Notat ved lesing av Sven-Eric Liedman Karl Marx – en biografi, Bonniers förlag 2015, 819 sider

Innleiande kommentar

Dei tre siste åra har det komme tre store Marx-biografiar som eg kjenner til. Den første er Jonathan Sperbers, Karl Marx – A Nineteenth-century Life, 2013 som eg ser på som ein intellektuell skandale og har skrive eit lengre notat om.[i] Den andre er Gareth Stedman Jones, Karl Marx – Greatness and Illusion, 2016 som eg og har skrive eit (kortare) notat om.[ii] Og det er Sven-Eric Liedmans Karl Marx – en biografi, 2015. Av desse er det berre Svein-Eric Liedmans som held nokolunde vitskapelege mål, sjølv om den og har store manglar sett i ljos av Marx-forskinga dei siste vel 50 åra.

I motsetnad til dei andre biografane har Liedman komme fram til at Marx framleis er svært aktuell for vår tid. Han seier at «Marx analys av sin samtid stämmer alltså bättre i dag en för femtio år sidan. Treffsäkerheten gäller framför allt  kapitalismens sätt att fungera.

Men Marx hade inte räknat med kapitalismens förmåga at ständigt förnya sig och engagera nye produktivkräfter. Idag ter sig kapitalismen mer dominant än någonsin.”[iii]

Sjølv vil eg seie med stort sett samd med desse påstandane.

Og han konkluderer heile boka si med at Marx allierer seg med arbeidarklassen og arbeider for denne klassen si frigjering og meiner at det vil vere heile menneskeslekta si frigjering. Han har ikkje noko eintydig svar på korleis dette vil skje og han lever vidare som kapitalismens store kritikar. Som kritikar lar han oss og ane eit positivt motbilde av menneskeleg verksemd der fellesskap  kan sameinast med fridom og lyst med alvor, noko som er ein mogeleg utopi også for vår tid.[iv]

Eg meiner at dette og er viktige påstandar når ein skal samanfatte Marx si verksemd, sjølv om dei ikkje seier noko direkte om Marx som politikar og revolusjonsteoretikar.

Med desse formuleringane som utgangspunkt treng han ikkje velje kjelder på partisk vis og vri og vrenge på dei for å få dei til å passe med ein fordom om at Marx er avleggs, slik dei andre biografane gjer. Han seier og at han har prøvd å lage ei så objektiv skildring som mogeleg innanfor  språkkunnskapane sine og dei andre kunnskapane om emnet som han har.

Spørsmålet er då om kunnskapen er god nok. Eg vil seie noko om det, ut frå min kunnskap som også er avgrensa av at eg berre er en ihuga amatør som les vidt og breitt på nordiske språk, engelsk, fransk, tysk og spansk. Det tyder at eg også manglar mykje viktig kunnskap som finns i ikkje omsette tekstar frå andre språk som russisk, italiensk, japansk, kinesisk og andre.

Liedman handsamar altså etter mi meining dei kjeldene han har på vitskapeleg vis. Her skil han seg frå biografane  Sperber  og Jones. Men han har og nokre av dei same veikskapane som dei. Veikskapane hos Liedman gjeld særleg  handsaminga av utviklinga av Marx sine økonomiske og filosofiske kategoriar i  heile kapital-korpuset. Han kjenner ikkje til dei banebrytande verka til Enrique Dussel (tre detaljerte bind med analysar av alle originalutkasta til Kapitalen)[v], Lucien Sève (med alle sine verk om utviklinga av Marx sine dialektiske kategoriar i heile kapital-korpuset og hans arbeid med naturdialektikken saman med andre franske vitskapsfolk), Isabelle Garo med si doktoravhandling om Marx sin sanseteori samt fleire bøker som følgjer det opp, samt ei bok  frå 2011 om Marx sin  estetikk med ei grundig samanlikning mellom Foucault, Deleuse, Althusser og Marx[vi]. Han kjenner heller ikkje István Meszárós (med sine verk der han diskuterer dei fleste relevante filosofar og samfunnsvetarar og deira tilhøve til Marx sine tankar) og Hal Draper (delvis med Ernest Haberkern) med sine fem bind om Marx’ revolusjonsteori som kom ut mellom 1977 og 2005. Det gjer at Liedman er og svak på utviklinga av Kapitalen. Han er heller ikkje sterk på det feltet han særleg vi undersøke, Marx sitt tilhøve til Hegel. Han kjenner til dømes ikkje tidlege verk som E.V. Ilyenkovs om det konkretes og abstraktes dialektikk i Kapitalen frå 1960, heller ikkje dei tre banda frå 1979 som blei redigert av John Nepham og D-H Ruben om problem i Marx’ filosofi eller det banebrytande verket av Günther Hillman om Marx og Hegel som kom allereie i 1966 og seinare verk som det Bertell Ollman skreiv om dialektikkens dans frå 2003.

Dette gjer at framstillinga til Liedman blir til på eit for avgrensa kunnskapsgrunnlag og at det han skriv derfor blir prega av tidlegare forskingsresultat og tankar, sjølv om han i motsetnad til dei andre to biografane veit at Marx hadde ein god del å seie om økologi og viser til John Bellamy Foster og han kjenner til Anthony Kliman si handsaming av påstanden om at Kapitalen er internt inkonsekvent.

Nokre krav til ein biografi

Mitt utgangspunkt er at eit individ sin personlegdom blir utvikla i møtet med alle dei samfunnsmessige forhold som individet står i, og som er rammene rundt dei vala individet gjer, og dei vala som individet verkeleg tar innan desse rammene og som kjem til syne i heile verksemda til individet. Dette er og Marx sitt utgangspunkt slik han seier det i den sjette Feuerbach-tesen.

Då blir det viktig å finne dei vesentlegaste forholda og vala og dei vesentlegaste verksemdene og sjå korleis desse har utvikla seg.

Eg tenkjer at det vesentlegaste ved Marx si verksemd var oppdaginga av hovudtendensane i kapitalen si utvikling, korleis han oppstod, utvikla og endrar seg og korleis han går mot si eiga oppheving eller avslutning. I tillegg oppdaga han korleis samfunnsklassen som eig og kontrollerer kapitalen og vil halde på han og samfunnsklasse som kan oppheve han, nemleg arbeidarklassen står i høve til produksjonen og kvarandre og utviklar seg ut frå det. Grunnen til at han blei driven til å gjere desse oppdagingane var at han ville gi arbeidarklassen eit vitskapeleg grunnlag for å forstå den verda han lever i, og avdekke klassen si historiske oppgåve.

Utgangspunktet for Marx var først etisk eller moralsk om du vil. Han såg urettvisa i verda og ville kjempe mot ho og han fann at utbyttinga av den produserande klassen var det vesentlegaste grunnlaget for all urettvise. Dette prega alt han skreiv og gjorde.

Viss desse oppdagingane ikkje var/er i samsvar med det vesentlegaste av det som verkeleg skjer i verda, så er Marx si verksemd mykje mindre vesentleg for oss enn om dei er det. Det kan og vere grader av samsvar, stort eller mindre samsvar gjer verksemda meir eller mindre vesentleg.

Det mest vesentlege i ein Marx-biografi blir altså å søke å avdekke i kva grad Marx sine oppdagingar om kapitalen og klassane sitt tilhøve til han framleis er vesentlege eller ikkje. Det tyder at biografen må ha djup kunnskap om denne delen av Marx si verksemd og utviklinga av den verksemda historisk – altså korleis Marx blei i stand til å utføre det han gjorde og etappane i arbeidet hans.

Sperber og Jones klarte  på ingen måte å påvise at Marx ikkje er vesentleg for oss. I forsøket på å påvise det braut dei mange grunnleggande reglar for kjeldehandsaming og vurdering. Sperber sitt verk står klart fram som vinkla oppdragsforsking. Han skal grunngi at Marx var ein 1900-talsperson og ikkje så mykje meir. Jones sitt oppdrag er å vise at Marx var ein stor person som inspirerte mykje samfunnsforsking seinare, men at tankane hans om utviklinga av kapitalismen var ein illusjon. Dette fører også han ut i eit villnis av gamle vurderingar, påstandar og fordommar.

Liedman prøver derimot å skrive ein ærleg biografi ut frå det han veit om Marx og skriftene hans. Ut frå studia av desse har han altså kome fram til at Marx var viktig i si tid og at han kanskje er enno viktigare for oss no og i framtida. Mi meining er at han ikkje klarer å overtyde oss godt nok om det fordi han ikkje har kunnskap nok, særleg om utviklinga av Marx si tenking om økonomien og heile den vitskapeleg-filosofiske verksemd som førte til og følgde av denne utviklinga.

For å kunne fullføre arbeide sitt måtte Marx oppheve den tidlegare tenkinga om korleis verda utviklar seg, på ein djup måte. Det tyder først og fremst at han måtte oppheve Hegel sin filosofi. Hillman har ei grundig skildring av delar av denne opphevinga.

Gjennom oppdagingsferda si i kapitalens verd måtte Marx, for å forstå det som skjedde,  utvikle ei mengd nye omgrep, nye vitskapelege og filosofiske kategoriar. Dei som har undersøkt dette grundigast er Dussel og Sève. Vi treng sjølvsagt ikkje vere samde med alt dei kjem fram til, men kvar nye Marx-biografi må i det minste drøfte det dei kjem fram til.

Så var Marx sitt arbeid med økonomien ein del av hans verksemd som revolusjonær politisk aktør og meint som eit teoretisk grunnlag for arbeidarklassens politiske kamp for oppheving av kapitalen og skaping av kommunismen. Den som har undersøkt dette grundigast er Draper. Det same gjeld for han som for dei ovannemnde.

Handsaming av Kapitalen – kapitalistane og kapitalakkumulasjonen

La meg no sjå nærare på Liedman si handsaming av Kapitalen. Eg vil begynne med ei kritisk gjennomgåing av nokre utvalde delar av boka og siterer og kommenterer tekstar på sidene 487 og 488.

Her handsamar Liedman omgrepa meirarbeid og meirverdi. Han skriv først heilt greitt om at meirverdien blir skapt av at arbeidaren gjennom arbeidet sitt skapar meir verdi enn verdien av det kapitalisten betalar han i løn og at dette er meirverdien. Men så tar han eit sprang rett frå dei grunnleggande og abstrakte omgrepa som Marx brukar i første bind av Kapitalen for å forklare kvifor produktivkreftene må auke.

«Kapitalistens strävan är att utöka arbetstiden och minska lönen, men det finns en gräns för vad som er möjligt för att arbetaren över  hovud ska kunna överleva. Status quo hotar, och det betyder undergången för kapitalisten. Därför måste produktivkrafterna beständig öka och därmed de relativa kostnaderna för arbeidslönen minska; mer kan produceras på kortare tid.”

Marx sitt syn

I røynda er det nett dette synet Marx polemiserer mot i tredje bind av Kapitalen. Mens første bind handlar om det skjulte grunnlaget for kapitalens utviklingsprosess, så handlar tredje bind om korleis denne prosessen ser ut på overflata, når ein ikkje kjenner grunnstrukturen og kvifor det er slik. Marx viser her korleis illusjonane om den kapitalistiske økonomien oppstår og korleis det er desse illusjonane som er  drivkrafta i kapitalistanes handlinger, og ikkje det grunnlaget som bestemmer desse illusjonane. Det er i følgje Marx ikkje meirverdien som kapitalisten har i tankane når han tar tiltak for å auke produktiviteten, men varens kostnadspris. Og varens kostnadspris er lik forbrukt konstant kapital pluss forbrukt variabel kapital. Kapitalisten trur derfor at dette er varens verkelege verdi, og tar då ikkje med meirverdien.

Marx skriv slik om dette i første kapittel av tredje bind: «Den forvirra førestillinga at varens kostnadspris er den verkelege verdien hans, men at meirverdien kjem til når varen seljast over sin verdi, og at varane altså blir seld til verdien sin om salsprisen er lik med kostnadsprisen, dvs. lik med prisen på dei produksjonsmidla som er forbrukt pluss arbeidsløn, har med sedvanleg overflommande vitskapeleg sjarlataneri blitt utbasunert av Proudhon som sosialismens nyoppdaga løyndom.”[vii]

Det er mellom anna dette sjarlataneriet Marx vil til livs gjennom kapital-prosjektet sitt. For at dette skal bli mogleg å forstå må vi eigentleg gjennomgå heile det som mange kallar kapitalkorpuset, det vil seie alle tekstar som knyter seg til Marx sitt kapitalprosjekt, slik Séve[viii] og Dussel har gjort. Det er sjølvsagt umogleg her, men eg må likevel prøve å gå litt nærare inn på det i den vidare teksten her.

Utgangspunktet for kapitalprosjektet er ein lang studieprosess som førte til første bind av Kapitalen i 1867 og alle dei andre tekstane rundt denne boka. Denne prosessen byrja i 1844 med økonomistudia som førte til Marx sin kritikk av Mills Elements of Political Economy[ix] og fortsette med fleire tekstar som økonomisk-filosofiske manuskript, Den tyske ideologi[x], Filosofiens elende, for så verkeleg ta av med Grunnriss, Teoriar om meirverdien, første bind av kapitalen og alle manuskripta etter dette som førte til at Engels kunne gi ut to bind til av verket etter at Marx var daud. Som ein sidemerknad vil eg og peike på at Liedman ikkje har fått med seg Marx sin kritikk av Mills som er sjølve byrjinga på det heile, med framandgjeringsomgrep og den første formuleringa av kva kommunisme kan vere.

Liedman og meirverdiraten

La oss så sjå på Liedman sin definisjon av Marx sitt sentrale omgrep - meirverdiraten. Liedman seier at den er forholdet mellom det konstante kapitalen som kapitalisten satsar på råvarer og maskinar og den variable kapitalen som arbeidslønnene krevjar.[xi]

Ein skal ikkje ha lese så mykje Marx for å sjå at det Liedman her definerer ikkje er meirverdiraten, men kapitalens organiske samansetning som nettopp er heile kapitalen delt på den variable kapitalen, hos Marx uttrykt som c/v, altså den konstante kapitalen delt på den variable kapitalen. Vi finn denne brøken på side 38 i den svenske utgåva av 3. bind av kapitalen der det heiter at: «Mervärdet, varifrån det än må härstamma, är följaktligen ett överskott över det investerade totalkapitalet som uttrykkes i bråket m delt på C där C betyder totalkapitalet. Så erhåller vi profitkvoten m delt på C som er lik m dividert på (c+v), til skilnad från mervärdekvoten, m dividert på v.” Vi ser altså at meirverdiraten er noko heilt anna enn Liedman påstår.

Så skriv Liedman at meirverdiraten har en tendens til å minke når produktivkreftene aukar fordi delen som blir representert av meir avanserte maskinar  veks i høve til delen som går til løner.[xii] Fordi han har forveksla meirverdirate og profittrate blir dette sjølvsagt feil. Det han skriv om her er i røynda profittraten, som altså minskar med auka organisk samansetning av kapitalen.

Ut frå dette rotet seier Liedman at Marx etter kvart kom fram til noko som han kallar ein lov. Denne loven seier han inneber at mengda produsert meirverdi (m= er lik med den variable kapitalen (v) multiplisert med meirverdiraten, som han kallar p’, eller altså m=v*p’. Denne loven skal vise at meirverdimengda er lik talet på arbeidarar kom kapitalisten kjøper multiplisert den grad av utbytting som kvar enkelt arbeidar blir utsett for.[xiii]

Diskusjonen der vi finn noko som liknar på dette uttrykket finn vi i det tredje kapittelet av Kapitalens tredje bind. Her finn vi Marx si undersøking av tilhøvet mellom profittraten og meirverdiraten.

I tredje tredje bind av kapitalen ser vi altså at Marx i første kapittel tar opp kapitalistane og økonomane sin illusjon om at varen sin verdi er lik produksjonsprisen og når vi kjem til kapittel 3, ser vi kor Liedman eigentleg har tatt sin tekst frå. Dette kapittelet handlar om korleis endringar i kapitalens organiske samansetning og i meirverdiraten verkar inn på profittraten.

Marx’ utgangspunkt er forholdet mellom meirverdien og den satsa variable kapitalen, altså meirverdien delt på variabel kapital, m/v, altså meirverdiraten som han så gir symbolet m’. Da er m/v=m’ og dermed er sjølvsagt m=m’*v, dvs. meirverdiraten multiplisert med den variable kapitalen. Her finn vi det uttrykket som liknar på det Liedman kallar ein lov. Men vi ser at p’ er erstatta med m’ og det er korrekt fordi det er snakk om meirverdi raten som Marx alltid kallar m’ og ikkje p’. Marx reserverer p’ for profittraten. Har ser vi korleis forvekslinga av meirverdirate og profittrate forplantar seg vidare i teksten.

No er jo m=m’*v heller ikkje nokon lov, det er jo berre det at Marx vel nemninga m’ i staden for brøken m/v for lettare å bruke det i dei vidare utrekningane sine.

Så skriv Marx at denne meirverdien dividert med totalkapitalen, i staden for med den variable kapitalen, kallas profitt (p) og at meirverdien sitt forhold til heile kapitalen (C), altså m/C kallas profittkvoten. Og denne kallar så Marx for p’.

Når Marx så har definert desse uttrykka brukar han dei for å rekne ut korleis profittraten endrar seg når meirverdiraten endrar seg og når den organiske samansetninga av kapitalen endrar seg.

For å utføre berekningane sine abstraherer Marx frå endringar i pengeverdien og set den som konstant. For det andre abstraherer han frå kapitalens omslag og set det som eit omslag per år. For det tredje abstraherer han frå endringar arbeidets produktivitet og regner denne som konstant sjølv om forskjellige samansetningar av kapitalens variable og konstante del oftast medfører forskjellar i produktivitet og, då det er slik at høgare konstant del oftast svarer til høgare produktivitet.

Han gjer det same med arbeidsdagens lengde, arbeidets intensitet og arbeidslønna og går ut frå at desse er konstante for ikkje å gjere utrekningane for kompliserte.

Så gjer han ei mengd utrekningar der han held ein del av likninga konstant medan han endrar den andre og til slutt ser han på når begge endrar seg.

Konklusjonen blir at det er to hovudfaktorar som bestemmer profittraten. Det er meirverdiraten og verdisamansettinga av heile kapitalen, dvs. kapitalens organiske samansetning, dvs. variabel kapital (v) delt på  heile kapitalen (v+c) også uttrykt som C.

Ut frå dette sluttar han at profittratane for to kapitalar, eller for ein kapital i to etterfølgande tilstander, er like dersom samansetninga av kapitalen i prosent og dersom meirverdiraten er lik, og dei er også like med ulik samansettinga av kapitalen og ulik meirverdirate, når produkta av meirverdiraten i dei variable kapitaldelane (m’ og v), er lik, dvs. når meirverdimassen rekna på heile kapitalen, er lik, med andre ord når begge mål på faktorane m’ og v står i omvendt forhold til kvarandre.

Og at profittratane for to slike kapitalar er ulike dersom dei har lik prosentvis samansetning og meirverdiratane er ulik. Då held dei seg til kvarandre som meirverdiratane. Dei er og ulik dersom meirverdiratane er like og den organiske samansetninga er ulik og då held dei seg til kvarandre som dei variable kapitaldelane. Og dei er ulike ved ulik meirverdirate og ulik prosentvis samansetning og då  held dei seg til kvarandre som produktet m’*v, det vil seie som den prosentvise meirverdimassen rekna på heile kapitalen.

Det er altså slik at det uttrykket som Liedman framstiller som ein marxistisk lov, berre er eit uttrykk i ei likning som gjer det mogleg for Marx å finne lovene for endringar i profittkvoten i høve til endringar i den organiske samansetninga av kapitalen og meirverdiraten.

Ut frå dette kan vi sjå at det Liedman i det heile skriv vidare her, ut frå denne forståinga, er det reine tullet.  På grunnlag av at m/v=m og altså m=m*m’, dvs. at meirverdien multiplisert med meirverdiraten er lik den samla meirverdimassen, går han over til å snakke om at dette gjeld den utbyttinga som den enkelte arbeidaren blir utsett for og at vi frå denne loven kan slutte seg til det særeigne tilfellet, til den enkelte arbeidsplassen, det enkelte føretaket.

Dette til tross for at Marx skriv i det same kapitelet (3) at den undersøkinga han held på med her, er forskjellen i meirverdiratar innan eit enkelt land og at det han vil vise er berre korleis profittraten i eit enkelt land blir til. Det vil altså seie ikkje i eit enkelt føretak.[xiv]

Dette bryr ikkje Liedman seg om. Han begynner å snakke om at den variable kapitalen skal uttrykkast i pengar i det uttrykket han har bite seg fast i og dermed seier han er vi  midt oppe i det såkalla transformasjonsproblemet, dvs. korleis vi kan komme frå varane sin verdi til deira pris, altså transformere verdien til pengar. Dette har ingen direkte samanheng med det uttrykket han til no har snakka om, og som vi finn i kapittel 3 i denne boka. Liedman har no hoppa fram til kapittel 9 tilsynelatande utan å vite sjølv at det er eit sprang frå ein type problem til ein heilt annan type. Mens kapittel 3 handla om korleis profittraten endra seg med endringar i meirverdiraten og kapitalens organiske samansetning, så handlar kapittel 9 om korleis ein allmenn profittrate dannar seg gjennom konkurransen og om vareverdiane si forvandling til produksjonsprisar. Kapittel 9 byggar i så måte på det Marx avdekka i kapittel 3, men er på eit anna abstraksjonsnivå fordi konkurransen i marknaden her blir tatt med i rekninga.

Men lat oss fortsette på Liedman sine påstandar i kapittel 9. Han seier at det er i tredje bandets niande kapittel at Marx prøver å løyse transformasjonsproblemet, dvs. å uttrykke verdien av c og v og m i pengar, utan å lukkast. «Först tycks han full av tilförsikt, han presenterar en lösning; men efter et antal sidor säger han själv att den inte håller och nöyer sig med att konstatera att ”varans kostnadspris alltid er mindre än dess värde”.[xv]

Viss vi ser på heile samanhengen her så skriv Marx følgjande:»Påståendet, att varans kostnadspriser alltid är mindre enn dess värde, förblir riktigt. Ty hur varornas kostnadspriser än avviker från värdet av de produksjonsmedel som konsumerats i dem, är dessa förflutna misstag likgiltiga ur kapitalistens synpunkt. Varans kostnadspris är en given utgångspunkt, som är uberoende av hans produksjon, medan varan, resultatet av hans produksjon, innehåller mervärde, alltså ett värdeöverskott över dess kostnadspris.”[xvi] Og litt seinere skriver han: ”En varas kostnadspris beräknas alltid bara på den mängd betalt arbete som den innehåller, medan  värdet alltid beräknas på hela arbetsmängden, betalt och ubetalt arbete. Produksjonspriset beräknas på summan betalt arbete plus en av varje produksjonssfär oberoende mängd obetalt arbete.”[xvii]

Kva ser vi? Jau, at Liedman ikkje har forstått kva transformasjonsproblemet går ut på i det heile. Og at det han siterer frå Marx ikkje er noka innrømming frå denne av at han ikkje kan løyse noka problem, men tvert imot ein del av ei forklaring på kvifor verdien av ein vare er større enn kostnadsprisen, eller at produksjonsprisen er større enn kostnadsprisen.

Altså, kostnadsprisen er den prisen som viser verdien av det som går med til å produsere ein vare, dvs. den samla prisen av forbrukt konstant og variabel kapital. Men verdien av varen som kjem ut av produksjonsprosessen er dette pluss ein meirverdi, og det er jo sjølve hjartet i heile Marx sin kapitalteori. Tar du bort meirverdien forsvinn profitten og med det også heile kapitalismen. Og då er vi tilbake til det førkapitalistiske varebytet som Marx tar utgangspunkt i i begynninga av første bind av Kapitalen.

Det Marx skriv om transformasjon frå verdi til pengar

I kapittel 9 i tredje bind av Kapitalen viser Marx at dei forskjellige kapitalane sin profitt og profittrate ikkje kan reknast ut frå kostnadsprisen på dei produserte varene frå eigen  kapital. Han brukar fem forskjellige kapitalar i fem ulike produksjonssfærar for å vise kvifor det er slik. Kapitalane har same storleik og same utbytingsgrad eller meirverdirate, men forskjellige organiske samansetningar, dvs. at forholdet  mellom konstant og variabel kapital er forskjellig kapitalane imellom.  Eg kan ikkje gå i detalj på det her,  men Marx skriv at alle dei forskjellige kapitalane sine varer som er produsert til ein kostpris (det det kostar å produser dei, dvs. konstant kapital [c]+ variabel kapital [v]). Varene frå dei fem kapitalane kjem ut på ein felles marknad og der oppstår det ein ny pris som Marx kallar produksjonsprisen. Denne definerer han slik: når vi tar gjennomsnittet av profittratane i dei forskjellige produksjonssfærane og adderer dette gjennomsnitt til kostprisane i dei ulike produksjonssfærane får vi produksjonsprisane.

Så viser han at det tyder at dei med lågast kostpris, dvs. størst forskjell opp til produksjonsprisen, tileignar seg mest profitt. Det er altså ikkje dei kapitalane med høgaste eigen meirverdirate som tileignar seg mest profitt. Han viser og at dette er dei kapitalane med høgaste produktivitet, altså høgast utvikla produktivkrefter, eller altså dei som har høgaste organisk samansetning av kapitalen C/v, der C er heile kapitalen og v er den variable kapitalen.

I tillegg til dette tar han opp føresetnaden at dei forskjellige kapitalane kan vera av ulik storleik sjølv om forholdet mellom konstant og variabel kapital et likt og meirverdiraten er lik. Då vil det jo vere slik at det ikkje berre kjem an på skilnaden i profittratar i dei forskjellige produksjonssfærane når den allmenne profittraten blir danna, men av den relative vekt som dei forskjellige kapitalane sine profittratar går inn i utforminga av gjennomsnittet. For kapitalen som heilskap endrar det likevel ikkje den konklusjonen Marx drog slik vi har vist ovanfor her.

Han tar og opp det forholdet at dersom ein kapitalist seljer varer som går inn i produksjonen av ein annan kapitalist sine varer. Den konstante kapitalen fører berre over ein del av seg sjølv til vareverdien, men det er ein verdi som alt er skapt av arbeidarane i ein tidlegare prosess og derfor berre overføring av denne verdien gjennom den nye arbeidsprosessen. Då blir dette profitt for den første kapitalisten, mens det for den neste berre blir et utlegg som går inn i hans kostnadspris. Fordi også produksjonsprisen til varane frå den første kapitalisten også kan avvike frå varen sin verdi, må vi ta omsyn til det og når vi skal rekne desse sakene ut i detalj. Så seier han at det ikkje er naudsynt å går nærare inn på dette i høve det han handsamar her. For det som står fast er at varens kostnadspris alltid er lågare enn produksjonsprisen. For korleis no varane sine kostnadsprisar vik av frå verdien av dei produksjonsmiddel som er forbrukt i produksjonen av dei, er desse feila som ligg i fortida, likegyldig sett frå kapitalisten sin synsstad. Varen sin kostnadspris er eit utgangspunkt som er gitt, som er uavhengig av produksjonen hans, mens varen, som er resultatet av produksjonen inneheld meirverdi, altså eit overskott over kostnadsprisen.

Dessutan har no den påstanden at kostnadsprisen er mindre enn varen sin verdi, blitt forvandla til at kostnadsprisen er mindre enn produksjonsprisen. Når deg gjeld samfunnets totalkapital, der produksjonsprisen er lik med verdien, er denne påstand identisk med den førre, nemleg at kostnadsprisen er mindre enn produksjonsprisen.

Konklusjonen til Marx er at kostnadsprisene for varene som er produsert av den samfunnsmessige totalkapitalen, er mindre enn verdien; eller at produksjonsprisane for den totalen mengda med produserte varar er identiske med denne verdien. For ei vare sin kostnadspris blir berre berekna på den mengd betalt arbeid som han inneheld, mens verdien alltid bereknast på heile arbeidsmengda, både den betalte og den utbetalte.

Ut frå dette kan vi sjå at Marx sjølvsagt ikkje gav opp framstillinga av forholdet mellom verdi og pris, han berre påpeikte at kapitalisten i tillegg til det han legg ut for å produsere varen, dvs. kostnadsprisen også tileignar seg eit overskott over dette, som byggar på verdien, men som trer fram som ein profitt som til sjuande og sist reknast ut frå forskjellen på kostnadsprisen og produksjonsprisen. Seinare legg Marx også til at den endelege prisen på varen heller ikkje er identisk med produksjonsprisen, men svingar rundt denne ut frå verknadene av tilbodet og etterspurnaden etter varen.

For kapitalistane ser det faktisk ut som dess meir konstant kapital som blir brukt i høve til variabel kapital, desto større forteneste har dei. Det ser altså ut som om di meir maskinar og anlegg kapitalisten har i høve til arbeidarar, dess  meir tener han. Tilsynelatande er det altså maskinane som produserer overskottet og profitten. Dette er og den vesentlege grunnen til at kapitalistane satsar på å utvikle produktivkreftene.

Det er nemleg slik at dei som gjer dette først, tener meir enn dei andre. Men den store overraskinga kjem når dei andre kapitalane gjer det same, for då fell profittraten på dei samla kapitalane, dvs. på alle kapitalane sett som ein heilskap, fordi det berre er den variable kapitalen som kan skape meirverdi ved at arbeidaren etter å ha seld arbeidskrafta si, set ho i rørsle og brukar maskinar og anlegg i arbeidsverksemda si. Når den variable kapitaldelen minkar i høve til den konstante, når altså den organiske samansetninga av kapitalen aukar, så slår profittraten sin fallande tendens inn.

Når profittraten når eit visst lågt nivå, blir det ikkje noko poeng i å investere meir i produksjons og då må ei mengd konstant kapital bli øydelagd for å få opp at profittraten slik at dette blir eit poeng att. Av det kjem krisene.

Transformasjonsproblemet

Men dette har i og for seg ikkje noko med transformasjonsproblemet å gjere for det er altså slik at Marx på side 149 i den svenske utgåva av Kapitalen fortel kvifor det er slik. Som sagt ovanfor er det  nemleg så enkelt at ein vare sin kostnadspris berre reknast på den mengda betalt arbeid som den inneheld, mens verdien alltid reknast på  heile arbeidsmengda, både betalt og ubetalt arbeid. Grunnen til forskjellen er altså at Liedman her ikkje har oppdaga meirverdien. Dette er også det som støyter alle økonomar som vil halde på kapitalismen. Det er nemleg meirverdien, dvs. utbyttinga som er grunnlaget for at kapitalismen er eit umoralsk system, det er tjuveri av framand arbeidskraft. Men ikkje nok med det. Det er og løyndommen bak kvifor kapitalismen er eit historisk avgrensa fenomen som vil måtte ta slutt på den eine eller andre måten og helst ikkje ved at alle samfunnsklasser går til grunne, men ved at kapitalismen blir oppheva slik at dei positive sidene ved han blir tatt vare på og dei negative blir fjerna.

Dette er dessverre så banalt for alle som har bladd i Marx sine økonomiske skrifter at det er heilt øydeleggande for ein seriøs biograf.

Liedman fortsett med å seie at Engels forkorta denne delen av Marx sine manuskript og at han har stroke ei setning som lyder: ”I denne undersøkinga er det ikkje naudsynt å gå nærare inn på dette punktet”.[xviii] Og Liedman seier at innhaldet må vere at Marx meiner at det skulle vere meining i å søke ein løysing i ein heilt annan undersøking. Han tenkjer i alle fall ikkje her at problemet skulle vere uløyseleg eller meiningsløyst.

Men no er det faktisk slik at denne setninga blei tatt inn at i boka då Dietz forlag i Berling i 1966 gav ut ei nyutgåve av dei tre binda av Kapitalen. Du finn han på side 174 i bind 26 (som er Kapitalen, bind 3), av dei samla verka ,MEW, på tysk og på side 149 i den svenske utgåva. Og like etter denne teksten skriv Marx nett at kostnadsprisen ikkje inneheld meirverdien og at omgrepet for den prisen som inneheld meirverdien også er produksjonsprisen, som er summen av betalte arbeidet og eit bestemt kvantum ubetalt arbeid, som er uavhengig av den særlege produksjonssfæren sjølv.

Empiristiske eller dialektiske lovar

Når Liedman snakkar om Marx  sin tekst i dette kapittelet, skriv han og at Marx her må kvantifisere omgrepa sine (m, v og c). Ut frå dette trekk han den konklusjonen at Marx når han snakkar om lovar i samband med kapitalen,  «uppenbarligen menar ‘lag’ i den mening som förekommer inom naturvetenskaperna»[xix].

Med dette meiner han sjølvsagt ein empirisk lov fordi empirismen har vore den dominerande ideologien innom desse vitskapane. Dermed har han parkert heile den andre måte å sjå på lover, nemleg som dialektiske der ikkje noko er fastlåst, men endrar seg  heile tida. Det tyder at fenomena må forståast ut frå indre motseiingar og ytre påverknader i  dynamisk utvikling og endring.

Her er han tydeleg «smitta» av Sperber sin manglande filosofiske kompetanse og har overhovud ikkje vore borti Sève sine studiar, eller for den saks skuld Ollman eller Hillmann. Marx sjølv, derimot, seier i same kapittel følgjande: « Det er overhovud, i heile den kapitalistiske produksjonen, slik at dei allmenne lovene set seg gjennom som ein dominerande tendens, på ein særs innvikla og tilnærma måte, som eit uberekneleg gjennomsnitt av evige svingingar.»[xx]

Liedman gir inntrykk av at Marx anten var ein empirist eller at han vakla mellom empirismen og dialektikken, nett slik Sperber hevdar i sin skandaløse Marx-biografi.

Men Liedman får altså svar på tiltale av Marx sjølv, i same kapittel som han her omhandlar. Ein må jo spørje om han har lese det skikkeleg. Resultatet blir i alle fall at han også fjernar Marx sitt filosofisk grunnlag og heile den omfattande utviklinga av dialektikk og dialektisk-logiske kategoriar som Sève, Dussel, Ollmann og andre har påvist så klart når det gjeld Marx sitt arbeid med Kapitalen.

Det eigentlige transformasjonsproblemet

Det som Liedman har skrive om til no om Kapitalen har altså faktisk ikkje noko med det som han like etter tar opp, nemleg det såkalla transformasjonsproblemet. Liedman skriv at problemet har ført til mange kontroversar og at  den polsk-russiske økonomen Ladislaus von Bortkiewicz alt i 1907 kritiserte det ufullbyrda strevet til Marx.

No er det slik at von Bortkiewicz var ikkje den første som hadde laga dette til eit problem. Den som gjorde det heitte Böhm-Bawerk[xxi] alt i 1896, og sjølv om hans kritikk er blitt grundig tilbakevist av mellom andre Bortkiewicz, så er det framleis mange som trur på han. Dette tar ikkje Liedman opp.

Böhm-Bawerk sin idé var at Marx opererte med to prissystem. Eit som tok utgangspunkt i første bind av Kapitalen og som bygde på arbeidsverditeorien, og eit anna i tredje bind som tok utgangspunkt i tilbod og etterspurnad. Han skriv at Marx første bind hadde skrive at varen tenderer mot å bli seld til sine verdiar og at hadde lovd å vise i bind 3 at dei derfor tenderte til å bli seld til produksjonsprisane sine. Men i røynda er dette noko oppkonstruert. Marx hadde aldri lovd noko slikt, det han var ute etter var første (i bind 1) å beskrive kapitalen i sitt høgaste abstraksjonsnivå for å avkle dei indre utviklingstendensane i systemet. Så ville ha i bind tre arbeide set mot lågare abstraksjonsnivå ved å føre inn stadig fleire moment som tilslørte dei grunnleggande utviklingstendensane. Skildringa i kapittel 9 i bind tre er nett dette. Og det Marx viser, er at sjølv om varene ikkje blir seld til produksjonsprisane sine, så er prisane deira likevel bestemd av det lovmessige som er avdekka i bind 1.

Bortkiewicz på si side påstod at det var ein indre inkonsistens i Marx si framstilling av heile denne samanhengen, konklusjonane hans følgjer ikkje av dei teoretiske føresetnadene i kapittel 9. Og grunnen til at dei ikkje gjer det er at Marx ikkje set verdien av såkalla input, dvs. produksjonsmidla og forbruksmidla som låg under tala hans for konstant og variabel kapital på den eine sida og såkalla outputs, dei varene som blei produsert, samstundes. No er det slik at viss det er naudsynt å gjere dette, så er ikkje Marx si framstilling sund og det vesentleg i Kapitalen er det heller ikkje. Bortkiewicz prøvde å prove dette i sine arbeid frå 1906-1907. Han ville vise at Marx sine føresetnader ville føre til eit ikkje ønska samanbrot av reproduksjonsprosessen. Hans argument er at likskap i prisane for input og output er ein føresetnad for at reproduksjonen kan finne stad eller for at tilbod kan vere lik med etterspurnad. Mange gjekk på Bortkiewicz’ prov. Den kjende amerikanske, marxistiske økonomen, Sweezy, gav i 1942 ut ei bok der han gjekk god for provet og følgde det opp seinare.[xxii]

Vi må og føye til at Bortkiewicz ikkje var den første som utvikla denne kritikken. Alt i 1897 gav den russiske økonomen og matematikaren V. K. Dimitriev[xxiii] ut ein kritikk som i hovudsak fell saman med  Bortkiewicz’ og det blir sagt at sistnemnde hadde det einaste eksemplaret av boka hans utanfor Russland. Elles vart ikkje Dimitriev sine oppfatningar vidare kjend før arbeidet hans blei omsett til fransk i 1968 og engelsk i 1974.

Men i 1988 viste Anthony Climan, saman med McGlone, at enkel reproduksjon og lik lønsemd ikkje avhang av dei vilkåra som Bortkiewicz hadde sett opp. Etter det har følgt ein lang diskusjon om det same, men ingen har klart å motprove det Kliman/McGlone påviste. Climan har samanfatta det heile i boka Reclaiming Marx’s Capital – A Refutation of the Myth of Inconsistency frå 2007. Michael Roberts har skrive om hovudpunkta i denne samanfatninga.[xxiv]

Utgangspunktet til Climan og McGlone, som dei finn godt grunnlag for i det Marx sjølv skreiv, er at input og output ikkje blir verdisett samstundes, men etter kvarandre, når dei skjer i tid. Det vil seie at inputprisen vert sett før produksjonen, mens outputprisen blir sett gjennom produksjonen og er klar først når produksjonen er ferdig. Med det som grunnlag har dei vist at det er indre konsistens i det Marx skriv om denne saka.

Og dermed er også grunnlaget for å hevde at profittraten har ein fallande tendens, slik Okishio meinte ikkje kunne stemme, også teoretisk greitt.

Liedman skriv litt om Bortkiewicz sin teori og om Kliman sin og om korleis ein del andre marxistar har stilt seg til deira teoriar, slik som Michael Heinrich og Paul Sweezy frå Monthly Review som meinte at Bortkiewicz hadde rett. Liedman sjølv seier og at han finn denne oppfatninga som mest plausibel. Men med den manglande forståinga som han elles  har vist for Marx sin økonomi, så er ikkje det så mykje å legge vekt på.

Det høyrer med til historia at han heller ikkje har oppdaga at pengane er ei ytringsform for det Marx kallar den allmenne ekvivalenten i varebytet. Og når ein ikkje har fått med seg dette, så har ein heller ikkje noko djup forståing av kva som er innhaldet i Marx sitt pengeomgrep og kommentaren om forskjellen på pengesynet nedst på side 495 blir misvisande.

Om dialektikk

Liedman har dessverre ikkje fått med seg dei viktigaste studiane på Marx sin metode og derfor her det hans skriv om dette utdatert og stort sett feilaktig. Det er eit svært felt å ta alle dei feile sakene som kjem fram på dette feltet, men etter mi meining gjer det biografien uegna til å gi noka djupare innsikt også på dette sentrale feltet.

Om kommunisme

På side 673 tar Liedman opp det Marx skriv om kommunisme. Her undervurderer han kor mykje Marx eigentleg skreiv om dette. Han har ikkje sett Paul Burket sin gjennomgang av dette materialet.[xxv]

Ein  liten konklusjon

Liedman skiljer seg frå dei siste anglo-saksiske Marx-biografane. Dei meiner at Marx ikkje har noka relevans for vår tid og fordi dei grip til direkte uhedeirlege metodar for å vise dette, klarer dei ikkje å overtyde nokon som har kunnskap om saks. Liedman meiner at Marx har stor relevans for vår tid og gjer eit ærleg forsøk på å vise kvifor. Men fordi han har ei manglande forståing av Marx sin kritikk av den politiske økonomien og av Marx sin dialektiske metode, klarer han ikkje å vise denne relevansen i særleg grad og boka hans kjem derfor i ein viss grad til å fungere på same måte som dei andre biografane sine.

Terje Valen, tysdag 14. februar 2017.

 

 



[i] Sjå http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Sperber%20om%20Marx.htm

[ii] Sjå http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Notat%20Jones%20Marx-biografi.htm

[iii] Liedman, side 14.

[iv] Liedman, side 681.

[v] Sjå http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Den%20umoralske%20kapitalismen.htm

[vi] Sjå http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Isabelle%20Garo%20Bildenes%20gull.htm

[vii] Kapitalen, svensk utgåve, bind 3, side 34 og Marx Engels Werke, bind 25, side 49, omsett av TV.

[viii] Sjå http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Marx%20dialektikk%20og%20materialisme.htm

[ix] Sjå http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/marxmillsam.htm

[x] Sjå http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/tyskid.pdf

[xi] Liedman, side 487. «Ett viktigt begrepp blir mervärdekvoten eller förhållandet mellan det konstanta kapital som kapitalisten satsar på råvaror og maskiner och det variabla som arbetslönerne kräver.”

[xii] Liedman, same side.

[xiii] Liedman, same side.

[xiv] Kapitalen, svensk utgåve, bind 3, side 146.

[xv] Liedman, side 488.

[xvi] Kapitalen, svensk utgåve, bind 3, side 149.

[xvii] Same stad.

[xviii] Liedman, side 488.

[xix] Liedman, same side.

[xx] Marx Engels Werke (MEW), bind 3, kapittel 9, side 171.

[xxi] Sjå https://en.wikipedia.org/wiki/Eugen_B%C3%B6hm_von_Bawerk

[xxii] Ed. Paul M. Sweezy, Karl Marx and the Close of his System by Eugene von Böhm-Bawerk & Böhm-Bawerk’s Criticism of Marx by Rudolf Hilferding. Edited with an introduction by Paul M. Sweezy, Agugustus M. Kelley, New York 1949.

[xxiii] Sjå https://de.wikipedia.org/wiki/Wladimir_Karpowitsch_Dmitrijew

[xxiv] Sjå http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Tilbakevisningen%20av%20at%20Marx.htm

[xxv] Sjå http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Kommunisme%20som%20berekraftig%20menneskelig%20utvikling.htm