KAN LÆRARANE VINNE ?

Lærarane er i full gang med kampen sin. Det store spørsmålet no er om dei kan vinne. Det skal eg diskutere litt her.

Det første spørsmålet vi må svare på er: kva er siger i denne kampen?

Svaret er ikkje så enkelt som det kan sjå ut. Full siger er eigentlig å få alle krav innfridd fullt ut. Vi snakkar då om dei krava som organisasjonane har gått ut med i dei forseinka 1986 forhandlingane. Eg skal ikkje repetere dei her, bare oppmode lærarane til å sjå på desse krava igjen for ikkje å misse dei av syne.

Men også her er det nokre skjer i sjøen. Eit par av krava til nokre organisasjonar fører til forverring av situasjonen for ein del lærarar. Det gjeld særskild spørsmålet om tilleggstid for byrdefulle fag, den såkalla vektinga. Her må krava justerast sånn at alle lærarar kjem ut med gevinst.

Det store spørsmålet er likevel lønna. Krava frå organisasjonane ligg frå vel 23.000 til nesten 30.000 kroner i året i tillegg. Dette er ikkje høge krav. For dei høgast lønte vil det bety ein auke på omlag 15%. For dei lågast lønte ein auke på omlag 20%. Når vi no snakkar om å ta igjen eit historisk etterslep frå minst 10 år, så er dette svært rimelige krav.

Siger i kampen er altså knytta til at ein kjem ut med eit resultat som ikkje ligg så langt unna dei stilte krava.

Neste spørsmål blir då: er det mulig å nå eit sånt resultat?

For å svare på det må vi sjå på positive og negative faktorer i forhold til spørsmålet.

Først til spørsmålet om det finnest pengar til å innfri krava. Pengane finnest. Viss vi ser på heile økonomien, så er tilstanden den at altfor mykje pengar flyt over til felt der folk flest har lite nytte av det. Til område der eit mindretal kan hente kortsiktige fortenester. Dette er svært usosialt. Lærarane sin kamp rettar seg mot denne usosiale prioriteringa.

Dernest kan vi sjå på motstandaren si stilling. Kven er motstand aren? Det er DNA-leiinga som er hovudmotstandar. Men dei har med seg på lasset Fremskrittspartiet som beste støtte. I alle andre parti er det svært delte meiningar. Med på DNA-lasset er LO-leiinga. DNA som parti er svært splitta i saka. Partiet er under eit stort press fordi folk ser at leiinga der i praksis går vekk fra det som har vore hovudpillarane for sosialdemokratisk arbeidarpolitikk sidan mellomkrigstida. Det gjeld sosial trygg leik for gamle og sjuke, rimelige bustader og rett til kunnskap for heile folket.

.Det er og bare eit mindretall eigarane og leiarane i det private og statlige eller kommunale næringsliv og administrasjon som meiner at kunnskap ikkje er viktig. Dei fleste veit og at skal du ha resultat må du satse pengar. DNA står derfor i spissen for ei mektig men lita gruppe i heile saka som lærarstreiken reiser med slik tyngd.

Det er også ei belastning på DNA at Fremskrittspartiet er dei som i praksis går i spissen for DNA sin politikk. Eg tenkjer då på framstøytar mot dei streikande med formalargument om at dei gjør ulovlige saker.

DNA sprekk kraftig i denne saka og i dei andre eg nemde. Derfor lekk partiet så kraftig no. Tiltrua forsvinn fort. Det er eit stort press på motstandaren. Dess lengre streikane varer, dess meir sprekk motstandaren opp.

I tillegg til dette rettar no DNA hovudskytset nett mot nokre av dei gruppene som partiet må ha oppslutnad frå ettersom folk frå den tradisjonelle arbeidarklasse fjernar seg frå partiet.

DNA har og svært dårlige argument. Dei seier i festtalane at det må satsast på kunnskap i framtida. Dette er det svært mange som meiner på alvor fordi folket si framtid avheng av oververføringa av kunnskap mellom generasjonane, og heile kulturen i Norge avheng til sjuande og sist av det samme.

Så til vurderinga av dei som står i kamp. Det ser ut til at viljen til å kjempe for eit godt resultat er stor. Det skal ikkje stå på viljen til å stå kampen ut.

Men det lurer noen farer.

Økonomien kan svikte. Dette kan bøtast på gjennom kraftig utoverretta innsamlingsarbeid og dersom det blir starta ei meir omfattande streikestøtte-rørsle enn det som er igang til no.

Presset på motstandaren kan bli for lite fordi ein ikkje klarar ei stadig opptrapping. Dette er både eit økonomiske spørsmål og eit spørsmål om taktikk. Dersom streikerørsla dabbar litt av, vil motstandaren straks kunne komme på offensiven.

Vi kan gi oss for peanøtter og vage løfter. Det kan komme eit tilbod som tilsvarer eit tredobling av staten sitt opprinnelige på 3000 kroner. Streikane går tilbake til arbeid igjen etter sterke oppfordringar frå org.leiingane. Forhandlingane fører til at vi får litt meir enn tilbodet. Vi kan få eit tilbod med lite i direkte resultat og mykje i form av ein opptrappingsplan. I ein situasjon då økonomien kan gå inn i ein depresjonsperiode, er dette skrift i sand.

Det er idag ikkje nødvendig å gi seg for noko særlig mindre enn det vi vil ha. Under 20.000 i snitt på årslønna bør vi ikkje gå.

Einskapen kan sprekke. Det er ein veikskap at det er fleire organisasjonar i konflikt, og at dei ikkje er heilt samordna i krav og forståing. Det ligg eit objektivt grunnlag for splitting i dette. Derfor er det svært viktig med alle tiltak som auker einskapen i aksjonane. Det er og viktig at ikkje ein organisasjon lar seg presse over til forhandlingar, og at streikar blir nedlagt, mens folk frå andre organisasjonar framleis er i streik.

Støtten frå andre grupper kan bli for liten. Lærarstreiken legg ikkje noko økonomisk press på arbeidsgjevaren. For å vinne må lærarane bygge opp det politiske presset. Det kan ein gjøre med eigne aksjonar og ved ikkje å gi seg. Men det må og arbeidast svært aktivt for å bygge ut alliansar med andre grupper. Tradis jonelt er lærarane tilbakehaldne med å påvirke andre til støtte. No må arbeidet med å informere og trekke med andre trappast opp endå meir. Særlig viktig er det å få med dei andre profesjonane som sjukepleiarane, og grunnplanet i heile fagrørsla. Dessuten må kulturpersonar mobiliserast til å gi sin større i den kunnskaps- og kulturkampen lærarane no leiiar an i. Mange andre typar organisasjonar kan og bli aktive allierte. Burettslag er eit døme. Songkor, forfattarar, journalistar osv. bør vere med.

Viktige allierte i denne saka er folk i utkantstrøka. Dei som sit sentralt i Oslo kan ha lett for å gløyme dei. Men her er viktige allierte som kan aktiviserast meir. Bøndene er no ramma av samme sparepolitikken som lærarane, her skulle vere grunnlag for einskap.

Ein må og finne former sånn at støtten blir synlig og får mediadekning.

Informasjonen frå lærarane må leggast opp sånn at han blir skreddarsydd ut frå desse behova.

Alle desse farene kan møtast på skikkelig vis, og det betyr at lærarane står sterkt.

Derfor må eg slutte at lærarane kan vinne sjølv om dei no sloss mot generallinja til DNA, som er å sluse alle ressursar over i kortsiktige profittområde. Kampen kan bli svært hard. Men dersom ikkje noko ledd i eigne rekker sviktar, så er det gode sjanser for å ta igjen ein del tapte skansar i denne runden.

Terje Valen 26.01.1988.