Meirverdi definert

Valeur ajoutée (på norsk meirverdi) er ein økonomisk indikator som måler verdien eller rikdommen skapt av eit føretak, ein verksemds-sektor eller ein økonomisk agent i ein gitt periode. Han er definert som forskjellen mellom sluttverdien av produksjonen (som er fastsett ut frå rekneskapen) og verdien til dei sakene som blir forbrukt i produksjonsprosessen (forbruk av mellomprodukt, som råmateriala). Meirverdien gir mål på auken av verdien som føretaket realiserer ved si verksemd for å skape ting eller tenester, mellom dei som dei kjøper ting og tenester frå og til dei som dei sel desse til. Den rikdommen som er skapt slik av føretaket blir delt mellom dei tilsette (løner), staten (skattar og avgifter), aksjonærane, långjevarane (renter og avdrag) og føretaket (investeringar, utvikling). Viss avskrivinga av kapitalen ikkje er trekt frå, kallar vi meirverdien for brutto («brute» og netto («nette») viss den er det. Meirverdien er grunnlag for utrekninga av TVA (taxe sur la valeur ajoutée) eller  meirverdiavgifta, og til å måle PIB (Produit intérieur brute) altså BNP=brutto nasjonalprodukt. Dette er sjølvsagt ikkje meirverdi i Marx’ meining ettersom han definerer meirverdien som den tilleggsverdien som (berre) arbeidarklassen skaper ut over verdien av det han kan kjøpe sjølv for å leve (lønene) og  som kapitalistklassen eller borgarskapet tileignar seg. Borgarskapet vil ikkje godta denne definisjonen fordi han avslører at det kapitalistiske systemet er eit utbyttingssystem, eller tjuveri av framand arbeidskraft.