PROFESJONAR, KUNNSKAP OG KAPITALISME

Over heile verda blir idag grunnlaget for systematisk overføring av menneska sine kunnskaps-skattar til dei nye generasjonane øydelagd. Over heile verda blir og grunnlaget for å ta vare på dei gamle og unge øydelagd.

Landa i den tredje verda har idag stor gjeld til industri landa og bankane der. Verdsbanken pålegg desse landa tiltak for å skjere ned dei offentlige utgiftene. Når landa gjør dette undergrev dei levekåra til sitt eige folk. Det offent lige skuleverket blir hardt ramma. Dei utdanningsplanane som skulle vere med å legge grunnlag for eit sprang ut av fattigdommen blir rasert. Det blir umulig å finansiere omsorg for dei unge og gamle.

I dei fleste industrialiserte landa er forteneste graden på investert kapital blitt stadig lågare siden omlag 1950. Financial Times har vist eit fall frå omlag 30% forteneste på investert kapital i 1955 til under 10% i 1982. Dette gjeld alle dei industrialiserte landa. Altså er systemet i krise. Den enorme spekulasjonen dei siste åra er eit teikn på dette, samstundes som det er eit fåfengd forsøk på å slippe unna den massive de valu eringa av kapital som nermar seg. Vi er no sannsynligvis inne i siste del av oppblåsinga av ei boble som snart brist.

Den kapitalistiske støvsugaren har i fleire år suge alle mulige og umulige middel vekk frå dei områda der folk har behov for investeringar og over til områda der ein kan få tak i størst mulig forteneste på kortast mulig tid. Både dei svære utanlands investeringane frå Norges Bank (ein sum på omlag 100 milliardar kroner), børsspekulasjonen, den forserte oljeinvesteringa (60 milliardar kroner pr.år) og boomen i næringsbygg og kjøpesentra er eksempel på dette. Samstundes som den offentlige og private nauda til dei fattigaste er eksempel ved den andre polen.

Dette er det eine grunnlaget for angrepet på kunnskapsover føringa mellom slektledda. Overføring av pengar frå område der folket har behov for dei, til område der kapitalen har behov for dei.

Det andre grunnlaget ligg i utviklinga av produktivkreftene eller teknologien. I ei melding om grunnskulen frå 1983 seier Grunn skulerådet at den framtidige samfunnsutviklinga vil føre til ei dekvalifisering frå fagarbeid til overvakarar av automatiserte prosessar for store grupper. Ein vil bare trenge ei forholdsvis liten gruppe høgt utdanna folk. Og det vil bli mange som ikkje har arbeid i det heile.

På kort sikt er det derfor foretaksøkonomisk lønnsamt å skjere ned på ressursane til almennskulen viss dei samstundes kan få til ei omorganisering som sikrar at dei får broila fram ein liten elite og lært dei andre til å trivast noko lunde med enkelt rutinearbeid og fritidssyslar og leik.

.Dette kan ein klare på to måter. Ved å få fleire privatskular og ved å omdanne den statlige almennskulen slik at dei som stiller gunstigast i utgangspunktet kan flyte "naturlig" gjennom skule systemet til dei beste jobbane. Høyre og Fremskrittspartiet står for den første linja, mens DNA står for den andre linja. I praksis ligg begge linjene parallelt og svært nær kvarandre.

Dette er altså det andre grunnlaget for rasering av den offent lige skulen.

Der er og eit tredje og heilt særeigent grunnlag for angrepa på kunnskapsoverføringa mellom generasjonane. For at dei som styrer idag skal få folk til å tru på argumenta og påstandane deira treng dei folk med mindre og mindre kunnskap. Folk med mykje kunnskap vil lettare avsløre og kjempe mot tiltak som gagnar ein liten minoritet og er til skade for det store fleirtalet.

Idag er DNA/LO-leiinga og staten i spissen for raserings politik ken. Men denne politikken rammar ikkje bare lærarene. Han rammar alle dei såkalla profesjonane der kvinnene er i fleirtal. Det er ikkje tilfeldig at dei store streikane i det siste har vært førskulelærarstreiken og lærarstreiken og at sjukepleiarane ligg i løypa. Det er her ein av hovudstøytane skal setjast inn no. Desse gruppene skal tuktast fordi dei no er ei stor hindring mot innsparing på eine sida og vill spekulasjon på den andre. Og dei må tuktast på andre måtar enn LO-forbunda som på førehand er direkte leia av DNA/LO-pampar. I desse forbunda kan DNA-diktatet setjast rett ut i livet frå toppen og nedetter. Det er bare opprør mot desse leiingane som kan gjøre desse fagorganisasjonane til kamporganisasjonar for eigen klasse.

DNA/LO-leiinga prøver med alle triks og maktmiddel å svekke dei gruppene dei ikkje har direkte kontroll over frå toppen av. Dette er ein fjerde grunn til at profesjonane skal knekkast.

Den femte og siste grunnen eg skal nemne er at DNA/LO-leiinga sin politikk heilt igjennom er ein gubbepolitikk. Det er dei middel aldrande makt-mennene sin politikk som blir sett ut i livet av Gro Harlem Brundtland si "kvinneregjering".

Men det at raseringa rammer alle dei store profesjonane gir og eit grunnlag for einskap mellom lærarane og dei andre. Det andre store grunnlaget for einskap er at fleirtalet innen alle dei store profesjonane i offentlig teneste er kvinner. Derfor er her mykje felles sak mot felles fiende. Og derfor er det naturlig at dei støttar kvarandre under dei kampane som no er i gang.

Fordi overføring av oppsamla kunnskap mellom generasjonane er grunnlaget for all utvikling av velferd og demokrati i framtida for det store folkefleirtalet, og fordi omsorg for dei unge, dei gamle og dei sjuke er grunnlaget for at folk kan bli trygge og lukkelige, er lærarane og dei andre profe sjonane sine kampar svært viktige for arbeidarklassen og heile folket.

Viss utdanningssystemet får utvikle seg slik at bare ein liten elite får skikkelig utdanning, så vil det være eit historisk tilbakeskritt for det arbeidande folket. Kordan skal ein kunne kjempe for ei betre verd viss kunnskapen blir monopolisert i overklassen? Kordan skal arbeidarklassen vinne denne kampen viss dei ikkje allierer seg med dei kjempande intellektuelle? Kordan skal lærarane og dei andre profesjon ane vinne fram viss dei ikkje går i kompanisskap med kvaran dre og med arbeidarklassen?

Viss det offentlige omsorgs- og pleieapparatet blir vidare rasert, kordan skal det gå med oss alle i alderdommen?

Viss vi saman skal kjempe fram eit sosialt system som bygger på behova til det store folkefleirtalet og som er planlagd og demokratisk styrt utifrå det, så må vi skape desse alliansene no. Ikkje vente ein time eller ein dag, men gjøre det nett no.

Og så må vi sloss saman mot den felles fienden - DNA/LO-leiinga og staten.

Og om eg no kallar dette nye systemet for sosialisme, så er det kanskje på tide for lærarane og folk frå dei andre profesjonane å sjå nærmare på det. No når kapitalismen fører til rasering av den offentlige skulen, den offentlige omsorgen og den offentlige sjukepleia, er kanskje den fulle konsekvensen av kampane mot dette, eit nytt sosialt system.

Terje Valen 21.01.1988.