til noe nytt, men han gjer alt til ei rørsle i tanken.

Dette kan du finne meir og betre skrive om i dei fleste filosofihistoriear. Sjølv har eg lært mykje av filosofihistoria til presten Frederick Coplestone som er relativt grundig. Dessverre finst han visst ikkje på noko nærare språk enn engelsk. Men ei vanleg filosofihistorie, som dei bruker til førebuande prøve ved universiteta, er og nyttig. Det finst visst tre slike på norsk.

MARX OM DEMOKRIT OG EPIKUR

Så skal vi tilbake til Marx si filosofiske doktoravhandling. Ho var eit rivande oppgjer med dei viktigaste tradisjonane innan filosofien til då. Særleg gjekk Marx i rette med den idealistiske dialektikken som den store filosof-guruen på den tida, Hegel hadde stått for. Men han kritiserte også den mekaniske materialismen. Samstundes førte han desse filosofiske posisjonane fram til ein logisk konsekvens som viste at dei måtte overskridast, og at dei måtte overskridast på ein annan måte enn ved rein tenking, dersom vi ville forstå korleis ting rørte seg, vart til, utvikla seg og avvikla seg, og dersom vi ville ha nokon innverknad på denne utviklinga.

Det ser altså ut som om Marx i doktoravhandlinga si tok opp spørsmål som står heilt sentralt viss vi vil omskape verda og heile kulturen ut frå det som er mogeleg innan dei rammene vi lever no. Dette fell nok ikkje i auga med ein gong, men eg trur det skal bli klårt etter kvart.

Etter det Marx skriv om Demokrit og Epikur, så strevde desse greske filosofane med problemet om korleis verda er blitt til, og dermed med korleis alt blir til, veks, endrar seg og døyr. Og dei strevde med skilnaden og likskapen mellom den verkelege naturen som kan sansast og dei tankane menneska har om denne naturen, mellom fenomen og ide, mellom det særeigne og det allmenne, det tilfeldige og det lovmessige.

Demokrit, på eine sida, meinte at alt var anten tomrom eller små partiklar, atomar, som ikkje kunne delast meir. Desse partiklane rørte seg i rette linjer, støytte saman, vart støyt frå einannan eller kjeda seg saman, og sånn vart heile verda skapt. Dette synet førte med seg at all utvikling er naudsynt og at utviklinga i prinsippet kan bereknast ut frå rørslene til atoma. Det finst ikkje noe tilfeldig.

Synet kan kallast determinisme eller mekanisk materialisme. Det er ei vidareføring av den gamle lagnadstrua i Hellas som dominerte på den tida. Slik eg skjønner det, ber dette synet med seg at ei bestemt årsak har ein bestemt verknad. Når vi kjenner alle årsaker og verknader veit vi korleis verda fungerer. Før vi kjenner alle årsaker og verknader vil ikkje menneska kunne oppfatte rett den verkelege naturen med sansane sine. Dei kan då heller ikkje lage seg rette omgrep. Dette synet leidda Demokrit inn i ei rastlaus jakt på alle slags fenomen sine årsaker og verknader. Han vart den empiriske granskaren av alle fenomen.

Epikur meinte også at alt var tomrom og atomar. Her var dei samde. Men opp mot Demokrit, seier Marx, hevda Epikur at sansane gav eit rett bilete av den verkelege naturen. Han hevda og at atomane ikkje gjekk i rette linjer. Dei kunne skjeine litt av frå den rette kursen og det gjorde dei tilfeldig, av seg sjølv, utan at noko ytre verka på dei. På grunnlag av dette synet hevda Epikur at verda utvikla seg tilfeldig, og han hevda at menneska kunne gripe inn i historia og endre ho.

Epikur gjorde altså opprør mot den rådande ideologien på si tid, nemleg at alt var styrt av lagnaden. Han hevda derfor at vi kan forklåre alle naturfenomen med kva årsak vi vil. Derfor kunne alt forklårast på mange måtar og alle forklåringane var likeverdige. Det einaste kravet er at forklåringa ikkje motseier det sansane fortel oss om tinga. For sansane gir sann kunnskap om verda utanfor medvetet. Dette er den såkalla epikureiske materialismen som Marx altså knytte seg til.

Epikur bryr seg derfor ikkje om å undersøke den ytre verda nærare. Den svake lekken i synet hans er at vi ikkje kan sjå atomane. Derfor er rørslene deira løynde for sansane våre og kan berre fattast av tanken. Dei ligg i omgrepet "atom". Atomet har ei sjel eller eit indre prinsipp. Dette indre prinsippet er avviket frå den rette linja. Viss atomet går inn i den rette linja opphever det seg sjølv som einskildfenomen og blir linje, ein del av ein heilskap som utviklar seg på ein bestemt, determinert måte.

Epikur ser det tilfeldige i den verkelege verda og vil ikkje forklåre det vekk med mytar og religion. Det ser ut som om han tek med seg motseiinga i naturen inn i det grunnleggande omgrepet han danna seg av naturen.

Men i forsøket på å forklåre korleis himmellekamane rører seg får Epikur store problem. Planetane (som han kallar meteorar) er på ein måte sansbare eksempel på atoma. Men dei rører seg regelmessig, lovmessig. Dermed skulle det tilfeldige vere opphevd, og det lovmessig bestemte innført.

Når Epikur går nærare inn på dette kjem sjølve sjela i filosofien hans fram. Målet med filosofien er å skape ro i sjela til menneska. Epikur meiner at vi ikkje kan få ro dersom alt er fastlagt på førehand etter evige lover, etter lagnaden. Han kan ikkje anerkjenne noko som evig dersom det uroar det individuelle sjølvmedvetet.

Himmellekamane uroar balansen i sjølvmedvetet fordi dei er det eksisterande universelle eller lovmessige, fordi naturen blir sjølvstendig i dei. Prinsippet i Epikur sin filosofi er derfor at sjølvmedvetet er absolutt og fritt - endå om det berre er oppfatta i form av noko individuelt.

Derfor tek ikkje Epikur med seg motseiinga i naturen inn i omgrepet sitt av naturen. Han fører tvert imot oppfatninga si, ideen sin, om at alt må vere tilfeldig for at menneska skal få ro i seg, ut i naturen som eit prinsipp for korleis naturen fungerer.

For å løyse den uløyselege motseiinga i tenkinga si må Epikur anten fornekte at verda med det tilfeldige i eksisterer utanfor sjølvmedvetet og fornekte at sansane oppfattar verda rett, eller han må fornekte det omgrepet, den ideen, han dannar seg om verda i sjølvmedvetet sitt og dermed heile tenkinga si eller filosofien sin.

Men Epikur vil ikkje fornekte noko av dette. Derfor nektar han altså for at "meteorane" rører seg etter evige lover. Han seier at alle forklåringar som ikkje strir mot sansane, er mogelege her som når det gjeld andre naturfenomen. Det tilfeldige er tilstades i omgrepet himmellekam og, endå om du ikkje kan oppfatte det med sansane dine. Motseiinga i Epikur si tenking kjem klårt og naivt fram, og han nektar å skjule henne.

Dersom du lagar eit absolutt prinsipp av den oppfatninga at du kan sjå på alle fenomen som eineståande og tilfeldige einskildfenomen utan samanheng, blir all sann vitskap fjerna. Alt blir løyst opp i einskildhendingar utan samband. Når tinga er tilfeldige og utan samband trer alt fram som eit uforklårleg kaos. Då fell tenkinga sjølv saman.

På den andre sida: Viss du lagar eit absolutt prinsipp av den oppfatninga at du berre kan tenke i omgrep og lover om kvart einskild fenomen, så blir døra opna på vidt gap til overtru og ufri mystisisme. Viss du går ut frå evige lover og omgrep og vil oppfatte verda ut frå det, så opphever du den verkelege verda - i lengda kan du ikkje sykle på vatnet.

Fordi Epikur stilte denne motseiinga og nekta å løyse ho med eit kunstgrep, meiner Marx at han er den største representanten for opplysningstida i gresk filosofi.

Eg meiner at denne doktoravhandlinga var eit viktig steg på Marx sin veg mot ein teori om utviklinga av naturen og samfunnet.

Han tek her eit oppgjer med den mekaniske materialismen og empirismen. Samstundes er avhandlinga eit fordekt, men kraftig åtak på filosof-guruen Hegel. Hegel hadde nett gått i den andre fella som Epikur kunne ha hamna i. Han hadde utforma eit system for korleis verda utvikla seg ut frå sitt eige medvet som han kalla verdsånda. Og Hegel løyste og den motseiinga som Epikur avdekka med eit kunstgrep. Han sette omgrepet lik med fenomenet eller naturen sjølv.

La oss kort sjå på tankegangen til Hegel. Verda utviklar seg i ein universell prosess. Ideen eller det reine omgrepet er utgangspunktet. Men det er i seg sjølv tomt og kan ikkje definerast. For å få innhald må det slå over si eiga motsetning - i naturen, materien. Frå denne staden utanfor medvetet arbeider så smått omgrepet seg fram til rikare medvet og klårleik for til sist å sameine seg igjen med seg sjølv som ande.

Hegel identifiserer denne utviklinga med den kristne læra om den treeinige Gud. Gud fader er det reine omgrepet, ideen. Gud sonen er ideen som har senka seg ned i naturen, i materien: ordet som kjøt. Den heilage anden er syntesen eller forsoninga mellom det reine omgrepet og materien, Gud som gjennom det å vere menneske er blitt medveten om det gudommelege i seg.

Viss du vil lese den mest konsise samanfatninga av hovudpunkta i Hegel si tenking skal du lese siste delen av "Andens fenomenologi" som heiter "Absolutt viting". Det er omlag 15 tekstsider. (Det er typisk for norske filosofar si haldning til Hegel at Jon Elster ikkje tok med denne heilt sentrale delen av "Fenomenologien" då han laga ei bok med utdrag frå "Fenomenologien" for Pax forlag i 1967.)

Så skal du lese Marx sin kommentar til denne delen som du finn heilt til slutt i "Økonomisk-filosofisk manuskript", altså Falken-utgåva side 280 og ein tretti sider frametter.

Det er først og fremst løysinga på Epikur sitt dilemma som leier vidare framover dersom vi vil forstå verda for å forandre ho, ikkje Demokrit sin determinisme og empirisme.

Derfor tek Marx og her rundt 1840, eit oppgjer med heile den retninga som knyter seg til Descartes og Newton og deira mekaniske syn på utviklinga i verda.

EIN MODERNE DISKUSJON OM EPIKURS DILEMMA

Viss vi no går opp til vår tid, så skal vi sjå at det Marx tek opp i si avhandling framleis er svært aktuelt. Det finst ein kjernefysikar som heiter Fridtjov Capra. Han byggjer ei filosofisk overbygning over det fysikarane kallar Heisenberg sitt uvissetilhøve. Dette har Capra skrive mykje om i boka "The Tao of Physics" og samanfatta i boka "The Turning Point".

Uvissetilhøvet går skjematisk sagt ut på at vi ikkje samstundes kan finne både ein elementærpartikkel sin impuls og partikkelposisjonen nøyaktig. Viss vi innrettar målinga på å finne partikkelposisjonen nøyaktig, så blir impulsen tilsvarande uviss, og omvendt.

Det gjekk ein lang diskusjon om dette blant vitskapsfolk frå mellomkrigstida og framover. Einstein ville ikkje godta uvissetilhøvet. Han meinte at det var observasjonsteknikken som gjorde at vi ikkje kunne fastlegge både plassen til partikkelen og impulsen. Bohr på si side, meinte at uvissetilhøvet var ein kvalitet i materien/naturen/tinga sjølv, og at vi derfor måtte finne nye teoriar for å forklåre naturen.

(Her passar det å ta med ein merknad om at dei norske filsofhistorikarane Gunnar Skirbekk og Nils Gilje ikkje har oppfatta dei to diametralt motsette standpunkta i denne diskusjonen og kva filosofiske følgjer dei får. Det går fram av læreboka deira: "Filosofihistorie" bind 2, side 277 og utetter, at dei ikkje kjenner Bohr sitt standpunkt og sluttar seg til Einstein sin konklusjon endå om dei heller ikkje representerer standpunktet hans skikkeleg. Dette seier og mykje om det norske akademiske filosofimiljøet.)

Etter at diskusjonen var igang kom den store jakta på det som vart kalla løynde parameter - innverknader som skulle vise at materien rørte seg etter lover der det ikkje fanst slump, berre ytre påverknader som gjorde at noko såg tilfeldig ut. Dei som jakta på parametre forsvarte eigentleg den gamle kartesiske eller newtonianske, mekaniske forståinga av verda, eller determinismen.

Capra kallar desse parametra for "lokale variable". Han meiner at dei ikkje eksisterer. Ifølgje han heng alt i universet saman som prosessar. Det finst ikkje ting/materie, det finst berre tilhøve og prosessar. Dansarar finst ikkje - berre dansen.

Vi må over frå dei enkle årsak-verknad forklåringane i den klassiske mekanikken, til statistisk årsaksforklåring.

Men Capra går vidare i å utvikle filosofien sin. Han sluttar seg til ein kjernefysikar som heiter James Jeans som har sagt at;"Idag er det (mellom kjernefysikarar) stor grad av semje --om at den aukte kunnskapsstraumen går mot ei ikkje-mekanisk røynd; universet tek til å sjå meir og meir ut som ein stor tanke istadenfor ein stor maskin" (The Turning Point, s76-77)

Capra innfører noko han kallar "ikkje-lokale variable" som skal forklåre kvifor noko ser tilfeldig ut. Dette er variable som vi ikkje veit noko om, men som eksisterer over alt i universet. Altså eit overordna prinsipp i alt.

Dette prinsippet finn Capra så i Taoismen sine omgrep Yin og Yang. Overgangen til religionen er dermed fullført.

Det ser ut som om Capra har gått i den andre fella til Epicur og laga eit evig prinsipp i hovudet som han har lagt inn i den verkelege verda. Men dette er likevel ein slags omvendt epikurisme fordi prinsippet til Epikur var at det ikkje fanst noko evig lovmessig, medan prinsippet til Capra er nett at det finst. Capra sitt standpunkt er derfor meir platonsk idealisme, eller kanskje hegelsk.

Men no ser det ut som om denne diskusjonen som Capra går inn i, er ført til andre konklusjonar for lenge sidan av den aust-tyske kjernefysikaren Robert Havemann. Han gjorde det i ei rekke førelesningar midt på 1960-talet. Dei vart gitt ut som bok på Universitetsforlaget i 1965 med tittelen "Dialektikk uten dogmer? Naturvitenskap og filosofi."

Etter desse førelesningane, som var eit flengande oppgjer med den aust-tyske marxist-leninistiske ideologien, tok dei frå han stilliga som professor. Boka hans er ei av dei mest interessante som omhandlar den materialistiske dialektikken sidan Lenin sitt verk "Materialisme og empiriokritisisme" som kom i 1912.

Havemann seier at diskusjonen om uvissetilhøvet gjekk vidare etter 1956. Dei var samde om at verda er sett saman av ein einskap av bølgeaktige og partikkelaktige fenomen. Alt etter korleis vi innrettar forsøket vil vi sjå det bølgeaktige eller det partikkelaktige.

Med hjelp av teorien om kvantemekanikk kan vi berre rekne ut kor sannsynleg det er at elektronar er på visse stader innan eit komplisert molekyl. Vi kan ikkje rekne ut plassen til elektronet på eit fastlagt tidspunkt og kortid det er på ein fast stad. Teorien seier berre kor sannsynleg det er at ein partikkel er på ein fast stad.

Ut frå dette diskuterer Havemann dei grunnleggande omgrepa som Marx gjekk laus på i avhandlinga si det tilfeldige, det nødvendige og det mogelege og verkelege, årsak og verknad.

Spørsmålet om identiteten mellom årsak og verknad er heilt grunnleggande i den marxistiske teorien. Det er nemleg slik at det ikkje kan haldast oppe nokon einskap i utviklinga av fenomena dersom det berre var ikkje-identitet mellom årsak og verknad. Då ville vi heile tida få omslag til noko heilt anna.

Men verda er no ein gong slik at ho både endrar seg og er den samme. Identiteten mellom årsak og verknad ligg i denne kontinuiteten. Men samstundes endrar alt seg og. Årsak og verknad vert skilde frå kvarandre. I verknaden blir årsaka oppheva og sett ut i kraft. Ho set verknaden sin ut i livet.

Spørsmålet frå kvantemekanikken er då: finst det ein fridom til stades i denne vekslinga mellom årsak og verknad, slik at verknaden i høve til årsaka kan ha karakter av noko tilfeldig.

I "Vitskapen om logikken" seier Hegel at "det tilfeldige har en grunn til at det er tilfeldig, og at det like mye ingen grunn har til at det er tilfeldig; at det tilfeldige er nødvendig, og at dette nødvendige bestemmer seg selv som tilfeldig og på denne annen side at denne tilfeldigheten er den absolutte nødvendighet."

I ein polemikk mot ein kar som heitte Dühring, i boka "Herr Eugen Dührings omvelting av vitskapen" (1878) sa Engels at dersom vi forstår det Hegels her seier, så kan vi unngå å hamne anten som determinist som Demokrit, eller i Epikur sine to feller.

Havemann gir ei forklåring på paradokset med utgangspunkt i kvantemekanikken. Bohr innførte heilt faste omgrep for dei to delaspekta i kvantemekanikken. Han snakka om bølgjebiletet og partikkelbiletet, dei to vesensskilde bileta som ikkje på noko punkt kan identifiserast med kvarandre, men som likevel først tilsaman lagar heile teorien. Desse to aspekta snakkar Bohr og Heisenberg om på følgande måte: bølgjebiletet som det mogelege, partikkelbiletet som det verkelege. Dermed meiner dei, seier Havemann, at vi i bølgjebiletet får framstilt det som er mogeleg i det verkelege partikkelbiletet.

Havemann går vidare og seier at vi finn heile nøkkelen til problemet gjøymd i omgrepsparet det mogelege og det verkelege. Hegel går ut frå at hendingar som verkeleg har funne stad først ein gong hå ha vore mogelege. Det som er verkeleg, må vere mogeleg. Dersom ei hending er mogeleg, så kan ho berre kallast mogeleg dersom ho kan skje eller kan ikkje skje. Ordet "mogeleg" har ei merkeleg grad av noko usikkert ved seg som viser at det og det nok kan skje, men det treng ikkje skje.

Dei verkelege hendingane merker seg ut ved at dei som er mogelege er ulike frå dei umogelege. Men som mogelege hendingar, er det berre hendingar som like godt kan inntreffe som utebli, og om dei uteblir, kan andre like mogelege hendingar inntreffe i deira stad. Kva som er verkeleg mogeleg, er ikkje tilfeldig. Det som er mogeleg er fastsett som nødvendig.

Det lovmessige i verda og fenomena ligg i det mogelege. Heilt nødvendig og utan noko form for tilfelle er det umogelege skild frå det mogelege. Alle naturlover, alle dei lovene som vi oppdagar i røyndommen, fortel oss berre kva som under fastsette omstende er mogeleg, og kva som under samme omstende er umogeleg. Lovene seier altså ikkje kva som verkeleg skjer og vil skje, dei viser berre kva som kan skje.

Det verdsbiletet som den mekaniske materialismen gir oss, inneheld ingen fridom til aktiv handling. Heile framtida og alle handlingane våre er allereie fullstendig determinert av fortida.

Den dialektiske oppfatninga av samanhangen mellom det tilfeldige og det nødvendige, slik det no trer fram i kvantefysikken og, fører oss tilbake til reelle førestillingar om menneskeleg fridom. På ein ny måte ser vi at det er reelt mogeleg å verke inn på tinga - til å endre og forvandle dei.

Framtida blir nok delvis fastlagd av fortida, men ho er ikkje definitivt og absolutt fastlagd. Ei høg grad av å vere fastlagd har berre slike hendingar som vi ikkje kan verke på.

Vi vinn fridom ved å endre det nødvendige, ved å skape nye utvegar og variere det mogelege. Vi kan gjere ein utviklingsveg meir sannsynleg og andre utviklingsvegar mindre sannsynlege. Menneska si aktive verksemd er ikkje kasteball for det fantastiske blinde tilfellet, men omvendt: menneska gjer praktisk bruk av det tilfeldige i hendingane, for på den måten å oppnå kva vi strevar etter. Dette hevdar Havemann.

Akkurat som Capra seier, så må vi fram til ei ny forståing av årsakslæra, kausaliteten. På den eine sida er det rett at alle tilhøve mellom hendingar er årsakstilhøve. Men det er ikkje sånn at ei årsak berre kan ha ein verknad - ei årsak får fram ymse mogelege verknader. Det er berre ein verknad som finn stad, men likevel er den berre ein av fleire mogelege verknader. Kva slags verknad som skjer er objektivt tilfeldig. Men dette objektive tilfeldige er lovmessig fastsett etter graden av kor mogeleg det er, etter kor sannsynleg det er.

Vi ser at Havemann, ved å følgje opp Marx si doktoravhandling har prøvd å sleppe unna Demokrit sin mekaniske materialisme eller Descartes og Newton sin.

Samstundes har han forsøkt å unngå å løyse opp alle hendingar i einskildtilfelle uten samanheng, og han har prøvd å unngå å legge noko tenkt lovmessig inn i verda.

Viss vi no går tilbake til Marx si avhandling om Demokrit og Epicur, så hugsar vi kanskje at Demokrit, ifølgje Marx, skilde fenomena i den ytre verda frå omgrepa deira. Han meinte at vi ikkje kunne få rette omgrep før vi kjente alle årsakstilhøve i ulike delar av den ytre verda. Dette er utgangsposisjonen til alle dei såkalla positivistane og retningar som er i slekt med desse.

Dei driv på med forsøk å sameine studiar av einskildtinga og einskildfenomena med allmenne samanhengar for korleis dei rører seg. Men dei ser på dette som heilt skilde saker og driv derfor anten i retning av å ikkje å kunne forklåre noko, eller i retning av å legge ytre lover inn i dei einskilde hendingane etter fastsette reglar. Dei driv rundt i Epikur sitt dilemma utan å sjå det.

Capra, som vil sleppe unna den mekaniske materialismen, har slept unna dilemmaet på samme måte som Hegel gjorde, og laga ei religiøs forklåring, mykje på samme grunnlag som Hegel og.

Dei mekaniske dialektikarane i Sovjet og i andre despotiske sosialistiske land, har omdanna dialektikken svært mykje til skjema. Dei har og svært ofte nytta dei såkalla "sosialistiske klassikarane" som teologiske skrifter, som dei har drive og fortolka. På denne måten har dei teke brodden av "marxismen" som levande revolusjonær teori, og i stor grad gjort han til ein ideologi for herskarane i det sosialistiske samfunnet.

Ikkje noko av dette er framand for andre parti og personar som har knytt seg til den "marxistiske" tradisjonen.

Ut frå dette og fleire andre saker meiner eg at det er ei stor kulturoppgåve å studere kritisk grunnleggande saker i den marxistiske teorien og måle han opp mot alle dei røynslene vi har.

Sjølv må eg seie at eg har vanskar med å godta heile resonnementet til Havemann. I alle fall meiner eg at det Marx kallar den "materielle framandgjeringa" hindrar menneska å verke medvete inn på utviklinga av historia. Derfor har både kapitalismen og alle andre typar samfunn der dei materielle vilkåra for å oppheve den materielle framandgjeringa ikkje er fullt ut til stades, nett karakteren av at menneska kan verke lite inn på utviklinga, og at utviklinga derfor i høg grad er fastlagt.

Men likevel er dette spenstige tankar og forsøk på å videreutvikle Marx på eit spesielt felt. Det må vi ta alvorleg og diskutere.

For å vende tilbake til Marx så meiner altså han at opprøret mot den mekaniske materialismen (dei evige ytre lovene bestemmer alt) kjem frå idealismen (ideane bestemmer alt) og roser idealismen for det, utan å godta idealismen i seg sjølv.

Marxismen startar derfor heller ikkje, som mange meiner, med ein kritikk av idealismen, men med ein kritikk av den mekaniske materialismen.

Derfor er Marx sin eigen posisjon så tidleg som dette at alt både er tilfeldig og nødvendig og at motseiinga i dette løysast i sjølve den historiske endringa.

Dette er svært viktig fordi mykje av den nyare kritikken mot Marx nett vil knytte han til den mekaniske materialismen og stille han på linje med Descartes (cartesianisme) og Newton (mekanikken sine lover). "Det moderne prosjektet".

TREKK AV MODERNE FILOSOFISKE OG VITSKAPSTEORETISKE POSISJONAR

Viss du studerer det tankemessige grunnlaget bak alle dei moderne borgarlege og anti-marxistiske teoriane om tenking, samfunn og andre delar av naturen vil du sjå korleis teoretikarane framleis strever med, og ikkje klarer, å løyse den motseiinga eg har skrive om her.

Dei såkalla positivistane prøvde å løyse motseiinga, som Demokrit, ved mykje empirisk observasjon og spesielle reglar for korleis ein skulle finne regelmessigheiter (det lovmessige) i enkelfenomena. Lenin skreiv ein omfattande kritikk av denne positivismen slik han først og fremst var framlagt av Ernst Mach. Dette er ein type materialisme som stadig tenderer i retning idealisme fordi han tvingar fenomena inn under ytre lovmessigheiter bygd på at det samme hender opp att og opp att. Med ein gong du gjer det har du avskore deg frå å forstå korleis dei indre, kvalitative endringane i alle prosessar voks fram. Dette gjeld både for områda som høyrer inn under naturvitskapen, samfunnsvitskapen og vitskapen om tenkinga.

Innanfor den borgarlega filosofien som utvikla seg etter Lenin var daud, har ei av dei viktigaste retningane vore den såkalla popperianismen, som ikkje eigentleg braut med positivismen, men innførte eit nytt kritierium på at ein teori var vitskapleg. Det var han dersom du kunne vise under kva slags vilkår teorien var feil. Popper braut med positivistane berre med omsyn på den såkalla induksjonslogikken som handlar om å rekne ut kva slags teori som er den riktigaste ut frå sannsynlegheits-vurdering på grunnlag av observasjon av empiriske fakta.

Som positivistane var Popper fullt ut materialist, men mekanisk materialist og dermed idealist. Filosofisk sett var dette altså eit tilbakefall til tida før Epicur, altså til filosofar som prøvde å sameine det som Epicur nekta å sameine, det almenne og det særeigne, medvet og verkelegheit utanfor medvetet. Innan den borgarlege vitskapsfilosofien hadde Popper ein sterk posisjon til fram på 1950-talet.

Popper vart kraftig kritisert av Thomas Kuhn og Paul Feuerabend. Kuhn innførte omgrepet "paradigme". Eit paradigme er grovt sagt det skjemaet av verda som menneska bruker når dei studerer og vurderer verda. Du må ta paradigmet som gitt om du skal kunne utføre eksperimentelle lover og måle ulike eigenskapar. Paradigmet sjølv kan ikkje testast. Desse teoretikarane opphevar teorien (paradigmet) til overordna og hamnar derfor direkte i den idealistiske hengemyra.

Kuhn sitt problem er sjølvsagt korleis du skal skifte paradigme. Du bør skifte paradigme dersom det viser seg at det oppstår for mange problem som du ikkje klarer å løyse. Viss du har fleire paradigme å velje mellom så oppstår det, ifølgje Kuhn, ein filosofisk diskusjon og etter ei stund så synst du berre at det eine paradigmet er det naturlege. Dette er teorien bak dei såkalla "glidande overgangane" også i standpunkta til AKP(m-l). Eg meiner at vi har vore og er sterkt påverka av denne tankemåten. Dette hindrar all alvorleg teoretisk verksemd.

Feuerabend hevda at du ikkje må låse deg til ein teori. Med teori meiner han både det som meir vanleg har blitt kalla vitskaplege, men han tek og med mytar, politiske idear og religiøse system. Du bør prøve å lage teoriar som ikkje passar med den rådande måten å sjå på tinga og så skal du satse alt på å forklåre tinga ut frå denne teorien. Når mange ulike folk driv på slik, kan ein til slutt komme fram til paradigme som folk naturleg vil slutte seg til.

Både Kuhn og Feuerabend meiner at alle ser verda frå sin synsstad, og at alle derfor kan ha sine ulike og sanne oppfatningar av verkelegheita. Det som er blitt kalla vitskapelege metodar, meiner dei ikkje er betre enn kva religion det no skal vere. Både positivistane og popperianarane har gått til motangrep på desse syna, utan at noen av dei har komme særleg vidare.

Men den logiske positivismen vart utfordra av andre retningar. Den eine er blitt kalla "oxfordfilosofi". Innan denne retninga hevda dei (Austin, Ryle, Wittgenstein (II)) at det finst ein sikker kvardagskunnskap og eit kvardagsspråk som eigentleg er utan problem. Det filosofien må gjere er å klårlegge kvardagsspråket og korleis det blir missoppfatta.

"Oxfordfilosofien", som all slik "språkfilosofi", gjer to viktige vriar. På den eine sida opphevar dei i tanken den materielt framandgjorte situasjonen som menneska har levd under til no og som gjer det umogeleg å komme fram til verkeleg kunnskap ut frå dei overflateobservasjonane som er mogelege i den såkalle "kvardagen". På den andre sida fester dei seg ved språket og legg størst vekt på det i utforskinga verda. Dette tyder at dei legg størst vekt på menneska sine idear, for språket er nett den materielle måten (lydbølgjer og skrift osv.) som menneska bruker for å meddele ideane sine til kvarandre.

Dette har så danna utgangspunkt for ein vitskapsfilosofi der Toulmin, Winch og Hanson er dei mest kjende navna. Om to oppfatningar står opp mot kvarandre hevdar Ryle at den teorimodellen (paradigmet) som har størst grep om kvardagskunnskapen er best. Toulmin seier det samme.

Wittgenstein seier at vi ikkje heilt kan skilje språkspørsmål og faktaspørsmål. For å forstå noko må du ta mykje for gitt. Der må være eit omgrepsskjema som du kan knytte utsegna til. Dette omgrepsskjemaet er igjen knytta til heile det livet som du lever, det er knytta til "livsforma" di. Når du ikkje forstår noko har du eit anna språkspel, men det grunnar seg på at du har eit anna bilete av verda, ut frå ei anna livsform.

Desse synspunkta er utvikla vidare av Winch som er på jakt etter endepunktet for alle forklåringar, nemleg "urlivsforma", det som konstituerer noko som sosialt i det heile. Hansson meiner ut frå dette at det er eit samband mellom det begrepsapparatet du har (språket ditt) og det du ser. Å bruke visse begrep er å strukturere verda på ein spesiell måte og å sjå verda på ein spesiell måte. Dei ulike teoriane er alle like gyldige. Dei strukturerer verda på ulik måte og kan derfor ikkje gå over i kvarandre. Det må være skarpt skilje mellom teoriane.

To av dei filosofiske retningane som har dominert moderne tenkning er kalla strukturalisme (funksjonalisme) og hermeneutikk. Innan den akademiske "marxismen" er dette dei to hovudretningane som har revidert marxismen mest i siste halvdel av dette århundret.

Strukturalismen spring ut frå ein type mekanisk materialisme som vi finn alt i den eleatiske skulen i Hellas. Strukturalistane sitt utgangspunkt er at alt rører seg innan faste strukturar som menneska ikkje kan påverke. Dette standpunktet, som minner om den klassiske mekaniske materialismen, fører til at teoretikarane skapar store stilleståande system der noko forklårer noko anna som så igjen forklårar det første. Det er ein form for dogmatisme.

Strukturalismen er ofte knytt til studiar av språket. Dei seier at alle einskildmoment (ord) får meining berre ved at dei går inn i ein heilskap eller struktur bestemd av ei mengd saker (grammatikken). Strukturen kan ikkje menneska gjere noko med. Språket (strukturen) berre er der og bestemmer korleis verda er for menneska. Dette vil seie at det rundt menneska finst ein overordna struktur. Han blir kalla for panstruktur. Denne strukturen kan ikkje observerast reint empirisk, strukturen kan vi berre finne fram til ved vitskapeleg teoretisering. Dette kan vere knytt saman med ideen om at den overordna strukturen ligg i menneska sitt kvardagsspråk. Derfor er det vitskapeleg-teoretiske studiet av kvardagen (som desse filosofane lever fjernt frå) og kvardagen sitt språk, sentralt i denne filosofien.

Denne filosofien har det ikkje så vanskeleg så lenge utviklinga går sakte, slik at strukturane ikkje blir sprengd av prosessane. Men når utviklinga sprenger istykker strukturane, så fell panstrukturen isønder i dei små tids- eller stadsbestemte delane som strukturen kan analyserast ned til av tanken. Fordi strukturalismen ikkje kan forklåre korleis prosessane innanfor strukturane foregår slik at dei sprenger strukturane, fører altså strukturalismen til oppdeling og digitialisering. Dei fører til at verda fell isaman i noko som det ikkje er samanheng i, og som dermed ikkje kan forklårast. Slik er dei moderne tv-nyheitene bygd opp. Strukturalismen tek då anten form av rein nihilisme (oppløysing av verkelegheita) eller såkalla postmodernisme, eller han leier stadig inn att i hermeneutikken.

Kjende strukturalistar er språkforskaren Ferdinand de Saussure, pedagogen Jean Piaget, Claude Levi-Strauss, Michel Foucault, Maurice Godelier, Louis Althusser, Nicos Poulanzas.

Henri Lefevbre, kvardagslivsteoretikaren framfor nokon, har levert ein omfattande kritikk av strukturalismen i boka "L'ideologie structuraliste" som kom ut i 1971. Han meinte då at retninga stort sett hadde mist det meste av krafta si.

Hermeneutikken har arven sin meir direkte frå idealismen. Utspringet er fortolking av skrifter og teikn. Han presenterer seg no som eit forskningsprogram for menneskevitskapane som historie og sosiologi. Hermeneutikken tek som strukturalismen utgangspunkt i heilskapen. Men han har også interesse for delane endå om desse blir underordna ein heilskap. Heilskapen ("førforståinga") er utgangspunkt for tolkinga, men det einskilde verker inn att på heilskapen.

Hermeneutikarane legg i samfunnsanalysa meir vekt på forståing enn forklåring. Og tyngdepunktet leggast på tolkninga. Forklåre noko kan du berre når det einskilde er eit eksempel på noko generelt, f.eks. noko lovmessig. Denne tilnærmingsmåten kan du bruke ovafor naturfenomen. Det er då den hermeneutiske arven frå positivismen. Men når du har med einskildtilfelle å gjere, slik du har i menneskehistoria, så må du gå over til å forstå. Å forstå kan du berre gjere ved å fatte noko innanfrå, frå innanfor horisonten til det som blir undersøkt.

Hermeneutikarane stanser altså ikkje ved dei ytre teikna. Hensiktene til brukarane av teikna er også viktige. Medan strukturalistane (og positivistane) forsøker å uteslutte det menneskelege subjektet, så legg hermeneutikarane avgjerande vekt på det. Dei seier at vi kan ikkje forstå det menneskeskapte utan å sjå på hensikten menneska har med å skape det.

Metoden kan gjennom mellomstasjonane Croce (1866-1952) og Vico (1668-1744), som meinte at samfunn, kultur og historie er produkt av den menneskelege ånd, førast tilbake til Aristoteles.

Vico prøvde å grunnlegge ein vitskap der forskaren skulle prøve å forstå samfunn og kultur som uttrykk for menneska sine intensjonar, ønske og motiv. Eigentleg var dette også ei side ved Aristoteles si tekning.

Den moderne hermeneutikken er altså, som teorien om kvardagsspråket, ein ny vri som tillet oss å ta ibruk ein gammal metode for å ta utgangspunkt i menneska sin ideologi når vi skal vurdere utviklinga av samfunnet. Menneska sine hensikter er politikken deira eller trua deira. Hermeneutikken vurderer utviklinga ut frå det. Dette tyder at alle hendingar løyser seg opp i menneska sine eigne mytar og fortellingar (historiar) om desse hendingane. Det materielle grunnlaget og dei reelle materielle rørslene blir underordna. Hermeneutikken opprettheld også eit skilje som definerer menneskesamfunnet som noko som står utanfor naturen.

Både hermeneutikken og strukturalismen fører over i det som er blitt kalla postmodernismen eller poststrukturalismen, ei retning som er ekstremt eklektisk ved at han føreset at vi kan plukke brokkar av teoriar utan indre samanheng og så sette dei saman til nye "forklåringar". På denne måten kan ein trekke dei mest utrulege parallellar mellom alt. Sett på spissen løyser då vitskapen seg opp i fortviling og sjølvmord eller i ironi, gjøgling og skeive smil. Nietzshe blir ofte sett på som den store inspirator for denne retninga.

Postmodernismen er ein ekstrem variant av den eine sida hos Epikur. Denne retninga løyser alt opp i einskildhendingar utan samanheng. Det kjem av at han berre ser det ytre skinet ved alt og ikkje forstår dei indre samanhengane eller vesenet, som Hegel ville ha sagt. Postmodernistane gjer ei dygd av dette u-vesenet og vil oppheve alle historiske samanhengar. Dei seier at historie og felles oppfatning av verkelegheita på grunnlag av felles teori er ein styggedom som øydelegg alt for menneska. Du skal leve i no-et og nyte det mest mogeleg, ikkje la den målretta strevinga øydelegge for deg. Alternativet til å leve og nyte er å drukne i det håplause og usamanhengande, dvs. sjølvmordet. For å kunne halde deg levande når det meiningslause overskuggar den meir tilfeldige nytinga, må du ofte ta tilflukt i ironi, gjøgling, kunst og andre metodar for å skjule elendet. Postmodernismen er altså enno eit forsøk på å oppheve den materielle framandgjeringa gjennom ei individuell viljesakt.

Jurgen Habermas har teke opp kampen mot postmodernismen for å redde det som reddast kan av det som er blitt kalla "det moderne prosjekt". I denne kampen har han slått fast at menneska sitt tilhøve til resten av naturen er ordna inn under menneska sitt tilhøve til kvarandre i den kommunikative handlinga. Dermed er han tilbake til standpunktet at kommunikasjon, dvs. tale og diskusjon er ei meir grunnleggande menneskedannande verksemd enn utvekslinga med og omdanninga av naturen gjennom arbeidsverksemda. Det fører til at han forkastar heile Marx sin teori om den materielle framandgjeringa og dermed arbeidsverditeorien, meirverditeorien osv. og, etter mi meining, all mogelegheit til å forstå verda.

Han knyttar seg derfor også til heile oxfordtradisjonen og dermed er han inne i strukturar og hermeneutiske sirklar igjen som han ikkje kjem ut av om han produserer aldri så mange ord.

Eigentleg står Habermas på samme standpunkt som Agnes Heller. (Meir om Heller seinare.) Dei meiner at menneska si framandgjering kan opphevast utan at den materielle framandgjeringa opphevast. Det tyder at teorien deira ikkje krev oppheving av arbeid, kapital og eigedom for å oppheve framandgjeringa på andre felt. (Stat, familie og tenkning.) Ideane deira leier dei derfor i retning av å overordne moral og politikk over ein kommunistisk revolusjon som tyder oppheving av eigedommen og arbeidet når situasjonen materielt sett er mogna og dermed skaping av føresetnaden for oppheving av alle dei andre framandgjorte forholda.

Ei slik moralsk og politisk haldning til verkelegheita utviklar seg lett til snever aktivisme og til og med terrorisme (Che Guevara) på den eine sida, eller til reformisme på andre sida, når folk ikkje når dei ideelle måla sine relativt raskt. Splittingane i den progressive rørsla i Norge har no slike tendensar.

Den samme typen idealisme har og vorte framherskande i alle dei økonomiske sett tilbakeleggande landa som prøvd å heve seg ut av imperialismen og kommunismen med ei viljesytring, anten det no var den forserte industrialiseringa og kollektiviseringa i Sovjet på 30-talet eller kulturrevolusjonen i Kina på 60-talet. Denne retninga forsøker i sykle på vatnet, og det går berre ei stund.

No er det og slik at vi ikkje på førehand så lett kan vite kor grensa går for å sykle på land og på vatnet. Alle "himmelstormande" rørsler må ta sjansen på å sykle ut over vatnet eit stykke, altså rekke forbi det punktet som alle kan sjå er mogeleg å nå. Slik Marx ser det byggast vegen over til kommunismen kvar dag av utviklinga i kapitalismen sjølv. Dei mest utolmodige menneska vil prøve å sykle over mange gonger før vegen ligg heilt klår slik at alle kan komme seg over. Det er slik eg ser både dei kommunistiske (sosialistiske) eksperimenta fram til no og til dømes "prosjektet AKP(m-l)".

No er det riktignok slik at Marx også meinte at det, under visse vilkår, er mogeleg for ein del menneske å få så mykje innsikt i framandgjeringa sjølv under kapitalismen, at dei kan vere leiarar for ei radikal, revolusjonær rørsle, dvs. vere eit kommunistisk parti. Men Marx meinte at samfunnsklassane si framandgjering berre kan opphevast på grunnlag av utviklinga av materielle tilhøve og gjennom dei to stadia av den kommunistiske revolusjonen, det politiske og det sosiale.

Kvardagslivsteoretikaren Lefebvre utvikla seg og i den retninga som Habermas og Heller har gått. Alt i 1968 gav han ut boka "La vie quotidienne dans le monde moderne" ("Dagleglivet i den moderne verda"), Editions Gallimard, Paris 1968. Omsett til engelsk i 1971 med tittelen "Everyday Life in the Modern World". Allen Lane The Penguin Press. Her gjekk han vekk frå Marx sin tanke om at menneska si utveksling med naturen gjennom produksjonen var det fremste historie-konstituerande momentet, og over til at forbruket var det viktigaste. Han formulerte denne forståinga si i ein ny definisjon av det moderne samfunnet. Han kalla det for "det byråkratisk forbrukskontrollerte samfunnet". Seinare gjekk han vidare langs denne vegen og levde siste delen av livet sitt i mediterande ro, før han døydde i Pau i Frankrike sommaren 1991.

Dei moderne kvardagslivteoretikarane følgjer opp Lefevbre her og gjør heimen, familien og forbruksverksemda der til sentrum for analysene sine. Dette fører alltid til brot med dei grunnleggande prinsippa i marxismen, slik eg oppfattar dei.

MARX PÅ VEG MOT PRAKSIS-OMGREPET

For å trekke tråden tilbake til Marx igjen: Marx sitt første store kjende skriv handlar om korleis naturen endrar seg, korleis menneska står i høve til dette og korleis menneska oppfattar dette. Det handlar dermed og eigentleg om det er mogeleg for menneska å gripe inn i og endre naturen rundt seg og dermed endre sine eigne livsvilkår. Eller vi kan seie at det handlar om å gjere opprør mot ein tilsynelatande fastlagd skjebne.

Men på denne tida er Marx framleis innanfor sfæren (området) til den fortolkande og vurderande filosofien og forsøker å kritisere denne filosofien ut frå filosofien sine eigne premiss. Han klarer derfor berre å formulere den motseiinga som denne filosofien står innanfor og ikkje kjem ut av. Noe også heile utviklinga av den moderne filosofien etter Marx viser. Før han kjem fram til ei klår forståing av det omgrepet som sprengar rammene for den reint filosofiske filosofien, nemleg praksis, må han gjennom nokre politiske kampar og dei analysene dei fører til.

Mange marxistiske og borgarlege teoretikarer har teke opp det som eg no skal skrive om. Eg har særleg hatt glede av

1. Erich Fromm: "Marx`s Concept of Man",Frederick Ungar Publishing Co., New York 1961. Denne boka inneheld ei omsetting av Marx sine "økonomisk-filosofiske manuskript" og ei vurdering av innhaldet skriven av Fromm sjølv. Han skriv slik i føreordet: "Eg er overtydd om at berre viss vi forstår den verkelege tydinga av marxistisk tenking og dermed kan skilje han frå russisk og kinesisk halvmarxisme, vil vi vere i stand til å forstå realitetane i verda idag og vere førebudd til å ta dei utfordringane som kjem på ein realistisk og konstruktiv måte." Dette er ei utsegn som det er viktig å grunne på.

2. Lars Roar Langslet: "Den unge Marx og menneskets "fremmedgjørelse", Ide og tanke, Tanum 1963. Den første framstillinga av Marx sine ungdomsskrifter på norsk. Langslet, som ikkje hadde lese Marx sine økonomiske skrifter, tok sjølvsagt avstand frå Marx sitt mål, kommunismen, og frå middelet til å nå det, revolusjonen. Men det er likevel på mange måtar ei innsiktsfull studie han har levert.

3. Shlomo Avineri: "The Social & Political Thought of Karl Marx, Cambridge University Press 1968. Ein klassikar som har komme i eit dusin opplag. Avineri prøver her særleg å skilje Marx sine bidrag, frå f.eks. Engels og Lenin. Analysen hans av samansmeltinga av Marx sin "marxisme" med Lenin sin "jakobinisme" er eit viktig utgangspunkt for å analysere forholdet mellom "klassikarane" sett som sjølvstendige teoretikarar og politikarar.

4. Leszek Kolakowski: "Main Currents og Marxism" i tre band. Dette foregir å vere ei altomfattande og svært kunnskapsrik studie av marxismen. Han inneheld svært mykje stoff, men etter mi meining er heile utgangspunktet til Kolakowski skeivt. Han føreset heilt frå innleiinga av verket at Marx var ein "filosof" som utvikla ein "doktrine", ein "ide" som byrja med "prometevsk humanisme" og endte med "det monsteraktige tyranniet til Stalin". Og så set han ut for å prove dette.

5. Harald Berntsen: "Den historiske materialismen og dens historiske betingelser", Gyldendals Fakkelbøker 1976. Eg meiner at Berntsen knyter den materielle framandgjeringa for mykje til den moderne kapitalismen og ikkje til privateigedom i det heile, som er mykje eldre. Dette gjer det mellom anna umogeleg å analysere oppståinga av kvinneundertrykkinga i lys av framandgjeringsomgrepet slik Marx og Engels gjorde det.

6. Dag Østerberg: "Et forord til Kapitalen", Pax forlag 1972. Eg har mykje til overs for denne framstillinga fordi forfattaren ser ut til å ha god kjennskap til Marx sine tidlegare skrifter og til dei tre banda av "Kapitalen". Men han er ikkje sterk på den økonomiske sida. Idag kan vi særleg sjå korleis Østerberg sine meir tidsavgrensa vurderingar av lovmessigheitene (eller tendensane) i kapitalismen, tenderer til å eviggjere dei tilfeldige sosialdemokratiske ytringsformene av kapitalismen ved utgangen av 1960-talet.

7.Gunnar Aspelin: "Karl Marx Samfunnsforsker og samfunnskritiker. En kommentar til "Kapitalen" I. Tiden Norsk Forlag 1971. Denne boka verker som eit heiderleg forsøk frå ein borgarleg (svensk) professor på å lese og forstå første band av "Kapitalen".

Dei kampane Marx gjekk inn i dreide seg først om pressefridommen. Gjennom fleire artiklar i 1842 forsvarte Marx pressefridommen på ein omfattande og skarp måte. Det var her han mellom anna uttalte at pressa sin eigentlege funksjon i samfunnet ikkje kan forlikast med at avisene først og fremst blir sett på som handelsvarer.

Men kan kjempa og for demokratisering av styret i den tyske staten han budde og han skreiv fleire artiklar som forklårer kvifor vanlege folk stal ved på område som var teke frå dei gjennom historia. Dette var ei svær sak som minner om retten til krypskyting osv. som spelar så stor rolle i historier om Robin Hood frå Sherwood f.eks.

Gjennom desse siste artiklane måtte Marx studere på og tenke gjennom dei politiske tilhøva der han budde, og han måtte byrje å sette seg inn i visse økonomiske tilhøve for å forstå årsakene til kvifor folk stal ved. Dette sprengde den filosofiske verda han hadde halde seg innan tidlegare.

På grunn av noko som var skrive i bladet der Marx vart redaktør, vart han og tvungen til å studere dei kommunistiske ideane slik dei eksisterte på den tida. Etter ein svær strid med sensuren trekte Marx seg tilbake frå redaktørstolen i bladet sitt i 1843 då han ikkje kunne unnvike sensur lengre.

Med dette vart Marx sett inn på den kursen som han etterpå fulgte resten av livet. Det var i 1842 og han var då 24 år gammal.

Frå no og fram til 1846 formar Marx (seinare i samarbeid med Engels) ut dei grunnleggande premissa for teoriane om utviklinga av og opphevinga av kapitalismen. Det er heilt avgjerande å kjenne denne utviklinga dersom du vil forstå innhaldet i dei meir kjende politiske kampskriftene til Marx, som "Det kommunistiske manifest".

Han byrjar med ein kritikk av religion og teologi, politikk og stat.

Kjende dokument frå denne tida er eit brev til ein som heitte Arnold Ruge i september 1843, ein artikkel om jødespørsmålet frå hausten samme året og to kritikkar av Hegel sin rettsfilosofi frå 1843-44.

Mykje av dette finst i dårlege omsettingar i Karl Marx: Verker i utvalg, band 1. Pax 1970, 72, 75. Noko finst og i K. Marx. F. Engels: Skrifter i urval. Filosofiske skrifter. Bo Cavefors Bokførlag, 1978. Mykje finst og i K.Marx og F.Engels: Økonomisk-filosofiske manuskripter og andre ungdomsskrifter. Falken forlag, 1991.

Kort sagt viser Marx at religionen er ein ideologi som menneska sjølv har skapt ut frå tilhøva på jorda som gjer at dei ikkje sjølv har herredømme over sine eigne skapande krefter. Derfor legg dei desse kreftene i ein ideskapnad, guden, som dei skaper i sine eigne tankar. Religionen er derfor både eit opprør mot, og ein flukt frå dei jordiske tilhøva som gjer religionen nødvendig. Han viser korleis Hegel sin filosofi følgjer dette skjemaet. Dette er framandgjeringa i tanken. På overflata ser det ut som denne framandgjeringa kan opphevast av den teoretiske kritikken.

Og han viser at staten er den måten menneska organiserer fellesinteressene sine på ut frå spesielle vilkår i det han kallar det sivile samfunn. Det blir ofte omsett med det borgarlege samfunn (t.d. i Pax-omsettingane) ut frå den tanken at menneska blir sett som statsborgarar i dette samfunnet.

I det sivile samfunn råder alles kamp mot alle, dei egoistiske interessene til einskildmenneska i strid med kvarandre. I staten blir heilskapen og fellesskapen teke vare på ut frå interessene til ein herskande klasse. Dette er framandgjeringa av samkvemmet menneska imellom.

På overflata ser det ut som om denne framandgjeringa kan opphevast gjennom den revolusjonære politiske praksisen. Desse artiklane er i kjerna ein kritikk av utviklinga av slike grunnleggande trekk som vi finn seinare i Sovjetstaten. Det er nok ei av dei viktigaste grunnene til at Stalin og dei russiske kommunistane hevda at det Marx skreiv på denne tida ikkje eigentleg høyrde til innanfor "marxismen-leninismen", men var eit idealistisk forstadium til denne.

Gjennom religion og stat støyter altså menneska dei eigne skapande kreftene i fellesskapen ut frå seg sjølv og over i sfærar utanfor menneska. Derfor er religion framandgjort medvet og stat er framandgjort fellesorganisering. Med det meiner Marx at menneska stiller seg framande for sine eigne krefter og emner. Vi kan ikkje oppheve dette problemet gjennom tenking og argumentering aleine. Vi må oppheve det gjennom revolusjonær praksis. Og ein mest mogeleg korrekt teori må vegleie denne praksisen, og det er berre arbeidarklassen som kan verkeleggjere ein slik praksis fordi berre denne klassen står ovafor naturen som eit fellesskap av ikkje-eigarar.

Men praksisen til menneska skjer ut frå grunnlaget i det daglege livet, i det Marx kallar det sivile samfunn. Og då er vi over på det som mesteparten av denne boka skal handle om, nemleg dei viktigaste tilhøva som bestemmer folk sitt daglege liv og medvetet deira og den prosessen som dette dagleglivet og medvetet går gjennom med utviklinga av kapitalismen.

 

DEI GRUNNLEGGANDE PREMISSA I "MARXISMEN"

Dei viktigaste skriftene som omhandlar dette emnet er først dei såkalla økonomisk-filosofiske manuskripta frå sommaren 1844. Falken forlag har nett (1991) gitt ut den første fullstendige norske utgåva av desse skriftene i boka "K.Marx, F.Engels:Økonomisk-filosofiske manuskript og andre ungdomsskrifter". Dette er ein kulturhistorisk sensasjon i seg sjølv som ikkje mange har oppdaga.

I den nyopptrykte Pax-utgåva (1991) av K.Marx: Skrifter om den materialistiske historieoppfatning" (kalla Pax, band 2) finn du det heilt sentrale verket om "Feuerbach" frå "Den tyske ideologien" og utdrag frå "Filosofiens elendighet" frå 1847 som mellom anna er ein tidleg kritikk av SV-parolen "Del godene". Her finn du også eit viktig utdrag frå eit forarbeid til "Kapitalen", nemleg "Grunnriss til kritikk av sosialøkonomien" frå 1858. Omsettingane er kronglete og har fleire feil. Eg prøver å rette opp ein del av desse når eg brukar denne boka her.

Det er særleg "Feuerbach" frå "Den tyske ideologien" som må stå heilt sentralt når Marx sine grunnleggande standpunkt skal avdekkast. Derfor er mykje av det eg kjem til å skrive utover her ein forløpande kommentar til dette skriftet som ikkje er på meir enn omlag 70 boksider i prent. Men vi skal og gå inn på kapitla om framandgjering og om kommunisme i dei "økonomisk-filosofiske manuskripta" og nokre andre stader.

Marx sitt første utgangspunkt er heile naturen (alt som eksisterer) og deretter ein del forhold innan denne naturen.

Heile naturen ser han på som "materie i endring". Både det at noko eksisterer utanfor og uavhengig av menneskeleg medvet og tenking, og det at dette er i uavbroten rørsle og endring, at det både er det gamle og det nye, at det både har struktur og sprenger strukturane, ligg heilt i botn av Marx sine teoriar om samfunnet og. Både naturen rundt menneska, einskildmenneska, samfunn og tenking er forskjellige former for materie i utvikling som omfatter alt. Dette er Marx sitt universalhistoriske perspektiv.

Dei ulike formene for rørsle eller prosessar i naturen utviklar seg på ulike måtar. Ut frå dette kan menneska, gjennom utvekslinga si med resten av naturen, abstrahere i medvetet sitt dei indre lovene som prosessane utviklar seg etter. Alle desse prosessane utviklar seg både tilfeldig og nødvendig. Slik er det også med menneskesamfunnet. Mennesket og menneskesamfunna er også delar av naturen.

Det mest grunnleggande utgangspunktet for Marx sine teoriar om utviklinga av samfunnet eller menneskehistoria er altså forholdet, eller samkvemmet, eller utvekslinga mellom menneska og resten av naturen. Dette inneheld både samkvemmet mellom mennesket og den naturen som ligg rundt mennesket, og det inneheld samkvemmet mellom det eine menneske både som natur- og samfunns(vesen) og det andre mennesket både som natur- og samfunns(vesen) og det inneheld samkvemmet mellom grupper av menneske.

Dei som ser på Marx på ein snever måte anten som filosof eller som økonom osv. oppfattar nett ikkje at det heilt grunnleggande utgangspunktet for og målet med alt arbeidet hans er opphevinga av striden mellom menneska som menneske og naturen. Dei ser derfor ikkje at marxismen har ei djup økologisk forankring, at han handlar om utviklinga av heile naturen og menneska sin plass i denne utviklinga.

Det første norske forsøket eg kjenner på å sameine marxisme og økologi finn vi i Pål Steigan si bok "Veiskille" (Oktober 1990). Her nærmar han seg ei forståing av dette, men han har ikkje gripe det fullt ut. Derfor meiner han at han må tilføre "marxismen" noko nytt på dette punktet og skaper omgrepet "økokommunisme". Dette er etter mi meining "smør på flesk". Fordi han ikkje har gripe dette hovudpoenget i Marx sine tankar, blir framstillinga hans av "marxismen" etter mi meining ikkje heilt rett. Likevel gir Steigan eit utgangspunkt for vidare diskusjon og studiar som er noko heilt anna og meir fruktbart enn den Marx-fiendtlege økologi-boka til Hartvik Sætra: "Den økopolitiske sosialismen", Pax 1973 og 1975. Ei bok som elles inneheld svært mykje interessant stoff og fortener å bli studert.

Marx seier at menneska berre kan eksistere i den grad stoffutvekslinga deira med resten av naturen er i takt med naturen. Dette presiserer han slik at menneska sin eksistens er avhengig av at menneska ikkje øydelegg naturen sine reproduktive krefter.

Dette er Marx sin "naturalisme" eller Marx sin økologi.

Grunnen til at menneska tek til å gå i utakt med naturen og øydelegge dei reproduktive kreftene og menneska sjølv som ein del av desse kreftene er at menneskesamfunna utviklar seg gjennom ein lang epoke der menneska er materielt framandgjort frå naturen. (Pax, b.1, s. 102-116. Falken, s.189-208).

Alt Marx skriv etter dette er egna til å kaste lys over denne framandgjorte utviklinga og skapinga av dei materielle, organisatoriske og teoretiske vilkåra for å oppheve framandgjeringa både som arbeidsdeling og arbeid, eigedom, familie, stat og ideologi.

I dei mest kjende økonomiske skriftene sine brukte ikkje Marx så mykje omgrepet "framandgjort" fordi det hadde så mange åndelege overtonar (av å føle seg framand osv), men han bruker det likevel så seint som i tredje bandet av Kapitalen, i kapittel 48,III, der han på eit vis samanfattar heile arbeidet sitt. Det er ikkje mogeleg å skjønne heilskapen i Marx si tenking, utan at du har ei god forståing av kva han legg i framandgjering. Derfor er det viktig å studere dei økonomisk-filosofiske manuskripta.

 

 

MATERIELL FRAMANDGJERING

Eg skal no gi eit oversyn over Marx si framstilling av framandgjeringa i dei økonomisk-filosofiske manuskripta. (Sjå Pax. b.2, s. 102-116 og/eller Falken, s. 189-208.)

Det første avsnittet av det første manuskriptet handlar om "Arbeidslønna" (Falken s.132-150.) Det er relativt lett å lese og inneheld mellom anna interessante observasjonar om kvinner og barn sitt arbeid.

Det andre avsnittet av det første manuskriptet handlar om "Kapitalens profitt" (Falken s.151-170.). I dette manuskriptet finn vi skarpe observasjonar om utviklinga i kapitalismen som mellom anna gir ei god forståing av drivkreftene bak EF.

Det tredje avsnittet av det første manuskriptet handlar om "Grunnrente". (Falken s.171-188.) Det dreier seg om profitt på arbeid med jord, gruver (og oljeutvinning).

Men først med det fjerde avsnittet av det første manuskriptet kjem Marx til den verdshistoriske oppdaginga si, nemleg oppdaginga av det framandgjorte materielle arbeidet.

(Elles er der og eit andre manuskript som tek opp "Privateigedommen sine forhold", eit tredje manuskript som tek opp "Privateigedom og arbeid", "Privateigedom og kommunisme" (dette kapitlet kjem eg nøyare inn på seinare), "Behov, produksjon og arbeidsdeling", "Pengar" og "Kritikk av Hegels dialektikk og filosofi overhodet".)

Samankoblinga av den engelske nasjonaløkonomien, den franske materialismen (Epicur) og kommunismen og den tyske, hegelske dialektikken med omgrepet framandgjering var eit enormt sprang i utviklinga av Marx sine tankar. Her finn vi, etter mi meining, nøkkelen til forståinga av heile "marxismen" og utviklinga av alle samfunnsforhold slik vi kjenner dei.

Utgangspunktet til Marx er liketil og greitt. Han skriv:

"Ut fra nasjonaløkonomien selv har vi, med dens egne ord, vist at arbeideren synker ned til å bli en vare, ja til den elendigste vare, at arbeiderens elendighet står i omvendt forhold til produksjonens makt og størrelse, at konkurransen nødvendigvis fører til en opphoping av kapitalen på få hender, det vil si til gjeninnføring av monopolet i enda verre form, og endelig at forskjellen mellom kapitalist og grunneier, mellom bonden på åkeren og arbeideren i manufakturbedriften forsvinner og at hele samfunnet må dele seg i to klasser - eiernes klasse og de eiendomsløse arbeidernes klasse." (Falken, s.189.)

Dette går sjølvsagt rett inn i diskusjonen om drivkreftene bak opprettinga av EF og korleis det vil auke arbeidarane sitt elende. Altså: EF er den høgste utviklinga av menneska si framandgjering til no, med alt det fører med seg.

Marx skriv vidare at nasjonaløkonomien tek eigedommen for gitt, han gir oss inga forklåring på eigedommen. Han går og inn på dei motseiingane som nasjonaløkonomien viklar seg inn i på dette overflatiske grunnlaget. Så skriv han:

"Vi må nå skaffe oss en forståelse av den vesentlige sammenhengen mellom privateiendommen, griskheten, skillet mellom arbeid, kapital og grunneiendom, mellom varebyttet og konkurransen, mellom menneskets verdi og verdiforringelse, mellom monopol og konkurranser osv, mellom hele denne fremmedgjøringen og pengesystemet." (Falken, s. 190-191.)

Vidare:

"Vi tar vårt utgangspunkt i et økonomisk faktum fra vår tid.

Arbeideren blir stadig fattigere jo mer rikdom han produserer og jo mer han produksjon øker i makt og omfang. I samme grad som tingenes verden stiger i verdi, vil menneskenes verden synke i verdi. Arbeidet produserer ikke bare varer; det produserer også seg selv og arbeideren som vare, og det i samme forhold som det overhodet produserer varer.

Det ligger ikke noe annet i dette faktum enn at den gjenstanden som arbeidet produserer, altså arbeidsproduktet, fremtrer som et fremmed vesen, som en makt som er uavhenging av produsenten. Arbeidsproduktet er det arbeidet som er fiksert i gjenstanden, som er gjort til en ting, det er tingliggjøring av arbeidet. Virkeliggjøringen av arbeidet er dets tingliggjøring. Denne tingliggjøringen av arbeidet trer i den nasjonaløkonomiske tilstand fram som en fjerning av arbeideren fra virkeligheten, tingliggjøringen framtrer som tap av gjenstanden og slaveri under den, mens tilegnelsen framtrer som fremmedgjøring, som avståelse.

Virkeliggjøringen av arbeidet framtrer i den grad som fjerning fra virkeligheten at arbeideren taper sin virkelighet helt inn i sultedøden. Tingliggjøringen framtrer i den grad som tap av tingen at arbeideren berøves selv de mest nødvendig ting, ikke bare til livets opphold, men også til å utføre arbeidet. Ja, selve arbeidet blir til en ting som han kan få tak i kun med de største anstrengelser og med uregelmessige avbrudd. Tilegnelsen av tingen framtrer i den grad som fremmedgjøring at jo flere ting arbeideren produserer, jo færre ting kan han eie, og jo mer vil han komme under sitt produkts, kapitalens, herredømme." (Falken, s.191-192.)

Dette sitatet inneheld essensen i den verdshistoriske oppdaginga til Marx.

Men han utdjuper jo dette mykje i den vidare teksten. Eg skal berre nevne nokre hovudpunkt.

"Arbeideren kan ikke skape noe uten naturen, uten den sansbare ytre verden. Den er det stoff som han arbeid virkeliggjøres i, som det virker i, som det produserer av og produserer ved hjelp av."

Det han meiner her er naturen som råvarer (som han produserer av) og produksjonsinstrument (som han produserer ved hjelp av).

"Men på samme måten som naturen gir arbeidet eksistensmidler, i den forstand at arbeidet ikke kan eksistere uten ting som det rettes mot, så frambringer naturen på den andre side også eksistensmidlene i den snevrere betydning, nemlig midlene til arbeiderens fysiske eksistens.

Altså jo mer arbeideren tilegner seg den ytre verden, den sansbare naturen, gjennom sitt arbeid, jo mer fratar han seg eksistensmidlene i dobbelt forstand, for det første ved at den sansbare ytre verden gradvis slutter å være en ting som tilhører hans arbeid, å være eksistensmiddel for hans arbeid; for det andre ved at den i stadig større grad slutter å være et eksistensmiddel i direkte forstand, et middel til arbeiderens fysiske eksistens.

Arbeideren blir altså trell under sin ting i dobbelt forstand: For det første ved at han får et arbeidsemne. dvs. arbeid, og for det andre ved at han får eksistensmidler.

Dette gjør at han kan eksistere for det første som arbeider, for det andre som fysisk subjekt. Toppen av dette slaveriet er at det nå bare er som arbeider han kan opprettholde sin eksistens som fysisk subjekt og at han nå er arbeider bare som fysisk subjekt." (Falken, s.194.)

"Arbeidets umiddelbare forhold til sitt produkt er arbeiderens forhold til de tingene han produserer. Den formuendes forhold til de tingene som produseres er bare en følge av dette første forholdet. Og en bekreftelse av det. .. Når vi altså spør: Hva er det vesentlige forhold ved arbeidet, så spør vi altså etter arbeiderens forhold til produksjonen." (Falken, s194-195.)

Med dette har Marx handsama det første og grunnleggande momentet i framandgjeringa. Det at arbeidaren blir fråteke arbeidsmidla og eksistensmidla sine i den grad han eller ho blir arbeidar.

KOMMENTAR: REFORMISTISKE OG ANDRE MODERNE STRAUMDRAG

Det er oppståinga av dette brutale forholdet som til dømes Vandana Shiva skildrar i India, slik det oppstår med det moderne landbruket som proletariserer dei som bruker naturen direkte for å halde oppe den fysiske eksistensen sin. Når kapitalismen erobrar landsbygda så blir ikkje dette lenger mogeleg. I "Kapitalen" skildra Marx den grusame måten denne prosessen skjedde på i England opp til hans tid. Det var den såkalla "enclosure", dvs. nett utestengning (altså framandgjering) av dei direkte produsentane frå alle dei delane av naturen (the commons) som det dei før hadde kunne nytte direkte for å fø seg.

Vandana Shiva og den moderne økologiske rørsla ønsker å stanse denne prosessen. Dei har no lansert eit heilt program for det i siste nummer av "The Ecologist" (nr. 24, juli-august 1992). Dei kallar det "Reclaiming the Commons". Omsett til norsk vert det noko slikt som "Ta tilbake almenningen", dvs. stans utviklinga av kapitalismen, hald på, eller ta tilbake, eller bygg opp att i forbedra utgåve, det systemet som eksisterte før den kapitalistiske utviklinga byrja.

Dette er altså, etter mi meining, ei reaksjonær rørsle som vil tilbake til tidlegare samfunnsformer. Noko som er heilt umogeleg og som splittar kampen for den einaste løysinga på problemet, nemleg kommunismen. Gjennom å lansere "Reclaiming the Commons" prøver borgarskapet, med utgangspunkt i forholda i dei såkalla u-landa og i dei dominerande delane av den borgarlege kvinnerørsla og i miljørørsla å utvikle ein antikommunistisk linje for arbeidet der for å halde på makta si over denne rørsla.

I prinsippet er dette den samme kampen som står i RV i Norge mellom ei reformistisk linje med ein utvikla sosialdemokratisk industripolitikk (forslaget til Andresen og andre som no blir lagt fram til debatt i RV og som byggar på ein nasjonal reindustrialisering) og ei linje som reiser kampen for ein marxistisk renessanse og ein kommunistisk offensiv.

Det var på denne reformistiske måten sosialdemokratiet splitta arbeidarrørsla i mellomkrigstida også. Gjennom reformistisk realpolitikk som satsa på å løyse problema innanfor kapitalismen sine rammer og gjennom revolusjonistiske frasar leia dei fleirtalet av arbeidarane vekk frå den kommunistiske retninga. Dette umogeleggjorde ein sosialistisk revolusjon i Europa og Norge og gjorde det mogeleg for fascismen å komme til makta i Tyskland istaden for kommunismen. Dette vart også lagnadstungt for kommunismen i Sovjet. Derfor ligg det politiske hovudansvaret for at Sovjetstaten utvikla seg slik han gjorde på sosialdemokratane.

Fordi fascismen/nazismen også var ei løysing innafor kapitalismen sine rammer, måtte han sørge for den voldsame devalueringa av kapital som skulle til får å gjenreise profittraten og vekstkrafta i kapitalen igjen. Det klarte han gjennom Den 2.verdskrigen.

Etter krigen profitterte så den sosialdemokratiske rørsla på at verdskrigen klarte dette. Smulene til arbeidarklassen vart så store at han kunne haldast i ro. Den keynesianismen som ikkje fungerte i mellomkrigstida fekk då gode vilkår.

Men no i 1992 er denne situasjonen slutt. Profittraten er nede på det nivået han hadde i mellomkrigstida igjen. Vi må no anten oppheve kapitalismen gjennom ein politisk kommunistisk revolusjon eller gå ein ny runde gjennom ein devalueringsprosess som må vere enno meir omfattande enn det vi såg mellom 1939 og 1945. (Alstå ein ny og verre verdskrig.) Dei samme kapitalkreftene i Europa som klarte dette forrige gong, er alt i full fart med å førebu ein ny slik runde gjennom oppbygginga av supermakta EF under tysk leiing.

Reformistiske politiske straumdrag kan enno ein gong vende arbeidarklassen vekk frå den revolusjonære oppreisten i dei høgt utvikla kapitalistiske landa, altså vekk frå den einaste vegen som kan sikre framtida for folk og omgjevnad. Dei som reiser denne linja må vere klår over det historiske ansvaret sitt.

MEIR OM FRAMANDGJERINGA

Marx skriv vidare i dei økonomisk-filosofiske manuskripta:

"Men fremmedgjøringen viser seg ikke bare i resultatet, men også i produksjonshandlingen, i selve produksjonsvirksomheten." (Falken, s.195.)

Arbeidaren blir framand for seg sjølv i sjølve produksjonshandlinga fordi produktet berre er oppsummeringa av verksemda, av produksjonen.

Marx går meir detaljert inn på kva dette tyder for arbeidaren sin situasjon, men det får du eventuelt lese sjølv.

Vi går over til ei tredje side ved framandgjering.

Mennesket lever av den uorganiske naturen og jo meir universelt mennesket er i høve til dyret, jo meir universelt er det feltet av naturen som det lever av.

"Menneskets universalitet framtrer praktisk nettopp i den universalitet som gjør hele naturen til dets uorganiske legeme, både i den grad den er 1)et direkte middel til livets opphold, og 2)materien, gjenstanden og verktøyet for dets livsvirksomhet. Naturen er menneskets uorganiske kropp, nemlig natur i den grad den ikke selv er menneskekropp. At mennesket lever av naturen betyr: Naturen er dets legeme, som det må inngå en stadig prosess med for ikke å dø. At menneskets fysiske og åndelige liv henger sammen med naturen betyr ikke noe annet enn at naturen henger sammen med seg selv, for mennesket er en del av naturen.

Det fremmedgjorte arbeidet gjør mennesket 1)fremmed for naturen, og 2)fremmed for seg selv, for dets egen aktive funksjon, for dets livsvirksomhet, og det gjør dermed også arten fremmed for mennesket: det gjør at artslivet blir et middel til det individuelle liv for mennesket. For det første gjør det artslivet og det individuelle livet fremmed, og for det andre gjøre det at at det individuelle livet, i sin abstrakte form, blir et mål for artslivet, også i dets abstrakte og fremmedgjorte form.

Fremfor alt framtrer arbeidet, selve livsvirksomheten, selve det produktive liv, for mennesket bare som et middel til å dekke et behov, behovet for å opprettholde sin fysiske eksistens. Men det produktive liv er jo artslivet. Det er det liv som frambringer liv. Arten at livsvirksomhet har i seg en arts hele karakter, dens artskarakter, og den frie, bevisste virksomheten er menneskets artskarakter. Livet selv framtrer bare som eksistensmiddel." (Falken, s.198.)

Her samanliknar også Marx dyret og mennesket slik:

"(Dyret) produserer bare det som det trenger umiddelbart for seg selv eller ungene sine; det produserer bare når det umiddelbare fysiske behovet krever det, men mennesket produserer selv når det ikke har fysiske behov, og egentlig er det først når det er frigjort fra fysiske behov at det produserer i ordets sanne betydning; dyret produserer bare seg selv, mens mennesket reproduserer hele naturen; dyrets produkt har direkte sammenheng med dets fysiske legeme, mens mennesket står fritt overfor sitt produkt. Dyret skaper bare i samsvar med det målet og de behov som den arten det tilhører har, mens mennesket kan produserer etter enhver arts mål og kan anvende det mål på gjenstanden som passer for det; mennesket skaper derfor også etter skjønnhetens lover." (Falken, s. 199-200.)

"Ved at det fremmedgjorte arbeidet fratar mennesket den gjenstand det produserer, fratar det mennesket også dets artsliv, dets virkelige artslige tinglighet, og forvandler den fordelen som mennesket har framfor dyret, til den ulempe at det fratas sitt uorganiske legeme, naturen (utanfor mennesket, min parentes, T.V.)."

"Menneskets artsvesen - både naturen og det åndelige artsevner - blir til et vesen som er fremmet for det, til et middel for dets individuelle eksistens. Det gjør menneskets eget legeme, naturen utenfor det, dets åndelige vesen, dets menneskelige vesen, til noe som er det fremmed." (Falken, s. 200.)

Så går Marx over til det fjerde og siste momentet i framandgjering.

"En direkte følge av at mennesket er blitt fremmed for produktet av sitt arbeid, av sin livsvirksomhet, sitt artsvesen, er at mennesket blir fremmed for mennesket. Når mennesket står overfor seg selv, så er det et annet menneske det står overfor. Det som gjelder for menneskets forhold til sitt arbeid, til produktet av sitt arbeid og til seg selv, det gjelder også for menneskets forhold til andre mennesker og til andre menneskers arbeid og arbeidsemne."

"Under det fremmedgjorte arbeidets forhold betrakter følgelig ethvert menneske et annet menneske ut fra den målestokken og det forholdet det selv har som arbeider." (Falken, s.201.)

Av den vidare handsaminga av desse forholda skal eg berre trekke fram nokre få punkt.

"Privateiendommen er altså produktet, resultatet, den nødvendige følge av det fremmedgjorte arbeidet, av arbeiderens ytre forhold til naturen og seg selv.

Vi kommer altså fram til privateiendommen ved å analysere begrepet det fremmedgjorte arbeid, dvs. det fremmedgjorte mennesket, det fremmedgjorte livet."

Marx finn altså ut, ved å analysere framandgjeringa, at nasjonaløkonomien ser einsidig på eigedom som grunnen til arbeidet, og at privateigedommen eigentleg er ei følgje av det framandgjorte arbeidet. Privateigedommen er på den eine sida eit produkt av det framandgjorte arbeidet og på den andre sida er det eit middel til å gjere arbeidet framandt, til å verkeleggjere framandgjeringa. Han seier så at denne oppdaginga kastar lys over ymse konfliktar som tidlegare ikkje har vore løyst.

Han seier at auke i arbeidslønna ikkje fører til noka grunnleggande forbetring for menneska. Sjølv ikkje lik lønn for alle vil hjelpe fordi alle samfunnsmedlem då ville bli framandgjorte arbeidarar og samfunnet ville blir oppfatta som abstrakt kapitalist.

"Arbeidslønna er en direkte følge av det fremmedgjorte arbeidet, og det fremmedgjorte arbeidet er den direkte årsaken til privateiendommen. Når den ene siden faller, må også den andre gjøre det." (Falken, s205-206.)

Mot slutten på dette første manuskriptet kjem Marx med to viktige og tankevekkande utsegner som eg vil sitere:

"Det fremgår videre av forholdet mellom fremmedgjort arbeid og privateiendom at frigjøringen av samfunnet fra privateiendommen osv., fra trelldommen, skjer i den politiske formen som arbeiderens frigjøring er, og det dreier seg her ikke bare om deres frigjøring, fordi deres frigjøring innebærer frigjøring av alt menneskelig og det gjør den fordi hele den menneskelige trelldommen er trukket inn i arbeiderens forhold til produksjonen og alle trelleforhold bare er avarter og følger av dette forholdet."

"På samme måte som vi ut fra begrepet fremmedgjort arbeid, avstått arbeid, nådde fram til begrepet privateiendom gjennom analyse, kan vi også ved hjelp av disse to faktorene utvikle alle de nasjonaløkonomiske kategoriene, og i hver kategori, som for eksempel handel, konkurranse, kapital, penger, vil vi bare kunne finne igjen et bestemt og utviklet uttrykk for disse to første utgangspunktene." (Falken, s. 206.)

Vi er her ført omtrent fram til der Marx sitt hovudverk "Kapitalen" tek til. Og vi er ført fram til forma for menneska si frigjering, nemleg den proletariske politiske og kommunistiske revolusjonen. Etter mi meining gir desse utsegnene oss mykje å grunne på også når det gjeld årsakene til og vilkåra for opphevinga av imperialismen.

FØRESETNADENE FOR MENNESKEHISTORIA

Ut frå det grunnlaget som no er nemd seier Marx at dei føresetnadene som han går ut frå ikkje er vilkårlege, (Pax, b.2, s.60-61.) dei er ikkje dogme, men verkelege føresetnader som ein berre kan abstrahere frå i innbildinga eller tenkinga. Desse føresetnadene er ulike delar av naturen. Det er dei verkelege individa, handlingane deira og dei materielle livsvilkåra deira slik som dei fekk overlevert frå tidlegare generasjonar og slik dei skapar dei gjennom sin eigen aktivitet.

Når han går nærare inn på dette snakkar han først om dei menneskelege individa. (Pax. b.2, s 60.) Då må vi gå ut frå korleis dei er laga reint kroppsleg/fysisk og korleis tilhøvet deira til resten av naturen er ut frå dette. All historieskriving må ta utgangspunkt i korleis menneska er laga reint fysisk og i dei naturvilkåra som menneska ein gong fann, altså dei geologiske, oro-hydrografiske (som har med vatn og fjell å gjere) og klimatiske osv. forholda og dei modifikasjonane som naturvilkåra har gått gjennom som følge av menneska sin aktivitet.

I Marx sitt manuskript er det på denne plassen stroke over nokre interessante formuleringar. Dei går slik

"Ikkje berre den opprinnelege, spontane organiseringa av menneska, spesielt raseskilnader, avheng av desse skilnadene, men også heile den vidare utviklinga, eller mangel på utvikling av menneska fram til notida."

Denne opplysninga fann eg første gongen i den engelske utgåva av "Den tyske ideologien" som kom ut på Progress Publishers i 1964 og 1968 (s.31.) Etter mi meining er dette svært viktige formuleringar som gir oss gode utgangspunkt for mange historiske analyser. Vi må og vere klår over at ordet rase her blir brukt reint klassifiserande for å skilje ulike menneskegrupper som hadde visse lett observerbare ulike fysiske eigenskapar som til dømes farge. Omgrepet blir ikkje brukt nedvurderande og diskriminerande, slik det er blitt gjort av andre. I heile produksjonen sin er Marx tindrande klar på spørsmålet om at menneska er ein art med felles artstrekk, til dømes at dei er den universelt skapande arten. Utan dette utgangspunktet blir heile teorien hans om at kommunismen er mulig, heilt umulig. Marx sine anti-rasistiske kommentarar i margen på bøker han las er og vel kjente for dei som har studert dette.

 

Merknad om rasisme

 

Det kan passe med ein liten kommentar til spørsmålet om rasismen her. Ut frå det Marx skreiv krev ein analyse av rasismen at vi først ser på menneska sine fysiske eigenskaper slik dei vart til då menneska utvikla seg ut av dyreriket. Så krev ein slik analyse at vi finn ut når og korleis rasismen oppstod historisk. Og vi må følgje han gjennom dei forskjellige utviklingsstega fram til idag. Til slutt må vi så analysere korleis rasismen artar seg no i den moderne monopolkapitalen og imperialismen si epoke.

Eg kan berre forsøke å gi nokre stikkord her for å vise hovedtrekka i deg eg førebels meiner i denne saka.

Eg trur at dei viktigaste fysiske eller biologiske skilnadene menneska imellom blei skapt for meir enn omlag 30 000 år sidan då homo sapiens sapiens utvikla seg litt ulikt på ulike plassar på jorda. Seinare har dei ymse folkeslaga utvikla seg ulikt slik at noen folkeslag i skilde epoker har vore overlegne over dei andre, på den måten at dei har kunne ta makta over dei. Dette heng saman med den ujamne utviklinga av produktivkreftene hos dei forskjellige folkeslaga.

Før eigedommen oppsto var det liten vits i å ta makta over andre folkegrupper. Men med auken i produktivkreftene og den tiltakande framandgjeringa voks grunnlaget også for rasisme. Den første forma for rasisme sprang ut av slaveriet, av at eit folkeslag klarte å gjøre mange individ frå eit eller fleire andre folkeslag til sine slavar. På dette grunnlaget skapte menneska ein ideologi som sa at noen folk var overlegne og andre underlegne av biologiske grunnar og ikkje av historisk-kulturelle tilfelle knyte til utviklinga av produktivkreftene.

Då dei kvite europearane erobra verda frå 1400-talet og frametter, og drap eller la under seg svært mange av folkeslaga i verda, voks denne typen ideologi svært mykje. Og med framvoksteren av den moderne kapitalistiske imperialismen fekk den rasistiske ideologien endå større utbreiing.

Det finst ulikskapar mellom folkeslaga som heng saman med kor langt dei er kommne i utviklinga av dei produktive kreftene sine. Dette avheng både av dei opprinnelige naturvilkåra på plassen der folka bur, og av graden av utveksling med naturen som dei har nådd gjennom ei historisk utvikling på grunnlag av naturvilkåra.

Dette er fakta som vi kan studere reint empirisk. Men det er ikkje rasisme. Rasisme blir det først når desse forskjellane blir knyte til dei biologiske forskjellane mellom folkeslaga.

Den moderne rasismen kan vi best forstå ved å studerer den tyske anti-jødiske forma. Her er rasismen meir eit medvete middel som herskarane i samfunnet bruker for å splitte folket og få retta frustrasjon og raseri ein annen veg enn mot seg sjølv. Slik sett var den anti-jødiske rasismen svært smart.

Dei tyske rasistane tok utgangspunkt i fire relle forhold. Jødane hadde samme religion og ein del jødar hadde visse felles trekk i andletet i tillegg til mannleg omskjering.. Dessuten hadde jødane sidan middelalderen eksistert utanfor det katolske samfunnet. Derfor hadde dei kunna drive med pengetransaksjonar, mellom anna utlån mot rente. Ein god del jødar hadde derfor vore foregangspersonar i den kapitalistiske utviklinga i Europa. Der var derfor ein del kjende, svært rike jødar innan finanskapitalen i Europa. Fleire av dei var leiande i dei statane som Tyskland hadde tapt mot i 1.verdskrigen. Nazistane i Tyskland jobba medvete med å piske opp stemninga mot desse i arbeidarklassen og småborgarskapet.

Men for det fjerde var det og slik at det var nokre jødar som hadde vore i spissen for utviklinga av den kommunistiske teorien. Derfor sa nazistane at kommunismen var den jødiske måten å sjå verda på. Klassekampen var eit jødisk påfunn for å svekke den tyske nasjonen. På denne måten utvikla dei ideen om den verdsomspennande samansverjinga mellom dei jødiske bolsjevikane (den tida sine m-l-arar) og den jødiske storfinansen og jødane som gruppe. Opp mot desse sette dei den reine kvite "ariske rasen" som var symbol på tyskarane sjølv og andre nordiske folkeslag. I historia hadde dei visse haldepunkt for at ariarane ei tid hadde vore eit leiande folkslag i Eurasia. Kommunismen var høgdepunktet for den jødiske ideologien.

Denne jødiske alliansen av internasjonal finanskapital og kommunisme var ute etter å legge all eigedom, og særleg den tyske, under seg gjennom den kommunistiske verdsrevolusjonen. Og dessutan var det denne alliansen som hadde svekka Tyskland under 1.verdskrigen slik at landet hadde tapt. (Den revolusjonære rørsla i Tyskland med kommunistane i spissen splitta folket og hjelpte den utanlandske storfinansen til å sigre.)

For å skape ein sterk tysk stat, hevda Hitler at tyskarane måtte dei skape ein jarnhard "folkelekam" og sameine folk på tvers av sosiale klasseskiljer, og for å klare det måtte dei "ta rotta på" jødane-kommunistane. Dei måtte i tillegg ta knekken på det kommuniststyrte Sovjet. Dette skreiv Hitler om i "Mein Kampf".

Denne ideologien gjekk godt ihop med kvardagsmedvetet til mange tyske borgarar og småborgarar og ein del arbeidarar. Det var ein viktig del av den nasjonalsosialistiske reformismen. Arbeidarklassen var mest motstandsdyktig mot ideologien, men dei blei splitta av den sosialdemokratiske reformismen.

Slik klarte nazistane ei stund å erstatte ideen om samfunnklassar og klassekamp med ideen om rasar og rasekamp; å erstatte teoriar der samfunnsutvikla skilnader spela hovedrolla med teoriar der biologiske skilnader spela hovedrolla.

Dette gav eit ideologisk grunnlag for den tyske imperialismen si opptrapping til utryddinga av kommunistane og jødane saman med andre uønska grupper, og det gav det ideologiske grunnlaget for kampen både mot dei andre imperialistmaktene som representerte den internasjonale jødiske storfinansen og mot Sovjet-Unionen som representerte det jødisk-kommunistiske morlandet. Det gav eit grunnlag for at "den kvite rasen", som Hitler kalte det i meir mondene forsamlingar, burde erobre verdsherreveldet. Det var verknadsfullt nok til å splitte arbeidarklasse og folket i Tyskland og gjorde at den tyske storkapitalen sette nazistane på som drivkraft i denne kapitalen sin andre store framstøyt for å skaffe seg verdsherrevelde.

Rasistane i Tyskland brukte også denne gruppa som syndebukk og som "prügelknabe" slik at alle kunne få avlaup for raseriet sitt og fortvilinga si mot dei. Dette raseriet var skapt fordi mange var kasta inn i arbeidsløyse, fattigdom og ulukke utan å kunne gjøre noko med det. Dei klarte ikkje å sjå klårt og å slå til mot den verkelege fienden, den tyske storfinansen og den utanlandske imperialismen. Når dei hadde fått ut raseriet sitt på den svake gruppa, jødane, blei dei lettare å hanskast med for herskarane.

Vi kan seie at dette var heilt forvrengte idear. For det første er no ikkje jødane eit folkeslag. Det er mange folkeslag som har ein religion. Dermed blei det skapt ein rase ut frå trua deira. For det andre var dei aller fleste jødane fattige ikkje-kommunistar som til dels levde i tvunge isolasjon frå resten av dei samfunna dei budde i. Dei var altså ei forholdsvis svak gruppe. Korleis kan det ha seg at metoden var så "vellukka"?

Eg trur det har seg slik at denne metoden knyt seg til menneska sitt kvardagsmedvet. I dette kvardagsmedvetet, dvd. i det allmenne framandgjorte medvetet eller ideologien, trer fenomena si overflate fram. Det vil seie at fenomena trer fram nett på den framandgjorte, forvrengte måten som desse fenomena viser seg på når vi ikkje har forståing for dei indre samanhengane og utviklingingstendensane (lovene) i dei. Når vi lever i eit materielt framandgjort samfunn, kan dei merkeligaste idear få stor oppslutnad mellom folk i eit visst tidsrom, dersom herskarane berre brukar store nok ressursar på å få dei spreidde og klarer å kvele dei kritiske røystene. Tenk berre på korleis mange gjekk på Carl I. Hagen sin politikk og tenk på kor lenge regjeringa og partia har fått folk til å tru på den økonomiske ideologien sin her i Norge, sjølv utan å terrorisere kritikarane til å teie still.

Rasismen er, akkurat som sexismen sine to variantar, maskulinismen og feminismen, ein ideologi som grunnleggande sett byggjer på at biologiske forskjellar også i vår tid er viktigare enn sosiale og økonomiske når det gjeld å forklare utviklinga av samfunna.

Desse ideologiane byggjer altså på at vi ser vekk får utviklinga av materiell framandgjøring og konstruerar opp teoriar om korleis samfunnet fungerer ut frå samankobling av visse biologiske eigenskapar med visse overflatefenomen frå den materielle framandgjøringa som vi altså ikkje forstår. Rase og kjønn blir i tanken viktigare enn arbeid og kapital. Rase- og kjønnsforskjellar blir viktigare enn klasseforskjellar.

Idag vert det først og fremst utvikla rasisme mot arabarane. Sjølv mellomt relativt bra opplyste menneske finn du uttrykt frykt for Islam osv. Det materielle grunnlaget for dette ligg i dagen. Arabarane sitt idag med nokre vapen som kan felle den europeiske kapitalistiske imperialismen. På grunnlag av oljeinntekter har dei gitt lån til mellom anna USA som gjer det mogeleg å halde oppe dollaren som den fremste verdsvalutaen. Viss dei trekk tilbake desse låna går USA inn i ei svær krise. Dette er sannsynlegvis den viktigaste grunnen til at USA har teke direkte militær kontroll med Saudi-Arabia under påskott av å skulle redde Kuwait frå Iraks okkupasjon.

Viss dei får kontroll med eigne oljeressursar og prisane på dei, kan dei skape store kriser i heile det kapitalistiske systemet slik dei gjorde gjennom OPEC i 1973 og i ingangen til 80-åra.

Samstundes har dei leianda kapitalane i Europa, med den tyske i spissen, planar om å skape eit "Stor-Europa" frå Atlanterhavet til Uralfjella og frå Nordishavet til sør om Medelhavet. Dette er då eit springbrett for å ta kontrollen over dei arabiske landa frå USA og for å hindre at Japan kjem inn istaden. Dette er kjernen i EF-prosjektet.

Inne i landa i Europa er det viktig å hindre at det blir reist alvorleg kamp mot desse planane, samstundes som det er viktig å vingestekke alle krefter som kan peike fram mot eit samfunn der dei materielle grunnlaga for både kapitalen og rasismen er oppheva. Derfor heng nok ein gong den rasande kampen mot kommunisme saman med utviklinga av rasisme og ein framstøyt for verdskrig og verdsherrdømme for den sterkaste storkapitalen i verda.

Med samanfallet i Sovjet og svekkinga i USA ser no den tyske storkapitalen (førebels i allianse med andre storkapitalar i Europa) nok ein sjanse til ei stor framrykking. Gjennom EF skal no flest mogeleg av folka i Europa nok ein gong spennast for den tyske imperialismen sitt forsøk på å erobre verda. Det er dette EØS-forhandlingar og EF-medlemsskap dreier seg om for det norske folket no.

Seinare vil det vere duka for ny kamp mot "den gule fare", når kampen mot Japan og dei andre vekstøkonomiane i "Aust" skal trappast opp.

Det mest sentrale når det gjeld kampen mot rasismen, er å påvise kven som har skulda for dei sosiale tilhøva som gjere at ein leiter etter syndebukkar og nokre å la det innestengde raseriet gå ut over. Og det er å reise den felles kampen mot desse. Her fell kampen mot rasismen saman med kampen mot imperialismen og finansoligarkiet, for å bruke nyttige omgrep frå Lenin.

Det er og mange ærlege, fortvilte menneske som går i den rasistiske fella. Vi må derfor ikkje drive kampen mot rasismen i former som smir frontar mellom dei som materielt sett har felles interesser. Kampen mot rasismen, som mot andre blindvegar som folket lokkast inn i, må førast mot dei tilhøva som først og fremst skapar den fortvilinga som borgarskapet utnyttar til mobilisere folket mot seg sjølv. Dette er materielle tilhøve som borgarskapet sjølv forsvarer. Militante aksjonar mot folka sin hovudfiende, mot makta, mot imperialismen og finansoligarkiet, er derfor viktig for å ta vinden av segla for rasismen. Store opplysningskampanjer som gir forståing for kva som skapar elendet er og avgjerande. Elles er det og viktig å sørge for at dei ytterleggåande valdsrasistane ikkje får erobre gata. For å klare det må vi i størst mogeleg utstrekning satse på svære massemobiliseringar.

Kampen mot den nye EF-imperialismen er viktig her. Både fordi kapitalen sin fridom, (og spesielt den tyske kapitalen sin fridom) som er grunnlova i EF-unionen, skapar materielle grunnlag for framvekst av rasisme og fascisme i stor målestokk, og fordi rasismen og fascismen ser ut til å vere det einaste alternativet kapitalismen i krise har å tilby folk i verda når den sosialdemokratiske reformismen ikkje duger lengre, anten dei bur i høgt eller lågt økonomisk utvikla land, anten dei forsøker å byggje kommunisme eller ikkje.

Og til slutt. Dei globale ulikskapane når det gjeld utviklinga av produktivkreftene kan vi berre oppheve ved at alle individ trer inn i den universelle fellesskapen. Først då kan alle yte etter evne på den plassen dei held til og få etter behov frå heile fellesskapen. Først då kan alle utvikle samfunnstilhøva på sin plass slik at dei er tilpassa både lokale og globale menneskelig-naturlige behov. Derfor er dette endå et argument for ein marxistisk renessanse og ein kommunistisk offensiv.

MEIR OM FØRESETNADENE FOR MENNESKEHISTORIA

Etter denne merknaden skal vi tilbake til det Marx skreiv i 1840-åra igjen.

Menneska sjølv byrjer å skilje seg frå dyra så snart dei tek til å produsere livsmidla sine, det dei treng for å leve. Det er eit steg som har den kroppslege organisasjonen som føresetnad. Når menneska produserer det dei treng for å leve, så produserer dei indirekte sjølve det materielle livet sitt. Altså menneska produserer seg sjølv materielt gjennom utvekslinga si med naturen.

Her passar det godt å vise til det vi siterte frå dei økonomisk-filosofiske manuskripta tidlegare i boka. (Falken, s.198.)

Marx ser på mennesket som det potensielt universelt skapande artsvesenet. Dette tyder at menneska som art eller som samfunnsmessige individ, gjennom utviklinga si skapar vilkår som gjer at dei tilsamans kan tre i utveksling med alle delar av naturen. Menneska sin universalitet kjem til uttrykk i den universalitet som gjer heile naturen til menneska sitt uorganiske legeme, naturen i den utstrekning han ikkje sjølv er mennesket sin kropp.

"At mennesket lever av naturen betyr: Naturen er dets legeme som det stadig må holde seg i takt med for ikke å dø. At menneskets fysiske og åndelige liv henger sammen med naturen innebærer ikke noe annet enn at naturen henger sammen med seg selv, for mennesket er en del av naturen."

Mennesket sin materielle utveksling med naturen skjer gjennom arbeidet, gjennom produksjon av det som er nødvendig for livet. (Pax, b.2, s.61.)

"Måten som menneskene produserer sine livsfornødenheter på, er først og fremst avhengig av arten av de livsfornødenheter de forefinner og som må reproduseres. Denne måten å produsere på må ikke bare betraktes som en reproduksjon av individets fysiske eksistens. Den er allerede en bestemt slags virksomhet hos disse individer, en bestemt livsmåte. Slik individene uttrykker sitt liv, slik er de. Hva de er, faller altså sammen med deres produksjon, både med hva de produserer og hvordan de produserer. Hva individene er, avhenger således av de materielle vilkår for deres produksjon."

Mange som går til åtak på marxismen må nett gå laus på Marx sin påstand at det forholdet som legg grunnen for alle andre forhold i utviklinga av menneskesamfunnet er forholdet mellom menneska og resten av naturen i form av den materielle utvekslinga som finn stad der, altså i form av produksjonen eller arbeidet.

Marx seier det sjølv slik "Sosialøkonomien skjuler fremmedgjøringen i arbeidets vesen ved ikke å betrakte det umiddelbare forhold mellom arbeideren (arbeidet) og produksjonen." (Falken, s.194.)

Her finn vi programmet for første band av "Kapitalen". Den meir moderne keynesianske økonomiske teorien er nett ein slik sosialøkonomi som "skjuler fremmedgjøringen i arbeidets vesen" ved at det berre handlar om sirkulasjon (som Marx tek opp i bind 2 av "Kapitalen").

 

I innleiinga til "Grunnriss" har Marx eit lengre avsnitt der han tek opp forholdet mellom produksjon og konsumpsjon (forbruk). Du finn dette i Pax, bind 2, ss. 144-173. Desse omlag 30 sidene er og ei glitrande framstelling av Marx sin "dialektikk", som går langt utanpå både det Lenin og Mao har skrive om det samme, etter mi meining. Eg skal ikkje gå inn på resonnementet i detalj her, men berre ta konklusjonen. Den er at produsjonen bestemmer distribusjonen og dermed forbruket, men det ser omvendt ut for det einskilde individet.

 

 

Meir frå "Den tyske ideologi"

 

Det er eit typisk trekk ved all borgarleg økonomisk teori at han ser vekk frå det umiddelbare møtet mellom menneske og natur i arbeidet. Derfor nektar dei borgarleg økonomane på at det er det menneskeleg arbeidet som skapar alle verdiar.

Den borgarlege økononomien går ut frå fordelinga og kanskje forbruket av det som blir skapt. Derfor er den mest progressive borgarlege parolen for utviklinga av økonomien "Fordel godene" (SV), medan Marx seier; opphev det framandgjorte tilhøvet til naturen, opphev det framandgjorte arbeidet. Og som en følgje av dette seier han; opphev det framandgjorte tilhøvet mellom menneske, opphev arbeidsdeling, samfunnsklassar og stat.

Her ligg utgangspunktet for ein grunnleggande skilnad mellom ei reformistisk og ei revolusjonær haldning.

Marx kommenterte den politiske retninga som SV står for slik:

"Filantropene (dei som elskar menneska) vil altså opprettholde de kategorier som er uttrykk for de borgerlige forhold, uten den motsigelse som utgjør deres vesen og som er uadskillelig fra dem. De innbiller seg for alvor å bekjempe den borgerlige praksis, og de er mer borgerlige enn de andre." (Pax, b.2, s. 142, frå "Filosofiens elendighet", kapittel 2, sjuande merknad.)

Marx seier at produksjonen først finn stad når auke i folkesetnaden gjer at det blir vanskeleg å finne nok livsmiddel på dei gamle, dyriske måtane. Produksjonen føreset eit samkvem mellom individa. Formen for dette samkvemmet avheng igjen av dei føresetnadene som produksjonen sjølv har skapa og skapar.

Dette er det neste grunnleggande utgangspunktet til Marx. Det er Marx sin "humanisme".

Etter at menneska hevar seg ut av dyreriket utviklar det produksjonen sin og utviklar dei produktive kreftene sine gjennom utvikling av produksjonsinstrument, kommunikasjonsmiddel, organisering og kunnskap. Ein viss overskottsproduksjon finn stad som gjer arbeidsdeling mogeleg og nødvendig. Gjennom arbeidsdelinga blir menneska låst inne i små båsar som fremjer den individuelle utviklinga i ei fordreid, framandgjort form, samstundes som arbeidsdelinga er eit nødvendig moment i den utviklinga av produktivkreftene som på eit seinare trinn i utviklinga vil føre til at denne tvungne arbeidsdelinga igjen tek slutt.

I denne perioden blir det universelt skapande mennesket låst inne i trange rammer. Det som det skapar gjennom arbeidet sitt blir og teke frå det og gjort til andre sin eigedom. Dette er grunnlaget for all menneskeleg framandgjering. Nemleg at ei gruppe menneske, ein samfunnsklasse, eig, kontrollerer, disponerer det alle skapar og den felles skaparevne sjølv. Dette gjer det umogeleg å gjere utvekslinga med resten av naturen ut frå ein heilskapeleg plan laga av frie, sameinte individ. (Pax, b.2, s.116.)

Marx analyserer her framandgjeringa slik:

I utvekslinga si med naturen produserer menneske ting, produkt. Den menneskelege skaparkrafta anvendt på naturen blir til ting.

Dette kallar Marx for tingleggjering av menneska.

Men tingleggjeringa medfører at desse tinga kan bli teke frå den som lagar dei. Denne fratakinga er kjernen i framandgjeringa. Det skjer gjennom arbeidsdelinga. Ein klasse monopoliserer eigedomsretten til tinga som alle lagar.

Det får svære følgjer. Møtet med naturen, arbeidet, er den mest grunnleggande menneskeskapande verksemda. Når produkta av denne verksemda blir teke frå produsenten, så blir og sjølve verksemda teke frå produsenten og blir eigedommen til ein annan. Arbeidarane må til dømes selje skaparkrafta si som arbeidskraft. Men også det som arbeidet verkar på, naturen eller råstoffa som vi ofte kallar naturen i denne samanhengen, blir teke frå menneska som produsentar. Arbeidsmidla, produksjonsinstrumenta som dei arbeidande skapar, blir og teke frå dei.

Gjennom dette blir sjølve den menneskeleg verksemda til menneska teke frå dei. Dermed blir det menneskelege teke frå mennesket og menneska sjølv blir redusert til ting, til varer, medan varene og pengane, som den allmenne varen, får menneskelege kvalitetar.

Gjennom dette blir menneska oppsplitta og egoistar. Det gjeld også arbeidarane, som blir tvungne til å konkurrere med kvarandre om arbeidet.

Men det er berre gjennom denne oppsplittinga at einskapen mot heile dette systemet kan vekse fram.

Det er altså slik at berre gjennom dette framandgjorte forholdet til naturen rundt menneska og til kvarandre, kan menneska gå gjennom den utviklingsprosessen som kan oppheve det framandgjorte arbeidet. Dei detaljerte studia av denne prosessen finn vi i Marx sitt hovudverk, "Kapitalen".

Marx fortel oss slik om opplegget for "Kapitalen":

"Vi har altså denne kjennsgjerning: Bestemte individer, som er produktivt virksomme på en bestemt måte, oppretter visse bestemte samfunnsmessige og politiske forhold. Den empiriske iaktagelse må i hvert tilfelle, empirisk og uten noen som helst mystifikasjon og spekulasjon, påvise sammenhengen mellom den samfunnsmessige og politiske strukturen og produksjonen. Den samfunnsmessige struktur og staten oppstår alltid ut fra bestemt individers livsprosess; men det er ikke individer slik de måtte fremstå i egen eller andres forestilling, men individer slik de virkelig er, dvs. slik de arbeider, produserer materielt, altså slik de er virksomme innen bestemte materielle grenser, forutsetninger og vilkår som er uavhengige av deres egne ønsker." (Pax, b.2, s.65-66.)

Marx seier dette om korleis menneska sine tankar, eller medvetet (bevisstheten) oppstår:

"Menneskene er produsenter av sine forestillinger, ideer osv., de virkelig arbeidende menneskene, slik de er betinget av en bestemt utvikling av sine produktivkrefter og det dertil svarende samkvem opp til dets mest omfattende formasjoner. Bevisstheten kan aldri være noe annet enn den bevisste væren (altså medvetet til noko som er til), og menneskets væren er deres virkelige livsprosess."

"Man tar med andre ord ikke utgangspunkt i det menneskene sier, innbiller seg og forestiller seg, heller ikke i påståtte, tenkte, innbilte, forestilte mennesker, for så å komme fram til det skinnbarlige menneske; man tar sitt utgangspunkt i de virkelige virksomme mennesker og deres virkelige livsprosess, og med dette utgangspunkt fremstilles også utviklingen av denne livsprosessens ideologiske refleks og ekko. Også tåkedannelsene i menneskenes hjerne er nødvendige sublimater av deres materielle livsprosess som lar seg fastslå empirisk og som er knyttet til materielle forutsetninger. Moral, religion, metafysikk og annen ideologi og de dertil svarende bevissthetsformer mister dermed sitt skinn av selvstendighet. De har ingen utvikling, men menneskene, som utvikler sin materielle produksjon og sitt materielle samkvem, utvikler med denne sin virkelighet også sin tenkning og sin tenknings produkter. Det er ikke bevisstheten som bestemmer livet, men livet som bestemmer bevisstheten." (Pax, b.2, s.66-67.)

VILKÅR FOR EKSISTENSEN OG HISTORIA TIL MENNESKA

Det "kvardagslege" i Marx sin måte å sjå dette på trer klårt fram i følgjande sitat:

"..den første forutsetning for all menneskelig eksistens, altså for all historie, (er) nemlig den forutsetning at menneskene må være istand til å leve for å kunne "lage historie". For å kunne leve trenger man imidlertid fremfor alt mat og drikke, bolig, klær og endel annet. Den første historiske handling er altså fremstillingen av midlene for å kunne tilfredsstille disse behov, produksjonen av selve det materielle liv, og dette er en historisk handling, et grunnvilkår for all historie, som fremdeles på samme måte som for årtusener siden, må oppfylles hver dag og hver time bare for å holde liv i menneskene. (....) Det første ved enhver historisk betraktningsmåte er således at man iakttar denne grunnleggende kjennsgjerning i hele sin betydning og i hele sitt omfang og lar den komme til sin rett." (Pax, b.2, s.68.)

"Den neste (forutsetning) er at selve det tilfredsstilte første behov, tilfredsstillelsens handling og det allerede ervervede instrument for tilfredsstillelsen, fører til nye behov, og dette å skape nye behov er den første historiske handling." (Pax, b.2, s,68).

"Det tredje forhold som her helt fra begynnelsen trer inn i den historiske utvikling er det at menneskene, som daglig gjenskaper sitt eget liv, begynner å skape andre mennesker, å forplante seg - forholdet mellom mann og kvinne, foreldre og barn, familien. Denne familie, som i begynnelsen er det eneste eksisterende sosiale forhold, blir senere, når stigende behov skaper nye samfunnsmessige forhold og øket befolkning skaper nye behov, til et underordnet forhold (unntatt i Tyskland) og må deretter behandles og utvikles etter de eksisterende empiriske data, ikke etter begrepet "familien", slik man pleier å gjøre det i Tyskland." (Pax, b.2, s.69.)

I boka "Søstre, kamerater!" oppfattar eg det slik at Kjersti Ericsson indirekte polemiserer mot påstanden om at familien etter kvart blir eit underordna forhold, når ho seier at alle motsetningar i kapitalismen møtast (spesielt) i familien og når ho hevdar at det er synet på kvinna ut frå ein historisk tradisjon og stillingen hennar i familien som bestemmer kvinnelønna.

Marx sitt syn på familien vart kraftig utvikla då han studerte skriftene til etnografiens pionerar Morgan, Phear, Maine og Lubbock frå 1880-1883. Resultata av desse studia finst i "The Ethnological Notebooks of Karl Marx" utgjeven av Van Gorcum & Comp. B.V. - Assen, The Netherlands, 1974. Då Engels seinare skreiv "Familiens, Privateiendommens og statens opprinnelse" støtta han seg på desse notatbøkene. Eit studium av desse skriftene må, etter mi meining, vere utgangspunktet for ei marxistisk analyse av familien og forholda mellom kvinne og mann. Eg kjem seinare i boka tilbake til dette.

Det er verd å merke seg at Marx ser på familien som ein del av det sivile samfunn, altså som ein del som tilhøyrer det grunnlaget som stat og ideologi blir bygd ut frå. Men Marx kom aldri så langt med forskninga si at han fekk skrive noko fullført verk om utviklinga av familien og staten. Det prøver Engels å rette på med boka si.

Marx presiserer at vi ikkje må sjå på dei tre momenta, som han har nevt til no, som tre ulike trinn i historia, men som tre sider som har eksistert frå historia tok til, frå dei første menneska levde og som også i vår tid gjer seg gjeldande i historia.

Det fjerde momentet gjeld samvirket mellom menneska.

"Produksjonen av livet, både av det egne liv i arbeidet og av nytt liv i forplantingen, fremstår allerede straks som et dobbelt forhold - på den ene siden som et naturlig, på den andre siden som et samfunnsmessig forhold, - samfunnsmessig i den forstand at det her er tale om et samvirke mellom flere individer, uansett under hvilke vilkår, på hvilken måte og til hvilket formål det skjer. Herav fremgår at en bestemt produksjonsmåte eller et bestemt industrielt utviklingstrinn alltid er forbundet med en bestemt måte å samarbeide på eller med et bestemt samfunnsmessig utviklingstrinn - og denne måten å samarbeide på er i seg selv en "produktivkraft", at mengden produktivkrefter menneskene har adgang til betinger den samfunnsmessige tilstand og at således "menneskehetens historie" alltid må studeres og bearbeides i sammenheng med industriens og byttehandelens historie.

..Man ser altså helt fra begynnelsen en innbyrdes materialistisk sammenheng mellom menneskene, en sammenheng som er betinget av behovene og produksjonsmåten og som er like gammel som menneskene selv, - en sammenheng som antar stadig nye former og som på den måten blir "historie", selv uten at det eksisterer noe slags politisk eller religiøst nonsens som skulle holde menneskene ekstra sammen." (Pax, b.2, s.70.)

Først no, som det femte punktet, kjem medvetet.

"Først nå, etterat vi har sett på fire momenter, fire sider ved de opprinnelige historiske forhold, finner vi at mennesket har "bevissthet". Men heller ikke det som noe på forhånd gitt, som "ren" bevissthet. "Ånden" bærer fra begynnelsen av den forbannelsen i seg å være "befengt" med materie, som her opptrer i form av luftlag i bevegelse, toner, kort sagt språket. Språket er like gammelt som bevisstheten, - språket er den praktiske bevissthet som også eksisterer for andre mennesker og som således også for meg først da virkelig eksisterer, og språket oppstår - på samme måte som bevisstheten - først ut fra behovet og nødvendigheten av samkvem med andre mennesker." "Bevisstheten er således helt fra begynnelsen av et samfunnsmessig produkt og fortsetter med å være det sålenge det finnes mennesker." (Pax, b.2, s.71.)

Ifølgje denne utsegna er den moderne språkfilosofien berre ein ny metode for å føre inn att idealismen.

Marx understreker her også kor avgjerande forholdet menneske - natur er for alle forhold.

Han seier at medvetet til å byrje med berre er medvet om dei næraste sansemessige omgjevnadene og at medvetet samstundes er eit medvet om naturen som i første omgang står for menneska som ein fullstendig framand, allmektig og uangripeleg makt som menneska held seg reint dyrisk til, altså eit reint dyrisk medvet om naturen (naturreligion). Av dette ser vi at denne bestemte haldninga til naturen er bestemd av samfunnsforma, og omvendt.

"Her som overalt ellers kommer identiteten av natur og menneske også til uttrykk deri at menneskenes primitive holdning til naturen betinger deres primitive holdning overfor hverandre, og at deres primitive holdning overfor hverandre betinger deres primitive holdning overfor naturen, nettopp fordi naturen ennå nesten ikke er historisk modifisert." "Denne saueflokk- eller stammebevissthet gjennomgår en videre utvikling og utforming gjennom økt produktivitet, gjennom stigende behov og gjennom det som ligger til grunn for begge disse to tingene: befolkningsøkningen." (Pax, b.2, s.71-72.)

ARBEIDSDELING OG EIGEDOM

Så utviklar arbeidsdelinga seg. Ho var først ikkje noko anna enn ei deling av arbeidet under sjølve kjønnsakta, og etter det ei deling som gav seg av seg sjølv eller "opprinneleg" på grunn av naturlege anlegg (f.eks. fysisk styrke), behov, slump m.v. Ei verkeleg deling oppstår først når det oppstår ei deling mellom det materielle og det andelege arbeidet. Frå denne augneblinken kan medvetet verkeleg innbille seg at det er noko anna enn den eksisterande praksisen sitt medvet. Frå no av kan den såkalla "reine" teori og tenkning oppstå.

Vi får då den situasjonen at tre moment, produktivkrafta, den samfunnsmessige tilstanden (altså forma for samvirke) og medvetet, kan og må komme i motsetning til kvarandre. Arbeidsdelinga har nemleg først gjort det mogeleg og deretter verkeleg ført til, at den andelege og materielle verksemda, nyting (eller dekking av behov) og arbeid, produksjon og forbruk fell på ulike individ. Det er berre når arbeidsdelinga igjen blir oppheva at det ikkje lenger er mogeleg at desse tre momenta kjem i motsetning til kvarandre. (Pax, b.2, s.72.)

Med arbeidsdelinga, som er grunnlaget for alle desse motseiingane, oppstår samstundes også fordelinga, den kvantitativt og kvalitativt ulike fordelinga av arbeidet og produkta av arbeidet, altså eigedommen.

Denne eigedommen er til stades som spire allereie i familien der kvinna og ungane er mannen sine slavar. Det primitive og latente (uutvikla) slaveriet i familien er den første eigedommen. (Pax, b.2, s.73.)

Marx strekar under at arbeidsdeling og privateigedom er identiske uttrykk. Arbeidsdeling viser til sjølve verksemda, medan eigedommen viser til resultatet av verksemda.

Ut frå dette får vi vidare motsetninga mellom det einskilde individ og den einskilde familien sine interesser på den eine sida og på den andre sida dei felles interessene til alle individa som lever i samkvem med kvarandre. Denne felles interessen finn vi ikkje berre i førestellingane, som noko "allment", men vi finn han først i verkelegheita ut frå det at individa er avhengige av kvarandre når arbeidet er delt mellom dei.

Og endeleg gir arbeidsdelinga det første eksempel på at mennesket si gjerning vil bli ei framand makt som står mot menneska og som undertrykker menneska istadenfor at menneska hersker over denne makta. Arbeidsdelinga fører jo nett til ei splitting mellom den individuelle og den felles interessen. Det kjem av at verksemda ikkje er er delt på frivilleg basis, men ut frå eit opprinneleg grunnlag som spring ut av naturskilnader. Så snart arbeidet byrjer å bli delt har kvar og ein sitt bestemte område for verksemd som blir tvunge på han/ho og som dei ikkje kjem ut av dersom dei ikkje vil misse livsmidla sine.

Under kommunismen derimot, der ingen har noko eksklusivt område for verksemd, men kvar og ein kan utdanne seg i den retninga han eller ho vil, der regulerer samfunnet, altså fellesskapen, den allmenne produksjonen og gjer det dermed mogeleg for meg å gjere noko i dag og noko anna i morgon.

Marx understreker at denne fikseringa av den sosiale verksemda (av fellesskapen si verksemd), denne konsolideringa av vårt eige produkt, som kjem på tvers av det vi forventar oss og øydelegge berekningane våre, er eit av hovudmomenta i den historiske utviklinga opp må vår tid.

Nett av denne motseiinga mellom den individuelle og den felles interessen får fellesinteressen sin eigen skapnad som stat, skilt av frå dei verkelege sær- og fellesinteressene og samstundes som eit illusorisk (ikkje-verkeleg) fellesskap.

Men den verkelege basisen (grunnlaget) for denne staten er alltid det sivile samfunn av verkelege verksame menneske, med dei klassane som eksisterer, der den eine herskar over dei andre.

Av det følgjer at alle kampar innan staten, kampen mellom demokrati, aristokrati og monarki, kampen om stemmeretten osv., ikkje er anna enn dei illusoriske formene som dei verkelege kampane mellom dei ulike klassene blir ført i.

Av det følgjer og at kvar klasse som vil ta makta først må erobre den politiske makta for igjen å kunne framstille interessa si som den allmenne, noko han er tvungen til i første omgang. Dette gjeld også for proletariatet endå om det må oppheve heile den gamle samfunnsforma og herredømmet i det heile.

Nett fordi individa berre søker si eiga interesse, inkludert familieinteressa, som for dei ikkje fell saman med fellesinteressa, og sidan det almenne i det heile er ei illusorisk form for fellesskap, blir denne interessa gjort gjeldande ovafor dei som "framand", "uavhengig", ei "almenn"-interesse som i seg sjølv er spesiell og særeigen, eller dei må røre seg innan denne spaltinga, slik det er tilfelle i demokratiet.

På den andre sida gjer også den praktiske kampen mellom desse særinteressene den praktiske inngripnad og kontroll nødvendig frå den illusoriske "felles"-interessa i form av stat. For denne praktiske kampen står alltid verkeleg mot dei felles interessene og mot dei illusoriske felles-interessene.

Den sosiale (dvs. felles) makta, altså den mangedobla produktivkrafta som oppstår på grunn av arbeidsdelinga og det samvirket mellom dei ulike individa som oppstår ut frå dette, denne sosiale makta trer fram for desse individa, ikkje som deira eiga, sameinte kraft, men som ei framand makt som står utanfor dei. Dette skjer fordi samvirket sjølv ikkje er frivilleg. Det er oppstått i ei naturgitt, primitiv utvikling.

DEI VIKTIGASTE VILKÅRA FOR KUMMUNISMEN

Menneska veit ikkje kor denne makta kjem frå eller kva veg ho går, dei kan altså ikkje lenger bestemme over ho. Denne makta går tvert imot gjennom ei rekkje utviklingstrinn som er uavhengige av menneska sine ønske og handlingar. Denne "framandgjeringa" kan vi sjølvsagt berre oppheve under to praktiske føresetnader.

For at ho skal blir ei "utåleleg" makt, dvs. ei makt vi gjer revolusjon mot, er det nødvendig at ho har gjort massen av menneske absolutt "eigedomslaus", og det i motseiing til ei eksisterande verd av rikdom og danning, noko som føreset ein kraftig auke av produktivkrafta - ei høg grad av utvikling av produktivkrafta. På den andre sida er denne utviklinga av produktivkreftene (som samstundes fører fram til den empiriske eksistens som føreligg i menneska sin verdshistoriske eksistens istadenfor berre den lokale eksistensen) ein heilt nødvendig praktisk føresetnad, også fordi at uten den ville berre mangelen blitt gjort alminneleg, og derfor ville med tilstanden av naud, heile striden om det nødvendige byrje på nytt, og ein ville få heile den gamle dritten opp att. (Pax, b.2, s.75.)

Her må vi føye til at dette er den viktigaste grunnen til at dei ikkje kan føre vidare politiske kommunistiske (eller sosialistiske) revolusjonar i fattige land til sosiale revolusjonar. Dei sist hendingane i verdshistora viser klårt at ein nettopp på grunn av naud har fått "heile den gamle dritten opp att".

Marx går nøyare inn på dette. Det er berre med ei universell utvikling av produktivkreftene at eit universelt samkvem mellom menneska kan oppstå, eit samkvem som skaper den "eigedomslause" masse samstundes i alle folk (alminneleg konkurranse), som gjer kvart folk avhengig av omveltingane i dei andre folka og som endeleg set "verdshistoriske" empiriske individ i staden for dei lokale individa. Utan dette kunne berre 1)kommunismen eksistere som ei lokal hending og 2)samfunnet sine makter kunne ikkje ha utvikla seg som universelle og dermed utolelege makter. Dei ville ha heldt fram med å ha vore heimleg-overtruiske "omstende" og 3) ei kvar utviding av samkvemmet ville ha oppheva den lokale kommunismen.

Kommunismen er empirisk berre mogeleg som ei handling frå dei herskande folka si side på "ein gong" eller samstundes, noko som føreset produktivkrafta og dermed verdssamkvemmet si universelle utvikling. (Pax, b.2, s.75-76.)

 

Merknad om kjenneteikna ved den epoka vi no lever i

 

Desse tankane opnar for ei realistisk analyse av utviklinga både av kapitalismen og av kommunismen i Sovjet og Kina og andre land til no. Akkurat no er vi inne i ein periode der den unormale situasjonen etter 1. og 2.verdskrigen er oppheva og kapitalismen erobrar heile verda på ein svært djuptgåande økonomisk måte, slik tendensen og var før 1917 då Lenin og fleire oppdaga den moderne imperialismen.

Ei epoke med statlege avgrensingar på kapitalen er over. Slike avgrensingar føreset relativt høg avkastning på den samla kapitalen. Eller det føreset at visse statar kan isolere seg til ein viss grad frå den allmenne kapitalistiske utviklinga. Den lokale statsplanlegginga i form av "keynesianisme" eller sosialdemokrati, eller i form av kommandoøkonomi eller "stalinisme" er bankerott. Med dette er vi tilbake til ein internasjonal situasjon som på visse måtar minnar meir om tida før 1.verdskrigen. Verdskapitalismen får utfolde seg uhemma og vil utvikle seg raskare til ei universell utåleleg makt. Det er sannsynleg at dette vil skape nye store verdsomfattande opprør i dei neste 100 åra som vil gravlegge kapitalismen og bringe menneska nokre skritt i retning ein sosial kommunisme.

Det er viktig å understreke at desse tankane, saman med heile den internasjonale utviklinga no, bryt grunnleggande med ideen om "sosialisme i eit land" og dermed med mykje av rammene som både Stalin og Mao var tvungne til å utvikle vesentlege delar av teoriane sine innanfor. Desse tankane bryt og med Samir Amin sin analyse av kapitaloppsamling i verdsmålestokk (Accumulation on a World Scale.) som ligg til grunn for forslaget hans om såkalla "delinking", delvis avsondring frå resten av verda, som strategi for ein moderne sosialisme eller kommunisme. Etter mi meining byggjer heile hovudverket til Amin på ei missoppfatning av heilskapen i Marx sine tankar. Ein viktig grunn til dette er at Amin reduserar Marx for mykje til "økonom" samstundes som han også hevdar at Marx sine økonomiske teoriar fører til at vi legg for mykje vekt på det materielle, på økonomien og at vi ikkje legg nok vekt på politikken.

Eigentleg er heile Samir Amin si verksemd eit oppgjer med Marx og Lenin sitt syn på utviklinga av verdskapitalismen. Amin knyttar seg til ein annan tradisjon som har utgangspunkt i Rosa Luxemburg sitt verk om imperialismen ("Die Accumulation des Kapitals", Gesammelte Werke, band VI, Berlin 1923 også utgjeven av Routlegde & Kegan Paul, London 1951 og i pocket- utgåve.) Denne tradisjonen fører Baran & Sweezy vidare i boka "Monopoly Capital", Monthly Review Press 1966, Pelican Books 1968. Her erstattar dei lova om profittraten sin fallande tendens med lova om det stigande overskottet. (Pelican-utgåva, s. 80.) Grunnen til dette er at strukturen i kapitalismen har endra seg slik at dei kapitalistiske monopola har overvunne konkurransekapitalismen sine lover. Det viktigaste for kapitalen blir derfor å bli kvitt overskottet sitt gjennom å stimulere etterspurnaden etter varer (Pelican-utgåva, s.115).

Denne illusjonen braut heilt saman på 1980-talet, og med det kan vi sjå at Baran & Sweezy laga ei varig revidering av Marx sin økonomiske teori ut frå eit midlertidig unnatak der det lovmessige fallet i profittraten ikkje sette seg gjennom i nokre år. Så vidt vi veit steig profittraten i USA-kapitalen frå 1958 til 1965 då boka vart skriven. Men frå då av fall han kraftig fram mot 1982 då borgarskapet sette i verk kraftige tiltak for å få han opp att. (Financial Times, 2.nov. 1985. Sjå også Materialisten 2-87, s.5-43 (spesielt side 8) der eg har skrive om DNA sin fridomskampanje.)

I hovudverket sitt sluttar Amin seg til denne teorien om utviklinga av profittraten ("Accumulation of Capital on a World Scale", bind 1, s.38, Monthly Review Press 1974.). Amin utviklar denne teorien vidare til å gjelde forhold mellom statar i verda. Han meiner at profittraten mellom landa ikkje har ein tendens til å utlikne seg gjennom utviklinga av verdsmarknaden, slik Marx hevdar. Derfor skjer det ei polarisering på den måten at dei landa som ikkje alt er utvikla økonomisk er dømde til å slepe stadig meir etter dei utvikla landa. Grunnen til at ikkje profittraten utliknar seg, er at arbeidskrafta ikkje er flyttbar slik som pengar osv., dermed kan ikkje prisen på arbeidskrafta utlikne seg. ("Accumulation ..", s. 53.) I dei rike landa vil prisen på arbeidskrafta vere stabilt mykje høgare enn i dei fattige landa. Dette heng saman med utviklinga til monopolkapitalisme. Gjennom politikken sin kan dei rike lande halde dette forholdet oppe. Denne forma for idealisme vil Amin sette istaden for Marx sine analyser.

Då Amin utforma denne teorien på 60-talet, såg verda på overflata ei stund ut slik som han tenkte, men det er no tydeleg også ut frå fakta som kan observerast reint empirisk av alle, at det ikkje er slik lenger.

Alle lokale forsøk på å opprette kommunisme i land med lite utvikla produktivkrefter, eller i mindre kapitalistiske land med meir utvikla produktivkrefter, har misslukkast. Stalinismen misslukkast i dette nett som maoismen, det albanske og det aust-tyske eksperimentet. Alle forsøk på å skjerme seg for "marknadskreftene" har misslukkast. "Delinking" har misslukkast. "Statisme" har misslukkast. Eg meiner at det vil skje i framtida også, dersom det ikkje skjer revolusjonar i dei store imperialistiske landa der produktivkreftene er høgt utvikla. I alle fall må det skje noko som svekkar dei kraftig. Først då kan dei fattige landa få mogelege eller til og med vennlege vilkår til å utvikle seg slik dei vil mot ein sosial kommunisme. Og først då vil ei slik utvikling bli mogeleg.

Dei "vellukka" forsøka på å bygge moderne statar i "den tredje verda" har teke modellen sin frå Japan. Det fremste eksempelet er Sør-Korea, men andre statar i Asia har byrja på samme vegen. Først dei fire og så dei sju såkalla "tigrane". Den viktigaste av desse ser kanskje ut til å vere Kina. I dei sørlege delane av Kina er det no ei eventyrleg rask kapitalistisk økonomisk utvikling i område der det bur 100 millionar menneske. Det som vanlegvis kjenneteiknar desse statane er utvikling av ein aggressiv statsmonopolkapital som er ute etter å erobre verdsmarknaden. Dette er det motsette av "delinking". Og dette vil skape raskt veksande problem for dei gamle imperialistlanda og for heile kapitalismen.

Slik eg ser det er både Trond Andresen sitt forslag til program for eit sosialistisk Norge og delar av Kjersti Ericsson sine teoriar om ein fleirstemming revolusjon sterkt påverka av Amin sine imperialismeteoriar.

Skal vi vere skarpe må vi kunne hevde at Andresen sitt opplegg for eit sosialistisk Norge vil føre til sosialdemokrati om det skulle gjennomførast under kapitalismen og til stalinisme om det skulle gjennomførast under kommunismens første fase. Ettersom tradisjonell sosialdemokratisk politikk ikkje er mogeleg lenger, er det berre det andre alternativet som er aktuelt. Dette er, etter det eg kan forstå, eit brot med Marx sine grunnleggande tankar og nasjonal ønsketenking idag.

Men som eit eksempel på kva som kan gjerast under kommunismen med dei produktivkreftene som er utvikla i Norge (og verda) idag, er Trond Andresen sitt forslag interessant og bør gå inn som eit av svært mange slike som folk etter kvart vil utvikle.

Eg har sjølv utvikla nokre idear om dette i ein artikkel med tittelen "DNA sine sju søyler" i Røde Fane 3-1988 og dessutan omsett eit slikt forslag frå boka "The Profit System. The Economics of Capitalism", Penguin 1987, til dei to engelske økonomane Francis Green og Bob Sutcliffe. Du finn omsettinga i tidsskriftet Røde Fane 4-1989, s.35-40. (For Andresen og Ericsson sine synspunkt sjå skriftet "En ny type sosialisme" utgjeve av Rød Valgallianse 1991.)

Kjersti Ericsson har og i boka "Søstre kamerater" teke opp mange viktige moment som må utviklast for at ikkje kvinnene skal bli sett utanfor i tida etter den politisk-kommunistiske revolusjonen.

Kjersti Ericsson knyttar i boka "Den flerstemmige revolusjonen" (Oktober 1991) an til Raymond Williams sin ide om at mindre område som ikkje er nasjonar, skal kunne vere grunnlaget for overgangen til ei kommunistisk samfunnsform. Dette er, etter det eg kan sjå, eit brot med Marx sine grunnleggande tankar. Det må føre til omstyrting av heile Marx sin grunn for å meine at kapitalismen vil ende opp i kommunisme. Dermed fører det til omstyrting av heile omgrepet kommunisme. (Vil du lese meir om synspunkta til Raymond Williams kan du gå til Røde Fane 3-1989, ss. 19-29 der eg har omsett siste kapitlet av boka hans "Towards 2000", Pelican 1985.)

Elles er Williams talsmann for ein spesiell variant av materialismen som han kallar kulturell materialisme. I praksis tyder dette at han nett som Habermas meiner at Marx la alt for stor vekt på utvekslinga mellom menneske og natur, og at han tenderer i retning av å finne andre hovudmoment innafor "kulturen", dvs. menneskelege handlingsmønstre, som er dei viktigaste momenta i utviklinga av samfunnet no.

Kjersti Ericsson står i alle høve igjen med spørsmålet om korleis dei små delane som alle snakkar med ulike stemmer, skal kunne sameine seg om noko felles som skal gjelde for alle. Kva er det som skaper dei materielle vilkåra for at det kan skje?

Dessutan opnar ideen om alle stemmene idag nett for alle dei stemmene som har dei materielle midla til å synge høgast, og det er dei som syng til ein grunnleggande borgarleg rytme som hermeneutikk, strukturalisme, postmodernisme eller forsøk på ei anti-marxistisk overvinning eller samansmelting av desse posisjonane.

Dette er eit spesielt vanskeleg problem fordi desse røystene er så forbaska gode til å kamuflere seg som arbeidarklassen og folket, som alle sine røyster. Etter mitt syn er ikkje det største problemet idag at det er for få røyster som syng, men at desse røystene kveler dei kommunistiske røystene. Dessutan er det så få som kjenner til kva som skiljer dei kommunistiske frå dei borgarlege røystene. Derfor blir det viktigaste ikkje å få fram så mange røyster som mogeleg, men å finne fram dei kommunistiske blant alle desse røystene.

Eg er for blanda kor i den meininga at begge kjønn skal vere likeverdige, men eg er ikkje for blanda kor i den meininga at borgarlege røyster er skal få dominere. Vi treng no eit sterkt kommunistisk kor som kan synge dei kommunistiske songane så samla og reint og høgt at alle kan høyre det. Då er første oppgåve å bli istand til å kjenne att desse songane. Derfor er vi heilt nødt til "å pusse opp att gamle teoriar" som visar seg å vere yngre enn dei nye.

 

 

Vidare frå "Den tyske ideologien"

 

 

Marx seier at det sivile samfunnet omfattar individa sitt totale materielle samkvem innan eit bestemd utviklingstrinn av produktivkreftene. Det sivile samfunnet omfattar heile dette utviklingstrinnet sitt kommersielle og industrielle liv og går for så vidt ut over staten og nasjonen sine grenser, til tross for at det mot omverda gjer seg gjeldande som nasjonalitet og innan seg sjølv må bygge opp ein struktur som stat.

Det sivile samfunnet utviklar seg eigentleg først med borgarskapet som klasse. Den samfunnsmessige (felles) organisasjon som utviklar seg umiddelbart ut frå produksjonen og samkvemmet og som til alle tider dannar grunnlaget for staten og den idealistiske overbygninga elles, er heile tida kalla med samme navnet, sivilt samfunn. Pax, b.2, s.77.)

Så går Marx nærare inn på korleis medvetet (bevisstheten) blir produsert. I historia fram til no er det ei empirisk kjennsgjerning at dei einskilde individa, etter kvart som dei utvidar verksemda si til ei verdshistorisk verksemd, stadig meir er blitt kua under ei makt som er framand for dei, ei makt som et blitt stadig meir massiv og som til sist trer fram som verdsmarknad.

Men det er like mykje empirisk slege fast at med omveltinga av den eksisterande samfunnsmessige tilstanden gjennom den kommunistiske revolusjon og opphevinga av eigedommen som følgjer med den, vil denne makta, som i auga til dei tyske teoretikarane er så mysteriøs, bli oppløyst. Etter det vil frigjevinga av kvart einskild individ bli verkeleggjort i samme grad som historia heilt ut blir verdshistorie.

At individet sin verkelege andelege rikdom er heilt avhengig av rikdommen i individet sine verkelege forhold og samband, skulle vere klårt etter det som er sagt. Dei einskilde individa vil først på den måten bli fritt frå dei ulike nasjonale og lokale (regionale) hindringar, komme i praktisk samband med heile verda sin produksjon (også den andelege) og bli sett i stand til å skaffe seg sjansen til å nyte denne allsidige produksjonen frå heile jorda (menneska sitt skaparverk).

Den altomfattande avhengigheit, denne naturgitte forma for verdshistorisk samvirke mellom individa, blir gjennom denne kommunistiske revolusjonen forvandla til kontroll og medvete herredømme over desse maktene skapte av menneska sin påverknad seg imellom, som til no har imponert og herska over dei som absolutt framande makter. (Pax, b.2, s.78.)

Marx samanfatter så igjen kjernen i historisynet sitt slik:" Dette historiesynet grunnar seg altså på at vi utviklar den verkelege produksjonsprosessen med utgangspunkt i den materielle produksjonen av sjølve det materielle livet, og oppfattar den forma for samkvem som heng saman med denne produksjonsmåten og er brakt fram av han, altså det sivile samfunn på dei ulike utviklingstrinna det har, som grunnlaget for heile historia. At vi både framstiller dette samfunnet i aktiviteten sin som stat og viser korleis medvetet sine teoretiske skapnader og former som religion, filosofi, moral osv., kan forklarast ut frå dette samfunnet og at vi følgjer utviklingsprosessen deira på dette grunnlaget. Då kan vi sjølvsagt også framstille saka i totaliteten sin (og dermed også vekselverknaden mellom desse ulike sidene). Dette historiesynet treng ikkje, slik den idealistiske historieoppfatninga må, å leite etter ein kategori for kvar periode. Det blir heile tida ståande på verkelegheita sin grunn. Det forklårer ikkje praksis ut frå ideane, men det forklårer ideformasjonane ut frå den materielle praksisen og kjem i samsvar med dette til det resultatet at alle medvetet sine former og produkt ikkje kan oppløysast ved andelege kritikk, ved oppløysing i "sjølvmedvet" eller forvandling til "spøkeri", "spøkje", "fikse idear" med vidare, men berre ved den praktiske omveltinga av dei reelle samfunnsmessige forholda som desse idealistiske flosklane er gått ut frå. Vi kjem til det resultatet at ikkje kritikken, men revolusjonen er historia si drivande kraft, også når det gjeld religionen, filosofien og annan teori si historie.

Det viser at ... det på kvart trinn i historia finst eit materielt oppstått forhold til naturen og individa imellom som kvar generasjon får overlevert frå den forrige, ei mengd av produktivkrefter, kapitalar og omstende som på den eine sida blir modifisert av den nye generasjonen, men som på den andre sida også bestemmer livsvilkåra til denne generasjonen og gir han ei bestemd utvikling, ein bestemd karakter, - altså at omstenda like mykje skaper menneska som menneska skaper omstenda." (Pax, b.2, s.79, omsett og understreka av T.V.).

Desse gitte livsvilkåra, held Marx fram, som dei ulike generasjonane tek over, avgjer også om dei periodiske skakningane som gjentar seg i historia, kjem til å bli sterke nok eller ikkje til å omstyrte basisen for alt det beståande. Og viss ikkje desse materielle elementa for ei total omvelting, nemleg på den eine sida dei eksisterande produktivkreftene og på den andre sida danninga av ein revolusjonær masse som gjer revolusjon ikkje berre mot einskilde vilkår innan det gamle samfunnet, men mot sjølve den gamle "livsproduksjonen", mot "totalverksemda" dette samfunnet bygger på, viss altså ikkje desse materielle elementa er tilstades, så er det totalt likegyldig for den praktiske utviklinga om ideen om denne omveltinga har blitt uttalt hundre gongar, . noko som kommunismen si historie provar. (Pax, b.2, s.80.)

Tidlegare historieoppfatning har ført til at den verkelege livsproduksjonen står fram som uhistorisk, medan det historiske står fram som noko skilt frå det daglege livet, som noko overjordisk. Menneska sitt forhold til naturen er med det utelukka frå historia og vi får motsetninga mellom natur og historie. Det fører til at ein deler kvar epoke sine illusjonar om seg sjølv. Mennesket sine idear om kva dei gjer, altså "religion" (eller annan ideologi) og "politikk" forvandlast til den einaste bestemmande og aktive makta som hersker over og bestemmer desse menneska sin praksis.

Marx seier at filosofen Hegel sin historiefilosofi er den siste konsekvensen av heile denne forma for historieskrivning. Hos han dreier det seg ikkje om verkelege interesser, ikkje ein gong om politiske interesser, men om reine tankar som strider med kvarandre.

Når nokre personar f.eks. hevdar at den "marxist-leninistiske" ideologien er den viktigaste grunnen til at det gjekk gale i Sovjet etter 1917 utan å gå inn i kva materielle tilhøve som eksisterte, då er det verd å sjå svært nøye og kritisk på den utsegna om ein vil ta Marx på alvor.

MARX SIN KRITIKK AV FEUERBACH

Ut frå dette kritiserer så Marx filosofen Feuerbach. Denne kritikken foregrip dei debattane som marxistar idag fører med ein del feministar og økologistar.

Heile Feuerbach sin deduksjon med omsyn på menneska sine forhold til kvarandre, går berre ut på å prove at menneska treng kvarandre og alltid har tronge kvarandre. Han vil etablere medvetet om denne kjennsgjerninga. Han vil altså, som andre teoretikarar, berre skaffe fram eit riktig medvet om eit eksisterande faktum, medan det for verkelege kommunistar kjem an på å omstyrte dette eksisterande. (Pax, b.2, s,83.)

Feuerbach seier ein stad at ein ting eller eit menneskes "væren" samstundes er lik "dets vesen", at eit dyrisk eller menneskeleg individ sitt bestemte eksistensforhold, levemåte og verksemd er det elementet der individet sitt "vesen" kjenner seg tilfredsstilt. Når proletarane ikkje kjenner seg tilfredsstilt ved levemåten sin, så er dette då å sjå på som ei uunngåeleg ulukke som ein roleg må finne seg i.

Men, seier Marx, desse millionar av proletarar tenkjer på ein heilt annan måte og dette vil dei prove når deira tid kjem, når dei driv sin "væren" i harmoni med sitt "vesen" på ein praktisk måte, gjennom ein revolusjon. I slike tilfelle snakkar Feuerbach derfor aldri om menneskeverda, men tek kvar gong tilflukt i den ytre naturen, og nettopp i den naturen som enno ikkje er lagt under menneska sitt herredømme. Men med kvar ny oppfinning, med kvart framskritt i industrien blir det rive laus eit nytt stykke frå dette området, og den grunnen der det voks eksempel som illustrerer slike Feuerbach-setningar, blir derfor stadig mindre.

Fisken sitt "vesen" er fisken sin "væren", vatnet - for ikkje å gå lengre enn akkurat denne setninga. Elvefisken sitt "vesen" er vatnet i ei elv. Men dette sluttar å vere fisken sitt "vesen", det blir eit eksistensmedium som ikkje lenger passar for han, så snart denne elva blir underlagt industrien, så snart elva blir forureina av fargestoffar og andre avfallsstoffar, brukt av dampskip, så snart vatnet blir leia i kanalar der vi kan ta frå fisken eksistensmediet berre ved å tappe det ut. (Pax, b.2, s.83-84.)

Marx seier at vi ikkje vil ta bryet med å forklåre dei vise filosofane våre at "mennesket" si "frigjering" ikkje er komme eit skritt vidare når dei løyser opp filosofi, teologi, substans og heile søpla i "sjølvmedvetet", når dei frir menneska frå det herredømme av frasar det har trella under, at det ikkje er mogeleg å gjennomføre ei verkeleg frigjering på andre måtar enn i den verkelege verda med verkelege middel, at vi ikkje kan oppheve slaveriet utan dampmaskin og spinne-Jenny, at vi ikkje kan oppheve liveigenskapen utan forbetra åkerbruk, at vi ikkje på noko måte kan frigjere menneska så lenge dei ikkje er i stand til å skaffe seg mat og drikke, bustad klede i tilstrekkeleg kvalitet og kvantitet. "Frigjeringa" er ei historisk handling, inga tankehandling (idag kan vi føye til at ho er inga talehandling eller om du vil, inga kommunikativ handling og vi kan og føye til at ho ikkje er ei teikn-tydande (semiotisk) handling a la Umberto Eco) og ho blir bestemd av historiske forhold, gjennom tilstanden i industri, handel, åkerbruk, samkvemsformer ... (Pax, b.2, s.84-85.)

Marx sin kritikk av Feuerbach dreier seg i hovudsak om at Feuerbach ikkje evner å sjå menneska som historisk skapte individ, skapt av si eiga verksemd, og heller ikkje resten av naturen som historisk skapt natur, også skapt av menneskeleg verksemd. Han går tilbake til den opprinnelege naturen og ser motsetning mellom denne og menneska idag og vil oppheve denne motsetninga gjennom kjærleik og vennskap i idealisert form. (Pax, b.2, s.85-88).

Vi ser idag korleis nokre feministar vil ta utgangspunkt i ein allmenn, opprinneleg, naturleg-kvinneleg kvalitet, gjerne formulert som kjærleik eller omsorgsrasjonalitet for ytre natur og menneske, lausrive frå det historisk skapte, kvinnelege og farmandgjorte mennesket som eksisterer idag innan visse materielle rammer, og korleis dei vil gjere dette til basis for kommunismen.

Vi ser også korleis økologistar tek utgangspunkt i den opprinnelege urørte naturen og vil basere utviklinga på at menneska sluttar med, eller innskrenker utvekslinga si med naturen og vil gjere dette til basis for ein økologisk kommunisme. Dei uttalar ikkje klårt at det er menneska sin framandgjorte utveksling med naturen gjennom kapitalen, som må opphevast, og ikkje denne utvekslinga sjølv. Dei ser ikkje at utvekslinga med naturen kan vere mykje høgare enn idag viss han er i takt med naturen og ikkje i framandgjort utakt med han.

Desse posisjonane voks idag saman i den såkalla økofeminismen representert ved Pam Simmons, Val Plumwood, Anita Light og Vandana Shiva.

Eg oppfattar at begge desse posisjonane kjem på tvers av Marx sitt syn, og at Marx sin kritikk av Feuerbach nett var ein grenseoppgang også mot slike synsmåtar.

Marx seier at historia ikkje er anna enn rekkefølgjen av dei einskilde generasjonane, kor kvar generasjon utnyttar alt det som alle dei tidlegare generasjonane har late etter seg, materialar, kapitalar og produktivkrefter. På den eine sida held dei fram med den overtekne verksemda under heilt endra tilhøve og på den andre sida modifiserer dei dei gamle forholda med ei heilt endra verksemd.

Jo meir dei einskilde sirklar som verkar på kvarandre, utvidar seg, desto meir dei einskilde nasjonalitetane sin opprinnelege isolasjon blir broten gjennom utvikla produksjon, samkvem og den heilt naturlege arbeidsdelinga som oppstår mellom dei ulike nasjonane, desto meir blir historia til verdshistorie. Når det f.eks. i England blir funne opp ei maskin som gjer utallege arbeidarar i India og Kina arbeidslause og styrtar om heile eksistensformen i desse landa, då blir denne oppfinninga til ei verdshistorisk hending. Denne forvandlinga av historie til verdshistorie er ikkje ein abstrakt prestasjon frå verdsånda osv. men ei heilt materiell, empirisk erkjennbar handling, ei handling som kvart individ leverer prov for når det går, og står, eter, drikk og kler seg. (Pax, b.2, s.88-89.)

I kvar epoke er den herskande klassen sine tankar dei herskande tankar, dvs. den klassen som er samfunnet si herskande materielle makt er også samfunnet si herskande andelege makt. Den klassen som har midla til den materielle produksjonen til sin disposisjon, disponerer dermed samtidig over midla til den andelege produksjonen, slik at han også stort sett har herredømme over tankane til dei som ikkje har tilgjenge til midla for andeleg produksjon. Dei herskande tankane er ikkje anna enn det idemessige uttrykket for dei herskande materielle forhold forma i tankar; altså dei forholda som nett gjer den eine klassen til herskande, altså nett herredømmet deira sine tankar. (Pax, b.2, s.89.)

Arbeidsdelinga kjem til uttrykk innan den herskande klassen som ei deling av det andelege og materielle arbeid, slik at den eine delen innan denne klassen opptrer som klassen sine tenkarar (klassen sine aktive, skapande ideologar, som gjer utforminga av denne klassen sine illusjonar om seg sjølv til hovudnæringsveg), medan dei andre held seg meir passivt og mottakande til desse tankane, fordi dei i verkelegheita er denne klassen sin aktive medlemmer og har mindre tid til å gjere seg illusjonar og tankar om seg sjølv. Innan klassen kan det til og med utvikle seg til eit slags motsetnadsforhold og fiendskap mellom dei to delane. Men det fell bort av seg sjølv ved kvar praktisk samastøyt der klassen sjølv er i fare, og då forsvinn også skinnet av at dei herskande tankane ikkje skulle vere den herskande klassen sine tankar og skulle ha noka makt som er skild frå denne klassen si makt.

Eksistensen av revolusjonære tankar i ein epoke føreset allereie eksistensen av ein revolusjonær klasse.

Kvar ny klasse som tek den tidlegare herskande klassen sin plass må, for å realisere målet sitt, framlegge interessene sine som alle samfunnsmedlemma sine felles interesser. Eller idemessig uttrykt, dei må gi tankane sine ei generell form, legge dei fram som dei einaste foruftige og allment gyldige, Den revolusjonære klassen opptrer først ikkje som klasse, fordi han står ovafor ein klasse ikkje som klasse, men som heile samfunnet sin representant. Han står fram som heile samfunnet sin masse mot den einaste, den herskande klassen.

Heile illusjonen om at ein bestemt klasse sitt herredømme berre er visse tankar sitt herredømme fell naturlegvis bort av seg sjølv så snart klasseherredømmet i det heile sluttar med å vere samfunnet sin organisasjonsform, så snart det altså ikkje lenger er nødvendig å framstille ein særinteresse som ein allmenn interesse eller det "allmenne" som det herskande.

Etter at dei herskande tankar først er blitt skilde frå dei herskande individa, ..., og vi på den måten er kommen til det resultatet at det alltid er tankar som herskar i historia, er det svært lett ut frå desse ulike tankane å abstrahere "tanken", ideen osv. som det framherskande i historia og dermed oppfatte alle desse einskilde tankar og omgrep som "sjølvbestemmingar" av det omgrepet som utviklar seg i historia. Då er det også naturleg at alle menneska sine forhold kan avleiast av omgrepet "menneske", det innbilt menneske, menneskets vesen, mennesket. Det er det den spekulative filosofien har gjort. Vi kan no komme attende til produsentane av "omgrepet", til teoretikarane, ideologane og filosofane, og då kjem vi til det resultatet at filosofane, dei tenkande som slike, alltid har herska i historia.

Heile det kunststykket å vise anden sitt herredømme i historia er avgrensa til følgande strev:

1. Vi må skilje tankane til dei som av empiriske grunnar, under empiriske vilkår og i eigenskap av materielle individ er dei herskande, frå desse herskande og dermed anerkjenne tankane eller illusjonanen sitt herredømme i historia. (F.eks.: Stalin sine tankar som spring nødvendig ut av Marx sine tankar er grunnen til utviklinga i Sovjet og andre "kommunist"land i ei viss tid.)

2. Vi må bringe orden i dette tankeherredømme og påvise ein mystisk samanheng mellom dei tankane som er herskande til kvar tid. F.eks.: tankane til stalin = stalinisme = marxisme, og denne stalinismen/marxismen er rota til at det gjekk gale i Sovjet.)

3. For å fjerne det mystiske skinnet gjer ein tankane om til personar igjen, til "dei tenkande", "filosofane", ideologane som igjen oppfattast som fabrikantar av historia, som "vaktarane sitt råd", som herskande. Dermed har vi fjerna samtlege materialistiske element frå historia og kan la den spekulative gangaren vår få frie tyglar. (F.eks.: Stalin/Marx har fabrikert Sovjet og dei andre kommunistlanda og kommunistpartia si historie.)

Medan kvar einaste kremmar i dagleglivet mykje godt kan skilje mellom det nokon utgir seg for å vere, og det han/ho verkeleg er, så har historieskrivninga vår ikkje nådd fram til denne trivielle erkjenninga. Dei som skriv historie trur kvar epoke på sitt ord, på kva han seier og innbiller seg om seg sjølv. Denne historiemetoden ... må utviklast ut frå samanhengen med ideologane sin illusjon i det heile, f.eks. juristane, politikarane sine illusjonar, ut frå desse folka sine dogmatiske draumar og fordreiningar, - ein illusjon som vi heillt einfelt kan forklåre ut frå den praktiske livsstillinga deira, yrket deira og ut frå arbeidsdelinga. (Pax, b.2, s.92-93.)

Marx går også nærare inn på ideologien sitt verkelege grunnlag. Han tek opp samkvem og produktivkraft, staten og retten sitt forhold til eigedommen og tilhøve som spring ut av primitive og siviliserte produksjonsinstrument og eigedomsforhold.

Marx tek her utgangspunkt i det han kallar den største delinga av det materielle og andelege arbeidet, nemleg delinga mellom by og land. (Pax, b.2, s.93.)

Denne motsetnaden tek til med overgangen frå barbariet til sivilisasjonen, frå stammevesenet til staten, frå staden eller distriktet til nasjonen og ho held fram gjennom heile sivilisasjonen si historie fråm til våre dagar (1844).

Vi må legge til at dette ser ut til å gjelde enno idag (1992).

Her må vi og nevne at omgrep som barbari og sivilisasjon ikkje har moralske overtonar. Dei er beskrivande ord som grunnleggande sett spring ut av skilnad i nivå på utvikling av produktivkreftene. Barbari knyttar seg til eit nivå der smågrupper eksisterte i relativt sterk lokal isolasjon ut frå lite utvikla produktivkrefter. Utan denne bakgrunnen er det lett å vulgarisere til dømes visse delar av "Det kommunistiske manifestet" som er ei svært popularisert framstilling av Marx sitt syn.

I byane oppstår behov for å ha ein administrasjon, eit politi, skattar osv, kort sagt eit kommunevesen (fellesvesen) og dermed for å ha politikk i det heile.

Det er i byane at vi for første gong ser korleis folkesetnaden delar seg opp i to store klassar som umiddelbart har grunnlaget sitt i arbeidsdelinga og produksjonsinstrumenta. Byen er i seg sjølv ein konsentrasjon av folka, av produksjonsinstrumenta, av kapitalen, av nytingane, av behova, medan landsbygda er uttrykk for det motsette - isolasjon og avsondring. Motsetnad mellom by og land kan berre eksistere der det finst privateigedom. Han er det skarpaste uttrykket for individet si underordning under arbeidsdelinga, under ei bestemd verksemd som blir påtvinga individet, ei underordning som gjer den eine til eit sneversynt bydyr og den andre til eit sneversynt landdyr og som dagleg på nytt skaper motseiinga mellom interessene deira. (Pax, b.2, s.93.)

Igjen er arbeidet hovudsaka, makta over individa. Og så lenge den makta eksisterer, må også privateigedommen eksistere. Opphevinga av motsetninga mellom by og land er eit av dei første vilkåra for oppretting av fellesskapet, eit vilkår som igjen er avhengig av ei mengd materielle føresetnader som ikkje kan oppfyllast berre med viljen, som alle kan sjå ved første blikk. (Desse vilkåra må utviklast.)

Så går Marx inn på ei meir detaljert skildring av utviklinga av arbeidsdelinga og klassane borgarskapet og arbeiderklassen eller proletariatet. Vi skal ikkje gå inn på det i detalj her. Men vi skal trekke fram ein stad der han seier at dei einskilde individa berre dannar ein klasse i den grad som dei må føre ein felles kamp mot ein annan klasse, elles står dei fiendtleg mot kvarandre i konkurransen. (Pax, b.2, s.97.)

Det er viktig å merke seg dette synspunktet idag når oppgåva for kommunistane nett er å gå i spissen for å konstituere den norske delen av arbeidarklassen på nytt ut frå alle arbeidsområda i han og ut frå alle dei konkurrerande individa. Etter det Marx skriv er det ikkje først og fremst diskusjonen mellom dei ulike stemmene i arbeidarklassen som skapar einskap i kampen, men sjølve kampen mot hovudfienden. Derfor blir det så viktig å peike på og angripe han. Og til det treng vi då ein såkalla klasseanalyse.

DEN MODERNE STORINDUSTRIEN

Etter ei skisse av den historiske utviklinga i den vestlege delen av Europa fram til 1600-talet skriv Marx at den kontinuerlege konsentreringa av handel og manufaktur i eitt land, England, utover i det 17. århundret skapte ein relativ verdsmarknad for dette landet og dermed ein etterspurnad etter landet sine manufakturprodukt som ikkje kunne dekkast med dei produktivkreftene som fanst tidlegare.

(Pax, b.2, s.103.)

Denne etterspurnaden, som vaks over hovudet på produktivkreftene, var den drivande krafta som framkalla privateigedommen sin tredje periode sidan middelalderen, då han dreiv fram storindustrien - bruk av naturkrefter til industrielle formål, maskineriet og ei sterkt differensiert arbeidsdeling. Dei øvrige vilkår for denne nye fasen - fridom for konkurransen innan nasjonen og utviklinga av den teoretiske mekanikken - var allereie til stades i England.

Etter kvart gjorde storindustrien konkurransen universell, skapte kommunikasjonsmidla og den moderne verdsmarknaden, la under seg handelen, forvandla all kapital til industrikapital og la med det grunnen for hurtig sirkulasjon (utvikling av pengevesenet) og sentraliseringa av kapitalane. Gjennom den universelle konkurransen tvinga han alle individ til største innsats av energi. (Pax, b.2, s.103-104.)

Den moderne storindustrien utraderte, sålangt det var mogeleg, ideologien, religionen, moralen osv., og der det ikkje var mogeleg, gjorde han desse til løgn. Han skapte den eigentlege verdshistoria, då han gjorde kvar einaste siviliserte nasjon og kvart individ innan desse nasjonane avhengig av heile verda når det galdt å tilfredsstille behova, og kverrsette (tilintetgjorde) den isolerte stillinga som kvar nasjon hadde levd i opprinneleg. Han underordna naturvitskapen under kapitalen og fjerna det siste skinn av noko naturgitt frå arbeidsdelinga. Han kverrsette i det heile det naturgitte i den grad dette er mogeleg på arbeidet sitt område og løyste opp alle naturlege forhold i pengeforhold. I staden for dei byane som hadde vekse naturleg fram skapte han dei store industribyane som oppsto frå ein dag til ein annan. Der denne industrien for fram øydela han handverket og i det heile alle tidlegare former for industri. Han fullførte handelsbyen sin siger over landsbygda.

Den første føresetnaden til den moderne storindustrien er det automatiske system. Utviklinga hans brakte fram ei mengd produktivkrefter, og for desse produktivkreftene vart privateigedommen ei lenke på samme måten som lauget vart det for manufakturen og det vesle landlege foretaket vart det for handverket i den perioden då det utvikla seg.

Desse produktivkreftene får under privateigedommen berre ei einsidig utvikling, dei blir til øydeleggingskrefter for fleirtalet, og mange slike krefter kunne i det heile ikkje bli brukt under privateigedommen.

Dette er eit grunnleggande synspunkt som ei kommunistisk linje for miljøkampen må ta utgangspunkt i. Den einsidige profittorienterte utviklinga av produktivkreftene må bli avløyst av ei allsidig utvikling av produktivkreftene ut frå alle dei kunnskapar om heile naturen alle folk i verda har. Vi må idag både kjempe for å mobilisere folk til kamp for å gjere skadeverknadene av den kapitalistiske utviklinga minst mogeleg, og til kamp for ein kommunistisk revolusjon som kan fjerne grunnlaget for det framandgjorte tilhøvet til naturen. Desse to formene for kamp heng nøye saman. Linjer som utelet eitt av desse perspektiva kan ikkje redde naturen og menneska. berre dersom naturvernarane blir kommunistar, og berre dersom kommunistane skjønner Marx sitt grunnleggande økologiske standpunkt, finst det håp for miljøvernarene sjølv og for heile jorda.

Generelt sett skapte den moderne storindustrien over alt dei samme forhold mellom klassane i samfunnet og kverrsette med det den særeigne individualiteten i dei ulike nasjonane. Og endeleg skapte storindustrien ein klasse som i alle nasjonar har dei samme interessene og der nasjonaliteten allereie er daud, ein klasse som verkeleg er kvitt heile den gamle verda og som samstundes står tvert imot han. Storindustrien gjer for arbeidaren ikkje berre forholdet til kapitalisten, men og forholdet til arbeidet sjølv, uuthaldeleg. (Pax, b.2, s,104.)

Storindustrien utviklar seg ikkje til samme nivå i kvart einaste land. Men det stansar ikkje proletariatet si klasserrørsle. For dei proletarane som er skapt av storindustrien stiller seg i spissen for denne rørsla og river heile massen med seg nett fordi dei arbeidarane som er utelukka frå storindustrien får endå dårlegare livsvilkår enn dei arbeidarane som arbeider i sjølve storindustrien.

På samme måte innverkar dei landa der det er utvikla storindustri, på dei meir eller mindre ikkje-industrielle land, under føretsetnad av at desse gjennom verdssamkvemmet er blitt rivne med i den universelle konkurransekampen.

Konkurransen isolerer individa, ikkje berre borgarane, men i endå høgare grad proletarane frå kvarandre, til tross for et det bring dei saman. Derfor tek det lang tid før desse individa kan sameine seg, heilt bortsett frå at ei slik sameining - viss han ikkje skal vere heilt lokal - føreset at dei nødvendige midla, dei stor industribyane og dei billege og hurtige kommunikasjonane først må vere skapt av storindustrien. Derfor kan kvar organisert makt som står mot desse individa som lever isolert og under forhold som stadig reproduserer denne isolasjonen, først overvinnast etter langvarige kampar. Å forlange noko anna ville vere det samme som å forlange at konkurransen ikkje eksisterte i denne bestemte epoken av historia eller at individa skal la vere å ta omsyn til forhold som dei i isolasjonen sin ikkje har kontroll over. (Pax, b.2, s. 104-105.)

STAT, RETT OG EIGEDOM

Når han tek opp staten og retten sitt forhold til eigedommen går Marx ut frå at den første forma for eigedom er stammeeigedom, på grunnlag av f.eks. krig (romarane) eller kvegavl (germanarane). Han hevdar at den eigentlege eigedommen tek til hos gamle og moderne folkeslag med rørleg eigedom (slaveri og fellesskap).

Gjennom middelalderen utvikla stamme-eigedommen seg gjennom ulike trinn -føydal jordeigedom, korporativ rørleg eigedom, manufakturkapital - og fram til den moderne kapital som er vilkårsbunden av storindustrien og den universelle konkurransen, dvs. den reine privateigedommen som har kvitta seg med kvart skinn av fellesskapspreg og som har utelukka kvar påverknad frå staten si side på utviklinga av eigedommen.

Til denne moderne privateigedommen svarer den moderne staten, som gjennom skattane etter kvart blir kjøpt av dei private eigarane, som gjennom systemet med statsgjeld kjem heilt i deira hand og som er heilt avhengig av kommersiell kreditt som privateigarane, borgarane, kan gi han.

Borgarskapet er, fordi det er ein klasse og ikkje lenger ein stand, nødt til å organisere seg i nasjonal målestokk og ikkje lokalt, og nødt til å kle gjennomsnittsinteressene sine i allmenn form.

Gjennom at privateigedommen har frigjort seg frå fellesskapen har staten utvikla seg til å få ein særskild eksistens ved sida av og utanfor det sivile samfunn. Men staten er likevel ikkje noko anna enn den forma for organisasjon som borgarskapet nødvendig kjem fram til for å kunne skape ein garanti seg imellom for eigedommen og interessene sine både utover og innover.

Sidan staten er den forma som individa i den herskande klassen bruker for å gjere dei felles interessene sine gjeldande og der det sivile samfunnet i ein epoke finn det samlande uttrykket sitt, vil alle felles institusjonar også bli formidla gjennom staten - dei vil få ei politisk form.

Privatretten utviklar seg samstundes med privateigedommen ut frå oppløysinga av den naturgitte fellesskapen.

I privatretten uttalast dei eksisterande eigedomsforholda som resultat av ein allmenn vilje. Dette er ein illusjon som juristane er dei materielle representantane for. (Pax, b.2, s.105-109.)

Så ser Marx på skilnaden mellom primitive og siviliserte produksjonsinstrument og eigedomsformer. Dette er ein viktig diskusjon idag då tendensen blant antropologar går i retning av å likestille samfunnsformer uansett kva utviklingsgrad av produktivkrefter ein finn der. Det dei gjer med dette er sjølvsagt å løyse opp historia i enkelhendingar utan samanheng. Dette er ein postmoderne trend som passer godt med den tenkinga som må svare til ein høgt utvikla kapitalisme som tilsynelatande, for kvardagsmedvetet, fell frå kvarandre på alle kantar. Det står i skarp motstrid til Marx sine tankar.

Det er ein skilnad mellom dei naturgitte, primitive produksjonsinstrumenta og dei som sivilisasjonen har skapt. Jorda, vatnet osv. kan sjåast på som naturgitt produksjonsinstrument. Når det gjeld samfunn der naturgitte produksjonsinstrument dominerer, underordnast individa under naturen. Der dei menneskeskapte produksjonsinstrumenta dominerer, underordnast menneska under eit arbeidsprodukt.

I det først tilfellet framstår eigedommen (jordeigedommen) som eit umiddelbart, naturgitt herredømme. I det andre tilfellet framstår eigedommen som arbeidet sitt herredømme, spesielt det akkumulerte (oppsamla) arbeidet, eller kapitalen sitt herredømme.

Det første tilfellet føreset at individa sjølv høyrer saman gjennom eit eller anna band, anten det er familien, stammen, sjølve jorda osv., medan det andre tilfellet føreset at dei er uavhengige av kvarandre og berre blir haldne saman av varebyttet.

I det første tilfellet er byttet for det meste eit bytte mellom menneska og naturen, eit bytte der den eine sitt arbeid blir bytta mot den andre sine produkt. I det andre tilfellet er det vesentleg eit innbyrdes bytte mellom menneska.

I det første tilfellet strekk den gjennomsnittlege menneskelege fornuft til, kroppsleg og andeleg arbeid er enno ikkje delt. I det andre tilfellet må delinga mellom kroppsleg og andeleg arbeid allereie vere fullbyrda i praksis.

I det første tilfellet kan eigaren sitt herredømme over dei eigedomslause bygge på personlege forhold, på eit slags fellesskapsvesen. I det andre tilfellet må dette herredømmet ha teke ei tingleg form i noe nytt, nemleg pengane.

I det første tilfellet eksisterer småindustrien, men underordna under bruken av det naturgitte, primitive produksjonsinstrument og derfor utan fordeling av arbeidet blant ulike individ. I det andre tilfellet eksisterer industrien berre gjennom og i kraft av arbeidsdelinga.

Marx hevdar vidare at han har påvist at privateigedommen var nødvendig for visse industrielle utviklingstrinn. I den ekstraktive industrien fell privateigedommen enno heilt saman med arbeidet. I den småindustrien og i alt jordbruk som hadde vore til Marx si tid, var eigedommen ein nødvendig konsekvens av dei eksisterande produksjonsinstrumenta. Men i storindustrien er motsetninga mellom produksjonsinstrument og privateigedom først storindustrien sitt produkt, og han må då vere høgt utvikla. Først i og med storindustrien er opphevinga av privateigedommen mogeleg. (Pax, b.2, s.109-110. Mi utheving. T.V.)

KAPITALISME, INDIVID OG KOMMUNISME

I storindustrien og i konkurransen er alle eksistensvilkår, føresetnader og alt einsidig hos individa smelta saman i dei to enklaste formene: privateigedom og arbeid. I og med pengane trer einkvar form for samkvem og samkvemmet i seg sjølv fram som noko tilfeldig for individa. Derfor ligg det allereie i pengane sitt vesen at alt samkvem til no har vore eit samkvem mellom individa under bestemte vilkår, ikkje eit samkvem mellom individa som individ. Desse vilkåra er blitt redusert til to: akkumulert arbeid eller privateigedom, eller verkeleg arbeid. Viss eit av desse to vilkåra fell bort, stoppar samkvemmet opp.

På den andre sida er desse individa sjølv fullstendig underordna under arbeidsdelinga og på den måten blitt heilt avhengige av kvarandre. I den utstrekninga privateigedommen innanfor arbeidet står som motpol til arbeidet, utviklar han seg ut frå det nødvendige i akkumulasjonen, og til å byrje med har han fortsatt fellesskapen sin form. Men i den vidare utviklinga nærmar han seg meir og meir privateigedommen si moderne form.

I og med arbeidsdelinga har vi heilt frå byrjinga også ei deling av arbeidsvilkåra, av verktyet og materiala, og dermed oppdelinga av den akkumulerte kapitalen mellom ulike eigarar og som ein følgje av det, spaltinga mellom kapital og arbeid og mellom dei ulike formene for eigedom. Jo meir arbeidsdelinga utviklar seg og jo meir akkumulasjonen auker, desto skarpare trer denne spaltinga fram. Arbeidet sjølv kan berre eksistere under den føresetnaden at denne spaltinga er til stades.

Av dette kan vi leie ut to kjensgjerningar. For det første trer produktivkreftene fram som heilt uavhengige og lausrive frå individa, som ei eiga verd ved sidan av individa, noko som har sin grunn i individa, for dei er kreftene til desse individa, som er splitta og eksisterer i motsetnad til kvarandre. Men på den andre sida er desse kreftene berre verkelege krefter i desse individa sitt samkvem og samanhang.

Vi har altså på den eine sida ein heilskap av produktivkrefter, som på ein måte har teke på seg ei tingleg, ei objektiv form, og som for individa ikkje lenger er individa sine krefter, men privateigedommen sine krefter, og derfor individa sine krefter berre viss desse individa har eigedom.

Ikkje i nokon tidlegare periode hadde produktivkreftene fått ei så likegyldig form for individa i eigenskap av individ, fordi samkvemmet deira i seg sjølv var på eit meir primitivt trinn. På den andre sida står desse produktivkreftene ovafor majoriteten av individ, som desse kreften er blitt lausrivne frå og som derfor er blitt frarøva eitkvart verkeleg livsinnhald, som er blitt til abstrakte individ (arbeidskraft), men som først ved det blir sett i stand til å komme i samkvem med kvarandre som individ. (Pax, b.2, s.111).

Den einaste samanhengen individa har med produktivkreftene og med sin eigen eksistens, arbeidet, har for dei mist kvart skin av eigenverksemd og held oppe livet deira berre ved å forkrøple det.

I tidlegare periodar var eigenverksemd og produksjon av det materielle livet skild ved at dei fall på ulike personar. Då var og individa enno så primitive at produksjonen av det materielle livet enno galdt som ei underordna form for eigenverksemd. Men no er desse to tinga i den grad riven frå kvarandre at det materielle livet i det heile trer fram som formål, og produksjonen av dette materielle livet, arbeidet (som den dag i dag er den einaste, men som vi ser negative form for eigenverksemd) som middel.

Det er altså komme så langt at individa må tileigne seg den eksisterande heilskap av produktivkrefter, ikkje berre for å nå fram til eigenverksemda, men rett og slett for å sikre eksistensen sin. Tileigninga er først og fremst betinga av den gjenstanden som skal tileignast - nemleg produktivkreftene som har utvikla seg til ein totalitet og som berre eksisterer innan eit universelt samkvem. Tileigninga må altså allereie sett frå den sida ha ein universell karakter, ein karakter som svarer til produktivkreftene og samkvemmet.

Tileigninga av desse kreftene i seg sjølv er ikkje anna enn utviklinga av dei individuelle evnene som svarer til dei materielle produksjonsinstrumenta. Tileigninga av ein totalitet av produksjonsinstrument er allereie av den grunn ei utvikling av ein totalitet av evner hos individa sjølv.

Vidare er tileigninga vilkårsbunden av dei individa som utfører ho. Berre dagens proletarar, som er stengd ute frå einkvar eigenverksemd, er i stand til å få tvinga gjennom den fulle eigenverksemda si som ikkje lenger er primitiv og som går ut på å tileigne seg ein totalitet av produktivkrefter og utvikling av ein totalitet av evner som er vilkårsbunden av dette.

Alle tidlegare revolusjonar var primitive. Individa si eigenverksemd var avgrensa av avgrensa produksjonsinstrument. Dei tileigna seg dette avgrensa produksjonsinstrumentet og kom derfor ikkje lengre enn til noko nytt avgrensa. Produksjonsinstrumenta deira vart eigedommen deira, men dei var sjølv framleis underlagd arbeidsdelinga og sitt eige produksjonsinstrument. Ved alle tileigningar til no vart ein masse av individ underlagd eit einaste produksjonsinstrument.

Når proletarane tileignar seg må ein masse av produksjonsinstrument underleggast kvart individ og eigedommen må tilfalle alle. Det moderne, universelle samkvem kan ikkje leggast under individa på annan måte enn ved at det underleggast alle.

Tileigninga er vidare vilkårsbestemt av den måten ho må fullførast på. Ho kan berre gjennomførast som ei sameining, som på grunn av proletariatet sin karakter berre kan vere universell. Og ho kan berre gjennomførast gjennom ein revolusjon, kor på den eine sida makta til den tidlegare produksjons- og samkvemsforma og til den tidlegare samfunnsstrukturen, blir styrta, og kor proletariatet sin universelle karakter og den nødvendige energien for å gjennomføre tileigninga utviklar seg, og kor proletariatet kvittar seg med alt som enno er igjen etter den tidlegare stillinga det hadde i samfunnet.

Først på dette trinnet fell eigenverksemda saman med det materielle liv, saman med individa si utvikling til totale individ og frigjering frå primitivitet. Dermed blir det overreinstemming mellom arbeidet si forvandling til eigenverksemd og forvandlinga av det tidlegare vilkårsbestemte samkvemmet til samkvem mellom individa som slike.

I og med at dei sameinte individa tileigner seg dei totale produktivkreftene, opphører privateigedommen. (Pax, b.2, s.112-113).

Vi ser her korleis Marx avgrensar seg mot den smågruppe-kommunismen og den primitive småbrukar-kommunismen som visse feministar og økologar talar for.

For Marx voks ikkje kommunismen fram av dei naturlege omsorgsfunksjonane som alle levande arter på ein ealler annan måte har ovaor avkommet sitt. Det spring heller ikkje fram av forholda mellom kvinnebøndene i dei tilbakeliggande økonomiane i den tredje verda.

Kommunismen spring fram av dei mest utvikla produktivkreftene og kommunikasjonane og av massen av dei individa som desse kreftene skaper, nemleg det moderne proletariatet, anten desse proletarane er menn, kvinner, kvite, svarte, unge, gamle. Berre gjennom å smi einskapen mellom desse gruppene i strid mot hovudfienden, kan klassen magasinere opp dei kreftene som skal til for å ta dei første skritta som må til for å revolusjonere samfunnet. Derfor er det så viktig å ha ein god analyse av "kven som er fiendar og kven som er venner" for å sitere fritt frå Mao.

I denne striden mot hovudfienden blir det mogeleg å løyse motsetningane mellom dei andre klassane og gruppene litt etter litt. Dersom vi satsar på å løyse desse motsetningane utanfor striden mot hovudfienden vil det ikkje lukkast og folket vil splittast opp i delar som strider med kvarandre istadenfor mot fienden. Derfor er det så avgjerande viktig å peike ut hovudfienden og konsentrere kreftene om kampar som rører rett i "sjela" på heile klassen og alle gruppene innan folket.

Marx seier så at ut frå den historieoppfatninga han har lagt fram kjem vi fram til følgande resultat:

1) I utviklinga av produktivkreftene kjem vi fram til eit trinn der det blir brakt fram produktivkrefter og samkvemsformer som under dei eksisterande forholda berre gjer skade, som ikkje lenger er produktivkrefter men øydeleggingskrefter (maskineri og pengar) - og i samanheng med dette voks det fram ein klasse som skal bere alle byrdene i samfunnet utan å nyte fordelane, som blir trengt ut av samfunnet og inn i eit avgjort motsetnadsforhold til alle andre klassar. Ein klasse som utgjer fleirtalet av all medlemma i samfunnet og kor medvetet om ein grundig revolusjon, det kommunistiske medvetet, har utgangspunktet sitt - eit medvet som sjølvsagt og kan danne seg blant dei andre klassane ut frå eit studium av denne klassen si stilling.

2) Dei vilkåra som bestemte produktivkrefter kan brukast under, har utspringet sitt i ein bestemt samfunnsklasse sitt herredømme. Den sosiale makta til denne klassen som går ut frå den eigedommen han har, får det praktisk-idealistiske uttrykket sitt i den statsforma som er framherskande til kvar tid, og derfor er einkvar revolusjonær kamp retta mot ein klasse som til då har hatt makta.

3) I alle tidlegare revolusjonar har karakteren av verksemda vore urørt, det har berre dreid seg om ei anna fordeling av denne verksemda, ei ny fordeling av arbeidet til nye personar, medan den kommunistiske revolusjonen rettar seg mot sjølve den karakteren verksemda har hatt til no, han fjernar arbeidet i den forma det no har som lønnsarbeid og opphevar alle klassar sitt herredømme saman med klassane sjølv, fordi denne revolusjonen drivast fram av ein klasse som ikke lenger reknast som ein klasse i samfunnet, ikkje godkjennast som klasse og allereie er eit uttrykk for oppløysinga av alle klassar, nasjonalitetar osv. innan det noverande samfunnet.

4) Både til å frambringe dette kommunistiske medvetet i massemålestokk og til å gjennomføre sjølve saka, er det nødvendig å endre menneska i massemålestokk, og ei slik endring kan berre skje i ei praktisk rørsle, i ein revolusjon. Revolusjonen er altså ikkje berre nødvendig fordi den herskande klassen ikkje kan styrtast på nokon annan måte, men også fordi den styrtande klassen berre i ein revolusjon kan komme så langt at han kvittar seg med heile den gamle dritten og blir i stand til å grunnlegge samfunnet på nytt. (Pax, b.2, s.114).

 

OM KOMMUNISMEN

Eg vil her ta utgangspunkt i fire svært interessante tekstar om kommunismen som Marx har skrive.

a) Det er ein bolk på 14 sider i "økonomisk-filosofiske manuskript" som er kalla "Privateigedom og kommunisme" (Pax, b.1, s.120-133 og Falken s.226-247).

b) Det er ein bolk på vel 6 sider i "Feuerbach" som er kalla "Kommunisme. Produksjon av sjølve samkvemsforma." (Pax, b.2, s.115-122).

c) Det er nokre avsnitt frå siste delen av "Grunntrekk i kritikken av den politiske økonomien" ("Grundrisse") Sjå Karl Marx: "Grunddragen i kritiken av den politiska ekonomin i urval av Sven-Erik Liedman", Tema teori 5, Zenit . Raben & Sjøgren, 1971 og Karl Marx: "Grundrisse", Penguin 1973. Det utvalet som du finn i Tema si bok kan du og finne på dansk i boka "Kritik av den politiske økonomi, Grundrids, udvalgt og oversat av Kjeld Schmidt", Bibliotek Rhodos 1970. Prinsippet for utvalet er at dei tek med det som ikkje er teke nærare opp att i "Kapitalen".

d) Det er tredje del av 48. kapittel i 3. bind av "Kapitalen".

Kjernen i Marx si forståing av kommunismen er at menneska opphever motsetninga mellom seg sjølv og resten av naturen gjennom å ta kontroll med sine eigne produktive krefter.

Han skriv slik om dette: "Kommunismen skiljer seg frå alle tidlegare rørsler ved at han snur opp ned på grunnlaget for alle tidlegare produksjons- og samkvemsforhold. For første gong blir alle naturgitte førsetnader handsama som noko som er skapt av tidlegare menneske. Desse føresetnadene får fjerna frå seg primitiviteten sin og blir underlagd dei sameinte individa si makt. Innføringa av kommunismen er derfor vesentleg ei økonomiske hending, det er oppretting av dei materielle vilkår for denne sameininga. Med dette blir dei eksisterande vilkåra gjort om til vilkår for at individa kan sameinast. Det eksisterande som kommunismen skapar er såleis det verkelege grunnlaget for å umogeleggjere alt som eksisterer uavhengig av individa, i den utstrekninga dette eksisterande likevel ikkje er anna enn eit produkt av individa sitt samkvem til då." (Pax, b.2, s.115).

Marx sine refleksjonar om kommunisme i dei økonomisk-filosofiske manuskripa er svært interessante. Vi må derfor sjå litt nærare på dei før vi kjem tilbake til "Den tyske ideologi. Feuerbach". Marx skriv her om utviklinga av kommunismen. (Falken, s.226 og utetter.)

Opphevinga av sjølvframandgjeringa følgjer samme veg som utviklinga av sjølframandgjeringa gjer. Altså: utan ein høgt utvikla kapitalisme er ikkje kommunismen mogeleg.

Slik Marx såg det i 1844 hadde kommunismen allereie då gått gjennom ei utvikling. Først hadde folk berre sett privateigedommen frå den objektive sida si (som ting) - endå om arbeidet vart oppfatta som vesenet til privateigedommen. Eksistensforma til privateigedommen vart derfor kapitalen som skulle opphevast "som sådan". (Arbeidet skulle ikkje opphevast.) Det var dette Proudhon meinte.

Eller så vart den spesielle uttrykksforma for arbeidet, at det var nivellert, oppstykka og derfor ufritt arbeid, oppfatta som årsaka til at privateigedommen er så skadeleg og så framandgjort for menneska. For å rette på dette kravde nokre at dei industridrivande skal ha fullt herredømme og at arbeidarane må få betre kår. Det var dette Saint-Simon meinte.

 

Den rå eller primitive kommunismen

 

Endeleg var kommunismen det positive uttrykket for den oppheva privateigedommen. Han var i første rekke den allmenne privateigedommen.

Då kommunismen fattar dette forholdet allment, er han i den første forma si ei allmenngjering og fullbyrding av dette forholdet. Derfor viser kan seg i dobbelt skapnad. På den eine sida er den tinglege eigedommen sitt herredømme over han så sterkt at denne kommunismen vil øydelegge alt som ikkje kan eigast av alle i eigenskap av privateigedom, han ønskjer å sjå vekk frå talent osv. med vald. Han ser på det fysiske umiddelbare eiget som det einaste målet med livet og tilveret. Kategorien arbeidar blir ikkje oppheva, men blir utvida til å omfatte alle menneske. Privateigedommen sitt forhold er framleis fellesskapen sitt forhold til tinga si verd.

Endeleg kjem denne rørsla, som går ut på å sette den allmenne privateigedommen i staden for privateigedommen til uttrykk i den bestialske forma at kvinnefellesskapet (I Falken skriv dei "konefellesskap", men på tysk brukar dei ordet "Weib" som helst tyder "kvinne".) blir sett opp mot ekteskapet (som faktisk er ei form for eksklusivt privateige), noko som gjer kvinna til fellesskapseigedom og felleseigedom.

Vi bør seie, skriv Marx, at tanken om kvinnefellesskapet er den uttalte løyndommen til denne enno råe og tankelause kommunismen. På samme måte som kvinna går ut av ekteskapet og inn i den allmenne prostitusjonen, går heile rikdomsverda, dvs. den verda som omfattar menneska sitt tinglege vesen (altså kapitalen) ut av det eksklusive ekteskapet med den private eigedomseigar og inn i den universelle prostitusjon med fellesskapet. Prostitusjonen er berre eit spesifikt uttrykk for arbeidaren sin allmenne prostitusjon, og ettersom prostitusjonen er eit forhold som omfattar ikkje berre den prostituerte, men også den som utnyttar den prostituerte, og som er endå meir skarveleg, kjem også kapitalisten inn under denne kategorien. (Falken s.228)

Denne kommunismen, som på alle måtar fornektar mennesket sin personlegdom, er enno berre det konsekvente uttrykket for privateigedommen som nett ber i seg ei slik fornekting. Den allmenne misunninga, konstituert som makt, er den fordekte forma som griskleiken kjem til uttrykk i og som ho finn tilfredsstillinga si i, berre på ein annan måte. Tanken hos kvar privateigedom er i det minste retta mot den rikare privateigedommen i form av misunning og trong til utjamning, slik at dette til og med utgjer konkurransen sitt vesen.

Den rå (primitive) kommunismen er berre denne misunninga og utjamninga ut frå eit tenkt minimum, trukke ut i sin ytste konsekvens. Han har eit bestemt, avgrensa mål. At denne opphevinga av privateigedommen ikkje er noka verkeleg tileigning av han, går nett fram av den abstrakte fornektinga av heile kulturen og sivilisasjonen si verd, av at han går tilbake til det unaturleg enkle til dei fattige og behovslause menneska som ikkje har heva seg opp over privateigedommen sitt nivå, ja, som ikkje ein gong har nådd opp til det.

Denne fellesskapen er berre ein arbeidsfellesskap der den kollektive kapitalen, fellesskapen som allmenn kapitalist, betalar ut lik lønn. Begge sidene i forholdet er heva opp til ein tenkt fellesskap der arbeidet blir det som einkvar er bestemd til og der kapitalen blir fellesskapen sin anerkjende fellesnevnar og makt.

Det uendelege forfallet i forhold til seg sjølv, som mennesket finn seg i, kjem til uttrykk i forholdet til kvinna som bytte og tjenerinne for den samfunnsmessige vellysten, fordi løyndommen ved dette forholdet har sitt utvetydige, avgjerande, åpenberre, avdekte uttrykk i mannen sitt forhold til kvinna og den måten som det umiddelbare artsforholdet blir oppfatta.

Mannen sitt forhold til kvinna uttrykker mennesket sitt direkte, naturlege, nødvendige forhold til mennesket. I dette naturlege artsforholdet uttrykker mennesket forholdet sitt til naturen umiddelbart i forholdet det har til mennesket, på samme måte som det forholdet det har til mennesket umiddelbart uttrykker det forholdet det har til naturen, til si eiga naturlege bestemming.

I dette forholdet går det altså fram på ein sansbar måte, i form av eit faktum som kan observerast, i kva grad det menneskelege vesen er blitt natur for mennesket, eller i kva grad naturen er blitt mennesket sitt menneskelege vesen. Ut frå dette kan vi altså dømme om heile kulturnivået hos menneska. Det går fram av karakteren av dette forholdet i kva grad mennesket ser og oppfattar seg sjølv som artsvesen, som menneske. Mannen sitt forhold til kvinna er mennesket sitt meste naturlege forhold til mennesket. Det forholdet avdekkar derfor i kva grad mennesket si atferd er blitt menneskeleg eller i kva grad det menneskelege vesen er blitt det naturlege vesenet til mennesket, og kva grad den menneskelege naturen er blitt mennesket sin natur. Det går og fram av dette forholdet i kva grad mennesket sitt behov er blitt menneskelege behov, altså i kva grad det andre mennesket som menneske er blitt eit behov for det, og i kva grad det i det mest individuelle tilværet sitt, samstundes er eit samfunnsmessig (fellesskaps-) vesen. (Falken, s.229-30)

Ut frå denne framstillinga konkluderer Marx med at den første primitive opphevinga av privateigedommen - den grove, rå kommunismen - altså berre er ei ytringsform for det leie ved privateigedommen som vil vise seg fram som den positive fellesskapen.

Den politiske kommunismen.

Den neste forma for kommunisme, skriv Marx, er ein kommunisme som a) etter den politiske naturen sin anten er demokratisk eller despotisk, og som b) går inn for oppheving av staten, men samstundes ikkje fullført og som framleis står under innflyting av privateigedommen, dvs. framandgjeringa av mennesket.

I begge desse formene oppfattar kommunismen seg allereie som mennesket sin reintegrasjon eller tilbakevending til seg sjølv, som oppheving av mennesket si framandgjering av seg sjølv, men ettersom han enno ikkje har forstått privateigedommen sitt positive vesen og har oppfatta like lite av behova sin menneskelege natur, er han enno full med og smitta av han. Han har riktignok oppfatta omgrepet til privateigedommen, men ikkje vesenet hans.

 

 

Den sosiale eller radikale kommunismen

 

Den tredje og siste forma for kommunisme står for ei positiv oppheving av privateigedommen (som er mennesket si framandgjering av seg sjølv), og går følgeleg inn for ei verkeleg tileigning av det menneskelege vesen gjennom og for mennesket. Denne kommunismen står derfor som ei fullstendig medveten tilbakevending til mennesket som samfunnsmessig, dvs. menneskeleg menneske, der heile den tidlegare utviklinga sin rikdom blir teke vare på.

Denne kommunismen er som fullgjort naturalisme=humanisme, og som fullgjort humanisme=naturalismen. Han står for den sanne oppløysinga av striden mellom mennesket og (resten av) naturen og mellom mennesket og mennesket, den sanne oppløysinga av striden mellom eksistens og vesen, mellom tingleggjering og sjølvutfalding, mellom fridom og naudsyn, mellom individ og art. Han er løysinga på historia si gåte og han er medveten om det. (Falken, s.230-231. Dette avsnittet har eg er "finpussa" etter den tyske utgåva i Marx-Engels Werke (MEW 40).)

Heile historia si rørsle er derfor på den eine sida den verkelege skapinga av denne kommunismen, det er denne kommunismen si empiriske føding. På den andre sida er ho, for det tenkande medvetet sitt, den skjønte og sannkjenna rørsla til denne skapinga, medan einkvar kommunisme som enno er ufullført, søkjer eit historisk prov for seg sjølv i enkeltståande historiske formasjonar som står i motsetnad til privateigedommen. Han prøver å finne eit prov for seg sjølv i det som allereie finst ved at han riv laus enkelte moment av rørsla og bruker dette som prov for at han er historisk av reint blod. Men med det prover han berre at den aller største delen av denne rørsla motseier det han påstår og at sjølv det tidlegare tilveret - viss det nokon gong har vore til - nett tilbakeviser det kravet han har på å vere vesen.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at heile den revolusjonære rørsla må finne både det empiriske og teoretiske grunnlaget sitt i privateigedommen si rørsle - i økonomien.

Denne materielle privateigedommen som kan sansast umiddelbart, er det materielle, sansbare uttrykket for det framandgjorte menneskelege liv. Rørsla til privateigedommen - produksjonen og forbruket - er det sansbare uttrykket for heile den tidlegare produksjonen si rørsle, dvs. at han er mennesket si verkeleggjering eller verkelegheit. Religion, familie, stat, rett, moral, vitskap, kunst osv. er berre spesielle former for produksjonen og fell inn under produksjonen sin allmenne lov.

Den positive opphevinga av privateigedommen, som tileigning av det menneskelege liv, ber derfor i seg ein positiv oppheving av all framandgjering og tyder følgeleg at mennesket vender tilbake frå religion, familie, stat osv. til den menneskelege, dvs. den samfunnsmessige eksistensen sin. (Falken, s.231-232.)

Før eg følgjer Marx sin tankegang vidare vil eg komme med nokre eigne kommentarar om ulike former for kommunismen og om familie og kvinneundertrykking.

 

Kommentar om politisk kommunisme etter Marx

 

Viss vi tek utgangspunkt i Marx sine tankar om utviklinga av kommunismen slik dei er framlagt her, så har vi ei opning til ei ny og meir nyansert forståing av kommunisme i det heile. Den kommunismen (eller sosialismen som vi ofte kallar han) som vi har sett til no, har vore av ein spesiell type. Det har vore delvis ein rå og delvis ein politiske kommunisme som vart kjempa fram i land som stort sett var komme svært kort på ei kapitalistisk utvikling i det heile, eller i nokre mindre land med meir utvikla produktivkrefter. Denne kommunismen har eksistert ut frå lite utvikla produktivkrefter og i eit hav av fiendtleg, imperialistisk kapitalisme. Også i nokre mindre land med meir utvikla produktivkrefter har dei forsøkt å gjennomføre denne typen kommunisme.

I alle desse landa fekk ikkje kommunismen ei demokratisk, men ei despotisk form. Seinare degenererte han som følgje av imperialistiske åtak utanfra og dårleg indre grunnlag, og han fekk stadig fleire borgarlege trekk. Eit hovudansvar for at denne kommunismen aborterte har dei sosialdemokratiske leiarane i dei kapitalistiske landa som gjekk i allianse med borgarskapet og sveik arbeidarklassen og folket i Sovjet og dei andre kommunistiske landa nett då dei trengte hjelpa mest. Eg tenkjer her både på mellomkrigstida og på mcCarthytida.

I desse landa tvinga dei lite utvikla produktivkreftene fram ei arbeidsdeling mellom folka igjen. Dei vart delt i styrte og styrande, folk som anten dreiv med manuell eller med intellektuell verksemd. Der var og mange andre skilnadar som dei ikkje kunne oppheve.

Idag må vi ta heilt innover oss at desse forsøka ikkje har lukkast. I det tidlegare Sovjet og i satellittlanda blir no den tradisjonelle kapitalistiske marknadsøkonomien innført, og det kan sjå ut som dei nye statande der blir underlagt den kapitalistiske imperialismen med alt elendet det fører med seg.

I Kina ser det ut som dei vil prøve den japanske og sør-koreanske vegen. Dei viktigaste trekka ved denne vegen er statsmonopolkapitalisme som satsar på å vinne i den kapitalistiske verdsmarknaden ut frå særeigne forhold i desse landa. Over alt ellers i verda er alle former for "avsondring" ("delinking") eller "sosialisme i eit land" eller sosialdemokratiske løysingar som vi kjenner dei frå Norge, i ferd med å bli avvikla.

Dette trur eg tyder at vi verkeleg er inne i ein ny kapitalistisk epoke der mellombels avgrensingar av kapitalveldet blir knust og kapitalen erobrar verda på ein måte som vi aldri har sett maken til.

Dette tyder også at dei ideologiane som er knyte til "sosialisme i eitt land", "avsondring" osv. er bankerott. Den forma for "kommunistisk" ideologi som vart utvikla først og fremst i Sovjet og Kina av Stalin og Mao har lide nederlag saman med nederlaga for dei kommunistiske (sosialistiske) eksperimenta. Begge desse eksperimenta er fullt ut prega av at dei der prøvde å oppnå endringar i samfunnet som ikkje allereie var mogna ut frå dei eksisterande materielle forholda i samfunna. Dessutan måtte dei gjennomføre desse forsøka i kamp mot ein svært sterk kapitalistisk imperialisme.

Ut frå rein naudtvang (på grunnlag av lågt utvikla produktivkrefter og åtak frå imperialismen) levde alle klassane i desse landa under sterkt framandgjorte forhold også etter den politisk-kommunistiske revolusjonen, dvs. at dei levde under ei høg grad av tvungen arbeidsdeling. Dette sette rammene også for utviklinga av dei metodane som dei måtte nytte i den vidare utviklinga. Berre leiarane var i ei slik stilling at dei kunne styre. Og leiarane måtte "piske på" arbeidarklassen og folket som altså vart tvinga av leiarane sine til å skape materielle vilkår for å oppheve framandgjeringa. Og som Marx seier, så går vegen ut av framandgjeringa berre gjennom framandgjeringa sjølv. Berre når produktivkreftene er så høgt utvikla at vi kan oppheve arbeidsdelinga er det mogeleg å komme vidare frå ein politisk kommunistisk revolusjon til ein sosial kommunistisk revolusjon.

I desse forsøka på å skape materielle vilkår for å oppheve arbeidsdelinga, var det ei naturleg utvikling at leiarane skapte teoriar og ideologiar som også var framandgjorte. Eller så skapte dei teoriar og ideologiar ut frå kunnskap om situasjonen i dei meir utvikla kapitalistiske landa, eller ut frå situasjonen i den vellukka politiske revolusjonen i eige land, på sida av ei økonomisk verkelegheit som utvikla seg av eiga tyngd. Kulturrevolusjonen var eit eksempel på dette. Når dei materielle vilkåra manglar for nå ønskemåla, blir masselinja til rein politikk, moralisme og til slutt til fascisme. Dei materielle grunnlaga for å oppheve framandgjeringa i desse landa, kan dei berre nå gjennom politikk, moralisme og fascisme, eller gjennom den brutale kapitalismen, dvs. på ymse framandgjorte måtar.

Den store feilen til kommunistpartia i Norge og "Vesten" har vore at dei har knyte utviklinga av eigne teoriar og politikk for tett til dei "kommunistiske" ideologiane i Sovjet og Kina. Dette har på eit vis vore ein naturleg feil, men det har hindra kommunistpartia i høgt utvikla kapitalistiske land å utvikle teoriar om kommunistiske revolusjonar og kommunistiske samfunn som svarer til utviklinga av produktivkreftene her.

Dermed har alle folk lettare kunne tru at dei rå og primitive, ja også dei degenererte, politiske kommunismane som vi har sett til no, har vore dei kommunismane som vil oppstå i dei høgt utvikla kapitalistiske landa og. Når desse kommunismane har misslukkast har også noen dradd den konklusjonen at "kommunismen i seg sjølv" er bankerott eller i alle fall så skandalisert at vi må fornekte han.

Dette har og ført til andre vanskar. Det har ført til at dei "visjonane" vi har skapt av kommunismen, har tatt utgangspunkt i dei problema som har vore i Sovjet og Kina. Det har og ført til at det har vore ein tendens til å sjå på arbeidarklassen og folka i dei høgt utvikla kapitalitiske landa som mindre viktige i den revolusjonære striden. Dei viktige og inspirerande kampane gjekk føre seg i dei mindre økonomisk utvikla landa i verda. Det er jo også lettare å snakke om, og å støtte kampen andre stader, enn å reise han på fullt alvor heime hos seg sjølv.

AKP(m-l) såg at Sovjet var blitt eit borgarleg samfunn på 60-talet og tok eit slags oppgjer med det. Vi kasta oss då på standpunkta til kinesarane i den såkalla "store polemikken" som gjekk på siste del av 50-talet og første del av 60-talet.

Men vi gjorde etter mi meining ein alvorleg feil. Vi analyserte Sovjet som eit kapitalistiske samfunnssystem ut frå at det der var vokse fram ein ny herskarklasse av stats- og partibyråkratiet. Vi kalla det for statsmonopolkapitalistisk eller byråkratkapitalistisk. Det vi gløymte var at det også politiske fasen av kommunismen vil vekse fram eit styrande byråkrati og at dette vil skilje seg minst så mykje frå arbeidarklassen og folket som produktivkreftene krev i form av tvungen arbeidsdeling. Det kan også skilje seg meir frå enn dette.

Vi gløymte at også kommunismen sin første fase, den politiske kommunismen, (som vi har kalla sosialismen) framleis rører seg innanfor framandgjeringa sine grenser. Den politiske revolusjonen er berre ei negativ oppheving av kapitalen og privateigedommen, men ikkje ei positiv oppheving av han. Den positive opphevinga av arbeid og eigedom (kapitalen) er kjenneteiknet på neste fase som Marx kalla den sosiale kommunismen og som eg vil kalle den radikale kommunismen fordi det først er her vi kjem til rota av problema. Lenin tok opp fleire av desse problema i boka om "Staten og revolusjonen", særleg i kapittel V, 4, "Den høgare fasen i det kommunistiske samfunnet". Sjå til dømes Lenin "Utvalgte verker i 12 bind", bind 8, "Staten og revolusjonen", Oktober forlag 1977, sidene 116-124.

Fordi dei einsidige og avgrensa "kommunistiske" ideologiane i Sovjet og Kina har dominert mykje av tenkinga til kommunistar over heile verda, og fordi desse har gravd ned Marx sine verker, treng vi no nett ein marxistisk renessanse som i første omgang legg hovudvekta på Karl Marx sine tankar og teoriar. Med det som "ballast" vil det vere mykje lettare å skilje brukeleg saker frå det ubrukelege i alt det teoretiske arbeidet som sidan 1925 har vore dominert av Stalin og Mao og av borgarlege teoretikarar. Også anna teoretisk arbeid vil det då vere lettare å vurdere.

Med dette som utgangspunkt vil vi kunne gjere fleire nødvendige teoretiske nyvinningar som vil heve nivået på og omfanget av det praktiske arbeidet vårt svært mykje. Då vil vi kunne skape vilkår for ein offensiv for den radikale kommunismen i breie lag av arbeidarklassen og folket. Dette er også ein nødvendig føresetnad for å hindre ein ny runde med fascismeliknande barbari og for å hindre ein ny verdskrig. I alle høve må det til for å skape nokre vilkår for å gjennomføre kommunistiske revolusjonar på ein slik måte at det fører til minst mogeleg ulempe for alle.

 

 

Kommentar om familien og kvinneundertrykkinga

 

 

Her passar det og å ta opp nokre punkt når det gjeld familien og kvinneundertrykkinga. Slik eg oppfattar det, har Marx ein teori om familien og kvinneundertrykkinga som er ein viktig og integrert del av den heilskapelige teorien hans om samfunnsutviklinga. Marx analyserer den historiske utviklinga av familien i lys av utviklinga av heile den menneskelige framandgjøringa.

Familien har gått gjennom ei lang utvikling og vi må ikkje abstrahere så mykje at vi trur at dei ulike familieformene er meir like enn dei verkeleg har vore. Ifølge Marx var familien først den viktigaste sosiale einskapen, etterpå vart han underordna under andre einskapar.

Som alltid støtta Marx seg også i dette spørsmålet på ei sjølvstendig vurdering av den siste forskninga på området. Og som alltid så slutta han heller ikkje med å oppjustere kunnskapane sine og lage stadig betre teoriar. I dei siste åra av livet sitt gjorde han på ny ei gjennomgang av dei nyaste forskningsresultata frå heile verda. Han studerte då skriftene til etnografien sine pionerar. Notatbøkene hans frå denne tida er no publiserte.

Marx slutta seg til mykje av det Lewis H. Morgan presenterte i boka "Ancient Society", London 1877. Morgan undersøkte først og fremst slektskapsforhold blant dei "amerikanske" "indianarane" både i Nord-, Mellom- og Sør-Amerika og han undersøkte slektskapsforhold hos stammar i India og på Hawaii. Det han fann ut her samanlikna han så med kjelder om familieformen hos dei gamle grekararne og romarane. Men han var også innom andre folkeslag, som kelterane, skottane, irlendarane, albanarane, folket i Dalmatia og Kroatia og "sanskritiske" folkeslag.

Marx likte tilnærmingsmåten til Morgan. Eit sitat kan vise oss kvifor han gjorde det.

"Familien", seier Morgan, "er det aktive elementet. Familien er aldri stilleståande, men skrid frametter frå ei lågare til ei høgare form i samme grad som samfunnet utviklar seg frå eit lågare til eit høgare trinn. Slektsskapssystema er derimot passive. Berre med lange mellomrom registrerer dei dei framstega som familien har gjort gjennom i tid, og endrar seg berre radikalt når familien endrar seg radikalt". "Og" føyer Marx til, "slik er det også med politiske, juridiske, religiøse og filosofiske system i det heile." (Sitert etter Engels: Familien osv.)

Men Marx gjekk også detaljert og kritisk inn i undersøkingane til John Budd Phear om dei ariske landsbyane i India og på "Ceylon" dvs. Sri Lanka.

I tillegg kommenterte han nøye og kritisk Henry Sumner Maine sine føredrag om institusjonane sin tidlige historie, der han studerer både europeiske og indiske forhold.

Og til slutt gjekk han grundig inn på John Lubbock si bok "The Origin of Civilisation" der følgjande område er tatt opp til diskusjon med omsyn på slektskap og familieforhold: India, Guinea, Egypt, Sentral-Afrika, Nord-Afrika, Vest-Afrika, Sumatra, Nord-Amerika, Haiti, Mexico, Polynesia, Australia, Sibir, Ny-Zeeland, dei karibiske øyane og fleire plassar.

For Marx sine kommentarar sjå "The Ethnological Notebooks of Karl Marx, Van Gorcum & Comp. B.V. - Assen, The Netherlands 1974.

Marx meiner også at Morgan si periodeinndelinga av historia er fruktbar. Morgan delar menneskehistoria inn i tre hovedepokar etter graden av menneska si utveksling med naturen rundt.

1. Den ville tilstanden, dvs. den tida då menneska tileigna seg dei ferdige naturprodukta og då menneska sine kunstprodukt i det vesentlege var hjelpereiskapar for denne tileigninga.

2. Barbariet, dvs. den tida då kvegal og åkerdyrking oppstod og då dei lærte metodar til å auke produksjonen av naturprodukt ved menneskelig verksemd.

3. Sivilisasjonen, dvs. den tida då dei lærte den vidare utvikling av arbeid med naturprodukt - den eigentlige industri og kunsten.

Morgan delar også kvar av desse hovedpriodane i tre underperiodar og han påviser eit hovedskilje i utviklinga av menneskehistorie mellom "Vest", dvs. Amerikas og "Aust", dvs. først og fremst Eurasia". Han har lite data frå Afrika etter det eg kan sjå.

(Her sitert og fremstelt frå Engels: "Familien, privateigedommen og staten sin framvekst" som kom ut kort tid etter at Marx var daud.)

Marx (og Engels) var samd med Morgan i at den framandgjorte, moderne, monogame familien utvikla seg på overgangen frå barbariet til sivilisasjonen.

Med Morgan peikar Marx ut fem typar familie som har eksistert kvar i sine epokar og på sine plassar. Det er 1) "Blodslektskapsfamilien" der ei gruppe brødre og systre levde og parra seg saman. Denne familien var det ikkje levande eksempel på då Marx levde. Deretter kom 2) "punaluafamilien", oppkalt etter eit folk på Hawaii. Her gifta mange brødre seg med kvarandre sines koner og mange systrer seg med kvarandre sine menn. Så kom familieform nr. 3) som vart kalla parfamilien (syndyasmianske familieform). Her levde mann og kvinne saman i par, men utan ekslusivt sambuskap. Dette er spiren til den monogame familie. Ektefolka kunne skilje seg dersom ein av partane ville det. Denne forma utgjorde ikkje eit bestemd slektsskapssystem. Den 4) familieforma vart kalla patriarkalsk. Denne forma var grunnlagt på at ein mann gifta seg med fleire kvinner. Dette var ein lite utbredd skikk, men hebrearane praktiserte han. Den 5) og siste forma var monogamiet. Ein mann giftar seg med ei kvinne og har eksklusiv rett til sambuskap. Dette er den moderne familieforma.

Med utgangspunkt i Marx sine notatar studerte Engels vidare den historiske utviklinga av familien og publiserte boka "Familiens, Privatejendommens og Statens Oprindelse", Tiden 1949. (Boka kom først ut i 1884 og har komme i mange opplag på mage språk.)

Her forenklar han dette familieskjemaet til tre hovedformer: 1) gruppeekteskapet som høyrer til den perioden han kallar den "ville tilstanden", 2) parringsekteskapet som høyrer til den perioden han kallar "barbariet" og 3) monogamiet supplert av ekteskapsbrudd og prostitusjon som høyrer til den perioden han kallar "sivilisasjonen". Parfamilien og den patriarkalske familien reknar han som overgangsformar mellom den 2. og 3. formen.

Akkurat som Marx meiner Engels at kvinna først var det leiande kjønnet. Kvinnekjønnet sitt verdshistoriske nederlag fell saman med utviklinga av eigedom og den monogamiske familieforma.

Monogamiet "var den første familieform som ikkje var grunna på naturlige, men på økonomiske omsyn, nemleg privateigedommen sin siger over den opprinnelige naturlige felleseigedom. Mannen sitt herredømme i familien og avlinga av ungar som berre kunne vere hans og som var bestemd til å arve rikdommane hans - det var det einaste formålet med einskildekteskapet, og grekarane sa det rett ut utan å pynte på det".

"Einskildekteskapet" "viser seg som det ein kjønnet si underkuing under det andre, som budbringaren av i motseiing mellom kjønna som tidligare i førhistoria var ukjend".

".. den første klassemotsetninga som opptrer i historia, fell saman med utviklinga av interessemotsetninga mellom mann og kvinne i einskildekteskapet, og den første klasseundertrykkinga fell saman med kvinnekjønnet si undertrykking under mannekjønnet."

"Einskildekteskapet var eit historisk framsteg, men det er samstundes innleiinga til den tidsalderen som har strekt seg heilt fram til vår tid side om side med slaveriet og privatrikdommen, og der kvart framskritt samstundes er eit relativt steg attende, avdi den eine si nyting og utvikling skjer ved den andre si liding og undertrykking. Det er det siviliserte samfunnet sin celleform der vi alt kan studere naturen til dei motsetningar og motseiingar som kjem til full utfalding i dette samfunnet." (Engels, kap.II, s.81-82.)

Engels diskuterer så kvinna si stilling i det gamle Hellas, i Romerriket, i det germanske området og utviklinga framover til føydalismen og kapitalismen.

Ei særs viktig utviklinga av produktivkreftene var temminga av husdyra. Med dette oppstod ei ny utruleg stor kjelde til rikdom som skapte heilt nye samfunnsforhold. Denne utviklinga skjedde først hos ariarane og semittarane på flatmarkene og i områda ved fleire av dei store elvene i Asia.

Den store rikdommen tilhøyrte nok først gensen eller stammen eller klanen, men tidleg må det ha utvikla seg privat eigedomsrett til flokkane.

Ut frå den tidlegare naturlege arbeidsdelinga i det som dei kallar for parringsfamilien, var det mannen som i hovedsak skaffa føde som var langt borte frå heimen og som skaffa dei reiskapane som måtte til for det. Derfor blei det han som eigde desse tinga. Han blei også eigar av kveget som var ei slik produktivkraft. Men han kunne ikkje levere rikdommen sin vidare til ungane sine gjennom arvefølgja fordi det frå tidligare av var gensen til kona sine brødre og systre som arva det som blei att frå ekteskapet og ikkje mannen sine barn. Dei var arvelause.

Mannen blei altså, ut frå den aukte vekta si i den materielle produksjonen av livet, viktigare og viktigare i familien og til slutt kunne han omstøyte morsretten ved å sørgje for at dei mannlige medlemmene sine etterkommarar for framtida skulle bli i den gensen dei gifta seg inn, mens dei utelukka kvinnene sine etterkommarar og sendte dei til faren sin gens. Dermed kunne berre faren sine ungar arva eigedom. Det førte til at kvinna måtte prove at ungane hennar var mannen sine, dersom dei skulle få arv. Med dette var ho både fråteke retten til eigedom og underlagt mannen seksuelt.

Omstyrtinga av morsretten var kvinnekjønnet sitt verdshistoriske nederlag, seier Engels. Mannen tok styringa også i heimen, og kvinna blei nedverdiga, kua, gjort til slave under lystene hans og til ein rein reiskap for ungeavl. Denne underkua stillinga er enno ikkje oppheva nokon stad, konkluderer Engels.

Den hevdvunne ulikskap mellom mann og kvinne, som vi (på 1880-talet) har tatt over frå tidlegare samfunnsordningar, er ikkje årsaka til, men verknaden av kvinnene si økonomiske undertrykking (dvs. av den materielle framandgjøringa), sier Engels. Det marxistiske synet på røtene til kvinneundertrykkinga skiljer seg her frå det feministiske. Eg skal straks seie meir om det.

Det vil vise seg, seier han vidare, at det første vilkåret for kvinna si frigjering er at heile kvinnekjønnet kjem inn i den offentlige industrien og at det igjen krev at einskildfamilien misser den eigenskapen at han er samfunnet si økonomiske eining. Eg merkar med at han seier at dette er det første vilkåret, det tyder nok at han meinte at det ikkje er det einaste.

Eg har gitt nokre smakebitar på Marx og Engels sine analyser her. Eg meiner at dei grunnlegg ein teoritradisjon for å analysere og oppheve kvinneundertrykkinga som tek utgangspunkt i den materielle framandgjøringa av menneska. Dette gjør at utviklinga av vilkåra for denne undertrykkinga og opphevinga av ho blir knyte heilt tett opp til Marx sin allmenne samfunnsanalyse. Og at vilkåra for opphevinga av kvinneundertrykkinga er dei samme som vilkåra for opphevinga av klasseundertrykkinga, dvs. i første omgang ein politisk kommunistisk revolusjon og så ein sosial kommunistisk revolusjon med positiv oppheving av all eigedom. Med dette vil dei materielle vilkåra for alle typar framandgjøring og undertrykking og diskriminering falle vekk. Menneska sine sexistiske ideologiar vil bli opphevd på linje med dei rasistiske osv.

Men den politiske revolusjonen opphevar ikkje framandgjøringa med eit slag. I tida mellom den politiske revolusjonen og fullføringa av den sosiale revolusjonen vil dei politiske kampane vil fortsette og dei sterkaste gruppene vil hevde seg til ulempe for dei andre i den grad den materielle framandgjøringa endå ikkje er oppheva. Og sjølv etter dette vil det vere att institusjonelle og ideologiske spor etter kvinneundertrykkinga. Derfor må vi drive ein særeigen kvinnekamp både i tida før og etter den politiske revolusjonen, slik vi må når det gjeld alle undertrykte og diskriminerte grupper. Men det er viktig at desse gruppene også utviklar ein kommunistisk strategi og taktikk og ikkje blir brukt av borgarskapet for å splitte den revolusjonære kampen. Derfor er den marxistiske renessansen og den kommunistiske offensiven heilt nødvendig i kvinnekampen også.

Ein marxistisk analyse krev altså, etter mi meining, at utgangspunktet for å forstå kvinna si stilling i det moderne samfunnet er å finne i kvinna sitt forhold til den moderne forma for framandgjort verksemd idag, nemleg arbeidet og kapitalen, men også ut frå kunnskap om korleis dette forholdet har utvikla seg historisk. Parallellar mellom ulike familieformer frå forskjellige historiske epokar, må vi berre trekke ut frå ei grundig handsaming av dei forskjellige samfunnsmessige forholda i dei skilde epokane.

Alexandra Kollontay tok opp den marxistiske teoritradisjonen om kvinneundertrykkinga i boka "Kvinnäns ställning i den ekonomiska samhällsutvecklingen". Det er nett kommen ei ny svensk utgåve av denne boka som NKP driv og studerer.

Ei grundig moderne framstelling innan samme tradisjon finn du i Evelyn Reed: "Woman`s Evolution from matriachal clan to patriarchal family", Pathfinder Press/New York 1975. Eg meiner det er ei viktig bok å studere fordi antropologen Reed utfyller og utviklar Engels sine analyser ut frå dei siste resultata innan antropologien fram mot midten av 1970-talet. Ho har mellom anna ei ny og mykje meir detaljert forklåring på korleis morsretten blei omstyrta gjennom bruregåver, brurepris og ungepris. Men det blir for mykje å ta det opp i detalj her. Så vidt eg veit finst ikkje denne boka på norsk.

Det har komme ut ei rekkje bøker om dette emnet som eg meiner tilhøyrer ein annan teoritradisjon. Eg vil nevne nokre som eg har lese.

Marilyn French har omhandla dette emnet i boka "Beyond Power. On Women, Men & Morals". Abacus Sphere Books 1986. Boka er omsett til norsk. French har, etter mi meining, ei omfattande og innflytingsrik forklaring på korleis kvinneundertrykkinga oppsto som vi finn att delar av hos dei fleste andre som no skriv om dette emnet. Ho meiner at kvinneundertrykkinga oppsto før eigedommen og at jakt er eit avgjørande vilkår for at eit samfunn kan blir kvinnediskriminerande. Ho meiner derfor også at kvinneundertrykkinga ikkje først og fremst heng saman med den materielle framandgjøringa. Dermed ligg det også i korta at ein kommunistisk revolusjon heller ikkje vil kunne skape vilkår for kvinnefrigjøring. Derfor er det vi først og fremst treng ein moralsk revolusjon, nærare definert som ein overgang frå ein mannlig dominerande moral til ein kvinnelig samarbeidande, nærande, hjelpande moral, ein kvinnelig "omsorgsrasjonalitet" om du vil. Ho vil altså oppheve kvinneundertykkinga gjennom ideologisk kamp.

Rosalind Miles har og nett gjeve ut ei bok ("The Womens's History of the World, Paladin Books 1989, svensk utgåve "Kvinnorna och världshistorien, Wahlström & Widstrand Stockholm 1990) der ho tar opp emnet. Ifølge henne er utgangspunktet for kvinneundertrykkinga mannen si livmormisunning. (Miles, svensk utg. s.58.) Når så mannen også omlag 1500 f.kr. oppdaga at han var nødvendig for at kvinna kunne føde barn då ble den revolusjonen fullført som misunninga hans hadde sett igang. (Miles: s.59.)

Ut frå dette utviklar ho ei slags omvendt freudiansk-psykologisk forklaring på korleis kvinneundertrykkinga oppsto.

Ho har uoverstigelige problem med kronologien når ho også vil knyte denne psykologiske teorien om framveksten av kvinneundertrykkinga frå omlag 1500 f.kr., til ein meir materiell forklåring som ho finn grunnlag for i framveksten av jordbruket som fann stad så tidlig som 6000 år f.kr.

Denne forklaringa er omtrent slik: Det kvinneleg hagebruket, der kvinna arbeida i harmoni og samarbeid med naturen, blei meir og meir erstatta av eit jordbruk der mannen måtte dominere og herske over naturen slik at han ga det mannen kravde. Dette skapte ein ideologi som mannen etter kvart også brukte mot kvinna.

Miles seier lite om korleis kvinna kan frigjøre seg. Kjernen i det ho seier er at kvinna no veit mannen aleine ikkje er midtpunktet i verda, men at det er mann og kvinne tilsaman. Det kjem til å bli avgjørande. Dette nye medvetet kjem til å føre til frigjøringa av kvinna. (Miles, s.290.)

Nancy M. Hartsock har skrive om det samme i boka "Money Sex and Power. Toward a Feminist Historical Materialism", Northeastern University Press, Boston 1985. Denne boka er særleg interessant fordi Hartsock her vil utvikle ein ny marxistisk-feministisk historisk materialisme. Etter å ha kritisert den amerikanske "marknadsskulen" innan sosiologien, der navn som Homans, Blau, Lasswell, Kaplan, Talcott Parsons, Dahl og Polsby står sentralt, går ho over til ein kritikk av Marx.

Ho siterer flittig frå viktige verk av Marx, og vil virke imponerande velskulert og overtydande på alle som ikkje kjenner ideane hans, eller som kjenner dei overflatisk. Men kritikken hennar er likevel, på dei punkta ho grip fatt i, mykje meir veldokumentert enn den Marx-kritikken som den norske Marx-kritikaren Kjersti Ericsson legg fram i "Den flerstemmige revolusjonen".

Hartsock sin kritikken har i seg dei fleste av dei momenta som feministane sin kritikk av Marx kviler på. Fordi Marx var mann var han blind for kvinnene si rolle i samfunnet. Han var for opptatt av kapitalen og arbeidet utanfor heimen der mennene var dei viktigaste aktørane, og skjønte derfor ikkje kor viktig kvinnene sitt ubetalte heimearbeid var. Derfor laga han ein einauga teori som ikkje grip røtene til kvinneundetrykkinga og til utviklinga av klassesamfunnet.

Desse røtene ligg i dei forskjellige måtane som gute- og jentebarna utviklar identiteten sin på. For å skaffe seg ein guteidentitet må guten verje seg mot og skilje seg frå mora. Dette gir han rigide ego-grenser. Det skaper igjen ein fiendlig og kamplysten dualisme i kjerna både av det samfunnet som mannen skapar og i verdssynet til mennene. Dette blir attskapt i form av klassesamfunnet sjølv. Maskulinismen må dessutan stille seg i motseiing til dagliglivet si konkrete verd. Mannen må vekk frå kvinna for å skape sin eigen identitet og dermed flyktar han ut i politikken og det offentlige livet.

Dette i motseiing til jentebarnet som kan utvikle identiteten sin på ein harmonisk måte. Kvinna er derfor mot dualismar, fiendskap og krangling. Ho utviklar omsorgsevne og verdset det konkrete kvardagslivet. Ho likar samanheng og einskap både med naturen og med andre menneske. (Harsock, s240-243.)

Konklusjonen hennar er at kvinneundertrykkinga er årsaka til at klassesamfunnet har vakse fram.

"Slik er det bare mot slutten av den siste kulminasjonen av klassesamfunnet at denne løyndommen kjem fram att, nemleg at klassesamfunnet på den eine sida er produktet av kvinneundertrykkinga, og at det på den andre sida er det middelet som kvinna er med på å skape for å skape si eiga undertrykking."

Med dette som grunnlag er det sjølvsagt at ikkje ein kommunistisk revolusjon kan føre til oppheving av kvinneundertrykkinga. Det er bare ein ein oppsedingsrevolusjon som endrar gutebarnet sin sosialiseringsprosess som kan kan føre til det.

Hartsock sin Marx-kritikk er eit lærestykke i korleis vi kan bygge opp under sjablonar av marxismen og denne kritikken fortener derfor nærare handsaming. Men ei detaljert samanlikning med Marx sine eigne verk og Hartsock sine påstandar vil sprenge rammene for denne boka og får derfor vente.

Bonnie S. Anderson og Judith P. Zinsser skrive om dette emnet i "A History of Their Own. Women in Europe from Prehistory to the present." (2 band) Pelican Books 1989. Dei knyter kvinneundertrykkinga særlig til framveksten av krig som oppsto då det blei så mange folk i eit område at det blei kamp om ressursane ("økologisk og sosialt stress") og då folk måtte ta til å flytte på seg. Då kom dei altså i konflikt med kvarandre og mannen sine særeigne fortrinn som krigar gjorde at han tok makta i heile samfunnet. Anderson og Zinsser stillar seg og tvilande til at det har vore ei tidligare periode i historia der kvinna var det leiande kjønnet.

Dei skriv ikkje så mykje om korleis kvinneundertrykkinga kan bli opphevd, men dei set mykje lit til den siste utviklinga i feminismen. Feministane har i dei siste tiåra konsentrert seg om to store mål. Det eine er å endre tankemønster og kulturelle haldningar gjennom det nye feltet av "kvinnestudiar". Det andre er å endre dei naturlige og politiske omgjevnadene ved å arbeide i økologiske rørsler og anti-atomvåpen rørsler.

Riane Eisler har tatt opp samme temaet i "The Chalice and the Blade. Our History, Our Future". Mandala Unwin Paperbacks 1990 (først publisert i USA i 1988.). Ho hevdar at kvinne og mann ein gong i fortida hadde eit likeverdig samvirke og at det blei øydelagt av mannemakta. Men ho meiner at det er godt håp om å få eit likeverdig samvirke att dersom vi klarer å utvikle ein ny partnarskapsmyte som får stor oppslutnad.

Vandana Shiva har vore inne på samme område i boka "Til livets opphold. Kvinner, økologi, utvikling", Oktober 1989 (Først gitt ut i 1988.) Denne boka lanserer eigentleg ein ny imperialisme-teori istaden for den "marxistisk-leninistiske". Ho tar utgangspunkt i Rosa Luxemburg si bok om kapitalakkumulasjon frå 1923 og sper på med moderne økologisk teoriar og feminisme. Eit sentralt punkt i teorien til Shiva er at ho erstattar arbeidarklassen med "kvinner, bønder og stamme-folk" som viktigste sosiale endringskraft i verda. (Shiva, s.24.)

Vandana Shiva sitt forslag for å oppheve imperialismen, kvinneundertrykkinga og øko-katastrofene, er å finne i det kvinnelige prinsippet, som ho karakteriserer på samme måte som Marilyn French, og å sette det istaden for den moderne vitskaplige tenkinga sine reduksjonistiske kategoriar og dei reduksjonistiske økonomiske kategoriane. (Shiva, s.256.)

Ho seier det slik "Når vi ser at de som hevdet å ha lyset faktisk førte oss inn i mørket og at de man sa levde i uvitenhetens mørke avkroker faktisk var de opplyste, er det eneste rasjonelle vi kan gjøre å omdefinere kategorier og meninger. Å gjenvinne det kvinnelige prinsippet med respekt for livet i naturen og samfunnet, ser ut til å være den eneste farbare veien, både for menn og kvinner, både i Nord og Sør." "Shiva, s.260-261.)

"De to sentrale endringene i tenkningen som springer ut av kvinnene sine økologiske kampar, knytter seg til økonomisk og intellektuell verdi. Den første har å gjøre med vår forståelse for hvordan kunnskap blir skapt, med hvem som eier kunnskap og produserer intellektuelle verdier. Den andre dreier seg om begreper om rikdom og verdi, og hvem som produserer rikdommen og de økonomiske verdiene." (Shiva, s.161.)

Konklusjonen av dette kan bare bli at heile den kunnskapen som er knyte til utvikling av maskinar og moderne industriprosessar og vitskap er skadelige og at vi må avvikle dei til fordel for dei fattige kvinnebøndene og stammefolka sin overlevingskunnskap og at dei viktige økonomiske verdiane blir produsert i samlarkulturar og i sjølvforsyningsjordbruket i den fattige verda og i kvinnene sitt ubetalte husarbeid over heile verda.

Vandana Shiva sitt program er i sanning radikalt, i tydinga at det går til rota av problema. Skulle vi gjennomføre det i løpet av ein generasjon måtte folketalet på jorda gå ned til under 1 milliard på denne tida.

Det som kjenneteiknar dei 6 siste bøkene eg har nevnt her, er at dei ikkje legg vekt på korleis framveksten av den materielle framandgjøringa virkar inn på forholdet mellom dei forskjellige gruppene i samfunnet og korleis kvinneundertrykkinga blir bestemt av denne framandgjøringa.

Derfor tar dei heller ikkje opp spørsmålet om korleis utviklinga av framandgjøringa sjølv skaper vilkår for å oppheve ho.

Dei erstattar arbeidarklassen med kvinnekjønnet (pluss bønder og stammefolk) som den viktigaste revolusjonære krafta i verdssamfunnet.

Dei er derfor heller ikkje for oppheving av framandgjøringa med framandgjorte middel, der det første trinnet er ein politisk-kommunistisk revolusjon. Dei vil klare dette på andre og vennligare måtar, mest ved hjelp av nye "verdiar" og "syn" eller "kategoriar", og ved ein ny "psykologi", dvs. ved at nye ideologiar veks fram og erstattar dei gamle. Dei erstattar store raske revolusjonære omslag og endringar i produksjonsforholda med gradvise endringar gjennom dei mange smågruppene sin ideologiske og politiske verksemd lokalt og gjennom det nettverket dei kan spre over jorda.

Dei vil oppheve den materielle framandgjøringa gjennom å oppheve den ideologiske framandgjøringa, eller dei vil oppheve ho ved å rykke tilbake til avlegse samfunnstilhøve der restane frå den førkapitalistiske tida er så store at framandgjøringa ikkje har nådd det trinnet som han har under kapitalismen. Dei vi altså stanse den einaste utviklinga som kan føre til at det blir skapt vilkår for å oppheve framandgjøringa.

Desse ideologiske og reaksjonære kampmidla knyter dei til særeigne biologiske trekk ved kvinna som dei seier særleg spring ut av at ho er mor og går med, føder og ammar og oppsedar ungar. Dette gir grunnlag for, nærande, delanda, ikkje-dominerande haldningar som står i motstrid til mennene sin dominerande psyke som også er biologisk vilkårsbestemt.

Dei hevdar og at kvinnene står nærare naturen enn mennene fordi kvinnen ikkje har ei så intens og omfattande utveksling med naturen. Marx på si side hevdar at jo større utveksling menneska har med naturen desto meir blir naturen ein verkeleg menneskeleg natur og desto meir blir menneska verkeleg naturlege menneske. Dette held han fast ved sjølv om det skjer i øydeleggjande og framandgjorte former.

Ut frå dette skapar dei visjonar om framtida som gjør at dei betre kan halde ut kapitalen sine herjingar og som tillet dei å flykte inn i mindre kollektiv som vil fortsette med å kjempe ein umulig kamp for døyande samfunnstilhøve eller for reint lokal naudskommunisme.

Alt dette hindrar dei å slutte seg til ei ny verdsomfattande, kommunistisk, revolusjonær rørsle leia av arbeidarklassen, som er det einaste som kan oppheve den imperialistiske raseringa av livsvilkåra over alt i verda. Derfor er denne borgarlig-feministiske rørsla heilt sentral i kampen for å avleie radikale revolusjonære rørsler og leie dei i retning ønskjetenking, visjonar som surrogat for handling og i retning reformstrev istaden for revolusjon.

 

 

Kommentar om kvinner og menn, kvinnlønn, revolusjon og kommunisme

 

 

Marx omhandlar teoriar om produktivt og ikkje-produktivt arbeid på omlag 170 sider i første band av "Teoriar om meirverdien". Her finn vi alle momenta i diskusjonen om kvinnelønna. Tendensen i kapitalismen er å minske det ulønna arbeidet. Det kan vi observere reint empirisk. Kapitalen har ikkje interesse av å halde oppe slikt arbeid fordi det innskrenkar marknaden og hindrar utvidinga av produksjonen.

Det ligg i sjølve kapitalen sitt omgrep som framandgjort menneskelig verksemd og framandgjorte ting at utviklinga av kapitalisme nett er å ta frå folk den omkringliggande naturen som direkte kjelde til livsmedel og som arbeidsredskap. Det er dette som ligg i å bli eigedomslaus proletar. Dermed forsvinn også sjansen til å drive sjølvforsyningsverksemd.

Det einaste arbeidarklassen har igjen som han eig er den eigne arbeidskrafta si, og den må han selje for å kunne tene opp lønn nok til å kunne kjøpe dei livsmidla som han treng for å halde liv i klassen. Og dei livsmidla har klassen sjølv produsert i ein del av den tida han arbeidar. I eit utvikla kapitalistisk samfunn har heile arbeidarklassen, kvinner, menn og ungar bare det å leve av som dei produktive arbeidarane, kvinner og menn, skaper i den nødvendige arbeidstida si og som så arbeidaren ut frå den gitte fordelinga av lønnsmidla, kan kjøpe.

Kor mykje privatarbeid som går med til å lage til og forbruke det som blir kjøpt for lønnsmidla, det bryr ikkje kapitalen. Kor mykje privatarbeid som går med til omsorg, pleie osv. det bryr heller ikkje kapitalen. Så lenge han får bruke dei delane av arbeidarklassen som er best skikka ut frå heile den fysiske, psykiske og historisk-kulturelle samansettinga si, på "den rette plassen" i dei jobbane som gir kapitalen størst mulig meirverdi.

Nett fordi vi lever i eit kapitalistisk samfunn, har derfor heller ikkje det privat hus- og omsorgsarbeidet nokon verdi. Det hjelper ingen ting kor mykje vi "synliggjør" dette arbeidet, tel timar osv. Før kapitalen er oppheva er dette arbeidet bare eit nødvendig onde. Materielt sett er det uønskt. Helst skulle arbeidarklassen ha klart seg utan det. Vi kan gi dette arbeidet ein slags moralsk verdi. Det kan vere ei trøyst i det minste. Men vi kan ikkje gjøre det til verdi- og meirverdiskapande arbeid, som er det eiaste som tel for kapitalen.

Også i verdsmålestokk krev utviklinga av kapitalismen at alle blir anten proletarar eller borgarar. All sjølvforsyningsnæring blir nådelaust kverna ned litt etter litt, alle stader. No er det komme så langt at over 50% av folkesetnaden vil bu i byar innan år 2000 og mange som bur på landsbygda er reine jordbruksproletarar. I Norge er det berre omlag 7% av folkesetnaden som jobbar i jordbruket, i USA omlag 3%, og ingen av desse driv sjølvforsyningsjordbruk. På mange måtar nærmar dei seg proletaren sine vilkår. Bruk og driftsmiddel er ofte eigd av banken, og sjølv er dei mest å sjå på som banken sine tilsette, i alle høve halvveges.

For kapitalen er det berre dei produktive arbeidarene, dvs. dei arbeidarana som skapar meirverdi for kapitalen som tel noko. Dei andre er ein plage, sjølv om dei ofte er ein nødvendig plage. Ettersom produktivkreftene utviklar seg trengs det færre og færre arbeidarar i den direkte meirverdiproduksjonen. Fleire og fleire får uproduktive syslar eller ingen syslar i det heile. Vi har til dømes sett det i nedgangen i talet på industriarbeidarar og oppgangen i talet på helse- og sosialarbeidarar i Norge dei siste 20 åra og i auken av arbeidslause.

Kvinna si stilling i "yrkeslivet" og kvinna si lågare lønn enn mannen, "kvinnelønna", er eit sluttresultat av heile den historiske utviklinga og den stillinga "det kvinnelige mennesket" har fått på grunn av omstyrtinga av morsretten. Realiteten er den at det kvinnelige mennesket allereie for meir enn 3000 år siden gjekk inn i ei epoke utan eigedomsrett til produksjonsmidla.

Den moderne imperialismen er siste trinnet i denne utviklinga. Idag er ikkje berre det kvinnelige mennesket (som aldri kan blir stort meir enn 50% av folkesetnaden) i denne situasjonen. Idag er den totale frataking av eigedomsrett til produksjonsmiddel, den totale framandgjøring, meir typisk for ei tverrkjønna sosial gruppe, nemlig arbeidarklassen, enn for kvinnekjønnet.

Innanfor arbeidarklassen har det, på det kapitalistiske grunnlaget, oppstått ei arbeidsdeling mellom dei mannlige og kvinnelige proletarane, som spring ut av tilhøvet mellom kjønna før kapitalismen oppstår. Her i Norge må vi derfor gå grundig inn på korleis kvinna si stilling utvikla seg særleg frå 1700-talet då den private eigedomsretten til jorda blei den framherskande eigedomsforma i landet. Dette var ein avgjerande føresetnad for at kapitalismen kunne utvikle seg i landet. Også i dag ser vi over heile verda eksempel på at kapitalismen berre kan utvikle seg "skikkeleg", dersom jorda er fordelt til brukarane som privat eigedom.

For kvinnene var (og er) hovedsaka at mannen i alt vesentleg var eigaren, og at det var han som i alt vesentleg handsama alle dei nye reiskapane som blei brukt utomhus for å auke produktiviteten av jorda utover på 1800-talet. Kvinnene fekk hovedansvaret for innomhusarbeidet, sjølv om ho også deltok i delar av utomhusarbeidet. Dette var ei direkte videreføring av heile tradisjonen frå kvinnekjønnet sitt historiske nederlag som i Norge sannsynlegvis fann stad mellom 1500 f.kr. og 500 e.kr. Eg har skrive eit upublisert manus om dette i høve eit foredrag eg held på AKP(m-l) sin Vestlandsleir sommaren 1985, men her kan vi ikkje gå i detaljar.

Då industrien vart innført i Norge, begynte det, som mange andre stader med forbruksvareindustri. I ein periode blei derfor mange (unge) kvinner drege inn i industriarbeid i høve til mennene. Kvinnene sine erfaringar frå heimeproduksjonen av klede gav dei fortrinn her. Seinare då kapitalvareindustrien vart den leiande industrigreina brukte kapitalen mannen sine fortrinn frå utanomhusarbeidet, smia osv. Marx påviser at produksjonen av produksjonsmiddel etter kvart blir ei viktigare avdeling innan heile produksjonen enn produksjonen av forbruksmiddel. Fordi mannen, ut frå det historiske grunnlaget sitt, erobra arbeidsplassane i denne delen av produksjonen, blei han også den viktigaste arbeidaren. I tillegg fortsette kvinna "på naturlig vis" å ha hovedansvaret for innomhus- og forbruks- og omsorgsverksemda i den nye proletariske familien. Dei ideologiske haldningane og den forma familien hadde frå den sjølveigande bondetida overlevde også inn i den nye tida sjølv om også mannen no hadde mist alle rett til å eige produksjonsmiddel og dermed sosialt sett hadde komme mykje meir på like fot med kvinna enn tidligare.

Det er viktig å huske på at det vart mykje for mange folk i Norge på denne tida. Dersom vi ikkje hadde kunne utvandre og stele indianarane sitt Amerika, måtte vi ha fått omlag dei tilhøva har som vi idag finn i mange såkalla utviklingsland. Dei har ikkje nokre "nye" landområdet dei kan flytte til. Dette skjerpar sjølvsagt den noverande krisa i kapitalismen i svært stor grad.

 

På grunn av utviklinga i den internasjonale kapitalismen forsvann svært mange av dei kvinnelige arbeidsplassane i den tradisjonelle forbruksvareindustrien, særlig på 70- og byrjinga av 80-talet.

Med den gallopperande utviklinga av kapitalismen i Norge idag

har også tendensen til å minske innomhusarbeidet forsterka seg. Svært mykje av dette arbeidet er gjort offentlig og kvinnene har dermed toga ut i "arbeidslivet" i store skarar, samstundes som dei tradisjonelle mannearbeidsplassane har forsvunne i raskt tempo.

Dette har gjort det viktig å analysere forskjellen mellom produktivt og uproduktivt arbeid i kapitalistisk forstand slik med utgangspunkt i det Marx skriv om dette på dei nevnte plassane i "Teoriar om meirverdien". Ifølge Marx er bare det arbeidet produktivt i kapitalistisk forstand, som direkte skapar meirverdi for ein kapital. Det uproduktive arbeidet blir betalt anten med lønn eller lønnsfond som allereie er opptjent i direkte utveksling mellom arbeid og kapital, eller med profitt som er kapitalisten har trukke ut av kapitalakkumuleringa for nytte til sitt eige forbruk. Slik sett er både alt vanlig husarbeid og alt arbeid i den offentlige sektoren uproduktivt arbeid. Dette arbeidet er nødvendig, men artsframand for kapitalen. Derfor blir det heller ikkje betalt av kapitalen, men av fråtrekk frå lønns- og kapitalinntekter, skattar avgifter osv.

For kapitalen er det eigentleg viktig at dette arbeidet blir minst mulig, samtundes som utviklinga av kapitalen gjør at det tenderer til å auke. Dersom det blir minska, vil tendensen til arbeidsløyse komme mykje tydeligare fram. Kapitalen aukte mellombels dette arbeidet då borgarskapet på 70-talet trudde at den økonomiske krisa var mindre alvorleg enn ho viser seg å vere.

Fordi arbeidet innan offentlig sektor stort sett er ikkje-produktivt for kapitalen, så er det viktig av avgrense det mest mulig og å gjøre så mykje som mulig av det produktivt. Dette er grunnlaget for å privatisere offentlige tenester, slik arbeidarpartia i Norden gjekk inn for i den såkalla Samak-rapporten som kom ut for nokra år sida, og gjennom DNA sin fridomskampanje som blei starta i 1986. Eg har analysert denne kampanjen i Materialisten nr. 2 1987.

Det meste av dette uproduktive arbeidet er også overflødig for kapitalen. Dei som utfører det er av den grunn også eigentlig overflødige. Dette gir eit sterkt press på lønna. Dessutan avheng lønna deira direkte av at den kapitalistiske økonomien kan sette samfunnet istand til å bygge opp det samfunnsmessig skapte fondet som vi må bruke for å betale det offentlige uproduktive arbeidet. Det kan ikkje den kapitalistiske økonomien no. Dette gir eit sterkt press nedetter på lønnene til dei som arbeider i denne "sektoren". Fordi dei fleste av dei er kvinner, speler dette stor rolle for utviklinga av den middels "kvinnelønna". Svært mange menn i denne sektoren har leiande stillingar og er derfor nødvendige for kapitalen for at han skal kunne sette gjennom planane sine innan sektoren og heile samfunnet. Desse leiarane får sjølvsagt mykje betre betalt.

Men ifølge Marx høyrer også dei ikkje-produktive arbeidarane til proletariatet, arbeidarklassen. Det er ein tendens i kapitalen etter som han utviklar seg til at alle i samfunnet blir "redusert" til arbeidarer, som del av en "totalarbeidar" som må til for at dei høgt utvikla kapitalistiske samfunna skal kunne fungere.

Dette gjør at storleiken på arbeidarklassen auker svært mykje i desse samfunna. Både den delen av arbeidarklassen som ikkje direkte produserer livsmiddel og produksjonmiddel, og dei delane av arbeidarklassen som har arbeid utanfor heimen som ikkje produserer meirverdi, vert heile tida viktigare politisk sett. Dei blir altså heile tida viktigare for å gjennomføre ein politisk kommunistisk revolusjon. Dette er etter mi meining hovedgrunnen til at kvinnene i den moderne kapitalismen blir ei stadig større progressiv politisk kraft. Slik sett omskapar kapitalismen alle tilhøve slik at grunnleggande situasjonen for alle proletarar anten dei er kvinner eller menn, blir meir og meir like og meir og meir utålellige. Det står berre spranget ut av kapitalismen att for å kunne overleve.

Idag og er det altså kapitalen som set dei viktigaste vilkåra for kvinnene sine tilhøve. Fordi kvinnene gjennom fleire tusen år etter omstyrtinga av morsretten har blitt sosialisert (tvinga) til å ha hovedansvaret for forbruks- og omsorgsverksemda i familien og derfor ikkje har fått høve til å utvikle det forholdet som mannen har til dei felles produksjonsmidla som no er hovedgrunnlaget for attskaping og videreutvikling av livet på jorda, så kan ho berre opprette sitt tilhøve til kapitalen på dette historiske grunnlaget.

Fordi kapitalen berre er høgdepunktet på heile den framandgjøringsprosessen som har sett kvinna i den underlegne samfunnsmessige posisjonen ho er, så kan kapitalen ikkje oppheve kvinneundertrykkinga, berre skape dei vilkåra som skal til for at det kan blir mulig å oppheve ho. Desse vilkåra fell samman med vilkåra for heile proletariatet si frigjøring.

 

Kommentar om kvinnerørsle, miljørørsle og borgarskap

 

Det siste tiåret har det vore svært viktig for borgarskapet å ta den ideologiske leiinga i kvinnerørsla og i miljørørsla og dreie desse rørslene vekk frå all aktivitet som verkeleg kan true makta. Den kraftige offensiven mot marxisme og kommunisme har gjort at dei langt på veg har klart det. Vi finn denne strategien godt forklårt i boka "One Hundred Pages for the Future" (1981) av den dåverande presidanten i "Romaklubben", Aurelio Peccei. Romaklubben vart oppretta i 1968 for å finne årsaker til den krisa som borgarskapet såg utvikle seg, og for å legge opp strategiar ut frå det. Dette har vore den mest intelligente "tenke-tanken" til monopolborgarskapet i Europa.

Det viktigaste poenget for Peccei er å få skapt forståing i heile verda om at vi er i samme båt ut frå eit økologisk synspunkt (ein global og universell harmoni, (s.128)). Sjølv dei som lever i elende oppdagar at det bortanfor den sosiale og økonomiske urettvisa som dei lever under finst ein kanskje enno meir forferdeleg dommedag som heng over heile verda og som dei vil bli dei første ofra for (s.132).

Det må altså skapast ein felles solidaritet som står over alle sosiale og politiske skiljer. Leiarane i verda må endre seg mykje og folk må få meir å seie. Menneska i verda ønsker at nokre av leiarane deira skal reise seg opp over kampen og vise korleis vi kan nå ein situasjon som viser kva retning vi må gå i, og som kan sei klårt frå om kva pris i svette og offer, til og med blod og tårer, som vi må betale for å finne ut av elendet (s.147). Vi må oppheve nasjonalstatane (s.151). Europa må finne først økonomisk og så politisk einskap. "Øst-Vest"-samarbeid må komme igang. Den strukturelle ubalansen mellom "Nord" og "Sør" må vi gjere mindre. Men eigedom og kapital skal vi ikkje oppheve. Og dei som vi skal påverke til å gå i spissen for endringane er dei økonomiske og politiske leiarane som har alle privilegia og heile livet sitt knytt til kapitalen.

Slik eg skjøner det, må folk i dei rike landa komme nærare nivået i "ulanda" for å oppheve den store skilnaden (det sparsommelege samfunnet, s.126). Borgarskapet må ta leiinga i dei store folkelege rørslene av alle slag.

Ideen om forsvaret av nasjonalstaten og ideen om klassekamp er dei viktigaste hindringane for å nå desse måla. I 1983 vart The Roundtable of European Industrialists (ERT) stifta med Per G. Gyllenhammar som formann. Det er ei gruppe med 40 av dei mektigaste industrielle leiarane i Europa. Eit framtredande medlem av gruppa, Wisse Dekker, sjef for det svære multinasjonale konsernet Philips, la på oppdrag frå ERT fram ei rekke forslag for EF om korleis dei kunne skape ein europeisk marknad inna kort tid. Dette er den planen som EF i hovudsak slutta seg til med Delors si kvitbok frå 1985.

Den type heilskaps- og harmonisk systemtenking som er kjernen i den borgarlege økologien trekk kraftig i denne retninga. Det samme gjer dei feministiske ideane om at maskulin kamp og aggresjon er allment skadeleg og at ein må strebe etter omsorg og kjærleik.

Eg meiner tvert imot at dei problema som den framandgjorte fellesskapen skapar, berre kan bli løyst gjennom framandgjorte metodar, dvs. kamp og aggresjon. Aggresjonen blir ei positiv kraft når han blir retta mot den makta som hindrar opphevinga av framandgjeringa. Viss han blir dreid av mot andre, er han ein negativ kraft.

Dei framandgjorte fellesskapa som blir halde oppe av kapitalismen vil alltid tendere til å knuse all omsorg og kjærleik innan desse fellesskapa anten dei no er arbeidarklassen, familien eller folkeslag. Føresetnaden for omsorg og kjærleik innan arbeidarklassen på tvers av kjønn og "raser" er aggresjon og kamp mot borgarskapet. Derfor er det aggresjonen mot den rette fienden som må vere utgangspunktet, ikkje omsorgen og kjærleiken ovafor dei rette vennene. Men på dette grunnlaget må vi sjølvsagt arbeide så medvete som mogeleg for å utvikle omsorgen og kjærleiken i folket.

Som vi kanskje ser, er det mest sentrale for borgarskapet no å få fjerna kamp for nasjonal sjølråderett, klassekamp og kamp for kommunisme. Med andre ord vil dei ha fjerna antiimperialismen og den internasjonale solidariteten og arbeidarklassen og folket sin kamp mot imperialistane og borgarskapet for kommunisme.

Noen av dei borgarlege framstøyta er lette å avsløre, men andre er mykje meir snedige. Eg meiner at eit av dei store framstøyta som står i motstrid mot å utvikle gode linjer i kvinne- og miljøkampen no kjem frå dei såkalla økofeministane. Ideologien deira spring mykje ut av den brutale kapitalistiske øydelegginga av dei gamle samfunnsstrukturane i "utviklings"landa. Det er ein ideologi som minner om den som førte til maskinstorming i England då industrialismen braut fram der. I "Ecologist" nr. 1/1992 har dei fått heile bladet til å fremme synet sitt. Det er svært interessant lesing.

Dette tenderer til å smelte saman med moderne borgarlege økologiske straumdrag i den industrialiserte verda som vil halde på og forsvare dei gamle, avlegse produktivkreftene i "ulanda". På denne måten er dei med på å sikre at dei ikkje skal utvikle seg til konkurrentar og slik at dei ikkje følgjer eksempla frå Japan, Korea, og etter kvart fleire område og land i Asia som er inne i ei rask kapitalistisk industrialisering. Dette blir no meir mogeleg enn før med konkurranse og kiving mellom tre imperialistsentra og med erfaringa frå dei misslukka sosialistiske eksperimenta i Sovjet og Kina, istadenfor den gamle situasjonen med USA og Sovjet som supermakter.

Saman med dette blir og ein annan ideologi spreidd, nemleg ideen om at "ulanda" berre kan utvikle seg til meir moderne kapitalistiske statar viss dei trekker seg tilbake frå det verdsomspennande kapitalistiske samkvemmet. Ut av dette får vi ei økologisk kvinnerørsle som i ord er svært antiimperialistisk, men som i praksis fremjar ei imperialistisk linje for utviklinga i "ulanda".

I praksis har no alle dei fattige landa erfart at ideen om "avsondring" ikkje kan fungere i ei imperialistisk omverd. Nederlaga for denne linja i Sovjet og Kina og Albania og Nicaragua gjer si verkning. No er det berre leiinga på Cuba og i Nord-Korea igjen som ikkje vil gi seg, men landa er i store vanskar.

Mønsteret stadig fleire vil prøve å følgje no er Japan og Korea, dei såkalla "fire tigrane", dei sørlege provinsane i Kina og etter kvart Thailand, Malaysia, Singapore og kanskje Mexico. Utviklinga i retning av at kapitalismen blir ei universell, utåleleg makt som sjølv skaper alle grunnlag for kommunismen, går sin ubønnhørlege gang. Dette skaper solide materielle grunnlag for framvokst av behov for ein kommunistisk teori som overskrider den type kommunistiske ideologiar som har blitt utvikla under dei største forsøka på å bygge sosialisme i eit land. Ikkje berre "stalinismen" må overskridast, men også "maoismen".

Det har altså vore NKP og AKP(m-l) sin viktigaste veikskap at dei har knytta seg for mykje til denne type ideologiar. Det har hindra dei i sjølv å sette seg grundig inn i Marx` marxisme og gjort dei avhengig av inspirasjon frå fyrtårn som måtte sløkke når dei ikkje kunne støtte seg på revolusjonar i dei store, høgt utvikla kapitalistiske landa.

Marx seier at utviklinga av produktivkreftene og samkvemsforholda fram til kommunismen foregår umedvete og ut frå naturgjevne føresetnader. Dei er ikkje underlagd ein heilheitsplan frå frie, sameinte individ. Denne utviklinga går altså ut frå ulike stader, stammar, nasjonar, arbeidsgreinar osv., som kvar for seg utviklar seg uavhenging av dei andre og først etter kvart kjem i forbinding med kvarandre. Vidare foregår denne utviklinga svært langsomt. Dei ulike trinna og interessene blir aldri fullstendig overvunne, dei blir berre underordna under den sigrande interessen og held fram å eksistere ved sida av han i mange hundre år. (Pax, b.2, s.116-117).

Dei moderne forholda synast å tyde på at han hadde rett og at dette gjeld no og.

 

 

Det sosiale mennesket og resten av naturen

 

 

I resten av kapitlet om kommunismen i dei økonomisk-filosofiske manuskripta går Marx meir inn på to forhold. Han går først litt inn på mennesket som sosialt, som samfunnsmessig, individ og han går meir detaljert inn på forholdet menneske-natur.

Vi har sett, seier Marx, korleis mennesket, under den føresetnaden at privateigedommen er positivt oppheva (dvs. under den utvikla kommunismen), produserer mennesket, produserer seg sjølv og andre menneske. Vi har sett korleis den gjenstanden som er produkt av den umiddelbare verksemda til mennesket som individ, samstundes er mennesket sin eigen eksistens for det andre mennesket, at det er det andre mennesket sin eksistens og det andre mennesket sin eksistens for det første. (Falken, s.232.)

På samme vis er både arbeidsmaterialet (naturen rundt menneska) og mennesket som subjekt resultatet av rørsla og samstundes utgangspunktet for ho (og privateigedommane sin historiske nødvendigheit ligg nett i at dei må vere dette utgangspunktet). Altså er den samfunnsmessige karakteren heile rørsla sin karakter. På samme vis som samfunnet sjølv produserer mennesket som menneske, så er det produsert av mennesket. Verksemda og nytinga er samfunnsmessige både i innhaldet sitt og i eksistensmåten sin, dei er samfunnsmessig verksemd og samfunnsmessig nyting.

Det menneskelege vesenet til naturen eksisterer først no (under den utvikla kommunismen) for det samfunnsmessige mennesket; fordi det berre er i samfunnet at naturen er som eit band som knyttar naturen til mennesket; for først her er naturen der for det samfunnsmessige menneske som eit band med menneska, som mennesket sin eksistens for andre mennesket og den andres eksistens for mennesket, og som eit livselement for den menneskelege verkelegheita.

(Mennesket som natur omformar naturen gjennom verksemda (naturkrafta) si for å tilfredsstille eigne og andre sine behov, for å skape nyting for oss sjølv og andre. Denne omforminga av naturen gjer han til menneskeleg natur, menneskeskapt natur. Ettersom menneska utvidar utvekslinga si med heile naturen irekna mennesket sjølv, blir heile naturen menneskeleg natur.)

Først no er naturen der som grunnlag for sin eigen menneskelege eksistens. Det er først i samfunnet at mennesket sin naturlege eksistens blir den menneskelege eksistensen til mennesket og naturen blir menneske for mennesket. Altså er samfunnet (under den utvikla kommunismen) mennesket sin fulle einskap med naturen, det er naturen si sanne attskaping, mennesket sin gjennomførte naturalisme og naturen sin gjennomførte humanisme. (Falken, s.233.)

Endå om du driv med verksemd aleine er det samfunnsmessig verksemd. Både fordi du arbeider med saker andre har laga, fordi du gjer det for andre og fordi du må arbeide med eit sosialt utvikla språk for å tenke.

Det allmenne medvetet mitt (under kommunismen) er berre den teoretiske forma for det som det verkelege fellesskapsvesenet, samfunnsvesenet, er den levande forma for. medan det allmenne medvetet idag er ein abstraksjon frå det verkelege livet og som sådan livets fiende. (Falken, s.234.)

 

 

Kvardagslivs - perspektivet

 

Her passar det å vise til teoriar som set kvardagsmedvetet opp som den viktigaste målestokken på medvet som held vatn. Ein av Marx sine viktigaste slutningar, slik eg ser det, var at teoriar som blir bygde rett ut frå kvardagsmedvetet og dermed kvardagsspråket og det perspektivet du då ser verda i, er uttrykk for dei allmenne løgnene som folk skildrar seg sjølv med til einkvar tid.

I kvardagslivet sitt under kapitalismen lever folk innestengd i epoka sin eigen ideologi. Berre gjennom tileigning og utvikling av mykje kunnskap om den heilskapelege prosessen i samfunnet, som for det meste ligg utanfor ditt eige daglegliv, kan du gjennomskode ideologiane og nærme deg sann kunnskap om ditt eige kvardagsliv, slik at du kan handle rett innan ein slik heilskapeleg situasjon.

Kvardagslivsperspektivet er for innsnevra under kapitalismen til at det kan utvikle anna enn kvardagslege, dvs. allereie prøvde, løysingar på problem. Det materielle grunnlaget for kvardagsmedvetet under kapitalismen har Marx skrive om både i den tyske ideologi og i "Kapitalen" bind 1, første kapittel, avsnitt 4, "Varens fetisjkarakter og dens hemmeleghet". Her viser han nett korfor det trengs ein stor teoretisk innsats for å trenge gjennom nettet av vill-leiande overflatefenomen under kapitalismen.

Boargarskapet og dei borgarlege forskarane likar idag kvardagslivsperspektivet nett fordi det i hovudsak hindrar folk å komme ut av det tankefengselet som kapitalen har oppretta.

Slik eg oppfattar Marx, meiner han at motseiinga mellom kvardagslivsperspektiv og heilskapeleg samfunnsmessig (universelt) perspektiv vil bli oppheva under kommunismen fordi alle kan utvikle seg til universelt skapande individ i fellesskapen. Kvardagslivet vil i seg sjølv blir det samfunnmessige felleslivet med den omfattande kunnskapen og medvetet det medfører. Idag er kvardagslivet det framandgjorte felleslivet på alle plan. Slik sett er ein parole for å legge stor vekt på kvardagslivet ein parole for å halde fram med kapitalismen. Det vil føre til utvikling av reformistisk politikk.

På den andre sida er det svært viktig å få tak i den type framandgjort ideologi og handling som spring ut av det framandgjorte kvardagslivet. Gjennom å koble kvardagslivsperspektivet med det universelle perspektivet, gjennom å koble dagleg praksis og tenkinga rundt det med strategisk handling og teori, kan vi oppnå ein revolusjonær praksis hos mange fleire enn om vi konsentrerer oss einsidig om strategi og teori.

Viss dette også er kobla til revolusjonær felles handling mot den felles fienden vår, så kan det blir dynamitt. Det å peike klårt ut fienden og å reise dei rette parolane for heile folket ut frå eit kommunistisk perspektiv, blir avgjerande. I den samanhengen må vi skilje mellom propagandaparolar, agitasjonsparolar og handlingsparolar. Vi må heile tida ha alle desse tre setta av parolar i alle kampane vi er med i. Berre då kan vi vere den stadig pådrivande og overskridande krafta som heile tida står leiande midt i fleirtalet sin kamp og heile tida også kjemper aktiv for det heilskapelege kommunistiske mindretalssynet.

Den franske filosofen Henri Lefevbre, som drog opp debatten om kvardagslivet blant marxistar på 1940 og 50-talet, snakkar då heller ikkje om å slutte seg ukritisk til eit kvardaglivsperspektiv. Han snakkar om kritikk av kvardagslivet, nett som Marx snakka om kritikk av sosialøkonomien. ("Critique de la vie quotidienne", første utgåve skrive i 1945 og utgjeve i 1947, og andre utgåve, med vidgjete føreord, utgjeve i 1959 på forlaget L`Arche editeur, Paris. Boka blir her omtalt som "Lefevbre".)

Han opnar boka med eit Lenin-sitat der Lenin legg vekt på at Marx sin suksess med "Kapitalen" ikkje berre kom av at han laga ein teoretisk kritikk av sosialøkonomien, men at han "avdekka for lesaren heile den kapitalistiske samfunnsformasjonen som ein levande ting, med fakta frå dagleglivet." (Lefevbre, s.9.) Marx kunne gjere dette fordi han tok utgangspunkt i det mest typiske av alle daglegdagse fenomen i massane sitt daglegliv under kapitalismen, nemleg varen og varebyttet.

Lefevbre går så vidare med å påpeike at boka hans handlar om det som han meiner at Lenin aldri gjekk inn på, nemleg det sentrale

punktet framandgjering som gir nøkkelen til å forstå Marx` marxisme. Her meiner eg at Lefevbre har rett. Dei som ikkje startar med framandgjeringa har ingen sjanse til å gripe Marx sitt heilskapelege "prosjekt". Lenin nærma seg synspunkta til Marx i visse delar av boka si om "Staten og revolusjonen", men vi har mykje gunstigare utgangspunkt fordi skriftene til Marx om framandgjeringa no har blitt funne fram og offentleggjorte.

Lefevbre problematiserte kvardagslivet endå mykje meir. Han hevda til dømes at berre arbeidarklassen levde i kvardagslivet. Ungdommen levde utanfor det. Dei intellektuelle levde innanfor det, men fann heile tida tilflukt i allskens prosjekt i livsløgner for å slippe vekk frå det. Han meinte at kvinnene var dei som leid mest under kvardagslivet. Han meinte også at kvardagslivet til arbeidarklassen hadde den kvaliteten at det opna dei for å søke heilskapeleg teori for å forstå og endre dette dagleglivet.

Stalin var ikkje interessert i at folk skulle feste seg for mykje ved dette, fordi det ikkje passe med hans teori om "sosialisme i eitt land". Av denne og andre grunnar vart dei mest nyskapande og revolusjonære tek stene til Marx frå tida før "Den tyske ideologien" avferda som restar frå ein idealistisk periode hos Marx.

Den kjende kvinnelege ungarsk-amerikanske (no pop-)filosofen Agnes Heller som førte debatten om kvardagslivet vidare i boka "Kvardagslivet" i ungarsk utgåve i 1970 og seinare omsett til mange språk (A. Heller, Everyday Life, Routlegde & Kegan Paul, 1984.), tek også opp problemet om kvardagsliv i forhold til framandgjering. Her stiller ho seg opp mot Heidegger som meinte at kvardagslivet alltid måtte blir "framandgjort", dvs. føre til enkle løysingar ut frå eit medvet danna av pragmatisme, overgeneralisering, repetering som må til for å klare av med alle daglege situasjonar som stadig gjentar seg.

Heller meiner at det ikkje er nødvendig at kvardagslivet er framandgjort. Det er ikkje sjølve strukturen av kvardagslivet som fører til framandgjering, men dei samfunnsmessige forholda som gjer at eit framdgjort tilhøve til kvardagslivet blir det typiske tilhøvet til kvardagslivet. (Heller, s.257.) Dette kan berre hende dersom den einskilde personen blir eit individ. Og det kan ho berre bli dersom ho veit når ho skal sette grensa for kvardagsmedvetet og den pragmatiske måten å nærme seg saker på, og utvikle ei teoretisk haldning.

No er eg på langt nær samd med alt Heller skriv. Eg meiner f.eks. at ho har eit for snevert framangjeringsomgrep, og eg meiner at det er feil at framandgjeringa kan opphevast gjennom ei teoretisk haldning. Dette kan riktignok skje for enkeltpersonar i ei viss grad, men ikkje for heile samfunnsklassar. Her ligg ei viktig grunngjeving for det kommunistiske partiet. Heller sitt syn fører til moralisme og moralfilosofi.

Men poenget her er at dei mest kjende kvardagslivsfilosofane som også påsto at dei var marxistar då dei skreiv dei bøkene eg har vist til, problematiserer omgrepet kvardagsliv ut frå saker som Marx skreiv. Eg trur at den som ikkje gjer det, går i alle dei fellene som desse to påviser i bøkene sine.

I tillegg til dette sleper ein med seg heile den oxfordfilosofiske språktradisjonen med omgrepet kvardagsliv som er har nevnt tidlegare.

Dessutan har kvardagslivsperspektivet no blitt overtatt av dei som eg litt respektlaust vil kalle dei borgarleg antropologpåverka sosiologane som rører seg godt innan den strukturalistisk/hermeneutiske horisonten. Ein mykje bruk kronikkør i "Klassekampen" er eit eksempel på dette. Retninga er godkjend av Nordisk Ministerråd ved utgjevinga av boka "Det nya vardagslivet" som kom ut NORD-serien i 1984.

Eit godt eksempel på denne retninga er Marianne Gullestad si bok "Kultur og kvardagsliv", Universitetsforlaget, Det blå bibliotek, 1989. I den første artikkelen i boka knyttar ho seg eksplisitt til noen av dei viktigaste av dei moderne borgarlege vitskapsteoretiske straumdraga, strukturalisme og hermeneutikk.

Eit anna eksempel er sosiologen Anthony Giddens med sin "strukturasjons-teori". I boka "The Constitution of Society", Polity Press 1984, går han direkte ut for å bygge bru over motseiinga mellom strukturalismen og hermeneutikken utan å "forfalle" til marxisme. Resultatet blir at han opphevar kapitalismen i tanken og lar som om menneska allereie har kontroll med eksistensvilkåra sine. Det som kjenneteiknar menneska og samfunna deira er "medveten dirigert sosial oppførsel" ("reflexively monitored social conduct"). Og drivkrafta i menneskehistoria er ikkje forholdet mellom menneske og resten av naturen, men historia konstituerast av møte mellom menneske og menneske slik det strekk seg gjennom tid og rom.

Med dette ligg alt til rette for ei forskjønning av verkelegheita, forkasting av Marx og full tillit frå det borgarlege forskarmiljøet. Med eit forskrekkeleg arsenal av nye omgrep og store mengder detaljkunnskap om alt mogeleg, verkar han fryktinngytande og overveldande. Men når vi skrellar orda og kjem til kjernen, så er det heilt enkelt den epikureisk spagaten igjen. Det er i hovudsak Feuerbach sin "observerande materialisme". Og det viser seg nok ein gong at vegen til borgarleg vitskap går gjennom å definere vekk den materielle framandgjeringa.

Men "The Constitution of Society" er ei svært interessant bok å bryne seg på for den som vil forsvare Marx sine tankar fordi Giddens i denne boka prøver å formulere ein samfunnsteori som overskrid alle dei teoriene som har vore fram til no. Og kjernen i boka er å ta rotta på grunntrekka i "marxismen". Nett som ein Weber prøvde tidlegare.

I boka "Den flerstemmige revolusjonen", der Kjersti Ericsson tek farvel med den stalinistiske "marxismen", meiner eg at ho er altfor lite kritisk til dei teoretiske tradisjonane ho pukkar delar av. Ho set kursen inn i Piaget og Saussures verd utan i det heile å problematisere, ja ikkje ein gong nevne dei teoretiske tradisjonane ho knyttar seg til. Dermed går ho heller ikkje opp noen grense mellom det Marx utvikla og det ho kallar marxisme. Boka får derfor ein tendensen til uhistorisk kulturstrukturalisme og det ligg og ein tendens i han til å slå Marx ut saman med "sjablon" Marx.

Dette er eit resultat av den største feilen til heile AKP, som også pregar utvikling av kvinneteori: at vi aldri tok marxismen på alvor, men var svært open for å importere moderne borgarlege straumdrag på eklektisk vis når vi skulle korrigere vår eigen "sjablon"-marxisme. Vi har no drive på med dette i svært lang tid.

Også mange av dei som vil satse på RV og dei som trur dei "kan gjere som dei alltid har gjort", gjer den samme teoretisk-ideologiske feilen, både i den grad dei klyngar seg til sjablonane, og i den grad dei forkastar sjablonane på lettvint vis.

 

 

Frigjeringa av individa i fellesskapen - kommunismen

 

 

Om kommunismen, seier Marx vidare, at på samme måte som privateigedommen berre er det sansbare uttrykket for at mennesket blir både tingleg for seg sjølv og samstundes kjenner seg som ein framand og umenneskeleg gjenstand, for at mennesket sin livsytring er avståing av livet og mennesket si verkeleggjering er mennesket sitt tap av verkelegheit, at det blir til framand verkelegheit, på samme måten må altså den positive opphevinga av privateigedommen, dvs. den sansbare ("materielle") tileigninga av mennesket sitt vesen og liv, av det tinglege mennesket og av menneskets verker for og gjennom mennesket, ikkje berre blir forstått som umiddelbar einsidig nyting, ikkje berre som det å eige, som det å ha. (Falken, s. 235.)

(For å forstå denne lange perioden kan det vere verd å minne seg sjølv på at det tinglege mennesket = mennesket slik det framstår i form av dei tinga det skaper. Idag er dette først og fremst i form av den konstante kapitalen (maskineri osv og råvarer) og den variable kapitalen (arbeidaren), for å bruke omgrep frå Marx sine økonomiske analyser. Hovudpoenget i den lange setninga er at under kommunismen må ikkje heile den menneskelege tileigninga av heile naturen berre bli forstått som umiddelbar, einsidig nyting, ikkje berre som det å eige, som det å ha.)

Det er nemleg slik at mennesket tileignar seg det allsidige vesenet sitt på ein allsidig måte. Eitkvart av mennesket sine menneskelege forhold til verda: syn, hørsel, lukt, smak, kjensler, tenkning, erkjenning, fornemming, ønske, verksemd, kjærleik, kort sagt alle organ for mennesket sin individualitet, og dei organa som i forma si umiddelbart er samfunnsmessige organ, er i det tinglege forholdet sitt eller i forholdet sitt til tingen, tilegninga av tingen. (Falken, s. 236.)

Privateigedommen har gjort oss så dumme og så einsidige at ein ting først er vår når vi har han, dvs. når han eksisterer for oss som kapital eller når vi direkte eig han, et han, drikk han, har han på kroppen vår, bur i han osv., kort sagt når vi brukar han. Og det på tross av at privateigedommen sjølv oppfattar desse formene for direkte verkeleggjering av besittinga berre som middel til å halde oppe livet, og det livet som dei tjener som middel til er privateigedommen sitt liv - arbeid og kapitalisering.

Derfor har den enkle framandgjeringa av alle sansar, sansen for å eige, komme i staden for alle fysiske og andelege sansar. Det menneskelege vesen måtte bli redusert til denne fattigdommen for å kunne bringe fram den indre rikdommen sin.

Opphevinga av privateigedommen er derfor den fullstendige frigjeringa av alle menneskelege sansar og eigenskapar; men ho er denne frigjeringa nett fordi desse sansane og eigenskapane er blitt menneskelege både subjektivt og objektivt. Auge er blitt til det menneskeleg auge på samma måte som gjenstanden for det er blitt til ein samfunnsmessig, menneskeleg gjenstand som er skapt av mennesket for mennesket. Sansane er umiddelbart blitt teoretikarar i praksisen sin. Dei held seg til tingen for tingen sin eigen skuld, men tingen sjølv er eit tingleggjort menneskeleg forhold til seg sjølv og til mennesket og omvendt. Behovet har derfor mist den reine nytten sin, ettersom nytten er blitt til menneskeleg nytte. (Falken, s.236-37.)

Marx går vidare inn på korleis sansane blir menneskelege sansar og naturen blir menneskeleg natur. Han skriv om korleis det kommande samfunnet finn alt det materialet som er nødvendig for utviklinga si gjennom rørsla til privateigedommen, gjennom rørsla til privateigedommen sin rikdom og sitt elende - gjennom materiell og andeleg rikdom og elende, og om korleis det nye samfunnet på samme måten produserer mennesket med heile rikdommen til det menneskelege vesen, det rike, altsansande og djupsindige mennesket, som den varige verkelegheita si.

Det er først i den samfunnsmessige tilstanden at subjektivismen og objektivismen, idealismen og materialismen, verksemda og lidinga misser motsetninga si og dermed eksisensen som slike motsetningar. Vi ser at dei teoretiske motsetningane sjølv berre kan løysast på praktisk vis, berre gjennom mennesket sin praktiske innsats, og at det derfor slett ikkje berre er erkjenninga si oppgåve å løyse dei. Det er ei verkeleg livsoppgåve som filosofien ikkje har klart å løyse, nett fordi han har oppfatta ho berre som ei teoretisk oppgåve. (Falken, s.240.)

I resten av kapitlet om kommunismen i dei økonomisk-filosofiske manuskripta går Marx endå nøyare inn på forholdet mellom mennesket og resten av naturen. Han seier at industrien er naturen og dermed naturvitskapen sitt sanne historiske forhold til mennesket. Om vi oppfattar industrien som den eksoteriske (ytre) avdekkinga av dei menneskelege vesenskreftene, så blir også naturen sitt menneskelege vesen eller mennesket sitt naturlege vesen forståeleg.

Den naturen som blir til i den menneskelege historia - i skapingsakta til menneskesamfunnet - er mennesket sin verkelege natur, og derfor er han natur som skapast i industrien, om enn i framandgjort form, den sanne antropologiske natur. (Falken, s.241-42.)

Under kommunismen kjem det rike mennesket og det rike menneskelege behov i staden for den nasjonaløkonomiske rikdom og elende. Det rike mennesket er samstundes eit menneske som har behov for heile den menneskelege livsytring. For dette mennesket eksisterer den eigne verkeleggjeringa som indre nødvendigheit, som behov. Ikkje berre mennesket sin rikdom, men også fattigdommen til mennesket får - under sosialismen - i like høg grad menneskeleg og dermed samfunnsmessig betydning. Fattigdommen er det passive bandet som får mennesket til å føle behov for den største rikdom, det andre mennesket. Det tinglege vesenet sitt herredømme i meg, det sansemessige utbrotet for vesensverksemda mi, er lidenskapen, som dermed blir vesensverksemda mi. (Falken, s.243-44.)

For det sosialistiske mennesket er heile den såkalla verdshistoria ikkje noko anna enn at mennesket blir til gjennom det menneskelege arbeidet, ikkje noko anna enn naturen blir til for mennesket, og følgeleg har mennesket eit synleg prov for at det har skapt seg sjølv, for at det er blitt til gjennom ein prosess. Etter at det er blitt praktisk og sansbart synleg for mennesket at mennesket og naturen eksisterer som vesen og at mennesket er naturens skapning og naturen menneskets skapning, er spørsmålet om eit framand vesen, om eit vesen som står over naturen og mennesket - eit spørsmål som inneber at naturen og mennesket er uvesentleg - blitt praktisk umogeleg.

Sosialismen er mennesket sitt positive medvet om seg sjølv, som ikkje lenger går vegen om opphevinga av religionen, på samme måte som det verkelege livet er mennesket si positive verkelegheit som ikkje lenger går vegen om opphevinga av privateigedommen, kommunismen. Kommunismen er stillinga som negasjonen sin negasjon (opphevinga av opphevinga) og derfor det verkelege moment i mennesket si frigjering og attvinning som er nødvendig for den vidare historiske utviklinga. Kommunismen er den nødvendige forma og energiprinsippet for den næraste framtida, men i seg sjølv er ikkje kommunismen målet for den menneskeleg utviklinga, forma for menneskesamfunnet. (Falken, s.246-47.)

 

 

"Den tyske ideologi" og kommunismen

 

 

I kapitlet om kommunismen i "Den tyske ideologi - Feuerbach" skriv og Marx ting som det er verd å sjå nøyare på.

Han skriv at alle samanstøytar i historia etter oppfatninga hans har opphavet sitt i motsetninga mellom produktivkreftene og samkvemsformene. Han føyer og til at det ikkje er nødvendig at denne motsetninga må vere sett på spissen i eit land for å resultere i ein kollisjon. Konkurransen med industrielt utvikla land, som er resultat av det internasjonale samkvemmet, er nok for å kalle fram ei liknande motsetning i land med mindre utvikla industri.

Motsetninga mellom produktivkreftene og samkvemsforma måtte kvar gong komme til utbrot i ein revolusjon, og då hadde han samstundes fleire sideformer, som ein kollisjonane sine totalitet, kollisjonar mellom skilnadege klassar, som medvetet sin motsetning, idekamp osv., politisk kamp osv. (Pax, b.2, s.118.)

Forvandlinga av dei personleg maktforholda til tinglege forhold gjennom arbeidsdelinga kan ikkje opphevast ved at vi kvitter oss med den alminnelege førestellinga om samanhangen, men berre gjennom at individa igjen legg under seg desse tinglege maktene og opphever arbeidsdelinga. Dette er ikkje mogeleg utan fellesskapen. Først i fellesskap med andre har kvart individ midla til å kunne utvikle anlegga sine i alle retningar; først i fellesskapen kan altså den personlege fridommen bli verkelegheit.

I dei surrogata for fellesskap som vi har hatt til no, i staten osv., eksisterer den personlege fridomen berre for dei individa som har utvikla seg innan forhold som gjeld for den herskande klassen, og berre i den utstrekning som dei tilhøyrer denne klassen. Den tilsynelatande fellesskapen som individa til no har slutta seg saman i, har alltid gjort seg sjølvstendig ovanfor dei og har, sidan det var ei sameining av ein klasse overfor ein annan klasse, samstundes for den herskande klassen ikkje berre vore ein heilt illusorisk fellesskap, men også ei ny lenke. I den verkelege fellesskapen oppnår individa i og gjennom samanslutninga samstundes fridommen sin.

Det er nett sameininga av individ (sjølvsagt innan rammen for dei føresetnader som dei produktivkreftene gir som er utvikla idag) som legg vilkåra for individa si frie utvikling og rørsle under deira kontroll, vilkår som til no har vore overlatne til slumpane og som har gjort seg sjølvstendige mot dei enkelte individa nett ved å skilje dei som individ, gjennom den nødvendige sameininga som var vilkårsbunden av arbeidsdelinga og som gjennom avskiljinga nett var blitt eit band for individa som dei følte var framand for dei.

Retten til å kunne glede seg uforstyrra over det tilfeldige innan visse vilkår, har vi til no kalla personleg fridom. Desse vilkåra er sjølvsagt berre dei produktivkreftene og samkvemsformene som eksisterer til kvar tid. (Pax, b.2, s.118-19.)

Den underordninga av individa under bestemte klassar som har oppstått kan vi ikkje oppheve før det er oppstått ein klasse som ikkje lenger har noen særskild klasseinteresse å kjempe igjennom mot den herskande klassen.

I løpet av den historiske utviklinga og som følgje av ei uunngåeleg sjølvstendiggjeringa av samfunnsmessige forhold innan ei arbeidsdeling, oppstår det ein skilnad mellom dei enkelte individa sitt liv i den utstrekning det er personleg og (i den grad det er) underlagt den eine eller andre grein av arbeidet og dei vilkåra som høyrer til den.

Forskjellen mellom personleg individ og klasseindivid, det tilfeldige i livsvilkåra for individet, opptrer først i og med den klassen som sjølv er eit produkt av borgarskapet. Konkurransen og individa sin kamp seg imellom produserer og utviklar først dette tilfeldige. I førestellinga er derfor individa under borgarskapet sitt herredømme friare enn før, fordi livsvilkåra deira står fram som tilfeldige for dei, men i verkelegheita er dei underlagt tingleg makt.

Når det gjeld proletarane er deira eige livsvilkår, arbeidet, og dermed samtlege eksistensvilkår i dagens samfunn, blitt noko tilfeldig som dei enkelte proletarane ikkje har nokon kontroll over og som ingen samfunnsmessig organisasjon kan gi dei kontroll over. Motsetninga mellom den enkelte proletaren sin personlegdom og det livsvilkåret som er tvunge på han, arbeidet, trer klår fram for han sjølv, særleg sidan han jo allereie frå ungdommen av blir ofra og ikkje har noen sjanse til, innan sin eigen klasse, å nå fram til vilkår som bring han over i den andre klassen.

Mens altså dei rømde liveigne berre fritt ville utvikle og gjere gjeldande dei allereie eksisterande livsvilkåra sine, og derfor i siste instans berre kom fram til det frie arbeidet, må proletarane, for å gjere seg personleg gjeldande, oppheve sitt eige tidlegare eksistensvilkår, nemleg arbeidet. Det står derfor også i ei direkte motsetning til den forma som samfunnet sine individ til no har funne uttrykket sitt i, til staten, og dei må styrte staten for å sette gjennom personlegdommen sin. (Pax b.2., s.121-22.)

Slik avsluttar Marx delen om Feuerbach i "Den tyske ideologien".

Den teoritradisjonen som er knytt til den strukturalistiske og stalinistiske "marxismen" har sett eit skilje ved dette verket av Marx. Det heiter at det som er skrive før dette høyrer til ein idealistisk Marx og ikkje eigentleg kan reknast til Marx sin marxisme. Eg meiner at det er feil og at denne haldninga verkeleg har hindra oss i å sjå på sosialismane i "eitt land" med realistiske auge. Det har og gjort det umogeleg å kritisere dei ideologiane som er knytt til slike sosialismar på fruktbare måtar, anten vi no kallar dei "stalinisme" eller "maoisme". Dessutan har det hindra oss i å sjå det tidsavgrensa i mange av dei teoriane om monopolkapital og imperialisme som no blir avkrefta av dei empiriske fakta i den nye utviklinga av kapitalismen frå 1980-talet av. I tillegg har dette gjort det umogeleg å videreutvikle den marxistiske teoritradisjonen på område som rasisme, kvinneundertrykking og økologi.

Noen hovudtrekk av "Kapitalen" - førebuingar.

Etter at Marx hadde skrive dei "økonomisk-filosofiske" manuskripta byrja han å sette seg nøye inn i økonomisk teori og praksis.

Særleg i tida frå 1850 til 1869 dreiv han intense studiar. Då den revolusjonære bølgja rundt 1848 hadde trekt seg tilbake, trakk Marx den slutninga at det no var på tide legge eit teoretisk grunnlag for større offensivar i framtida. Etter at arbeidaropprøret i Paris var slått ned i juli 1850 fremja Marx og Engels ideen om at revolusjon var blitt umogeleg i den nære framtida og at Kommunistforbundet måtte endre verksemda si og gi første prioritet til arbeid med skulering, studiar og utvikling av revolusjonær teori. Marx sjølv sa at han ikkje ville ha meir enn tolv personar med i den studiesirkelen han dreiv. Det var viktigare å komme til rota i dei teoretiske sakene enn å vere så mange.

Dei vart utskjelde for å vere kontrarevolusjonære, anti-proletariske og upraktiske bokdyrkarar. Då trekte dei seg tilbake frå Kommunistforbundet, som gjekk i oppløysing omkring 1852, og gjekk inn i meir enn ti år utan politisk aktivitet.

I tida frå 1850 til 1853 skreiv Marx 24 notatbøker med kommentarar til det han hadde lese om varer, pengar, kapital, lønnsarbeid, jordeigedom, internasjonal handel, historia om oppfinningar og tek nologi, kreditt, teori om auke i folkesetnaden, teori om økonomien i statar, historia til skikkar og vanar, litteratur, verdsmarknaden, kolonialisme og andre saker. Det meste av dette stoffet vart ikkje offentleggjort.

I 1851 skreiv han eit svært manuskript om "Pengesystemet som heilskap" og eit anna manuskript med utdrag frå skriftene til den mest populære økonomen på den tida, David Ricardo.

I 1854-55 skreiv han eit manuskript med tittelen "Pengesystem, kredittsystem, krisar".

I 1857-58 gjorde han ferdig det store manuskriptet som er blitt kalla "Grunnriss". "Grunnriss" vart publisert første gong i Moskva i 1939 og i 1941. Boka kom ut på tysk i 1953 og på engelsk i 1973. Her utviklar Marx for seg sjølv mykje av det som han seinare populariserte i "Kapitalen".

Men før det hadde han og skrive dei tre banda om "Teoriar om meirverdien" frå 1862-63 som først vart publisert av Karl Kautsty i åra 1905 til 1910. Denne utgåva var sterk prega av Kautsky sine inngrep i rekkefølgen av kapitla og i tek stane. Mykje var lite nøye og innkorta. Først mellom 1954 og 1961 kom verket ut i ei vitskapeleg utgåve på russisk og i 1965 til 1968 på tysk. Seinare kom utgåver på andre språk. I 1973 kom verket på svensk. "Teoriar om meirverdien" er eigentleg ei kritisk-teoretisk gjennomgang av all tidligare litteratur om økonomi.

Første bok av "Kapitalen" hadde Marx ferdig i 1869. Andre og tredje bok klarte han ikkje å gi ut sjølv. Dei gjorde Engels klår for trykking og dei kom ut i 1885 og i 1894.

På norsk har vi berre første bok av "Kapitalen" i omsetting i dag. Det var forlaget Oktober som gav ut denne boka i fire delband i 1983.

Bortsett frå ei økt på første bok av "Kapitalen" har berre nokre få av kommunistane i "m-l-rørsla" studert Marx sine økonomiske skrifter. Slik sett er vi like "grønne" som når det gjeld dei tidlege meir "filosofiske" skriftene hans. Dette gjeld endå om vi har gitt ut mange studiehefter og bøker med samandrag osv. av desse skriftene.

Her er det ikkje meininga å gå inn på dei økonomiske skriftene på samme måte som vi har teke opp dei meir filosofiske. Men eg skal likevel gi eit oversyn over hovudtrekka slik at samanhengen mellom desse delane av Marx sine verk kjem fram.

Eigentleg skulle eg ha gitt ei samanfatning av "Grundrisse" her, men manuskriptet er så mangfaldig at det ikkje lar seg gjere utan å sprenge alle rammer for boka. Det finst eit godt redigert utdrag av boka både på svensk og på dansk som særleg trekk ut dei delande som ikkje er omhandla i "Kapitalen". (Tema Teori 5: Karl Marx - Grunddragen i kritiken av den politiske ekonomin i urval av Sven-Eric Liedman, Zenit . Rabén&Sjøgren 1971.) Heile verket finst på engelsk i ei Pelican-utgåve frå 1973.

Nokre delar av "Grunnriss" som er viktige for framstillinga mi, må eg likevel få trekke fram.

 

 

Kapitalismen, fritid, arbeidsløyse, kommunisme

 

 

Marx skriv her at utvekslinga mellom levande og tingleggjort arbeid, dvs. fastsettinga av det samfunnsmessige arbeidet i form av motsetninga mellom kapital og lønnsarbeid, er den siste utviklinga av verdiforholdet og den produksjonen som er basert på verdi.

Føresetnaden for slik produksjon er og forblir mengda av umiddelbar arbeidstid, mengda av brukt arbeid som den avgjerande faktoren i produksjonen av rikdommen. Men i den grad vi utviklar storindustrien blir skaping av verkeleg rikdom mindre avhengig av arbeidstida og mengda brukt arbeid enn av makta hos dei kreftene som vi set i rørsle i arbeidstida og som har ein verknad som ikkje står i noko forhold til den umiddelbare arbeidstida som går med til å produsere dei, men som er avhengig av det allmenne utviklingstrinnet i vitskapen og teknologien sitt framsteg, eller med andre ord av tillempninga av denne vitskapen på produksjonen. (Tema 5, s.196. Pelican, s.704.)

Arbeidet framstår no mindre som inneslutta i produksjonsprosessen fordi mennesket snarare held seg til sjølve produksjonsprosessen som vaktar og regulator. (...) Det er ikkje lenger arbeidaren som sett inn det omdanna naturobjektet (verktyet) som mellomlekk mellom objektet (råvaren) og seg sjølv, men arbeidaren omdannar naturprosessen til ein industriell prosess som han setter inn som middel mellom seg og den uorganiske naturen som han tileignar seg. Han står på sida av produksjonsprosessen istadenfor å vere hovudpersonen i han.

I denne omdanninga er det korkje det umiddelbare arbeidet som mennesket sjølv utfører, eller den tida då ho arbeider, men tileigninga av hennar eiga allmenne produktivkraft, kunnskapane hennar om naturen og styringa av naturen gjennom eksistensen sin som samfunnsmedlem - med eit ord utviklinga av det samfunnsmessige individet - som framstår som hjørnesteinen under produksjonen og rikdommen.

Det tjuveriet av framand arbeidstid som den noverande rikdommen er grunnlagd på framstår som ein ussel grunnvoll samanlikna med denne nye grunnvollen som storindustrien har skapt.

Så snart arbeidet i den umiddelbare forma si har slutta å vere hovudkjelde til rikdommen, sluttar utan tvil arbeidstida å vere rikdommen sitt mål og dermed sluttar bytteverdien i vere bruksverdien sitt mål. Dei mange sitt meirarbeid har slutta å vere vilkår for utvikling av den allmenne rikdommen på samme måte som dei få sitt ikkje-arbeid har slutta å vere vilkår for utviklinga av hjarnen sine allmenne krefter.

Dermed bryter den produksjonen som er grunnlagt på bytteverdi saman og den umiddelbare produksjonsprosessen får ei form som ikkje er tilfeldig og full av motsetningar. Dette ber i seg den frie utviklinga av individualitetane og derfor ikkje nedkortinga av den naudsynte arbeidstida for å gi plass til meirarbeid, men i det heile nedkorting av samfunnet sitt naudsynte arbeid til eit minimum som gjer mogeleg individa si kunstnarlege, vitskapelege osv. utdanning i den tida og med dei midla som er skapt for alle.

Kapitalen er sjølv den aukande motsetninga fordi kapitalen hindrar nedkortinga av arbeidstida til eit minimum, medan han på andre sida brukar arbeidstida som det einaste målet på rikdom og den einaste kjelda til rikdom. Kapitalen minskar arbeidstida i form av naudsynt arbeid for auke arbeidstida i form av overflødig arbeid - det skapar i stadig større grad det unødige som vilkår - eit spørsmål om liv og daud - for det nødvendige.

På den eine sida vekker kapitalen altså vitskapen og naturen sine krefter og det samfunnsmessige samvirket og den samfunnsmessige kommunikasjonen sine makter til liv for å gjere skaping av rikdom (relativt) uavhenging av den arbeidstida som svarar til han. På andre sida vil kapitalen måle desse enorme samfunnskreftene som er skapt på denne måten, etter arbeidstida og stenge dei inne innanfor grenser som blir kravd for at vi skal kunne halde oppe som verdi den verdien som allereie er skapt. Produktivkreftene og dei samfunnsmessige forholda, som er ulike sider av det samfunnsmessige individet si utvikling, framstår berre som middel for kapitalen og berre som middel for kapitalen til å produsere på sin eigen avgrensa grunnvoll.

Men i røynda er det dei materielle vilkåra som skal sprenge i stykker denne grunnvollen.

Naturen byggjer ingen maskinar, ingen lokomotiv, jernbanar, telegrafar, automatiske spinnemaskinar osv. Dei er produkt av den menneskelege industrien; dei er naturmateriale som har blitt omdanna til verkty for den menneskelege viljen over naturen eller for å verkeleggjere den menneskelege viljen i naturen. Dei er verkty for den menneskelege hjernen, skapt av den menneskelege handa; vitinga si tingleggjorte (objektiverte) kraft. Utviklinga av den faste kapitalen viser i kva høg grad den allmenne, samfunnsmessige vitinga, kunnskapen, har blitt umiddelbar produktivkraft og i kor høg grad den samfunnsmessige livsprosessen dermed sjølv har komme under den allmenne intelligensen sin kontroll og blitt omforma i overeinstemming med det. Det viser i kor stor utstrekning dei samfunnsmessige produktivkreftene har produsert, ikkje berre i form av viting, men og som umiddelbart verkty for den samfunnsmessige praksis, for den relle livsprosessen. (Tema, s.197-199. Pelican, s.705-706.)

Likesom storleiken av det relative meirarbeidet er avhengig av det nødvendige arbeidet sin produktivitet, er mengden - både levende og tingliggjort - arbeidstid, som er blitt brukt for produksjon av den faste kapitalen, avhengig av produktiviteten hos den arbeidstida som blir brukt for den direkte produksjonen av produkt. Overfolkning er (ut frå denne synsvinkelen) eit vilkår for dette, liksom meirproduksjonen. (Tema, s. 199-200. Pelican, s.707.)

I jo mindre grad den faste kapitalen gir umiddelbar frukt, jo mindre han grip inn i den umiddelbare produksjonsprosessen, desto større må den relative overfolkningen og meirproduksjonen vere: altså jo meir er der for jernbanar, kanaler, vassleidningar, telegrafar osv., desto mindre del av maskineriet er direkte i bruk for den umiddelbare produksjonsprosessen. Av dette (som vi skal komme tilbake til) kjem den moderne industrien sin stadige over- og underproduksjon, dei stadige svingingane og krampane som følgjer av det missforholdet at anten for mykje eller for lite rørleg kapital blir forvandla til fast kapital.

Skaping av mykje disponibel tid utover den arbeidstida som i det heile er nødvendig for samfunnet og for kvar og ein av medlemmene i samfunnet (dvs. rom for individa og dermed også for samfunnet sine fulle produktivkrefter) - denne skaping av ikkje-arbeidstid framstår på kapitalen sitt nivå, som på alle tidlegare utviklingsstadier, som ikkje-arbeidstid, som fritid for eit fåtal. Dessutan auker kapitalen fleirtalet si meirarbeidstid med hjelp av alle teknikken og vitskapen sine middel. Dette gjer han fordi kapitalen sin rikdom direkte er denne tileigning av meirarbeidstid og ved at kapitalen sitt direkte mål er verdien, ikkje bruksverdien. Kapitalen er slik, mot viljen sin, eit instrument som blir brukt til å skape middel til samfunnsmessig disponibel tid, til å redusere arbeidstida for heile samfunnet til eit stadig mindre minimum og til å gi alle tid til sin eigen utvikling.

Men kapitalen sin tendens er alltid på den eine sida å skape disponibel tid og på den andre sida å forvandle denne til meirarbeid. Dersom han klarar det første bra, så får han vanskar med meirproduksjonen og dermed blir det nødvendige arbeidet brote av fordi ikkje noko meirarbeid då kan skape verdi til kapitalen.

Jo meir denne motsetninga utviklar seg, desto meir viser det seg at tilvoksten av produktivkreftene ikkje lengre kan halde fram å vere avhengige av tileigninga av framandt arbeid, utan at arbeidarmassen sjølv må tileigne seg meirarbeidet sitt.

Om arbeidarmassen har gjort det så sluttar den disponible tida å ha motsetningfylt eksistens. På den eine sida kjem då den nødvendige arbeidstida til å ha målestokken sin i dei samfunnsmessige individa sine behov. På den andre sida kjem utviklinga av den samfunnsmessige produktivkrafta til å gå så fort at alle sin disponible tid voks, endå om vi no reknar produksjonen som alle sin rikedom. For den verkelege rikedommen er alle individer sin utvikla produktivkraft. Derfor blir det på ingen måte den lengre arbeidstida, men den disponible tida som er målet på rikdommen. Arbeidstida som rikdommen sin målestokk har som vilkår at sjølve rikdommen er grunna på fattigdommen og at den disponible tida eksisterer i og gjennom motsetninga til meirarbeidstida eller at heile tida til individet blir bestemt som arbeidstid og dermed degraderinga hans til berre arbeidar, underkastinga hans under arbeidet. Det mest utvikla maskineriet tvingar derfor no arbeidaren til å arbeide lengre enn ein vill og lengre enn han sjølv gjorde med dei enklaste og dårlegast verkty." (Tema, s.200-201, Pelican, s.708.)

I det umiddelbare arbeidet ser det ut som om det oppdelte, umiddelbare arbeidet er verkeleggjort i eit særskild produkt. Arbeidet sin felles, samfunnsmessige karakter - karakteren som objektivering av det allmenne arbeidet og som tilfredsstilling av almenne behov - ser berre ut til å høyre til byttet. På ein heilt annen måte ter storindustrien sin produksjonsprosess seg. Der føresetnaden på den eine sida er naturkrafta si underkasting under den samfunnsmessige forståinga gjennom utviklinga av arbeidsmidla sin produktivkraft til automatiske prosessar og der på den andre sida den enkelte sitt arbeid i den umiddelbare eksistensen sin blir bestemd som oppheva enkelt, dvs. samfunnsmessig arbeid. På denne måten fell den andre basisen for denne produksjonsmåten bort.

Den arbeidstida som blir brukt for produksjon av fast kapital held seg, innan kapitalen sin produksjonsprosess, til den tida som blir brukt til produksjon av rørleg kapital på samme måte som meirarbeidstid til nødvendig arbeidstid. I den utstrekninga produksjonen som gjeld tilfredsstillinga av umiddelbare behov, blir meir produktiv, kan ein stor del av produksjonen bli innretta på å tilfredsstille sjølve produksjonsbehova eller produksjonen av produksjonsmiddel.

Det er i produksjonen av den faste kapitalen at kapitalen bestemmer seg som sit eige mål i ein høgare potens enn i produksjonen av den rørlege kapitalen og verksamt trer fram som kapital. (Tema s. 202, Pelican s.710.)

Den verkelege økonomien - sparinga - er sparing av arbeidstid (minimum av - og minsking til minimum av - produksjonskostnader); men denne sparinga er identisk med utviklinga av produktivkreftene. Ho er altså ikkje på nokon måte forsaking, men utvikling av krafta, av produksjonsevna og dermed både av evna til å nyte livets goder som midla til å gjere det. Evna til å nye livets goder er vilkår for nytinga, altså nytinga sitt første middel og denne evna ber i seg utvikling av eit individuelt anlegg, ei individuell produktivkraft. Sparing av arbeidstid ber i seg meir fritid, dvs. tid for individet si fulle utvikling, og denne sparinga verkar tilbake som den største produktivkrafta på arbeidet si produktivkraft. Dersom vi tenkjer at dette er ein umiddelbar produksjonsprosess kan vi sjå på auke i fritida som produksjon av fast kapital; denne faste kapitalen er då menneska sjølv.

Det er elles sjølvinnlysande at sjølve den umiddelbare arbeidstida ikkje kan halde fast på den abstrakte motsetninga til fritida slik som ho har sett ut frå den borgarlege økonomien sitt synsvinkel. Arbeidet kan ikkje bli ein leik slik som Fourier ville. Det er Fouriers store forteneste at han la vekt på at målet ikkje er å oppheve distribusjonen, men å oppheve sjølve produksjonsmåten og produksjonsmåten sin overgang til ei høgare form. Fritida - som både er tid for kvile og tid til høgare aktivitet - har sjølvsagt forvandla innehavaren sin til eit anna subjekt, og som dette andre subjektet trer då innehavaren også inn i den umiddelbare produksjonsprosessen. Denne er på samme gong displin - når vi ser han som menneske som blir til - og trening, eksperimentell vitskap, materiell skaping og i seg sjølv tingleggjort (objektivert) vitskap - med omsyn på mennesket slik ho er blitt og som har i hjernen sin samfunnet sitt oppsamla vitande. Om arbeidet krev praktisk handlag og - som i jordbruket - rørsle, er produksjonsprosessen samstundes øving av begge.

Slik som vi bit for bit utvikla den borgarlege økonomien har vi også utvikla negasjonen (opphevinga) av han, noko som også er den borgarlege økonomien sitt sluttresultat. Vi har framleis berre å gjere med den umiddelbare produksjonsprosessen. Ser vi det borgarlege samfunnet i det store og heile, framstår sjølve samfunnet, dvs. sjølve mennesket i dei samfunnsmessige forholda sine, som sluttresultat av den samfunnmessige reproduksjonsprosessen. Alt som har fast form, som produkt osv., framstår berre som moment, som forbigåande moment i denne rørsla. Til og med den umiddelbare produksjonsprosessen framstår berre som moment. Til og med prosessen sine vilkår og objektiveringar er sjølv berre likearta moment, og som subjekt framstår berre individa, men individa i forhold til kvarandre, i forhold som dei både reproduserer som nyproduserer. Det er deira eigen stadige rørsleprosess der dei i like høg grad fornyar seg sjølv som den verda av rikdom dei skapar. (Tema, s.204-205, Pelican, s. 711-712.)

Så mange merknader skal eg ikkje komme med til dette. Men eg meiner at det kan gi oss ei djupare forståing av det samfunnet vi lever i no. Berre tenk litt på utsegna om at kapitalismen i stadig større grad skapar det unyttige som vilkår for det nyttige og vurder det opp mot den forma for vekst som leiarane i samfunnet vårt står for. Denne utsegna kler heilt av Brundtlandkommisjonen sitt viktigaste omgrep, "berekraftig utvikling". Ein slik type utvikling er artsframand for kapitalismen med dei "fire fridommane" sine.

Den siste delen av det eg skal ta opp her er den delen som er blitt kalla "Framandgjeringa som historisk nødvendig. Opphevinga av framandgjeringa."

Det forholdet at arbeidet sine objektive vilkår, det objektiverte arbeidet må vekse i høve til det levande arbeidet, gjennom utviklinga av arbeidet sine produktivkrefter - det er eigentleg sjølvinnlysande, for arbeidet sin veksande produktivkraft ber ikkje noko anna i seg enn at det krevs mindre umiddelbart arbeid for å skape eit større produkt og at altså den samfunnsmessige rikdommen meir og meir kjem til uttrykk i dei vilkåra for arbeidet som arbeidet sjølv skapar.

Dette faktum framstår, frå kapitalen sitt synspunkt, ikkje slik at eit moment i den samfunnsmessige aktiviteten - det objektive arbeidet - blir eit stadig mektigare verkty for andre moment, det levende arbeidet, men det framstår slik - og det er viktig for lønnsarbeidet - at dei objektive vilkåra for arbeidet i forhold til det levende arbeidet tek eit stadig meir kollosalt sjølvstende som ytrar seg gjennom desse vilkåra sitt verkelege omfang, og i det at den samfunnsmessige rikdommen står fram som ei framand og herskande makt i stadig veldigare proporsjoner.

Vekta ligg ikkje på at den uhøyrte samfunnsmessige makta objektiverast, men på at ho framandgjerast (alienerast), blir avytra, gjort til noko ytre, noe-som-ikkje-tilhøyrer-arbeidaren, noe-som-høyrer-til-dei personifiserte-produksjonsvilkåra; dvs. vekta ligg på at denne makta høyrer-til-kapitalen som ei ovstor samfunnsmessig makt som har etablert seg mot sjølve det samfunnsmessige arbeidet. Ettersom skapinga av dette aktiviteten sitt objektive verkty skjer i motsetnad til den umiddelbare arbeidsevna frå kapitalen og lønnsarbeidaren sitt synspunkt, ettersom denne objektiverings-prosessen i røynda trer fram som ein avyttringsprosess sett frå arbeidet sitt synspunkt og som tileigning av framand arbeid frå kapitalen sitt synspunkt, er denne forvrenginga verkeleg og ikkje berre innbilt, ikkje berre ei forvrenging og omkastning som eksisterer i arbeidarane og kapitalistane si innbilling.

Men denne forvrengningsprosessen er berre historisk nødvendig, nødvendig ut frå eit bestemd historisk utgangspunkt eller grunnlag, for å produktivkreftene skal blir utvikla. Men denne prosessen er ikkje noko absolutt nødvendig for produksjonen - tvertom er han forbigåande; og resultatet av og (det indre) målet for denne prosessen, er opphevinga av sjølve dette grunnlaget likesom forma for denne prosessen.

Dei borgarlege økonomane er til den grad fangar under dei tankebileta som høyrer til eit særskild historisk stadium i utviklinga av samfunnet, at dei ikkje kan skilje det nødvendige i at arbeidet sine produktivkrefter må objektiverast, frå det nødvendige i at desse kreftene blir framandgjort frå det levande arbeidet.

Men i og med at det levande arbeidet sin umiddelbare karakter som berre individuelt blir oppheva, og i og med at individa sin aktivitet blir bestemd som ein umiddelbar allmenn og samfunnsmessig aktivitet, forsvinn denne forma for framandgjering frå produksjonen sine objektive moment. Dermed blir dei bestemd som eigedom, som den organiske, samfunnsmessige lekam som individa bruker for å reprodusere seg som individ, men no som samfunnsmessige individ. Vilkåra for at dei kan vere samfunnsmessige individ i reproduksjonen av sine eigne liv, i dei produktive livsprosessane sine, har først blitt skapt i og med sjølve den historiske, økonomiske prosessen: det gjeld både dei objektive og dei subjektive vilkåra som berre er ulike former av samme vilkår.

Arbeidaren sin eigedomsløyse og det objektiverte arbeidet sine eigedomsforhold til det levande arbeidet, dvs. kapitalen si tileigning av det levande arbeidet, er berre uttrykk for to motsette polar i samme forhold og er grunnvilkåra for den borgarlege produksjonsmåten og ikkje noko tilfeldig eller likegyldig i han.

Vi treng ikke noko særskild skarpsinne for å forstå at maskinene - i det at dei går ut frå det frie arbeidet eller lønnsarbeidet som oppstår ved oppløysinga av liveigendommen - berre kan oppstå i motsetnad til det levande arbeidet, som ein eigedom som er framand for dette arbeidet og som er ei fiendleg makt for det; dvs. at maskinane må framstå for arbeidet som kapital. Men det er like lett å innsjå at maskinane ikkje opphøyrer å vere berarar av den samfunnsmessige produksjonen så snart dei til dømes blir dei assosierte arbeidarane sin eigedom. Men i det første tilfellet er distribusjonen av dei: dvs. det forholdet at dei ikkje høyrer til arbeidaren, også ein føresetnad for den produksjonsmåten som er grunnlagd på lønnsarbeidet. I det andre tilfellet vil den forandra distribusjonen gå ut frå ei endra grunnvall for produksjonen som først er oppstått gjennom den historiske prosessen. (Tema, s.205.207, Pelican, s.831-833.)

I desse utdraga kan vi studere samanhengen mellom dei tidlegare og seinare skriftene til Marx, og få utdjupa dei. Vi kan leggje merke til at Marx ikkje hadde funne fram til omgrepa konstant og variabel kapital då han skreiv "Grunnriss". Slik er det med heile verket til Marx, han utvikla stadig betre og meir presise omgrep for å forstå kapitalismen sin utviklings- og avviklingsprosess.

Allment kan vi seie at denne boka er ei slags bru frå "ungdomsskriftene" til "den eldre Marx" og "Kapitalen" som viser klårt at Marx heile tida held fast på den oppgåva han gav seg sjølv då han byrja på dei "økonomisk-filosofiske manuskripta". Noko anna er det at han ikkje klarte å fullføre alt han ville.

For at vi skal kunne følgje tråden vil eg no kortfatta samanfatte sentrale delar av Marx sitt hovudverk "Kapitalen".

Samandrag av "Kapitalen".

"Kapitalen" er i tre band. Det første bandet tek for seg kapitalen sin produksjonsprosess. Andre bind handlar om kapitalen sin sirkulasjonsprosess og tredje band er egna utviklinga av kapitalen som heilskap og slik han trer fram på overflata, for kvardagsmedvetet. "Teoriar om meirverdien" kan vi gjerne sjå på som eit fjerda band som omhandlar den historiske utviklinga av den økonomiske teorien. Eg går ikkje inn på det her, men det inneheld mellom anna viktig stoff for å forstå husarbeidet sin rolle og for å kunne gjere skikkelege klasseanalysar som tek omsyn til den ikkje-produktive delen av arbeidarklassen.

"Kapitalen" - første bandet.

"Kapitalen" sitt første band er delt inn i sju avdelingar. Den første delen er den vanskeligaste å trenge inn i. Grunnen er at den mengda førsetnader som vi no har gjennomgått, på ein måte ligg innebakt i denne delen. Elles er ikkje "Kapitalen" ei tung bok å lese. Marx skreiv også boka for arbeidsfolk.

1. avd. Vare og pengar. Her tek Marx utgangspunkt i den forma som heile den menneskelege skaparkrafta står fram i under kapitalismen, nemleg vareforma. Vareforma er den allmenne forma for det framandgjorte produktet av den menneskelige utvekslinga med naturen.

Gjennom ein analyse av vareforma utviklar Marx verdi-omgrepet sitt. Den konkrete omforminga av naturen skapar ting med ulike kvalitetar som vi kan bruke på ulike måtar, det skapar ulike bruksverdiar. Men den felles menneskelige skaparkrafta, som blir individualisert i produksjonen under kapitalismen si arbeidsdeling, tek form av verdi. For at folk skal kunne nytte den felles skaparkrafta si må dei bytte til seg andre individ si skaparkraft i form av varer. Når varene blir bytta mot kvarandre, skjer det ut frå verdien som altså trer fram som bytteverdi. Bruksverdiane blir produsert i form av verdi. Dvs. at dei for å bli brukt, må ta på seg ei form som er skild frå bruksverdiforma. Alle motseiingar i kapitalismen ligg i eller spring ut av dette forholdet.

Dersom vi ikkje ser Marx sitt verk i samanheng, er det her fort mogeleg å oversjå at denne verdiskapinga skjer på grunnlag av ei utveksling med heile resten av naturen.

Gjennom ei analyse av vareforma som bruksverdi og verdi eller bytteverdi, går Marx vidare til å studere pengane som den allmenne verdiforma og avdekkar dei mangfaldige funksjonane pengane har.

Etter dette kjem eit svært interessant underkapittel 4 på 15 sider om "Varens fetisjkarakter og dens hemmelighet". I dette kapitlet knyttar Marx trådane direkte tilbake til dei såkalla "ungdomsverkene" sine. Marx forklårer her mellom anna kvifor eit perspektiv som tek utgangspunkt i "det praktiske kvardagslivet" alltid må ta feil under kapitalismen. Og han forklårer vilkåra for at kvardagsmedvetet direkte kan forstå verda. Dette er først og fremst materielle vilkår. Eg skal gi eit sitat frå dette kapitlet.

"Disse gamle samfunnsmessige produksjonsorganismene (dvs. dei gamalasiatiske, antikke osv. produksjonsmåtane) er overordentlig mye enklere og gjennomsiktigere enn den borgerlige, men de beror enten på umodenheten til det individuelle menneske, som ennå ikke har løsrevet seg frå sin naturlege artssammenheng, eller på umiddelbare makt- og trelldomsforhold. De er betinget av at utviklingsnivået på arbeidets produktivkrefter er lavt og at de forholdene menneskene produserer sitt materielle liv under, dvs. menneskenes forhold til hverandre og til (resten av) naturen, er tilsvarende snevre. Denne sneverheten gjenspeiler seg ideelt i de gamle natur- og folkereligionene. Det religiøse gjenskinnet av den virkelige verden kan i det hele tatt bare forsvinne når forholdene i det praktiske hverdagslivet framstår for menneskene som dagligdagse, gjennomsiktige og fornuftige forhold, både mellom menneskene sjøl og i forhold til (resten av) naturen. Skikkelsen til den samfunnsmessige livsprosessen, dvs. den materielle produksjonsprosessen, kan først kaste av seg sitt mystiske tåkeslør når den som et produkt av mennesker, som fritt har sluttet seg sammen, står under deres bevisste planmessige kontroll. For at det skal skje er det imidlertid nødvendig med et materielt grunnlag for samfunnet, dvs. det er nødvendig med en rekke materielle eksistensbetingelser som sjøl bare er det naturgitte produktet av en lang og smertefull utviklingshistorie." (Kapitalen, bok 1, bind 1, s 95-96. Oktober 1983.)

 

 

Merknad om kvifor kommunistparti er nødvendige

 

 

Slik eg forstår Marx, så meiner han at alle samfunn der det er tvungen arbeidsdeling vil skape uvanlege, ugjennomsiktige og ufornuftige forhold i samfunnet. Dette vil særleg gjelde gjelde under kapitalismen. Men også før kapitalismen og under kommunismen sin første fase. Slik eg tenkjer, er dette mellom anna hovudgrunnen til at det trengs eit kommunistisk parti i heile denne tida. Eit slik parti har berre livets rett om det kan finne ut dei skjulte drivkreftene og heilskapen i utviklingsprosessen som på overflata og ut frå kvardagslivsperspektivet, trer fram som kaos eller falsk einskap. Det er berre mykje studiar og tenking på grunnlag av mykje praksis og mykje felles kamp og diskusjonar med alle typar folk som kan sette partiet istand til det. Derfor er det berre personar som i stor grad forstår den individuelle framandgjeringa, som altså har overskride kvardagslivsperspektivet, som kan vere med i eit slikt parti.

Dette er heilt nødvendig samstundes som det skaper problem fordi medlemmene i eit slikt parti nett ut frå dei eigenskapane dei må ha, også skiljer seg ut frå det store fleirtalet i arbeidarklassen og folket. Desse vanskane kan vi berre løyse dersom partiet heile tida, i alle fasar av arbeidarklassen sin kamp, veit å kjempe vidare for opphevinga av all framandgjering og dersom dei materielle vilkåra tillet dei å gjøre det.

 

Vidare frå "Kapitalen

 

2. avd. Pengane si omvandling til kapital. I denne delen viser han mellom anna at arbeidskrafta sin verdi er lik verdien av det arbeidarane bruker for å leve og skape nye generasjonar av arbeidarar. Han viser også at arbeidaren seljer arbeidskrafta si til ein lågare verdi enn den verdien han/ho skapar i produksjonen. På denne måten skapar arbeidarklassen meirverdien i den kapitalistiske produksjonen.

3. avd. Produksjon av den absolutte meirverdien. Her viser Marx korleis vi kan auke meirverdien ved å forlenge arbeidsdagen. Han forklårer omgrepa konstant kapital (tinga som kapitalen inneheld) og variabel kapital (arbeidskrafta som kapitalen inneheld), går inn på utviklinga av arbeidsdagen og definerer meirverdiraten (utbyttingsgraden) og forholdet mellom denne raten og meirverdimengda. Meirverdiraten er meirverdien delt på verdien av den variable kapitalen (lønnene).

4. avd. Produksjonen av den relative meirverdien. Her viser Marx korleis meirverdiraten blir aukt ved hjelp av den tvungne utviklinga av menneska sine produktive krefter som kjenneteiknar kapitalismen . Det gjer at den nødvendige arbeidstida (den tida det tar å skape verdiar som tilsvarar verdien av arbeidskrafta) blir kortare og kortare. Denne utviklinga byrjar med den kapitalistiske kooperasjonen og endar opp med maskineri og storindustri.

5. avd. Produksjon av absolutt og relativ meirverdi. Her går Marx inn på kva skilnadane mellom desse to typane meirverdi fører til. Det er skapinga av den relative meirverdien for å auke profitten som fører til den enorme utviklinga av produktivkreftene under kapitalismen.

6. avd. Arbeidslønna. Marx går nøye inn på utviklinga av arbeidslønna og dei forskjellige typene lønn her, til dømes akkordlønn og time- eller daglønn. Han seier at akkordlønna passar best med kapitalismen. Han tar også opp dei engelske kapitalistane sin beinharde kamp mot lønnsauke og lågare arbeidstid.

7. avd. Kapitalen sin akkumulasjonsprosess. Her viser Marx korleis meirverdien blir forvandla til kapital. Han formulerer den kapitalistiske akkumulasjonen sin allmenne lov og skriv og ein del om den opprinnelege akkumulasjonen som førte til at kapitalismen kunne utvikle seg ut av føydalismen.

Den kapitalistiske akkumulasjonen sin allmenne lov formulerer han slik:

"Den industrielle reservearmeen (dei arbeidslause) eller den relative overfolkninga voks med samfunnet sin rikdom, med storleiken på og tilvoksten til den fungerande kapitalen, altså med proletariatet sin absolutte storleik og med veksten av produktivkrafta til proletariatet sitt arbete. Den disponible arbeidskrafta utviklar seg av samme orsaker som kapitalen si utvidingskraft. Jo fortare rikdommen utviklar seg, desto fortare voks og den industrielle reservearmeen sin relative storleik. Men jo større reservearmeen er i forhold til den aktive arbeidararmeen, desto meir talrik er også den overfolkninga der elendet står i omvendt forhold til arbeidsbyrda. Jo meir talrikt dette Lazarusskiktet av arbeidarklassen og industrien sin reservearme er, desto større er også den offisielle fattigdommen som er erkjend av styresmaktene. Dette er den kapitalistiske akkumulasjonen sin allmenne lov. (Kapitalen, bind 1, kap. 23,4. Omsett til nynorsk av forfattaren.)

Når vi ser dette skjønner vi og kvifor det er så om å gjere for borgarskapet å avskrekke arbeidarklassen og andre frå å studere Marx og kommunismen. Marx hevdar her at kapitalismen fører til eit stadig større skilje mellom fattige og rike, mellom arbeidarer og borgarskap. Men han hevdar og at det dannar seg ulike skikt i arbeidarklassen, med dei arbeidslause på botn.

"Kapitalen! - andre bandet

Andre bandet av "Kapitalen" omhandlar kapitalen sin sirkulasjonsprosess. Det er delt i tre avdelingar.

1. avd. tek opp "Kapitalen sine formendringar og krinsløpa deira." Det byrjar med pengekapitalen sitt krinsløp (pengar - varer ..produksjon .. meir varer og meir pengar) og tek så opp krinsløpet til den produktive kapitalen (produksjon .. sirkulasjon .. produksjon) og varekapitalen (sirkulasjon .. produksjon av meir varer).

Problem oppstår når noko hindrar sirkulasjonen på eit eller anna vis. Då kjem kapitalakkumulasjonen (oppsamlinga) i fare.

Produksjonstid pluss krinsløpstid er lik totaltida for heile omløpet til kapitalen. Fordi vi reknar profittraten pr. år, blir det viktig for kapitalane å få ned dei ulike elementa i omløpstida. Derfor er drivet for å få vekk all "daudtid" i produksjon, transport, lagring osv. svært viktig.

Sirkulasjonen dreg med seg kostnader som dei reine sirkulasjonskostnadene (f.eks. løn til dei som sel varene og til bokføring) og utgifter til pengeproduksjon (pengar som sirkulasjonsmiddel). Dessutan dreg han med seg lagrings- og transportkostander. Dette er også kostnader som det er viktig å minske.

2. avd. handlar om kapitalen sitt omslag. Heile krinsløpet til kapitalen omfattar den tida det tek frå den augeblinken då kapitalverdien blir satsa i ei bestemd form, til han vender tilbake til samme form. Kapitalen sitt krinsløp sett som ein prosess som stadig tar seg opp att kallar vi kapitalen sitt omslag. Omslagstida til kapitalen er lik den tida det tek frå det tidspunktet då den samla kapitalen opnar eit krinsløp til det tidspunktet då han kan opne eit nytt krinsløp. For å auke profittraten rekna på året er det, som nevnt, viktig for dei enkelte kapitalane å minske omslagstida.

I denne avdelinga definerer også Marx fast og rørleg kapital som noko anna enn konstant og variabel kapital. Fast kapital er det som står fast i produksjonsprosessen, medan rørleg kapital er det som rører eller flyttar seg, dvs. går inn i produksjonsprosessen i den eine enden, blir omdanna og går ut i den andre enden. Maskiner er fast kapital, medan råvarer og hjelpestoffer er rørleg kapital.

Konstant kapital er derimot den delen av kapitalen som ikkje skaper ny verdi under produksjonsprosessen (den verdidelen av kapitalen som er maskiner og råvarer og hjelpestoff), medan variabel kapital (den verdidelen av kapitalen som representerer arbeidskraft) skapar ny verdi.

I kapitlet om den forskotterte kapitalen sitt totalomslag kjem Marx inn på årsakene til att dei periodiske krisane kjem med faste mellomrom. Marx kom til at fornyingstakta til den faste kapitalen var nykkelen til denne gåta. På den tida då han levde rekna han med at omslagstida til denne kapitalen var omlag ti år. Med krisene fekk dei då sanert vekk mykje utslitt og umoderne maskineri og kunne ta setje igang ei ny investeringsbølgje.

Eg trur det er viktig å merke seg at Marx her ikkje snakkar om årsakene til kvifor krisene oppstår, men om årsakene til at dei kjem med ein slik regelmessige frekvens. Forklaringa på dette siste finn han i kapitalen sin sirkulasjon. Mens sjølve årsakene til at krisene i det heile oppstår ligg i kapitalen sin produksjon og dei motsetnadene som spring meir direkte ut av den.

Idag ser det ut til at krisene kjem omlag kvart fjerde/femte år, med ein mindre djup krise innimellom og så ein djupare krise kvart niande år. Vi hadde dei djupare krisene i 1973, 1982 og 1991-92, men det er ikkje sikkert at krisa i 1991-92 er djup nok til å starte opp att akkumulasjonsprosessen med særleg kraft. Utvidinga av den kapitalistiske marknaden som følgje av oppløysinga av dei statlege avstengningane av Sovjet og satelittar og mange andre land, kan gi kapitalismen nye og utvida vekstvilkår for ei stund.

Marx bruker og nokre kapittel til å avdekke Adam Smith og David Ricardo sine feile oppfatningar av fast og rørleg kapital. Kjernen i feila deira er at dei ikkje skiljer mellom desse omgrepa og omgrepa konstant og variabel kapital. Elles er det i "Teoriar om meirverdien" han analyserer skriftene til dei ymse økonomane. Desse bøkene kjem eg ikkje til å gi noka samandrag av her. Men eg kjem inn på nokre viktige delar av dei når eg tar opp spørsmålet om kvinneundertrykkinga.

3. avd. Etter å ha gått inn på omslaget og sirkulasjonen til ulike delar av kapitalen, tek så Marx i tredje avdelinga opp den samfunnsmessige totalkapitalen sin reproduksjon og sirkulasjon.

I denne avdelingen har Marx eit interessant lite avsnitt som har ein del å seie for vurderinga av den seinare utviklinga i Sovjet og Kina. Det er i kapittel 18. Her skriv Marx slik:

På grunnlag av den samfunnsmessige produksjonen må vi avgjere i kva omfatning slike arbeid kan settast igang som i lengre tid forbruker produksjonsmiddel og arbeidskraft utan å levere nokre nødvendige artiklar. For vi må ikkje risikere at dei produksjonsgreinane blir lidande som ikkje berre forbruker arbeidskraft og produksjonsmiddel, men også samstundes produserer eksistensmiddel og produksjonsmiddel.

Anten produksjonen er samfunnsmessig eller kapitalistisk, kjem arbeidarane i foretaksgreiner med kortare arbeidsperiode berre i kortare tid til å konsumere produkt utan å gi nokre i bytte, medan bransjar med lange arbeidsperiodar heile tida forbruker produkt i lang tid utan at levere noka erstatning. Dette avheng av dei objektive vilkåra til den arbeidsprosessen det gjeld og ikkje av den samfunnsmessige forma hans. Ved samfunnsmessig produksjon fell pengekapitalen vekk, medan samfunnet fordeler arbeidskraft og produksjonsmiddel på dei respektive greinene i verksemda. Vi kan tenke oss at produsentane tek imot papirsetlar som gir dei krav på ein del av det samfunnsmessige forrådet av forbruksmiddel i proporsjon til arbeidsmengda dei har utført. Men slike papirsetlar er ikkje pengar. Dei sirkulerer ikkje.

Desse orda går rett inn i mange av dei viktige diskusjonane om utviklinga av kommunismen i Sovjet, Kina og andre stader. Det er her f.eks. spørsmål om ikkje å kvele forbruksvareindustrien. Og det er spørsmål om å utvikle metodar for å finne eit samsvar mellom tilbod og etterspørsel på viktige produkt utan å ha ein marknad.

Etter mi meining går det i retning av å erstatte marknaden med høgt utvikla utveksling av informasjon. Dei moderne kapitalistiske foretaka legg også meir og meir vekt på å ha full oversikt over alle behov, prosessar og alt forbruk både av fast og rørleg kapital innan sine eigne produksjonseiningar. Dei bruker mange middel og metodar for å klare dette, frå avansert data-og kommunikasjonsteknologi til den direkte personlege kontakten med leverandørane og forbrukarane for å skreddarsy produksjonen og leveransane av råvarene og produkta både når det gjeld tidspunkt for levering, kvalitet og kvantitet. Dette er former som peiker rett over i kommunismen.

Etter å ha sett på feila til fysiokratane, Smith, Ricardo og andre økonomar går Marx laus på hovudspørsmålet: På kva måte kan vi erstatte verdien av den kapitalen som blir forbrukt i produksjonen av det årlege produktet? Og kva samband råder det mellom denne fornyinga av kapital og kapitalistane sitt forbruk av meirverdi og arbeidarane sitt forbruk av arbeidslønn?

Det er her Marx deler den samfunnsmessige produksjonen opp i to avdelingar: ei avdeling for produksjon av produksjonsmiddel (avd.I) og ei avdeling for produksjon av forbruksvarer (avd. II).

Eit av svara på spørsmålet gir Marx til sist i kapittel 20,4. Der skriv han at det ved enkel reproduksjon er slik at kapitalistane i avd.I berre får utlegga sine til arbeidslønn tilbake når arbeidarane deira har kjøpt forbruksvarer av kapitalistane i avd.II og når kapitalistane i denne avdelinga har brukt dei pengane dei då tener til å kjøpe nye produksjonsmiddel frå kapitalistane i avd.I.

Han går og inn på kva luksusproduksjonen fører med seg for heile produksjonsprosessen og kor mykje pengesirkulasjonen tyder for vareomsettinga.

Eit interessant kapittel (20,10) handlar om kapital og reveny og om variabel kapital og arbeidslønn. Desse skilla mellom innkomster som brukast samfunnsmessig for å skape meir kapital og innkomster som brukast til kjøp av private forbruksmiddel eller tenester, eller eiga utføring av slike tenester, (reveny) er viktig i forhold til debatten om heimearbeid. I den grad vi betalar ei verksemd av reveny eller lønnsinntekt, eller inntekta blir nytta til å arbeide med varer som er kjøpt for slike middel, inngår ho i den ikkje-produktive forbruksprosessen. Ho foregår som del av forbruket av varen. Ho inngår då altså ikkje direkte i nokon del av den kapitalistiske meirverdiproduksjonen, korkje innen produksjon eller omsetting. Under kapitalismen er berre den arbeidar produktiv som direkte produserer meirverdi for kapitalen. (Marx tek dette spørsmålet opp til inngåande handsaming i "Teoriar om meirverdet", bind 1, kapittel 4 (150 sider) og i eit vedlegg på omlag 20 sider.)

 

Kommentar om forbruksarbeid, uproduktive arbeidarar, offentlig sektor, arbeidsløyse og avisa "Klassekampen".

 

Eg vil komme med ein kort kommentar om desse forholda her. Også det arbeidet som er knytt til det ikkje-produktive, private forbruket av varen (i heimen eller familien) er vilkårsbunde av det meirverdiproduserande (produktive) arbeidet. Under kapitalismen tenderer dette private forbruksarbeidet til å ta stadig kortare tid sjølv om det aldri kan forsvinne heilt.

På Marx si tid var det meste av det ikkje-produktive arbeidet privat. Fram mot vår tid har former for ikkje-produktivt samfunnsmessig arbeid pressa seg fram istaden for det private (barnehagar, sosial sektor, sjukehus osv.) Men desse formene fungerer på premissa som blir lagt i den samfunnsmessig produktive verksemda slik kapitalen definerer ho. Omsorgsarbeid som ikkje samstundes er forbruk av varer, eller direkte innretta på å halde oppe verdien på varen arbeidskraft, er eigentlig heilt artsframandt for kapitalen. Slikt arbeid som går med til omsorg for den ikkje-produktive delen av folkesetnaden er eit overflødig moment som folk kan kjempe seg til, men som vi i prinsippet må gjøre på tvers av kapitalen. I tider med låg profittrate kjem dette faktum fram med øydeleggjande kraft.

På 70- og 80-talet, då kapitalen sine representantar trudde at dei var inne i ein mellombels nedgangsperiode, brukte dei ein del av den samfunnsmessige overskottsproduksjonen til å opprette ei mengd arbeidsplasser innan ikkje-produktivt samfunnsmessig arbeid i staden for å få auka arbeidsløyse. Dette førte med seg at mange kvinnelige proletarar og småborgarar kom ut av den private familie-sfæra og inn i samfunnsmessige arbeid. Ein del av grunnlaget for kvinneundertrykkinga vart oppheva på den særskilde framandgjorte måten slik det alltid vil hende innan kapitalismen.

Her finn vi det materielle grunnlaget for den nye kvinnerørsla. Dette skapte stort massegrunnlag for slike krav som 50/50% deling av husarbeid f.eks.

No tvingar utviklinga i det produktive samfunnsmessige arbeidet borgarskapet til å minske denne delen av arbeidet og anten gjøre det produktivt (meirverdiskapande) ved privatisering, eller ved å presse det tilbake til ubetalt privat arbeid. Saman med dette utviklar kapitalen eit heilt batteri med ideologiske overbygnader som skal tene den nye "trenden". Heile den enorme sentreringa på alt som har med private forhold å gjøre, spring ut av dei siste behova til kapitalen. Dei førebur svære slag for å skvise kvinnene ut at frå det samfunnsmessige uproduktive arbeidet og tilbake til meir privat uproduktivt arbeid. Trenden knyt seg, på vanlig snedig borgarlig vis til klåre kvardagsbehov, som spring ut av den nye meir problematiske situasjonen som folk flest er oppe i. Og han tener sjølvsagt til å avvleie kampen frå det sentrale målet som vi må rette han mot dersom vi skal kunne ha noko framgang.

Dersom vi ser på ei avis som "Klassekampen" som vi ventar skal kunne avsløre og gå på tvers av desse ideologiske kampanjane til borgarskapet, så ser vi at avisa langt på veg har falle for kampanjen. I eit heilt år har avisa på kronikkplass nekta å reise debatten om utviklinga av arbeidsløysa og dei store spørsmåla i tida som reiser seg ut frå det. Andre spørsmål har vore mykje meir interessante.

Det er ein klår samanhang mellom denne tendensen i avisa og motviljen mot å drive kampanjar og motviljen mot kommunisme.

Kanskje det også er typisk at nett når eg leverer dette manuskriptet til trykking (21.oktober -92) så blir arbeidsløyseproblemet teke opp på kronikkplass ("Nygaardsvold løste krisen" av Bjørn Nistad, sentralstyremedlem i Norges Unge Venstre). Dei gamle sosialdemokratiske reformløysingane på problema i "den norske økonomien" blir lansert endå ein gong. Og det blir dei sjølv om alle, når dei får tenkje seg om, veit at det ikkje var Nygaardsvold, men 2.verdskrigen som løyste problema i økonomien. Det verste er jo at noko liknande kan hende igjen dersom den sosialdemokratiske reformismen endå ein gong får splitte arbeidarklassen i kampen for kommunismen slik han klarte det i mellomkrigstida.

Den reformistiske innrettinga i avisa denne dagen blir forsterka av eit oppslag under nyhende ("Investering og sysselsetting", av Jan Mønnesland), der han diskuterer korleis vi må prioritere "kapital med sterkest mulig hjemhørighet" no vår vi nærmar oss EF.

No må vi håpe at det kan blir ein diskusjon på kronikkplass i Klassekampen om dette spørsmålet som går over lang tid og som er grundig. På ein måte er det jo positivt at problemet i det heile når fram til kronikkplass.

 

Vidare frå "Kapitalen

 

 

Det er i kapittel 4 i denne boka av "Kapitalen" at Marx seier at "Forutan det produktive arbeidet sitt eller utbyttinga av det produktive arbeidet har kvar ei mengd funksjonar å ta seg av som ikkje er produktive og som til dels går inn i forbrukskostnadene. (Dei eigentleg produktive arbeidarane må sjølv bere desse kostnadene og sjølv utføre det uproduktive arbeidet sitt.)"

Kapitalen er interessert i å presse den variable kapitalen, altså lønna, mest mogeleg ned for å auke meirverdiraten. Alle forhold som kan verke til at arbeidarane klarar seg med mindre lønn blir pressa fram. Mest mogeleg gratis heimearbeid i alle former er eit resultat av dette presset. Akkurat som opphevinga av toll på billege utanlandske tekstilar og jordbruksvarer. I den grad kvinnene er utstøytte frå samfunnsmessig arbeid og held seg i heimen, er det på dette grunnlaget naturleg at det aller meste av heimearbeidet fell på dei.

Når kvinnene blir dradd inn i samfunnsmessig arbeid i større grad, slik det har skjedd dei siste 20 åra, blir denne naturlege arbeidsdelinga til eit problem. Det går ikkje an å halde fram å gjere like mye heimearbeid som dei heimeverande kvinnene gjorde på 50-talet og å gå ut i samfunnsmessig arbeid på lik linje med mannen. Det øydelegg kvinnene. Og skal det delast likt med mannen, så blir det rettferdig på eit smalt og urettferdig grunnlag, og slit like fullt ut begge to, endå om det tek litt lengre tid.

Slik legg kapitalen sitt press for å få kvinnene ut i samfunnsmessig arbeid grunnlag for vidare innskrenking av heimearbeidet, vidare oppløysing av den avlegse familiforma vi no har, og det legg grunnlaget for å opprette ei form der motsetninga mellom den private og den offentlege fellesskapen er oppheva.

Dei siste tidsstudia frå 1990 ser ut til å vise at det, sjølv om mykje står att, har vore ei stor utjevning mellom kvinner og menn når det gjeld tida dei bruker til heimearbeid. Dette er nok mest eit resultat av at kvinnene er blitt trekt ut av heimen både med og mot eigen lyst og inn i samfunnsmessig arbeid og at dei har blitt tvinga til å slutte med å gjere endå ein del saker heime. Dette er berre eit nytt trinn i utviklinga vekk frå den lokale sjølvforsyningsfamilien som enno pregar den forma som familien eksisterer i.

I siste delen av dette bandet (kapittel 21) tek Marx opp problema med akkumulasjon og utvida reproduksjon. Der kjem mange av dei grunnleggande problema i den kapitalistiske sirkulasjonen fram for alvor. Hovudproblemet sett ut frå sirkulasjonsperspektivet er at det oppstår svært mange sjansar for stans i sirkulasjonsprosessen som kan utløyse krisar i heile systemet. Dette heng til ein viss grad saman med trongen til å trekke pengar ut av sirkulasjon for ei stund for å samle dei opp til det er nok til nye investeringar (særleg aktuelt for avd.I, produsentar av produksjonsmiddel). Men denne oppsamlinga kan føre til at andre kapitalistar (i avd.II, produsentar av forbruksvarer), ikkje får seld varene sine, og dermed blir det overproduksjon og krise hos dei som kan slå tilbake på dei andre og.

Det er likevel viktig å peike på at sirkulasjonen sjølv ikkje inneheld dei grunnleggande forholda som på sikt fører til at ein ny produksjonsmåte voks fram av kapitalismen. Den teoritradisjonen som tek utgangspunkt i bind 2 i "Kapitalen" kjem derfor fort på viddene. Meir om det seinare.

 

 

"Kapitalen" - tredje bandet

 

 

Tredje bandet av "Kapitalen" handlar om den kapitalistiske produksjonen sin totalprosess og er delt inn i to delar og fem avdelingar. Heilt framme i dette bandet seier Marx noko viktig om korleis heile verket om "Kapitalen" vart organisert. Framstillingsprosessen er omvendt av studieprosessen.

Studieprosessen går frå alle dei ytre tilfeldige bestemmingane av kapitalen som alle kan sjå i dagleglivet sitt og inn til dei indre samanhengane og utviklingstendensane som vi berre kan forstå gjennom abstrakt, teoretisk tenking.

I framstillinga går Marx nett ut frå ein abstrakt, teoretisk analyse av den innerste kjernen i kapitalen, dvs. varen og vareproduksjonen. Så går han vidare frå dette grunnlaget og stadig vidare opp igjen mot dei formene som alle kan sjå på overflata av kapitalismen som fenomen. Det er i dette tredje bandet at han dukkar heilt opp att på overflata og viser oss korleis dei indre samanhengane i kapitalen trer fram i ei forvanska, fordreid og ukjenneleg form i det daglege livet vårt.

Begge desse metodane er nyttig idag og. Vi bør ikkje låse oss til ein av dei, eller legge einsidig vekt på ein av dei.

1. avd. handlar om forvandlinga av meirverdien til profitt og meirverdiraten til profittrate. For kapitalisten trer meirverdien fram som eit overskott på alt han har investert både i maskiner, råvarer, hjelpestoffar (dvs. konstant kapital) og arbeidskraft (dvs. variabel kapital), altså som eit overskott som heile kapitalen har skapt, ikkje berre den variable delen, dvs. arbeidskrafta.

Slik blir kjelda til verdiskapinga, meirverdien, løynd i omgrepet profitt.

Det som er investert for å produsere varen kallar Marx for kostnadsprisen. Profitten er overskottet over kostnadsprisen. Profittraten er meirverdien delt på kostnadsprisen, rekna i prosent. Dette skjuler korleis meirverdien blir skapt og dermed skjuler det utbyttinga.

2. avd. handlar om forvandlinga av profitten til gjennomsnittsprofitt. Innan ulike greiner av kapitalen vil det danne seg ulike profittrater fordi dei har ulike forhold mellom delane konstant og variabel kapital og meirverdien. Innan område der det ikkje er uoverstigelege hindringar vil det likevel, ut frå konkurransen i marknaden, danne seg ein gjennomsnittsprofittrate for dei ymse kapitalane uansett korleis forholdet mellom konstant og variabel kapital og meirverdien er. Det den enkelte kapitalen får i profitt er kostnadsprisen sin pluss eit tillegg som samsvarer med den gjennomsnittlege profittraten, ikkje den eigne profittraten. Kostnadsprisen pluss tillegget ut frå den gjennomsnittlege profittraten kallar Marx for produksjonsprisen.

Vi ser no at varene sin verdi som første og andre bok av "Kapitalen" handlar om, er kamuflert som kostnadspris og produksjonspris og at dei verkelege indre samanhengane i kapitalen sin akkumulasjonsprosess blir vanskelegere og vanskelegere å forstå jo meir vi kjem opp til overflatefenomena.

Med utgangspunkt i korleis produksjonsprisen blir danna, er det lettare å forstå korleis dei kapitalane som er teknisk mest avanserte kan realisere meir profitt enn dei andre, sjølv om det er det levande arbeidet som skapar meirverdien og ikkje maskinene. Fortenesta til kvar kapital blir bestemt av forskjellen mellom kostnadsprisen og produksjonsprisen for kvar kapital. Fordi produksjonsprisen er felles for alle kapitalane, får dei kapitalane størst forteneste som har lågaste kostnadspris, og det er dei med dei meste moderne anlegga. For kvardagsmedvetet ser det då ut som det er maskinene som spelar størst rolle i profittskapinga ikkje arbeidarane.

I avdelinga tek og Marx opp korleis voksande etterspurnad og utbud verkar inn på korleis marknadsprisane vik av frå marknadsverdien til varene. Dette legg endå eit kamuflerande lag over dei indre samanhengane og prosessane i systemet. Dei borgarlege økonomane byggjer forklaringane sine mykje på illusjonane som oppstår her.

Under kapitalismen er det slik med alle samfunnsfenomen. Derfor krev det ei spesiell teoretisk verksemd å forstå og handle rett under kapitalismen. Dette er den teoretiske grunnen for den type parti som vi treng under kapitalismen for å stå i spissen for kampen for kommunismen. Under den sosiale kommunismen vil dette vere heilt endra, fordi overflateformene i samfunnet ikkje vil skjule så store motsetningar i det indre grunnlaget. Her er vi altså tilbake til tankane i dei "økonomisk-filosofiske manuskripta" igjen.

I denne avdelinga seier Marx også at dei ymse delane av den samfunnsmessige kapitalen kvar for seg vil tendere i retning av å utvikle seg slik at deira eigen profittrate nærmar seg den gjennomsnittlege profittraten. Kapital vil flyte over frå der den eigne profittraten er låg til der han er høgare dersom det ikkje er heilt avgjerande hindringar for dette.

 

Kommentar om imperialisme

 

Men kapitalistane flyttar ikkje kapital ut frå ei forståing for dei indre lovene i kapitalismen. Dei flyttar kapital ut frå kor skilnaden mellom kostnadsprisen og produksjonsprisen er størst. Dei er ute etter å skape seg ein ekstra gevinst utover gjennomsnittsprofitten. Dette kan dei få ved å bruke arbeidskraft som arbeider lengre og for lågare lønn, eller ved å ta i bruk den siste tekniske og organisatoriske utviklinga, eller ved å ta i bruk begge metodar. Når Daimler Benz lurer på å flytte produksjonen av Merzedes til Mexico, så er det uttrykk for noko slik pluss at den forventa direkte tilgangen til marknaden både i Mexico og i USA er svært viktig.

Dessutan er det slik at overskott av profittmengd heile tida driv kapitalen til nye produksjonspunkt der det kan vere mogeleg å finne ein marknad. Ut frå dette vil dei og flytte kapital til andre land enn dei høgt utvikla kapitalistiske. Utviklinga i mange delar av verda idag viser dette. Den såkalla "dereguleringa" står på dagsetelen over alt. Særleg gode eksempel er kanskje Argentina, Mexico og Venezuela, men også fleire land i Asia, til dømes Kina, Iran og India.

Krava til dei rike landa i Gattforhandlingane er eksempel på korleis dei rike landa vil rive ned og i praksis riv ned fleire og fleire hindringar mot både å selje til og investere i dei fattige landa. Eit av dei viktigaste krava er å få opna dei sektorane som vanlegvis er statlege for kapitalinvesteringar frå utlandet. Det gjeld offentlege kommunikasjonar av alle slag, helsestell, universitet, skular osv.

Dei konkrete krava går ut på at dei store internasjonale konserna med basar i dei rike landa skal kunne konkurrere med dei nasjonale foretaka om oppdrag både i desse sektorane og i alle andre. I krava ligg og straffereaksjonar som skal fungere slik at viss eit land diskriminerer til fordel for eigne foretak, så skal alle foretak som har kontakt med dette landet kunna gå til boikott eller andre straffereaksjonar.

Denne såkalle dereguleringa fører no til ei gallopperande utvikling av kapitalismen i mange fattige land, omlag på samme måten som vi såg det frå 1870 til 1920 i Norge. Overfolkninga og fattigdommen auker drastisk med den aukte rikdommen som dette fører til. Men det finst ikkje noko USA som dei kan utvandre til. Dette kan føre til store opprør som kan vanskeleggjere overføringa av verdiar frå desse landa til imperialistlanda og dermed destabilisere heile det kapitalistiske eller imperialistiske systemet.

Marx sine undersøkningar av kapitalismen utover på 1800-talet førte til at han avdekke dei prosessane som måtte føre til moderne monopolkapitalisme, statsmonopolkapitalisme og imperialisme. Denne forma for imperialisme utvikla seg først etter at Marx var daud.

Slik eg ser det var det Lenin som i boka "Imperialismen - kapitalismens høyeste stadium" vidareutvikla Marx (og Engels) sine slutningar i tida rundt 1.verdskrigen. Denne boka er idag svært viktig for å forstå utviklinga i forholdet mellom USA, Japan og Tyskland og utviklinga av EF.

Eg vurderer det slik at det er det tyske finansoligarkiet (sjå Lenin) som i eigen interesse no omskaper delar av Europa til ein felles marknad og ein politisk union. Det tyske finansoligarkiet har hatt det som mål i heile dette århundret. Dei har gjort to store framstøytar tidlegare for å klare det og no er dei igang med den tredje framstøyten sin.

Dei andre kapitalane underlegg seg herredømmet til den tyske kapitalen og samarbeider med denne kapitalen for å disiplinere sine eigne politikarar som har vanskeleg med å skjere hardt nok ned på folk sin velferd fordi dei må skaffe seg stemmer i val for å halde fram med å bli representert i parlamenta. Og dei underlegg seg og samarbeidar med den tyske kapitalen for å kunne nyte godt av den samla makta til fiansoligarkiet i alle desse landa for å ta rotta på arbeidarane og folket sin kampar i kvart enkeltland. Begge desse grunnane er nødvendige vilkår for at finansoligarkiet i dei enkelte landa skal få vere med i kampen om verdsmarknaden slik at dei ikkje blir valsa ned av Japan og slik at dei kan konkurrerer med Japan om gå inn i område der USA har vore dominerande ettersom USA svekkast vidare.

Oppløysinga av Sovjet og Sovjet-blokka og overgangen frå degenerert kommunisme til kapitalisme der, har gjort det mogeleg å skape grunnlag for ei kraftige kjerne (det samla Tyskland) og eit Stortyskland (dvs. EF-unionen) og i tillegg eit austleg "rom" som kan levere billeg arbeidskraft og billege råvarer, altså eit kolonirike like utanfor Tyskland si dør. Det var denne situasjonen kommunismen i Sovjet hindra gjennom 70 år på godt og vondt. Dette er også hovudgrunnen til den imperialistiske jubelen då Sovjet med satelittstatar fell saman. Til denne fasen høyrer kampar for å hindre at delar av det gamle Sovjet utviklar seg mot interessene til det tyske finansoligarkiet. Her har heile den gamle imperialismen til dels felles interesser og.

Neste scene i dette dramaet kan vere den rasande kampen om dei arabiske oljeområda. Det tyske finansoligarkiet vil då bruke dei samla historiske erfaringane til den svært gamle og svært erfarne europeiske imperialismen til å gjere Middelhavet til eit europeisk mittelmeer og med dette utgangspunktet vil kampen om oljerikdommen rase. Dette gjer rasisme retta mot arabarane til nødvendig europeisk politikk. Men først må kanskje USA sitt gamle støttepunkt i området, Israel, tuktast. Til det fordrast og ei oppblomstring av rasisme retta mot jødane. Kanskje kan dei klare å pusse arabarane på jødane enno ein gong, svekke dei begge, underminere USA si rolle og legge eit solid grunnlag for å ta sjansen på eit endeleg slag om området.

Dersom USA blir vippa ut av oljeområda vil dollaren falle som verdsvaluta og ECU og Yen vil bli dominerande. Dermed er USA sitt verdshegemoni heilt brote og krisa vil ramme USA med enorm kraft. Dette kan ikkje USA tole, så her ligg eit av mange opplegg for verdskrig. Andre opplegg spring ut av motseiinga til Japan. Alle desse prosessane som no er igang i og rundt EF-unionen vil føre til utvikling av svære motsetningar også innan unionen sjølv. I desse forholda ligg grunnlaga for utviklingsretninga til EF-unionen. Det er denne storpolitiske utviklinga vi seier ja eller nei til å delta aktivt i som folk når vi seier ja eller nei til EØS og EF. I kjernen er det eit ja eller nei til å vere aktivt med på den politikken som vi kjempa mot i 2.verdskrigen.

Merknad om imperialismeteoriar.

Eg mener at dei teoretikarane som har følgt opp Rosa Luxemburg sine imperialismeteoriar i hovedsak tek feil. Dette gjeld f.eks. Baran og Sweezy i boka "Monopoly Capital" frå første del av 1960-talet og Samir Amin i boka "Accumulation on a World Scale" frå samme tiåret. Desse er del i ein heil teoritradisjon der vi finn navn som Rudolf Hilferding, Henryk Grossmann, Nikolai Bukharin, Otto Bauer, Fritz Sternberger, Leon Sartre, Oliver Cox, Arrigi Emmanuel og Andre Gunder Frank.

Rundt 1970 gjekk det ein diskusjon om desse spørsmåla der Charles Bettelheim og Ernest Mandel ("Late Capitalism", Verso 1978, tysk utgåve 1972) kom med mange vektige argument endå om eg ikkje kan seie at eg er heilt samde med dei heller.

Seinare har mellom andre Nigel Harris ("Of Bread and Guns. The World Economy in Crisis", Pelican 1983 pluss ei seinare bok), og Francis Green og Bob Sutcliffe ("The Profit System. The Economics of Capitalism", Pelican 1987) ved framlegging av empirisk materiale vist at teorien om polarisering mellom "industriland" og "utviklingsland" er for generell til å ha allmenn gyldigheit. Særlig viktig her er utviklinga i Asia som no går heilt på tvers av ein allmenn "dependencia"-filosofi.

Før vi gjer Samir Amin til noko spesielt er det viktig å gå opp denne diskusjonen. Den såkalla "dependencia-skulen", som Amin slutta seg til, oppstod blant borgarlige økonomar i Latin-Amerika alt på 1920-talet og vart adoptert av FN sin økonomiske kommisjon for dette området (ECLA) på 50-talet. Ein viktig person i spreiinga av teorien var den argentiske økonomen Raúl Prebisch. Han og dei andre ECLA-økonomane meinte at landa i Latin-Amerika måtte verne sin eigen økonomi ved hjelp av tollar og avgifter. På den måten kunne dei avskjerme seg frå konkurransen frå dei mektige imperialistlanda og klare å bygge opp ein konkurransekraftig indre industri.

Vi ser at dette minnar mykje om dei forslaga som nokre innan Raud Valallianse har komme med, når det gjeld ei nasjonal reindustrialisering av Norge. Det er også det forslaget venstre-sosialdemokratar og venstre-folk kjem med no. Det er også denne tankegangen som ligg bak ideen om "sosialisme i eit land", sjølv om dei som først prøvde dette blei tvinga til det av den imperialistiske boikotten. Idag ser vi resultata av dependencia-teoriane. Det fører til despoti, stagnasjon og samanbrott. Idag er dette ei daufødt løysing på problema.

Det var først opp gjennom 1980-talet at det vart relativt lett å sjå dette. Då slo dei grunnleggande forholda i kapitalismen så tydeleg gjennom igjen at det vart vanskelegare å halde fast på teoriar som la svært stor vekt på vilkår som midlertidig hindrar utjevninga mellom profittratane i ulike foretak og statar og som midlertidig gjorde det mogeleg å halde levevilkåra for det store fleirtalet i nokre av dei rike imperialistlanda stabilt svært gode. Dette er ein spesiell "ny" grunn til å gå tilbake til Marx nett no.

Lars Magnusson gav i 1985 ut boka "Imperialism" på Tidens Förlag i Sverige. Ny utgåve kom i 1991. Denne boka gir ei kort og oversiktlig framstilling av utviklinga av imperialismeteoriane frå Hobson og frametter. Det blir ikkje rom for å gå nøyare inn på dette her, men her er noko som er avgjørande viktig å studere i tida som kjem.

 

Meir frå "Kapitalen", band 3

 

 

3. avd. omhandlar den vidgjetne loven om profittraten sin fallande tendens som mange har motbevist, men som stadig lar seg observere reint empirisk.

Loven er svært enkel. Han seier at den aukte produktiviteten av arbeidet som kapitalismen driver mot stadig auker det "daud arbeidet" i forhold til det levande. Den konstante kapitalen (maskinar, råstoff og hjelpestoff) har heile tida ei tendens til å vokse meir både i masse og verdi enn den variable (arbeidskrafta). Den organiske samansetninga av kapitalen auker. Slik tek det kortare og kortare tid å skape dei bruksverdiane som kan seljast, den samla fritida for heile folkesetnaden blir større og større ettersom samfunnet sin rikdom voks. Den framandgjorte forma for denne fritida, som under andre vilkår vil vere grunnlaget for den allsidige menneskelege utviklinga, trer under kapitalismen fram som overflødig folkesetnad, arbeidsløyse, fattigdom, elende og daud for store folkegrupper. Dette fører stadig til revolusjonære oppreister mange stader i verda. Loven verkar for heile verdskapitalen og ikkje berre for kapitalane innan kvar stat.

Mange motverkande årsaker fører til at profittraten fell mykje saktare enn ein skulle tru.

Desse årsakene er 1) auke i utbyttingsgraden av arbeidet, altså auke i meirverdiraten. Men fordi dei viktigaste hevstanga for å auke meirverdiraten er å satse meir på maskineri osv, og dette i første omgang fører til at verdien av den konstante kapitalen går ned og profittraten opp så fører dette i neste omgang til at det blir bruk for mindre arbeidskraft i forhold til maskineri og råvarer og profittraten tenderer nedover.

Men det er og 2) nedpressing av arbeidslønna under verdien sin, altså ned til sveltelønn. For å klare dette trengs arbeidsløyse. Fordi aukande arbeidsløyse er grunndraget i utviklinga av kapitalismen, vil dette vere ein av dei viktigaste grunnene til at profittraten held seg oppe. Men samstundes utjevnar det forholdet mellom arbeidarar over heile jorda slik at det materielle grunnlaget for einskap voks. Dette skjer for augene våre no.

Og det er 3) å gjere dei ulike delane av den konstante kapitalen billegare. Dette skjer også etter kvart i hovudsak som resultat av meir bruk av konstant kapital og vil i neste omgang verke til å senke profittraten igjen. Men i den grad ein kan lage overproduksjon av viktige råstoffer, så vil marknadsprisen kunne blir pressa ned under marknadsverdien, slik at dei som står i neste trinn av produksjonsprosessen kan ta ut større fortenester. Dette var eit viktig moment då USA bestemte seg for å invadere Saudi-Arabia og angripe Irak.

For det 4. så fører arbeidsløysa til at arbeidskrafta blir så billeg at ny teknologi ikkje blir teke i bruk så fort. Det gjer at profittraten held seg meir oppe.

For det femte kan utanrikshandelen føre til at varene vi bruker i eit land sin eigen produksjon blir billegare enn vi kan skaffe dei innan landet sjølv. Dessutan fører denne handelen til at nye foretak med lågare profittrate som opprettast med kapital frå meir industrialiserte land kjem inn i verdsmarknaden og då verkar det til at den samla profittraten i moderlandet og resten av verdsmarknaden blir høgare.

For det 6. opererer Marx med ein type store kapitalar som berre fungerer som renteberande, dei avkastar berre dividendar etter frådrag av alle utlegg. Disse foretaka har ein mykje mindre profittrate enn gjennomsnittsprofittraten og må haldast utanfor dersom vi er ute etter den reelle profittraten som kapitalistane vanlegvis har å halde seg til.

Eit viktig forhold som Marx ikkje tek opp direkte til handsaming er den motverkinga mot profittraten sin utjamning og fallande tendens som kapitalistiske monopol kan føre til. Slike monopol var då heller ikkje tilstades i særleg grad så lenge Marx levde. Seinare teoretikararar har gripe fatt i dette og hevda at monopolkapital fører til at sjølve grunnlaget for Marx sine teoriar er feile. Den første som gjekk opp denne linja med stor kraft var den store reformisten Eduard Bernstein i boka "Sosialismens forutsetninger". Men det samme sa Baran og Sweezy i "Monopoly Capital, Samir Amin og dei som går i fotspora deira. Derfor fører teoriar som byggar på desse ideane til brot med Lenin sine idear i "Imperialismen" og til brot med Marx sin "marxisme". Dette er hovudgrunnen til at reformistar er så ivrige etter å bryte med "marxismen-leninismen". Dei humanistiske argumenta er i kjernen sin berre ei rettferdiggjering av desse brota, endå om mange meiner inderleg alvor med dei.

I eit utruleg innhaldsrikt og interessant kapittel 15 tek Marx opp utviklinga av dei indre motseiingane i loven om profittraten sin fallande tendens. Her forklårar han kapitalen sin konsentrasjon og sentralisering, den stadig hardare konkurransen, arbeidsløysa, dei periodiske krisene og kvifor systemet til slutt må bryte saman, pluss ei mengd andre saker. Dei vel 20 sidene i dette kapitlet er nødvendig lesing for alle som vil kalle seg marxistar og for alle som vil forstå og forandre verda.

4. avd. omhandlar varehandel og varehandelskapital. Kva er handelsprofitt og korleis står dei som jobbar i handel i forhold til dei som jobbar i produksjonen?

5. avd. omhandlar for det meste rente og fortaksforteneste. Særleg etter den kredittfinansieringa som har vore på 1980-talet er det interessant å sjå på korleis Marx i kapittel 27 analyserer kreditten sin rolle i den kapitalistiske produksjonen. Ein viktig konklusjon er slik:

"Dette viser at utbytting av kapitalen, på grunnlag av den motseiingfylte naturen til den kapitalistiske produksjonsmåten, berre til eit viss punkt tillet verkeleg fri utvikling, altså at kapitalutbyttinga er ei innebygd grense og hindring som kredittsystemet heile tida bryter. Derfor skyv kredittsystema på den materielle utviklinga av produktivkreftene og utviklinga av ein verdsmarknad. Det er ei historisk oppgåve for den kapitalistiske produksjonsmåten å bygge dei materielle grunnlaga for den nye produksjonsforma fram til eit visst nivå. Samstundes skyndar kreditten på dei veldige utbrota av denne motseiinga, krisene, og dermed skynder kreditten også på dei elementa som løyser opp den gamle produksjonsmåten."

Eit kapittel om bankkapitalen sine delar er også blitt aktuelt att gjennom bankkrisane. Bankane sin kreditt til jappeforetaka og andre som har gått konkurs betalar vi no alle over skattesetelen.

Marx tek også opp skilnaden mellom pengekapital og verkeleg kapital og rolla til omløpsmidla under kredittsystemet.

6. avd. er ei stor avdeling som omhandlar omgrepa jordrente og differensialrente. Kort sagt dreier det som om korleis profitten på direkte produktutvinning av jorda/naturen blir danna. Det handlar altså om jordbruk innrekna vatn og det som finst i vatn, om gruver og no oljeutvinning. Utgangspunktet er jordeigedomsmonopolet og utnyttinga av dette monopolet på grunnlag av den kapitalistiske produksjonen. Dette gjer at f.eks. også dei dårlegaste jordstykka, gruvene og oljefelta under kapitalistisk drift må realisere gjennomsnittsprofitten på produkta sine dersom dei ikkje skal gå ut av produksjon. Derfor blir profitt utover dette rekna ut frå skilnaden mellom gjennomsnittsprofitten og den høgare profitten. Den høgare profitten grunnar seg på betre naturkvalitet på jorda osv. og på betre maskinar og arbeid med jorda. Dersom produksjonen på dei beste jordstykka kan dekke det kjøpekraftige behovet, så fell dei dårlegare jordstykka ut av produksjonen og gjennomsnittsprofitten fell då på dei beste jordstykka og blir blir utgangspunkt for å rekne den nye ekstraprofitten. Men denne avdelinga er ei stor skål som krev eit eige studium, så det får bli med dette her.

Bare ein kort merknad: Det er her Marx hevdar at kapitalistisk jordbruk ikkje kan drivast på ein måte som tek vare på jorda si naturlege reproduksjonskraft.

7. avd. handlar om dei ulike typane innkomster og kjeldene deira. Det er kapital som gir profitt, jord som gir jordrente og arbeid som gir arbeidslønn. Eg skal under her gå meir inn på det viktige kapittel 48.

Vidare har Marx i kapittel 49 til og med sluttkapittelet 52 gitt ei slags oppsummering av heile arbeidet sitt. Han tek opp att analysen av produksjonsprosessen og går inn på illusjonar som blir skapt av konkurransen, undersøker forholdet mellom fordelingsforhold og produksjonsforhold og sluttar av med eit kort kapittel om samfunnsklassar.

 

 

Litt om den "unge" og den "gamle" Marx

 

 

Eg skal vise til kapittel 48,III i "Kapitalen", bind 3 for å knyte bandet mellom "den unge Marx" og "den eldre Marx". Her samanfattar Marx hovudinnhaldet i heile "Kapitalen".

Han seier her at han har vist at den kapitalistiske produksjonsprosessen er ei historisk bestemd form av den allmenne samfunnsmessige produksjonsprosessen. Han er både ein prosess som produserer materielle eksistensvilkår for det menneskelege livet og ein prosess som foregår under bestemte historiske og økonomiske produksjonsforhold som produserer og reproduserer seg sjølv og dermed også dei som ber oppe denne prosessen, dei materielle eksistensvilkåra deira og dei forholda dei har til kvarandre, dvs. den særskilde økonomiske samfunnsforma deira. For heilskapen i desse forholda, som berarane av denne produksjonen har til naturen og til kvarandre, som dei har til alle dei forholda som dei produserer i, denne heilskapen er nett samfunnet sett som økonomisk struktur.

Den kapitalistiske produksjonsprosessen, som alle tidlegare slike prosessar, finn stad under bestemde materielle vilkår som også inneber bestemde samfunnsmessige forhold mellom individa som oppstår når dei reproduserer livsprosessen sin. Desse vilkåra, med dei forholda dei inneber, er på den eine sida førestnader for og på den andre sida resultat og det som er skapt av den kapitalistiske produksjonsprosessen. Dei produserer og reproduserer han.

Videre seier Marx at han har vist at kapitalen (og kapitalisten er berre det personifiserte kapitalen, han fungerer i produksjonsprosessen berre som berar av kapitalen) pumper ei viss mengd meirarbeid ut av dei direkte produsentane eller arbeidarane. Dette er meirarbeid som held oppe kapitalen utan at kapitalen gir noko likt igjen og som i vesenet sitt alltid held fram å vere tvangsarbeid, kor mykje det enn må stå fram som resultat av ein fri avtale. Dette meirarbeidet produserer ein meirverdi, og denne meirverdien eksisterer i eit meirprodukt.

Som eit arbeid utover målet for dei gitte behova må meirarbeid alltid finst. Men i det kapitalistiske systemet, nett som i slavesystemet osv., har det ei antagonistisk form og utfyllast av fullstendig arbeidsløyse for ein del av samfunnet.

Ei viss mengd meirarbeid vert kravd som sikring mot spelet frå tilfellet og for å sikre den nødvendige produksjonsprosessen som svarer til utviklinga av behova og framsteget i folkesetnaden. Frå kapitalistisk synsstad kallar vi det for akkumulasjon. Ei av kapitalen sine siviliserande sider er at han tvingar fram dette meirarabeidet under vilkår som er til større fordel for utviklinga av produktivkreftene og samfunnsforholda og til større fordel for å skape delar som vi kan bruke for ei høgare nydanning (av samfunnet) enn det som var mogeleg under dei tidlegare formene som slaveri, liveigenskap osv.

På den eine sida leier dette til eit stadium der tvangen og monopoliseringa av den samfunnsmessige utviklinga (medrekna dei materielle og intellektuelle fruktene av dette) gjennom den eine delen av samfunnet, fell bort. På andre sida skaper det materielle medel og eit frø til forhold som i ei høgare samfunnsform tillet å sameine dette meirarbeidet med ei større innskrenking av den tida som i det heile eignast til materielt arbeid. For meirarbeidet kan vere stort ved liten totalarbeidsdag og relativt lite ved ein stor totalarbeidsdag alt etter den utviklinga som arbeidet si produktivkraft har.

Samfunnet sin verkelege rikdom og mogelegheita til stadig å utvide samfunnet sin reproduksjonsprosess heng altså ikkje på kor langvarig meirarbeidet er, men på kor produktivt det er og på dei meir eller mindre rikelege produksjonsvilkåra som kan brukast når meirarbeidet blir gjort.

Fridommens rike tek i verkelegheita til når det arbeidet som er bestemd av naud og ytre føremål tek slutt. Det ligg altså etter saka sin natur bortanfor sfæren til den eigentleg materielle produksjon.

Slik som dei ville menneska må kjempe med naturen for å få dekka behova sine, for å halde oppe liva sine og reprodusere dei, må også det siviliserte mennesket gjere, og det gjeld alle samfunnsformer og alle mogelege produksjonsmåtar. Etter som det naturnødvendige riket utviklar seg, utvidar det seg og, men samstundes utvidar også dei produktivkreftene seg som tilfredsstiller desse (utvida) behova.

Innanfor dette området kan fridommen berre vere at det samfunnsmessige menneske, dei sameina produsentane, på fornuftig vis regulerer denne stoffvokslinga si med naturen og får han under kontroll i staden for at ho herskar over dei som ei blind makt. Det kan berre vere at dei fullfører ho med minst mogeleg energibruk og under dei vilkåra som er mest verdige og passande for den menneskelege naturen deira. Men det blir alltid eit naudsynt rike.

Bortanom dette byrjar den menneskelege kraftutviklinga som er sitt eige mål, fridommens sanne rike, som likevel berre kan bløme med dette naudsynte rike som grunnlag. Å korte ned arbeidsdagen er det grunnleggande vilkåret. (Kapitalen bind 3, kap.48,III. Bo Cavefors 1973, s.725-26. Marx/Engels: Werke, b.25, s.826-828.)

Bare ein ny offensiv for ein radikal kommunisme slik Marx tenkte seg han, og på den måten som Marx meinte at vi kan nå han, kan hindre at dei framandgjorte og derfor øydeleggande produktive kreftene tek knekken på oss alle.

Derfor må vi tileigne oss Marx sine synspunkt og teoriar på ein allsidig og djup måte. Vi må så gjennom vår eigen praksis og teoretiske tenking overskride desse synspunkta og teoriane og skape nokre fleire naudsynte vilkår for kjempe fram ei framtid i velstand og lukke for alle gjennom eit universelt, medvete samverke av frie individ.

Då kan vi vinne fram til ei høg grad av utveksling med naturen som samstundes er i takt med naturen. Då kan behova som ligg bortanfor den eigentleg materielle sfære bli dei viktigaste. Då kan vi bli skapande, lidenskapelege og elskande menneskeleg-naturlege individ. Då kan vi utvikle heile det positive potensialet som no voks fram på ein forvrengd, framandgjort måte under kapitalismen og under den politiske og rå kommunismen (eller sosialismen) der dei prøvde å skape kommunisme ut frå lågt utvikla produktivkrefter og i strid med den herskande kapitalistiske imperialismen. Alle dei positive formene som voks fram og ligg klare, men som no blir knust av det reaksjonære innhaldet sitt, kan vi då frigjere i fellesskap og bruke til beste for individa.

For å klare dette må vi gå laus på arbeidet med å skape ein marxistisk renessanse og ein kommunistisk offensiv for alvor. Eit første avgjerande skritt er å halde fast på, bruke og utdjupe omgrepet kommunisme. Sluttar vi å bruke det, får vi heller aldri lagt fram innhaldet i det, og då har vi fjerna eit av dei viktigaste vilkåra for stadig å ta opp den nødvendige kampen mot den sosialdemokratiske og fascistiske reformismen som nok ein gong truger med å splitte arbeidarklassen, når han no snart må gjøre eit sprang mot kommunisme eller gå ein ny runde med enorm devaluering av kapitalen (verdskrig) og ein ny, om endå kanskje kortare og verre, runde med det vi har opplevd etter krigen i Norge.

Det er også opp til deg korleis dette skal gå. Dersom du også blir med på den marxistiske renessansen og den kommunistiske offensiven så kan vi kanskje klare det denne gongen.

Terje Valen, 24. oktober 1992.